Gå til innhald

Grensa for å klaga på mat

er for meg ganske høg. Eg venter nok heller for lenge enn å vera ein aggressiv klagar…

I går, etter marknaden bestilte me lunsj på ein veldig koseleg restaurant der eg har vore mange gonger, og alltid fått god mat. Eg bestillte melon og spekeskinke. Det såg veldig godt ut, men då eg løfta gaffelen for første gong, kjende eg ei sterk lukt av noko eg kjende som lukta av ein sur oppvaskklut…

Eg sa til meg sjølv a eg bare innbilte meg, men smaken var og med ein sterk bismak av sur klut. Eg bad kjærasten min smaka, og han meinte at skinka var ok, men Torhild kjende akkurat same smaken som meg, og smakte akkurat det same…

Nå vart eg veldig i tvil. Eg veit jo at serranoskinke er ein slags nasjonal stolthet i Spania, og skinkekjennar er eg ikkje, mest like lite som vinkjennar. Eg les jo i vinspaltar at vin kan ha smak av kork, jord, metall eller tre, og likevel vera av ypperste klasse. Kva visste vel eg om ekstra utsøkte skinker skulle kunna ha ei aning surt i smaksprofilen…

På den andre sida, om nokon rett og slett hadde pakka skinka inne i ein skikkeleg sur klut, eller tørka av kniven med eit vekesgammalt handkle, kva slags bakterieflora kunne då ha bygd seg opp?

Eg bestemde meg for å eta melonen og salatblada, men dei var vel skorne med same kniven… Eg hadde rett og slett problem med korleis eg skulle forhalda meg, då syster vende seg mot kelneren som kom forbi: “This food is not good…” Eg fekk merksemda frå kelnaren og fekk forklart at det kunne sjølvsagt bare vera meg som tok feil, men at eg var usikker på smaken på skinka.

Kelnaren var svært profesjonell og tilbaud seg straks å servera meg ein annan rett i staden. Eg takka ja, og valde ein pizza som smakte veldig godt…

Etterpå hadde me ein vennskapeleg diskusjon om det å klaga på maten. Syster meinte ein var forplikta til å seia i frå. Kelnarane smakar ikkje på all mat, og det er i deira interesse å få vita det om noko ikkje held ein ok standard. Dessutan meinte ho at ein samtidig kunne skåna komande gjester frå å få servert mat som kunne skada dei.

Eg er vel litt for godt oppdregen til at all mat er god… Får ein noko ein ikkje likar når ein er gjest et ein det ein har på tallerkenen og let som ingenting, på restaurant er det vanskelegare å vita. Eg vil jo helst ikkje bli oppfatta som ein sur og vanskeleg gjest…

Etter 3-4 timar på stranda gjekk me innom same restauranten for å ta ein kopp kaffi. Så vidt eg kunne tolka det, har me framleis eit godt kundeforhold… Og om dette burde det finanst mange meiningar…

Heidi

Før natta kjem med alle stjernene

lar eg dagen takka for seg her på tastaturet.
Me har vore i kyrkja og hatt kveldsavslutning med fin fiolinmusikk. Eg har lese salme 121, eg lyftar mine augo opp mot fjella, kor skal hjelpa mi koma frå?

Nå er eg trøytt, skikkeleg herleg søvnig. Det har nok blitt litt korte netter her nede. Nå skal eg heim og sova.

I morgon er det marknad i Villajoyosa att. Då har eg “fri” heile dagen. Spanske netter er som fløyel, med tett varmt mørke, og mange intense lydar og lukter.

Heidi

Eg har fått dei andre ned hit.

Dei andre vil seia kjærasten min, Sunniva, Halvard, syster og Vilde. Og dermed er eg i ein ny livssituasjon her nede. Det var veldig fint å sjå dei att.

Verda er forbausande lita, i dag traff eg min gode kollega Olaug på stranda, og akkurat nå tikka det inn ei tekstmelding på mobilen min om at Kapp- Ahl, heime i småbhyen min, startar sommarsalet på måndag. Heldigvis kjem eg ikkje til å vera der på måndag, så eg slepp å ta stilling til om eg skal ned dit og slita i shortsar og T- skjorter for å bli førstemann til kassen.

