Gå til innhald

Det å feriera aleine…

Eh aleine og aleine… Eigentleg er eg jo her i ei gruppe, eg har ei oppgåve å utføra, og eg har nokre av mine beste venner med på same turen.

Likevel kjenner eg at det er litt uvant for meg å ha så mykje tid som bare er mi, og som eg kan bruka heilt som eg vil. Det er mest godt, men og litt utfordrande. Eg får tid til å tenkja mine eigne tankar til endes, og eg har tid til å prioritera akkurat dei tinga eg vil. Eg kjenner at eg er van med å ha mange menneske tett inntil meg heile tida, og eg blir glad når eg får verdas søtaste melding frå Ingrid om at eg er sakna heime.

Dagen i dag er på sett og vis ein fridag med lite felles program. Me vakna til svarte skyer og regn, men lufta er varm og deilig. Dagen starta med morgonbøn og meditasjon for dei som ville det. Jan, som høyrer til i frelsesarmeen leia oss. Først eit bibelord, og så stille bønn. Det vart avrunda med Bjørn Eidsvåg sin “Se i nåde til oss, se i nåde til oss, Kyrie, eleison, miskunna deg over oss”, på høgtalaranlegget. Kyrie eleison er på ein måte ein tråd gjennom livet mitt. Gud, miskunna deg over oss og gråt for oss…

Etterpå var det deilig lang frokost med to lange og interessante samtalar med to ulike menneske eg aldri har snakka med før. Dette å møta andre i samtale og god tid er noko av det aller finaste med slike opphald som dette.

Eg har vore på marknad med Torhild og Per Magne. Eg prøver å aktivera spansken min, men det er ikkje mi aller sterkaste side å pruta. Eg tenkjer at uansett så har eg sikkert mykje meir å rutta med enn dei som prøver å selgja ting til meg. Men sjølvsagt er prutinga eit slags spel. Torhild er ganske driven på det, og eg ser at selgjarane ler og kosar seg medan dei tilbyr ein betre og betre pris på varene.

Me var blitt anbefalte å ha kontantane i lomma i staden for i vesker og lommebøker, for det er ein del lommetjuvar i området. Slike råd funkar ikkje alltid for meg. Etter ein deilig salat på ein fortausrestaurant i lag med sju andre, oppdaga eg til mi forskrekking at 50-eurosetelen ikkje låg i lomma mi lenger… Ingen kunne då ha kome til bukselomma mi?

Tanken slo meg at pengane kunne ha falt ut då eg var på toalettet på restauranten halvannan time tidlegare… Kva var då oddsa for å finna han att. Fadderbarnet mitt Maren, sprang inn for å sjekka, og der fann ho seddelen på golvet. Eg kan viss ikkje få understreka det kraftig nok; verda er betre enn sitt rykte…

I ein pause for meg sjølv las eg meir Martin Lönnebo. Han oppfordra menneska til å be til Gud om å få kjærleik til og medkjensle med andre menneske som ei gåve. Samtidig advarte han om at det ville kunna gjera vondt å bli bønhøyrd. Ein risikerte å få mykje å gråta over. Det trur eg er veldig sant. Det å kunna ta inn andre si smerte gjer ein sterk, men samtidig sårbar. Men eg trur verda treng medkjensle og empati. Eg snakka i dag med ein gut på alder med den eldste son min. Han skriv mellom anna bøker. Han sa at det overordna målet for alt ein gjer bør vera å gjera verda litt betre. Det er eit ambisiøst prosjekt, men eg trur han har rett.

Dagens vesle sjokk var då eg stod på det vesle spanske kjøkkenet mitt og togg i meg noko i full fart. Plutseleg togg eg på noko hardt og oppdaga at eg stod med ei tannkrone i handa. Det er ei jeksel med krone, som eg trur er rotfyld. Heilt spontant sette eg tanna på plass og trykte til, og eg høyrde eit knepp som frå ein trykk- knapp. Etterpå sat ho tilsynelatande heilt fast… Eg håpar det bare er å få limt det på plass att. Eg får tygga forsiktig…

Eg har ikkje veldig stor trong til å besøkja spanske tannlegar. Dersom ho dett ut igjen, får eg pakka ho inn og låsa ho inne i safen til eg skal heim att… Så får den vidare utviklinga i tannhistoria bli ein sak mellom meg og Knut Mauland, den utmerka tannlegen min heime…

Nå skal eg gå meg ein tur og sjå kven og kva eg møter. Det kan bli interessant.

