Eit heilt døgn vigd til livsgleda. Denne merkelege ideen blir praktisert i den vesle byen min. I går hadde eg ei litt surrealistisk oppleving ved inngangen til livsglededøgnet:
Kjærasten min og eg var og handla i ein butikk på det nye kjøpesenteret her. Trillevogna vår var full av varer, og me hadde dårleg tid fordi me venta både kveldsbesøk og overnattingsgjester. Plutseleg høyrde me ein skarp lyd, og eg tenkte det var ei slags demonstrering av ein alarm eller eit eller anna liknande. Ikkje før hadde eg tenkt tanken før ei ekspeditrise kom og sa at me måtte ut av butikken med det same. Det var brann og senteret skulle evakuerast.
På veg ut, vart eg stansa av ein mann eg først ikkje drog kjensel på. Han spurde om eg sakna lommeboka mi. Eg var heilt forvirra av evakueringa og hadde slett ikkje sakna lommeboka. Men jo då, mannen haldt på sitt, han hadde funne lommeboka mi på ein parkeringsplass for eit par timar sidan. Sjølvsagt viste han seg å ha rett, eg hadde bare ikkje rukke å oppdaga det…
Då eg stod utanfor med lommeboka mi i handa, kom to brannbilar kjørande. Typisk nok gjekk kjærasten min inn i bygget att for å fotografera… Brannmenn med fullt utstyr hoppa ut av bilane og sprang inn. Etter ein halvtime var dei ute att.
Eg fann aldri ut om det verkeleg var brann der inne eller om det var falsk alarm. Derimot kom eg til å tenkja på at eg og Jon hadde kokt oss ein kopp kaffi på personalromet før me gjekk heim. Hadde me hugsa å slå av kaffitraktaren? Eg sende han ein sms og han var like usikker som meg. Enden på visa var at me måtte innom jobben min og sjekka,- etter at me hadde fylt ei ny trillevogn med omlag dei same varene i ein annan butikk, fordi me ikkje hadde tid til å venta på å sleppa inn att i senteret.
Livsglededøgnet vart forresten innleia med fin frokost i heimen. Eg hadde to nieser på overnatting, og både bror min og syster mi kom på frokostbesøk for å henta døtrene sine. Saman med syster mi kjørde me ned til sentrum der det var fullt liv. Sunniva skulle dansa på torget i lag med elevar frå klassen sin. Dessverre hadde dansekavaleren hennar trukke seg, og møtte aldri opp. Ho vart litt skuffa, men fekk i staden vera med songgruppa frå klassen som song til dansen. Der stod ho på scenen med strålande auge og song av full hals i mikrofonen. “I`m gonna live for ever, I`m gonna learn how to fly…”
Etterpå hadde ho hylt inn i ein gledesbrølmaskin og i fire tida hadde ho framleis by-rekorden i å brøla høgast og kraftigast. Ein kraftstemme er ho utstyrt med dotter mi, og viss ho vinn heile greia er ho den lukkelege eigar av ein kilo halspastiller…
I kveld reiste eg og ho på forestilling ute i skogen her. Heile området var opplyst av brennande faklar og mellom trea stod folk med jamne mellomrom og musiserte. Me såg to fiolinar, eit trekkspel og eit heilt musikkorps.
På ei slette i skogen, var det rigga til ein scene opplyst av faklar. Plutseleg dukka songarar og musikarar opp i mørkret ved at dei fekk ein spot på seg. Veldig spektakulært. Ei innleigd gjøglargruppe sjonglerte med brennande faklar og dreiv med flammeblåsing og trommeslagarar slo på gigantiske trommer. Alt som skjedde i dag foregjekk på livsglededugnad og alt var gratis. Nokre gonger er eg oppriktig stolt av den vesle byen min.
Heidi
Så har eg falt for fristelsen å fylla ut den lista alle opererer med for tida med ekstra tillegg for høg alder.
FÖR TRETTIO ÅR SEN,
1. Var eg fjorten år gammal og hadde akkurat starta med konfirmasjonsundervisninga. Me måtte kjøpa skrivebøker med spiralrygg til å svara på oppgåver i, og presten samla dei inn for å retta.
2. Passa eg barn i to timar kvar ettermiddag for å tena pengar, og fordi eg likte småbarn. Eg gjorde dette frå eg var åtte til eg var seksten år, og i ettertid ser eg at eg lærte mykje.
3. Var eg snill jente og var i mot røyking og alkohol.
4. Lånte eg store bereposar med bøker på biblioteket kvar veke, eg skreiv dikt og drøymde om å bli forfattar.
FÖR TJUGO ÅR SEN,
1. Forlova eg meg i februar og gifta meg i mai. Eg hadde
sjølvsydd kjole i off-white silke og sjølvplukka bukett med liljekonvallar, fordi syrinane ikkje hadde sprunge ut.
