Eit nytt år og ei ny tid står for porten, kjennest det som. Frå i morgon av er det jobb att, men framleis skal seinsommaren vara lenge, det vil eg tru i alle fall.
Den siste veka har eg fått unna ein del arbeid, og det kjennest godt. Eg har skifta ut innmaten i lærarkalendaren, funne fram det eg treng i morgon, og forsona meg med tanken at ferien er slutt.
Sidan det er lærar- nytt- år, vil eg koma med nokre forsiktige tankar om året som koma skal. Dette året har eg tenkt…
-Å eiga meir av tida mi sjølv. I fjor hadde eg veke etter veke der eg måtte stå på kvar einaste ettermiddag og kveld for å nå det eg skulle. I fjor rakk eg alt eg hadde sett meg føre å rekka, alt gjekk bra, og eg er glad, stolt og takknemleg for at det gjorde det. Som eksperiment å rekna fann eg ut at eg klarer eit utruleg høgt tempo og store arbeidsmengder når eg må.
-Å prioritera meg sjølv høgare. Gå lange turar, laga sunn mat og bruka tid på å gjera ingenting.
-Å oppdra familien til å ta kvar sin del av husrydding og ansvar.
Å invitera fleire gjester! Me hadde alt for få besøk i fjor. Fylla huset med menneske, det likar eg. Det stranda ikkje eigentleg på at eg var for trøytt til å ha besøk, for det er eg mest aldri for trøytt til. Eg var for travel og sliten til å organisera og til å rydda det så pass ryddig at det var koseleg invitera nokon
-Å ha meir tid til å gjera ting i lag med kjærasten min…
Fromme ynskjer, ikkje sant? Kanskje eg ender opp som ufordrageleg vellukka og besteborgarleg? Kven veit…
Soveromet hadde eg tenkt å rydda før solnedgang. Ingen grunn til å brusa med fjørene i hovmod ennå med andre ord…
Og i morgon etter jobb har eg lova eldsteguten min å dra ut for å handla nye bukser til han. Om ei veke flyttar han ut, i alle fall for eit år. Han skal gå på folkehøgskule på backpackerlinje og skal reisa med ryggsekk i Europa og Australia. Det blir rart og tomt med bare tre heimebuande ungar går eg ut i frå. I sist veke fekk han brev om at det var ein del av opplegget å ta dykkar-sertifikat, og natta etterpå drøymde eg at nokon skulle trilla babyen min rundt i ei barnevogn fulla av vatn…
Nei då, eg er klar for å senda han i veg. Cheerio, cheerio, goodbye, spelar det inne på Ingrid sitt rom. Ho sit og chattar med ei handfull gutar og ler høgt med jamne mellomrom.
Sunniva er på blåbærtur med ein litt meir sporty familie enn sin eigen, og eg kryssar fingrane for blåbær til kvelds. I sist veke var ho og Halvard ute med morfar og fiska nam-nam- makrell, som me steikte med mjøl og salt og pepar og åt med agurk-salat. Det er godt at nokon tek hand om den naturlege matauken.
I går kom ei av mine beste venninner gjennom tjueåtte- år på besøk med dei to yngste gutane. Først hadde me ein kose-seg- i byen- promenade utan barn, og så tur til sjøen i solskin med bilen full av glade gutar i Halvard- alder. Då me sat rundt eit felles middagsbord med lys og blomar kom Anne Mette til å søla på den grøne linduken. Eg skunda meg å seia at det ikkje gjorde noko.
Halvard kjende for å forsterka den forsikringa og sa med venleg stemme: “Nei det gjer ingen ting hos oss. Dokke må ikkje tru det er slik som dette her til vanleg.” “Å”, svara to mødrer i kor. “Korleis er det her til vanleg då?” “Til vanleg er det fullt kaos her,” svara gullungen og togg roleg vidare på tacoen sin.
