Etter å ha delt sofa i stova med kjærasten min, drakk me tidleg morgonkaffi under kvar vår dyne i lag med vertskapet.
Resten av dagen har vore via til svigermor sin åttifemårsdag. Eva Mari hadde komponert eit fantastisk måltid med salatar, paiar, patéar, kjøt, kylling, reker, scampi, laks og eggerøre… Kaker, is, frukt og heimebakte rundstykker. Svigermor var omgitt av søner, systrer, barnebarn og eit oldebarn, og eg trur ho hadde det fint. Ho hadde fått beskjed om å ikkje jobba, bare sitja på stas, og ho klarte det nesten. Ingrid haldt tale for farmora, og Halvard spelte gitar til songen i lag med fetter Oscar og far sin. Og utanfor glasa i stova skein vårsola.
Det er vemodig at ho alt er åttifem, at den store barneflokken me ein gong hadde rundt oss er tenåringar og unge vaksne langt opp i tjueåra… Det siste er forresten ikkje bare vemodig, det er spennande og. Det er spennande å sjå dei små mjuke barna våre bli til vaksne sjølvstendige menneske…
Odd Christian skulle dra frå Bergen med eit tidleg morgonfly, og då eg vakna måtte eg senda han ein sms for å sjekka ut at han hadde kome seg opp. Det hadde han… Som alltid var det sterkt å sjå han att. Han hadde
pynta seg til ære for farmor med dress og blå skjorte, og krøllene var endå lengre enn då eg såg han sist. “Barna” går forresten inn i dei gamle barnerollane kvar gong me møtest på den måten.Dei spelar dei same eldgamle dataspela som då dei var små, på farfar sin eldgamle datamaskin.Og farfar haldt tale for å fortelja kor glad han var for at han blei gift med farmora deira for mykje meir enn femti år sidan.
Telysa som skulle lysa i fire timar brann ned i dei lyseblå
stakane, og me sette i nye sett med lys. Roma bugna av roser, tulipanar, ranunklar og liljer. Då dei andre reiste heim, vaska me opp.
Etterpå trudde eg at eg var klar for ein lang spasertur, men ute hadde det begynt å snø, og eg oppdaga at eg var veldig trøytt etter ein lang dag i festbransjen. Eg håpar og trur at svigermor fekk ein fin dag. Det har ho verkeleg fortent. Nå går me snart til ro her i huset som fyllest opp på sofaar og madrassar av trøytte overnattingsgjester. Lenge leve gjestfridomen…
Heidi
ofte striber af varme,
som når en hvisken høres bedre
enn et råb.
Ja, jeg ser små skibe sejle fulle af håb.
*
Slik song danske Trille, ein av mine favorittartistar på tidleg åttital. Ho song om alle dei små gode tinga som gjorde at ho våga å halda håpet høgt. Av og til blir dei tinga så tydelege for meg og.
Tidlegare denne veka var eg innom butikken ein kveld for å handla egg og salat. I kassen stod det ein mann som må
ha vore lettare psykisk utviklingshemma. Han ville gjerne snakka med kassadama og sa di same tinga om igjen og om igjen. På trass av at det var kø framfor kassaapparatet vart han ståande og snakka og snakka. Kassadama svarte han blidt og tålmodig, om og om igjen utan å visa det minste teikn på irritasjon. Dette gjorde ho medan ho ekspederte alle oss andre. Det vart ein mjukare og blidare stemning i køen.
Etterpå observerte eg mannen gå bort til to andre kundar, truleg heilt ukjende for han, for å fortelja om og om igjen kor mykje pengar han hadde i lommeboka, kor mykje han hadde handla og kor mange suppeposar av ulike slag han hadde i skapet heime. Her kunne ein forventa at folk var korte og irriterte og ville føysa han vekk, men begge to stoppa opp og lytta tålmodig og kom med hyggelege svar. Heia alle varme medmenneske. Folk er betre enn sitt rykte!
Og ein dag på skulen såg eg ein elev klara noko han aldri før har klart. Plutseleg kunne han det bare etter å ha strevd i årevis. Og etterpå observerte eg to ulike vaksne stå og tørka gledestårer i smug over seieren me hadde vore vitne til.
