Etterkvart har eg mange råtekstar. Eg trur det er på tide å bearbeida ein del av det eg har. Eg har lova ein eg kjenner at han skal få tekstar av meg. Han skal bruka dei i eit konsept i kyrkja som handlar om sorg og livsmot. – Trur eg i alle fall. Eg har lova at han skal få ei bunke tekstar i dag, så god tid har eg ikkje. Her er ein av dei. Han skal få bruka dei slik han vil og om han vil…
Eg har funne fram til minutt av ro.
Ei stille som lar seg pusta inn.
Ho smakar kjølig av gras og eple.
Himmelen spent høg og blå over meg
her eg ligg ordlaus i det grøne graset.
Eg er inne i ei stor blå himmelperle.
Eg finst til.
Nå får folk bare koma og gå.
Eg er her
alt som skjer er pulsslaga mine.
Gud er,
og livet er
og var
livet er det som koma skal
det er godt slik det er
Orda skal eg fanga med
sommarfuglhov
om eg får bruk for dei,
og det får eg vel sikkert
sånn etterkvart kanskje.
Fløytemusikken
som eg ikkje veit kor kjem frå,
kan vel hentast inn ein gong
av ei fløyte
eller kanskje til og med av ein fiolin.
Blåklokkene blømer,
eg har aldri før lagt merke til kor spinkle
og forsiktige dei er,
dei ringer
for dei som har øyre til å høyra med.
Me er framleis i rosespireaen si tid.
og stjerner av løvetannfrø
svever forbi i små fallskjermar.
Vinden er akkurat passe pustande i dag.
Og ligg det ikkje eit hav og skvalpar ein stad der ute?
Alle tankar er tomme eller fylde med ei sjeldan ro.
Sekunda og minutta stiller seg i lange rekkjer
og bare finst.
Alt er fred og Guds pust.
For ikkje var Gud i stormen,
men i stilla i stilla etterpå.
I stilla etterpå skal eg finna styrke
styrke til å gå vidare
med eit bankande pulserande hjarte av liv
som eg skal våga å bera
ope mellom handflatene mine.
Heidi
los mineros de Chile! I går vart eg fenga og fanga. Fenga og fanga av dramaet som utspann seg i Chile der 33 gruvearbeidarar har vore innesperra i ei gruve i 70 dagar og nå vart heiste ut til lyset og fridomen, ein og ein i eit trongt hylster gjennom eit hol i fjellet.
Opprinneleg skulle eg bare inn og kikka bittelitt, men noko der trollbann meg. Eg ende med å fylgja med på det som skjedde heilt til klokka to om natta. Visst gjorde eg andre ting og, men eg fylgde med på klokka for å sjå nestemann koma opp. Det var så vakkert å sjå all gleda. Det er dette livet eigentleg dreier seg om; banda mellom menneske som er glade i kvarandre og kampen for å halda seg i lyset både mentalt og fysisk.
Det var og sterkt å sjå mennene koma opp med T-skjorter der teksten «Takk til Gud» stod påtrykt, og å sjå dei falla på kne for å takka sin skapar for at dei var befridde. Eg fekk kommentaren frå ein ateist at dersom dei skulle venda seg mot maktene burde dei heller forbanna ein allmektig Gud som lot noko slikt skje. Eg skjøner innspelet veldig godt, det er faktisk heilt på sin plass å koma med denne innvendinga. Og sjølvsagt kan ikkje eg uttala meg på vegne av Gud. Eg kan bare seia at slik verda ser ut for meg, så svever mennesket og verda mellom godt og vondt. Gud er for meg det gode, og det vonde har ikkje med Gud å gjera. Så kjem det eldgamle spørsmålet om Guds allmakt. Det skal eg ikkje ein gong prøva å svara på i denne teksten.
Noko av det sterkaste for meg er korleis desse mennene har klart å koma seg gjennom denne tida med vitet, humøret og trua i behald. Spesielt traumatisk må det vel ha vore dei første 17 dagane då ingen visste at dei hadde overlevd, eller kanskje det var endå meir traumatisk då dei fekk beskjeden om at det truleg ikkje var mogleg å få dei ut før ved juletider. Heldigvis gjekk det fortare, men det kan vel ikkje vera tvil om at den omsorgen og støtta dei gav kvarandre var ein av grunnane til at dei i alle fall tilsynelatande kom ut av kapselen med rak rygg og store smil.
