Før eg går vidare må eg visa litt av bileta og fortelja litt av det eg opplevde då me køyrde frå Segulda til Krapi i går.
Første stopp var Celsis, ein by med ei stor borg og med eit middelalderaktig sentrum. Dette var byen som var omtrent slik me trudde Segulda skulle vera. Kanskje me har blanda informasjonen. Me har omsider funne ut korfor så mange byar har namn som sluttar på – pils, og korfor hotellet me budde på i går heitte hotell Pils. Pils betyr rett og slett slott på latvisk og har ikkje noko med den i Norge meir kjende drikken med same namn.
Det har skjedd noko merkeleg med meg. Plutseleg synest eg at dei veldig malingsslitne og forfalne husa her er vakre. Kanskje det er slik dei ser det her i Latvia? At slitt trevirke som får stå umalt er vakkert på ein naturleg måte? Eg er ikkje sikker på om me bør prøva det ut i Kong Sigurds gate på Bryne…
Ein ting som utan tvil er veldig vakkert er storkereir med ungar i. Folk legg til rette for å få stork på eigedomen ved å setja opp tårn til dei og nesten byggja reir for dei i dertil eigna kjerrehjul på toppen. Eg er usikker på om dei gjer det fordi det er koseleg med ein storkefamilie på garden, eller fordi dei gjer nytte for seg ved å eta mus og froskar og eventuelt andre småkryp dei ikkje er glade for å ha for mange av.
Eg skulle gjerne ha ein stork i hagen… Dei har jo hatt ein del stork i Danmark før, men nå er dei i ferd med å forsvinna heilt på grunn av nye jordbruksmetodar.
På vår veg oppdaga me noko me aldri har sett liknande til før. Midt i skogen låg det ein liten kyrkjegard med graver mellom dei høge trea. Mange av gravene hadde bare enkle trekors. Eg trur
det er den vakraste kyrkjegarden eg har sett nokon gong.
Etterkvart havna me i ein liten by som heitte Limbazu. Der fann me ein kafé der dagens rett var ein trerettars latvisk middag, me forstod ikkje heilt kva det var, men sidan ein trerettars middag ville kosta oss tre euro kvar, så fann me ut at det burde me få med oss.
Den første retten var ei lys suppe med poteter og nudler og masse dill. Suppa smakte heilt greitt, men trong litt salt og pepar for å bli kvessen.
Neste rett var ei ganske stor kjøttkake med løk og karve i. Dei er glad i karve her, og det er eg og. Bortsett frå karven så var det ikkje ulikt ei gammaldags norsk kjøttkake. Til denne vart det servert kokte småpoteter med lys saus over og raudkål med persille.
Desserten var det mest framandarta. Utgangspunktet er sikkert å få til å laga ein relativt billig og søt avslutning på eit måltid. Eg tippar at utgangspunktet er piska margarin og sukker til luftig krem, kanskje tilført eit egg. Så er det blanda i litt stivelse slik at konsistensen er blitt litt puddingaktig. I denne blandingen har dei hatt eit par skeier cornflakes og litt kanel. Dette blir servert i små klattar pynta med ei spiseskei tytebærsyltetøy, eit lett kokosdryss og eit friskt bringebær på toppen. Dette er nok ikkje noko eg kjem til å prøva meg på heime, men det minner meg om den typen billige «kvardagsdesserter» som me lærte å laga på skulekjøkkenet, og som knapt nokon lagar lenger. Då tenkjer eg på type rosenpudding, semulepudding, sagosuppe og trollkrem. Dette måltidet gav meg rett og slett litt ein følelse av 60- og 70- talsmiddag, sjølv om det for oss var ukjende rettar.
Etterpå måtte eg fotografera fleire gamle fine hus.
Men sjølv for meg kan det framleis bli litt vel gammalt. Hus som dette er det fleire av i byane.
Så gjekk ferda til Estland, og resten av dagen skreiv eg om i går.
