Gå til innhald

Kikk innom hos oss i jula…

Eg har fått lov av kjærasten min til å leggja ein link til hans fotoblogg her. Eg likar bileta hans, sjølv om eg kunne tenkja meg å sensurera vekk eit og anna av meg sjølv… Men anyway, ein liten julegåve frå meg til dei som er interesserte. Her er ein bit av livet mitt.

DSC09372

Æææh, fekk ikkje til å laga det som hyperlink, men dei som er interesserte nok får stava sjølv. 🙂

Heidi

Vera nære.

I siste liten kjem me oss i veg til kyrkja. Odd Christian har ikkje funne sokkar, og kor er brillene mine? Eg har ein mistanke om at det kan bli trongt om plassen i det me kjem til den ekstra parkeringsplassen samstundes med at kyrkjeklokkene ringer. Og trongt er det. Ingen ledige plasser i heile kyrkja. Me skundar oss opp trappa til galleriet.

På galleriet er det like fullt med folk som nede. Folk sit tett i tett. Bakerst er det ståplassar. Det er mange kjendfolk blant dei som står. Folk nikkar og smiler sånne
“Me kom viss i same bås”-smil, med ein undertone av: Ja sånn går det når ein er seint ute, då får ein fint og tappert stå seg gjennom gudstenesta.”

Heilt bakerst på galleriet står det eit bord. Folk sit på bordet pynta i sin finaste julestas. Kjærasten min har funne seg eit ledig hjørne som han galant tilbyd meg i det eg kjem. Eg får ein idé. Dette er då mi eiga kyrkje som eg kjenner ut og inn. Innerst i kroken på galleriet er det eit lager under orgelpipene. Eg må bøya meg for å koma fram, men heilt framme, under ein tom kross med ståltråd rundt som ein brukar til å festa markblomar til på skulegudstenester i juni, og ei tom krubbe med saueskinn i som ein brukar til adventgudstenester, kan ein setja seg ned og få god utsikt til kyrkjesalen. Der ser eg musikk-korpset som spelar, altaret, klokkaren og kyrkjetenaren. Dersom eg lener meg litt framover kan eg til og med sjå presten på preikestolen.

Kjærasten min og dei tre barna me har med oss har sett seg på golvet heilt bak. På “Et barn er født i Betlehem” kan eg skilja røystene deira frå alle dei andre som syng. Fascinerande. Eg lukker augene og bare lyttar. Nå har eg verkeleg funne meg ein freda plass, og eg kjenner freden fylla meg.

Halvard kjem og sit på fanget mitt ei stund. Han har med seg songarket sitt slik at me kan synga saman. For min del hadde me ikkje trengt det. Det er dei same julesongane som me har sunge i alle år, og førre julafta var då nettopp. I sist veke eller noko slikt kjennest det som. Livet kjennest som å kjøra karusell, dei same stadane dukker opp att ustanseleg i eit så forrykande tempo at ein blir svimmel av det.

Halvard forsvinn etter ei stund bak til dei andre, og Odd Christian, den store guten min dukkar opp ved sida av meg. Me syng saman den siste salma, det verset som vart så sterkt for meg då han feira si første jul fire månadar gammal:

Tider skal komme, tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang.

Eg hugsar det var fint og høgtideleg og litt skremmande at eg hadde vore med på å skapa ei ny lekkje i “slekters gang” Guten min syng med utan å vita kva tankar som sviv i hovudet mitt: at den vesle babyen eg nettopp song den songen for sit her og er vaksen mann. I alle fall har han fyllt nitten år og er bare midlertidig heime på juleferie. Er det noko tida gjer i tillegg til å koma, så er det i sanning å henrulla…

Gudstenesta går mot slutten og saman stemmer me i med Fadervår. I det presten lyser velsigninga legg eg ei hand på skuldera på dressjakken hans. Etterpå går me ned trappa frå galleriet og helsar god jul til dei me kjenner. I den klare frostkalde desemberkvelden går mot bilen og julemiddagen og tider som skal koma.

Heidi

Fred over jorden…

Det er julafta. For første gongen på mange mange år har eg hatt tid til å sjå Donald Duck i lag med gutane mine. Det meste er klart, og det som ikkje er klart for vera som det er..

