Gå til innhald

Takka og ta i mot.

På sundag føremiddag veit eg kor eg høyrer heime. Det er ikkje alltid like lystbetont i utgangspunktet. Nokre gonger har eg vore sein heim kvelden før. Andre gonger har eg site oppe til langt over midnatt og ventapå seine tenåringsbarn.

Men eg veit at eg treng det, og at det gjer meg godt. Fordi det heilage romet i livet mitt, og det reint fysiske, her i den vesle byen eg bur i er viktig for meg, så prøver eg å halda fast på rytmen i å koma meg til gudsteneste på sundagane.

Når eg vel er komen dit, og har sett meg roleg ned, vert det opna dører som det er godt å opna. Ikkje alltid, og ikkje kvar gong, men ofte er det slik. Og ofte kjenner eg at små bitar i livet mitt dett på plass. Eg har tru på det å vera stille. “Det er godt å vera stille og venta på Herren.”

Eg veit det, men ofte let eg ikkje dagane mine bli romslege nok til å roma stilla. Eg kviskrar til sidemannen min som eg ikkje kjenner så veldig godt, men godt nok til å kviskra til, at eg trur folk ville merka det viss me gav meir rom til å vera stille. Han kviskrar tilbake at truleg merkar folk at me ikkje tek oss tid til det og…

Nå høyrest det ut som me høyrer til eit mystisk eller meditativt lite samfunn, eller i det minste er kvekarar, men det er me ikkje. Me er heilg vanlege kyrkjefolk ein heilt vanleg sundag. – I den grad kyrkjefolk er vanlege folk og i den grad sundagar kan vera vanlege.

Sidan me denne sundagen held bots- og bededag blir me førde gjennom ei skriftemålsbøn, leia av presten. Etterpå blir me inviterte til å ta ei bønevandring i kyrkjeromet og tenna lys for nokon me ber for og er glade i. Så blir me inviterte til å leggja frå oss bører symbolisert gjennom stein. Eg set meg ned på ein stol med ein stor rund stein i hendene mine. Eg har tenkt å halda han til han sluttar å vera kald, men til slutt gjer eg opp å få varme i steinen. Eg legg han frå meg og går vidare.

Ved altarringen er det kø. Her er invitasjonen å gå fram og knela medan presten tilseier oss forlating frå alle synder. Synder er eit gammaldags ord, og eit lite politisk korrekt begrep utanfor kyrkjesalen. Det betyr ikkje at ikkje dei fleste menneske har ting det ville kunna vera godt å få sett ein strek over.

Medan eg kneler, ser eg at hjartet eg ber rundt halsen i eit rosenkransliknande kjede er i ferd med å løsna frå festet sitt. Eg ser at det er lett å hekta det innpå att. Eg må bare opna ein liten lås og tre det innpå på nytt…

“Han breie sin fred omkring deg,” syng koret som ei signing over oss i det me skal reisa oss å gå. Og om me klarer å halda godt fast i den formen for fred, så er det litt av ei gave å bera med oss ut i verda.

Heidi

Av alt eg tenkjer på å skriva…

så er det bare ein brøkdel som landar på tastaturet. Sist helg hadde eg så store tankar om kva eg gjerne ville laga tekstar om. Så vart all skrivinga konsentrert om å laga ein liten lokal musikal om kattar til bruk på skulen vår.

Og det var veldig kjekt å skriva om kattar. Som den tidsoptimisten eg er, så har det viss aldri heilt gått opp for meg at Ting Tek Tid, som Piet Hein skriv så klokt om i diktet sitt…

I dag er det fredag att, og denne helga ber på sett og vis bonustid i hendene sine. Det har sidan lenge vore bestemt at me skulle på hyttetur i lag med nokre andre par for å feira ein god ven som har fylt femti. Vegen dit er ganske lang og går over ein fjellovergang. På onsdagskvelden vart det bestemt at me ikkje reiser likevel, fordi det vart for komplisert sett i relieff til alle dei andre ballane me har i lufta akkurat nå, og med tanke på at veret har vore ekstremt dårleg dei siste dagane, og
vervarslingane er dårlege. I verste fall blir fjellovergangen stengd, og det passar veldig dårleg sidan kjærasten min må nå eit fly sundag ettermiddag fordi han skal i veg og halda foredrag på måndagen.