Heidi
I dag trur at eg startar der eg er akkurat nå, nemleg på Krapi Guesthouse i Krapi i Estland
. For å koma hit har me kjørt på ein lang og smal bygdeveg i lange tider gjennom ein skog med havet i Rigabukta blenkjane rett der ute. Me fann denne plassen via internett i dag tidleg, og bestemte oss for å kjøra nordover og over grensa til Estland. Huset ligg som eit lite pensjonat i hagen til Carina som styrer her. Carina er ei nydeleg lyshåra dame i førtiårsalderen, blid og veldig vennleg. Ho snakkar estisk, latvisk og russisk, men dessverre nesten ikkje engelsk, så kommunikasjonen oss i mellom går med veldig enkle setningar og mange spørsmålsteikn. Dersom det blir for vanskeleg, ringer ho dottera på tjue som snakkar engelsk og så prøver mora å få til å forklara det til oss på engelsk på telefon. Yngstedottera på fem spring rundt i rosa ballettskjørt og snakkar til oss på estisk i eit kjør. Eg smiler så fint eg kan til henne og svarer på norsk på det ho kanskje spør om. Ungar er fine å kommunisera med på den måten. Ho kjem med tomatar, rips og kirsebær til oss og me takkar så fint me kan. Eg har lært at tomat heiter tomat og kirsebær kirsj, så læringskurven er bratt. Ein diger langhåra leiken schæferhund spring og fritt omkring, dei forsikrar meg om at han er bare snill, og det trur eg på. Sidan gjestehuset ligg rett i hagen deira, så har me trukke oss inn nå fordi dei akkurat skulle eta middagen som mannen i huset har grilla rundt bordet der ute. Gjestehuset er bygd med fleire rom og ei felles stove med kjøkken, felles do og dusj og TV og vaskemaskin. Utanom oss er det bare to svenskar her, dei har eg så vidt helst på.
Eg har nå trekt ut att, for det er der Internett virkar, men eg trur eg snart må inn att, for myggen et meg levande. Hunden spring til og frå og hentar konglar som han vil at eg skal kasta til han, han hopper opp og fanger dei med munnen. Veslejenta serverer sandkake med gras i frå eit spann og det må eg og smaka på.
Denne staden liknar i grunnen ikkje på nokon annan plass eg har vore. Langs vegen gjennom skogen rett ved havet ligg det med jamne mellomrom bittesmå grender med relativt få hus. Då me kom hit, trengte me å få handla litt, så me kjørte til næraste grenda der det var ein bitteliten landhandel med nokså moderat utval av alt anna enn alkohol. Dei to damene som jobba der snakka ikkje engelsk, så det gjekk på peiking og smil.
Det var og ein fin liten skule i grenda og ei bittelita trekyrkje. I tillegg var det eit bittelite sterkt grasgrønt gravkapell og ein kyrkjegard. I tillegg fann me ein liten kafé der dei reklamerte med at dei hadde wi-fi. Me gjekk inn for å sjå kva dei hadde. Det einaste me forstod var hamburger, ein relativt internasjonal rett. Eg lurte på om eg skulle prøva å formidla til dama der at ho måtte steika dei godt, men eg lot det vera. Dels fordi eg var redd for å virka uhøfleg og litt fordi eg ikkje rekna med at eg ville klara å forklara det sidan ho ikkje snakka engelsk. Eg foreslo for reiskameraten at me skulle setja oss utanfor på eit av borda der på grunn av ei nokså påtrengjande myggellukt i lokalet. Då me fekk hamburgarane var dei bada i thousand- Island- dressing, som ikkje er min favoritt. Me lurte på koss me skulle få til å eta det utan å bli heilt tilklinte av rosa majonesdressing.
Ei stund såg det ut som om eg for min del ville sleppa unna det problemet, for plutseleg sat det ein kjempestor hund på sida av meg på benken som prøvde å få tak i maten min. Han såg litt grønlandshundaktig ut, og hadde av ein eller annan grunn på seg eit elektronisk halsband. Ein av mennene som sat og drakk på eit av dei andre borda kom og henta han og forklarte meg at den hunden ikkje eigde oppdragelse. Det er den hunden du kan skimta i bakgrunnen på biletet nedanfor.