Vekene frå vinterferien til nå har vore usedvanleg velfylte. Nå treng eg å ha fri, og det har eg fått. Halvard påstår at han har ei mor som er arbeidsnarkoman… Det får eg prøva å gjera noko med… Nå skal eg ned under dyna hans og sjå på TV.
Plutseleg var det vår utanfor for første gongen i år, det var så fint at eg måtte kjøra ut til storhavet og ta meg ein einsam tur langs stranda. Landskapet der ute forandrar seg heile tida. Havet hadde forsynt seg grådig av sanden i vinter. Og det blinka så sterkt i ettermiddagssola at eg vart blenda der eg gjekk og pusta inn vår og liv.
Nå har eg skrive song til svigermor. I morgon kjører me dei drøyt femti mila som skal til for å feira åttifemårsdagen hennar. Me skal ha med alle ungane pluss Oddvar og det gler eg meg til. At fallerallera rimer på Venezuela, det er då noko alle må kunna einast om.
Heidi
…heitte forestillinga i domkyrkja i går. Det gjorde inntrykk å sjå Jesus-skikkelsen bli boren rundt av englar eller andre overjordiske makter frå stad til stad i historia.
Demonane dansa kring Jesus i Getsemane, og ansikt og hender kom i mot han i form av silhuettar mot eit raudt stoffstykke med stretch-effekt. Av grunnar eg ikkje skal gå nærare inn på her, vart me for seine. Eg var usikker på om me kom til å sleppa inn, men det gjorde me. Ti minutt for seint tumla me inn døra, inn i mørkret der skodespelarane stod og venta.
Helga har vore full av innhald, og eg har lova meg sjølv å få meg i seng i rimeleg tid. Det blir ei krevjande veke med foreldresamtalar om kveldane, men så, om eiin fire-fem-dagars tid blir det påskeferie.
Eg har lyst til å skriva. Mykje og lenge kunne eg ha skrive om boka til Magnus Malm og om bøkene til Dea Trier Mørch. Det får koma eller ikkje, men ikkje i kveld. Nokre gonger må bloggen vika for det ekte levande livet. Eg likar det ikkje heilt, for eg er eit stjerne-eksempel på eit Ja-takk-begge-deler-menneske…
Men eg har funne bilnøkkelen som eg har leita etter i ein månad. Kveldane lysnar, og eg har blå krokus i bedet framfor huset. Denne veka blir ferdiglagde gjerningar frå morgon til kveld om alt blir som planlagd, men slikt veit ein jo eigentleg aldri heilt sikkert…
Heidi
somna i dobbelsenga og sov i mest to og ein halv time…
Medan eg sov hadde kjærasten min send diverse sms-ar fordi han lurte på kor eg var. Ingen kom på å leita i senga, for der er eg stort sett aldri…
Eg har hatt ei krevjande og spennande veke. Eg har vore på kostymekurs med to engasjerte damer som jobba som kostymedessignar og kostymemaker på Det norske teateret. Det var utruleg spennande, eg har lært om patinering, i teorien veit eg korleis eg skal laga lærimitasjonar og ringbrynjer, og korleis eg skal få ein splitterny jakke til å sjå gammal og brukt ut. For meg har teateret vore litt av ei eventyrverd, og det å sjå korleis desse damene tenkte, teikna og sette dei villaste idear ut i livet, var utruleg inspirerande.
På tysdag spelte eg teater for ei samling demonstrasjonsbedrifter. Eg spelte i lag med ein febersjuk Jan Ivar som ofra alt for kunsten og klarte seg usedvanleg godt. Medan me venta på å sleppa til på scenen vart me serverte lammekjøt, og eg klarte å dyppa frynsene på det kvite dronningsjalet mitt i sausen. Slike forestillingar gjer alltid eit visst adrenalinkick, og ein kjem heim etter femten timars arbeidsdag og veit at ein eigentleg er kjempesliten, det bare kjennest ikkje før neste morgon…
I går var det rett på toget etter jobb og deretter tre kvarter i hurtigbåt ut til ei av Ryfylkeøyene, der eg var invitert til å koma og sjå på at kulturskulen og alle barneskulane i kommunen sette opp ein av musikalane eg har skrive. Eg blei møtt på ferga av mi kjære venninne Margunn frå lærarskuletida. Me rakk heimom kjøkkenet hennar før forestillinga der mannen stod klar med middag til oss, nydeleg sjølvfiska steikt torsk med hollandaisesaus. På minuttslaget ankom me konsertlokalet. Eg vart trekt opp på scenen før stykket begynte, og vart veldig lattermild av at eg vart titulert som forfatterinne.