Det løyser nokre problemstillingar at me ikkje dreg. For eksempel kan eg vera i lag med dei tre dramaelevane mine på konserten dei skal vera med på i kveld. Eg ville helst at dei skulle sleppa å vera der utan lærar, og det er trygt å kunna ta ei ekstra øving med dei før konserten og å senda dei eigenhendig ut og inn av scenen til rett tid. Barn yter som regel veldig mykje betre når det er ei trygg ramme kring det dei skal opptre med.

Syster sitt familieselskap får eg og med meg. Halvard kan vera heime, og Sunniva har foreldre å koma heim til desse dagane ho skal spela teater i Storstova. Alt i alt, det var nok ei rett avgjersle, men det er alltid litt trist å gå glipp av noko og… Men det kjem nok nye sjansar til turer, og plutseleg har eg ei helg med eit og anna blankt ark som eg kan bruka til kva eg vil…

I går kveld var me stolte tilskodarar til “Maestro”, eit
teaterstykke med unge utøvarar frå femten til eit par og tjue år. Dei ansvarlege er og veldig unge. Sunniva og tre-fire venninner er med blant dei aller yngste. Det var utruleg mange dyktige songarar, dansarar og musikarar med, og det gnistra skikkeleg av det som skjedde på scenen. Eg fekk sjå Sunniva i sparkepikekostyme, som serveringshjelp med rosa bunnykostyme, som avisgut som hoppa ned frå scenen og med treningstøy i ein garderobescene. Så fekk eg sjå henne opptre og dansa på så skyhøge hælar at eg var redd for anklane hennar.

Det var veldig spennande å sjå resultatet av ein produksjon som eg ikkje har hall ein einaste liten fingertupp borti under prosessen. Ingrid spelar Nille i
“Jeppe på Bjerget” borte på følkehøgskulen sin. Eg skulle svært gjerne sett det stykket og.

Sjølv har eg mange teatertankar som svirrar rundt i tankane mine i forhold til teatergruppene mine og. Dei yngste dramaelevane våre skal laga si eiga improviserte teaterforestilling som me skal visa til foreldre og besteforeldre før jul. Det kan vera ein ganske nervepirrande prosess sidan me ikkje har heile kontrollen sjølv, men det pleier å gå bra.

Dei eldste har nettopp begynt på leseprøvane til “Snedronningen” av HC Andersen, dette er eit veldig krevande stykke, og eg håpar ikkje me har gapt for høgt. I tillegg til dette må me finna eit passande stykke til dei yngste som dei kan framføra på skuleforestillingar til våren, og eg har fått ansvaret for å laga eit slags manuskript/ ein historie til tiandeklasseforestillinga i mars med tema “Blå”. Eg har mange tankar men ingen som er fastspikra endå.

Det har vore skikkeleg haustver nokre dagar. Det har regna og regna og regna, og det er deilig å vera inne. Morgonane i klasseromet er blitt mørke igjen, og med levande lys og høgtlesing gjev mørket ein mjuk og deilig start på arbeidsdagane.

Og i tillegg til det meste andre så er det alle desse spanske verba. Når kvar tid av verbet har sine bøyingsmønster, og alle verb skal bøyast etter person, type I am, you are, he is i alle former og tider, så snakkar me om ein del ting å halda styr på…

Å prøva på å ta eksamen i tre års spanskopplæring på vidaregåande skule på sida av full jobb og vel så det, i løpet av tre månadar er nok ikkje heilt å anbefala, men pytt pytt, går det så går det. Litt språk lærer eg vel i alle fall, og eit eventuelt eksamenspapir blir uansett bare til pynt enn så lenge…

Ein beautiful morning har forlengst blitt til a beautiful day… Føremiddagen vart mellom anna brukt til å skriva og levera spanskoppgåve 5, der eg skulle visa at eg haldt styr på den eine preteritumsforma i ein skriftleg tekst. Det er godt me har gode ordbøker…

Heidi

Vakna ein fredagsmorgon,

gjera seg klar til å stå opp, for så å hugsa at ein har fri. Det er kvardagsluksus av høgaste klasse. Eg hadde til og med hugsa å minna kjærasten min om det i gårkveld, at eg ville vera takknemlig for å få sova litt, og at han måtte ha eit auga med at tenåringane våre kom seg opp.

Til mi overrasking skein sola då eg vakna neste gong og såg at klokka var ti. I går hølja regnet ned heile dagen. Eg kjende meg utkvilt og glad og klar for livet.

Kaffi, grov havregraut og ei stor bunke aviser eg ikkje hadde rukke å lesa gjennom er heller ikkje feil måte å begynna ein dag på. Når du i tillegg får ein malande katt i fanget så kan det vel ikkje bli stort betre.