Eg såg filmen live på nettsida til ei norsk avis, der folk kunne koma med kommentarar under programmet. Det var og interessant å merka seg at den av dei innestengde gruvearbeidarane som fekk mest merksemd var han som hadde både kone og elskerinne oppe på overflata. Kona hadde først fått vita om elskerinna etter at gruva hadde rast. Det seier vel og litt om oss menneske at dei pikante og litt lyssky elementene i den eine av mennene sitt kjærleiksliv vert ståande som omtrent det aller viktigste i historia om å berga liv. Det skulle ikkje forundra meg om nettopp denne historia blir eit av utgangspunkta for den Hollywoodfilmen eg kjenner meg nokså sikker på blir laga ein eller annan gong.
Denne hendinga hadde omtrent alt den dramatikken og alle elementa som er essensielle i eit menneskeliv. Ein av kommentarane eg merka meg var ein person som uttalte at ho fekk lyst til å flytta til Chile fordi det såg ut som om folk der hadde genuin omsorg for kvarandre. Det er jo eit tankekors at folk i rike Norge kan koma på slike tankar.
For sjølvsagt fortel ikkje redningaksjonen alt. Det er grunn til å tru at det blir både posttraumatiske reaksjonar, aggresjon og økonomiske frustrasjonar etter dette. Sjølv om ein av gruvearbeidarane sa at nå hadde han oppdaga kva som var viktig her i livet, så er det all grunn til å tru at dei etterkvart vil falla tilbake til omtrent det same livet dei hadde før med dei frustrasjonane og gledene det inneber for kvar og ein av dei.
Og kvar dag døyr det visstnok folk i gruveulykker rundt i verda. Likevel er det då all grunn til å gleda oss over det som går bra, og la oss imponera av at denne redningsaksjonen så vidt me kan forstå gjekk bortimot knirkefritt. Det var ein siger for livet, og kampen for livet og lyset foregår kvart einaste sekund så lenge det finst menneske på jorda. Denne hendinga gir meg, og truleg mange andre trua på krafta i samhald, omsorg og gudstru.
Heidi
Dagen i dag har vore ei sterk oppleving på eit lågt plan. Eg har sitte på arbeidsromet heile dagen med teppe rundt meg fordi det er kaldt, og lese siste delen av Kolbein Falkeid si tjukke bok med alle dikta hans som er publisert gjennom eit langt liv som lyrikar. I tillegg har eg stadig vore innom på Dagbladet eller VG sine nettsider for å fylgja redningsaksjonen for gruvearbeidarane som har vore innestengde i ei kopargruve i Chile i meir enn to månadar. Begge deler har gjort veldig sterkt inntrykk på meg.
Ein av dei siste dagane før jul i 1983 reiste eg med tog frå Oslo til Sandnes. Eg hadde vore nokre dagar hos kjærasten min, som eg nokså nyleg hadde blitt kjærast med, etter at semesteret var slutt på formingslinja på Notodden lærerhøgskole. «Du får fylgje heim med ein antroposof,» sa kjærasten min, som fulgte meg til toget. Setet ved sida av mitt, ein vindusplass, var tomt akkurat nå, men nokon hadde rigga seg til der med ein cello, vesker og bøker at Rudolf Steiner.
Ikkje lenge etter kom tognaboen min tilbake. Ho hadde langt skjørt, sjal og ein rufsete frisyre. Ho fortalde at ho var på veg heim til Haugesund for å ha juleferie. Ho presenterte seg som Helga Falkeid, og eg sa at det pussig nok var mi farmor sitt namn som ugift jente. Me snakka om at me kunne tenkjast å vera i slekt langt ute ein stad, og under turen kom det fram at ho var dotter til Kolbein Falkeid, ein lyrikar eg allereie då hadde stor sans for. Då visste eg at me faktisk var fjernt i slekt, for farmor hadde sagt ein gong at ho var tremenningen, eller kanskje det var syskenbarnet til Kolbein Falkeid. Jenta fortalde at ho var knytta til far sin, og såg opp til han, men at dei og hadde hatt ein del samanstøt fordi dei var veldig like.