Odd Christian er heime på juleferie. Det er koseleg. Den
ettermiddagen eg fekk juleferie somna eg på sofaen med katten. Etter å ha sove i to timar vakna eg av at ungane mine lo høgt på kjøkkenet. Dei bakte peparkaker. Dei vart ikkje heilt vellukka, men dei var glade medan dei haldt på. Eg har rukke det meste av det er pleier gjera før jul. Julebrev og julekonsertar. Peparkaker, kvite kakemenn, krumkaker, sandkaker og risbollar. Julebrev og adventstund med elevane. Førjulsfest med foreldre, julegrøt og julenisse.

Eg var trøytt på slutten. Klassen eg har fått er veldig krevande. Eg elskar å vera i lag med dei og vil så gjerne alt godt, men trøytt det vart eg. Trøyttare enn eg likar å vera og trøyttare enn det som er sunt, trur eg. Men eg har vore der før og alltid fått kreftene tilbake. Nå blir det godt med ferie. Og eg lovar å passa betre på meg sjølv og mine eigne krefter…

I dag vakna eg, og kjende at nå pusta eg i normal rytme. Me åt frokost alle seks i saman, med varme rundstykke frå Hattings og tante Gerd sine aniskringler, som var ei julehelsing frå henne til Halvard som bare elskar dei.

Men nå skal me snart i kyrkja, og så skal me til bror min og feira jul med pinnekjøt og julegavar.

God jul var det eg ville seia. Mange varme tankar til alle som skriv her og til alle som les dette. Eg håpar eg kjem innom seinare i jula.

Klem og varme helsingar frå Heidi.

Rapport frå ein vanleg torsdag….

…i den grad slike i det heile måtte finnast… Eg var litt baktung i dag morges, det har blitt mykje jobb denne veka og. Eg tek ei brødskive med makrell i tomat på kjøkkenbenken, og ein halvbedøva runde i huset utan å finna noko eg har spesielt lyst til å kle meg i. Til slutt har eg ikkje valget lenger, må bare hiva på meg noko før eg må springa. Heldigvis har eg bil i dag, så eg når fram i tide. Får til og med drukke ein halv kopp kaffi på personalromet.

Adventsstund med klassen. Velsigna tid på dagen. To fiolette lys i staken og song i lag med ungane:

Tenn lys, to lys skal skina
for kjærleik og for tru,
for den som syner omsorg
og alltid byggjer bru.
Må flyktningar få heimar
og fangar bli sett fri.
Tenn lys for dei som gret,
og for dei som trøyst kan gi.

Den fine teksten til Eyvind Skeie vert hengande og vibrera litt i desembermørkret som ligg rundt skulehuset.
Etterpå les eg høgt den russiske legenda om den gamle skomakaren bare i lyset frå adventstaken. Ein gut kjem fram og set seg på fanget. Eg let han sitja og les vidare. To andre blir sjalu og kjem fram dei og, klenger til stolen og meg, dei andre klagar over at dei ikkje får sjå, og alle må tilbake til plassen sin før me les vidare. Bare han vesle på fanget gjer ikkje opp og får til slutt bli sitjande.

Det er merkelege skulekvardagar eg har for tida. Vegen mellom klemmar, kyss på kinna og kjærleikserklæringar på den eine sida og utskjelling og fysiske angrep på den andre sida er kortare enn folk flest ville tru. “I`ve got you under my skin,” nynnar eg inni meg medan hjartet mitt blir stort og varmt og til sine tider rett så fortvila…
Eg bit saman tennene, lener meg mot tilliten til livet og tenkjer at eg er sterkare enn nokon anar. I alle fall liker eg å tru det.

Eg har fantastiske kolleger. Lærarar er i høgsesongen sin i desember, dei vaklar mellom rapportskriving, foreldreforestillingar, julesongar, glitter og limpistolar. Me smilar tappert når vaskehjelpen klagar over at golvet i gangane er klissete etter safta på forledrefesten i går, og varmar oss restar av julegrøt i microen viss me får tid til eit kvarters matpause. Innimellom er me overtrøytte og ler nede på arbeidsroma heilt til me får gangsperre i magemusklane.