Heidi

Ei stemningsrapport frå kvelden.

Den kvelden eg er i akkurat nå her på Solgården, altså. Inne i festsalen øver det som skal bli eit slags sommarkor. Eg sit ute på terrassen, og har faktisk måtta søkja ly under eit halvtak med den bittelille pc-en min fordi det er nokre regndropa i lufta som truleg ikkje er bra for teknologien…

Ungdomane musiserer, Lars spelar på utandørspianoet, Rudi og Magnus spelar gitar og nokon syng til. Dei er flinke. Ein annan ungdomsgjeng spelar vannpolo i bassenget. Synd at Halvard ikkje kjem før neste tur. Han hadde likt å jamma i lag med dei.

Me er langt borte frå dei norske sommarnettene, og mørket kjem allereie smygande. Dei av dei vaksne som ikkje er på korøving, sit rundt borda og småpratar. Eldstemann som er med på turen er 93 år. Han er ein sprek mann som nettopp la ut på ein liten spasertur.

I dag har eg hatt ein roleg ettermiddag, ei god bok ute i sola er ikkje dumt, og ein symjetur i bassenget var herleg det og. I den vesle luksusleiligheita mi leikar eg “bu- i- eit- ryddig- hus- med- nystrokne-klær-leiken.” Til ei avveksling kjennest det bra og interessant. Den største luksusen her er at eg bare skal ha barneopplegg, fortelja, historier, lesa og skriva medan andre lagar mat, vaskar opp og til og med vaskar huset mitt. Reine husmorferien med andre ord.

Før eg reiste, kjøpte eg meg ei stor teaterdokke, som eg har ønska meg lenge. Ho er ca like stor som eit barn på halvanna år. Ho er ei handdokke med ei styrestong på den eine handa, slik at ein spelar med ei hand inni dokka og ei hand på stanga. Etter litt tenking fram og tilbake har ho fått namnet Theodora.

Barnsleg som eg er, så har eg vore i kassen med gøymde barneklede, og pakka ned ein liten feriegarderobe til Theodora. Eg vurderte å gje henne eit anna stemmeleie og ein annan dialekt enn meg sjølv, men fann ut at eg er såpass lite driven i dokkespel at det ville bli for innvikla å halda styr på både rørsler og dialektar.

Då Ingrid venta besøk av ein tidlegare klassekamerat her ein kveld fekk eg treng beskjed om at hand- dokka fint fekk halda seg på matta. Å ha ei mor som tok i mot eller vinka farvel med ei teaterdokke på armen var rett og slett litt for flautt. Eg har vel ein viss respekt for synspunktet. Sidan mi eiga mor ikkje i sine villaste fantasiar ville ha gjort noko slikt, veit eg ikkje kva ungane mine gjennomgår.

Heidi

Fortel meg historiar om livet.

Reisedagar med innlagde flyturar er spesielle dagar for meg. Eg trenar meg i det at andre har kontrollen. Eg har ikkje vore spesielt bekvem med turar langt oppe i lufta, men det blir lettare og lettare for meg. Livet eller englane eller kven det var lot meg sitja ved sida av ein person som eg ville ha handplukka om eg hadde sjansen. Faktisk vart det slik begge distansane, og eg tok meg i at eg sat der og kikka ned og studerte landskapet under meg med glede og interesse. Det er store, store framskritt.

Eg er vel framme og trygt installert ved Hacienda del sol, som det heiter lokalt her. Dei har forandra ein del sidan sist eg var her, her er fin kafé og fin sansehage med froskar og fiskar. Eg har ei heil leiligheit heilt aleine, og skal testa ut kor ryddig og ordentleg alt skal vera der, all den tid ingen andre rotar…

Eg har vore i lag med barnegruppa mi i dag, og det fungerte veldig bra. Det er godt at me er i gang, eg slappar betre av etter at me er i svevet. Me trudde at me hadde det veldig varmt heime, men det er dette som er varmt. Eg likar varme. eg trur det blir symjebassenget neste. Eg sit i resepsjonen saman med Torhild, ho arbeider og eg skriv. Livet er godt.

Heidi

Go girl go!

Har vore utan internett. Er på Gardermoen flyplass på veg til Spania. Turen går bra så langt. Èg måtte bare testa pc-en som står her. Eg trur det er gratis. Eg har med meg pc, òg eg skriv meir etterkvart. Vidunderlege nye verden.
Heidi

Heilskapen i eit menneskeliv.

