Det er ikkje så ofte eg vaknar om morgonen med ein setning svivande tydeleg rundt og rundt i hovudet. Det gjorde eg i dag, og den setningen har fått stå som overskrift hos meg i dag. Klokka var ikkje halv seks ein gong, og setningen ville ikkje forlata meg. Eg var nok litt redd for å forsova meg første dagen med vekkjarklokke for normalt vaknar eg aldri av meg sjølv på den tida. Eg vart liggjande og filosofera på kva ord setningen ville ha fylgje med, og då eg stod opp skribla eg ned litt på ein gul lapp som eg la ein hemmeleg stad. Som eit stunt vil eg skriva diktet ferdig og leggja det ut her. Det kjem til å bli eit dikt ein gong, kanskje slik som dette, kanskje heilt annleis. Eg må innrømma at setningen ikkje fortonar seg like magisk som han gjorde før dagen demra, men eg klarer ikkje å sleppa han heilt heller…
***
Det er ein tråd av sorg i alle ting,
mørk og glødande
glir han gjennom dagane dine,
tøyer han seg utan ord
frå akilleshælen
gjennom magen og hjartet,
gjennom strupen og tårekanalane,
heilt opp til eit ukjend rom
bak blikket ditt ein stad.
Sjølv gleda har eit mollmjørkt djup,
og fridomen røter i jorda.
Det er ein tråd av sorg i alle ting
for den som er døypt med namnet menneske.
Heidi
I grunnen er dette eit vitlaust prosjekt. Ord burde sikkert vegast på gullvekter før ein slepp dei ut i verda med merkelappen lyrikk, men slik vart det i dag.
Heidi
Eg feira siste dag med fri med å ta ein roleg morgon heime før eg gjekk bort til skulen for å gjera klar forskjellig til skulestart i morgon. Litt før klokka halv fem såg lyset slik ut. Det er nesten som det er blitt litt lysare allereie, men det skuldastnok det klare veret. I fylgje vermeldingane skal me ha minusgrader ei stund framover. Me får håpa at det ikkje inkluderer alt for glatte vegar.
I går kveld las eg ut «Historien om det nye namnet» av Elena Ferrante. Så er det å venta på neste bok. Eg har mykje eg har lyst til å lesa, mellom anna den nye boka til Linn Ullmann om forholdet hennar til faren og den nye Astrid Lindgren- biografien. Stort sett prøver eg å låna bøker eg har lyst til å lesa på biblioteket det siste året har eg stort sett lånt digitalt. Ulempa er at det er veldig lange ventelister på nye bøker. Samtidig er det jo uendeleg mange bøker det ikkje er venteliste på på biblioteket. Me som er glade i å lesa er priviligerte, me kan velgja og vraka mellom spennande rom og tilverelsar å gå inn i.
Eg treng og ei ny høgtlesingsbok til tredje klasse. Eg tek sjansen på «Mio, min Mio,» eg trur dei er klare for den etter ein haust med Pippi og Ronja røvardotter. Og nei, eg har ikkje gløymt at det er utruleg mange fine «nyare» barnebøker og. Eg er bare så veldig glad i Astrid Lindgren, og har ikkje lyst til å sleppa henne heilt endå…
Heidi
Det vart så veldig tomt heime hos oss, og plutseleg stod me her med ein heil dag utan planar. Me fann ut at me rett og slett ville ta oss ein bytur. Me gjekk inn i Stavanger domkyrkje for å vera der litt og for å fotografera. Lysa i lysgloben skal få stå der som bøner for året som skal koma. Eg kjenner at i meg bur det veldig mange bøner, nokre av dei kjennest veldig sterke. Det er godt å kunna symbolisera dei med levande lys slik at dei kjennest endå meir handfaste.
Og musiske innslag trengst og om det nye året skal bli godt.
Heilt frå eg var barn har eg blitt veldig fascinert av Epifani- tavler. Det er vel treskjererkunsten rundt som blir sett på som stor kunst, men det som har tiltrekt seg mi merksemd erfamiliane på biletet, velståande folk som har betalt for å få ei slik tavle i kyrkja. Dersom eg tolkar denne tavla rett så hadde denne mannen atten barn, kor av to døydde som spebarn og litt med blomekransar og heilt kvite ansikt i forgrunnen. Spesielt gutane er malde ulike med ulike ansiktstrekk og hår. Stod dei mogsell, eller er det bare far sjølv som er portrettert med rett antal søner og døtre der kunstnaren har fått bestemma resten? Eg kunne sikkert funne det ut om eg hadde forska litt…
Denne skulpturen er ein del av preikestolen. Eg veit ikkje om det er tenkt å vera erkeengelen Michael og dragen, men skulpturen vekte tankar i meg om det å vera menneske. Det er ein del av det å leva å «møta dragar» som ein kjemper i mot, enten det er eigne eller andre sine dragar ein må møta. Nokre av dei kan bekjempast ein gong for alle, andre dukkar opp med jamne mellomrom, og den verste typen er alltid på banen. Eg synest slike gamle kyrkjerom fortel mange historiar om levd menneskeliv som blir fletta saman med historiar om levd trusliv.

