
Så er me så langt. Eg liker i grunnen mellomlandingar. Det å få to kortare flyreiser i staden for ei lang gir ein ein pause på midten med fotfeste på landjorda. Flyet såg ganske lite ut då me gjekk ombord. Bare to flysete på kvar side av midtgangen. Dei ynskjer god tur og opplyser om at vêret ikkje er det aller beste, så det kan bli periodar av turbulens. For ei som fann vinden seint i går kveld, og tidleg i går morges, langt mindre vennleg enn ho vanlegvis opplever litt frisk bris, så var ikkje den meldinga så overraskande.
Me kom oss greitt opp og over skydekket, som såg ut som nykarda ull, teikna det seg ei skarlagensraud stripe av soloppgang. Soloppgangen vart så intenst lakserosa før fargen vart meir som blodappelsin. Eg klarte faktisk å sjå det vakre i det sjølv om eg ikkje akkurat var i mitt favorittutkikkstårn. Det er alltid beroligande når dei kjem med serveringstralla. Det gir ei kjensle av normalitet, og av ein situasjon heilt under kontroll. På same måten opplevde eg det som beroligande då eg hadde det siste keisersnittet for tjueeitt år og ein dag sidan, at kirurgane-, studentane, jordmora og anestesipersonalet midt under fødselen begynte å diskutera eit eller anna som ikkje hadde med operasjonar å gjera. Eg elska lyden av samtalen om omlegging til vinterdekk, eller kva det nå var, fordi eg var rimeleg sikker på at dei ville halde seg alvorleg til kirurgen dersom ikkje alt hadde virka normalt og under kontroll.
På fransk vis vart me serverte ein tørr croissant i kvit serviett utan syltetøy eller ost. Saman med fransk svart kaffi var det heilt ok å gumla det i seg medan eg las «Stoner» i e- bok format. Eg tenkte at den soloppgangen skulle eg ha fotografert om eg ikkje hadde mobilen i bagasjehylla. Litt seint kom eg på at eg kunne jo faktisk fotografera med i-paden. Då var sola blitt ei gulkvit lyskule i ferd med å klatra over kanten på sky- ulla.
Det kom parti med turbulens, men ikkje verre enn å kjøra buss på ein humpete veg. Skylaget over Paris var så tett at me snautt nok skimta bakken før minuttet før landing. Eit forbausa barn bak meg ropte: «Landa me nå? Eg forstår ingenting». Eit av dei andre barna i reisefylgjet repliserte: » Er dette Paris! Dæ pissregna jo i Paris». Frå flyet var det ein lang busstur inn til terminalen. Nokså tidleg på dennebturen oppdaga Leif at han hadde gløymt kameraet i flyet. Då me kom inn i flyterminalen, begynte me ei lang jakt etter rette vedkomande som kunne hjelpa oss. Etter ein del telefonar kunne ho i informasjonsskranken fortelja oss at kameraet var funne i flyet, men at Leif måtte reisa ut til landingsterminalen med ein buss og henta det sjølv. Eg sa at eg kunne venta her så lenge. I farten la han i veg med både passet mitt og boardingkortet. Nå har han vore vekke i ein time, men me har god tid til neste fly, og så lenge eg er på landjorda så rekna eg med at det meste vil ordna seg. Nå skin til og med sola inn gjennom glastaket på Charles de Gaulle flyplassen. Eg skal sjå om eg får til å overføra nokre flyplassbilete frå mobilen.
Det viste seg å ikkje vera så lett å overføra bilete, for gratisnettet her er veldig treigt. Heldigvis dukka Leif opp att etter ein strabasiøs » henta kameratur» med bussing til og frå og ordre om ny innsjekking. Nå får me prøva å passa på kvarandre og tinga våre til me er vel framme i Malaga.