Då me skulle bita i hamburgarane, viste det seg at dei var heilt råe inni, og ingen av oss hadde spesielt lyst til å eta dei. Me fann ut at me måtte prøva å kasta dei i smug i ein søppelkasse på staden, for å dra dei klissete greiene inn i leiebilen for å kasta dei var heller ikkje aktuelt. Me lukkast med prosjektet. Leif klarte ikkje heilt å bestemma seg fordom staden me hadde kome til likna mest på Bakkebygrenda eller Twin Peaks…
Me hadde jo kjøpt brød og ost og jus, så det var ikkje synd på oss. Etter å ha sitte ute i vederkvegande sol for oss solhungrige jærbuar, så bestemte me oss for å prøva oss på det første sjøbadet i sommar. Me kjørde ned til stranda der det og var campingplass og båtplasser med nokre store omnar der ein kunne fyra med ved og grilla. Det var og ein gammaldags brønn med pumpe der det gjekk an å pumpa opp vatn. Strendene her er lange og kvite akkurat som strendene heime, og det var god plass sjølv om det var mange som bada. Vatnet var relativt godt og varmt, sikkert minst atten grader. Det var langgrunt, og då me kom ut der det gjekk an å symja såg det litt grumsete ut, eg håpar det skuldast at botnen var litt grumsete. Det er ikkje lett å finna sjøvatn å bada i som kan konkurrera med det me har heime, det vil seia dersom ein held dei reint temperaturmessige sidene utanfor…
Uansett så var det deilig å endeleg få innvia badesesongen. Vêret på turen har gjort oss godt. Det er ikkje kjempevarmt, men tjue grader pluss er meir enn godt nok for dei som har lengta i veker og månadar på at gradestokken skal koma over femten grader. Bare det å få sol på armane og kunna gå barbeint i sandalar utan å frysa er ubeskrivelig deilig. Eigentleg har eg mykje meir å fortelja om dagen i dag, men nettet er ikkje så samarbeidsvillig, så eg takkar foreløpig for meg.
Heidi
Etter at ne hadde kome ned att i byen, drakk me kaffi i ein veldig koseleg hage der dei hadde laga store blomar og store insekt av mose, blomar, tre og metall. Eg vart heilt fascinert av kreativiteten og fekk nesten lyst til å laga noko liknande i eigen hage… Det var og laga små innhegningar med store sauer og griser i ein forstørre variant av sånne plaster som ungar leikar med… Desse var det dessverre ikkje lov til å røra, og den timen me var der sprang foreldre skytteltrafikk for å prøva å hindra viljesterke og målbevisste småbarn som ville leika med dyra. Eg forstår dei godt, eg fekk lyst til å leika sjølv eg…
Utpå ettermiddagen tok me bilen for å køyra opp til ei gammal borg ca fem kilometer frå byen. Det var sykkel og gangsti dit opp og masse folk var på veg. Me var litt seint ute, men rakk å gå ein tur i det fantastiske hageanlegget rundt borga som og var kloster i mange år. Dei av oss som hadde lyst, fekk og klatra opp dei 170 bratte trappetrinna opp. I dag før me kom hadde det vore ein alvorleg idrettskonkurranse om å springa opp i tårnet på kortast mogleg tid, og det var sett ny rekord på 35 sekund… Kanskje det var den rekorden våre russiske venner frå sist innlegg skulle prøva seg på…
Ein del av hagen utanfor var ein skulpturpark der den latviske kunstnaren Indulis Rankas hadde laga skulpturar rundt temaet latvisk livsvisdom. Skulpturane var verkeleg fine.
Skulpturen under vart eg spesielt fascinert av. Han ser slik ut på den eine sida:
Og slik ut på den andre:
Hagen var elles utruleg vakker med masse blomar, epletre og andre tre. Det var og ein stor urtehage med plantar som tradisjonelt har blitt dyrka for å ha til medisinsk bruk.
