… som tenkjast kan. For det går an å eta tidleg lørdagsfrokost når ein gjer det på eit hotell i Amsterdam og er i godt selskap…
Etterpå gjekk me ut på gata og bestemte oss for at det var ein av dei dagane gå paraplyen hadde det best i kofferten.
Kirsebærtrea blømde, og ein god del av dei trea som luta seg over kanalane var merkbart grønare enn dei var første dagen me var der. Like ved ei kyrkje med kongeblå kuppel stilde me oss i kø framfor huset der Anne Frank gjekk i dekning i lag med familien sin under krigen.
Ein burde vakta seg for å marsjera i takt. Eg håpar det som skjedde under krigen har lært oss noko om å ikkje underkasta oss maktstrukturar utan å lytta til hjarte og magekjensle. Det var mange ungdomar og store barn inne i museet saman med oss, og dei var prega av alvoret
som budde i huset.
Me spaserte gatelangs og fant noko i eit lite hus som eg tolka til å vera eit lokalt loppemarknad. Me gjekk inn og fann heimehekla dukar, gryteklutar og treleiker. På eit bord låg det ein stabel gamle postkort og fotografi. Sidan eg har ein litt sær kjærleik for den slags, samla eg saman ei lita bunke og rekna med at det gjekk til ein god sak.
Nøyaktig kva loppemarknaden var til inntekt for var det liksom litt vanskeleg å få tak i…
Først då eg spurte spesifikt etter fekk eg svar: “Ser du ho som sit der borte? Ho driv ein heim for heimlause kattar på ein av kanalbåtane… Det er det pengane skal gå til…” Dette var eit svar eg hadde stor sans for. Det må då vera dagens gode gjerning å hjelpa huslause amsterdamkattar å få ein husbåtheim…
Eg fekk kjøpt meg fotografi av hollandske barn på femtitalet, Inger ein tommestokk med historisk tidslinje på, Oddny kjøpte luer frå Peru og Rigmor fann hundrevis av skobutikkar. Me kunne alle pusta lukkeleg og konstatera at det var vår i lufta.
På Damplats møtte eg Jan Ivar blant statuemenn utkledde som hulken og gorillaer, og ein amerikansk sjonglør, som prøvde seg som stand-up-komikarar, medan han kasta knivar og brennande faklar opp i lufta.
Resten av dagen sulla me rundt i Amsterdam og beundra gamle murhus som var så skeive at me knapt trudde nokon kunne bu i dei, husbåtar med klesvask over dekket, og barn som leika på fortauet utanfor dei knøttsmå leiligheitane dei budde i, der me kunne kikka rett inn i stova. Tulipanane blømde på blomstermarknaden, og vaksne menn sykla rundt på damesyklar med silkeblomar dandert utanpå korga på styret. Innimellom vandringa drakk me kaffi og kvitvin på ein fortausrestaurant ved ein av kanalane, og åt ost og pizza på ein kafé.
Eg beundra ein vakker gammal mann som kom med armane fulle av matvarer og blomar, på veg heim frå marknaden. Akkurat då eg hadde gjort Jan Ivar merksam på han, snubla han så lang han var. Eg fekk hjulpe han på føtene og med å plukka rabarbra og bananer og tulipaner opp frå fortauet. Han forklarte meg på nederlandsk at han hadde snubla i ein sykkel. Eg smilte beklagande og sa “alstublieft” på mitt beste nederlandsk.
Jan Ivar meinte eg trivdest så godt med å leika reddande engel ute på gata at eg var betrudd til å leggja ut snubletrådar…
Me rakk så vidt heim til hotellet før det var ny felles middag på Vertigo med løksuppe og gratinert geitost, entrecôte med fennikkel og bakte epler med krem og kanelis.