I går reiste den først gruppa med solgårdenturistar heim. Eg vinka farvel, og klemde alle dei flotte ungane i barnegruppa mi.
Det var rart å senda dei heim, og enda rarare var det at eg nokre få timar seinare skulle ta i mot ei ny gruppe barn som skal vera mine frå nå av.

Og sjølvsagt er dei heilt nydelege ungar… Gruppa er ulik den første med lågare gjennomsnittsalder og fleire gutar. Det blir fint det og. Fint på ein annleis måte.

I dag har eg bada i Middelhavet. Det var deilig og svalt og heilt nydeleg. Me gjekk ned, og då me kom fram var me varme, sveitte og tørste. Det var fint å kunna ta bussen heim.
Nå skal me ha leiarmøte.

Heidi

Det er sundag.

Og her på Solgården er det rett og slett sundagsstemning. Dagen begynte tre kvarter seinare enn vanleg, og det er høgare faktor av sommarkjolar enn på kvardagane der det går mykje i shorts og singlet.

Om ein time er det gudsteneste oppe i sjømannskyrkja, og i dag slepp eg veldig lett unna ansvaret. Eg skal bare koma inn i prosesjon med barna som skal bera inn alt me skal dekka alterbordet med; blomar, lys, bibel, alterbok, kalk og oblat fat. Dei skal synga medan dei kjem inn, men sidan resten av kyrkjelyden og skal synga, så let eg meg ikkje stressa av det.

Ein av ungdomsleiarane har akkurat takka for seg, han skal reisa heim to dagar tidlegare fordi han skal vera musikar på ein stor ungdomsfestival heime. Oppbrotsstemninga ligg lett i lufta. På tysdag morgon reiser folk heim, og bussen som tek dei til flyplassen kjem tilbake med dei nye Solgårdenturistane som skal vera her dei neste to vekene.

Allereie i morgon får eg ned mann og barn og syster og Vilde. Dei får litt ekstra tid her nede på grunn av kompliserte flyavgangar. Eg gler meg veldig til å sjå dei, spesielt Sunniva som reiste til Hellas to veker før eg drog til Spania, slik at eg ikkje har sett henne på fire veker.’

Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi her på terrassen der alle som er i sjømannskyrkja blir inviterte til å vera med. Etterpå skal alle leiarane dra saman og eta lunsj oppe i ein liten fjell- landsby. Det blir sikkert fint.

I morgon har eg det siste treffet med ungane eg har hatt ansvar for her nede. Det blir rart, og det blir rart å innstilla seg på å etablera ei ny barnegruppe same dagen som dei andre reiser. Eg kjenner at eg er priviligert som går for to nye veker. Det skal bli fint å vera i lag med familien min, og det har vore fint å ha to veker aleine. Eg trur det er sunt med eit lite steg til sides frå sitt vanlege liv av og til. Det er nyttig å møta seg sjølv på ein annan scene enn den faste og vande.

Eg har høyrt mange historier og møtt mange menneske. nokre av møta veit eg at eg vil bera med meg lenge. Dei har gjort meg litt klokare.

Og nå skriv eg som om eg skal lukka ei dør, men det skal eg ikkje. Ikkje i dag. Nå skal eg ut og leva. Ha ein fin sundag.

Heidi

Cantay el señor

un cantico neuovo… Nå vart eg i tvil om stavemåten på det siste ordet, men det er meint å bety “ny”… Spansken min er langt frå avansert og veltrimma, men eg får då daglege impulsar, og eg lærer litt kvar dag. I går lærte eg for eksempel at badeball heiter “ballon de la playa”, og at det var langt vanskelegare enn eg trudde å få kjøpt ein i turistbyen Gaudalest.

Grunnen til at eg trong ein badeball, var at me hadde ein planlagt bassengaktivitet på solklubbfesten om kvelden, og grunnen til at eg var i Guadelest for andre gongen denne veka var at eg fekk eit tilbod om ein tur frå ein som skulle dit med bil. Det vart ein fin dag.

