Gå til innhald

Slik er det å vera levande

image

 

Me skal ta maskene av og på,

me skal smila til kvarandre

medan melodiane gøymer seg

eller kjem og går.

 

Slik er det å vera levande,

slik det er å pusta livet ut og inn

medan det klør oss i halsen

og kanskje til og med på ryggen.

 

Framleis er tida der

for å binda kransar

med lilla og gule blomar

og leggja dei i håret på dei levande.

 

Det er alltid noko som dirrar,

kanskje det bare er livet

Det er tida for morellar og mørk sjokolade

det er tida for lyse kvelder

og tida for mørke netter.

 

Det er tida for å finna einannan att.

***

Eg trur eg kjem til å leggja eit par dikt til ut her i dag. Dei får fungera som ein slags prøveballongar.

Heidi

Språk for det me ikkje har ord for

image

Spørsmåla mellom orda
gøymer seg
slik at me nesten gløymer
at dei er der,
lydlause snik dei seg
opp og ned mellom linjene.

Likevel
hugsar me stundom
det me veit
om å elska.

Me siglar saman
gjennom timane
gjennom nettene
medan me held oss fast
i minne ord og bilete,

medan me klamrar oss
hjelpelaust smilande
til dette me aldri
hugsar namnet på.

Men visst held me oss fast
med blikk og fingertuppar
klamrar oss så godt me kan
til melodiane og månestrålene.

Ikkje vil me vel
fly vekk med vinden
ikkje vil me forsvinna.

***

image

Pakk livet ditt rundt deg,
gå ut og ver ein forskjell.

Opna dørene mot byen,
slå gjerne krossmerket
på panna di og på brystet ditt.

Legg navlen og nasetippen
forsiktig til sides.

Ta heller med deg hjartet ditt
det såre og det varme,
ikkje tenk for mykje,
bare ta det med.

Tenn eit lys
for alt du ikkje har ord for,
for alt du aldri sa.

Skrell dei store appelsinene,
ta på deg blusen
med dei rosa prikkane,
ta gjerne ullsokkar på føtene og

det kan koma godt med.

***

Eg sit her og jobbar med ord og dikt. Akkurat nå er eg ute av stand til å vurdera om det eg har skrive er bra eller ikkje… Men eg fann ut at eg kunne i det minste dela eit par av tekstane her. Så er det blitt litt bruk for dei i alle fall…

Heidi

Folk har sett kalde somrar før

image

 

Til dei som måtte kjenna på den litt forblåste gleda ved å dyrka det lettare sommardepressive. Arvid Hanssen  har ein godbit til dykk. Folk har sett kalde somrar før og…

 

En førrferdeleg veroversekt
(I frå vanlegvis optimistisk hold)

Dåkker huse vel juni! Sankthans!
Søkkvåt, søkkvåt og grå.
Det brainn ikkje bål i bakkan,
så røskanes regna han då!

No va det jo lov tel å håpe
at julien måtte bli go.
Jauvesst sa æ smør i slåtta!
Der kom han med huinndagsflo!

Så rakkla augusten mot slutten.
Bedragersk og bleik som pest.
No rir han september i fjoran-
på vijnnterskodd mainnbisk hest

Arvid Hanssen

Ha ein framleis god sommar 😉

Ynskjer Heidi

Sitrande sommardagar

image

 

Eg er så veldig glad i det romet i livet som heiter sommar. Slik trur eg det har vore alltid. Heldigvis er ikkje sol og varme det aller viktigaste sommarkriteriet for meg. Det kan sant å seia koma vel med i dette hjørnet av landet. Eg liker så godt sommarlyset, dei lyse kveldane og nettene og alle dei frodige fargane i naturen. Den største luksusen trur eg nesten er å kunna leggja seg til å sova ein gong utpå kvelden eller natta og vita at vekkjarklokka ikkje kjem til å ringa. Eg er rett og slett stor fan av eit liv utan vekkjarklokker. Eg liker og å ha framfor meg timar dagar og veker der eg ikkje anar kva som står på timeplanen, men kan møblera tida som eg vil. Denne sommarferien har så langt vore prega av det å feira bryllaup, men tida har vore romsleg likevel.