Ho var eit uvanleg entusiastisk menneske, og turen gjekk som ein røyk. Ho fortalde meg om antroposofi og om ting eg lurte på som eg visste for lite om, særleg var ho oppteken av eurytmi. Denne jenta på min eigen alder gjorde sterkt inntrykk på meg, og samtalen vår bar eg med meg. Eg fekk derfor sjokk då eg fire år seinare las at Kolbein Falkeid hadde mista den eine dotter si, og at det seinare, gjennom intervju med han, kom fram at jenta som hadde døydd etter å ha slite med anoreksi og andre psykiske vanskar var togvenninna mi. Ei av diktsamlingane hans er dedikert til Helga Majken 1962-1988, og dødsfallet hennar må vel kunna seiast å vera eit hovudtema i den seinare diktninga hans. Lenge lurte eg på om eg skulle skriva eit brev til han for å fortelja om denne togreisa, og den entusiastiske jenta som hadde gjort slik inntrykk på meg. Eg valde å la det vera, for kva hadde eg eigentleg å fortelja? Eit referat frå ein åttetimars togtur, eit møte mellom to reisande? Men dikta han har skrive til henne gjer sjølvsagt ekstra sterkt inntrykk på meg. Her er eit av dei:
Et rom står avlåst.
Jeg lengter etter deg.
Et rom står avlåst i kroppen min.
Alle tingene dine finst der og avtrykkene
av det korte livet ditt, flyktige
som skygger på snøen i måneskinnet.
Nøkkelen har jeg og går inn
med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt
og taler uten ord med tomheten,
en kronisk lytter.
Jeg lengter etter deg
også fordi du var likest meg. Uten deg
går jeg alene med vranglynnet mitt.
Alt som var fint i meg, og nå falmet,
bar du som en tidlig sommerdag, et flott
langtidsvarsel, også lavtrykkene mine
langt vest i deg kunne hope seg opp.
Av og til
kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd
og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest
hang dagene våre som evige
søskenperler på kjedet.
Lengter etter deg.
Hverken vær eller dager løper mer
og tomheten svarer aldri.
Kolbein Falkeid
Heidi
Klokka ti om føremiddagen er me på banen på veg til eit av dei store teatera i London der det akkurat nå er ein stor lovsongskonferanse i regi av Hillsong. Hillsong er ei rørsle, eller kanskje snarare ei kyrkje som vart starta i Australia, og nå er den australske leiaren her for å tala til alt folket som er samla. Me er ein gjeng som har lyst til å oppleva dette sidan me faktisk er nettopp her i London akkurat denne sundagen.
Me blir tekne varmt mot av ungdomar med store smil og strålande blikk som ein etter ein ynskjer oss velkomne og viser oss kor me kan sitja. Lovsongsteamet kjem på scenen og får jublande applaus. Alle reiser seg og blir ståande og synga lovsongar medan dei klappar i hendene. Nokre av jentene i lovsongsteamet hoppar opp og ned og dansar medan dei syng. I ein streiftanke tenkjer eg at datoen må vera perfekt for eit terrorangrep og at 5000 lovsyngande menneske i eit stort teater i sentrum av London kanskje skulle kunna fungera som eit terrormål. Straks feier eg tanken unna, og trøyster meg med at det i det minste måtte vera ein from måte å døy på.
Talaren er energisk og underhaldande å høyra på. Forkynninga er annleis enn det meste eg høyrer på, men alle dei glade og strålande menneska som er i lokale talar sitt tydelege språk om at her inne har eit og anna falt på plass for ganske mange.
Etterpå rekk me å suga inn dei siste inntrykka frå London ein strålande oktobersundag med sol og svært behagelege temperaturar. Astrid og eg finn oss eit bord i ein av «under bakken uterestaurantane» i Covent Garden. Der drikk me cappuccino og ser på ei strykegruppe som spelar Vivaldi og andre musikalske svisker medan dei dansar og trampar takten. Det er ganske godt gjort å dansa omkring medan ein spelar cello.