Nå føler eg meg som ein utidig snikfotograf, men denne dama var så vakker at eg klarte ikkje å dy meg. Og der fekk eg jammen til å lasta opp bilete frå mobilen og 🙂
Heidi
I dag var eg på eit veldig triveleg besøk i verkstaden til Sissel Ruud. Eg hadde lova å hjelpa henne med å vera litt tekstforfattar i samband med utstillinga ho skal ha på Fotland mølle om tre veker. For at eg skulle vita skikkeleg kva eg skreiv om, så fann me ut at eg rett og slett burde koma og kikka på det ho lagar og sjå korleis ho lagar det. Solsikkebiletet over likte eg så godt. I det siste har ho jobba med ein spesiell teknikk som ho fekk ideen til då ho lærde om decoupage, ein hobby mange har drive med dei siste åra. Decoupage betyr å bruka bilete på tynt papir, gjerne det ytterste laget av serviettar, og lima og lakka det fast til ei overflate, gjerne av glas eller metall. Sissel som har jobba med biletkunst heilt sidan vidaregåande skule på formgjevningslinja, fekk tankar om at det måtte gå an å bruka denne formen for teknikk til å laga collagar på store lerret. Ein av hovudingrediensane i bileta ho skal stilla ut er utklipp frå serviettar som ho har brukt til å byggja opp bilete i fleire lag på lerret som først er grunna med maling. I bileta kan ei og finna utklipp frå aviser og gamle vekeblad, frimerker, og til og med heklebrikker kjøpt på Fretex. Inntrykket blir leikande og overraskande. Alle bileta begynner som ein leik med fargar former og motiv, eit slags leikande kaos. Så begynner arbeidet med å rydda opp i kaoskreftene og skapa eit bilete det er godt å vera i og å drøyma seg inn i. Det kan vera ein lang prosess frå eit arbeid er påbegynt til det blir erklært ferdig og får ein omgang med fiksativ på sprayboks. Teknikken der ting blir lagt lag på lag kan flikkast på nesten i det uendelege, og det kan vera vanskeleg til slutt å bestemma seg for at: «Nå er det ferdig.»
Eg fekk lov til å fotografera, og har fått lov til å visa bileta på bloggen min. Eg måtte lov å fortelja at nokre av bileta framleis er under skaping og kan koma til å sjå annleis ut til slutt. For eiga rekning må eg og leggja til at fotoutstyret mitt er litt begrensa, og eg kan ikkje garantera for at fargane er rett gjengjevne. Den kjensla som feste seg aller sterkast i meg då eg såg bileta var at det såg så spennande ut å vera i denne prosessen. Eg fekk rett og slett lyst til å laga min eigen verkstad og setja i gang. Ikkje for å gå henne i næringa, for det ville eg ikkje ha klart om eg prøvde, men fordi det såg så kjekt ut å skapa. Då eg var lita hadde eg eit rom på loftet hos bestemor med grenselaus tilgang til stoffrestar, papir, teiknesaker, gamle vekeblad og anna gratismateriale. Eg fekk rett og slett lov til å samla på alt mogleg og laga alt mogleg av det. Det er ei heilt anna historie, så den skal eg ikkje ta her, men i dag lengta eg litt tilbake til det romet, som sjølvsagt ikkje finst lenger som arbeidsrom for meg.
Øskjer og skrin fulle av fine sitat som kanskje kan passa inn i eit bilete… Eg fekk lyst til å samla på slike eg og…
Og skuffer fulle av knappar, skruer, glansbilete, vekeblad frå femtitalet, frimerke og gamle serviettar. Ja takk, alt saman. Dei gamle, litt glatte serviettane frå syttitalet og dei gamle silkeserviettane er ekstra fine som materiale, røpar Sissel. Ho har avertert på Finn etter gamle serviettsamlingar og har fått både kjøpa og overta store samlingar frå mange tiår tilbake. Eg begynte å lura på om min serviettsamling framleis står på eit loft på Ålgård, nøye sortert etter motiv, fargar og stofflegheit. Det kan vel tenkjast at det er både jordslag og musebitt på dei etter meir enn førti år? Kanskje har det gått med dei som med lua til Ingrid Sletten av Sillejord? Kanskje eg rett og slett må heim for å finna det ut?
Eg må og fortelja at fotografia mine av og til viser utdrag og ikkje heile biletet. Eg liker så godt fargane og fargeovergangane.