Med på turen har me ein gut på tre år, som skiftesvis er sjørøvar med hodetørkle og sverd og skiftesvis Robin Hood med fjør i den grøne hatten og panfløyte. I går kom han til solklubben med sjørøvarutstyr, og til ære for han song me songen om Kaptein Sabeltann. Han kvitterte med å seia at han kunne synga ein sjørøvarsong for oss.

Etter eit par linjer forstod eg at dette var det Jan Roar Bjørkvold kallar “Spontan barnesang”, altså slik song som ein lagar etterkvart som ein syng. Det som var spesielt sjarmerande var at han la inn ein del ord som heilt opplagd var der bare fordi dei hadde spesielt fin rytme og klang, for eksempel ordet “ananas”.

Eg hugsar at eg sjølv var veldig glad i å laga slike songar og at eg var usikker på om folk forstod at eg bare laga dei sjølv… Eg trur eg var ganske flink til å rima då eg var fire-fem- seks år. Ein gong var eg hos ein familie der det vart sunge eit bordvers eg ikkje kunne frå før. Då vart eg oppfordra til å synga det bordverset me brukte heime.

Sidan me ikkje brukte bordvers heime, måtte eg jo finna på eit. Eg ville ikkje setja foreldra mine i eit dårleg lys. Eg hugsar spesielt at eg var fornøgt med formuleringa: “La de fattige få det brødet som du gav det som du brøt det…” Eg hadde då gått på sundagsskule og høyrt ordet “brødsbrytelse”… Eg var vel seks år, men hugsar tydeleg kor eg sat på ein blå stol på kjøkkenet og følte meg som ein blanding av svindlar og salmediktar…

Torhild og eg snakka ein kveld om minne me begge har om tankeressonement me hadde i 2-3-årsalderen, som nå virkar mest uverkelege at me kan ha tenkt. Var me begge usedvanleg språkleg reflekterte? Har me blanda inn langt seinare minne og opererer med sviktande hukommelse? Eller kanskje heilt små barn rett og slett ressonerer på ein mykje meir avansert måte enn dei fleste vaksne anar? Svaret er nok heilt sikkert samansett, men eg tenderer til å tru at me ofte undervurderer ungar…

Det er ei ganske heftig oppleving å ha fest med ein del ungar ein varm kveld i Spania medan foreldra deira er på “landlov” i ein koseleg spansk småby. For det første er det veldig stas, og for det andre er dei veldig trøytte når kvelden verkeleg nærmar seg natt.
Men eg vil tru at dei minste hugsar spenninga frå den leiken me i barndommen min kalte “Huset rundt”, der dei i mørke skulle springa rundt eit hus hand i hand med ein vaksen utan å bli oppdaga.

Då alle foreldra kom heim klokka halv elleve ville dei fleste gjerne ha leika meir, men eg trur det var heilt passe tid til å avslutta.
Ei lita jente kom etter meg. “Kan ikkje du koma inn og gje meg ein godnattklem når eg ligg i senga?” Eg sa at det kunne eg, men då måtte ho høyra med foreldra om det var greitt for dei. Alt vart klarert og då ho fekk klemmen sin spurde ho: “Om dette verkeleg var den aller siste Solklubbfesten?”

Og det var det. Den aller siste av to. Og i neste veke kjem det ein ny omgang gjester med nye små Solklubbmedlemmar. Det å organisera og etablera ei ny gruppe er alltid spennande. Det er veldig fint å vera to vaksne til å dela på ansvaret.

Nå vaskar dei golvet her i matsalen. Eg har ein mistanke om at nokon kanskje ventar på pc-en, eg har nok brukt opp mi tid for akkurat nå.

Heidi

Brennande sol og svalande skugge.

Dagane går med sin eigen puls og rytme tilpassa livet her nede. I dag har eg vore på marknad og kjøpt smykke med armband og øyredobbar til, og me har vore på ein supermarknad med eit overveldande vareutvalg. Det er slik at ein kan bli nøydt til å velja mellom 37 typar makaroni om ein skal ha seg ei eske…

Men det skal eg ikkje. Ikkje nå når eg held hus aleine i alle fall. Noko av det fantastiske med denne livsformen er å ikkje ha nokre huslege oppgåver i det heile tatt. Måltida blir inntekne i spisesal eller på reastaurant, og nokon kjem og vaskar huset mitt. Sjølv kan eg kosta på meg å liggja på ei solseng og lesa djuptpløyande teologiske og filosofiske artiklar, eventuelt vekeblad medan sveitten dryp ned på ord og linjer.