Ein spasertur gjennom gatene, chicken tandoori på ein engelsk pub, der eg fann det mest bekvemt å stå over meetpudding med alesauce, og så ein ny spasertur gjennom gatene. I det me sjekkar ut av tuben er oysterkortet mitt tømt for pengar, så det var fint berekna.
Som bonus for ei fantastisk langhelg i London får me ein totimars lang kjøretur til Gatwick flyplass, ikkje på motorvegen som eg hadde trudd, men gjennom for oss nye bydelar i nokså roleg tempo. Nærare midnatt er me på plass i drosjen utanfor Sola flyplass. Eg skulle gjerne ha vore lenger i London, og kjem att om ikkje så lenge.
Heidi
Morgonrush i underverda.
Det er tidleg morgon, me får prøva oss på rushtrafikk på tuben. Først registrera inn med oysterkorta våre som har knallgule omslag med ikea-reklame. Det viser seg å vera ein veldig praktisk farge når kortet skal finnast fram fordi gulfargen lyser mellom alle leppestifter, lommebøker, papirer, nøklar, notisbøker, program og brosjyrar som måtte finnast der. Me blir slusa rett inn til underverda. Her er det rulletrapper, heisar, trapper og tunnelar på kryss og tvers omtrent som eg innillar meg at det må vera i midten på ei maurtue. Eg forstår korfor me er blitt inndelt i smågrupper i staden for å gå saman i ein stor flokk. Det er ikkje bare tunnelsystemet som får meg til å tenkja på maurtuer. Her kryr det av folk med og utan vesker, paraplyar og musikkinstrument. Dei går på kryss og tvers, slentrande med ei tilfeldig mine eller målretta innbitt og raskt. Me finn rett plattform og rett retning, men når t-banen kjem kan eg ikkje forstå korleis me skal koma oss inn dit i det heile tatt. For det første er det hundretusen menneske på plattformen som vil inn i toget, og for det andre er det stappa fullt frå før der inne. Nokre få personar går av, og hundre personar trengjer seg på. «Kom,» seier nokon. «Det går ikkje,» seier ein annan. «Jo då,» seier han som er van med denne måten å reisa på. Ikkje vil eg bli ståande att, så eg klemmer meg inn og håpar at det framleis er plass til meg der etter at døra er lukka. Det er det, men Arne må strekkja hovudet sitt innover i vogna for å få plass til heile seg. Sjølv havnar eg i eit slags holrom mellom kroppane til tre personar som er høgare enn meg. Armane deira dannar eit slags tak over hovudet mitt. Neste gong døra går opp skal ingen ut, men der ute står det mange og ventar på å koma inn. Ein mann med frakk og skjorte ber oss «move into the middle of the train, please, people is waiting on the platform!» Det er eit forståeleg ønskje, men her går det ikkje an å flytta seg ein millimeter. Då føretek mannen eit stunt som minnar om stagediving. Kva veit eg, kanskje han er på veg til eit viktig møte han kan mista jobben for å koma for seint til? I alle fall, den velkledde mannen på min eigen alder bare legg kroppen sin inn døra, inn på alle dei andre kroppane som står der tett i tett, og får akkurat nok plass til at døra kan gå att utan å klemma han flat. Eg merker til og med trykket i det vesle holromet der eg står plassert mellom alle armane. Desse menneska er på veg til jobb, tenkjer eg. Det er ein heilt allminneleg morgon på veg til jobb. Så må eg smila over min eigen tanke om at me fekk vera litt ekstra obs i t-baneområdet på grunn av den auka terrorfaren amerikanarane har snakka om. Her har ein meir enn nok med å finna plass til å pusta og til å koma seg av og på utan å bli klemd i ei dør eller å bli sitjande fast mellom armar, bein og rushtidstressa kroppar.
*
Goldsmiths university of finer arts.