Og plutseleg mista me ein time då me skrudde klokka. Me hadde i grunnen for få frå før. Då me gjekk tilbake til hotellet sånn ut på natta fant eg og Inger ut at me ikkje kunne sova vekk siste natta i Amsterdam. Me vandra gatelangs ved kanalane og gjennom bygatene til klokka var halv fire. Det var masse folk ute, og i små butikkar kunne ein kjøpa iskrem, frukt og hasj-sjokolade…
Det slo meg at det var utruleg lite bråk og tull ute i gatene. Kanskje fordi det var ganske mange politifolk ute, både til hest og med hundepatruljar.
Dei har eit forsprang på oss reint årstidsmessig, men nå har eg sett både kirsebærtre og tulipanar i bløming. Me har alt godt i vente…
Heidi
har eg ikkje testa ut. Heller ikkje hasj- sjokolademelk eller cannalade. Dette er ein rar og ytterst sjarmerande by. Eg er nettopp innkomen etter ei sein byvandring, og beina var slitne . Eg har sparka av meg skorne og sit her med ein veldig treig vestibyle- pc. Eg betalte for eit kort og mista akkurat alt eg hadde skrie pga“error”, men eg gjer ikkje opp …
Me landa samtidig med at dagen demra, og fekk ein taxitur gjennom morgonrushet inn til Amsterdam. Desse to dagane har vore utruleg innhaldsrike. Me har vore i to byar utanfor Amsterdam og sett kulturskuleliv, og i dag var me gjester i ein vestkantmusikkskule. Amsterdam er byen med utruleg mange bratte trapper. Musikkskulen hadde fire slike. Me spurde korleis dei gjorde viss ein av elevane var rullestolbrukar, og fekk til svar at slike elevar kunne dei ikkje ta i mot…
Me derimot er blitt godt mottekne. Me vart serverte eit usedvanleg vakkert og velsmakande lunsjbord med sjampanje til, klokka tolv om formiddagen. I dag var menyen peanotsuppe og grovbakte stenger. Det smakte nydeleg. Me har sett ein gjeng elevar vera delaktige i ulike workshops og laga forestilling om Odyssevs. Rektorar og undervisningspersonale er veldig gjestfrie, og me er fulle av inntrykk.
Jan Ivar og eg hadde indisk middag i eit lokale med staselege stolar og bord. Me dreiv gatelags og var i stadig fare for syklistar. Dei raser rundt overalt i stort tempo og til dels med mord i blikket. Dei har rosa sykkelvesker med gule prikkar og gjerne eit par heilt usikra babyar utan hjelm i ein slags kasse festa til styret. Me norske foreldre og besteforeldre gyser og held oss for augene i det dei kjem rasande, men til det ser ut som det fungerer toleg bra.
Dagen i dag har vore fullpakka av program. Etter me hadde tatt farvel med musikkskulen med dei mange trappetrinna spaserte Jan Ivar og eg heim i lett regn. Me sat ei stund og prata ved eit bord i ein kafe der det luska ein katt mellom borda.
Etter eit kjapt klesskift gjekk alle saman til ein indonesisk restaurant der me hadde bestillt tre retters middag. Maten var ei stor oppleving. Det var mange fat med ulike rettar. Det var mange spennande og ukjende smaker. Det smakte kokosmelk og lime og ulike krydder. Dessertten var ein syrleg iskrem over meir og mindre eksotiske frukter.
Det er ikkje ofte eg har vore i store konserthus. I dag var eg i det finaste i Amsterdam. Me hadde plasseroekbalkon Zuid og det var stas og gull og glitter og
komponistnamn inngraverte i veggene. Dirigenten kom ned ei lang trapp som han gjekk opp og ned i til stormande applaus. Den verkeleg store opplevinga var ei asiatisk dame som spelte flygel med heile kroppen. Ho brukte albuar og fingerspissar og reiste seg opp og sette seg ned medan ho spelte. Ho fekk trampeklapp og kvitterte med ekstranummer.
Tida renn veldig fort. Eg skal spara teksten medan det er tid… I morgon er det nye rundar med oppleving av byen Amsterdam. Eg trur ein liten del av sjela mi eigentleg er heime her.