2. Var eg på bryllaupsreise til Polen og Frankrike. Me stod i kø i Warshava for å få kjøpt brød.
3. Starta eg min aller første lærarjobb på ein drabantby-skule utanfor hovudstaden. Eg hadde dei mest udisiplinerte elevane eg nokon gong har vore borti. Ein av dei hoppa ut av vinduet, og eg sprang etter han i djup snø med eit langt skjørt på meg. Eg bestemde meg der og då for at akkurat det gjer eg aldri meir.
4. På nyttårsaften fekk eg ein graviditetstest av ei venninne og fekk vita at eg var gravid. Foreldra mine feira sølvbryllaup same kvelden, men eg fortalde ikkje hemmeligheten til dei før seinare.
FÖR TIO ÅR SEN,
1. Hadde eg eit hektisk liv med ein eittåring og ein toåring i heimen. Ingrid var seks år og gjekk i seksårsgruppe, og Odd Christian var ni år og aspirant i skulekorpset. Kjærasten min hadde permisjon og var heime med barneflokken.
2. Var eg lærar i ein førsteklasse med tjue sprell levande ungar. Eg hadde ungar opp og i mente døgnet rundt og elska det.
3. Kjørde eg dei to minste ungane rundt i tvillingvogn og syntest eg var kjempeheldig som hadde fått lov å ha to babyar samtidig.
4. Var eg ca tjue kilo tyngre enn før eg fekk barn, men
rekna med at før eller seinare ville det “gå over”.Eg amma barn i tre år i strekk, men det hjalp ikkje så mykje på vekta.
1. FÖR 5 ÅR SEN,
1.Var eg lærar i sjuande klasse. Me hadde fått lov til å driva eit pedagogisk forsøksprosjekt med fleksitid etter mønster frå ein svensk skule saman med Aud og Jone. Me jobba gratis tre timar i veka på rein idealisme og var stuptrøytte då våren kom Men spennande var det.
2. Laga me musikal på skulen der me laga stykket og musikken sjølv. Elevane våre fekk låna studioutstyr og spela inn playback til deler av forestillinga.
3.Var eg av og til så trøytt når eg kom heim frå skulen at eg måtte halda meg fast i kjøkkenbenken då eg kom heim og skulle laga middag.
4.Feira eg årtusenskiftet med gode venner og masse barn i snøslaps og regn. Årsskiftet som eg hadde venta på med litt grøssande kjensler sidan det gjekk opp for meg som barn at eg ville ha gode sjansar til å få oppleva, passerte i ein slags parentes.
FÖR 3 ÅR SEN,
1.Jobba eg for første gongen med spesialpedagogikk sånn omtrent på heiltid.
2. Starta eg skuleåret som freelansarskribent og forteljar på halvtid, men då ein liten gut til på jobben trong ein spesialpedagogikk, gav eg opp prosjektet.
3. Var eg i dialog med ulike forlag om 2-3 forskjellige barnebokprosjekt som eg aldri har fått tid til å fullføra.
4. Hadde me ei barneteateroppsetjing av Askepott der Askepott hadde ei levande rotte. Denne rymde ut blant publikum på premieren.
FÖR 1 ÅR SEN,
1. Laga eg ein song på bestilling frå kommunen til opninga av den lokale skulpturparken.
2. Dreiv eg research om HC Andersen for å laga ei forestilling saman med Jan Ivar til å visa rundt på
skulane.
3. Var eg i Afrika og budde tre veker hos Linda, ei tanzaniansk dame som driv eit stort prosjekt med
psykisk utviklingshemma barn og ungdommar.
4. Var eg med og arrangerte ein stor innsamlingsaksjon
for å hjelpa Linda økonomisk.
FÖR 1 MÅNAD SEN,
1. Var eg framleis i den travlaste oppstartfasen av eit nytt skuleår.
2. Var eg på møte med venninner frå gymnaset for å arrangera klassefest i oktober.
3. Kjørde me Odd Christian til folkehøgskulen og hadde
bare tre barn att heime.
4. Vart me først adoptert av ein katt som vart henta av eigarane då me hang opp annonse på butikken. Så kom vesle gråblå Cleopatra med abyssinartrekk og flytta inn til oss. Når ho ikkje var henta etter to veker fekk ho matskål kattedo og halsband.
IGÅR,
1. Starta eg dagen med å baka muffins med Kristin og to
elevar.