Då han hadde lagt seg i lag med overnattingsvennen Vebjørn betrudde han meg at han hadde fått så dårleg samvit. Torje og Vetle hadde høyrt at viss dei drukna fluer i ei bøtte vatn kunne dei gjenopplivast viss dei la dei i salt etterpå. Dette eksperimentet hadde dei utført med vekslande hell, og han lurde på om det var dyremishandling å drukna fluer. Det er det, spør du meg.
Alt liv skal stort sett vernast om med eit betinga unntak av vengelause kryp som legg egg på hårstrå og syg blod av hovudbotnen…
Ingrid minner meg om at eg har lova henne ein havtur i kveld. Det har eg viss. Og dette er blitt meir enn langt nok, men det er ikkje så lett å avslutta ein sommarferie…
Heidi
For det er halvmånetid,
midt i mellom ingenting og allting.
Det er halvmånetid.
Mellom alt og intet går jeg nå omkring.
Jeg vet da godt jeg går i ring,
og det gjør ingenting.
Sitat: Trille,
dansk visesongar som eg kjøpte alle platene til på åttitalet. Sidan har eg ikkje høyrt om ho.
Eg har bare ein ordinær feriedag att. Eg går i ring, bokstaveleg talt. Sommarferien er rett og slett brutalt over om få dagar, og eg prøver å få orden på mest mogleg av det eg hadde lova meg sjølv å gjera i ferien… Kanskje det hadde vore lurare å roa seg heilt ned, og få skuldrene sine på plass?
Dei siste to dagane har hovudprosjektet mitt vore å få skikk på arbeidsromet. To dagar på eit arbeidsrom høyrest sikkert ut som all verda med tid, men her må leggjast til at det og skal finnast tid til å ta med små gutar til tannlege for å få reparert avbrekte tenner, henta vaskemaskin på verkstad og ta att ti dagars tapt kles-vask-arbeid, administrera ein sikkerhetsrunde etterbehandling med lusemiddel, laga pannekaker til middag til ein stor familie, innfri ein lova handletur med Ingrid og tusen andre små og store oppgåver. Dessutan har svært få av lesarane mine sett arbeidsromet mitt. Dei som har sett med eigne auge veit meir kva det dreier seg om.
Eg har kasta store mengder papir, prøvd å systematisera kurskompendier og avisutklipp. Eg har sortert store mengder fotografier,og lege på kne under arbeidsbordet mitt. og stappa rusk og rask inn i støvsugaren.
Sjølvsagt har eg ikkje klart å motstå freistinga å fortapa meg i gamle dagbøker, falla i stavar over fotografi eg ikkje har sett på mange år. Eg har lese gulna papirlappar med utkast til dikt og noveller, kasta lekseplanar og pedagogiske opplegg eg har laga, lagra og aldri brukt om igjen. Eg har ei kjensle av at eg hadde trengt fire veker for verkeleg å koma til botns i galskapen, og sit med ei kjensle av dette er ditt liv.
Eg lar meg overraska over at ting eg skreiv for ti år sidan faktisk er ganske bra. Vidare undrar eg meg over kor lite eg faktisk har forandra meg på dei tjue åra eg har rydda opp i. Og akkurat nå frydar eg meg over at det bare har vore tre øydelagde lyspærer som har gjort at eg ikkje har hatt taklys her det siste halve året…
Og korleis det ser ut her nå? Heilt forferdeleg. Skrivebordet flyt over av tome ringpermar, plastlommar, postkort, pennar, og papirbunker. Men i morgon…
Heidi
– Mi store skuld… Det desidert verste eg opplevde i sommar begynte så fredeleg. Me var på Korsvei-festival, og hadde akkurat krope ut av telt og soveposar den første morgonen. Nå sat forsamlinga benka ved bordet midt på tunet, og eg dreiv og prøvde å få fyr på stormkjøkkenet for å få kaffivatn til meg sjølv og kakaovatn til ungane. Ved sida av meg står Ståle og fyrer opp primusen sin.