Det er alltid kjekt å få sjå noko ein har laga som er ute og går på eigne bein. Mykje var forskjellig frå dei to oppsetjingane eg sjølv har hatt med dette stykket. Det er fascinerande å sjå korleis det same råmaterialet får ulike uttrykk…
Det er eit stykke som handlar om kampen for å halda havet reint, og mykje av handlinga foregår under havoverflata. Ein kunne sjå at det var øybuar som hadde vore kostymemakarar, for kostyma var langt meir realistiske enn våre, som var laga med høg silke og blondefaktor. Vår ål var foreksempel kledd i tronge hanskeskinnsbukser, silkeskjorte, gullkjede og silketørklæ i halsen, solbriller og ein halvliter brylkrem i håret, medan deira ål var laga i pappmasjé og var fleire meter lang.
Elevorkestaret var imponerande, ordføraren var der med ordførarkjede og foreldra var frykteleg stolte, akkurat som dei skal vera.
Etter forestillinga rakk me kaffi i stova til Margunn før ho kjørde meg til båten att, det var utruleg fint å få nokre timar i lag med henne. Det skjer alt for sjeldan. Eg småsprang gjennom Stavanger sentrum med alle veskene mine og ein bukett kvite roser, og vart eitt minutt for sein til toget heim. Det gjorde ikkje noko for eg møtte Inger som hadde sunge konsert og spelt teater i Domkyrkja , så me fekk fylgje heim med neste tog. og vart henta på stasjonen av kjærasten min.
Og i dag var det teater att, eg samla saman rosa til HC Andersen si kiste, moldvarphjartet som den kloke kona skal leggja i kyrkjegårsmold, og keisarkronene eg hadde plukka med meg frå ein butikk inne i byen. Etter å ha fått høgdehoppstativ, trebenk, kostymekassar og ein pakke erter inn i bilen til Jan Ivar, repeterte me replikkar på veg opp. Etter femtifem minutts teater og to rundar med workshop med elleve- tolvåringar frå ein av naboskulane, var det bare å reisa heim, pakka ut av bilen og nærmast besvima seg inn i tung søvn.
For eit innhaldstrikt liv eg lever… Etter ei pliktskylidig utført trenigsøkt på sykkelen og ein varm dusj, har eg brukt resten av kvelden på sofaen med ein malande katt på magen. Hadde dette vore eit ekte eventyr så hadde det sikkert kome ein god fe og vaska huset mitt. Enn så lenge har det ikkje skjedd, men i morgon er det atter ein dag.
Heidi
I går hadde me den ekstra dagen. Den som me bare får kvart fjerde år, og eg dristar meg til å seia at bonusen vart brukt på ein god måte…
Den første gongen eg var bevisst på dette med skotår må ha vore i nittensekstiåtte, då var eg seks og eit halvt år. Den eine onkelen min, som var ugift, hadde fortald meg at på denne eine dagen i året kunne damene fri, og dersom mannen svara ja, måtte han gje henne tolv par hanskar til trøyst. Onkelen min bad meg halda meg ved fortet hos bestemor medan han var på jobb. Eg kunne gjerne sitja på ein stol ved telefonen. Så skulle eg skånsomt førebu damene på at dei måtte rekna med at det vart hanskane…
Sensasjonslysten sat eg ved telefonen og venta, men gav opp etter kvart. Bestemor forsikra meg etter beste evne om at det var ein spøk, og at eg trygt kunne bruka dagen til andre ting… Onkelen min er framleis ugift, førti år seinare, men ingen skal kunna sei at eg ikkje tok min del av ansvaret for førti år sidan. Korvidt sivilstanden har kosta han mange par hanskar veit eg ikkje. I går måtte han passa telefonen sjølv, for då var eg i Oslo for å fornya liturgien i den norske kyrkja…
Og etter liturgiseansen fekk eg vera stolt tante på revy der atten år gamle Oscar spelte bassgitar i leopardkostyme oppe på ein balkong over scenen. Jamen kom han ned på sjølve scenen ein tur og for å spela trekkspelakkordar i blå kjeledress med skyggelue saman med “trønderske ungkarar” som rappa… Svigerforeldra var der og, og ein synleg stolt farfar på åttisju år laga seg papirkuler av programmet som han stappa i øyrene når det ungdommelege lydnivået vart for påtrengande…
Nå sit eg her på hotellet i særklasse og skriv medan Eva Mari syr ny kjole til meg like raskt som eg skriv denne teksten. Sjokoladebrun knelang kjole syr ho til meg med silkeband i halsen og plisserte blonder nederst og rundt erma. Det blir så fint så. Det er ikkje alle som opererer med eigen designar og stylist… Priviligert er eg…
Så skal me eta god salat før eg skal bruka ettermiddagen og kvelden på togobservasjonar, lesing av lørdagsdagbladet og eit djupdykk i Magnus Malm sine tankar.