Dagen har i sitt heile fram til nå blitt via aktiviteter på terrassen i strålande sol. Det har vore herleg. Nå får eg prøva å hanka meg inn til litt anstendig innearbeid medan det framleis heiter i dag…

Me har feira Ingrid med deilig grill- lunsj. Heile familien var der saman bortsett frå Sunniva, som nå er i Hellas på andre veka. Eg saknar den blide, milde tilstadeversla hennar. Ho sende helsingar på lånt mobil, og fortalde at hennar eigen mobil har takka for seg. Det er jo ein fornuftig grunn til at eg ikkje har fått svar på meldingane mine. Det høyrest ut som om ho har det bra der nede. Ho får litt av ein sommar, først tre veker i Hellas, så to veker i Spania, før ho avrundar med ei veke på teltleir på Sørlandet.

Etter lunsjen fekk me det for oss at me skulle finna ut kven som hadde best tak på moonwalking. Eg vann ikkje, men eg trur ikkje dei andre ville blitt nominerte til nokon finale heller…

Nå høyrer eg dei tre gutane mine koma heim frå VM i sandvolleyball. Per Inge hadde fått gratisbillettar og inviterte. På spørsmål frå meg svarar Odd Christian at det var kjekt. Ingrid og Oddvar er ute og feirar Ingrid sin dag på kinarestaurant i lag med venner.

I går fekk eg faktisk rydda soveromet. Og ein stad i haugen av ventande litteratur fann eg “Veven” av Martin Lönnebo, som eg har sakna sårt medan ho har ligge bortgøymt. Eg la meg på magen på terrassen og las dagens tekst. Det eg fann var så fint at det fortener å bli sitert:

“Menneskeverdets bøddel i dag er ikledd avgrensningens kappe. På den står det skrevet: “Mennesket er bare…”
Her kan en fylle inn hva en vil; “et biologisk vesen” “180 cm aminosyrer.”

Den uforlignelige katedralen i Chartres er mer enn den kjemiske formelen for stein og glass…

To dyder i dag er truet av utrydningsfare:
forundring og ømhet.
De står i motsetning til reduksjonismen og kynismens gift.
Gled deg over engelen inni deg, selv om den er såret.
Kjenn ømhet for den sårbare kroppen som er dømt til døden…

Hvordan skulle vi kunne annet enn å ha medlidenhet for hverandre?

Vær en forbeder for alt og alle.
Gjør som bror Frans av Assisi.
Se på helheten som din slekt, for det er den.
Lovpris bror sol, selv om han skjules av grå skyer.
Sover du dårlig om natten, så vit at du deler din nattevåk med søstrene Måne og Stjernene, og for noen flotte damer…

Eg har fått lese to bøker i dag ute i sola. Og nå har eg ein slags oversikt over barneopplegget på Solgården. Det kjem sakte sigande på plass det meste…

I går var eg hos Jan Ivar. Me skulle sjå ein av Marilyn Monroe. filmane hans. Men eg sovna på den gode sofaen hans og måtte prøva å lirka til meg eit handlingsreferat etterpå… Det var så fint ute då eg gjekk heim litt før halv to om natta.

Heidi

Ingrid sin siste dag som tenåring.

Den dagen er akkurat nå i dag. I morgon fyller den store jenta mi tjue år, framleis sit dagen ho vart fødd heilt som spikra. Eg hadde håpa på ein vanleg fødsel, men på grunn av stort barn, tilbakelagd termin og tidlegare keisarsnitt var eg blitt fraråda av den danske legen å føda vaginalt.

“Dette store barn kan komme til at bli siddende fast. Da har vi et minutt på oss til at få hende ud. Det skal vi sagtens klare, men du skal vide at det vil blive alt annet end behagelig for dig. Men så kan du altså selv velge…”
Og då kan ein jo lura på kva valg eg hadde…

Den finsk svenske jordmora undersøkte meg siste kvelden og utbraut: “Guuud fader i himmelen vilket stort barn du bär.”

Dramatisk som ho alltid har vore, så bestemte ho seg for å koma på eiga hand den dagen keisarsnittet skulle vera. Eg vakna med forstervatnet fossande, og etterpå låg eg der med rier, medan dei måtte utsetja operasjonen min på grunn av ein livsnødvendig hasteoperasjon. Legen var inne og klappa meg på hovudet, og beklaga at dei ikkje var snille med meg, men eg skulle bare ta det med ro, eg skulle bli operert før ho kom ut av seg sjølv. Ute var det juli og hetebølge.