Heidi
Eg har mest ikkje hatt tid til å reflektera over det, men i morgon tidleg reiser eg til Amsterdam med kollegene mine i kulturskulen. Det blir sikkert fint.
Klokka halv fem i morgon tidleg blir eg plukka opp, og flyet går klokka halv sju. Det har vore travelt med alt som ordnast skal. Masse skal gjerast klar før eit fråver frå skulen. I
dag har eg vore på skitur, eller kanskje rettare sagt snøtur, sidan eg ikkje hadde med meg ski…
Sånn er det å jobba med slike sprekingar som Eilen. Før eg fekk sukk for meg sat eg på bussen iført den femten år gamle raude fjellanorakken min med skibukse til. Og veret var nydeleg. Skikkeleg vinterver med blå himmel og låg temperatur. Det er fint å vera i lag med elevane mine av og til utan å bli innramma av klasseromet. Og eg kom då i det minste såpass langt at eg gjekk opp bakken eit par gonger og rant ned att på eit rundt gult sklibrett.
Og nå gjenstår det å pakka kofferten. Så er det ut i den store verda…
Heidi
Det er visse ting ein bare må få med seg om ting skal vera ordentlege. På syttande mai må eg både høyra og synga “Gud signe vårt dyre fedreland,” og på påskedag er det “Påskemorgen slukker sorgen,” som teller. Eg hugsar endå at bestemor lærde meg denne songen lenge før eg begynte på skulen. Eg hugsar og at lærarinna mi i første klasse stod framfor klassen og spelte blokkfløyte til denne salma medan me song.
Lenge trudde eg at strofa “Sangen toner vår forsoner, vår forsoner til evig pris” handla om at våren skulle koma. Teorien min var at våren ved påsketider forsona seg med vinteren og overtok klimaet. Eg var ikkje heilt sikker på kva forsona var for noko, men noko fint og høgtideleg var det utan tvil…
Og ein fin påskedag har det vore. Påskesalma mi vart opplevd via tv-gudsteneste frå Nordstrand kirke i dag. Det var ei veldg fin gudsteneste. Etterpå var det eit nydeleg program om salmeplata til kronprinsesse Mette Marit og konserten der alle salmene vart framførde. Ho høyrdest så klok og reflektert ut. Eit av spørsmåla ho reiste var: “Når satte vi oss sist ned for å snakke om det egentlige?” Det var eit godt spørsmål som eg lar henga i lufta…
Påskedagen begynte eigentleg litt i går. Då eg kom heim frå midnattsmessa måtte eg bare skriva litt før eg fekk fred i sjela. Medan eg sat og skreiv, kom Odd Christian heim. Det ende med at me sette oss på kjøkenet saman og hadde ein samtale i natta. Eg elskar slike samtalar, for om nettene eksisterer ikkje tida på same måten som ho gjer om dagen. Det einaste litt dumme med å sitja oppe til halv tre er at denne ferien har eg fram til nå klart å la vera å snu døgnet opp ned. Det er ein klar fordel når skulen skal begynna att.
Ein tur langs stranda vart det i dag og i lag med gode vener. Etterpå kom det endå meir snø, og me samla familien rundt bordet og åt roastbiff med fløtegratinerte poteter.
Ingrid har klipt håret til Odd Christian. Dei lange krøllene har falt for saksa. Først vart eg reint nervøs av å sjå på. Eg fattar ikkje at han torer å la systera gå laus på håret sitt med saks, men det vart faktisk fint til slutt og han kunne rakrygga be faren sin kjøra seg til ei venninne…
Ingrid og eg har hatt jentebesøk i dag av Anne Mette og Kristina. Det nydelege fadderbarnet mitt, Kristina, er blitt vaksen jente spm skal fylla tjuetre år i august. Ho studerer for tida litteratutvitenskap. Eg ser henne alt for sjeldan, og det var så fint å ha henne her. Nå skal eg ned og rydda etter kalaset. Ute er det nullføre og masse snø. Eg håpar Odd Christian kjem seg heim for eigen maskin. Eg har ikkje veldig lyst til å leggja ut med bil på dette føret… Det paradoksale er at svært mange har lagt om til sommardekk etter ein omtrent snøfri vinter. Dette ligg an til å kunna bli skikkeleg trafikk-kaos.
