Gå til innhald

0:16:36…

…seier siffera om tida eg har att her. Internett-kaféar er fine greier. Verre er det at eg kom borti ein ukjend spansk tastaturknott, og heile den fine teksten min forsvann som dogg for sol. Det siste kvarteret eg har att har begynt. Her skal det skrivast, ja…

Det er ikkje bare bare for norske ungar med meir kompetanse med nordavind og frost enn med steikande varme. Termometeret runda ca 40 grader, og energien
var parallelt synkande med den stigande varmen. Fleire av oss, men spesielt Halvard har vore plaga med magesmerter og kvalme. truleg heng dette saman med at han tek til seg alt for lite mat, men og drikke i varmen.

Eg angra bittert at eg ikkje hadde teke med meg biola-tablettar, for dei gjorde nok sitt i fjor til forebyggjing av mageproblem. Eg gjekk inn i eit spansk apotek og leita etter eit tilsvarande produkt, men fann det ikkje. Eg kom ut tomhend og Halvard vart fortvila. Eg halte han derfor inn med meg til apotekerdama, som snakka fint lite engelsk, og forklarde at guten hadde “pain, but not diarhea” Eg la handa min over magen hans og sa au au. Ho fekk spurt kor gammal han var, og ho forstod faktisk uttrykket “ten years old”. Eg fekk med meg ei stor eske Aloe Vera kapslar -a bebe, -til drikking.

Forferda var eg ved synet av glasampullar med kaktussaft. Desse skulle knusast, og innhaldet skulle drikkast. Korleis fekk ein knust dei, mon tru? Eg brakk og dunka og slo med ein kniv. Til slutt fekk eg knust tre ampullar og Sunniva, Halvard og eg drakk alle tre. Far til barna sa at han fekk assosiasjonar til fru Goebbels i Hitlerfilmen…

Etter at eg hadde lagt meg fekk eg sjelekvaler. Tenk om barna hadde sveld glasbitar… Eg fekk det for meg at alle spanske heimar hadde reiskap som elegant og utan problem skar glashalsane av slike flasker…

Eg vakna klokka fem med vondt i magen, gjekk ut og fekk med meg at hanane i byen heldt morgonkonsert, at dei svarte tonane fekk farger, at mopedane starta og flaggermysene flaug. Og at Halvard glad og opplagd fortalde at medisinen hadde hjulpe, han knakk ei ny flaske og drakk.

Heidi

Her i Spania er det varmt…

… veldig varmt, faktisk, og det er deilig. Eg er blitt heilt utruleg flink med flyturar, og er veldig glad for at det faktisk ser ut som at tung flyskrekk er eit tilbakelagt stadium for meg. Takk til alle gode krefter som har hjulpe meg ut av det.

Me bur utanfor ein liten by eit nydeleg murhus i klassisk spansk stil med fliser overalt, som svogaren min har bygd av restane av eit gammalt hus. Naboane er to eldre ugifte karar, ein storebror og ein lillebror. Den eine vatnar frukttrea, som det er store mengdar av rundt huset sidan det er ein gammal finca, ein fruktgard.

Dagen som gjekk, fekk Ingrid fletta fletter over heile hovudet. Ei rund og blid lita afrikansk kvinne sat og fletta folk ute i gata. Det er noko veldig moderleg med ein del afrikanske kvinner. Kanskje ikkje for ingenting at dei blir kalla Mama? Ho minde meg om Linda, som eg budde hos i Tanzania i fjor sommar, eit av dei varmaste og mest omsorgsfulle menneska eg har truffe.

Om kvelden viste det seg at kombinasjonen av stramme
fletter over heile hovudet kombinert med tropevarme, ikkje var det lettaste utgangspunktet for nattero. Dette i tillegg til at ho nok sakna god-guten med motorsykkel gjorde det at Ingrid ikkje fekk sova. Ho inviterte meg med til ei pratestund i staden, og sidan eg av natur er eit nattmenneske takka eg ja… Me sat ute til klokka to om natta og snakka saman. Det var heilt svart ute, men stjernene lyste og det var lys i husa rundt fincaen.