Heidi
Viss det finst utbrytarkongar, så finst det kanskje avsporingsdronningar? I så fall er eg ei av dei.
Nå er me eigentleg i gang med grundig husvask. Nå snakkar me om salmiakk og steikeomnsrens og eg veit ikkje kva. Fordi eg er snill med meg sjølv, har eg innvilga meg eit kvarters pause kvar gong eg har jobba ein heil time. Og det er nå…
Eg drikk sukkerfri kakao med ekte krem på, og på raioen syng Benny Borg gamle sentimentale balladen “Morgan Kane, var hans namn.” Fordi eg er ei avsporingsdronning tek den songen meg med til kaféen på tettstaden der eg vaks opp, datoen er 17.mai og året er sånn ca 1975. Kjell Magne Stangeland står ved sidan av jukeboksen han nettopp har lagt pengar på og syng med på Morgan Kane for å få meg og venninna mi til å le. Det gjer me. -Og eg lurer på om dette glimtet av sein barndom/tidleg ungdom kan brukast til noko. Ei novelle eit dikt?
Eg skriv på eit teaterstykke og prøver å mekka saman eit nytt laudamus som skal knyta himmelen til jorda. Samtidig ryddar eg hus, men det er ikkje nok. Eg fell stadig i stavar over alt anna enn eg burde. Eg oppdagar ei tjukk bok om sveltekunst skriven av Finn Skårderud, og finn det så interessant at eg bare må lesa boka ut. Eg kjører Ingrid til jobb og blir fanga av eit radioprogram slik at eg blir sitjande ein halvtime i garasjen for å høyra ferdig. Det er ein dramatisert dokumentar om å ha kreft med spreiing til skjelettet, kryssklippa med eit gammalt samisk sagn. Det er utruleg fengande gjort. Eg frys på ryggen og smiler om einannan og må bare vita korleis det går…
Og mobilen min har forlengst ringt for å varsla meg om at eit kvarters pause er gått… Og det veit eg jo, men eg har framleis kakao att i koppen, og ein kan ikkje stoppa midt i ein tekst som blir til mellom fingrane mine og mellom øyrene mine. Eg må jo sjå korleis det går…
I radioen er det ein ny song: “Oh yes, I´m the great pretender, I`m wearing my heart like a clown.” frå albumet Moondog expess trur eg dei sa. Songen vart til under idétørke. Idétørke har aldri vore mitt problem, derimot tid…
Og alle desse inntrykka eg sparar på. Dei må jo kunna brukast til noko… Derfor samlar eg og på fine knappar, blonder og restar av silke og fløyel. Fordi eg ein dag skal sy noko vakkert…
Men nå skal eg visa meg sjølv og mine lesarar at eg skal kobla meg tilbake til sporet og vaskebøtta og det heile. Kledd i tights, dongeriskjørt, raggsokkar og rosa hettegenser og med fletter i håret for å gje meg sjølv noko å le av så skal eg nok oppnå nirvana i form av norsk husmorstandard i heimen…
Oh, yes, I´m the great pretender… Ha ein vidunderleg lørdag!