Heidi
der det ligg og vippar store båtar opp og ned der ute ved horisonten som om dei var leiketøy. Den store pulsen påvirkar min eigen puls, han skapar ei ro i tankane mine og kroppen min som er annleis og god å kvila seg i mot.
Eg rakk å baka grove rundstykke og handla inn salatar og marinerte scampi før Gunn og Grete kom. Me stabla oss i bilen og kjørde ut til sjøen, der gjekk me først over ei hengebru og så vidare ut i eit landskap av sand og bølgjer og marehalm. Det er ikkje ofte me er i lag, men kvar gong me er det kjennest det godt.
Grete bar på ein ryggsekk som Gunn i det lengste håpa var full av sjokolade, men han viste seg prosaisk nok å bare innehalda lommebok og mobiltelefon.
Ein stad var me nære ved å kontakta zoologisk museum fordi me såg ein kvit og blåstripete frosk som såg ut til å høyra heime i ein tropisk regnskog, og ikkje langs strendene på Jæren. Gunn som hadde det skarpaste blikket var den første som la merke til at frosken sat mistenkeleg stilt. Mistanken viste seg å vera velbegrunna. Då Grete som er biolog tok mot til seg og tok på frosken viste det seg at han var av plast… Om det var noke ungar som låg bak eit båtnaust og lo av at me lot oss lura veit eg ikkje…
Men me såg dei første vipene i år, og dei var heilt ekte. Og me såg ville påskeliljer og blå skilla. På eit jorde langs stranda låg det tett i tett med store jorhaugar som om ein flokk gigantiske moldvarpar hadde vore på ferde, men sanninga var truleg meir prosaisk enn som så. Ytterst i havgapet ligg ein gammal prestegard der det er kunstgalleri og kafeteria. Kaffien der smakte usedvanleg godt.
Og me snakka om då me var på påskeleirar saman og det var møte om kveldane der me song: “Du er innbydt til bryllup i himlen. Du er ønsket velkommen av Gud. La han rive deg løs i fra vrimlen, det er du som skal være hans brud.” Og me snakka om at slike opplevingar eigentleg var bortimot eksotiske i nostalgiens skjær.
Så var det salat med scampi og avocado heime på kjøkkenet hos meg, og rundstykka smakte godt. Gunn hadde med seg jordbær som hadde ekte jordbærsmak sjølv om det er vinter endå. Og det er velsigna godt å ha ferie.
Heidi
Eg er nettopp heimkomen frå påskenattsgudsteneste.
Dette året dryssa snøen over oss som melis medan me stod ute på kyrkjegarden med kvart vårt tende stearinlys og song: “Deg være ære, Herre over dødens makt. Evig skal døden være Kristus underlagt.”
Sunniva dansa i midtgangen i lag med dansegruppa si “More than dancers.” Eg hadde håpa å få med heile familien fordi eg synest det er så fint å få med slike opplevingar saman, men dette året vart det bare eg og Sunniva. Nokon var sjuke og nokon var trøytte og nokon
skulle ut på andre ting.
Ein time før gudstenesta begynte det å snø att. Eg vart litt skjelven fordi gradestokken låg og vippa mellom pluss ei og minus ei grad. Eg er ei stor pyse på glatt føre, og Sunniva hadde med seg to venninner som eg hadde lova å kjøra trygt heim sånn utpå natta.
Men eg kom meg både vel fram og vel tilbake. Det var fint å vera der. Nokre gonger ser eg det store i det ufullkomne og tenkjer at slik er livet og kjærleiken, og Guds menighet er jordens største under… Det er sterkt å sjå hundrevis av ungdomar stå i kø for å få nattverden med fokus på oppstandelsen og at livet skal sigra. – Og menneskeansikt blir så vakre i lyset frå stearinlys.