Fascinerande nok fekk me med oss den nattlige hundekonserten som eg hugsar dei haldt i Afrika, og ikkje minst i “101 dalmatinarar”. Hundane i vest starta, dei bjeffa mot hundane i aust som svarte dei. Snart bjeffa det hundar i alle himmelretningar. Glade bjeff blanda seg med klynking og uling. Ein einskild hund, snart her, snart der kjende for ei innlegg i debatten og det utvikla seg til eit gedigent bjeffekor. Bjeffinga la seg over det lydteppet som allereie fantest av sirissane si sarring. Ein gong kasta ein hest seg inn i konserten med to tydelege vrinsk, og ein hane blei inspirert til eit par hanegal, som vart heilt malplasserte reint tidsmessig.

Ingrid henta jus som me drakk saman av det einaste reine glaset, og ho fann epler og tobleronesjokolade, som me knaska i oss. Det er sikkert slike ting som dette me hugsar seinare sa ho, og me hadde ein av desse lange samtalane om lagnad, liv og lengt og om dette at ein faktisk blir glad i menneske og knytta til dei, utan at ein heilt veit at det skjer.

Halvard har solbrende aksler, og minibankane er midlertidig ute av drift. Familien min badar i havet rett her nede. Tida mi renn ut, og eg skal ned til dei.

Om nokon stussar over formuleringane mine kan det ha samanhang med at eg bevisst ikkje har brukt dei bokstavane som ikkje finst som ein del av spanske tastatur. Delvis fordi det ser uryddig ut, og delvis fordi det gjekk sport i det. Ha ein vakker sommardag heime i det svale Skandinavia.

Heidi

Ante bare ikkje…

at me hadde så mykje klede. Eg har vaska og vaska og send mange plastsekker til Frelsesarmeen. Dagane spring frå meg. I morgon reiser eg med fly til Spania. Eg er stolt over at eg ikkje gruar for flyturen. Er blitt SÅÅ modig, men eg skal nok kjenna det i morgon…

I kveld skal eg ut og eta god mat med gamle venninner. Eg får ta med bilen og kjøra tidleg heim. Nå må eg ned og sjå om vaskemaskinen er ferdig med å vaska. Eg skulle helst ha nådd ein tre -fire maskinar til før me dreg.

Satsar på å finna meg ein internettkafé så eg kan oppdatera litt her. Eg må ta med meg eit manus og, for eg har sagt ja til å vera forteljar og halda fortaljarkurs
på ein stor festival om eit par veker. Døtrene mine og eg dreg dit og ligg i telt. Det blir spennande, men først blir det altså Spania.

Heidi

Ein smell går gjennom heile kroppen…

I neste sekund ligg eg på bakken og tenkjer at eg må vera påkjørd av ein bil. Den neste tanken er at eg må koma meg vekk før eg blir meir påkjørd.

Ingrid og Odd Christian ser mor si gå roleg over ein parkeringsplass. Ein parkert bil bakkar plutseleg med rakettfart og treff henne i ryggen. Ho blir slengt i bakken og ligg heilt stille eit sekund, før ho reiser seg opp og spring over plassen…

Me var ute og øvekjørde. Ingrid var med bare for ho hadde lyst på turen. Me reiste på langtur, og eg hadde høyrt om ein veldig idyllisk plass eg aldri har rukke å besøkja. Eg får overtalt Odd Christian til å svinga innom denne plassen for å ta ein pause. Kanskje me finn ein plass der me kan drikka kaffi og eta is? Me parkerer på ein stor parkeringsplass. Eg ser ei informasjonstavle og går bort for å lesa. Dei parkerte bilane ser veldig parkerte ut. Eg registrer ikkje at nokon av dei er i ferd med å starta før smellet kjem som lyn frå klar himmel…

Begge ungdomane mine kjem springande bort for å sjå korleis det har gått med meg. Bilen ryggar vidare. Alt går i sakte film. Bilen stansar. Ut kjem eit ektepar i sekstiåra. Dei går rundt bilen og sjekkar skjermane bak. Mannen legg seg ned på kne og kikkar under bilen.

“Unskyld meg,” seier Ingrid høgt og indignert henvendt til paret. “Her kjører de på ein person, og etterpå sjekker de bilen, i staden for å sjå korleis det gjekk med den som de kjørde på!” Begge snur seg momentant. Dei forsikrar oss om at dei ikkje ante dei kjørde på nokon. Dei trudde det var ein stein. “Det er det eg har sagt,” seier kvinna. “Ein ser absolutt ingenting når ein ryggar med denne bilen!” “Men då må me jo ha truffe deg hardt,” seier mannen forskrekka. “Tilhengarfestet er jo heilt ute av stilling. Skal me kjøra deg til dokteren?”