Heidi
For eit og eit halvt år sidan malte eg kjøkkenet kvitt med lyseblå skapdører. Den øverste delen av veggen lova kjærasten min å ta. I dag er det blitt gjort…
Så forhasta oss sånn reint handverksmessig gjer me ikkje… Dagane går fort, og eg heng med så godt eg kan. Eg veit jo innerst inne at om eg skulle rekka alt eg gjerne ville så måtte eg ha tre veker ferie og ikkje ei.
Men eg har rukke viktige ting. To kafébesøk med venninner, eit besøk hos farmor, kosestunder med ungane mine, eit vaska- skap- og- vegger- besøk hos Inger,ein runde hos tannlegen, ei arbeidsøkt med Jan Ivar, kjøttkaker hos foreldra mine, fire-fem-seks timar bunadbroderi, skrive særemne med Ingrid, vore på kino og brukt eit par timar på liturgi.
Kunne ein ynskja seg meir? Ja, det står framleis mykje på lista, men endå har eg då tre dagar att med ferie…
Ingrid og Oddvar ler nedi stova, kjærasten min dansar swing i Stavanger, Sunniva er ute og kjøper sko og Hallvard er på hyttetur. Kattane er både her og der, og eldsteguten har eg ingen oversikt over.
Det er vanskeleg å halda akslene på plass, elles så har eg det heilt nydeleg.
Heidi
Farmor er lita og tynn og kvithåra. Ho har lyse langbukser og strikkejakke, og ho seier at det ikkje smakar så godt med mat lenger. Elles er ho omtrent som før.
Ho har kokt blomkålsuppe til oss utan å ty til juksemetodar som suppeposar og slikt. Vaflar har ho og steikt, ein stor stabel som ligg under eit rutete handkle. Bordet har sikkert vore ferdig dekka i minst to timar før me dukkar opp med armane fulle av potteplanter, olivenbrød, bollar og nyinnkjøpte hekletøy. I dag skal me feira familien.
Det blir fullt rundt bordet. Me sit her, farmor, syster, eg og dei to eldste døtrene våre. Me er på jentetur til oldemor og har lagt bak oss ein fergetur og to undersjøiske tunnelar. Bror dukkar opp og med kjærast og kjærasten si dotter. Det blir fullt i stova. Me må flytta på lenestolar. Farmor insisterer på å sitja på ein kjøkkenstol. Ho er då vertinne. Det er klart at ho skal ordna oppvasken utan hjelp, og så skal ho koka kaffi.
Me finn rom for samtalen om dei store linjene. Samtalen om korleis det kjennest å vera ein og nitti år. Akkurat denne dagen gravlegg dei ein nabo, og om farfar framleis hadde levd ville han fyllt nittifem år dagen etter. Det er ikkje mange att på hennar alder. Det er merkeleg å sjå venner og naboar på eigen alder bli gamle, sjuke og døy ein etter ein. Det er merkeleg å høyra snakk om ting om skal stå ferdige om fem år, eller skal finna stad om sju år, og tenkja at då lever eg nok sannsynlegvis ikkje lenger. Det er vanskeleg å bli ein del av nåtida når ein har så mykje fortid med seg.
Omtrent dette seier ho, samtidig som ho les fleire aviser kvar dag, er ein hund etter alle nyheitssendingar og har lyst til å diskutera Ramin- Osmundsen saka, og tankane rundt kjønnsnøytrale ekteskap med oss. “Men eg merker at tenkemåtane mine er annleis enn slik folk tenkjer nå,” fortel ho oss.
– “Kva har folk mista på vegen? “ spør syster. – “Kva var folk flinkare til før?” – “Å kjenna seg takknemlege!” svarer ho utan å tenkja seg om. Me kjenner at dette er så sant at setningen blir liggjande å dirra ei stund i lufta.
Då me er klare til å reisa viser det eg at det eine bilhjulet vårt er flatt. Onkel er innom og inspiserer og sender bod på syskenbarnet vårt som kjem og skiftar hjul for oss. I mens drikk me ein ekstra kopp te, og farmor fortel at ho og farfar skal kallast opp. Etter krigen hadde dei ein liten gut frå Berlin som delvis budde hos dei gjennom fleire år.