Nå har eg brukt store deler av dagen på frokost, kaffi og aviser, og det kjennest heilt fint. Nå gjeld det bare å få sveiva meg i gang til alt anna som ligg og venter. Ein lang tur ut trur eg og eg skal unna meg, men først må eg få jobba litt.

Nokre dagar kjennest litt ekstra heilage på ein veldig kvardagsleg måte. Denne føremiddagen har vore slik.

Av og til spør eg meg sjølv; kva er kallet mitt i livet, kva og kven vil Gud eg skal vera. Sjølv på vanlege kvardagar i eit framleis uvaska hus må det finnast plass for dei litt store og kanskje ei aning svulstige tankane.

For tre dagar sidan låg det ein liten pakke på spisestovebordet då eg kom sliten heim frå jobb klokka ni om kvelden. Eg forstod ikkje kva det kunne vera, og var ei aning trøytt i hovudet. Eg trur faktisk at pakken vart liggjande der på bordet medan eg varma meg litt mat. Då eg til slutt fekk opna vart eg glad og overraska. Det var den nye salmeboka, eller rettare sagt salmebokforslaget i paperbackinnbinding.

Eg leita meg fram til dei to salmene mine som er der. Det kjendest høgtideleg og merkeleg.
Kanskje det var først der og då det gjekk opp for meg at eg verkeleg skal inn i salmeboka, dersom salmene mine ikkje viser seg å vera så kontroversielle av ein eller annan grunn, at dei dett ut att.

Men det var ikkje svaret på kva som er kallet i livet mitt, bare ein merkeleg liten digresjon som plutseleg hoppa inn i teksten der og då…

Kallet til å vera menneske inneber vel det meste. Og kokar kanskje inn til det minste. Eg trur me, for å trekkja andre enn meg inn i dette, er kalla til å vera eit varmt punkt i ei verd der mange frys. Det neste som dukkar opp som viktig i hovudet mitt er å vera ein stemme. Ikkje nødvendigvis ein høg stemme, men ein stemme. Det finst så mange stemmer i verda, nokre av dei fortener støtte, og nokre fortener å bli motsagde.

Bloggen min er ein del av stemmen min. Eg har sterk trang til å skriva omtrent heile tida. Det er ikkje alltid det er god plass i tida mi. Men akkurat nå kjennest det som om eg har så mykje eg har lyst til å seia. Eg trur det får bli fleire innlegg denne helga, elles blir det eg seier alt for langt og mangslunge…

Nå skal eg vaska golv og skriva katteteater og lesa spansk. Det må vel vera god bruk at ein frifredag. Og i kveld skal eg til Marit. Det er ein god tidskabal som skal leggjast i dag.

Heidi

Så tikkar nok ein ferie mot enden.

Og her sit eg ganske fornøgd, ytterst på stolen med ein katt bak meg.

Siste dagen i Bergen vart og fin. Det einaste var at eg plutseleg fekk det mykje meir travelt enn eg hadde trudd. Bussen skulle gå klokka fem, og eg hadde tenkt at viss eg tok med meg ryggsekken inn i ein drosje oppe ved sjukehuset klokka halv fem, så ville eg ha god tid til å koma meg ned til buss-stasjonen.

Dama i respesjonen var ikkje samd i det reknestykket. Fredag ettermiddag kunne trafikken stå heilt i stampe, fortalde ho meg. Sjølv ville ho ikkje våga å venta lenger enn til halv fire før ho fann ein drosje…

Og heim ville eg jo, så fem over halv fire var eg på plass i drosjekøen. Taxisjåføren som dukka opp etterkvart var veldig sur. Han var faktisk så sur at det var fascinerande. Først ville han ikkje ta meg med, for han meinte eg stod på feil plass, men då ingen andre stod på rett plass, fekk eg vera med likevel…

Drosjen var godt innrøykt, og eg fekk ikkje hjelp verken med ryggsekken eller med døra. Det viste seg å vera heilt rett det med trafikk i stampe. Køen ned til byen stod heilt stille, det bevega seg ikkje i det heile tatt. Før me kom til det første lyskrysset hadde taksameteret passert hundre kroner. På same tida kunne eg ha gått fram og tilbake til krysset på mine to bein utan å skunda meg.

Drosjesjåføren vart surare og surare. Han sukka og banna og bles i nasen. Dessutan var han skikkeleg forkjøla og snufsa i eit sett. Eg lurte på om eg skulle seia noko humoristisk om at det kom til å bli ei kostbar reise i dette tempoet, men den sosiale teften tilsa at det var lurast å teia heilt stille…

Det løsna litt etterkvart, og då me kom inn på busshaldeplassen klokka ti over fire skulda eg han 195 kroner i reisepenger. Me mi mildaste røyst takka eg for turen, og gav han ein tohundrelapp med beskjed om at eg ikkje ville ha vekslepengar.