Då me køyrde tilbakeke var det folkessmanstimling på brua over elva. Me lurte på kva alle såg på og stoppa for å finna det ut. Det viste seg å vera strikkhoppingg frå gondolen som hang høgt oppe i lufta. Dei kom stupande ned med hovudet først. I beste fall går det an å sjå det på biletet..
Uæææh, seier bare eg. Nokre av dei skreik forresten stygt i det dei hoppa ut.
Då me kom tilbake var klokka nesten ni. Me hadde tenkt å kjøpa middag, men dei stengde overalt klokka ni. Heldigvis forbarma dei seg over oss i hotellrestauranten, me fekk tilbod om suppe, pasta eller dumplings. Me åt nydeleg soppsuppe, dei er veldig glade i å plukka sopp her. Leif åt spaghetti med kylling, og eg åt vegetariske dumplings fylde med spinat med ein tyntflytande litt rømmeaktig saus. Dei er forresten veldig glade i dill her. Det er dryssa hakka dill over nesten alt maten. Middagen smakte forresten kjempegodt. Kor turen går i morgon? Me har ikkje heilt bestemt oss endå…
Heidi
Det et dei små, smale vegane det er kjekkast å køyra på. Dei med masse blomar i vegkanten, gulnande åkrar, malingsslitne små gardar og store høyballar som ikkje er pakka i kvit plast. Dei med masse storkar, der nokre framleis er i reira medan andre reir står tome fordi ungane og foreldra har forlate dei. Slike vegar køyrde me på dei første timane i dag, og med jamne mellomrom stansa me bilen for å fotografera litt. Då me endeleg fekk radioen til å virka var det me tilfeldigvis hadde klart å finna ein lovsongskanal som spelte amerikanske og latviske lovsongar nonstop. Det kunne jo passa godt på ein sundag, og stemde i grunnen sjela til andakt og ettertanke.

Seinare kom me inn på ein større veg som mellom anna førde oss gjennom Riga, som me bare fekk ein bittelite glimt av i dag. Dit skal me tilbake når me ikkje har leiebil lenger. Målet i dag var Segulda, ein by me hadde fått anbefalt, han ligg litt opp i høgda. Me hadde fått det for oss at Segulda skulle vera ein gammal middelalderby. Det stemmer ikkje så langt me har sett til nå. Segulda er ein fin plass, men heilt annleis enn me hadde forestilt oss.
Rett ved sida av hotellet vårt ligg det fleire konditori. Me gjekk inn på eit av dei for å få oss litt lunsj. Det vart utruleg trongt der inne etterkvart. Me kjøpte oss salat og sat der og beundra alle dei fine kakene i monteren. Dei nærast på biletet er ein slags sjokoladekaker pynta med levande kornblomar. Det såg ut som om det var populært å gå på konditori og eta fine kaker på sundagen. I dag stod me i mot, men me må nok prøva ei skikkeleg latvisk kake ein dag.
Detviste seg at Segulda kanskje meir enn noko er ein by for friluftsliv, fotturist, sykkelturar, sport og spenning. Me vart anbefalte ei gangrute for å få med oss litt av det området hadde å by på. Plutseleg kom det gåande ein sporty gjeng i russiske treningsdrakter som såg ut til å vera ein eller annan form for toppidrettstrupp, me fann ut at me kunne gå bak dei for å finna ut kva dei var på veg til, men me haldt ikkje fylgje så veldig langt.
Visst fann me fram sjølv. Me kom raskt opp på ei høgde der ein kunne kjøra ein slags skiheis ned til dalen, eller gondolbane over elva langt der nede. Det var og mogleg å kjøra på ein slags einspora bob- bane ned frå høgda, henga etter armane i ein slags taubane, sykla på line, eller ta ein tur i eit stort pariserhjul…
Detser ikkje så frykteleg høgt ut, men det var høgt nok til å vera heilt uaktuelt for meg. I staden engsta eg meg litt over at femåringar fekk køyra aleine utan annan sikring enn den metallbøylen Leif held seg fast i. Eg såg og ein far som køyrde med toåringen sin og opna Bøylestad heilt opp ti meter før dei var framme… Men det er sikkert eg som er galen…
På vegen ned beundra me fleire av desse vakre og falleferdige husa, og beundra dei fine blomane både i hagar og parkanlegg.