Kjærasten min og eg hadde ein slags date rett etter jobb på ein rørleggarbutikk. Me skal pussa opp tre bad, det kjem til å kosta penger, men er heilt nødvendig. Medan me driv der mellom lysarmatur, blandebatteri og forskjellig utforma toalettskåler høyrer eg nokon ropa hei, og før eg får tenkt meg om får eg ein god klem. Ein av ungane frå skulen dukkar opp frå det store intet og sekundet opnar seg i ein glad liten eksplosjon. Me har nemleg gått ein og annan nokså komplisert runde i lag dei siste dagane eg og han, men med barnet sin fantastiske evne til å leggja ting bak seg eksisterer ikkje den slags der og då.

Me drikk kaffi frå ein termos i ein flisebutikk og diskuterer baderomsfliser. Ein av kattane smett ut i det me kjem heim. Me lurer på om ho har fått løpetid sjølv om ho bare er ein stor kattunge ennå. Ho jamrar og rullar seg rundt på golvet. Me prøver å halda henne inne, sjølv om Sunniva har lese i ei kattebok at dei ikkje blir gravide i den første løpetida… I juleferien må me prøva å få time til å få sterilisert begge kattane. Dei er vel fire og tre månadar nå, eg ville gjerne la dei få ungar, men er redd me ikkje får gitt vekk ungane. Plutseleg kan me sitja her med fem kattar i staden for to…

Vel heime et me salat som kjærasten min har kjøpt med seg frå byen. For første gong på veldig lenge, finn eg eit pledd og ein kopp kaffi for å lesa avisa i sofaen, der eg somnarfør eg er ferdig. Eg blir vekka av Sunniva som kjem frå handballtrening. “Å unskyld, vekte eg deg, mamma?“seier ho og kyssar meg på kinnet. “Eg trudde bare du les avisa, så eg tok med ein kopp kaffi til deg.”

Eg klarer å få stabla meg oppå trimsykkelen. Nå har mitt nye syklande liv vart i snart to veker. To mil til kvelden framfor fjernsynet. Ingen motbakkar og ingen skumle svingar. I dag ser eg på “Jakten på kjærligheten” om norske bønder som er med på eit realityshow relativt langt frå det amerikanske om ungkaren og ungkarskvinnen. I den norske bondevarianten tek dei kandidatane med til fjells med ryggsekk og ror ut på små fjellvatn for å fiska… Romantikk på høgt plan…

Så blir det ein time framfor pc-en i lett konversasjon med min eigen heimslege drøymemann medan han jobbar med stilretting eller kva det nå er framfor sin eigen maskin. Eg held på at desembermørket er lunt og venleg, og eg let meg trollbinda av vanlege torsdagar.

Heidi

Framleis oppegåande…

Etter ein ny “time out” frå Andedrakt, på grunn av hektisk aktivitet på rl-scenen, står eg her med eit litt matt smil for å visa at eg framleis er i live. “Hei, hei alle saman! Eg er framleis oppegåande…”

Eg lurer på om eg skal avsløra glimt frå vekene som har gått eller om eg skal referera livet her og nå. Litt av kvart kanskje?

I alle fall her sit eg då i dongeriskjørt og brun T-skjorte med auge som svir av svevnmangel. Eg har tømt eit gult ikea-krus med svart kaffi og vurderer om eg skal førebu morgondagen på skulen eller utsetja det endå lenger…
Mørkret har pakka seg rundt huset på ein venleg måte, og Ingrid kjem heim frå handletur med Oddvar i ein sundagsopen butikk. Ho har kjøpt halsband med bjøller på til begge kattane våre, fordi ho har lese i ei bok at det hjelper fuglar og smågnagarar å ryma i tide … Cleopatra blir akkurat nå utstyrt med sitt anti-jeger-halsband og skjønar nok ikkje dybdene i prosjektet for ho legg seg roleg ned i stolen og tek livet med ro… Venus er kanskje ute på sin siste frie jaktrunde utan bjølle?