Eg vart og minna om at eg faktisk er utdanna kunst- og handverkslærar eg og, akkurat som Sissel. I år underviser eg ikkje i det faget i det heile tatt. Det fekk eg plutseleg veldig lyst til. Problemet er bare at som formingslærar så får eg frykteleg lyst til ikkje å vera bunden til læreplanar. Mine eigne prosjekt er til tider så kaotiske at eg ikkje trur at så mange andre lærarar ville lika å ha dei i planane sine. Noko av det kjekkaste eg har gjort er at alle fekk innreda eit rom i kvar si skoøskje som dei først tapetserte og malte og så laga møbler og bebuarar til. Eg må innrømma at då eg såg kor stor plass seksti skoøskje tok då dei skulle fraktast frå velvillige skobutikkar, så lurde eg litt på kva eg eigentleg hadde sett i gang med… 
Sissel seier at ho ikkje har så lyst til å setja titlar på bileta til denne utstillinga. For henne er språket med fargar og former noko som kommuniserer kjensler, stemningar og tilstandar og som blir eit anna språk enn ord-språket. Ved å bruka titlar vil ein og festa ei tolking til eit bilete som kanskje kan hindra at den som ser på kan bruka biletet til å gje språk til eigne kjensler og opplevingar. Det at bileta vil skapa ulike tankar og reaksjonar i ulike menneske synest ho bare er fint. Først og fremst ynskjer ho at bileta skal formidla noko som er godt og positivt.
Eg spør om ho har høyrt om andre som lagar bilete på akkurat denne måten. Det har ho ikkje. Collagar kan vera veldig mykje, og det finst uendeleg mange måtar å laga dei på. Det å laga bilete bygd fram hovudsakleg av utklipp frå serviettar er ho kanskje aleine om. Som kunstnar har ho før jobba mykje med trykk, og nokre av trykka skal og få vera med til utstillinga på Fotland.
Eg fekk lyst til å avslutta med det fine solsikkediktet til Harald Sverdrup, inspirert av det øverste biletet.
Solsikkediktet
Først dikter jeg en grønn spire,
så et blad til høyre
så et blad til venstre,
siden dikter jeg en grønn stengel
og aller øverst dikter jeg solen
og når solen ikke er mer
dikter jeg et hundre stjernefrø
og byr himmelens fugler å ete,
jeg ber dem likevel å spare
ett av mine frø.
Så dikter jeg døden.
Harald Sverdrup
Heidi
For ein fin oktobersundag. Det vart radiogudsteneste og sein frokost etter ein sein kveld i går. Så trilla eg sykkelen ut av garasjen for å få meg ein tur i det fine veret. Det var seinsommartemperatur ute, og hausten har framleis ikkje klart å bita seg heilt fast i naturen. På Fotland fann eg desse sauene som nytte livet i ein byggåker.
Eg hadde høyrd at det var ei fin utstilling på Fotland mølle, så den har eg hatt lyst til å få sjå. I dag fekk eg sjansen. Det var Gunn Fotland som hadde kalligrafiutstilling. Ho hadde brukt mange spennande teknikkar og ulike materiale. Eg likte utstillinga veldig godt, og fekk og ein prat med kunstnaren som gortalde litt om arbeida sine. Eg fekk lov til å leggja ut bilete på bloggen. Dessverre er ikkje kvaliteten så god som det arbeida hennar hadde fortent, men kanskje dei er fine nok til at de som les får lyst til å sykla bort og oppleva det sjølv.
Dette motivet frå Haugtussa blir auksjonert ut til iinntekt for Idas hjelpefond. Slikt har eg sansen for.
Og dette biletet blir lodda ut blant alle som har vore innom for å sjå utstillinga. Det var så fint at eg måtte tilbake i loddbøtta for å kontrollera at eg hadde skrive rett telefonnummer på lappan. Nettopp Moder Theresa har eg jo fylgt gjennom daglege tekstar nå i 2o15, og det gjer kanskje at biletet kommuniserer litt ekstra godt med hjartet mitt.
Ho hadde og brukt tekstar frå Vamp sine plater. Legg merke til korleis ho lett storleikane på bokstavane og bokstavane fortelja ei eiga historie.
Denne teksten får bli den lyriske teksten for i dag. Av og til er uro ei viktig drivkraft trur eg. Både ro og uro høyrer menneskeslivet til. Eg likar uttrykket «heilag uro», som eg har høyrt ein eller annan plass ein eller annan gong.
Litt tekstile uttrykk var det og…
Naturen rundt Fotland mølle er eit slags kunstverk det er godt å kvila auga på.
For komande somrar vil eg minna meg på at ein treng ikkje sørgja for tidleg over at sommaren går frå oss. Det finst faktisk mange markblomar først i oktober og.