2. Regna det heftig og tordna ut på natta.
3. Kokte eg grøt til middag.
4. Handla eg eit smykke direkte frå kunstnaren som svigerinna mi skal få i forsinka gebursdagsgave.
IDAG,
1. Har eg vore vikar i tredje klasse for læraren deira vart sjuk.
2. Hadde eg gløymt lommebok og mobiltelefon då eg kom på jobb.
3.Var eg på kurs i klasseleiing. Me fekk sjokolade og frukt i pausen.
4. Var Halvard og eg ute og handla brød, hamburgarar og vårrullar. Nå i kveld har eg jobba med eit dikt.
IMORGON,
1. Skal eg vera vikar i tredje klasse ein dag til. Me skal på utedag og læra om korleis byen vår var i gamle dagar.
2. Har meterologane lova høljeregn, så eg må sjå meg om etter regnbuksa mi.
3.Skal eg kjøra Ingrid til Orre med bilen full av ballongar og ei kake til Oddvar sin 17-årsdag.
4. Kjem Vilde på overnattingsbesøk.
Nokon som kom heilt i mål?
Heidi
…should there be any mountains we must climb…
Det var ein peis som var bytta ut, men dei same langborda stod i spisesalen. Det same biletet hang på veggen. Det av hyrden som held på å setja livet til for å berga eit lam.
For tida står det reunions i flokk og rad framfor og bak meg. Eg vaks delvis opp i ein baptismenighet. Foreldra mine gjekk der aldri, bortsett frå at mor var på ein og annan juletrefest og ei par julemesser, men som det religiøst anlagde og djupt truande barn eg var, hengde eg meg med stor entusiasme på nabofamilien som var baptistar. I den vesle baptistkyrkja gjekk eg på sundagsskule kvar sundag i sju år, og i påsken fleire år på rad var eg på ungdomsleir på ein leirstad dei hadde oppe i snøen ein stad. Desse leirane sit fast djupt inne i meg.
Til frukosten fekk me alltid søt og god kakao som me kunne hella på termosflasker og ta med på skituren. Etter ein dag ute i snøen, var det open kiosk, gitarspel, yatzy og forelskingar. Til middagen var det store potetfat og enorme gryter fulle av kjøttkaker i brun saus. På kveldstid var det høglytt song og leiarar som kledde seg ut og spelte sketsjar for å få oss til å le.
Vitnemøta hugsar eg framleis med alle sansar. Dei var der kvar einaste kveld. Det brann i peisen, og mørkret var mørkt og heilt annleis enn heime. Meir eller mindre sjenerte ungdomar las stotrande opp bibelvers og fortalde korleis det var å tru på Jesus. Så haldt den milde og venlege pastoren ein appell og formante alle til å ta truslivet vårt på alvor.
Til slutt song alltid den same songen. “Du er innbydt til bryllup i himlen, du er ønsket velkommen av Gud. La han rive deg løs i fra vrimlen, det er du som skal være hans brud…” Under denne songen la det seg ei atmosfære av spenning og høgtideleg venting over lokalet. Mest kvar einaste kveld ville ein eller fleire av oss reisa seg og gå gråtande ut av romet fulgt av velmeinande leiarar. Dei som gjekk ut ville koma tilbake med strålande blikk og brennade kinn seinare på kvelden, for å fortelja at dei hadde begynt på eit nytt liv.
For nokre vart nok dette mest eit stemningsblaff, mens andre verkeleg la opp livet sitt etter heilt ny oppskrift etter ein slik leir. Eg kjenner folk som seier at dei dagleg takkar for at dei fekk denne impulsen, og ein som seier at han stundom lurer på korleis han hadde hatt det i dag om han hadde reist seg opp og funne vegen til forbøn den gongen han var ein millimeter frå å gjera det.
På lørdag kom desse minna sterkt tilbake. For første gongen på bokstaveleg talt tjuefem år, var eg på denne leirstaden saman med to jenter eg bare har sett svært sporadisk i alle desse åra. Me som hadde brukt å vera på desse leirane var nemleg inviterte til mimrehelg etter omtrent same oppskrifta som påskeleirane. Me åt i same spisesalen, gjekk ein tur i fjellterrenget og hadde vitnemøte og kaker om kvelden.
Det var interessant. Eg hadde fleire djupe samtalar med folk eg knapt kjenner. Dei var blitt vaksne, og snakka varmt om tida som var. Nokre var alvorleg sjuke, fleire hadde gått tøffe mange motbakkar i livet. Somme fortalde at dei aldri meir var i kyrkja, medan andre var djupt engasjerte. Ein sterk dag var det.