Kvinna gjentek forskrekka gong på gong at ho ikkje gjorde det med vilje, og eg gjentek at det veit eg då godt. Eg forsikrar dei om at eg er like heil, bare litt skrubbsår her og der. Eg fortel dei at det gjekk så bra så bra. “Nei eg treng verkeleg ikkje nokon dokter, og nei eg treng ikkje namn adresse og telefonnummer, for eg er så uskadd så uskadd…”

Eg ber dei orsaka dotter mi, som sjølvsagt var litt forskrekka, sa at det var første gong i mitt liv eg var blitt påkjørd, og det var jo ei slags oppleving det og… Eg ynskte dei “God tur vidare, og ikkje tenk meir på dette i det heile tatt…” Det var nummeret før eg tilbaud meg å kjøpa nytt tilhengerfeste til dei, -for det er mitt reaksjonsmønster i kriser… Glatta over, trøysta, trøysta, dette går så bra…

Då dei hadde kjørt, reagerte eg og ungane mine på same måten, me begynte å le og lo høgt og lenge, bortimot hysterisk latter for min del. Så sende sonen sms til far sin. “Mor påkjørd. Det gjekk bra. Mor ok…” Kjærasten min sender straks melding tilbake: “Hvordan gikk det med bilen?”. Han trudde sjølvsagt at eg sat inne i den lånte bilen me øvekjørde med då det small.

Sjølvsagt burde eg ha fått adresse og telefonnummer frå
bilføraren, men eg var så fortumla at eg bare ville ut av situasjonen. Heldigvis,- etter sju timar kjennar eg meg framleis uskadd, bortsett frå skikkelege skrubbsår på knea og småsår her og der…

Det merkelege var at eg bare nokre timar tidlegare tenkte på kor fort ein kunne bli involvert i ei trafikkulukke.
Lærdomen får bli at ein går i fare kor ein går, som det så fromt står i salma. Her engstar eg meg for at eg er ansvarleg når sonen øvekjører, og så blir eg påkjørt på parkeringsplassen i det eg går ut av bilen.

Men som sagt. Ingen skade skjedd. Eg er framleis oppe og går… Alltid beredt gode vener!

Heidi

Kom og sjå!

“Mor kom og sjå!” ropte Ingrid frå badet. Ho ropte på ein måte som fekk meg til å ana uråd, så eg slapp alt eg hadde i hendene og sprang. Ute på badet stod ho foran spegelen og drog av seg huda i ansiktet i store flak. “Sjå, eg må ha blitt solbrend sa ho,“og drog av seg all huda på det eine kinnet.

Eg kjende kvalmen stiga opp i meg, og kom på fryktelege ting eg hadde høyrt om brannskadar og væsketap. Eg prøvde å få stemmen min til å høyrast roleg og fatta ut då eg sa at ho ikkje måtte gjera det. Me måtte heller prøva å massera fuktighetskrem forsiktig inn. “Det nyttar ikkje sa ho, og drog av seg all huda frå panna og nasen. Huda er jo heilt laus, eg må bare få ho av.”

Då begynte eg å fatta. Var ho ikkje skremande balansert situasjonen teken i betraktning? “Ingrid,” spurde eg med lett skjelvande stemme. “Tullar du med meg?” Ho benekta
hardnakka, men eg drog kjensel på nokre smilerykningar i munnvika. Svaret på uhygga låg i ein pose på vasken, ei gummiaktig flytande ansiktsmaske til å fjerna døde hudceller med. Gni inn, og riv av etter eit kvarter, ein presang frå ei venninne på seksten-års-dagen. Og eg er eit uhelbredeleg lett offer for den typen spøkar… Eg lærer viss aldri.