“Så rart, eg ser ingen flamme”, sa eg. Og Ståle svarte noko som fekk oss begge til å le. Eg kjenner med handa at det slett ikkje er nokon flamme der, og bestemmer meg for at det ikkje har teke fyr. Mot betre vitande tenkjer eg at her må det meir rødsprit og ei ny fyrstikke til. Så utfører eg kardinalsynda: Eg heller meir rødsprit i den vesle skåla. Det flammar voldsomt opp, det var eld der likevel. Eg blir varm i ansiktet, men ikkje noko meir.
Ståle kastar seg over ende, og dreg med seg som sin som står ved sida av. Han rullar seg rundt i graset og ropar høgt. Han riv av seg T- skjorta. Først trur eg det er ein spøk, men så skjønar eg at eit vindpust må ha teke fatt i flammen slik at han har brent seg i ansiktet. Han grip ein tilitersdunk med vatn som står like ved, og heller vatnet over seg. Eg spring alt eg kan og hentar meir vatn, eit vaskefat og ei vannkanne. Ståle dyppar heile ansiktet i fatet og tek eit vått handkle kring hovudet. Han seier at det gjer veldig vondt, at det svir forferdeleg
Eg blir livredd der eg står. Eg veit at det er vanskeleg å anslå kor alvorleg ei forbrenning er sånn i første omgang. Eg tenkjer på han svenske brannmannen som held foredrag. Eg har angst og det dårlegste samvitet som tenkjast kan. Eg tenkjer at nå har eg kanskje skadd eit menneske for livet.
Ungane er redde, og eg anstrenger meg for å halda meg heilt roleg og ikkje å belasta dei andre med mine reaksjonar i tillegg til det andre. Ein sjukepleiar kjem springande frå naboleiren, ho seier at han har gjort det rette, og at han bare må kjøla ned, kjøla ned, kjøla ned med vatn.
Nokon syklar for å finna legehjelp, ein doktor frå eit telt i nærleiken kjem saman med ein overlege frå sentral-
sjukehuset i Bergen som og er deltakar på festivalen. Dei seier at dei ser ingen annangrads- forbrenningar, men at han skal sitja med hovudet i kaldt vatn så lenge han orkar og etterpå dusja i lunka vatn i ein time til.
Eg kjenner meg omtrent som ein morda, og har lyst til å gråta og hyla. Eg har lyst til å springa og gøyma meg.
Eg seier unskyld, eg stryk han forsiktig over ryggen, eg ber til Gud om at han ikkje må vera skadd, eg har sjeldan kjend meg så hjelpelaus.
Først mange timar seinare vågar eg å tru at det har gått bra. Han har svidd skjeggstubbar og augnebryn og litt av luggen som frå før av var bare tre millimeter. Av andre mén vart det bare eit lite brunt merke på nasen.
Nokon seier at det var skikkeleg flaks at elden ikkje slo opp på meg, som hadde langt laust hår. At det var betre at det ramma ein uskuldig nabo orkar eg ikkje høyra snakk om. Alt kjennest heilt feil
Ståle hadde all grunn til å bli rasande på meg. I USA hadde det vel enda i retts- salen, og eg var blitt dømd for grov uaktsamheit. Det hadde truleg kjenst heilt rett og rimeleg.
Ståle var utruleg flink når det gjaldt å takla situasjonen. Eg fekk klemmar og forsikringar om at alt var OK. At det like gjerne kunne ha vore hans eigen feil, at eg måtte leggja dette bak meg, og eg veit ikkje kva. Då eg såg at marerittet enda i likaste laget trass alt begynte tårene mine å renna.
“Kvar gong eg ser deg på gata kjem eg til å få ein uimotståeleg trong til å springa inn i ein butikk for å kjøpa blomar og konfekt til deg, “ sa eg ein gong utpå kvelden. Han meinte at det nok ville kjennast litt slitsamt i lengda om eg skulle halda det gåande slik i årevis…
Eg skalv lenge etterpå, og skjelv framleis ved tanken på kor fort det kan vera gjort å skada nokon. Eit sekund med manglande vurderingsevne, så kan det vera gjort…
Eg er uendeleg takksam for at det ikkje gjekk endå verre,
og skjemmest framleis djupt og inderleg for det som skjedde. Ta i mot åtvaringa mi: Raudspritapparat må brukas med stor varsemd! Etter denne hendinga var det alltid ein og annan som hadde litt varmt vatn til overs kvar gong eg trong det… Eg våga ikkje røra rødspritapparatet meir heile veka. Truleg vil eg ha store problem med å bruka det att.