image

 

Fleire kveldar har me vore på ganske lange sykkelturar. Det gir ein ganske sterk opplevelse av både det å vera i live og å vera ute i naturen seint på kvelden når det er nesten mørkt ute og himmelen er full av solnedgang. Alle sommarluktene blir så tydelege om kveldane.

image

 

 

image

Me har hatt huset fullt av heimkomne ungar, bryllaupsgjester, hundar og kattar, og det har vore heilt vidunderleg. Me har hatt fine turar til Stavanger både før og etter feiringa. På måndag hadde me med oss Sunniva og Oscar og åt deilig lunsj på Sting. Det gjorde ikkje noko om det regna litt. Eg kjøpte meg ny blå badedrakt med kvite prikkar. Så vil det visa seg om eg får bruk for ho i sommar…

image

Bryllaupet vart veldig, veldig kjekt, og så langt eg kunne observera så var alle godt fornøgde. Det blir nesten som ei godt regissert forestilling som glir av seg sjølv i høgt tempo med mange følelsar, og så er det plutseleg over og blir ståande i minnet som eit fint dikt eller eit bilete du fornøgd og takknemleg kan henga på veggen din.

På sundagen var me trøytte og glade. Som ein ekstra bonus skein sola, så me kunne bruka dagen til ein bedageleg spasertur og kviling på terrassen. Om kvelden var dei i familien som kunne få det til med på grilling og kakeeting hos May Brit og Jensi på Figgen, kombinert med litt gebursdagsfeiring.

image

 

 

I eit kvart tradisjonelt vestlandsbryllaup er det eit kakebord ein gong utpå kvelden som heilt openbart ikkje kjem til å bli tomt. Me har hatt kaker i kjøleskapet heilt til nå, og heldigvis fått god hjelp til å eta dei. Før Halvard reiste tilbake til Oslo for å sommarjobba, så vart det og tid til ein skikkeleg komlemiddag til dei som hadde lyst på det.

image

 

Nå er heimen nesten tømt att. I natt var det bare Leif og meg og katten igjen i huset. I dag blir bestanden supplert med ein logrande overnattingsgjest som skal vera her eit par netter.

Nå skal eg bruka nokre dagar på ei diktsamling eg reknar med skal koma ut i haust. Eg har veldig mange tekstar å ta av, så nå er det utvelging og redigering som trengst. Eg blir litt svimmel av prosessen, det er vanskeleg arbeid samtidig som det er leik. Det gjeld å pusta roleg å halda tunga rett i munnen. Det mest fascinerande med kreativt arbeid av dette slaget er at ein ikkje heilt veit kor ein skal hen før ein er framme. Eg gler meg til å sjå kva det kjem til å bli denne gongen, og ikkje minst til at tekstane mine skal få fylgje av Leif sine fine fotografi.

Heidi

Eg har fått lov til å bidra på Hilde Svela si nye plate.

Nokre dagar før bryllaupet fekk eg ei veldig hyggeleg helsing med ei fin lenke til internett. Flinke Hilde Svela gir ut ny plate i desse dagane, og eg har fått lov til å bidra med tekstar. Melodiane er Hilde sine og det er ho som syng. Her kjem ein koseleg promoteringsfilm med utdrag frå tre av tekstane mine. Det er like kjekt kvar gong noko eg har skrive får venger av melodiar, song, tonefylgje eller bilete og flyg ut i verda på eiga hand. Dokke vil forresten høyra at teksten i den første songen i stor grad er henta frå bibeltekstar. Hilde ynskte seg ein tekst over det bibelske utsegnet at det er tider for alt, men at alle tider er i Gud sine hender.

Eg håpar de liker det de ser og høyrer. Dette er eg stolt over å ha fått vore med på.