På vegen heim hadde eg ei oppleving av at dei to eg kjørde saman med var menneske som står meg svært nær, sjølv om me i praksis aldri ser einannan meir. Me lo så tårene trilla av ting me hadde opplevd saman og kvar for oss, og var på ein merkeleg måte tilbake der me var for alle desse åra sidan. Samstundes var me tjuefem år klokare. Det slo meg nå i helga at livet har fare svært venleg med meg så langt.
Deep in my heart, I do believe, that we shall overcome some day.
Heidi
I dag sat eg med den vesle venen min frå Burma og skulle jobba med matematikk. Eg hadde funne ei side, som eg tenkte måtte passa godt i ei av reknebøkene på reolen på arbeidsromet. Han er jo sportsinteressert.
På denne sida var det diverse varer frå ein sportsbutikk med prislapp på. Barna skulle teikna dei tinga dei hadde mest lyst til å kjøpa og rekna ut kva det kom til å kosta. Først då eg såg det lett forvirra blikket hans forstod eg at nå hadde tankebanane mine hatt ei aldri så lita kortslutning.
Gjenstandane i oppgåva var: Sparkstøtting, sklibrett, ski, skistavar, slalåmhanskar, sparkstøtting og skeiser… Det gjekk opp for meg at guten kom hit i mai og aldri har sett snø. Samtlige gjenstandar måtte for han vera fullstendig uforståelege…
Merkeleg land han er komen til, forresten… Når eg tenkjer godt etter…
Heidi
I går natt vart eg vekka klokka halv tre om natta av Ingrid. Ho hadde vakna av at heile hovudet, kinnet og halsen verka. Ho viste meg heilt fortvila ein kjertel under øyret sitt som hadde hovna kraftig opp. Eg sa at det var ikkje noko å gjera med slikt midt på natta, me fekk venta til det vart morgon. Klokka halv fem kom ho tilbake. Nå hadde klumpen på halsen blitt dobbelt så stor, og ho fortalde at det verka både i tennene og øyret. Nå vart til og med eg litt uroleg, og eg sov ikkje meir den natta.
Neste morgon kunne ho knapt opna munnen, så me fekk legetime på øyeblikkeleg hjelp. Legen undersøkte og gav antibiotika. Eg kunne ikkje la vera å tenkja på kyssesyke,
fordi eg syntest symptoma minde om det… Men hevelsen har heldigvis gått tilbake og feberen gått ned, så me får håpa det går over i likaste laget…
Skuleåret er i gjenge. Dei første vekene var eg så sliten av å starta opp, og av at så mykje var usikkert, men nå kjenner eg at dagane på jobb er gode. Eg finn ein slags kvilepuls midt i det eg gjer, og arbeidet utfordrar meg. Eleven min frå Burma gjer raske framskritt. Etter å ha jobba i tre år stort sett bare med funksjonshemma barn, kjennest det så utruleg fint og oppmuntrande at nokon gjer så synlege framskritt frå dag til dag. Det er ganske triveleg å sitja innomdørs med skulebøker medan regnet høljer ned utanfor.
Ennå ein dag har eg trassa hausten og gått barbeint i sommarskorne mine med ei bukse som stansar ei handsbredd over ankelen. Snart må eg nok gje tapt, men ennå ikkje. Kvar tysdag er eg tolv timar på jobb, for det er då Jan Ivar og eg har dramaklassane våre, men midt i den lange arbeidsøkta går me ut og får oss eit måltid varm mat. Det er slitsamt å gå på ny jobb rett frå den vanlege, men når me først er i gang og humor og konsentrasjon begynnar å dirra i aulaen medan dramaelevane varmar opp er det heilt ok.
Om tysdagskveldane er hovudet fullt av bomull og lite egna til å tenkja med. Dette er kvelden for aktivitetar som treng minimal grad av tankeaktivitet. I kveld pakka Halvard, Sunniva og eg oss saman under eit solgult teppe frå Ikea og såg på fjernsyn. Me såg på amerikansk “Danse-idol” medan me sat tett inntil einannan slik at både sjela og dei sokkelause føtene kunne halda varmen. Oppå teppet hadde me ein malande kattunge.
Nå sit kjærasten min og eg og klikkar på kvar vår datamaskin. Eg har sagt god natt til mine heimeverande barn og fått sms frå eldstesonen om at han har det veldig, veldig bra. Nå skal eg ta ein varm dusj og vaska håret. Eg hadde tenkt å gå ein lang tur, men har ikkje kome så langt. På tide å bruka trimsykkelen att?
Eg er trøytt i hovudet, trøytt i beina og trøytt i ryggen, men eg vegrar å gje slepp på dagen. Det er mykje eg skulle ha gjort, men eg orkar ikkje nå i kveld. Eg har nok med å klappa katten.