Og nå ser eg at det må bli del to i dag og… Dokumenta blir så tunge å arbeida med når dei blir så store som dette… Så viss du vil hengja med meg gjennom dagen, så må du rett og slett over på del to. Og eg som hadde tenkt å begrensa meg litt i dag…
Heidi
Målet for dagen var ein litt større by, Ventspils, som og ligg ute ved kysten. Dette viste seg å vera ein veldig fin by med masse fine skulpturar og nydelege blomar. Byen har og ei veldig finn badestrand som er komen med på lista over dei finaste strendene i Europa. Her har eg måtte redigera ned hard hand både kva eg skulle fotografera og kva eg skulle lasta opp av bilete for å ta med her…
Leif hadde funne ut at akkurat i dag var det konkurranse om å byggja det finaste sandslottet. Eg vil tru at konkurrentane er profesjonelle skulptørar snarare enn barn, for resultata var svært imponerande. Konkurransen var over då me kom ned dit, men me fekk sjå dei nylaga kunstverka. Eg håpar det går fram av bileta kor store dei er. Nå regnar det ute, så eg er redd dette bokstaveleg talt vart kunst for ein kveld.
Stranda var veldig stor og ende opp i ein stor molo der folk spaserte og sykla. Etter strandturen gjekk me tur i byen. Der var det ein merkeleg blanding av fine skulpturar, flotte blomar, fine hus og ganske forfalne hus.
Ved eit hus der kledninga delvis var i ferd med å falla av, sat det ein mager katt og vaska seg. Me oppdaga to kattungar framfor huset, og til vår overrasking oppdaga me fleire par katteauge frå inne i veggen. Det viste seg at det var fullt av kattar, minst fire- fem, både vaksne og kattungar som haldt til inne i husveggen…
Me sette oss ned på ein uterestaurant. Der fekk eg servert det mest dekorative middagsmåltidet eg har ete nokon gong. Tallerkenen var dandert som eit kunstverk med grøne urter, oliven, blåbær, tranebær og ein enkelt fiol.
Det var nesten synd å øydeleggja kunstverket, men det viste seg å smaka heilt utruleg godt og. Hovedretten bestod av torsk i ein saus med urter og løk og ris med villris. Det er noko av det beste eg har ete på lenge.
Nå har me hatt ein lang og intens dag. Sjølv om me har kjørt ein del, så har me gått ganske mykje og. Nå er eg trøytt i føtene, og i tillegg er dei ganske sandete etter å ha trava fram og tilbake på tre ulike strender. Reisekameraten min søv allereie tungt her ved sida av meg. I morgon har dei meld ein del regn først på dagen, så då er planen å kjøra til ein middelalderby lenger nord og aust i landet.
Heidi
I dag vakna eg med glad forventning til ein ny og spennande dag. Ute var det varm og fin sommar, det vil seia rundt tjue grader og sol. Me spør ikkje om meir. Dei melder om ein kald og grå sommar her i Latvia og, men det kan tenkjast dei legg lista ein annan plass enn oss. Me gjekk ned i spisesalen på hotellet til avtalt tid klokka ni, der var det dekka eit bord, – til oss, og to damer stod og venta og lurte på om me ville ha kaffi eller te. På bordet stod det eit fat med brødskiver, lyst brød, og sånn veldig mørkt, litt søtt brød med malt og karve, som eg hugsar frå i fjor. I tillegg var det eit lite stykke formkake til kvar. Me tenkte at det kanskje var frokoste, men stussa litt over at det ikkje var tallerkenar. Då kom dei berande på kvar sin overfylte frokostasjett.
Me er godt oppdrogne til å eta opp maten vår, men her måtte me gje opp til slutt. Det som var veldig koseleg å observera var at det i eit hjørne av spisesalen var leiker og biletbøker. Eg gler meg alltid over å oppdaga at det er tilrettelagd for at barn skal kjenna seg velkomne.