Heidi

Jærsk bryllaupssalme

 

Nå kan eg leggja teksten på bryllaupssalmen eg skreiv til Ingrid ut på sosiale media. Fram til bryllaupet ville eg han skulle vera litt hemmeleg. Øyvind Bøylestad har laga melodi til, men sidan eg ikkje har spurt han om lov til å offentleggjera notene, så blir det med teksten i denne omgangen.

 

Jærsk bryllaupssalme:

16253682211_219cdca799_o

 

Vinden syng frå opne havet,
tonande frå vest og nord,
viper fløytar sine tonar,
blomar strekkjer seg or jord.
Kjærleiken han varmar dagen,
livet dansar lett på tå,
gleda glitrar, lyset stråler,
det er me som lever nå.

image</a

refreng:

Me skal leva, me skal vera,
finna tonane igjen,
me skal leva livet saman,
takka Gud for kjærleiken.

Ta mi hand, kom kjenn min varme,
kom og stø deg i mot meg,
me skal saman ut i livet,
dag for dag og steg for steg,
leva sommar, haust og vinter,
gleda oss når det blir vår,
sjå at vegane skal opnast,
opnast for oss der me går.

 

image

refreng:

Me skal leva, me skal vera,
finna tonane igjen,
me skal leva livet saman,
takka Gud for kjærleiken.

Me skal leva våre dagar,
leva sol og nordavind,
leva dagar, leva netter,
kjenna varmen frå ditt kinn.
Me skal leva regn og skodde,
snubla, reisa oss igjen,
leva sterkt og leva saman,
takka Gud for kjærleiken.

image

refreng:

Me skal leva, me skal vera,
finna tonane igjen,
me skal leva livet saman,
takka Gud for kjærleiken.

image
 

 

Heidi Strand Harboe

 

Vielse ved havet

image Tida gjekk plutseleg veldig seint då me køyrde ned til kyrkja. Det var som om klokka hadde hoppa ut av kvardagstempoet og var på eit anna plan. Me var der i god tid, men Oddvar var på plass med dei to forlovarane sine, og Sunniva hadde øvd på songen sin og var på plass ho og. Det same var ganske mange av familien til Oddvar, som me forresten har blitt mykje betre kjende med denne siste tida. Det var høgtideleg stemning inne i den gamle kyrkja, og lysa vart tende i vindauga og på alteret. Organisten øvde på Mendelsohn. image image Etterkvart fyldest benkene av familie og venner, og av dei som bare hadde lyst til å sjå på. Elle, niesa til Oddvar stod klar med ringane deira på ei kvit silkepute. Då klokkene begynte å kima kom ho inn i nydeleg kvit kjole og med blomar i håret. På det tidspunktet begynte det allereie å bli tårevått i forsamlinga. Då orgelet sette tonen for bruremarsjen reiste alle seg og såg mot døra. Nesten ingen hadde sett kjolen til Ingrid. Ho var heilt nydeleg der ho kom med ein stolt far på sida av seg. Då alle var vel på plass, song Pia, ei venninne av Ingrid og Oddvar «How long will I love you» av Ellie Goulding.

Eg fekk lov til å vera tekstlesar, og vart meir rørd enn eg trudde då eg skulle framføra den teksten som var henta frå Høgsongen. Her er det jenta som snakkar til kjærasten sin, og kjærleiken hennar til han får svært sterke ord: Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din. For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken; elvar skyl han ikkje vekk. Høgsongen 8 6-7 Det med å tatovera namnet til den elska på kroppen sin, ser det nesten ut som om nokon har tenkt på i eldgamle tider… Kanskje Sigrid Undset har rett i at menneskehjartene ikkje forandrar seg…? Medan eg las, vart eg og veldig rørt av å oppdaga at Torun var i kyrkja. Ho hadde overraskande reist heilt frå Røyse og kome til Orre for å sjå fadderbarnet sitt bli via. Sidan mange av dei næraste vennene våre som har sett Ingrid veksa opp, var vekkreiste på ferie, så gleda det meg ekstra mykje at ho fekk dette med seg. Morgan Fjelde, som var prest, gjorde vielsen fin og spesiell.