Meir skulle det faktisk ikkje til før humøret hans løsna litt. Han takka og ynskte meg faktisk god tur vidare. Eg repliserte med noko eg håpar var eit oppmuntrande smil, og kravla ut av bilen…

Når eg møter skikkeleg sure folk så
lurer eg alltid på kva som skal til for å få dei til å smila gjennom maska. Det er slett ikkje alltid eg klarer det. Nokon gonger har eg blitt utskjeld fordi det tydelegvis kan virka provoserande å møta nokon som er i betre humør enn ein sjølv. Seinast på venninnehelga for to veker sidan var det ein som vart skikkeleg provosert fordi eg prøvde å svara spøkefullt på påstanden hans om at me stengde heile fortauet. Han påstod at eg lo av han, og det bør ein sjølvsagt ikkje gjera…

André Bjerke har uttrykt det så bra i barnerimet om sinte menn:

Sinte menn er simpelthen
dem man allersist bør erte,
man bør ha et løvehjerte,
skal man erte sinte menn…

Kanskje eg lærer ein vakker dag, men denne gongen
kom vår bergenske drosjesjåfør seg altså menge hakk ved hjelp av ein blank femmar, eit smil og eit par takkens ord…

Så tok kystbussen meg gjennom oktobermørkret, over bølgene og undre havet. Bussen var overfylt den første del av strekningen, men sjåføren var blid… Det var sånn omtrent litt koseleg å sitja tett i tett inne i den varme tronge bussen medan regnet hølja ned der ute. Og kjærasten min var så snill at han stod og venta i den andre enden av bussturen slik at eg slapp tog og buss for tog og spaserturen heim frå stasjonen.

I går gjekk det med eit lite sjokk opp for meg kor mykje eg burde gjera i helga for å vera ajour på måndag. Eg hadde ubegripeleg mykje arbeid som venta på meg både i huset og på dei to jobbane mine. Men etter ein halvtime med resignert motløyse kom eg meg i gang, og nå er eg faktisk sånn omtrent i mål. Det er mykje ein får gjort når ein sit på jobb heilt aleine, og klokka halv elleve om kvelden var eg faktisk ferdig med å vaska min del av huset og.

Så vart eg litt mot mi vilje fanga av ein veldig fin film som eg hadde sett deler av før. -Bee-season. Ein nydeleg film. Barneskodespelaren i hovudrollen var heilt betagande. Filmen er med dette varmt anbefalt.

Fårikålen kokte medan eg var på jobb og smakte så godt at de som les dette bør bli inspirerte til å få fårikålgryta over med det same. Så har eg drukke kaffi og lært meg spøkelseshistorier som eg skal framføra for elevane på trinnet mitt i morgon. Den eine handlar om bestefaren til Stig, og mannen som ropte frå havet…

Nå skal eg til Jan Ivar for å mekka manus og fordela roller. Og snipp, snapp, snute…

Heidi

Kaffipulver og varmt vatn i krus.

Eg får ein slags flashback av hybellivet her hos Odd Christian og den veldig koselege kompisen han deler leigligheit med. Då eg lurte på om dei hadde knekkebrød eller noko liknande til frokost, fekk eg til svar at det nok var dårleg med brød i dag, men pulverkaffi, det kunne eg få.
Så fekk eg eit krus med noko varmt i, og tok ein prøvande slurk. Eldstesonen spurde om det var god kaffi, og eg bekrefta at, jodå det var det. Dermed vart eg avslørt som heller uærleg, for han tenkte at eg skulle ha oppi kaffipulver sjølv, og såg at eg ikkje gjorde det…

Så la eg i veg til dagens store ekspedisjon til fots. Eg imponerte meg sjølv med å finna både sjukehus og rett avdeling så lett som bare det. Dei bergensarane eg har møtt har vore veldig hjelpsomme.

Mesteparten av dagen har eg vore i den merkelege verda som heiter sjukehus. Først tre og ein halv time på postoperativen. Ein stad som av ein eller annan grunn gav med kjensla av å vera under havoverflata. Pasientane låg tilkopla eit heilt panel med ulike lampar og målarar, og med jamne mellomrom gjekk det alarmar. Sjukepleiarane gjekk roleg rundt som tenande ånder og gjorde sitt for at alle skulle ha det bra medan dei las av måleapparat og skreiv inn i journalar.