Eg likar rytmen med å kunna velja å starta dagane med morgonbønn og kveldsavslutning. Kvar keld går me opp den bratte bakken til sjømannskyrkja for å ha ei felles avslutning på dagen. Når me går heim ein time seinare, er det stupmørkt ute, men framleis varmt som på den varmaste norske sommardagen.

Det som fascinerer meg mest akkurat nå er ikkje spansk kultur eller spansk språk, men alle dei spennande samtalane eg har hatt med dei andre som bur her. Og så er det interessant å ha tid til å pusta og tenkja utan å måtta så mykje heile tida.

Det som det har vore litt vanskeleg å få til å fungera er manuskriptet eg har med meg ned. Det er vanskeleg å få det til å fungera med den bittelille berbare pc-en eg har med. Eg strever med nedlasting, arbeid og e-mail, men reknar med eg får hjelp når min eiegode ektemann kjem om nokre dagar…

I går vart eg og Torhild sitjande og snakka på terrassen min etter at alle andre hadde gått og lagt seg. Me har mange felles minner frå ein oppvekst på eit nybygd byggefelt i ei lita bygd sist på sekstitalet, og først på syttitalet. Med den avstanden som tida gir oss, klarte me saman å laga eit ganske mangslungent bilete av korleis det heile var.
Og så er det alltid så befriande godt å le saman med nokon, spesielt når ein er veldig trøytt.

Nå har me drukke kaffi og dansa på terrassen ved bassenget, og om eit kvarters tid er det tid for kveldsavslutninga. I kveld skal eg gå tidleg inn for landing, slik at eg er klar for nye rundar med solklubb i morgon. Eg er framleis ikkje heilt sikker på alle historiane eg skal fortelja.

Heidi

Alltid beredt!

Solklubb er fine greier. Ungane elskar Theodora, og i dag har eg vore både Martha, Maria, Jesus og Lasarus med og utan bandasjar og store oransje sjal. Og ungane har fått lov til å salva seg sjølv med ein liten brøkdel av Torhild sine medbrakte beauty-kremar. Sjølv reiser eg enkelt og spartansk på akkurat det området…

I går fann eg ut at eit vekeblad kunne vera tingen å slappa av med i sola. Eg var derfor innom kjosken for å kjøpa kaldt vatn og eit nummer av Hjemmet. Eg skjøna straks at bladet måtte lesast med stor andakt, for vatn og blad kosta meg åtte euro.

Utpå ettermiddagen la eg ut på tokt med Rut og Marius. Etter forige tur ut i verda aleine, har eg funne ut at eg eignar meg best til å gå i flokk. Me klarte å få til ein god omveg i går og, med dess meir innebygd trim. I byen vrimla det av tapre spanske bestemødre som tek seg fram i brennande varme ikledde crimplenekjolar og med tunge trillebagar fulle av vatn og matvarar på slep.

Her er det framleis eit visst sprang mellom det feminine og det maskuline, og små snuppefrøknar på to går rundt med lakksko, musefletter og usannsynleg søte små sommarkjolar. Eg kunne omtrent vera frista til å seia at norske damer med khakishorts og sportssandalar er på grensa til å vera meir maskuline enn parfymerte spanske menn med velstyla hår og mykje etterbarberingsvatn.

Me fann oss eit bord nede ved sjøen, og eg fekk meg deilig middag i form av gazpacio, kald tomatsuppe og melom med parmaskinke.

Eg har sett høghæla små prikkete flamencosko i størrelse 20, og lurer på kven som er to år og klarer å gå på noko slikt utruleg søte er dei i alle fall. Eg har fått ein merkverdig trang til å bli hengande over bittesmå barnesko, men minner meg sjølv om at eg ikkje kjenner nokon som treng sko til ein baby.