Me bestemte oss for å starta dagen med å dra tilbake til Roja, der me ende opp med å ikkje finna overnattingsplass i går. På vegen dit måtte me stoppa for å fotografera både storkar og blomar i kornåker. Jenta på hotellet fortalde at det ikkje er så lenge til storkane reiser sørover att. Nokre somrar dreg dei alt i slutten av juli. Det er ubegripeleg at dei vågar seg i veg på skikkeleg langtur med ungar som nesten nettopp er blitt flygedyktige.
For å koma ned på stranda i Roja måtte me gå over ei bru der kjærestepar hadde hengt opp hengelåsar som eit symbol på forholdet deira. Me får håpa det går bra med både Dina og Andis og dei andre. Eg lurer på om dei kastar nøkkelen i elva etter at dei har låst han fast eller om dei gøymer nøkkelen i lomma i tilfelle dei ein mørk kveld må snika seg ned og fjerna låsen… Nede på stranda var det fint med benkjer, leikestativ og skulptur. Eg måtte ut og vassa litt. Det var veldig langgrunt, så vatnet var ganske behageleg.
På den andre sida av ein lang molo var det ei lita havn med fiskebåtar. Mange var ganske rusta og stygge, men på same måten som husa likevel ganske sjarmerande…
Me bestemte oss for å kjøra vidare heilt opp til nordspissen av landet mot Rigabukta. Eg trur det heitte Korla der, men skal sjekka det på eit kart i morgon.
Der var det skog heilt ut til spissen ut mot havet, og turstier som folk kunne gå på gjennom skogen og opp på knausane. Der var det og sett opp eit utkikkstårn som ein kunne klatra opp i for å få god oversikt og utsikt. Frå eit platå gjekk det trapp ned til stranda. Der stod det skilt om at havet ved høgvatn kunne gå heilt opp til platået. Det stod og bilete av ulike sel-artar som kunne koma inn på stranda og eit forbodsskilt mot å klappa selar. Me såg ingen selar… Derimot såg me hestar og menneske som bada…
Etterkvart vart det på tide med lunsj. Det var ikkje veldig mange kafear på denne yttervegen mot havet, men me fant ein utandørskafe i Korla. Framleis mett etter den store frokosten bestilte eg ostetallerken med brød. Eg fekk nesten sjokk dø eg såg kor stor han var, eg må viss begynna å spørja om kor store porsjonane er. Osten var kjempegod, men sjølv med hjelp frå Leif var det heilt umogleg å eta det opp, dette er ikkje akkurat ei vanleg problemstilling for meg, så det er i og for seg ei interessant problemstilling å føla på kroppen…
Turen langs kysten vart ganske lang og vegen var ganske smal. Overalt var det sykkelturistar. Det var interessant å leggja merke til at ingen brukte hjelm, nesten alle sykla i vanlege klede i oppreist stilling, altså ikkje liggjande flate over styret… Veldig mange hadde ikkje racersyklar, og dei fleste hadde oppakkinga i sykkelkorger på styre og bagasjebrett og i ryggsekkjer. Eg la og merke til ein for meg ny type fotturist, folk som i tillegg til eller i staden for å ha bagasjen i ryggsekk, gjekk og kjørde bagasjen sin i bagasjetriller a la barnevogn. Det må jo gå greitt på flate vegar, men vera nokså upraktisk på turar i fjellet eller i ulendt terreng. Det som var litt synd med denne vegen var at det nesten heile strekningen var skog mellom havet og vegen slik at ein måtte ta små avstikkarar for å sjå kystlinja og sjøen. Nå blir dette innlegget så stort og uhandterleg at eg ser at eg må skriva eit blogginnlegg til for å få med alt eg har lyst til å fortelja i dag… Heidi
I dag har eg landa trygt med fly to gonger. For meg følest det nesten som å få livet i gåve to gonger på same dagen… Med andre ord er eg boren trygt til Latvia på vengene til SAS og Baltic Air. Biletet over viser noko av det eg kjenner att frå i fjor, hus som ser relativt falleferdige ut er det mange av her, men fleire av dei har likevel ein slags eigenarta sjarm.