I bygatene svever det og historiar over alt. Dette biletet tek eg med som ein kuriositet. Gamle erverdige husfliden hadde utstilt ei «prismelysekrone» der lysestakane var gamle porselenskoppar og prismene var deler av knuste tefat og asjettar. Denne kunne du ta med deg heim for 8000 kroner, trur eg det var. Ideen er morsom, men ikkje heilt det eg forbind med husfliden sine trauste og tradisjonelle kunsthandverk.
Byen var framleis pynta med juletre og raude hjarte over gatene, og det bles iskald vind. Me sette oss på konditoriet rett ved kulturhuset som nå heiter «Godt brød» og drakk kaffi og te medan me kikka på folkelivet ute på torget. Ungar kravla på skulpturane, forelska par i varme luer leidde kvarandre forbi, nokon sat og tigga og han med sykkel og vinduspussar utstyr song på «Money, money, money, must be funny in a rich man´s world» Han hadde klar og gjennomtrengande stemme. Nokre kråker og ei skjor spankulerte viktige forbi, og på hustaka sat det gigantiske måkar. Eg lurer på om det er fiskemåkar eller om dei rett og slett heiter stormåkar.

Etter ei veke med julemat, så smakte det utruleg godt med muslibolle med ost og krydderte. Brunosten fekk vera med, det er trass alt jul…
Etter litt byvandring i forblåste gater havna me på kulturhuset der me las aviser og skreiv litt før me gjekk på kino. For emg er det verkelege luksus å gå på kino midt på dagen, det gjer eg i praksis aldri. Me såg filmen «45 år» om eit eldre ektepar som skal feira førtifemårs bryllaupsdag med eit stort selskap. Same veka får mannen i forholdet eit brev som set han femti år tilbake i tid. Eg likte filmen veldig godt og syntest at menneska var skildra på ein veldig varm og rørande måte. I tillegg var det vakker filming og mykje fin natur. At det blir vist kjærleikscener det aktørane er godt vaksne, synest eg er flott. Om ein bare hadde livserfaring gjennom Hollywoodfilmer kunne ein ha blitt lurt til å tru at alle som er kjærastar har ansikt og kroppar som ser ut som om dei er maks tretti år gamle. Eg anbefalar filmen, Leif var litt meir ambivalent. Dersom nokon vil gå på kino og stoler meir på han enn på meg, kan de velgja «En mann ved navn Ove». Den såg me i lag med ungane på måndag og den likte alle. Nå ser det ut som om kino for oss fleire gonger i veka er dagleg kost, og det må de godt få lov å tru…
Heidi

Om mindre enn ein halvtime må me gå her i frå for å nå fram til nyttårsfesten i tide. Sunniva har fått låna bilen vår til hyttetur. Dei yngste ungdomane, som er vaksne dei og når eg tenkjer meg om har forlate åstaden fornøgde og glade og styla for kvelden. Sunniva har bakt kake og Halvard har fått hjelp av far sin til å knyta slipset. Sunniva nynna på badet og spelte Simon og Garfunke, «Brigde over troubled water.»
I morgon reiser dei begge to, og når eg kjenner etter så sørgjer eg over det. Men det er vel bra at det er slik, kanskje, at eg framleis har stor glede av å ha dei i huset, og at dei har andre planar enn å bli verande her.
Det er ein fin skikk å gå ut av året saman med venner og familie Eg håpar at alle får ein fin kveld og at ikkje spriket mellom det me trur er forventa av glede og feststemning og det som faktisk blir ikkje er for stort for nokon av dei som skal ut og vera glade i dag. Eg håpar at ingen skadar fingrar og auge i nyttårsrakettar, og at ingen ungdomar blir alkoholforgifta eller skadar seg på nokon måte.
Dette ser ut til å vera skrive av ein gammal festbrems, og det er det kanskje. Personleg har eg god tru på ei veldig koseleg feiring. Likevel må eg innrømma at akkurat i kveld er eg litt glad for å ha vaksne barn. Nyttårsaftan er vel den dagen eg har vore aller mest redd for tenåringane mine, bare fordi eg veit og føler kva forventningar som det blir spent opp til akkurat denne kvelden. Heldigvis er det slik at veldig mykje av det eg har frykta på mange plan aldri har skjedd. Det er ikkje noko i vegen fantasien, for å seia det slik.
Ha ein veldig fin kveld alle som les dette før klokka slår tolv i natt. Eg håpar året har vore deg vennleg og at du med glede er klar til å ta i mot eit nytt. Dei store og eventuelt filosofiske tankane får koma i morgon eller ein annan dag. Alt godt til alle.
Ynskjer Heidi