Nå skal eg trekkja ut den luftige aircondisjonerte lufta i respesjonen og solbada litt før eg skal vera klar til busstur klokka kvart over to. Innimellom skal eg leita fram ein tekst til kveldsavslutninga, så Martha er med på turen ho og, så vidt det er…

Hasta luego.

Heidi

At sola skin ute

er blitt ein kvardagsleg sak. Eg har vore lenge nok i Spania til å ikkje kjenna på at når sola skin kan ein ikkje arbeida meir enn nødvendig innomdørs. Eg har hatt ein lang frukost, og etterpå oppsøkt skuggen med ein kopp kaffi og fått endå fleire historiar om levd liv. Livet her nede går på sett og vis på kvilepuls, og det er rom for samtalar.

I går sat eg lenge og snakka med ein ung mann som mellom veldig mykje anna er oppteken av “Free hugs movement”. Eg hadde nok kanskje høyrt litt om bevegelsen før, men hadde eigentleg gløymt det att. Han fortalde meg om nokre studentar som hadde begynt å dela ut gratis klemmar på gata, og at dette hadde spreidd seg rundt i heile verda.

Etter opphaldet på Solgården skal han eg snakka med på haiketur rundt i verda saman med ein kamerat. Dei skal kvar dag på turen ha “Free hugs- aksjonar”… Han og ein av ungdomsleiarane her, planlegg å ha ei “Free- hugs- markering” i Villajoyosa ein ettermiddag. Dei var overbeviste om at gratis klemmar er noko som er med på å gjera verda betre. Eg synest det er ein sjarmerande synsvinkel å betrakta verda i frå.

I går var eg på tur til byen Guadalest, ein by på eit fjell med mange trapper opp til kyrkjegarden på toppen. Etter gammal tradisjon gravla dei sine døde i slike fjell-landsbyar heilt oppe på toppen, slik at dei skulle ligga så nære himmelen som mogleg…

Etterpå reiste me til ein spesiell dyrepark der dyra går fritt. Ein kjører med buss gjennom parken og kan gå ut for å studera og klappa alle dyra bortsett frå farlege rovdyr. Det spesielle akkurat nå var at ei løvinne hadde dødd frå dei nyfødde løveungane sine.

Ungane var nå seks veker gamle, og vart fora med tåteflaske. Etter å ha ete ein nydeleg spansk lunsj på ein restaurant tilknytta parken, var den store overraskinga at innehaversken, som var fostermor for løveungane kom inn i bussen med den eine, og me fekk lov til å klappa og kosa med ei seks veker gammal løve. Det var faktisk rett og slett ei stor oppleving. Om eg er aldri så katteglad, hadde eg vel aldri trudd eg skulle koma i nærkontakt med ei løve. Ho som passa på sa til nokre av ungdomane at løveungen kunne klora eller kosebita viss dei leika for villt med henne. Den eine sa etterpå at det kunne jo seinare vore litt kult å fortelja folk at “Det arret fekk eg den gongen eg vart biten av ei løve…”

På kvelden hadde me besøk av to spanske songarar og fekk ein fantastisk konsert med godbitar frå film, teater og musikalar. Fordi dei har opptrådd ein del her, hadde dei lært seg “Du skal få ein dag i måra” med refrenget på norsk.

Nå har eg fordjupa meg litt i det internett har å tilføra meg av opplysningar om Martha, Maria og Lasarus. Dei er temaet for ungane og meg i morgon.

I ei dansk preik eg fann siterer dei ein song som tydelegvis er den daske varianten av kjerringa som panisk steller i stand heime, “for nå er det lemmer og liv om å gjøra, med påsken og pinsen og jula for døra…”

Dette er ein song eg syng til meg sjølv når eg kjenner at stressnivået er lovleg høgt, og at det er på tide å stoppa opp litt for å le… Eg sette derfor stor pris på denne danske teksten, tileigna Martha og hennar likesinna i heile verda. Sikkert ikkje for ingenting at Martha er skytshelgen for husmødrer…
Le gjerne saman med meg:

Se her kommer mutter med kost og spand,
med skrubbe og klude og sæbevand,
nu blir det en plasken,
en sjasken og tørren,
for påske og pinse og jul står for døren.
Hun gnider panelet med vaskeskind,
med rumpen i vejret og knæene ind,
for den som vil ligge lidt foran sin næste,
må styrte omkring som en hvirvelvind.