Når eg og mannen i mitt liv feriereiser, så hender det ofte at det er litt på innfallsmetoden, me lar vegane opna seg etterkvart. Han er av den eventyrlystne typen som liker å finna ut av ting på eiga hand, og eg er med på det meste og synest det er spennande å ikkje vita heilt kva som skal skje… For eit par dagar sidan bestemte me oss for å leia ein bil dei seks første dagane og sjå oss om i Latvia før me landar i Riga. Me fann bilen, og etterkvart fann me vegen og.Etterkvart vart me svoltne og fann ut at me måtte få oss litt mat. Me stoppa ved ei slags veikro der det viste seg at ingen snakka engelsk. Maten dei hadde der var litt ubestemmeleg og virka som ganske solid «bondekost». Me peikte i ein glasmonter på det me hadde lyst til å eta. Eg må innrømma at eg gjorde eit ganske feigt val og peikte på ei pølse, for det visste eg i alle fall kva var… Men pølsa smakte godt og salatane var gode. Sennep klarte eg ikkje å få dei til å forstå på noko språk, men dei tilbydde meg det internasjonale tilbehøyret ved namn ketchup, og det takka eg ja til…
Eg må innrømma at eg har ei merkeleg dragning mot havet når me er ute og reiser. Eg ser på kartet og finn den ytterste kystvegen som finst heilt ute i havgapet og foreslår å kjøra der. Ein skulle nesten tru eg reiste på tur for å sjå det same som eg gjer heime. Dette fekk eg gjennomslag for i dag og. Me starta med å kjøra gjennom Jurmala, byen me har fått anbefalt av så mange at me må besøkja han skikkeleg seinare på turen. Så la me oss ytterst mot Rigabukta og kjørde nordvestover. Me kom inn i eit naturparkområde med mange sykkelstier og fotturistar, vegen gjekk gjennom ein skog, og skogen gjekk heilt ned til havet.
Me stoppa i Engure, der var det bare femti meter ned til sjøen, og me kunne gå langs sjøen på ein sti med siv som gjekk oss til skuldrene. Ytterst nede var det kvit sandstrand der nokon solte seg, men i havkanten var det rett og slett ganske gjørmete. Ikkje langt frå land var det både flokkar av svaner og flokkar av skarv.
Nederst ved havet låg det og ei lita brun evangelisk trekyrkje. Utanfor var det ein liten kyrkjegard. Eg likar alltid å gå inn på gamle kyrkjegardane for å kjenna på stemninga, lesa namna og kikka på gravstøttene. Denne var annleis enn det meste eg har sett. Gravene låg veldig tett, det var benkjer og bord der og ein gammaldags brønn med bøtte til å heisa opp vatn med. Ripsbuskar var det og, det er første gongen eg har sett frukt eller bær veksa på ein kyrkjegard…
Etter litt meir kjøring kom me til ein liten kystbyen som heitte Roja. Her prøvde me å få hotell, men det viste seg å vera heilt umogleg sidan det var ein film- og kulturfestival der akkurat nå. Me måtte fire mil inn i landet for å finna hotell, og havna i ein liten bu som heiter Talsi der dei kunne ta i mot oss… I morgon dreg me ut til kysten att, kanskje me får sett litt meir av Roja og kulturfestivalen då. Me har kjørt på nokre veldig små vegar, og har heldigvis fått sjå mykje stork. I fjor var me her eit par veker tidlegare, så me var redd at alle storkeungane hadde flydd ut av reira. Heldigvis er det storkungar i reira framleis. Det er eit veldig koseleg syn å sjå flaksende storkungar høgt oppi eit reir som står på kanten og samlar mot til å hoppa. Kanskje det kan bli storkefotografering i morgon?
Etter å ha installert oss på hotellet, der eg trur me er sånn omtrent dei einaste gjestene, så måtte me sjølvsagt ut og sjå kva Talsi måtte ha å by på. Det er ganske koseleg her, men ikkje veldig masse turistar. Folk er jamnt over lite flinke til å snakka engelsk. Det er rart å vera » språklaus». Me kan jo lesa orda, men anar ikkje korleis dei skal uttalast.