Eg forstår godt at venninna mi gjerne ville ha nokon med seg. Det ville eg og ha ynska i hennar situasjon. Ho var veldig vaken og veldig flink sjølv om det gjorde ganske så vondt dei første timane. Det kjendest fint og rett å få lov til
å vera der.

Sjeldan føler ein seg vel friskare enn når ein på eigne bein og med helsa i behald kan gå ut i frå eit sjukehus.
Mirakuløst nok fann eg vegen ned att og. Eg møtte Odd Christian, og me åt middag i lag på Peppes. Eg bestilte ein salat som viste seg å vera så stor at eg ikkje hadde sjanse til å eta han opp. Det er ikkje ofte det skjer meg.

Så vart eg plassert i sofaen til son min med pledd og fjernkontrollar. Han sette på ein film han meinte eg burde sjå “Rekviem for a dream”. Fin film, dessverre heilt utan
happy end. Så serverte han meg pulverkaffi, denne gongen med pulver oppi…Så hadde eg gitt han velsigning til å dra på ein klassefest klassen hans skulle ha i kveld. Det forsterka kjensla av å bu på hybel. Det er veldig lytt her han bur, masse lydar frå folk som bur i same huset og frå trafikken utanfor. Nå skal eg leggja meg så eg blir klar for meir sjukehus i morgon.

Heidi

Ja visst kom eg meg fram…

Eg berekna god tid inn til byen, for dei driv og byggjer om på jernbanen, så ingenting er presis for tida.

På toget oppdaga eg at mobilbatteriet var så godt som utlada. Krise sidan eg var avhengi av den for å navigera meg fram til min eldste son. På seven-eleven i Stvanger var dei greie og tok med mobilen bak disken for å lada han for meg.
På bussen vart eg kjend med Liliana frå Bosnia som reiste med dei to jentene sine. Det vart ein interessant tur. Me hadde plutseleg så mange ting å snakka om. Det er spennande å møta nokon på sin eigen alder med både like og veldig ulike livserfaringar. Ho sa vel omtrent dette om krigen i Jugoslavia: Folk som er redde har behov for å setja andre folk i bås, og for å byggja fiendebilete. Etter ein lang busstur gjennom eit vått og haustfarga kystlandskap med to innlagde fergeturar, sa ho “Vi sees” då ho gjekk av bussen med jentene sine litt før Bergen sentrum.

Odd Christian møtte meg på busshaldeplassen og etter å sett frå oss den tunge ryggsekken oppe hos han, drog me
til byen for å eta. I staden for kafebesøk ende me spontant på kino.

“Så kjekt at de to går aleine på kino.” tasta syster på mobilmelding. Ho hadde ho meir rett enn ante. Det viste seg at me var dei einaste personane i heile kinosalen. Men fordi me begge likar å fylgja reglane sat me på dei tilviste setene, rett på sida av einannan på sjette rad…

Ettterpå oppdaga me at me var innelåste. Hovudinngangane var stengde. Men me klarte å finna ei vakt som losa oss ut bakvegen.

Men filmen var fin. Ein dokumentar om ein gjeng menneske dom får tilbod om å sona siste delen av fengselsstraffa gjennom å spela teater.

Middagen tok me ståande på seven-eleven, vårrullar som var varme utanpå og frosne inni, men dei smakte heilt ok
likevel. På veg heim kjøpte eg paraply og ei avis som eg skal bruka til å putta i dei søkkvåte skorne mine. Eg har ikkje med meg andre par…

Heidi

Ut i den store verda

heilt aleine… Ikkje så veldig langt, men ei halv dagsreis med ryggsekk og dyne.

Eg skal ei tur til Bergen. Eg hadde tenkt å dra i morgon tidleg, men plutseleg vart det bestemt at eg dreg i dag i staden. Om nokre timar skal eg ut i høljeregnet for å reisa med tog og kystbuss og ferger. Eg skal ha med meg lite klær og mange bøker og ei stor skriveblokk.

Eg har ei venninne som skal opererast, ho har ikkje lyst til å vera der heilt aleine, det skjønar eg godt, det hadde ikkje eg heller hatt. Så nå pakkar eg ned meg sjølv, og håpar eg kan vera til hygge og nytte, akkurat som det var meininga at tante Sofie skulle vera i Kardemommeby.

Eg har fått låna seng hos Odd Christian, og han meinte det passa godt at eg kom i dag slik at me kunne ha ein kveld i lag. Mor er ikkje så vanskeleg å overtala. Dersom han for tida er tilkobla internett kan eg kanskje til og med oppdatera bloggen min medan eg er der.