For tiden er så kort,
og det ku` hænde,
hun kom for sent,
for sent til verdens ende…

Carpe diem!

Heidi

Bitar av himmelen.

Det er sundag på Solgården. Dagen begynnar ein halvtime seinare enn vanlig. Etter frukosten øver me med barna som skal synga i sjømanskyrkja:

Esta felice kada vez que te veo…
og
Jesus har et spørsmål,
og det lyder så:
Hvem skal jeg sende,
hvem vil gå,
hvem vil bære budet om at Gud er kjærlighet?
Si meg vil du være med?

Dei unge solistane er djupt konsentrerte, og litt nervøse… Dei lærte jo desse songane i går, og i dag skal dei opptre… Torhild får både pianoet og romet til å svinga på den spesielle måten som få andre får til, og ho får ungane til å stråla.

Eg pakkar det hemmelege skrinet med ting som kan passa med historia om Sakkeus. På internett finn eg eit bilete av eit morbærtre og diverse Sakkeuslegender. Theodora får på seg rosa sommarkjole og er klar for ein sosial runde i kjellaren i sjømannskyrkja.

Rut og eg går opp bakken til kyrkja i brennande heit føremiddagssol. Torhild er der og øver med barna. Vikarpresten har bomma litt på avtalen med organisten. Det blir eit sterkt og nakent formspråk når han kneler på alterringen og syng Kyrie Eleison utan musikk til. Han brukar melodien frå Taizé. Etterkvart fell kyrkjelyden inn i songen og kyrkja blir fyllt med tonar.

Me blir henta opp att til nattverden. det er nattverd med intinksjon. Me får brød og dyppar det i vinen. Det er lang kø framfor dei som deler ut nattverd, små barn, pensjonistar, fastbuande og turistar, heile tida går songen i lokalet.

Me syng ei salme som eg forbind med farfar fordi eg ein gong var med han i kyrkja og høyrde den stødige basstemmen hans som song så høgt at det runga.

Da vet jeg visst mitt øye får,
et herlig syn å se,
når det mot livets aften går,
og endt er lyst og ve.
Guds rike står i stråleskrud,
Krist hentet har sin dyre brud,
fra alle stammer og hver egn,
med hver sin strålekrans som tegn,
i jubelkor,
de hyller Herren stor…

Det er på ein måte som å synga saman med farfar, som nå er på den andre sida av grensene for livet. Ikkje på ein mystisk måte, men som eit trygt pust frå barndomen.

Til postludiet går tre ungdomar fram. Rudi spelar gitar, og legg sjela i akkordar og stemme, Oh happy day…

Og eg tenkjer at nokre dagar får me bitar av himmel ned til oss, som kakestykke på porselenstallerknar ein sommardag.

Etterpå er det kyrkjekaffi for alle som vil vera med på verandaen på Solgården. Det er så sterk sol at me sit i skyggen og drikk kaffi. Eg får høyra nye livshistoriar, og blir litt betre kjend med nokon av dei som er her.

Ettermiddagen er strand med solseng og bading i store bølgjer. Torhild, Rut og eg går opp på Gusta og et salat. Salatporsjonane er så store at ein blir stappmett av bare grøntfor med serranoskinke på toppen. Ein nydeleg dag går snart inn for landing. Livet her har fått ein behageleg puls, det begynnar å bli ein vane med spansk klima og dagsrytme. Framleis skal sommaren vara lenge. Om litt over ei veke kjem store deler av familien ned. Det gler eg meg til.

Heidi

Cerca de Villajoyosa.

I dag tenkte eg at eg for alvor ville kjenna på at eg var på eigne venger og gå opp og ned til byen aleine. Det er ein fin gangveg ned dit med masse sitrustrær, så folk her har døypt den vegen for appelsinstien.