Og eg og ho rakk keisarsnittet. Aldri har eg vore så utmatta etter ein fødsel som eg var den gongen. “For ei smeisa!” sa den jærske jordmora då dei løfta henne ut med ein surklande lyd. Ho var lyseraud og særdeles lubben, men likevel ikkje så stor som eg hadde trudd. Ho var 4700 g, 150 g lettere enn storebroren, men han hadde eg gått mest to veker lenger med.

Eg elska henne frå første blikk, og kunne ikkje få nok av henne. Til mi store sorg vart eg plassert på einerom, og fekk ikkje ha barnet hos meg første natta. Dei meinte eg trong å sova ut etter strabasane. Sjølvsagt sov eg ingenting, eg hugsar det i alle fall slik, eg bare låg og venta, og neste dag fekk eg tigga meg plass på eit seksmannsrom.

Men det var for tjue år sidan. Ute er det framleis heitebølge, sjølv om det nok både har regna og blese sånn innimellom når eg tenkjer meg om…

På føremiddagen i dag kjørte eg og ho ut til kunstgalleriet på prestegarden. Ho fekk øvingskjøra. Kjøreredd som eg er, så prøver eg å skjula at eg ikkje er heilt trygg på rolla som sjåførlærar. Ho gjennomskuar meg lett… “Kutt ut det anspente kroppspråket mor, eg ser det i sidesynet når eg kjører, og eg blir stressa av det…”

Sist me var der hadde ho falt for ein liten litografi med ein gjeng narrar som sat på tvers i ein robåt. Eg sa at viss ho ønska seg det så skulle ho få det til tjueårs dagen. Me henta biletet, som var like fint som ho hugsa det. Etterpå kjøpte me kaffi, vaffel og sjokoladekake og sat og kikka utover havet.

Ingrid fekk kjøra heim igjen og. Då fekk eg beskjed om at ho vart litt forstyrra av den imaginære bremsepedalen eg dreiv og bremsa med med venstre bein. Dreiv eg med bremsing utan at eg visste det sjølv? Eg oppdaga at ho hadde heilt rett, eg visste det bare ikkje sjølv. Me stoppa på butikken på veg heim og kjøpte med oss jordbær.

Heidi

Juni vart plutseleg til juli.

Overgangen var smidig. Medan eg hengde ut klede i tusmørket, gjekk me inn i høgsommarmånaden. Veret var like fint då det vart ny morgon.

I går hadde eg mange planar. Eg ville bare få litt sol på ryggen først. Det var ubeskriveleg godt å liggja i sola med den siste boka til Helene Uri. Eg bevilga meg ein time, men det ende med at eg låg der og les i tre timar og vel så det. Då hadde eg lese boka frå ende til annan. Ho var tankjevekkande og trist, og handla om ein familie som gjekk i stykker, der mor anklaga far for seksuelle overgrep mot barna. Det var ei bok egna til å gjera seg endå fleire tankar omkring eit veldig komplisert område for oss som dagleg arbeider med barn.

Dersom eit barn er utsett for seksuelle overgrep, ligg det eit svik mot barnet i det å ikkje forstå dette. Dersom ein mistenkjer nokon utan grunn, kan ein i verste fall øydelegga livet for den som blir mistenkt. Måtte me som dagleg omgåst barn vera kloke og vakne nok til å ta dei rette avgjerslene…

Dagen i dag har vore mangfoldig og avslappa. Eg har framleis ikkje fått vaska golva og lagt alle dei reine kleda inn i skapet, men eg har rukke mykje anna. Eg har fått brukt gavekortet på 1000 kroner som eg fekk som takk for ein jobb i fjor sommar. Nå er eg den lukkelege eigaren av ein metallfarga vid ytterbluse, sølvfarga vagabondsko, filmen om Benjamin Button, og boka til ho som fekk nordisk råds litteraturpris. Ingrid var til og hjalp til, og etterpå drog me opp til mor og far for å eta lunsj under den store parasollen.

Heime i den vesle byen min hadde eg nokre ærend. Plutseleg kryssa ein av dei mest oppmuntrande personane eg veit vegen rett framfor meg, og ropte eit muntert hei. Ståle har den verknaden på meg at han alltid får meg i godt humør. Eg veit eg har skrive om han fleire gonger her på bloggen.