Fingrane mine skriv septembersongar på tastaturet og mørkret pakkar seg kring huset mitt.
Heidi
Eg er svak for manns-kor, og i går stod dei oppstilte i torgtrappa i den vesle byen vår. Aller helst skal dei ha kvite songarhuver, men barhoda manns-kor duger det og.
Folk samla seg for å høyra, og dirigenten med trekkspelet sa at viss nokon ville kjøpa ei lita heimelaga cd-plate, så skulle dei få det for ein grøn femtilapp. Kvaliteten var dårleg, men svært mange likte ho godt likevel, sa han. Kjærasten min deler ikkje heilt og fullt kor-fascinasjonen min, men han fekk meg ikkje med vidare før eg hadde fått med både “Vandringsmenn som synger”, og alle vers på “Han skal åpne perleporten.”
I går kveld var eg på russefest. Ja, tjuefem-årsjubileum for russen for både å vera pinleg nøyaktig og å avsløra min langt framskridne alder. Først var det vorspiel hos Per, han opna døra og lot som om han trudde me var dørselgjarar. Der inne sat dei, Morten, Knut, Jone, Nils Rune, Helga og Nina. Og fleire vart det etterkvart. Sæmund som har jobba i Jerusalem for Norad og Olaug som måtte senda eit barn på leirskule før ho kunne koma. Me klemde ein annan og sa at alle såg ut akkurat som før. Eg diskuterte litteratur med Morten og me var hjarteleg samde både om “Vindens skugge” og “Da Vinci-koden”. Så diskuterte me religion, og han sa at sjølv om han er ateist så har me alltid vore av lik meining når det gjeld dei viktige tinga i livet.
Etterpå gjekk me i regn til festlokalet og trengde oss saman under dei få paraplyane me hadde, som om me var sysken som alltid hadde pleidd å dela paraplyar i høljeregn. Det var oksesteik og rødvin og øl og eg var sånn omtrent den einaste på heile festen som ikkje drakk alkohol fordi eg ikkje kjende for å gjera det i går.
Det var fint å sjå folk att. Nokre av dei som var der begynte eg i lag med i første klasse då eg var sju år, og som seg hør og bør kjende me at alt som var verkeleg viktig i liva våre hadde me vore saman om. Korridoren vart det store samtaleromet, for musikken inne i festlokalet var så høg. Der kunne ein dansa eller beundra folk som dansa, eventuelt ein å sitja kinn mot kinn med nokon ein ikkje hadde sett på lenge og ropa inn i øyrene på einannan. Ikkje så dumt det heller. Samstemmig avgjorde me at me var veldig unge og levande jubilantar og at me gler oss til neste runde.
Her ein kveld haldt eg på å kjøra over eit piggsvin. Eg bremsa vitlaust og brått ned på rein ryggmargsrefleks då eg såg det vesle vesenet koma tassande. Først trudde eg at eg hadde kjørt over det, men så kom det ubekymra spaserande att rett framfor hjula mine. Heldigvis hadde bilen bak god avstand. Eg vart bekymra ståande for å sjå korleis det gjekk, og pusta letta ut då det klarte å koma over det andre kjørefeltet utan at ein pigg vart krumma på ryggen på det forsvarsløse vesle dyret.
Nå skal eg ut i den svarte haustkvelden for å henta Ingrid. Eg får håpa eg har brukt opp min piggsvin-over-vegen-framfor-bilen-kvote for i haust.
Heidi
men nå har klokka sprunge forbi midnatt allereie, og svevnen var det viss eg burde oppsøka om eg hadde vore eit fornuftig menneske. Eg har skrive dikt og lese teologi. Eg sit her på loftet mitt med bare armar og frys, for nå er det sein og kjøleg septemberkveld. Regnet trommar som kasta ut i bøtter over takvinduet. På føtene har eg trekt grå raggsokkar til innebruk, sjølv om eg har gått barføtt i sommarsko til og med dagen i dag. I morgon er det truleg sesongen for strømper. På kjøkkenbenken har eg plommer og avokado, og baderomet rakk eg aldri å rydda.
Katten som har adoptert oss, har fått matskål og halsband. Viss ingen kontaktar oss nå om lappen om funnen kattunge, reknar me henne som vår. Ho er ca ti veker gammal, blågrå med lette abyssinar-trekk og ser så
fornem ut at me har gitt henne namnet Cleopatra, bare sånn i tilfelle ho blir verande hos oss, liksom… Av same grunn har ho fått kattedo og leiker med bjeller og trekuler, bare sånn i tilfelle…
I helga var eg på Oslo. På toget las eg “Vinterbarn” av Dea Trier Mørk. Eg las boka for første gong då eg var sytten, for andre gong på barselavdelinga for nitten år sidan, og for tredje gong nå når eg har store barn. Eg har lese ho forskjellig kvar gong, eg elskar denne boka og dei fine grafiske trykka i ho.