Salmane var valde fordi brudeparet likte dei. Begge var faktisk på engelsk, men dei fleste kunne synga med på både «Morning has broken» og på «Amazing grace». Eg er og veldig glad i tekstane på desse songane. Ein sommardag på Jæren kjennest det heilt naturleg å synga om regn: Sweet the rain`s new fall, sunlit from heaven, like the first dewfall on the first grass. Praise for the sweetness of the wet garden, sprung in completeness where his feet pass. image Desse vekene me har frekventert rundt Orre gamle kyrkje har me fått med store variasjonar i veret, både regn, veldig intens vind og stille og solfylt. Denne dagen låg det havskodde langs stranda slik at utsikta ikkje var av det beste, men det var nokså vindstille. Kalvane beita like utanfor kyrkja og me kunne kjenna sjølufta og skimta havet som kikka forsiktig fram frå skoddebankane. Ei halv mil lenger inne i landet var det sol, så den fann me att når me reiste mot Bryne og selskapslokalet.

Det å synga «Amazing grace», rett etter ein vakker vielse av to menneske som er oppriktig glade i kvarandre og glade for å få svara ja, var og heilt på sin plass. Dette er mitt yndlingsvers i denne gamle salmen, som i mitt hovud eigentleg har sekkjepipeakkompagnement:

Through many dangers, toils and snares I have already come;
It´s Grace that brought me safe thus far,
and Grace will lead me home.

For meg var det og veldig spennande då det heilt til slutt var Sunniva sin tur til å syngja salmen eg hadde laga til Ingrid sin vielse. Øyvind Bøylestad, som eg jobbar i lag med i Time kulturskule har laga melodien, og Silje Sandanger har øvd melodien inn på el-piano og øvd han inn i lag med Sunniva. Dette vart jo urpremieren, og dei hadde gjort små kunstnariske tilpasningar i Øyvind sitt arrangement for å få det til å passa best mogleg til Sunniva sin stemme. Eg har kalla salmen for Jærsk bryllaupssalme fordi eg har prøvd å ta utgangspunkt i naturen på Jæren, og ikkje minst i havgapet lengst ute ved kyrkja på Orre. Eg trur eg vil posta teksten til salmen for seg sjølv, slik at han ikkje tek alt for stor plass. Etter utgangsmarsjen stilde brudeparet seg opp på kyrkjetrappa med to heliumsfylde fredsduer som dei slepte til himmels. I jærsk klima går ingenting rett opp, men vekk fauk dei.  Så var det fotografering medan me fekk utdelt såpebobler som me skulle blåsa mot paret for å få fine effektar på bileta. Heller ikkje når det gjeld såpe og bobler let den jærske vinden seg dirigera, så om nokon av boblene i det heile tatt gjekk rett veg, veit eg i grunnen ikkje. Uansett så er såpeboblar kjekt for barnslege sjeler i alle aldersklassar. image

i image

Heidi

Om å gjera i stand til eit bryllaup

19455488572_7e78a39cb7_o

Det å ordna i stand til eit bryllaup er organisasjonskunst og samarbeidskunst på eit høgt plan. Ein legg nøye regi på eit arrangement, og tenkjer gjennom alt som skal skje. Det er samarbeidsmøte og samver på mange ulike plan. Eg trur at sjølve prosessen rundt det heile gjer noko med ein på same måten som sjølve vielsen og bryllaupsfesten gjer noko med ein. I denne fine kyrkja var det altså at eldstejenta vår skulle gifta seg, og ein del av førebuingane foregjekk faktisk inne i kyrkja.

image

Her øver far og dotter seg på å gå saman mot altaret. Mobiltelefonar er greie å ha når ein treng ein bruremarsj å gå etter.

image

image

Og her er det brura og forlovarane hennar som syng gjennom salmane, til mobiltelefonakkompagnement det og.
Ingrid er ei dame som likar å ha gått gjennom ting på føreahand, så eg fekk til og med utøva prestedraumen min med å leikevia dei med både vigselstilsagn og forbøn.