Heidi

St. Hans:

Eldsteguten min har fem dagar att før førarprøven. Derfor er han ivrig etter å få kjøra mest mogleg. På St. Hans afta vart eg invitert med han ut for å kjøra ettermiddagstur. Me kjørde langs strendene i sol og vind, og eg sluttar aldri å undra meg over kor utruleg vakkert det er i min del av landet. Me ende opp på Ikea, der attenåringen min foreslo at me skulle ein tur innom restauranten. Ikea- kjøttbollar har vore ein av favorittane hans sidan han var liten. Argumentet hans var då godt nok: “Me går jo aldri ut saman lenger, mamma.” Og det kunne han for såvidt ha rett i. Då eg etter minimale overtalingar gav etter for skalldyrsalat til mor og kjøttbollar til Christian, gav han meg ein stor og spontan klem.

Det er rart å gå omkring og vera mor til nokon som ser ut sånn omtrent som ein vaksen mann. Skjegg har han fått og greier, og dei gullgyldne “Lillelord- Fountleroy- korketrekkjar- krøllene” som rakk han lengst ned på skuldrene då han var tre år, får nå veksa vilt og uhemma.

Tenåringen min spelte høg musikk og småsong i bilen, og han var framleis strålande fornøgd då eg sette han av til midtsommarfeiring med venninne og kameratar. Seinare fortalde han at dei hadde bada i eit lite vatn midt på natta. Det høyrest jo livsbejaande ut, bortsett frå at det sikkert var svinkaldt…

Me her heime hadde ikkje tenkt oss nokon stor jonsokfeiring, bare litt grilling på verandaen. Me kjøpte inn pølser og hamburgarar, salat og marshmallows, og Ingrid og eg bestemte oss spontant for å invitera bort onkelen min, som ikkje har eigen familie. Der sat me i sola og feira St Hans. For ein gongs skuld var veret omtrent slik det brukar å vera på filmar om St Hans feiring i Skandinavia.

Likevel begynte dei andre relativt raskt å frysa. Eg steikte vaflar med masse rømme i og jordbærsyltetøy på toppen, og onkel baud på is han hadde handla med seg.

Halvard imponerte oss alle med å spela halve “Til Elise” så godt som feilfritt på pianoet, medan tunga hans konsentrert gjekk fram og tilbake mellom hardt samanknepne lepper. Det stykket er minst fire nummer for vanskeleg for han, for han har bare fått pianoundervisning i eit halvt år. Han fekk ein dag ein fiks idé om at det stykket skulle han klara, så i dei siste vekene har han øvd og øvd og øvd. Det er ikkje noko overdriving å seia at øvinga har vore ei påkjenning for syskena hans. Dette gjeld spesielt øving tidleg om morgonen for Halvard er ein liten morgonfugl.

Før midnatt ville onkel heim, og Ingrid og eg kjørde han. Etterpå kjørde ho og eg langs strendene for å beundra båla og den lyse natta. Me var ute og vandra litt barbeinte i sanden og. Eg opplevde det som eit kompliment av dei sjeldne at ho takka nei til fest med gjengen fordi ho syntest det var koselegare å grilla med familien sin.

En opp og tre i mente. Det å bestyra ein familie med store barn er annleis enn å bestyra ein småbarnsfamilie. Det siste begynte eg då verkeleg å få dreisen på… Dette er annleis, men fint likevel, på ein vemodsverkeleg og veldig levande måte. Ingen kan forestilla seg kor mange bereposar fulle av matvarer ein ber med seg heim, og kor mange handkle og sokkepar det blir å vaska…

Heidi

Summertime, when the living is easy:

Med dette erklærer eg sommerferien min for opna! Eg er akkurat like trøytt som eg er kvart år på denne tida, så alt er i rute.

Etter den tradisjonelle kaffikosen på personalromet i går, gjekk Synneva og eg på kaffibaren. Det er tredje året på rad me gjer akkurat det, så det er snart tradisjon det og.
Nytt av året er at ho ber med seg ein fin, rund gravid mage med eit sparkande barn inni. Denne gongen tok me med oss Jan Ivar, og fekk etterkvart fylgje av Olaug og Johanne. Ei fantastisk kjensle å ha ferie, men meir enn noko kjende eg på at eg er trøytt, trøytt, trøytt. Då me kom ut der i frå høljeregna det, så planen om å leggja seg på magen ute på terrassen gjekk i vasken. I staden vart det sofaen.