Sidan sist har eg fått ny jobb. Ikkje ny arbeidsplass, men nye oppgåver. Eg har teke over ein klasse der det er store utfordringar med både fagvanskar og atferdsvanskar… Me er to pedagogar der til ei kvar tid for å kunna jobba strukturert og konsentrert med å ta tak i ting. Det er utruleg spennande. Eg har alltid vore svak for dei ungane som heng i gardinet i staden for å sitja på stolen sin, men lett er det ikkje. Den siste månaden har eg hatt ei kjensle av at all vaken tid stort sett er via jobben min, og slik kan ein ikkje ha det i lengden… Men altså… Kryss fingrane for meg…

I sist veke sette me opp Annie med sjette og sjuande klasse. Eg hadde sett filmen, og med ein del hjelp av Jan Ivar hadde eg laga eit manus tilpassa sjette- og sjuande-klassingane våre. Og resultatet vart bra. Jan Ivar er så flink med regi, det er ei god kjensle når me får til ting me kan vera bekjende av og kanskje til og med litt stolte av…

Nede i stova sit Halvard og spelar piano: “Rudolf var rød på nesen…” Han begynnar å få taket på klaviaturet, og ynskjer seg meir enn noko slagverk til jul fordi han vil starta band med kameratane sine… Er vel meir enn usikker på om akkurat det ønsket kan imøtekomast. Hans trong til å spela piano til alle tider på døgnet går allereie systrene hans lettare på nervene…

“Alouette, gentille Alouette”… er nå utleda frå Rudolf, og medan eg skriv forandrar lyden frå stova seg til kjenningsmelodien til den rosa pantaren. I morgon reiser han på leirskule og blir borte ei heil skuleveke, så då blir det nok uvanleg stille i huset. Halvard er ein gut som tek mykje plass og lagar mykje lyd, men han har framleis verdens mjukaste klemmar og ivrigaste stemme. I dag har han hatt fem- seks gutar på besøk, dei jobba mellom anna med å skriva ein song dei skulle synga på leirskulen.

På fredag var det julebord for kollegiet mitt i eit lokale der isbjørnar og brunstige hjortar smilte til oss frå veggene. Dei må ha bestillt utstoppa dyr frå halve verda for å få den rette atmosfæren til jegerklubben på Hareland. Me åt pinnekjøt og kålrabistappe, song og dansa, før klokka plutseleg var over eitt og bussen stod og venta på oss… Eg hadde vett til å stå over nach-spielet og var i seng før klokka halv tre.

I går hadde eg invitert gamle gode vener på kvelden, men først var eg god mor og overvar ein slags konsert Sunniva sitt kor hadde på eit handlesenter. Politikken i koret er at alle som har lyst skal få prøva seg som solistar, så Sunniva song aleine i mikrofonen fire gonger. Eg blir litt imponert over motet, kanskje fordi eg sjølv aldri har hatt noko som helst å gjera i nærkontakt med ein solistmikrofon.

I går kveld var me tolv personar som åt tacos heime hos oss, og etterpå drakk me gløgg og åt varm eplekake med krem. Kvar gong eg inviterer gjester kjenner eg at dette ville eg likt å gjera oftare. Eg var så trøytt før gjestene kom at eg kjende meg heilt ute av stand til å få rydda unna alt rotet, men Oddvar, bestevenen til Ingrid viste seg å vera ein kapasitet av dei store på husrydding. Etter at eg hadde trygla Ingrid om assistanse, og lukkast i å få henne på banen, melde han seg og som frivillig medarbeidar.I løpet av tre kvarter fekk han gjort meir enn det eg sjølv rekk på fleire dagar. Ståande applaus for ein gut på sytten år med denslags evner… Eg ser ikkje vekk i frå at det seier ein heil del om meg som husmor, men her på Andedrakt har eg ikkje den slags ære å forsvara…

Dette har vore ein herleg trøytt sundag. Den andre sundagen i advent. Eg har lent meg mot livet og ikkje gjort stort anna enn å vera til. Eg ville gjerne fått med meg gudstenesta, men klarte ikkje å vakna i dag morges… I kveld hadde eg lyst til å gå på konsert, men trur ikkje at eg rekk det heller. Eg får kanskje heller konsentrera meg om å “sova meg inn litt”.