Dei siste dagane var det mykje som skulle ordnast. På eit kurs for lenge sidan høyrde eg ordet copingkompetanse. Det vil seia evna til å stå i situasjonar som ikkje blir heilt som ein hadde tenkt utan å mista hovudet eller la seg vippa av pinnen. Det å ha stått i mange år i ulike klasserom medan svært mykje uventa skjer, hjelper truleg på å utvikla akkurat denne typen kompetanse. Det kunne koma vel med, for plutseleg skjedde det mange rare ting i huset me i grunnen ikkje hadde rekna med. Leif sin hard-disk klappa saman med diverse bryllaupsførebuingar og bilete som heldigvis stod til å redda. Fem dagar før slutta steikjeomnen å virka, men planane om kor eg skulle steikja kaker til festen kunne skrinleggjast då ein reparatør frå ikea klarte å reparera det i løpet av torsdagen. Medan eg stod og piska eggekviter og sukker til ein slags marengs slutta mixmasteren å virka, og fredag morgon vart eg plutseleg våt på beina då eg stod og pynta marsipankake. Det viste seg at oppvaskemaskinen, som var stappfull av skitne ting hadde begynt å lekka vatn. Odd Christian og Leif reagerte lynraskt og i løpet av dagen stod det ein ny oppvaskmaskin der og putra og jobba. Det vil visa seg om kjøkkengolvet har fått varig vannskade eller om det kjem til å tørka opp… I alle fall var det ein litt uventa opptakt til ein travel dag som skulle enda opp i mange gjestar til kveldsmat og ein gjeng overnattingsgjester, men i dei store samanhangane er det ein bagatell. Til og med Odd Christian si fortann som gjekk av på midten få dagar før, vart fiksa til bryllaupet slik at han og kunne smila frimodig på dei obligatoriske familiebileta…

image

Marsipankaka kom eg i mål med sjølv om eg vart våt på føtene. Etter at brudeparet var trykt godt ned i marsipanen, kom eg til å tenkja på at figuren måtte av att for at eg skulle kunna få kaka inn i plastboks til neste dag. Derfor måtte eg fotografera ho før ho eventuelt vart øydelagd. Heldigvis overlevde ho.

image

På fredagskvelden henta me mange bøtter med kvite blomar bestilde frå blomsterbutikken. Me måtte og smugkikka litt på brudebuketten som Inger Louise, syster til Kirsten hadde laga. Han vart heilt nydeleg.
Så var tida komen for at May Brit, Ingrid og meg sette kvite blomar i førti små vasar medan Oddvar henta eføyen som skulle vera midt på bordet. Med god hjelp frå dei på hotellet, så vart lokalet veldig fint. Ingrid laga og store kvite bukettar til kyrkja og til selskapslokala. Det er veldig koseleg å få lov til å vera med på å gjera alt klart.

image

Sjølv om den blivande brura var kjempesliten, så såg ho det nødvendig å gje mor si eit sminkekurs. Med teikna kart over ansiktet, penselstrok av rett farge på rett stad og ei lang liste der prosessen vart skriven ned punkt for punkt, så fekk eg ansvaret for å fiksa det sjølv på bryllaupsdagen. Sminken vart så lagt på steg for steg framfor spegelen på badet, og eg kan faktisk bevitna at ho er ein flink pedagog. Sjølv vart eg forvandla til ein fnisande tenåring under kurset, men visst fekk eg lært litt. Eg forstår kor mykje tid eg må ha spart på å ha teke lettvint på korleis eit ansikt bør preparerast. Men kva gjer ein ikkje når det gjeld å bli klar for å gifta vekk ungane sine. Eg fekk forresten eit overraskande besøk av Kari på fredagen. Ho hadde sett lebestiften som måtte pirkast fram med tannpirkar under personalrevyen og i tilleg lede bloggen min. Nå kom ho på besøk med fin presang direkte frå USA med lebestift og lipgloss. Kor skal eg ikkje kunna representera frå nå av? 😉

image

image

Og neste dag bar det til og med til frisøren. Det var behageleg å bruka ein times tid i frisørstolen medan resten av familien jobba med å koma i mål.