Fra synd og sorg og fare Guds engel meg bevare…
Heid
Eg står på verandaen på huset me har leigd under fotballturneringa, og eg ser at dei nærmar seg havkanten. Begge er kledde i joggebukser og T-skjorter og dei er heilt jamnhøge. Dei ber med seg kvart sitt badehandkle og går med besluttsame skritt mot stranda.
I eit halvt minutts tid ser eg dei ikkje på grunn av ein stor busk, men så dukkar dei opp att. Denne gongen har dei bare på seg badetøy. Dei har bunde opp håret sitt i heilt like hestehalar, men nå når dei har mindre klede ser eg tydelegare at dei er ulike. Vilde har strekt seg i sommar, ho har blitt blitt lenger og rundare i formene. Sunniva er langbeint, smal og vever i den rosa badedrakta. Dei blir ståande litt og nøla medan dei kalde bølgene kjkærteiknar dei sommarbrune leggene deira. Sola går bak ei sky og eg kan sjå at dei frys.
Hand i hand vassar dei utover, først er dei nølande, så meir besluttsame. Dei to legg armane rundt ryggen på einannan og vassar utover tett i tett mot den andre sin kroppsvarme. Dei er så vakre at eg får tårer i augene.
Jentene veit ikkje at eg står og ser på dei.
Då vatnet står dei til livet stansar dei opp. Nå kjem Vilde til å dukka først, tenkjer eg, og før eg får tenkt tanken ut har ho allereie gjort det. Vilde struttar av energi og mot, medan Sunniva er forsiktigare. Hendingsforløpet er lett å spegla på førehand. Akkurat som eg visste blir Sunniva ståande og nøla, og akkurat som eg var heilt sikker på ho ville gjera det begynnar Vilde å spruta vatn. Sunniva hyler og Vilde ler.
Eit sekund eller to ser det ut som om Sunniva har tenkt å snu og springa opp på land. Så tek ho mot til seg og dukkar. Då ho kjem opp att ser eg på heile henne kor gysande kaldt det kjendest, men nå tek ho til mot.
Med hestehalane vippande i havflata sym dei utover, så langt som eg har gitt dei lov, men ikkje lenger. Eg tenkjer at tolv årsalderen må vera den tida eit menneske er på sitt aller vakraste.
Alle skulle hatt ei jamnaldrande kusine å bada med i det store havet i august den sommaren ein fylde tolv.
Heidi
“Mamma, Halvard har noko i håret, eg lurar på om det kan vera lus!” Ingrid ropar frå stova, og eg ilar til åstaden medan eg lurer på om det er ein ny form for spøk.
Bilen er ferdigpakka, og alle er klare. Kjærasten min og eg skal på fotballturnering i Lyngdal der Halvard skal delta. Me skal dela ei hytte med Gunnar og Hanne Lise, medan Halvard skal sova på ein skule. Ingrid skal få vera att heime, men Sunniva skal bu i lag med oss. Det same skal Vilde, niesa mi på tolv år, og bestevenninne med Sunniva. Dei to skal få sova på hemsen, og dei gler seg til å dra på ferie i lag. Eigentleg skulle me ha reist for ti minutt sidan, men Hanne Lise og Gunnar vert litt forsinka, og nå sit me og ventar på dei.
Det kryp verkeleg små insektliknande vesen i hovudbotnen til Halvard. I det nyklipte håret hans er dei til og med ganske synlege… – Så merkeleg at me ikkje har oppdaga dei før.
Leif blir send på apoteket i ekspressfart, og når han kjem heim med brosjyre og eit parafinliknande preperat er det dessverre ingen tvil. Det som kryp i håret på Halvard liknar til forveksling på det forstørra monsteret i brosjyren. Halvard blir straks gnidd inn med dei parafinliknande greiene. Så les me at det må sitja fast i håret i minst tolv timar. Det blir nok ingen turnering i dag, nei.