Dei syna som høyrer hausten til er heller ikkje å forakta. I kveld skal me sjå Torvald Tu sitt gamle suksesstykke «Kjærleik på Lykteland» framført på Bryne mølle, så dette blir ei innhaldsrik helg. Noko av det eg kjem til å hugsa frå Jensi si gebursdagsfeiring i går kveld er Iren Førland si framføring av «Amzing grace». Den salmen har eg eit spesielt forhold til, ikkje minst etter Ingrid og Oddvar sitt bryllaup. Ordet grace har ei tyding på engelsk som me ikkje heilt klarer å dekkja med eit norsk ord, sjølv om det kan seiast mykje fint om ordet nåde…
Through many dangers, toils and snares,
I have already come;
this grace has brought me safe thus far,
And grace will lead me home.
Heidi
Haustvise
Eg møter deg i byen når sommar blir til haust,
og vinden bit med haustkald pust mot kinna.
Sjå livet er blitt sundag og orda dei sit laust,
me kjenner godt at livsmotet skal vinna.
For du og eg har vandra i slike gater før,
me veit at det er meining i å vandra,
me veit at det skal opnast og lukkast mang ei dør,
me veit at mykje ofte blir forandra.
Men me blir ikkje redde, for det er me som går,
me kjenner tonen og me kjenner orda,
for ofte vart det vinter og ofte vart det vår,
og alltid kom me heile ned på jorda.
Ei syster ei venninne, ein ven som vil deg vel,
eit menneske som held deg fast i armen.
Når hausten kjem med vindar som stryk mot liv og sjel,
så går me tett i tett og kjenner varmen.
Me skal om mange bakkar bli gamle du og eg,
men framleis skal me le av slikt me gjorde,
ein gong for lenge sidan, ein gong som var i går,
og stø oss blidt mot stokkane og ordet.
Heidi
I dag fekk eg ei av desse helsingane frå facebook og fortida om tekstar eg har posta på facebook for eit og to og tre og fire år sidan. For eit år sidan gjekk eg gatelangs i Stavanger i lag med ei god venninne. Etterpå skreiv eg denne haustvisa. Eg hadde rett og slett gløymt denne teksten heilt av, så takk til facebook som hjalp meg å hugsa. Eg kjende at denne teksten rett og slett hadde lyst på tonefylgje, så viss nokon skulle kjenna at det er ein melodi som vil ut, så er det bare å låna teksten…
Liljene frå Torvald Tu forestillinga for tre veker sidan pyntar framleis stova mi, av og til varer gode ting lenger enn ein trur. Nå skal eg hoppa på sykkelen og dra bort til Ingrid for å øva på noko. I kveld er det stor femtiårsdag for svoger Jensi. Eg håpar han får ein fantastisk dag å ta med seg vidare. Eg har laga kake som nok vart meir rotete og barnsleg enn stilrein og delikat, men det får våga seg. Det er ein kommentar til han frå meg på sett og vis.
På Bryne er det potetfestival, og haustferien er her. Det siste er ikkje til å tru.
Ha ein fin hausthelg alle saman.
Heidi
Blada gulnar enten me vil det eller ikkje, og ei ny årstid skal røra oss. Ubegripeleg nok så begynner haustferien i morgon. Etter kvart skal me setja oss på eit fly som går sørover for å besøkja svoger og svigerinne i Spania. Eg veit av erfaring at når flyet er trygt nede på bakken så er eg eventyrlysten, nyssgjerrig og klar for ferie, men eg har ein tendens til å fortrengja litt at eg skal ut på turar som involverer å bli transportert i lufta… Nå skal eg heller fortelja om ei reise eg bestilde i går, som er heilt min type reise. Eg skal på helgetur til Mosjøen ei helg i oktober, og turen går med tog. Takka vera sympatisk korresponderande rutetabellar, så let det seg gjera å forflytta seg frå Bryne heilt til Mosjøen på nokså nøyaktig eit døgn. I Mosjøen bur nevø Arild med sin Hege og tre små barn, og eg skal hjelpa Eva Mari litt med barnevaktoppgåva ho skal inn i. Helga må bli litt oval for at det skal gå opp, men eg har heimejobbedag på måndagane og så har eg byta meg til ein frifredag. To døgn på reise og to døgn i Nordland. Eg gler meg veldig.