Haustferien blir baktung når eg kjem heim, for då må eg bruka helga til å jobba med alt eg hadde tenkt å gjera i dag.

Hugselapp til meg sjølv: Gløym for alt i verda ikkje at du skal henta tre kassar bøker på biblioteket på lørdag!

Nå må eg pakka.

Heidi

Legg ut ein bit av livet mitt…

Det er dag to i ferien etter dmstr,- den mest sympatiske tidsrekninga. Det er jo så inn å prøva seg fram med ulike formlar for mogleg tidsrekning …

Eg har lova å leggja ut bilete av ei mykje omtala bunad.
Svoger Henrik er ein utruleg flink fotograf. Han har teke dette biletet av Sunniva på spranget inn i vaksen- livet:

Det er ikkje mogleg å sjå heile drakta, men biletet er flott.
Viss du brukar første del av linken får du sjå ei handfull fantastiske naturbilete frå same fotografen. Når eg har funne ut korleis eg gjer det, skal de få sjå eit bilete til.

Kjærasten min har lagt ut eit bilete av kjøkkenskapet vårt på flickr, og kommenterer at me ikkje har særleg mange like middagstallerknar. Då føler eg behov for å fortelja at me har veldig mange like koboltblå tallerknar frå Höganes, bare at det ikkje er dei me brukar til kvardags… Men eg har klart å styra mine impulsar…

At middagstallerknane, hovudsakleg frå Ikea, er i mange variantar, skuldast meir enn noko knusefrekvensen i heimen, som truleg er i øvre skikt av landsgjennomsnittet…

Når eg fortel dette, så er det litt fordi eg for tida prøver å observera mitt eige forhold til dei materielle tinga. Eg ynskjer å ha litt lause teltpluggar, og ikkje å vera alt for bunden til det eg eig, men sjølvsagt eig eg uhorveleg mykje…

På jentetur i Oslo snakka me om desse tinga, og eg påstod at eg trudde eg hadde relativt lause band til tinga mine, at det var andre ting som eigentleg betydde noko…

Parentes merka: Det seier ein person som ikkje har klart å skilja seg med dei gamle tynnslitne kjøkkengardina eg arva mange sett av så bestemor døydde. Eg har aldri hengt dei opp, men dei ligg fint bretta i ei pappøskje i ein overfylt kjellar saman med alle dagbøkene frå barndomen og ungdomen min, ein kjole frå eg var eitt år gammal, dei gamle dokkene frå eg var lita, og barneteikningar frå mine eigne barn.

Det seier ein person som fiskar barndomens gyngehestar opp frå kontainarar og som har hundre og femti einslege sokkar i ei skuff i tilfelle partnaren skulle dukka opp…

Eg innser at eg brukte for store ord på hotellromet i Oslo, då eg sa at eg hadde eit avslappa forhold til ting som vart knust. Ein møtte meg sjølv i døra så snart eg var heime.
Den fine skåla frå keramikkverkstaden til Jens og Karen som stod på bordet mitt med frukt i var ikkje der… Halvard og Sunniva hadde tulleslåst og skåla hadde knust… Ho hadde fint rutemønster i svart og okeroransje, og eg hadde fått ho av foreldra til den forrige klassen då dei gjekk ut av skulen. Eg vart oppriktig lei meg, men klarte å la vera å visa noko stort nummer av det…

Då eg var på Hebridane i 2003 fann eg ein fantastisk bokhandel på brygga på øya Mull. Der kjøpte eg fire skrivebøker med glansa og farga omslag. Ei blå, ei turkis, ei raud og ei lilla. Bøkene ville eg bruka til noko veldig fint som eg endå ikkje har funne ut kva er. Ein slags serie i fire fargar… I går såg eg at Sunniva hadde teke den blå boka i bruk som dagbok. Ho tenkte sikkert at bøker som hadde lege ubrukte på skrivebordet mitt i fem år, ikkje var av særleg stor verdi. Eg skal nemna for henne at det er fint ho spør først…

Nei, eg skal viss ikkje skryta av å ikkje vera bunden av ting. Og eg har jo alltid likt diktet til Halldis Moren Vesaas om “Dette å vera i livet”, der hovudpersonen er “bunden med sterke røter til menneske og til ting…” Men mennesket og tinga er noko eg har filosofert ein del over… Og det er ikkje lett å skilja mellom bagatellar og det som ikkje er det…

I går kveld vart eg slukt opp av spansk språk. Eg klarte ikkje lausriva meg før langt over midnatt… Nå skal eg ta meg tid til å fylla ein stripete hekle-elefant med fyllmasse.