Studentane får tildelt sin plass i eit studio. Det vil seia ein arbeidsplass i eit provisorisk rom for to til fem studentar. Roma blir sette opp kvar haust, og kvar vår blir det ombygd til utstillingslokale der studentane får vera med og bestemma korleis dei vil organisera rom og vegger. Her får dei jobba veldig fritt og har sjølv ansvar for å orientera seg og utvikla seg. Om ein kjem inn på grunnlag av foto, akrylmaleri eller kva som hels, så står ein heilt fritt til å eksperimentera med alle slags materiell og teknikkar medan ein studerer der. Det ser besnærande fint ut å ha sitt eige kunstunivers å bevega seg i. Eg merker meg spesielt at her er ingentng veldig «fint og glattpolert», tvert om så ser det relativt rufete og provisorisk ut med malingsflekker, sponplatevegger og slitne arbeidsbord og stolar. Kanskje eg ikkje er den einaste i verda som ikkje er skapt for det glattpolerte og møbelkatalogaktige innelivet? Eg tenkjer at eg må fortelja Borghild om denne plassen, og hugsar å forhøyra meg om ein kan få ein studieplass her med bakgrunn i fotografering. Det kan ein. Det dei ser etter er kreativiteten og blikket. Ikkje handverket.
*
På flatskjermen på puben
ser me plutseleg Torbjørn Jagland annonsera at Nobels fredspris for 2010 blir tildelt den kinesiske menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo. Det er rart å sitja her og venta på lunsjen sin og vera litt stolt over å vera norsk akkurat der og då. Ein av dei andre seier at ho hadde rekna med at Xiaobo ville få prisen i år. Eg må innrømma at eg ikkje veit noko som helst meir om Liu Xiaobo enn det eg får høyra akkurat nå, men eg har jo resten av livet på meg til å finna ut ting om han, så det er i og for seg ikkje farleg. Dei seier ingenting på TV om terrorfare i Europa, så truleg er det relativt trygt der ute i verda i dag og. Maten kjem, og eg angrar litt på at eg ikkje bestilte fish and chips i staden for lasagne. Fisken er i store stykker, og ser ikkje ut som fiskepinnar slik eg hadde rekna med. Fish and chips er ikkje den sunnaste maten i verda, men truleg noko av det meir autentiske ein kan eta på ein engelsk pub ein fredag føremiddag…
Ambassaøren og -døra
har vel ikkje akkurat «åpnet sitt hjem» slik Øystein Sunde syng om det, men ambassaden har opna dørene sine for oss. Den kongelege norske ambassaden, som det så fint heiter, viser seg å ligga i det aller mest prominente ambassadestrøket. Der blir dørene opna for oss på avtalt sekund. Så blir namna våre kryssa ut på lista over innregistrerte besøkjande, og me blir slusa inn gjennom ei dobbel dør. Først dei første ti med døra lukka ut mot oss, så får resten gå inn mellom dei to dørene før me reint formelt blir ønska velkomen til ambassaden. Dette må vel vera det nærmaste eg nokon gong kjem til å koma internasjonalt diplomati? Me får kaffi medan me får eit lite foredrag om korleis ambassaden prøver å promotera norsk kulturliv til folket i Storbrittania. Karaflane med kaldt vatn i lagar høglytte klunkelydar kvar gong nokon skjenkar seg eit glas vatn under foredraget, og kaffien smakar utmerka.
*
Harrods
er tydelegvis staden å gå om ein er førebudd på å leggja att femten tusen for å få ein snerten liten topp, eller kanskje seks-sjuhundre kroner på eit trendy handlenett i strie med kvite bokstavar på. Her er det rulletrapper opp og ned til den eine butikken meir eksklusiv enn den andre, og vakter i fine uniformer ved utgangsdørene. For min del er det absolutt ein «bare se men ikke røre plass». Likevel klarer eg å koma borti ein stabel med eksklusive konfektboksar slik at eg halvdiskre må ned på kne for å prøva å rydda i sjokolade med fiolbitar og glaserte appelsinbåtar. Eg brukar hundreogfemtikroner på å kjøpa ei bittelita øskje med sjampanjefyllt sjokolade til mor mi som trass alt skal fylla sytti år om få dagar. Eg let prislappen stå på under øskja for å inspirera til eit inntak med høg kjensle av andakt. Etterpå tek me drosje tilbake til hotellet for å rekka neste post på programmet. Me mistenkjer drosjesjåføren for å ta oss med på ein ekstra sightseeingrunde i Londongatene, men farten er det ingenting å seia på. Han held bokstaveleg talt på å kjøra ned ein syklist som blir rasande og skjenner så høgt at me høyrer det inn i baksetet på den gammeldagse svarte Londondrosjen. Me lener oss lett tilbake i setene, og kjenner at nå er me godt på plass i rollane som turistar. Ute skin sola. Det er overraskande varmt ute, og trea med piggete kastanjenøter på storleik med norske småeple står der og slepper store gule blad, eit og eit ned på fortaua like ved Hyde-Park.