Eg undrar meg over alle desse falleferdige husa både i og utanfor byane. Nokre av dei er forresten store fine sveitserhus som vitnar om fortids rikdom, men som nå står med knuste vindaugsruter og dører som heng på bare ei hengsle. Nokre få av dei er i ferd med å bli oppussa, men mange bare står der.
Me delte ein pizza på ein uterestaurant i sola. Etterpå handla me på Rimi. Her er både Rimi og Narvesen, nemleg. Der kjøpte me to flasker vatn med kolsyre, to nektariner, ein is og eit wienerbrød og betalte ca 18 kroner til saman…
Då me kom tilbake til hotellet, spanderte den søte unge jenta i resepsjonen svart sterk kaffi på oss, som ei helsing frå huset. Ho er forresten veldig flink i engelsk. Så kom ho med ei halvoppeten korg jordbær til oss og sa at me måtte smaka på latviske jordbær, dei var «speciel delicius». Dei var gode, men me klarte vel ikkje heilt å la vera å nevnt noko om at me kom frå landet med dei beste jordbæra i verda… Får håpa at me gjorde det på ein nokonlunde sjarmerande måte. Langs vegen sit det forresten folk og sel nyplukka sopp og heimekokt syltetøy. Det siste kunne det vore kjekt å kjøpt med seg eit par glas av. Det var bare det å få det med seg heim…
Heidi
***
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera,
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Me føddest på jorda, og her skal me bu,
skal arbeida, leva og smila,
skal gråta og vakla i vemod og tru,
skal elska og be og fortvila.
*
Me ville så mykje, me ville ha alt,
det låg ikkje for oss å dela.
Me skjøna for lite, og så gjekk det galt,
me veit det med hjartet og sjela.
***
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Kom, rekk dine hender mot syster og bror
i tillit og tru på Guds nærleik,
For håpet er vake og vona er stor,
kom fyll oss, du himmelske kjærleik.
*
For visst kan me vaka og visst kan me be,
og visst kan me trøysta og handla,
og me har eit løfte; Det gode kan skje,
og framleis kan alt bli forvandla.
***
Så flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*****
Eg kjende for å gjera noko litt modig, noko eg forresten har gjort fleire gonger før. Eg legg ut eit førsteutkast til ei salme som er ei bøn for jorda og for oss som bur her. Som de sikkert vil forstå, så er det som er merka med *** tenkt å vera eit refreng. Det andre er tenkt å vera vers. Er her for mange vers? Gjev versa og refrenget meining? Burde noko ha vore annleis i rekkefylgjen? Er nokre av versa for svake reint innhaldsmessig? Ser noko av det ut som naudrim, og har eg tydd til klisjear? Det er mykje eg sør meg sjølv om, og nå spør eg dokker og… Eg jobbar vidare med dette seinare, trur eg. Takk for hjelpa om nokon vågar seg utpå…
Heidi
Samarbeidet med Hilde Svela vart innleia med at ho lurte på om eg kunne hjelpa henne med tekstar til nokre bibelstadar ho var glad i. Mellom anna lurde ho på om eg kunne tenkja meg å skriva ein tekst over denne bibelteksten frå Forkynnaren.
Slik vart teksten min, som altså snart blir å få kjøpt på plate («Ver hos meg» av Hilde Svela)
*
det finnest ei tid for å le,
ei tid for å fødast, ei tid for død,
og tider for krig og fred.
*
og ei for å riva ned,
ei tid for å elska, ei tid for hat,
for tale og teiing med.
*
I di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv,
i di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv.
Det er godt alt eg har fått, det er godt.
*
men sorga har og si tid,
ei tid for å samla, ei tid for tap,
å finna og setja fri.
*
og ei for å luka vekk,
men i dine hender er tida mi,
der ligg ho så langt ho rekk.
*
i handa di, trygt hos deg.
Og medan dei vekslar og stig og synk,
*
Heidi













