I Oslo var det valkamp og nydeleg haustsol. Eg var på evalueringsmøte i Kirkens bymisjon, der me åt indisk lammegryte frå ein lokal restaurant og snakka om festivalen i sommar. Elles så susa eg rundt med Eva Mari og leika fnisete tenåringsjente. D
et kjendest vidunderleg.
Vel heime etter åtte timars togtur, tok Odd Christian i mot meg på stasjonen. Han hadde den første frihelga frå folkehøgskulen. Eg la merke til kor stor og vaksen han var blitt. Han vart ein vakker vaksen mann utan at eg la merke til det medan det skjedde. Først etter tre veker vekke frå einannan, ser eg til fulle at den vesle guten min ikkje er nokon liten gutt lenger. Han viste meg digitale bilete frå folkehøgskulen, og fortalde om kor godt han likte seg der.
På fredag skal eg halda eit lite foredrag om forteljingane i det gamle testamentet. På lørdag skal eg på russefest og feira at det er tjuefem år sidan me tok eksamen artium. I heile mitt liv har eg trudd at det er gamle folk som går på tjuefemårs- jubileum… Det skal bli ei selsom oppleving.
Eigentleg skulle eg hatt eit par nye sko til då, men korleis skal eg i så fall rekka det?
I dag skulle elevane i småskulen plukka poteter på ein gard i nærleiken i øsande regn. Eg må innrømma at det ikkje frista så veldig. Mot formodning kunne eg likevel ikkje vera, med fordi den eine eleven min hadde hatt så mange epileptiske anfall det siste døgnet at han måtte ta det med ro. Dei som reiste hadde det fint trass i veret, og stolte kom barna heim med store posar skitne sølete poteter som dei skulle ta med heim. Måtte ungane få oppleva at nokon blir glade for å få ein pose skitne våte poteter heim til kjøkkenet.
Augneloka mine er tunge, eg må koma meg i seng. Dette vart ein litt springande “Klar for senga for lenge sidan-tekst”. Eg kjem sterkare tilbake med nye haustrefleksjoner…
Heidi
Det er fredag att. Vekene renn forbi. Det har vore travelt. I går somna eg med avisa i den oransje sofaen og vakna att to timar seinare. Etterpå famla eg rundt i ørska og hadde problem med å vakne til live. Nå er fredagskvelden her allereie. Kjærasten min er ute med kompisar, og Ingrid ser film på Orre og skal bli kjørt heim på motorsykkel sånn etterkvart. Sunniva puslar rundt nedi stova, og yngstemann burde eg få i hus snart.
Eg har gått ein tur aleine i kveld. Eg gjekk rundt eit lite vatn i nærleiken. Det tek omlag tre kvarter å gå turen i tenkje- fart. Eg trekte inn den gode litt skarpe septemberlufta og prøvde å finna kvile for tankane. Ikkje det at eg plagar med med djup grubling, tankane krinsar kring noko så banalt som korleis eg best organiserer undervisningstimane mine for at elevane skal få den hjelpa dei treng.
Eg såg på fisk som hoppa og raunbær som raudna. Blåklokkene skalv lett i kveldsbrisen, og det lukta høy og fuktig jord. Då eg kom tilbake til bilen vart eg sitjande ein time og lytta til eit radioprogram. Det var eit portrettintervju med ein som var pianist og komponist. Eg sat og lytta og kjende på trongen til å skapa. Det var så fin musikk. Bilen er eit freda rom. Ofte blir eg sitjande i bilen i ti minutt i garasjen og bare nyta at det er så stille og uforpliktande der. Nokre skikkeleg sære trekk får ein unna seg å ha… I dag sat eg der og høyrde på Wolfgang Plagge og såg folk koma og gå. Det var så avslappande og godt.
Nå har eg ete ryvitaknekkebrød med cottage-cheese og litt heimekokt plommesyltetøy på toppen. Så har eg drukke farris til, og kjend meg som ein velordna person som held livet sitt stramt i tøylane. Sjela mi har skifta årstid, og hausten har eg alltid likt… Soldagar i septamber er noko av det vakraste eg kan tenkja meg.