I dag må eg rett og slett innrømma at eg ikkje har vore utanfor døra. Veret er relativt avskrekkande, men det skuldast vel mest at eg sette meg til for å jobba litt med songane til tiandeklasseforestillinga, og så kom eg så godt på gli at eg har blitt sitjande stort sett heile dagen.
Nå har eg laga versjonar som passar inn i historien vår på songane «Rompa mi,» «Four- five seconds», «Come together» og «Rehab». Så gjenstår det å sjå om songarar og musikarar vil akseptera tekstane mine. Det har hend at ungdomane hardnakka har insistert på å bruka originalteksten på ein låt. På ein måte kan eg forstå det, men eg håpar dei og opplever at ein tekst som handlar om eit gammalt epletre passar betre enn «Lemontree» når handlinga foregår på Jæren. Stort sett så finn me ut av det, og eg gler meg veldig til å sjå resultatet, for me har veldig flinke elevar i kulturskulen, og ikkje minst tek eg hatten av for dei syjtige kollegene mine som er musikarar, songarar og dansarar eller som driv med kunstfag. Du all verda kva me kan få til når me legg ferdigheitane våre inntil kvarandre og ein viss porsjon felles entusiasme ved sida av.
Det var planen at eg og Sunniva skulle på konsert i kveld og, men det vart litt endring på planane på grunn av køyrekapasitet, verforhold og batterinivå. Det ende med at ho fekk plass i bilen i lag med nokre andre og at eg sa at det var heilt greitt for meg å vera heime… Eigentleg vil eg jo ha med meg alt, men nokre gonger må ein klara seg med litt mindre…
Eg sørgjer litt over at ein juleferie går så fort og at om to dagar er ungdomane mine på veg tilbake til Oslo. Det som er sikkert er at det er kjekt å ha dei heime så lenge det varer.
I dag har eg lese i boka «Englepappa» skrive om faren til Ylva som døydde av kreft sju år gammal og som mange fulgte på facebok. Det er ei vakker bok om å ha barn og om liv og død. På same tid forstår eg debatten om kva som eignar seg på sosiale medier og ikkje. Eg er takknemleg for at han deler og tenkjer som alle foreldre, sjølv om mine barn er vaksne og som det står i songen:
«Stormen raser tung og hvit, sorg og død kom ikke hit,
For familien min har 2015 vore eit godt år. Det tristaste eg opplevde var å mista farmor. Så lenge ho var nesten hundre år gammal og hadde hatt eit langt og friskt liv, så er det likevel ikkje så vanskeleg å akseptera det som livets gang. Eg er umåteleg takknemleg for dei timane eg fekk i lag med henne bare dagar før ho døydde.
Både nasjonalt og internasjonalt har 2015 vore eit utfordrande år. Mi bøn er at me må få klokskap og nestekjærleik nok til å takla utfordringane me tek med oss inn i 2016 på ein god måte.
Ha ein god avslutning på 2015, alle saman.
Heidi

Det var dagen for å omsetja ein julepresang til levd liv. Ein av julepresangane eg fekk av barna mine såg slik ut:

Far deira fekk eit veldig liknande gavekort, og i dag var dagen for samla familieferd til kino og indisk restaurant.
Før me kom så langt så fekk eg ei veldig triveleg julehelsing i posten frå mi svenske nettvenninne Petra med fint julekortmotiv frå Vadstena kloster. Eg har gode venner som har vore der fleire gonger og snakka varmt om kor fint det er på Vadstena, og nå fekk eg endå meir lyst til å reisa dit.
I ettermiddag hadde eg besøk av den søtaste vesle julegjesten som tenkjast kan. Han hadde nettopp fyllt to år, hadde lyse køller, og var veldig oppteken av katten, som forresten var bemerkelsesverdig tålmodig under klapping, kosing med kattehale og undersøkelse av kattesnute. Det var og kjekt å undersøka pynten på juletreet, synga og hoppa «jamfødes» rundt på golvet med små frydefulle rop. Eg er sjarmert i senk. Fine bilete tok eg og, men eg torer ikkje å leggja dei ut på nett utan å ha spurt om lov.
Kvelden vart kjempefin. Me såg filmen «En mann ved navn Ove», og åt deilig middag på indisk restaurant der dei hadde dekka langbord for oss alle. Me «vaksne» fekk ikkje sjå rekninga ein gong… Det er utruleg koseleg å gjera ting i lag med heile barneflokken inkludert Oddvar. Eg håpar det blir mange slike anledningar framover.
Heidi






