image

image

Og så var i alle fall mor klar. Eigentleg ikkje meir klar enn at Halvard oppdaga at prislappen hang nokså synleg dinglande frå det nyinnkjøpte sjalet då me sat trygt i kyrkjebenken. Min erfaring med alle store arrangement er at når ein trur ein har tenkt på alt, så har ein ikkje gjort det likevel. Men det gjer ingenting… Det er min andre veldig nyttige livserfaring etter å ha arrangert diverse store forestillingar og i tillegg ein del barnedåpar, konfirmasjonar og barneselskap. Som Arne Garborg klokeleg seier det. Alt ordnar seg dersom ein ikkje kjem i uorden sjølv.

Sidan eg aldri klarer å fatta meg kort, så får eg kanskje røpa på dette tidspunktet at bryllaupet vart veldig fint og at brureparet var strålande fornøgde. Dei hadde lagt ned ein kjempeinnsats. Eg skriv meir om dette seinare.

Heidi

Prosjekt «Brudens mor».

image Det begynte i påsken. Torhild og eg levde late dagar med kaffi, gode bøker, lange samtalar og varme boblebad ute. Medan me sat med bordet i ein av dei lange fortrulege samtalane sa Torhild plutseleg: «Koss skal du ha håret i Ingrid sitt bryllaup?» Lett overrumpla svarte eg at det hadde eg ikkje ofra ein millimeter av ein tanke på, men at eg gjekk ut i frå at eg skulle ha det omtrent som eg alltid har det. Rett ned og i pannelugg. Ho rista på hovudet: «Nei, då må du gå til frisør og gjera deg litt ekstra fin til ære for Ingrid». Eg sa at eg sikkert ikkje ville kjenna meg som meg sjølv med kunstferdig oppsett hår og masse sminke. Det viktigste for Ingrid måtte då vera at mor var mor. Ho rista lett beklagande på hovudet og sa at det var ho ikkje einig i. Nokre dagar var så spesielle at me og godt kunne framstå i ein litt forbetra utgåve av oss sjølve.

Eg smilte litt. Sjølv er ho ekspert på å få kunstferdige flettefrisyrer og forseggjort manikyre, men det er ikkje heilt mi greie. Ho meinte at dette var eit område i livet der eg hadde litt å læra. Kanskje ho tenkte heilt tilbake til ein junidag for snart trettifem år sidan, då eg var forlover for henne, og det lange nyvaska håret mitt lukta intenst av «Brute for men»? Eg hadde nemleg ikkje tenkt på å ta med meg hårsjampo då eg reiste heim frå Kristiansand for å gå i bryllaup, og far sin sjampo var det som stod i dusjen.

Då eg kom heim, nemnde eg for Ingrid at «Torhild vil senda meg til frisøren for å få frisyre til bryllaupet ditt.» Dotter mi nikka ettertenksomt. «- Det synest eg du skal gjera, mor.» Etter ei stund blei eg fortald at mor til brudgommen skulle til frisøren, og at det var fint viss eg og bestilte time. Eg har med jamne mellomrom fått spørsmål om kor vidt frisørtimen er bestild, så til slutt måtte eg bare gjera det. Eg var såpass seint ute at  eg måtte bruka ein annan frisør enn eg pleier, men det blir sikkert fine greier. Eg har sagt at håret ikkje skal setjast opp, men kan flettast litt forsiktig og glattast.