Det skal bli ei roleg og stille helg, trur eg. Den einaste oppgåva eg har er at eg av alle ting skal fortelja syndefallshistoria frå det gamle testamentet på ein gudsteneste på sundag føremiddag. Eg har teke ei vidareutdanning i forteljarkunst for nokre år sidan, og nokre gonger får eg slike oppdrag.
På onsdag var eg og på besøk i ein kyrkjelyd. Eg var der saman med biskopen. Han talte og eg las dikt eg har skrive. Temaet for kvelden var omsorg. Biskopen sin visjon for kyrkja er at ho skal vera varm og inkluderande. Dei som høyrer kyrkja til skal skilja seg ut med å ha varme hjarte og evna til å sjå meir i andre menneske enn den fasaden som er styrt av reklame og marknadskrefter. Han ynskte seg ei kyrkje som skil seg ut med å løfta opp kjærleiken snarare enn å virka dømmande. Eg er så samd i det at eg hadde lyst til å reisa meg opp og ropa amen.
Magnus Malm, ein svensk prest og forfattar som eg har lytta til på Korsveifestival fleire somrar, sa fylgjande i sommar som har brend seg fast i meg: “Kjenneteiknet på kristen kjærleik er det å vera villig til å bøya seg ned og tena andre, framfor å villa klatra i høgda. “
Nå er Halvard komen heim. Han sit og spelar på “Til Elise” medan han ropar kvart halve minutt om eg kan koma ned og gje han kveldsmat. Kanskje eg burde omsetja dei fine tankane til praktisk omsorg…
Heidi
Det er ikkje så rart ein kvir seg litt for å ta fatt på eit nytt arbeidsår. Etter lange dagar der eg har styrt dagane mine sjølv, er eg nå tilbake i den livsstilen der dei fleste timane i døgna mine er fulle av gjeremål og eigde av andre enn meg sjølv. Dei som har vore med på å starta opp eit skuleår, veit at det er ingen aktivitet for latsabbar. Tusen små tannhjul skal setjast i rørsle og gripa inn i ein annan til rett tid og på rett måte. Alle rom skal gjerast klare, timeplanane justerast, tusen praktiske ting skal ordnast og både elevar og eigne barn skal hentast inn frå feriemodus.
Overgangen var brå og brutal, men før ein veit ordet av det er ein i svevet att. For meg vart det ekstra hektisk i år, fordi eg på grunn forandringar me ikkje visste om i juni, har fått ein ny og stor oppgåve. Ein del av timane mine skal eg vera i lag med ein gut som er ny i landet vårt. Han kan ingen av mine språk, og eg skjøner absolutt ingenting av hans. Det er litt av ei utfordring, hjernen min jobbar på høg-gir med idear om korleis eg best skal få det til. Har nokon erfaringar tek eg i mot dei med glede.
Eg veit litt om å læra barn lesing og matematikk, men når ein ikkje har noko språk å formidla tankar og samtala på må ein velgja nye og ukjende vegar.
Lørdagen vart ein god dag. Endeleg kunne eg unna meg fri ein heil dag. Sola skein og det var augustluft ute, -slik luft de veit med stenk av sommar og streif av haust. Kjærasten min inviterte meg til ein tur i sentrum. Han sjølv var mogen for eit hårklipp, og i mellomtida brukte eg ein halvtime på å driva rundt på biblioteket og plukka med meg bøker til rein lystlesing.
På torget var det valkamp og storbandmusikk. Me gjekk hand i hand ned gata og traff kjende på kvart einaste gatehjørne. For ein gongs skuld gjekk me på kafé heilt aleine og sat og studerte livet. Kjærasten min fotograferte ballongselgjarar og syngande frelsessoldatar. Han fotograferte nye bygningar og han fotograferte parkerte hundar med plasterlapp på øyret. Då me kom heim var det kaffi, aviser og salat frå salatbaren. Etterpå la eg meg på sofaen med augene lukka og høyrde kjærleiksdikt frå ei CD-plate eg hadde lånt på biblioteket.
Halvard inviterte meg til å sjå film med han på TV: “Pippi Langstrømpe på dei sju hav. “ Den filmen såg eg på kino då eg var seks år i lag med nabojenta og far hennar… Eg hugsar at ein nabogut vart så redd av den scenen der Pippi styrer skuta i storm og syng om “Sjörövar-fabbe-farfars- far” at han måtte fylgjast gråtande ut. Me var nok litt mindre vane med sterke effektar då me var barn seint på sekstitalet…
Pippi har forresten halde seg godt, men den nyaste teiknefilmen om Pippi vart eg skuffa av då eg såg han i sist veke saman med andre klasse. Det er ikkje slik Pippi skal sjå ut. Ho var blitt for lite menneske og for mykje glatt superhelt. Eller kan det vera meg som ikkje toler at nokon tuklar med bardomen min?