I tillegg til appelsiner så veks det fiken, avocado, sitronar, lime og fersken der. Og så er det mange av desse flate spanske murhusa med gneldrande hundar og magre kattar rundt. Det blømer oleander og vindelblomar, og overalt er det desse kalkaktige sneglar som sit tett i tett på steinar og strå, og til og med på rusta nettinggjerde sit sneglane tett, tett saman, kva glede dei nå måtte ha av det…

Eg fann vegen ned, og min orienteringsevne teke i betraktning, så var eg ganske stolt av meg sjølv. Nede på stranda traff eg andre gjester frå Solgården, og eg angra på at eg ikkje hadde teke med meg badetøy. Det såg heilt nydeleg ut å bada. Eg sa noko om at eg kanskje kom ned att med badetøy, og så sette eg meg på ein fortausrestaurant for å få i meg litt væske før eg skulle ta fatt på den lange vegen opp igjen. Det vart ei flaske vatn og ein café solo, begge deler smakte godt.

På veg opp ringde Torhild på mobilen for å høyra kor eg var, og eg sa at viss eg ikkje var heime om ein time fekk ho etterlya meg. Sjølvsagt klarte eg å ta feil av vegen ein plass, og på eit slags stotrande spansk fekk eg forhøyrt meg om vegen med ein eldre mann i ein pickup. Han forklarte og eg meinte å forstå.

Ved neste sving sat det ein ung mann i tjue års-alderen på ein moped. Han såg på meg, og smilte eit smil eg nærmast vil karakterisera som litt fårete. Fordi han såg sånn på meg, sa eg at eg var på veg til Hacienda del sol, og han bekrefta at eg var på rett veg. Den første mannen sa at eg skulle fylgja stien i ca ein kilometer. Så begynte ein merkeleg seanse. Den unge mannen kjørde framfor meg, og stoppa ca kvar hundrande meter for å visa kor eg skulle gå. Eg nikka og smilte, men hadde ei litt ubehageleg magekjensle. Det var siesta, og ikkje eit menneske var å sjå.

Eg snakka strengt til meg sjølv og sa at eg hadde overaktiv fantasi, og at denne snille unge mannen bare ville visa meg vegen… Til slutt kjende eg meg att, peika opp på bygningane der eg skulle, så sa eg takk og farvel… Derfor vart eg overraska då mopedguten plutseleg stod framfor meg på vegen med dette merkelege smilet sitt endå ein gong. Venta han å få pengar? Eg kjende ikkje for å rota i veska etter pengane aleine som eg var.

Plutseleg hadde guten gått av mopeden, drege ned buksa og stod der og blotta seg… Eg var ikkje veldig høg i hatten, men reagerte veldig rasjonelt. Eg såg han inn i augene med mitt strengaste lærerinneblikk og sa “No!!!” Så tok eg opp mobilen att, og prøvde å ringa Torhild i håp om at ein mobilsamtale ville skremma han. Eg sette opp farten og visste at det var vegarbeidarar rundt neste sving som eg kunne skrika til om nødvendig. Heldigvis datt han av lasset. Eg var sjeleglad for å kunna småspringa opp den siste bakken og vera trygg på Torhild sin veranda…

Sannsynlegvis var han ein blottar og heilt ufarleg, men det var ei ekkel oppleving uansett. Per Magne lurte på om eg hadde teke nummeret på mopeden, men det var vel det siste eg tenkte på der og då. Men eg har varsla ungdomsleiarane om at dei aldri må la jentene gå aleine den strekningen.

Det kjem ikkje eg heller til å gjera, det kan eg forsikra alle heime som måtte bli engstelege av å lesa dette. Det er irriterande at slike mannfolk skal innskrenka fridomen vår, men slik er det…

Og Torhild gav meg masse kaldt vatn og litt frukt, og eg fekk snakka hendinga ut av kroppen. Etterpå hadde eg nokre late timar ved symjebassenget med boka som fekk nordisk råds litteraturpris, skriven av ei jente som heiter Strindberg til etternamn.

Me har vore på kinarestaurant nede i byen og på kveldsavslutning oppe i kyrkja. Natta ligg fløyelsmjuk og varm kring Solgården, sirissane sirrar og flaggermysene flagrar planlaust rundt. Akkurat nå kjennest det faktisk litt trygt at det er låste portar og nattevakter rundt Solgården om nettene. I morgon skal eg jobba både kveld og føremiddag.

Heidi