Dette var eit ledd i norsk folkehjelp til Berlin, og eg hugsar godt Christian som var der om somrane då eg var lita. Christian med det mørke håret som så vidt eg hugsar snakka perfekt norsk.
Han har vore på besøk mange gonger seinare, men det norske språket er nok gått meir eller mindre i gløymeboka. Nå har han gifta seg på ny, og godt over femti år gammal har han fått ei lita dotter som han ville kalla Liss Helga etter dei norske fosterforeldra sine, Lars og Helga, som altså er mine besteforeldre. Det går mange merkelege trådar gjennom heilt vanlege liv, tenkjer eg og svimlar litt akkurat som eg alltid gjer under stjernehimmelen.
Før me snur bilen heimover, er me innom kusine Karen og får endå meir mat, pølser og kaker og gjæbakst. Me viser fram dei store barna våre og konstaterer at dei faktisk liknar på kvarandre. Så blir me sitjande lenge rundt eit bord med levande lys og kjenna at me er i slekt med kvarandre og at verda er på plass enn så lenge. Som alltid så diskuterer me på korfor me ikkje ser meir til einannan, og bestemmer seg for å gjera noko med det.
Det er sånn omtrent blitt natt når me set kursen mot fergeleiet att, syster og eg med tenåringsjentene våre i baksetet. Me snakkar oss gjennom dei undersjøiske tunnelane, og kjører inn på ein busslomme i det ein varsellampe blinkar på dashbordet.
Klokka nærmar seg eitt om natta når eg og ein nettopp innkomen eldstegut tek oss litt kveldsmat på kjøkkenet.
Me trekk det late ferielivet ut og inn av lungene og nyt at me kan sova så lenge me vil neste dag. Og regnbogen lyser nok, langt over oss ein stad ovanfor fullmånen og natta.
Heidi
Den første skikkelege feriedagen begynte med eit besøk hos tannlegen. Prosjektet var å slipa ned ei tann som hadde sprukke rundt ei stor fylling. Tannlegen haddde funne ut at det ikkje var meir tann att å reparera, og at eg trong ei ny krone.
Ved første ynk fekk eg meir bedøving, og tannlegen sa at det var heilt uvanleg at pasientane snakka ubesværa vidare med ei støypeform full av silikon rundt kjeven.
Eg repliserte muntert at snakketøyet var ein av dei tinga som fungerte relativt godt på meg. Kanskje ei ferdigheit som heng att frå eg var to år? Far min fortel nemleg at eg snakka likegodt med tutten i munnen som eg gjorde utan… Og for meg har det alltid vore beroligande å masa i veg når noko er litt skummelt.
Tannlegeskrekk kjenner eg framleis snev av, men det å gå til tannlegen har betra seg betrakteleg frå den gongen ein sat intetanande i klasseromet og var sju år gammal, og det plutseleg stod ein kvitkledd tannlegeassistent i døropninga for å henta ein med til skuletannlegen. Skuletannlegen min var sikkert ein dyktig kar, men bedøving trur eg ikkje det var snakk om å få… Ikkje alle takla det like godt å bli henta på den måten. Eg hugsar ein gut som var eit år yngre enn meg som rymde heim då han vart forsøkt henta til tannlegen. Me andre kunne spent fylgja rymingsdramaet med redd gut og tannlegeassistent gjennom vinduet i mattetimen…
Og alltid er det ein sann fryd å kunna gå ut frå tannlegen sitt venterom, meir og mindre skeiv i ansiktet etter all bedøvinga ein har klart å tigga til seg…
I dag bar det rett på kafé for å treffa først Gunn og så Karin for å eta lunsj saman. Eg trong ca tre gonger så lang tid som vanleg til å få i meg salaten min, for både kjeve og svelg var delvis bedøva. Men utruleg koseleg hadde me det. Dei to er begge flotte damer som eg vart kjend med på eit tidleg stadium i livet mitt. Dei representerer kvar si bunke historier som eg kunne ha lyst til å fortelja her sånn etterkvart. Akkurat nå har eg nok med å prøva å fortrenga etterverken i den nedslipte tanna, men eg har akkurat vore og forsynt meg i medisinskapet, så det går nok over.