Og då eg nevnte den blå boka for Sunniva akkurat nå, sa ho heilt oppriktig: “Men du gav meg jo lov til å ta den boka i sommar…” Gjorde eg det? Ja, eg gjorde kanskje det. Det må ha vore ein dag eg hadde ekstra lause band til mitt jordiske gods. Ok, Sunniva, då gjorde eg vel det, og då fortener du ei oppreisning her…

Heidi

Trekkjer pusten djupt og inderleg.

Det er oktober, og det er haustferie. Det kjennest godt. Nå må eg prøva å møblera ferien min klokt slik at eg både får gjort det som gjerast skal og samtidig kjenna på fridomen…

I går var det fjorten år sidan sist eg var gravid. Med andre ord, Halvard fylde fjorten, og eg kan knapt nok seiast å ha småbarn i huset lenger. Det er litt vemodig, og litt frigjerande. Eg skal vita å nyta dei åra eg framleis har heimebuande barn. Jubilanten ønska seg pengar, for han sparar til gitarforsterkar, men litt tradisjonell bursdagsmorgon vart det likevel med nokre pakkar på eit bord. Dei innehaldt stort sett klede, men det var han godt fornøgd med. Han hadde regissert seg ein liten bursdagsfrokost og forhåndsbestilt ein ferdigkjøpt muffins med sjokoladebitar og ein sjokoladeyoghurt med nøter.

Men det er klart at ein bursdag bør feirast meir enn det, så me inviterte familie og venner til kaffi, brus og kaker.
Stor høg sjokoladekake med melkesjokoladekrem, eplekake med krem og vaniljeis og grove scones med nøter, rosiner og brunost. Så fekk me tend dei levande lysa i lysekrona og stoppa tida for nokre timar. Eg liker så godt å fylla stova med folk og bordet med god mat, eg skulle gjerne hatt tid til å gjera det oftare.

Elles så har eg dansa tango med kjærasten min på vårt andre nybegynnarkurs. Flat tango medan oktoberregnet hølja ned utanfor dei store vindua i kurslokalet. Dansing er ikkje mi sterkaste side, det må eg trygt kunna seia utan å gjera meg verken større eller mindre enn eg er, men dette syntest eg faktisk at eg fekk litt taket på, og eg likar rytmane i tango.

Ingrid har vore heime ei veke, og reist tilbake til folkehøgskulen. I går kveld overraska ho oss med å fortelja at ho hadde begynt å skriva blogg. Nå har eg vore inne og lese tre gonger, samt lagt igjen ein kommentar…

Og dette er på sett og vis den første dagen i ferien sidan dei foregåande har vore helg. Det gjer meg litt godt å tenkja slik, for då har liksom ferien akkurat begynt, og feriar som akkurat har begynt er det noko ope og frydefullt over.

Denne første dagen har eg brukt til å rydda opp etter selskapet i går, gå tur med Astrid, kjøpa fyll til den stripete hekleelefanten, ta med meg kjærasten min på kafé, gå innom jobb og henta det eine av to manus eg må jobba med i ferien, gå på biblioteket og bestilla bøker til Grøss- og- gru- prosjektet me skal begynna med etter haustferien, og til å låna fire bøker med spøkelseshistorier eg skal læra meg for å fortelja til det går ksldt nedover ryggen på elevane mine og nakkehåra reiser seg på dei… Den siste setningen skal seiast på eit einaste utpust, og kunne derfor ikkje skiljast ut med unødige punktum…

Nå skal eg jobba med spansken. Dette galskapsprosjektet som eg har havna i utan å tenkja meg om. Eg syntest det høyrdest koseleg ut å studera spansk i lag med mannen i mitt liv og sa at han kunne melda meg på… Eg tenkte at det var kanskje ein liten og overkomeleg eksamen i juni ein gong. Og det var jo bare gymnaspensum, og så pass måtte eg vel klara med litt venstrehandsinnsats…

Så feil kan ein ta. Det viser seg at dei ti studiepoenga eg skal hala i land utan å eigentleg trenga dei til noko, skal beseglast med ein eksamen i slutten av november. Ikkje bare ein forresten, me skal opp i både skriftleg og munnleg spansk. Undervisninga på nettet, er veldig bra, og eg er glad i å læra språk. Problemet er bare at døgnet ikkje har mange nok timar til å hala dette skikkeleg i land. Men eg tek det som ei utfordring og ser korleis det går. Eg har ikkje tenkt å skaffa meg verken hjarteinfarkt eller magesår eller møte med den berømte veggen, det er det ikkje verd. Men eg har betalt masse pengar i studieavgift, så eg gjer eit ærleg forsøk. Det er sikkert sunt å oppleva å stryka på eksamen…