I kveld lukta det nydeleg av brød i heile huset då eg kom heim. Ikkje mange ting luktar så godt som nybakt brød. Etter eit kvarters tid stod heimebakaren min der med eit halvkuleforma grytebrød i hendene. Eg skulle bare smaka litt, men dei fleste veit kor fort varmt brød med smør glir ned halsen. Den som bare vil smaka bittelitt gjer klokast i å halda seg heilt unna. Det var stappfullt av sunne kornsortar, så verre utskeiingar kan vel tenkjast. Det er ikkje rart at dei sa før i tida at ein aldri skulle eta varmt brød. Dersom familien var blitt slepte laus på noko slikt, så hadde vel brødforbruket auka til det doble.
Trøytt og litt ør etter ein lang arbeidsdag, så skal eg ikkje bli sitjande lenge ved tastaturet i kveld. I morgon ettermiddag må eg skriva to songar og baka eit stort sukkerbrød før eg skal ut om kvelden. Eg burde nok heller bruka tankane på det.
Til slutt kostar me på oss ein kveldssong skriven a av Clemens Bretano for om lag to hundre år sidan. Han er omsett til norsk av Åse Marie Nesse
Kveldssong
Høyr ei einsleg fløyte klagar
brunnar susar kjølegmilde,
og dei gylne tonar svagar-
la oss lyde, stille, stille!
Løynleg lengt og fagre draumar
talar ljuvt til hjarta att.
Lyset stig frå toneflaumar
famnar meg i mørke natt.
Clemens Bretano
Heidi
Nå er eg nettopp komen heim frå øving med blåsekvintetten eg ikkje spelar i… Dei er veldig flinke musikarar, og eg er med som forteljar. Me skal framføra historia om Babar, den vesle elefanten. Det er laga som ei musikalsk forestilling, omtrent som den meir kjende historia om «Peter og ulven», som eg hugsar me såg med rikskonsertane på skulen då eg var barn. Musikken er veldig fin. Historia om Babar kjenner eg frå før og kan nestan utanåt etter å ha lese boka utallige gonger for barna mine då dei var små. Ein kan seia kva ein vil om historia om Babar som får status blant dei andre dyra, og blir krona til konge fordi han har lært å oppføra seg som eit menneske, men saman med musikken blir det fint. Det er spennande å jobba saman med så flinke musikarar. Nokre gonger skal eg inn og snakka over musikken, og det er ikkje så lett når eg ikkje les notar skikkeleg og ikkje sit med notebladet framfor meg. Heldigvis har me funne ut at fløytisten kan nikka meg inn på rett plass. Eg er van med å fortelja nokså fritt når eg fortel med barn, men her må eg halda meg tett til manus for å gje musikarane stikkorda. Nå har eg eit par veker på meg til å arbeida historia skikkeleg inn, leita fram rekvisittar og bilete og bestemma meg for kor mykje eg skal vera i rolle som elefant og gammal dame. Det er spennande. Eg har alltid hatt lyst til å vera musikar og spela saman med andre, så dette blir vel sånn omtrent så nær som eg nokon gong kjem til å koma. Premieren skal me ha på Time bibliotek laurdag 17. oktober.
Så har eg tenkt å gje eit ansikt til kvardagsnevrotikarane, eller kanskje snarare hypokondarane blant oss… Denne gongen hadde eg bestemt meg for å forbli roleg og ubekymra medan eg venta på svar frå mammografiundersøkjinga. Det er lettare sagt enn gjort når fantasien tek overhand. Den siste veka har eg hatt vondt i magen kvar gong eg nærmar meg postkassen, og i går då eg hadde skrivedag, tok eg meg i å speida nervøst etter postbilen når tida for postudeling nærma seg. I dag var postkassen tom, og då eg såg brevet liggja på spisestuebordet torde eg mest ikkje opna det. Eg skalv på hendene og var klar for det meste.
Eg registrerte at det bare var eit ark i konvolutten og håpa det var eit godt teikn… Heldigvis har dei vit til å skriva den glade bodskapen med krigstypar slik at det er det første eit nervøst auga finn fram til. Det første eg tenkte var at dei kanskje hadde send meg feil brev og at det kom kontrabeskjed i morgon. Det neste eg las var at det stod i ein bisetning at det var ikkje alltid ein oppdaga kreft ved mammografi. Så tok eg til vit og vart letta.