Ståle: Er det ikkje eit heilt fantastisk ver.
Eg: Jo, det er det verkeleg. Heilt utruleg ver.
Ståle:I går var det så varmt på soveromet at eg ikkje
kunne sova. Eg låg bare og vrei meg. Då passa det
godt å synga: Du skal ikkje sova burt sumarnatta.
Eg: Det var det luraste du kunne synga akkurat då
Ståle:Ja, det gjeld å sjå lyst på det. Og så møtte eg deg,
det gjer jo dagen.
Eg: Det er klart!
Forresten, eg trur eg må skriva om deg på bloggen
min i dag, du får meg alltid i så godt humør.
Ståle:Kor finn eg bloggen din.
Eg: Eg kan skriva ned adressa, men då må du legga
inn ein kommentar…
(samtalen er sterkt forkorta)

Torhild, eg og Ingrid avslutta den offisielle delen av dagen på kinarestaurant med forrett og hovudrett. Dei norske jordbæra er komne. Dei er søte og heilt nydelege.

Og eg må legga meg tidleg slik at eg får tid til litt meir enn å nyta livet i morgon. Dei som sit oppe halve nettene har ein tendens til å sova vekk halve dagane. Ein slags logikk er det vel i akkurat det då…

Heidi

Kom og smak på sommaren.

Endå ein herleg sommardag har teke steget over i natta.
Dette er sommarlivet på sitt aller beste, og ferie i eigen by. Klokka elleve etter at eg hadde fått meg eit krus morgonkaffi og lese morgonavisa vart eg henta av Gunn og Karin. Me hadde bestemt oss for å unna oss ein felles måndag med sommarfri. Begge to er venninner som eg delte barndom og ungdom med, så me veit dei same tinga om forskjellig som dei nyare innslaga i livet mitt ikkje har peiling på.

Etter ein rask runde på butikken, gjekk me for å eta lunsj saman på kafé. Der åt me salat, og lo av det meste som har skjedd oss sidan sist. Etterpå vart det ein spasertur langs vatnet, der det luktar av vill timian og der forglemmegeien og bittekonvallen blømer på sitt aller heftigaste.

Så reiste me ut til den gamle prestegården, der me sat ute og drakk kaffi, og såg utover havet. Etterpå fekk me med oss to kunstutstillingar, ei russisk utstilling, og ei ganske humoristisk utstilling med tittelen revestreker med påfylgjande kunstdiskusjon.

Kva er kunst? Eg påstår at om ein kunstnar får meg til å le høgt, til å undra meg og irritera meg, så har vedkomande klart å framprovosera eit svar på bodskapen sin, og då er vel noko oppnådd? Gunn sa at keisaren får stadig nye klede, og eg seier at det treng han nok, han begynner jo å bli gammal. Me fann ut på veg heim at me må prøva å få fleire slike turar der me kan utforska nærområdet meir enn me ofte tek oss tid til.

Etter å ha snudd i døra, sånn omtrent, bar det i veg til neste oppdrag. For nokre dagar sidan fekk eg sms frå Kirsten med utfordringa: “Du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.” Bodskapen bak tittelen var at ho utfordra meg til ei natt på stranda. Så drog me av garde fire damer med telt og soveposar for å overnatta ved stranda. Eg har levd Herrens glade dagar fleire dagar på rad nå, så eg bestemte meg for å trekkja heimover på det stadiet der dei andre ville inn i teltet.

Kvelden har vore fantastisk. Me har snakka og kost oss. Klokka elleve tende me grillen så lagt nede på stranda at me omtrent kunne dyppa tærne i bølgene. Seinare vart det bål og. Der sat me og grilla, snakka, song, åt pølser, kjøt, salat og oliven, medan me såg båtar gå forbi ute i synsranda. Me såg sola langsomt nærma seg horisonten og forsvinna som ei stor blodappelsin lenger og lenger ned til landet bakanfor der me ikkje lenfer ser Me har sett himmelen bleikna mot halvlys juninatt, og sett dei gullfarga lyseffektane langsomt mista glansen og bli til lett, grå nattedis.

Då dei andre gjekk for å pussa tenner, leitta eg fram bilnøkkelen, og bar oppakninga mi inn i bilen. Eg kjørte gjennom nattstille smale bilvegar med Chopin på bilradioen.