Jula har eg hatt lite tid til å tenkja på, men det ordnar seg nok. Det er framleis lenge til… God advent alle saman.

Heidi

Den gratis timen.

Den me får ekstra nå når sommartida er slutt, vart brukt på optimal måte natt til sundag. Gymnasklassen min var samla heime hos Guro for å feira at det var tjuefem år sidan me var russ. Natta var begynt å siga på, men mest ingen hadde takka for seg endå. Me sat tett i tett på ein sofa og snakka om livet og alt som hadde skjedd oss. Det var så fint, så fint, og eg hadde ikkje lyst til at festen nokon gong skulle slutta. I alle fall ikkje det første døgnet.

Først levde me i seksten år. Så møttest me og var saman i tre år. Etter det har me levd i nye tjuefem år. Likevel,- desse åra frå eg var seksten til eg var nitten kjennest så utruleg viktige og lange. Det som skjedde akkurat då har forma mykje av den identiteten eg har i dag. Det seiest at dei to- tre første åra er dei absolutt viktigste i eit liv. Det tvilar eg ikkje på, men eg trur at for meg må desse siste tenåra stå på ein god andreplass. Det var så koseleg å sjå alle saman igjen. Ein del av dei møtte eg på den store jubileumsfesten for ein månad sidan, men ganske mange hadde eg ikkje sett på veldig lenge.

Me hadde lagt opp til dans og til mykje allsong, men når alt kom til alt brukte me mesteparten av tida til å snakka. Me snakka om det som skjedde i desse åra litt med nostalgiens formildande fargeskala, men me analyserte og ein del av det som var i lys av erfaringar me har som vaksne, men ikkje forstod den gongen. Nå har fleire av oss barn i den same alderen som me hadde den gongen. Det gjer litt svimlande perspektiv på ting.

Folk sa ting til meg som:“Ut frå det eg visste då, så kunne det ikkje blitt annleis enn det blei.” Eg hadde ein veldig interessant samtale med ei klassevenninne frå den gongen. Ho fortalde at den nye hobbyen var å jakta på små og store gleder og halda dei fast med begge hendene. Eg måtte fortelja henne om dagboka mi på Andedrakt som mellom anna er ein plass der eg dokumenterer gledene mine…

Først klokka fem etter gammal tid var eg heime. I går gjekk eg heile dagen i halvsøvne med magen full av glade vibrasjonar frå dagen før. Det var verd søvnunderskotet. Eg får henta inn siste resten av det i dag.

Heidi

Eit heilag rom.

Eg fekk møta henne då ho var bare litt over eit døgn gammal. Ho hadde eit bittelite ansikt med blåsvarte auger og kastanjefarga hårfjoner på det runde vesle hovudet. Munnen var ein rosenknopp, og øyrene var forsiktig spissa på alvevis.

Eg fekk henne i armane mine, innetylla i eit kvitt heimestrikka ullteppe. Ho sov, men i draumen bevega ho leppene og sugde litt i lause lufta. Hendene var bittesmå med lange smale fingrar. Eg måtte snusa litt forsiktig i håret hennar, og lirka peikefingaren min inn i handflata hennar bare for å kjenna at ho greip tak.

Romet var fylt av stolte besteforeldre nyfødd jente, ei mor som nettopp hadde gitt liv til eit barn og ein heilt ny far. Ingenting kan gje eit rom ein slik atmosfære av noko heilag som eit heilt nyfødd barn. I dag har eg vore i eit heilag rom, og kroppen min hugsa plutseleg heilt fysisk korleis det var å ha eit heilt nytt menneske å gje mjølk og varme til.

Heldige meg som fekk oppleva dette ein heilt vanleg måndag i oktober. Velkomen til livet vesle Hedvig. Måtte alt godt skje deg.

Heidi

Sterke, skjøre, levande livet.

Denne veka har bore på mange sterke inntrykk. Eg har gråte med dei som gråter og jubla med dei som jublar. Heilt bokstaveleg talt har eg gråte og jubla. Bare nå i dag har eg gjort begge deler. Først sat eg i frikyrkja der Sunniva sitt kor song lovsongar. Tårene rann i glede over at jenta til Jan Ivar og Synneva er fødd i dag. Eg fekk vita det rett før gudstenesta og vart så glad.