Så må heile familien under lusekammen. Kjærasten min kan etterkvart friskmeldast, og det same kan Ingrid. I Sunniva sitt hår er det derimot små ubudne gjester. Med hjartet i halsen går kjærasten min laus på det store, lange håret mitt. -Eit usikkert funn, noko som liknar på ei lus, elles ingenting. Masse parafin inn i håret mitt og. Me fekk rett nok klar beskjed om at bare dei med lus skal behandlast, men dette er eit klart nødstilfelle…
Og så er det ei litt audmjukande telefon og sms- etappe der alle som med den aller minste sansynlegdom kan vera smitta. Heldigvis tek folk det fint…
Nå sit eg her og bokstaveleg talt somnar over tastaturet.
Eg duppa av eit sekund eller to midt i denne teksten, og eg måtte sjekka om eg hadde skrive noko nonsens i søvne…
Eg kjem til å sitja oppe til klokka eitt i natt for då er dei tolv timane gått og eg kan dusja ut parafinlukta før eg legg meg i heilt reine sengklede.
– Så er det då godt for noko… Og i morgon tidleg dreg me. Me har lova Halvard at han skal nå den første kampen klokka tolv.
Heidi
“For i dag vil eg gjesta ditt hus,” song eg i ein av dei første songane eg lærte på sundagskulen. Den om at “Sakkeus var ein liten mann ein bittebittebitteliten mann var han…”
Og akkurat nå i desse dagane gjestar folk huset mitt. I dag hadde eg to heilt nye menneske i den oransje sofaen min: Elizabeth og Linda frå USA. Begge to er sterke single amerikanske kvinner på min eigen alder. Med erfaringar som er til dels samanfallande og til dels heilt ulike mine eigne. Dei var gjester hos Torun, som var gjest hos meg, og plutseleg hadde me så mykje å snakka om. Etter å ha ete pastarett med foaccacia-brød og raud pesto på “Kjøkkenet”, og etter å ha vist fram strendene våre i nordavind, landa me hos meg. Me drakk kaffi av dei nye stripete hankelause koppane mine som er så fine at eg aldri har brukt dei, og eg henta fram resten av vaniljeisen frå sundag og skar opp ei fyrstekake eg hadde henta med meg frå eit bakeri eg passerte på vegen heim
Der sat me, fem jenter, alle mellom fjorten og femti år, og snakka på eit anna språk om relasjonar og erfaringar. Og verda opna seg bittelitt meir mot noko større.
Me avrunda kvelden med at Torun og eg tok med dei eldste døtrene våre og kjørde inn til byen på kino. Dei amerikanske damene hadde ein middagsavtale ein annan plass, så nå var det fritt fram for norsk språk og svenske filmar. Me såg “Så som i Himmelen,” som eg hadde sett før, men ingen av dei andre hadde sett han, så det gjorde ikkje noko. Me kjørde feil gjennom ein bomstasjon, bomma på eit traffikklys, vart omtrent for seine til kinoen og overtrakk parkometertida, men det gjorde ikkje noko… Filmen hadde gjort inntrykk på tenåringsjentene våre, -og på oss.
Å få livet til å swinga slik at ein kjenner ein høyrer saman.
That might be the Question.
Heidi
…at det var august allereie… Eg var sikker på at det var siste dagen i juli, heilt til eg til mi store glede oppdaga at Andedrakt var på beina att. – Og der… såg eg til mi store forbausing at dei nyaste tekstane var skrivne første august.
Eg har altså ikkje rukke å halda den årlege august-talen til meg sjølv, som handlar om det mjuke, det mogne og det forgjengelege… Heller ikkje har eg pusta ut og inn den venlege atmosfæren som eg hardnakka meiner at august har ein aura av.