Nå har eg dusja av meg sanden og sortert søppelet eg hadde med meg heim. Klokka er over tre, og eg innser at det kanskje er lurt å leggja meg. I morgon blir det den fornuftige dagen, der eg skal opptre som husmor, barnearbeider og forfattar. Bare vent og sjå, men altså… sova litt først.

Heidi

Landkrabbe på segltur.

I dag debuterte eg i seglarverda. Heldigvis var me så pass mange om bord, at eg stort sett slapp unna oppgåver eg kunne mislukkast i, eller laga farlege situasjonar ut av. Men eg forstod at det å manøvrera ein førti fots seglbåt er ikkje bare bare… Sidan det var heilt uvanleg vindstille på sjøen, var det til god hjelp at det var motor og i båten.

Eg var litt skeptisk då me la til inntil eit svaberg, og måtte hoppa i land, men jammen fekk me meg ikkje trygt i land. Eg og Anne Mette representerte dei nokså urutinerte, medan namnesyster Heidi var ein driven seglar, som stod framme i baugen og hoppa i land for å slå boltar i berget. Eg lot meg grundig imponera.

Om nokon dag utpeikar seg som den perfekte sjødagen, så må det vera i dag. Me var på holmen i nokre timar, og grilla deilig mat på ei rist over ei hole i svaberget. Det vart ein slik sommardag som ein drøymer om heile vinteren, og dagar i lag med ein gjeng av våre eldste og beste venner er alltid som ein oase i tida.

Vel heime att var eg invitert til Inger, som feira at ho var ferdig med ein ny runde kyrkjetekstiler etter ei lang sjukemelding på grunn av vonde hender. Eg dukka opp sann ca klokka halv ti med ein stor bukett sjasminar frå onkel sin hage. På vegen opp kryssa eit pinnsvin vegen rett framfor føtene mine. Det er det første eg har sett i sommar.

Det var kjekt å få sjansen til å beundra stola, mesehakel og preikestolklede, som Inger hadde vove og brodert. Ho er veldig flink, så viss nokon er i posisjon til å bestilla kyrkjetekstiler, så legg eg gjerne inn varme anbefalingar.

Dei siste gjestene kom rundt midnatt, og nå er eg akkurat heime. Det er noko herleg befriande sommaraktig med å besøkja folk sånn omtrent midt på natta. Eg har høyrt at det gjer dei i Finnmark i Midnattsol-perioden midt på sommaren, og nå får me rett og slett ein smak av det på sørlegare breiddegrader og. Og det lukta så godt av sjasmin ute i natt.

Heidi

Målet er nådd…

eg var i ferd med å gje opp. Eg har stått og vakla på toppen av ein stol, og rota meg gjennom toppetasjen i ei usannsynleg rotete kjellarbod. Men den som leitar han skal finna. Tadam… På toppen av eit par gamle koffertar fann eg ein stk redningsvest. Eg visste jo han låg der ein plass, men han har ikkje vore i bruk på sånn ca åtte år.

Per Inge og Heidi har invitert oss på tur med seilbåten ut på havet i morgon, og sidan eg er ehhh – ein smule båtredd, kjennest det bra å ha vesten med seg. Eg har aldri segla før, og er ubrukeleg til alt anna enn å sitja stille og nyta dagen.

Dagen i dag har vore ein draum. Me kjørte inn til byen og kikka litt på VM i sandvolleyball. Dessverre fann eg ingen liste der eg kunne støtta kvinnegruppa Ottar som protesterer på at kvinnelaga er pålagde å spela i bikiniar med grense for kor stor del av kroppen bikinitrusa får dekka… Det synest eg faktisk er grovt diskriminerande når mennene spelar i shorts og singlet. Heldigvis er eg ikkje i ein posisjon der nokon kan tvinga meg til å springa rundt offentleg i eit slikt antrekk, men det går over min forstand at ikkje kvinnene og skal få spela volleyball i shorts og singlet viss dei vil…

Me hadde avtalt å møta Anne Mette, og vandra rundt i byen og kikka på folk, før me havna på eit par uterestauranter. Skikkeleg sommar. Me avslutta med ein runde i gamlebyen. Det er så vakkert der.

http://www.flickr.com/photos/leif/3666271164/
http://www.flickr.com/photos/leif/3665465903/

Dagen vart avrunda med å ligga på magen på terrasen klokka 23.00 og lesa aviser utan ekstra lys. Og nå fann eg til og med redningsvesten min. Kva skulle eg kunna klaga på…

Heidi