Heidi
Meir levande
her på stranda
lørdag føremiddag
med uroleg sjø
og frålandsvind.
På ei forblåst sandstripe
du og eg,
stranda hardpakka
våt og fri for laussand.
Eit barnleg sandslott forvitrar.
Frå den eine leia piskande sand.
Frå den andre leia sprutande saltvatn.
Bølgesurfarar
duppande
som svarte selar
i havsstraumane.
Ein stor svart skarv
over bølgene.
Hundre kvite havhestar
galopperer vrinskande mot land
løyser seg opp i skum og sjøvatn.
Himmelen set spottlys
snart der ute
snart her inne.
Mest usynlege spor
tett inntil einannan i sanden.
Brennmanetane frå i sommar
som tørkande medaljongar
i rekkjer i sanden.
Me har vore her lenge nå.
Sanden og hav har prega oss.
Ørsmå linjer i ansikta våre.
Tankar som flyktande måkar
hjarte som bølgepuls.
Det er dagen for å leva.
Heidi
Eg er dessverre ikkje av dei som har gjort det til ein vitenskap å ha det perfekte arsenalet av microfiberklutar og smarte moppar. Eller for å vera ærleg, eg har då handla inn litt av kvart, men har aldri fått hundre prosent dreisen på å bruka det. Eg fann ein besnærande lapp i postkassen i går frå Monika og Ewas vaskenbyrå. Dei reklamerer med «Fornuftige prisar og Bra kvalitet», men ikkje eg eingong kan forsvara å ha profesjonell vaskehjelp når eg har eit friår til å skriva. I dag var eg tidleg oppe for å vaska hus, og har nå kome til romet «stova». For å passa på at eg får skrive litt i dag og, må eg bare fanga ein tekst i svevet før eg går i gang…
Støvsugaren
og heile hans hær
står klare i kroken til dyst.
Eg ber om nåde,
men har eg vel sluppe unnna lenge nok.
Ein sniggel har budd på utsida av vindaugsglaset
mitt i lange tider,
kan eg nekta han biotopen nå i september?
Avisene leitar seg veg mot taket
frå stabelen ved peisen.
Det er på tide nå,
seier eg strengt til meg sjølv
og legg ein plan
for å finna gode heimar til
uidentifiserbare objekt
som har budd i stova mi kenge nok nå.
Parkeringsplassen oppå peisen ropar på meg,
og korfor ein tom kaffikopp
og smiler hånleg
borte ved fjernsynet?
Ashes to ashes and dust to dust.
Det må vera støvets år i år
det er då ikkje lenge sidan det sist var borte.det
Nå gjeld det å ha tunga rett i munnen
og ikkje sleppa ho ut til høgre eller venstre
Det gjeld å halda kroppen sin på sporet
på sporet av den tappte tid
som eg på ta att seinare
når fingrar og forstand
heller vil gjera andre viktige ting
og det er inga trøyst
at det framleis er koseleg der inne i halvmørket,
Snart kjem kanskje den store
systemibokhylledagen,
dersom han då ikkje er her allereie
slikt er vanskeleg å halda styr på.
Det kan jo vera eig finn ein skatt
under ei av sofaputene,
der har eg funne både klokker og tikroningar
så kom ikkje her.
Blomane på verandaen
burde vore i vase
før frosten tek dei,
og har eg noko eg kan moppa taket med?
Det er jo faktisk slikdet
at ein for alt i verda ikkje må
vaska vindu i solskin
bortimot dårleg gjort
om eg skal konkurrera med sola.
Her står eg
bunden på hender og føter med
vaskefiller og golvkluter
og kven veit om ikkje
inspirasjonens høgengel
skulle spasera forbi skrivestova.
Det er nok best å skriva dikt om støvsuging
før eg viar livet mitt til aktiviteten.
I fall fascinasjonen
eller microfiberklutane
skulle halda meg så fast
at eg aldri meir kjem laus…
Heidi