Tidleg i vår ein gong var eg hos Eva Mari i Bærum. Me fann ut at me skulle kikka litt etter bryllaupskjole til meg, sidan ho er min beste og mest rutinerte kleskonsulent. Eg rekna eigentleg ikkje med å finna noko ved første forsøk, men Eva Mari er flink og uthaldande. Eg fann ein sånn passe pynta kjole i gråbeige med lange armar og eit slags blondestoff over eit trikotstoff, og bestemte meg for at det godt kunne vera bryllaupskjolen, men så gjekk me innom endå ein butikk og der fann eg ein fotsid kongeblå kjole med tyll og det heile, og med nesten bare armar. Eg prøvde han litt under tvil, men lot meg overbevisa sjølv om eg sa at eg ikkje var heilt sikker på om eg ville føla meg vel i den typen festkjole. Det merkelege er at mor faktisk har kjøpt ein heilt lik kjole i ein annan butikk i ein annan del av landet bare det at hennar er lilla. Slikt ser me stort på. Nå kan me nesten likna på gudmor-feane i forskjellige tyllnyansane i Disneyvarianten av Tornerose.

Sminke er heller ikkje heilt mi greie. Eit raskt drag med ein lebestift om morgonen og så litt mascara, som eg i følge døtrene mine, som vel er dei einaste som vågar å seia i frå, seier at eg sjeldan treffer bare augnevippene med… Eg innrømmer det, eg er godt over femti år og har framleis ikkje lært å sminka meg. I det siste har lebestiften min vore i den forfatning at han helst må påførast med tannpirkar eller q-tips, så eg innsåg at eg trong ein ny. Dette ordna eg i full fart i ein kjedebutikk der dei sel klær ein gong i sist veke, men eg følte at eg hadde bomma litt på fargen.

Då Ingrid hadde eit ærend på eit litt meir «skikkeleg» parfymeri, sa ho at eg kanskje kunne be om hjelp til å kjøpa den lebestiften eg kikka etter. Ei myndig og moderleg dame granska meg, og dypte eit par prøvestifter i sprit slik at eg kunne prøva dei på munnen. Eg prøvde den eine og fekk kommentaren. «Jeg ser at du ikke er så nøye når du tar på lebestift. Kom bort til speilet litt.» Ho overtok den burgunderraude sminkestifta og viste at eg måtte vera nøye med å la amorbuen koma fram og at eg måtte bruka meir tid. Eg sa at eg trong ein vannfast mascara og. Ho fant først den dyraste, men eg sa at over 300 kroner var litt i overkant for meg. Då fann ho ein litt billigare og sa at denne kom til å få meg til å sjå ut som eg hadde falske augnevipper. Eg sa at eg ikkje var heilt sikker på om det var det eg ville oppnå, men det vart det ikkje respondert på. Så sa ho at eg måtte bruka lang tid og vera nøye og grundig for å få eit fint resultat. Eg spurte Ingrid etterpå om det var så innlysande at eg var typen som ikkje kunne leggja på augnesminke. Den eldste dotter mi svarte tørt at ho såg vel spora etter morgonens innsats…

Då eg skulle betala spurde den gode hjelparen min meg om eg hadde kundekort i den gjeldande parfymerikjeden. Eg svarte nei og fekk fylgjande kommentar: «Du er kanskje ikkje så interessert i å få et heller?» Eg bekrefta utsagnet, det var eg i grunnen ikkje så interessert i. Eg smilte og takka for hjelpa og ho smilte og ynskte oss lukka til med bryllaupet. Korleis ho visste at me skulle ha bryllaup var eg i utgangspunktet ikkje sikker på, kanskje ho har overhøyrt noko eg og Ingrid ikkje hugsa at me hadde sagt? Då skulle eg vel vera godt hjulpen, men dagen etter då eg stod og skulle handla inn pynt til marsipankake og gelantin til kokosbollekake fekk eg telefon om at døtrene mine venta på meg i sminkeavdelinga i andre etasje. Der vart eg utstyrt med foundation, solpudder, rouge, øyenskygge, vippetong og små børster i ulike fasongar.