Ein spasertur langs vatnet fekk me og tid til etter å ha ete salat, og så hjalp me einannan å leggja bitar i det store levande puslespelet. Me fann ut at ein mandag utan andre forpliktelsar enn å møta gamle venninner til salat og spasertur, det var noko ein eigentleg trong av og til for å vera lukkeleg.
Far min hadde kokt ei stor gryte med heimelaga kjøttkaker, og sende meg mykje sms reklame: “Kjøttkakene er i gryta, og det er meir enn nok til alle.” “Nå står snart middagen på bordet…” osv. Til slutt halte eg med meg eldsteguten og kjørde opp for å eta kjøttkaker, som smakte heilt fortreffeleg. På veg heim stoppa me på kjøpesenteret, og eg lot meg overtala til å koma med eit bidrag til ein litt losliten studentgarderobe. Eg måtte jo vera einig i at det å eiga eit par sko var i minste laget etter norsk standard.
Me hanka med oss Ingrid etterpå og fekk handla litt mat. Eldstemann måtte låna meg pengar til både mat og til skorne han skulle få, for lommeboka mi låg attgløymd i stova til mor og far. Då far ringde for å fortella det, var me framleis i bilen. Min kavaler av ein son måtte ta mobilen og snakka med morfaren sin medan eg kjørte. Eg høyrde han koma med fylgjande replikk: “men eg er slik sjølv så eg kan ikkje bli irritert på henne…” Klart ein får skor og genser av mor si etter ein slik forsvarstale… Medan me fylde opp handlevogna på coop- mega sa eg til Ingrid at eg var kjempestolt over å visa meg med henne og storebroren på butikken. Ho hysja meg diskret ned…
I morgon er det farmor neste. Det er alt for lenge sidan sist. Ho har rukke å fylla nitti-ein år, og eg gler meg til å sjå henne att.
Heidi
Og denne ferien skal brukast til litt av kvart. Sann mine ord! Eg må bare henta meg inn litt først.
I går kveld kom eg heim etter tre dagars hotellkurs i dramaturgi. Eg er overmanna av kreative idear, og framleis ganske søvnig etter seine kveldar og mange inntrykk.
Då eg låg på sofaen, godt under eit teppe, med beina i fanget på kjærasten min sånn godt ut på kvelden, ringde det på døra. Der stod eldsteguten med strikkelue og ryggsekk og krøller som krølla seg over skuldrene. Heilt overraska vart eg ikkje, eg visste han hadde ferie, men han hadde fått det for seg at han ville overraska oss og dukka opp utan at me visste det. Eg vart urimeleg glad for å sjå han. Han henta seg frosen marsipankake direkte frå fryseboksen, og lurte på om eg hadde lyst til å laga eit varmt måltid til han.
Sunniva reiste klokka seks i dag morges i lag med 74 andre ungdomar for å bruka haustferien på snøferie til Hemsedal. Eg hadde tenkt å stå opp for å ynskja god tur, men far hennar kjørde henne til bussen utan at dei vekte meg. Ho har ein lang busstur for å koma fram, bortimot tolv timar. Får håpa at dei ikkje kjem ut for uvér på vegen bort og at eg får henne heim att like heil med snøbrettet under armen seinare i veka.
Sjølv sov eg lenge, og var trøytt då eg vakna. Halvard meinte me burde feira ferien med nysteikte lappar til frokost, så slik vart det, og masse svart kaffi til å vakna på. Leif Olav ringde på døra og fekk nysteikte lappar han og.
Ingrid har kome inn på folkehøgskulen ho helst ville begynna på. Arbeidsprøven hennar må vera godkjend for ho fekk tilbod både om å begynna på forfattarlinja og teaterlinja. Ho har takka ja til teaterlinja. Det er mest så eg misunner henne. Det høyrest så fint ut med eit slikt år med fokus på å utvikla seg som skodespelar og menneske, men eg ville nok heilt klart ha vald forfattarlinja om det var eg som var atten år og skulle i veg.
Me er inviterte heim til ei av barndomsvenninnene mine i kveld. Det blir sikkert fint. Eg er veldig klar for ferie. Kanskje eg rekk halvparten av det eg har planlagd. Slik ser det ut til å bli i dag i alle fall…
Heidi