Denne dagen har eg lite gjort, eg er på kvilepuls. I går hadde me middagsgjester, og plutseleg sat det ein lys levande glasblåsar i stova mi. I går var ettermiddagen min slik eg helst vil ha det her, glade menneske, blomar og brennande lys, god mat og opne dører… Nokon kom for dei var budne, andre vart budne etterkvart og Astrid for sin del stod plutseleg i stova og ville bare innom for eit hei og ein klem. Heldigvis fekk me plassert henne i sofaen med eit glas i handa, og der vart ho sitjande.
Dagen i dag opna i same sporet. Ein frokostgjest ringde på døra før eg var oppe og så vart det knekkebrød, ost og svart kaffi på kjøkkenet mitt. Halvard syntest det var koseleg å eta frokost med to tatlesjuke vaksne damer med god tid, så han åt sju brødskiver med dansk salami, og viste fram ein av froskane han sjølv har fødd fram i ein plastbalje utanfor huset. Rumpetrolla fann han i ein dam i juni ein gong.
Dagen slentra vidare til eit utstillingslokale som viste seg å vera stengd fordi det var måndag, og ein søvnig strandtur. Eg har leika god husmor og kokt ein av mine yndlingsrettar frå barndommen: Suppe av salt lammekjøt med gulrøter, kålrabi, nepe, selleri, purre og risgryn, med store lysegule bollar av egg, sukker og mjøl lukkeleg duppande på toppen av gryta. Eit av mine første minne om matlaging er at eg fekk hjelpa bestemor å laga slike bollar etter at morfar hadde knekt egga for henne i ei skål med hane på. Bestemor hadde ein merkeleg fobi mot å knusa egg…
Eigentleg skal slik suppe etast i to omgangar, først kjøt grønnsaker og kokte poteter på flat tallerken med suppe over som saus, og så resten av suppa med skei frå suppeskål, gjerne med flatbrød til. Her i heimen kom me aldri til potetene i dag, men suppa smakte godt og til dessert åt me jordbær.
Far var innom som snarast saman med Borghild, brordotter mi, som akkurat hadde bestemt seg for at til hausten skal ho studera idrett i Telemark. Ho skal bu bare ein time frå Odd Christian som skal på folkehøgskule. Det første han skal gjera der er å ta dykkarsertifikat, og så skal han på ryggsekktur til Skottland og Australia. Borghild og Odd Christian vart kommanderte til ro i sofaen der me kikka på ein album frå dei to var frå eitt til to år. Me lo av klede, frisyrer og brillemotar frå den tida som kjennest som omtrent i går.
Eg visste ikkje at det var august. Sommarmodusen har teke frå meg klokke og kalendar. Snart må eg finna fram begge deler att, men enn så lenge, ha tol…
Heidi
Ingrid og eg ligg på ryggen på den varme takterrassen i Alhaurin el Grande. Det mørknar, og me ser stjernene tennast ei for ei. Først ser me to stjerner, så ser me fem stjerner. Til slutt lyser heile himmelen full av stjerner, og natta er mørk og mjuk som fløyel.
“Vil du høyra ein fin song?” spør Ingrid. Ho stikk den eine øyreproppen frå MP3-spelaren inn i øyret mitt. Me ligg heilt stille begge to for å ikkje riva i ledningen. “When I find myself in times of trouble mother Mary comes to me, whisper words of wisdom: Let it be.”
Lena meg mot tilliten. Samla saman papira mine. Satsa på at historiene eg har lært meg er på plass nå. Pakka kofferten klar, finna fram campingtallerknane. Let it be.
Me er heime att i Norge. Ingrid kjem akkurat heim. Ein motorsykkel stansar. Ein liten pause. Ingrid går i trappa. Så er ho då vel heimkomen i dag og.
Sunniva pakkar kleda sine i ein stor gammal pappkoffert. Ho er solbrun, blond og smal. Smale forsvarslause skuldrer under singleten. Kanskje er dette siste sommaren ho får vera barn? Neste sommar er ho tenåring. Framleis bur ho i ein langbeint barnekropp, framleis likar ho å setja seg på fanget.