Nå skulle eg vera klar for extreme makeover, som det heiter så fint på fjernsynet. I dag var me på handletur i sommervakre Stavanger. Sunniva kjøpte seg brylaupssko, og eg skulle ha ein eller annan variant av det som for meg heiter selskapsveske. Nå har eg lært at clutch er noko meir enn ein pedal på bilen. Det vart nå ei lita sirkelrund lærveske som eg kan bruka til andre ting og. Eg kjende at eg var ikkje klar for clutchar til firsifra beløp, der ein plass går grensa. Nå skal eg konsentrera meg om ting eg kan. Både tale, salme til kyrkja og to songar er skrivne. Pynting av bord burde og gå greit, og kakepynting har eg alltid likt. Eg ser ein viss fare i at eg kan koma til å sjå ut som ein fireåring som har vore i mor sitt sminkeskrin, men det får stå sin prøve. Det er slett ikkje sikkert at eg kjem til å bruka alle dei nyinnkjøpte remediene. Eg ler, og det er ikkje så verst å kunna mora seg… image Nå er spørsmålet ope om kva potensiale ho som eig dette ansiktet har når bare sminke og fine klede får gjera sitt… Det er aldri godt å vita. Eg er litt engsteleg for at døtrene mine skal brekka anklane i skoa dei skal gå med, men det er viss ikkje eit problem… Klokka halv eitt på laurdag så brakar det laus. Inntil då skal me kosa oss med å utføra dei siste detaljane og gjera oss klare til å ta i mot gjester. Og eg veit ikkje om eg nemnde det i dette innlegget og, men sommaren er akkurat nå…

Heidi

Sommaren er i dag

image

I dag har sommaren opna dørene til det romet me lengtar etter heile året.

Som speidarane seier: Alltid beredt. Me har nytt sommaren, me har til og med kjøpt og montert ny grill etter at den gamle rusta vekk i fjor. Odd Christian og faren har brukt store deler av dagen på å få han til å fungera, og til å få fyr i gammalt grillkol som hadde overvintra i hagehuset. I går kveld kom Sunniva heim, så i dag har eg meir eller mindre hatt dei rundt meg alle dei fire «ungane mine». Eg registrerer at slik liker eg å ha det.image

I går gjekk brureferda til Forus. Eg var med Ingrid på ferdigstilling av kjole. Eg forstår etterkvart at brurekjole er eit fag og ein vitenskap. Uansett, så er kjolen heilt nydeleg, det var litt surrealistisk å sjå eldstejenta mi pynta til brur. Etterpå handla me diverse me trengde på Kvadrat og henta gifteringen til Ingrid som skulle leverast på ein gullsmedbutikk der. Slike dagar er alt anna enn vanlege, så me måtte feira det med å eta lunsj på ein italiensk restaurant.

Om kvelden plukka eg opp Sunniva på toget, og  i timen mellom ti og elleve, den timen då alt er så veldig fint ute, gjekk eg og ho ein tur rundt Tjødna. Ei and symde kveldstur med ungane sine.

image

Det var masse fuglar i området, som laga fuglelåtar. Det var ulike typar måkefuglar og langnebba spover. Ei virrande flaggermus møtte me og. Nyperosene er forresten i ferd med å springa ut.

image

Det same er vannliljene.

image

Og himmelen var fin og rosa.

image

Til slutt gir eg ordet til Arvid Hanssen i dag og:

Se, no stilne aile båran,
og det skjømmes mens æ ror.
Det bli blått ruint begge åran
Før en kaillkrok i en fjord.

No kjem skarven og te skjærre.
Det e han og det e æ
som e eillst i detta værre.
Skarven ror i lag med mæ.

Kveillen spørr, og kveillen svare.
Gjer mæ mangt å tenke på.
Tru kor lenge vi ska fare.
Derom vijl Vårherre rå.

Trygt å trø i lainn av båten
på eit berg æ kaille mett.
Godt å høre goverslåten
og gå heim med glae skrett.

Arvid Hanssen

Heidi