Elles så har eg bestemt meg for å legga forsiktig om på kosten. Etter to år med minimal tilførsel av karbohydrat etter ketolysemodellen trur eg eg går hen og blir fedonist eller noko i den gata. Det kjennest som om kroppen min er klar for noko nytt… Eg gler meg villt og uhemma over å kunna eta litt frukt og brød igjen. Nå ligg det for eksempel eit stort og saftig appelsin og ventar nede på fruktfatet…

Eg har ambisjonar om å oppdatera oftare slik at innlegga ikkje blir så lange. Eg har så veldig mykje eg ville ha skrive ned når fingrane først finn tastaturet. Men altså:
Nå var det spansk som stod på timeplanen.

Heidi

Ei helg å kvila lenge i…

Overskrifta er eit paradoks, sidan det på sett og vis har vore ei helg å sova lite i…

Eg har hatt ei septemberhelg i Oslo i lag med lærarskulevenninnene mine, og slike helger er noko av det beste eg veit om.

Bare ein kjem seg på toget, søkklasta med bøker til reisa, så er jobben gjort og helga kan opna seg. Sju og ein halv time på toget, då får ein gjort ein del, – i alle fall dersom ein får sitja rett veg og slepp å bli kvalm.

Det gjorde eg på vegen bort. Eg fekk lese ut boka om ad/hd, lese masse spansk, teaterstykket om Snødronninga, som me vil setja opp med dei eldste teaterelevane, og Tove Nielsen sin siste roman “Vingetyven”. Innimellom drakk eg kaffi, såg på gule septemberskogar frå togvinduet, åt cashewnøter og støtta Odd Christian i at han heiv seg på første buss og reiste heim, fordi han var så sjuk at det ikkje var kjekt å vera aleine i Bergen om nettene.

Vel heime etter ein lang busstur fekk han diagnostisert at han har gått med lungebetennelse. Då er det best å koma seg til ro i foreldreheimen, sjølv om mor altså i dette tilfellet hadde teke med seg den amerikanske blå trillekofferten og reist av garde…

Vel framme var det mottakingskomite på Oslo S, og indisk restaurant med fisk i sterk og krydra saus…

Då me vandra oppover Karl Johan sånn litt utpå kvelden dundra og lyste det i fyrverkeri medan ulike musikarar spelte frå scener og fortau. Kulturnatt kalte dei det visst, og me kunne ha sett gratis film på operaveggen om me ville… I staden vart det hotelromet, for me hadde jo ikkje snakka saman på så lenge.

Sidan vart helga ekskursjon på operataket, møte med Eva Mari, som kom med ein liten nysydd smaragdgrøn kjole i veska, litteraturforedrag i litteraturhuset, haustutstilling på Kunstnernes hus, “To kvinner,” på nasjonalteateret, Thailandsk mat, forsøk på å halda oss vakne lenge nok til å fullføra alle samtalane våre i ei stor hotellseng, og gudsteneste i Uranienborg kirke.

På sundagen fekk me heia Torbjørn fram i Oslo Maraton,
og besøkt eit par kafear før det var togtur heim. Denne gongen strevde eg litt med å halda meg vaken, og kjøpte
sterk kaffi i restaurantvogna i håp om å unngå å falla i søvn, slik at eg ikkje kom meg av toget på rett stasjon…

Då eg kom heim seint på natta, måtte eg jo snakka med Odd Christian som var litt betre enn då han kom heim. Klokka var to før eg var i seng…

I dag har eg vore barbeint Sokrates og halde filosofitime for heile sjetteklassetrinnet. Ingrid kom heim på haustferie, og sidan eg plutseleg hadde fire barn heime att, heldige meg, måtte eg baka litt kanelbollar og invitera ungane sine besteforeldre ned på kaffi.

Nå må eg førebu eit møte eg skal ha i morgon. Det var jo eg som skulle leggja meg grytidleg… Koss har eg kome til å gløyma det, mon tru…

Henrik har gitt meg ein cd med femhundre bilete frå Sunniva sin konfirmasjon. Me held på å lasta dei ned. Eg gler meg veldig til å sjå, men det blir kanskje ikkje før i morgon…

Heidi