I ettermiddag sat eg i mi eiga kyrkje der Halvard skulle dansa og synga saman med ei gruppe andre sjetteklassingar. Ungane var så flinke, og eg sat der og gråt over ein liten gut som ikkje fekk leva. Han rakk ikkje å bli fødd ein gong, sjølv om han var heilt klar for det. Eg fekk klemma far hans lenge. Det var godt å få lov å visa at eg sørgjer med han.

Andre slags sorg har eg og hatt i hendene, og andre gleder av det stille slaget har stroke gjennom håret mitt og over kinna mine. Veka som gjekk var ei veldig spesiell veke på jobben min og. Eg har sitte i mange møter for å diskutera vanskelege ting. Eg har ledd med ein elev som eg høyrde le høgt for første gongen sist mandag. Eg har fylt ut skademeldings-skjema for første gong, etter meir enn tjue yrkesaktive år, fordi eg innser at det er lurt å ha formelle ting i orden…

Og så har eg feira ein femti-års dag i eit ærverdig gammalt lokale med bilete i tunge gullramer på veggene. Det kjendest som å vera på ball på slottet. Me åt spansk mat og møtte nye og interessante menneske.

Far til femtiåringen, ein mann på åttifem år, song to songar til sonen sin med framleis stødig stemme. Yngste dotter til jubilanten spelte tverrfløyte. Det var fint å vera der, -veldig fint, sjølv om eg var så sliten så sliten før me skulle reisa dit. Klokka to om natta gjekk eg i lag med kjærasten min gjennom gatene i den store byen for å koma til den staden me hadde parkert bilen. Mykje folk var framleis ute. Eg sette hælen på dei nye gammelrosa skorne mine fast mellom to brusteinar og haldt på å gå på nasen. Me var seine i seng, men kjærasten min stod opp i dag og kokte kaffi til meg og varma bagels og rundstykke til frokost.

På veg til selskapet i går måtte eg senda melding til Sunniva og be henne sjekka om eg hadde klart å dra ut kontakten frå strykejernet Det hadde eg ikkje… Me var seint ute, og halvtimen i bilen vart brukt til å senda tekstmeldingar for å ordna ting eg burde ha ordna lenge før…

Ute er det blitt haust. I dag var bakken kvit av hagl.

Eg gler meg villt og uhemma til å få møta det vesle nyfødde barnet. Nå skal eg ta med kjærasten min på kino for å sjå ein film eg trur er veldig fin. Etterpå skal eg leggja meg tidleg. Veka som kjem kan bli krevjande.
Krevjande og god.

Heidi

Poesien i vanlege dagar.

Når eg er stille nok til å lytta er poesien der over alt.
I går stod eg opp og rydda huset for at Ingrid skulle få vaska slik ho får betalt for. Sola skein så vakkert inn dei skitne vindua mine og eg vaska smulane vekk og tok ut visne asters og roser frå vasane mine. Eg vaska bestikkskuffa og kjøkkenvifta. Det beste av alt var lyden av støvsugaren frå stova og surkling i vaskevatn.
Ingrid er kjempeflink når ho set i gang og eg likar lyden av ting som blir gjort utan at eg må gjera det sjølv

I kjøleskapet fann eg ei korg tytebær som eg hadde kjøpt for fleire veker sidan. Bæra hadde stått litt for lenge, så eg måtte reinska ut dei brune bæra frå dei røde. Eg vart lyserød på fingertuppane, og eit og anna bær gjekk rett i munnen.

Så kom Odd Christian og ynskte seg nokon å halda måltid me. Me tinte pannekaker frå fryseboksen. Odd Christian trudde ikkje det ville smaka godt, men det gjorde det. Tyttebærsyltetøyet putra i gryta og det vart ei lita blå skål full av nykokt syltetøy. Akkurat nok til pannekakene og eit par skeier ekstra til seinare. Me spelte jazzplater på stereoanlegget me kjøpte på torsdag etter at det andre takka for seg for snart to år sidan. Det er ei berusande kjensle å kunna høyra på musikk i stova igjen.