Først og sist i gudstenesta blir kyrkja mørklagd. Det store Kristuslyset gjev lys til alle dei små lysa som me har fått med oss inn i kyrkja. I dette flammande mjuke lyset syng me:
“Å bli hos meg nå er det aftentid
og mørket stiger,
dvel o Herre blid.
Når annen hjelp blir støv og duger ei,
du hjelpeløses hjelper bli hos meg.”
Før me ber lysa våre ut i det svarte mørkret og den kvite snøen.
Heidi
Og litt av frustrasjonen frå eit par dagar sidan har letta…
Her er det plass til ganske mykje likevel. Det kjennest godt.
I går var me fjorten til frokost. Bare fem av oss var i foreldregenesrasjonen. Dei fleste andre var tenåringar.
Samlingar med barna våre er på ein måte litt på nåde. Eg tenkjer kvart år at det kan vera siste gongen dei orkar å spandera ein føremiddag på oss på denne måten. Derfor set eg stor pris på at dei var der i år og.
Denne typen frokost som startar med grove rundstykke, egg ost og skinke og sluttar med sjokolade og varm eplekake med krem varer i sånn bortimot fem timar. Etterpå fekk eg med meg kjærasten min på påskevandring langs steinstrendene. Ute ved kysten er det fleire mil med sandstrender, men det er og lange strekningar med rullesteinsstrender. Det er noko merkeleg, mest naturstridig med dette området, stein på stein på stein, runde glattpolerte strandsteiner som blir kontinuerleg kjærteikna av skarpe, mjuke bølger. Av alle ting har bøndene bygd reine labyrintar av steingardar midt oppi alle strandsteinane. Funksjonen til desse må vel vera både å avgrensa eigedomane og å skilja husdyr i den grad husdyr i det heile tatt kan klara å ta seg fram i eit slikt terreng.
Då me nærma oss havet var landskapet slik at havet optisk sett tedde seg som ein høg mur borte i hosrisonten. Det var umogleg å skilja med auget kva som var vertikal og horisontal flate. Me lurde på om det var omtrent slik det såg ut då tsunamien kom…
Vel heime att etter nokre timar ute gjorde me klar for nytt besøk. Me kokte indisk kyllingsuppe med asparges og varma dei heimebakte rundstykkene slik at dei skulle få det kalde smøret til å smelta. Me tende levande lys i ikealysekrona og Marialyset frå den russiske butikken i Hollywood. Påskeliljene på bordet har opna seg og blømer mot den lilla duken, og Laila hadde med seg ein pakke små bordlys i kvite krukker som me spreidde utover.
Og broderiet veks mellom fingrane mine. Eg har kome mykje lenger enn eg hadde trudd for nokre dagar sidan. Eg bare lurer på om eg har gløymt brorparten av brodertråden ein eller annan plass, for plutseleg var det tomt for fleire fargar.
Nå skal eg ut og handla inn litt, så skal eg på tur med to venninner. Det skal bli så fint. Ute er det kvitt att, men sola skin. Vinteren som aldri kom prøver tydelegvis å erobra landskapet, men eg håpar det er for seint nå for vinter.
Heidi
Denne dagen som for meg er noko av det mest gåtefulle i heile tilveret. Dei to store knutepunkta i verda etter skapinga er at Gud kjem til jorda i skapnad av eit barn, og at han blir dømt til døden. Så kulminerer det heile i at kjærleiken sigrar over døden og verda blir ny.
Truleg har eg ikkje den same kulturelle ballasten som dei hadde på Jesu tid. Og så er eg fødd inn i eit fredeleg og beskytta hjørne av verda med masse gener for å vera glad. Kristi forsoningsdød på korset er noko som tradisjonelt har fått uendeleg stor plass i all forkynning av evangeliet i området der eg bur.