Om kvelden hadde eg ingen andre planar enn å sjå fjernsyn og slappa av. Nokre dagar kan ingen festar i heile verda måla seg mot akkurat det.
Heidi
Me var oppe grytidleg for å koma raskast mogleg i veg.
Morgonar er ikkje mi sterkaste tid på døgnet, eg var ganske sliten etter den første hektiske veka på jobb kombinert med to seine kveldar. Odd Christian og far hans var langt meir morgonfriske. Mens eg stabla meg sjølv på beina, dusja og drakk kaffi, fyllde dei bilen med ryggsekkar og koffert, gitar, dyne, pute, gummistøvlar fjelljakke, regntøy sovepose og liggeunderlag.
Odd Christian skulle vera sjåfør den første biten, så eg rigga meg til i baksetet med ein koffert ved beina og gitaren hans halvvegs i fanget. Med seteryggen litt bakover, fann eg ein brukbar stilling og lukka augene. Odd Christian sette på ein CD med lovsongsmusikk. Eg lente meg mot musikken som blanda seg med lågmælt samtale frå framsetet og så halvsov eg til lukta av kaffi frå kjærasten min sin kaffikopp medan dagen langsamt opna seg.
Det var ganske langt å kjøra. Eldsteguten min var i utgangspunktet glad og fatta, men vart merkbart meir spent etterkvart som me nærma oss. Klokka to såg me skilta med piler mot folkehøgskulen han skulle gå på. På tunet var det fullt av bilar fulle av alt ein treng for å leva på internat eit års tid. Ute var det sommarsol og kring småborda utanfor spisesalen sat folk og drakk kaffi. Det var sett fram store fat med gjærkringle og eplekaker.
Stemninga vibrerte. Gutar og jenter i atten-årsalderen kikka meir og mindre sjenerte på ein annan og målte einannan med blikket både openlyst og i smug. Få såg ut til å ha møtt einannan før. Her startar det, tenkte eg. Ennå er alt framand, ennå kan alt skje…
På sett og viss misunte eg dei akkurat dette, å vera i ferd med å starta noko som sikkert kjem til å bli fint, og dette å framleis ha heile vaksenlivet sitt framfor seg.
Odd Christian fekk ein varm velkomst, ein nøkkel og ei
T-skjorte, og me bar tinga hans inn på tomannsromet der han skulle bu.
Klokka fire var det opningssermoni i gymsalen for elevar og foreldre. Lærarane song, rektor spelte piano så heile romet swingde, og alle elevane kom fram og blei presenterte. Eg spurde meg sjølv kvifor eg ikkje jobbar på folkehøgskule. Eg er sikker på at eg ville ha elska det.
Kjærasten min har faktisk jobba på folkehøgskule i to år. Me budde der halve tida, så frå Odd Christian var tre til han var fire år gjekk han ut og inn av internat og spisesalar, og brukte halvparten av lørdagskveldane sine på å vera med på elevkveldar. Saman med dei andre folkehøgskulebarna, for det var buplikt der for lærarar, gjekk han frå fang til fang og kunne handplukka barnevakter frå elevflokken når han trong det. Nokre av elevane vart ganske husvarme i personalboligen vår. Så sosialisert vart treåringen at ein psykolog som skulle observera eit anna barn i barnehagen hans stussa på den vesle guten som kraup rett opp i fanget på ukjende…
Vegen heim var like lang som vegen bort, så me måtte stå over eit felles kveldsmåltid etter opningssermonien. Etter ein rask klem frå han som skulle forlatast, hoppa me inn i bilen og styrde forden mot heimslege trakter. Me unna oss eit stopp på ei vegkro for å få i seg litt middag, og så sette me kursen mot fjellovergangen. Ein stad sprang ein rev over vegen med ein stor fugl, kanskje ei fjellrype i munnen. Synd at ein ikkje sat me kameraet framme, klare til å trykkja inn avløysarknappen.
Då me kom over Suleskard, begynte det å mørkna. Det var trolsk og vakkert å kjøra gjennom det mørknande heielandskapet med roleg musikk på radioen.
Heilt tomt blir det ikkje heime med det første. Dei tre yngste ungane skal heldigvis bli buande heime ganske lenge endå. Paradoksalt nok kjennest huset litt tomt, sjølv om me framleis har tre ungar her. Det merkest og at det forsvinn mindre brød og ost enn det som har vore vanleg i løpet av ein dag, og mystisk nok har ei stor sjokoladeplate fått liggja urørt i skapet i ei heil veke. Me er så vidt i gang med neste fase av livet, trur eg….
Heidi