Kjærasten min, eg og Sunniva drog til Ikea i ein lånebil kjærasten min hadde lånt i eit innfall av eit eller anna bare for han hadde lyst til å prøva han. Me såg på nye kjøkkenbord for det gamle kan mest ikkje halda balansen lenger, og me åt middag, Falaffel til meg, det smakte Afrika av ein eller annan grunn, nydeleg. Kjærasten min åt and og jenta vår kjøttbollar. På veg ut var det min tur å få eit uforståeleg innfall som fekk meg til å kjøpa soft-is
til alle tre og så stod me der utanfor og fraus og slikka.

Nå kjem Jan Ivar for å lesa manus med meg. Eg vart ferdig med Annie-versjonen vår i går kveld og nå skal det prøvast ut.

Sola skin og fadderbarnet Maren er på overnatting. Livet er ikke det verste man har…

Heidi

Oktobernatt.

Ho gjekk der i høljeregn, i bare dongeribukse og korterma topp. Det var oktobernatt, og det var mørkt og blåsande. Ho bare gjekk der på fortauet og såg heilt avslappa ut. Hadde ho resignert og slutta å kjenna på at ho fraus, eller hadde ho opplevd noko denne kvelden som var så fantastisk fint at ho ikkje kjende at ho var våt og kald der ho gjekk?

Me hadde sprunge så fort me bare klarte på finsko opp ein bratt bakke for å koma opp til bilen som skulle ta oss heim. Regnet gjorde det strittetong-strie håret vått og krusete, og vatnet rann inn og ut av skorne. Vel inne i kupeen rista me av oss vatnet og lo.

Svogeren fylde førti. Mi aller kjæraste syster hadde dekka bordet i mosegrønt, turkisblått og sjøgrønt. Det blafra og brann i flammane frå høge lys, telys og flytelys.
Femtitre personar til bords, funklande rødvin og sprudlande mineralvatn i stetteglas.

Ei venninne hadde kokt kyllinggryte til femtitre personar og nokon hadde laga ein avansert dessert som eg ikkje hugsar namnet på. Var det Tir-eit-eller-anna? Tiramandu? Det var vakre talar og eit stort ark fullt av songar både på framsida og baksida. Bordkavaleren min hadde eit smil som fekk meg til å le, og han hadde den uvanlige arbeidserfaringa å ha vore yrkesmilitær kombinert med profesjonell rockebandgitarist. Nå skulle han bli pappa for første gong førtito år gammal. Eg kjenner at eg liker denne oppgåva, sitja pent til bords med nokon og bare ha som einaste plikt å småprata danna og hyggeleg med feststemde menneske ein aldri før har møtt.

Fem av dei tilstadeverande mennene finn fram gitarar. Rockegitaristen stiller med forsterkar og elgitar. Folk syng så taket held på å løfta seg. Svogaren tek mikrofonen og ber om å få dedisera ein song til kona si. så syng han solo i mikrofonen. “And then she asks me, do I look all right? I say my darling you look wonderful tonight.” Sterkt for dei av oss som har sett at dei saman kom opp ein avskrekkande dramatisk motbakke for nokre år sidan.

Så er klokka eitt om natta og det er dans, kaffe cognac og
kaker. Ingrid hadde insistert på å pynta marsipankaka vår med turkisblå roser som me hadde farga sjølv med konditorfarge. Merkeleg nok harmonerte desse perfekt med fargane på bordet, som me ikkje visste noko om på førehand.

Klokka to om natta riv me oss laus og tek med oss eit par som skal same vegen. Regnet flommar ned og held på å vaska natta vekk.

Då er det me ser henne. Ei heilt ukjend kvinne. Ho er relativt ung, kanskje omlag tretti år. Ho går der midt i oktobermørkret medan regnet renn i strie straumar frå håret hennar og nedover ryggen. Ho har bare på seg ei bukse og ein korterma topp. Har ho gløymt jakken eller likar ho å frysa? Me rekk å kommentera at det ser kaldt og vått ut i det me kjører forbi. Resten får me nok aldri vita.

Heidi