Likevel. Skapinga er for meg noko sjølvsagt. At Gud er glad i menneska og tilgjev oss at me ofte ikkje strekk til er eg heller ikkje i tvil om. At Gud vart menneske er omtrent det vakraste biletet eg veit på Guds kjærleik. At langfredag måtte til har eg aldri forstått på same intuitive måten. Men det er eit mysterium som har fascinert meg meir og meir. Påska er ei gåte eg ikkje heilt fattar, men det anar meg som i ein spegel og i ei gåte at dette er noko som har lag på lag med djupe mysterium.
Lidinga er ein realitet i verda og i alle menneske. Livet er hudlaust, og til og med Gud har smakt døden. I løpet av dei siste dagane har menneske eg er glad i vore innblanda i to ulike trafikkulykker. Takk og lov for at dei alle er uskadde. Me er som menneske sett inn i eit liv der me til ei kvar tid bare er sikre på det siste andedrettet me trakk inn i lungene, neste skritt er alltid usikkert.
Og i ei tid der me mest ikkje klarer å la barna våre venta i nokre timar på julepresangane sine, fell det oss unaturleg å dvela ved lidinga. Me veit jo at påskemorgon kjem og har ynskt einannan god påske i vekevis allereie.
Og det er jo ei stor styrke å skimta lys i alle tunnelar…
La oss utfordra ein annan til å be om å få kjærlege auge slik at me vågar å sjå lidinga i dag og andre dagar. Og ikkje minst å sjå dei som sit fast i liding og treng at nokon ser.
Nå skal eg ned og baka brød til langfredagsfrokosten.
Ein songtekst av Kari Bremnes har svive i hovudet mitt sidan eg vakna. Eg trur det får bli mottoet mitt i dag…
“Være bare gåte ved gåte…”
Og der skulle sjølvsagt teksten min ha slutta, men eg kan ikkje dy meg for å sitera det eg trur eg begynnelsen på songen:
Vi skulle begynt på nytt
skulle visst det som vi siden har fått vite
om alt det som er stort
og om det som er forferdeleg lite…
Eller er kanskje det ein heilt annan song? Nå kjem kjærasten min med svart kaffi til meg i eit kvitt Thomas Mann krus. Han har nettopp sett ein gjærdeig.
Heidi
Ferien er her. Det kjennest godt. Samtidig innser eg med ei viss smerte at det eg har planlagd inn i denne veka med fri rett og slett ikkje let seg gjera. Ikkje alt saman i alle fall. Det er rett og slett ikkje rom nok. Og eg let meg stressa litt av denne kjensgjerninga, men innser at det er bare dumt.
Det er mange eg gjerne vil bruka tid saman med. Bunadbrodering skal ha mest mogleg tid, eg skulle ha flikka ein to tre manus, skulle ha arbeidd litt med liturgi, huset skulle ha vore strigla, eg har rekna med lange daglege spaserturar eller andre former for trim, og eg skal ta meg av familien som har gitt uttrykk for at dei ser litt lite til meg. Og dessutan vil eg gjerne prioritera det andelege aspektet av livet i akkurat denne veka…
Men eg innser mi begrnsning. I alle fall gjer eg det delvis. Eg tek i mot timane og dagane og innser at eg ikkje rekk halvparten av det eg hadde tenkt innan ferien er over…
Ein stemningsrapport skal det bli, for skriving tek eg meg jo tid til… Eg sit her i stova med utspringande gule liljer i ein metallfarga vase. Gunnar er snill mot oss, i dag. Han er her med ei bunke maematikkutstyr, og sit ved same bordet som meg i lag med Ingrid. Dei jobbar med den matematikken Ingrid helst skal kunna til tysdag. Ho slit med matematikken medan det andre skulearbeidet stort sett flyt som ein stille draum…. Gunnar er lektor i matematikk, og er akkurat den mannen som trengst for at brikkene skal kunna koma i orden i det store matematiske biletet dotter mi helst skal ha til eksamen.