Halvard kjem opp. “Nå må du leggja deg, mamma. Du skal tidleg opp i morgon. Eg vil at du skal koma ned og be ei kveldsbøn med meg.”
Halvard og Odd Christian på kvar sin sofa. Begge les Harry Potter, den eine på engelsk, den andre på norsk. Ingrid og Odd Christian leitar i kjøleskapet etter noko godt til kvelds. Huset lever i midnattstimen. Bare kjærasten min har leita seg veg fram til senga. På bordet ligg ein stabel soltørka handkle.
Me skal reisa tidleg i morgon. Eg må få gjort alt eg skal, er ikkje klar endå. I morgon brakar det laus. Har eg tenkt dei tankane som tenkjast skal? “Vekk meg før de reiser,” seier Odd Christian. Eg lovar å vekkja han. Så må eg hugsa utskriftene frå kjærasten min sin skrivar, for min er tom for blekk.
Om fem minutt rundar me midnatt. Stjernene synest ikkje så godt i norske sommarnetter som i dei spanske.
Snart på tide å kvila litt, nå. I morgon skal eg treffa att ei kjær venninne eg ser alt for sjeldan. Snart skal morgondagen koma. Let it be.
Heidi
Eg meiner det var slik det var. Ein roman, trur eg, som fanga interessa mi då eg hadde tysk på gymnaset…
Me kom heim kring midnattstid i går. Heim til ei ny verd. Ute var det meir enn tjue grader kaldare enn det me reiste frå. Som ekte sydenturistar kom me heim barbeinte i sandalar og badesko, med korte bukser og ein stråhatt i handa. “Ute var det lyst , ikkje mørkt, -og grønt, ikkje brunt. Motorsykkelvenen til Ingrid venta sånn omtrent på trappa. Førti ulesne aviser låg på bordet. Det var dårleg ånde frå kjøleskap og søppelspann. Dette sjølv om eldsteguten verkeleg hadde prøvd å rydda før han drog på hyttetur. Han har endå att å læra at klutar kjem til å lukta vondt om ein ikkje skyler dei og vrir dei opp.
Me kom oss aldri i seng. Aviser og datamaskinar lokka meir enn det å pakka ut koffertar. Soveromet var iskaldt. Me trong varme dyner etter å ha sove rett på lakenet mest utan klede, med ei vifte rett i mot oss i fjorten netter. Det kjendest som heime, og det kjendest som framand.
Ungane er spreidde for alle vindar, og kjærasten min er på golfbanen. Etter at me har levd på ein armlengdes avstand til einannan i fjorten dagar, skal me leva meir kvar for oss. Noko av det sterkaste med ein ferie er at ein kjem einannan så nære. I fjorten dagar har kjærasten min, eg og dei tre yngste ungane, levd i ein symbiose fjernt frå kvardagslivet. Me har ete alle måltid saman, kjørt på lange turar i lag, hatt høgtllesing frå Arthemis Fowl om kveldane og opplevd ting ingen andre har delt med oss.
Lesing er viktig for alle har i huset. Då Odd Christian ringde meg for å seia at han ikkje kom til å vera heime når me kom heim, bad han oss om å senda ei melding der me fortalde om Harry Potter- boka han hadde bestilt var komen. Det var så fint bare å vita at ho venta på han. At Harry Potter kan fengsla ein gut på snart nitten like mykje som ein tiåring er interessant.
Sjølv har eg hatt Simone de Beauvoir som min næraste ferieven på sida av familien. Eg har lese meg gjennom biografien hennar “Moden alder”, som handlar om åra frå ho var godt og vel tjue til fram i etterkrigstida.
Eg elskar biografiar. Det er sikkert noko av det same som gjer at eg er så fascinert av bloggar og nettdagbøker. Dette å få kikka inn i andre sitt liv og ikkje bare vera bunden til eigne opplevingar gjer nye og utfordrande perspektiv på det å leva.
Ved eit smilande samantreff las eg om då ho og Sartre hadde vore i Alhambra utanfor Granada akkurat same dagen som eg var der sjølv. Det er ascinerande at opplevingane våre faktisk langt på veg var samanfallande gjennom tid og rom.