Eg veit at eg burde skamma meg over å reagera så tåpeleg… Eg likar å sjå på meg sjølv som eit roleg og avbalansert menneske med robust psyke… Me har vel alle ein akilleshæl eller to. Eg er ikkje redd for så forferdeleg mykje… Bare for sjukdom, at det skal skje noko med barna mine, for å reisa med fly og for å kjøra bil utanfor min komfortkjøresone; som forøvrig går nordover til Kleppe, sørover til Ogna og austover til Ålgård… Det er jo ikkje sååå mykje… Sånn ca innanfor normalen kanskje? Eg må skunda meg å fortelja at eg ikkje er redd for å snakka i store forsamlingar, dumma meg ut offentleg, be om unnskuldning, skriva kva som helst, eller å møta nye menneske… Kanskje det oppveg litt for nevrosane? Det er merkeleg kor forskjellig me er skrudde saman… At eg ikkje er spesielt glad i tannlegebesøk, reknar eg og for å vera sånn ca ganske normalt.
Nå er ikkje prosjektet mitt i dag å blottleggja meg heilt eller noko liknande. Eg tenkte bare rett og slett at i ei verd der me trur me må vera så flinke og dyktige, så kan det vera greitt å våga å stå fram med det som er nokså svakt og tåpeleg og… Og så veit eg av erfaring at me taklar meir enn me trur kvar gong me må. Av og til er det bare så veldig deilig å sleppa…
Heidi
Og visst har det vore ein fin seinsommar og ein fin start på hausten så langt. Eg har hatt skrivedag og blitt litt dregen mellom å vera flink jente og bruka dagen til å skriva og å vera flink jente og koma meg ut og nyta det fine veret. Flinke jenter må gjerne stå i krysspress fordi dei ikkje klarer å vera flinke meir enn ein plass på ein gong… Eg har i grunnen slett ikkje rukke å gjera alt det eg hadde tenkt i dag, for eg vart sitjande og strikka ferdig ein genser som eg nå klør i fingrane etter å montera. Det vart litt diktskriving. Eg har heile tida nye ting eg har lyst til å skriva ned. Tida strekk ikkje til, og det er vel eit luksusproblem. Sjølv ikkje etter meir enn femti år hr eg lært meg kor mykje det er realistisk å rekka på ein dag. Til slutt vart det ein sykkeltur langs Frøylandsvatnet. Det gjorde godt. Det er så fint der på denne årstida, og ettermiddagslyset er så fint.
Eg såg heile tida ting eg hadde lyst til å fotografera. Av og til hadde det vore fint med eit litt meir avansert kamera enn det eg har på mobilen, men det er nå utruleg praktisk å ikkje trenga å bera på ekstra fotoutstyr. Reinfannen står med kvit ull nå, raunbæra lyser raude, vannliljene ligg der framleis og dei siste markblomane står og blømer. På markene langs vatnet beitar det kyr og ute på vatnet er det ein flokk med svaner. Det var mykje folk ute og jogga, sykla og gjekk tur, eg møtte og to store hestar med ryttarar. På vatnet låg det av alle ting ein ganske stor båt. Eg lurer på om det er ein slags arbeidsbåt som ligg der i samband med gangbrua som skal byggjast over vatnet. Lufta hadde dette skarpe kjølege draget som fortel at det ikkje er sommar lenger sjølv om sola skin. Eg trur eg avsluttar med å by på ein liten smak av det eg har skrive i dag. Det er litt galskap å presentera ting som ikkje har fått liggja til ettertanke ei stund, men det får vel våga seg…
Kva steinar kan brukast til?
Til meir enn steinkasting
det vil eg helst tru.
Det hender me må bera dei med oss
til me treng dei
sjølv om dei tyngjer i hendene
eller i ryggsekken,
men til slutt kan me byggja bruer,
eller kanskje små brygger av håp,
slik at små skip
og overfylde båtar
kan leggja til ein kveld i september
lasta med alt og alle
som kunne trengja ei bryggje i livet sitt.
Heidi




















