Eg sit og leikar meg med det siste nye utstyret i heimen: Ein berbar PC som er ca 22 × 14 cm i omfang. Han er med andre ord heilt utruleg liten. Aberet, som eg oppdaga etter at eg var i gang med skrivinga, er at han ikkje har dei skandinaviske vokalane i tastaturet. Det betyr at eg har visse begrensninar i skrivearbeidet, fordi ordvalet blir begrensa til dei orda som ikkje har desse bokstavane… Dersom du som les dette har stussa over formuleringane mine, er truleg dette grunnen…
Huset luktar av nysteikte rundstykke, faren til ungane mine har leika seg utan oppskrifter og servert grove rundstykke med ost og urter i deigen. Eg har vaska golv, og fleire skal det bli. Eg har brodert lyng og jonsokblomar og er litt stiv og vond i akslene fordi eg ikkje er van med brodering i timesvis om gongen… Ute er det kvitt og slapsete samtidig. Natta og morgonen har bore med seg ein uventa rest av vinter.
Eg har tenkt at huset skal berikast med ei eplekake eller to. Det kjennest ut som eit rett tidspunkt for baking. I morgon har me invitert gode venner til frokost. Det er ein langfredagstradisjon me har hatt sidan dei store ungane var mykje, mykje mindre. Morgondagen vil visa om ungomane framleis vil markera langfredagsmorgon i lag med oss, eller om det etterkvart blir ei samling bare for foreldregenerasjonen.
I kveld har me ein hyggeleg invitasjon til eit lite selskap. Det betyr at det ikkje blir nattverdsgudsteneste for meg i anledning dagen. Det er eit slags sakn, for eg vil gjerne kjenna mysteria heilt fysisk i akkurat desse dagene.
Neste gong eg skriv lovar eg at eg skal bruka ein normal pc… Eg ser at klokkeviserane flyttar seg raskt. Ei venninne har meld at ho kan dukka opp snart. Kanskje er eplekaka klar til ho kjem.
Heidi
Ein kan seia mykje rart om familieselskapa våre, men heilt gjennomsnittlege kan dei knappast seia å vera…
Morgonen var fredeleg og nesten litt rørande. Me drakk morgonkaffi før me fekk rydda vekk dyner og madrassar. Sunniva sov på golvet i stova og delte leie med husets hund. Denne ansamlinga av halvpåkledde menneske som nettopp hadde vakna og dyner og madrasser over alt gav asosiasjonar til hytteturar. Neste avdeling var frokostvafler med havregryn og kardemomme med størsteparten av ungdomane våre rundt spisebordet…
I ettermiddag var det duka for familieselskap avdeling to.
Svigerfar stod klar i lusekofta si og delte ut fløyter då me kom. Tyske trefløyter av merket Heinrich, det same som eg hugsar at eg hadde på barnetrinnet. Svigerfar har til nå vore veldig redd for denne fløyteskatten, men i dag delte han rundhånda med seg.
Me kunne velgja mellom tre sopranfløyter, altfløyte, tenorfløyte, piccolofløyte og ein leirgjøk frå Peru. Så gjaldt det å prøva å hugsa alt me hadde lært ein gong.
Akkurat då eg fekk eit lite adrenalinkick av å få til å spela The bonny, bonny banks of Loch Lomond, akkompagnert av kjærasten min på klaver og med svigerfar på ein improvisert andrestemme frå sofaen, kom Elisabeth, flyboren frå Venezuela.
“Eg hadde nesten gløymt korleis det er her i huset,” var den første kommentaren hennar i det ho kom trillande inn med den rosa trillekofferten sin. Så vart me fjorten til bords i dag og, og til og med i dag var det att mykje festmat då alle var mette. Heile selskapet var fullt av meir eller mindre velklingande fløytemusikk, og kvelden vart avrunda av Eva Mari si vokale tolking av Vårsøg til klaverakkompagnement…
Og nok ein dag går mot sin ende.
Heidi