Noko eg og vart fascinert av var hennar interesse for livet, og evne til å la livet skje. Eg ynskjer å leva livet mitt i ein tillit til livet eg og. Eg ynskjer å la ting få lov å henda, og å vera levande midt i det som hender utan så mange atterhald. Det er ein livskunst i ein del samanhangar. Nemnde eg forresten at eg ikkje er redd i fly lenger?…
I tillegg til å vera djupt interessert i livet, er eg djupt truande. Eg trur at Gud er bak alt, i alt og over alt. Eg trur at eg kviler i kjærleik. Dessto større grunn burde det vera til å våga å leva med opne sansar utan atterhald.
Simone kunne trass alt som hende, konsentrera seg om å skriva. Akkurat det kan eg misunna ho på eit vis. Eg ville så gjerne skriva meir eg og. Prisen for det var mellom anna at ho avstod frå å ha familie. Ikkje eit sekund hadde eg vore villig til å betala den prisen. Som ei kattemor, ei løvinne eller ei kva som helst, elskar eg å leva tett med barna mine. Eg vil kjenna dei rundt meg, over meg, inntil meg. Men eg veit dei ikkje er mine. Meir og meir skal dei bevega seg i større og større sirklar frå meg, og eg skal framleis la meg fascinera av livet.
Nå er me på vide vanke, og teksten er blitt for lang. Meir personleg enn eg vanlegvis skriv vart det visst og… Eg som hadde begynt å rydda kjøkkenet lot meg overmanna av skrivelysta. Det ville vera interessant å vita om nokon les seg heilt gjennom så lange tekstar som dette. Gje meg gjerne eit livsteikn. Om to dagar er det festival i Seljord. Der skal eg vera, forteljar, halda kurs, bu i telt og møta att ei særdeles kjær venninne. Wenn jemand eine reise tut…
Heidi
Me har reist rundt og sett oss om, men i dag vart det stranda att. Eg har alltid vore veldig glad i bading. Det som har vore det store aberet sidan eg fekk eit barn i 1986 og tre til etterkvart, er at eg har blitt mindre og mindre konform med plagget badedrakt. Installasjonen bikini snakkar eg ikkje om ein gong… Det er noko med at bikiniar og badedrakter er laga for framheving av kroppsdelar som eg ikkje har noko stort behov for fokus på.
Eg har ingen problem med at runde kroppar kan vera vakre med klede og utan klede… Faktisk ser ein meir avkledd ut i bikini enn heilt naken, synest eg. Likevel, til naturist-strender har eg aldri trekt…
Badedrakta vart etter beste freudianske oppskrift verande att i skapet utan at eg oppdaga det. Jakta etter eit nytt strandantrekk begynte. Og lukkast. Eg oppdagar kvar gong eg roar meg ned i sanden ute ved havet at kroppar faktisk er heilt usansynleg mangfoldige. Dei fleste ville ikkje hatt ein sjanse til erobring av catwalken i badedrakta si. Og som Ingrid seier i ein del situasjonar: “¿So what?” (Her kunne eg ikkje dy meg for eit ekstra teikn slik dei gjer det her i Spania).
Og i dag var det herleg med bading. Eg har vore i vatnet med Halvard i timesvis. Havet var i ekstrem bevegelse i dag, brenningane braut hardt slik at me med jamne mellomrom vart kasta hardt bakover, og stundom heilt opp til stranda… Halvard er ein smule overmodig, og kan ikkje vera i vatnet utan tilsyn. Det passa meg i grunnen fint. Bruningsprosjektet mitt ville vel gått raskare om det finn stad oppe i solstolen, men eg gjentek mine eigne visdomsord: “So what?”
Ingrid og eg har eit lite friminutt her i ein nettkafé. Om fire minutt og seksten sekund har tida runne ut for oss, og me skal ut og erobra handlegatene i ein halvtime. Etter det er me viss hardt etterlengta… Skrivetrongen er stor. Kjem tilbake snart ein dag. 🙂
Heidi