Eg fekk overtalt kjærasten min til å kjøpa heim kinamat, så slapp me å koka. Etter maten la eg meg på sofaen og somna…

I dag har eg hatt den første feriedagen, og prøver å finna balansen mellom å kvila og nyta sommaren, og det å få gjort nødvendig arbeid. Dei to første timane av den vakne dagen låg eg i senga og las ein Bellman- biografi. Eg elskar biografiar, blir aldri trøytt av å smugkikka på andre sine liv. Boka innehaldt fascinerande skildringar av
livet på 1700-talet.

Etter frokost med mykje kaffi og eit par timars rydding og vasking på kjøkkenet, gjekk eg og Ingrid tur rundt eit
vatn i nærleiken. Turen tek om lag ein time, og er ein akkurat passe trimtur på ein dag med mange gjeremål. Det lukta gras og jord og skogsbotn, og eldste dotter mi får meg til å le og le og le. Eg kjenner ingen med ein så gjennomgripande, om enn nokså svartkanta humor. Etterpå feira me ferien med å dra på kjøpesenteret og eta herleg salat før me kjøpte ein turkis bikini til henne.

Etter å ha servert ei gjeng tenåringar kaffi, kjeks og mørk sjokolade, sat Ingrid, Odd Christian og eg aleine att i dei to oransje sofaane våre og song: “Allting kan gå itu, men mitt hjärta kan gå i tusen bitar…” Odd Christian spelte gitar til songen, noko han etterkvart er blitt riktig flink til. Ganske surrealistisk setting…

På personalfesten demonstrerte Jon massasjekunstene sine på eit par av oss. Han påstod at eg hadde spenningar i kjevemuskulaturen og viste korleis eg kunne løysa opp ved å massera muskelfesta. Eg visste ingenting om desse speningane, men nå fem døgn seinare kjenner eg at kjevemuskulaturen verkeleg er ganske anspent. Kanskje han har blitt det bare ved tanken på at han skulle vera det? Nå er det bort med alle stress- symptom i alle fall. Det har eg nemleg bestemt meg for. Hurra, nå er det sommar. Nemleg.

Heidi

The final countdown…

Om sånn rundt rekna femten timar har eg sommarferie. Det skal bli så heilt utruleg nydeleg. Me har akkurat vore på avslutningsfest for Ingrid. Ho og åttini andre ungdomar har nå fullført grunnskulen her i den velse byen vår, og i kveld var det fest og utdeling av vitnemål.

Lærarane skal ha sånn omtrent terningkast seks for stilen i oppløpet. Elevane kom marsjerande inn i salen i bunadar og mørke dresser, til noko som høyrdest ut som ein polonese på slottet. Så var det elevane på trinnet under som hadde ein førtifem minuttar lang cabaret med song og dans. I gymsalen var det dekka langbord med kvite dukar og lys og blomar, og det var servering av smørbrød og kaker. Så hadde lærarar og elevar talar, og alle kom høgtideleg fram og fekk vitnemålet sitt-. Allereie på det tidspunktet begynte nokon å gråta. Ingrid tørka tårer og mascara til den store gullemedaljen etter å ha klemt lærarane sine.

Til slutt hadde ein av elevane laga film frå turen dei var på nettopp. Den som i den aller norskaste ånd mellom anna var vandring på isbre i snøstorm i juni… Til musikken “Everything comes to an end,” hang så elevane kring halsen på ein annan og gråt endå meir. Etter ti år på skulen saman oppdaga dei plutseleg at dei faktisk var veldig glade i einannan.Me foreldre takka lærarane fint i handa og vart ein tanke varme i augene me og.

Nå ligg den fine grøne bunaden slengt over ein stol, og Ingrid sit i silkeskjorte og rosa understakk på romet sitt og chattar, truleg med folk frå klassen.

Vakkert var det. Vakkert og verdig og alt som er. Nå skal eg ned og sjå om dei minste barna er komne vel i seng på eiga hand, før eg får oppvasken i maskinen og tek kvelden. Eg er akkurat så trøytt som eg er kvart år på denne tida. Akkurat nok krefter til den aller siste innspurten og så skal eg flaaata heilt ut, – trur eg.

Heidi

Lyse netter, trøytte dagar.

Mens Gud framleis trudde på menneska, skapte han juninettene, seiest det i eit dikt. Og denne delen av skaparverket har eg problem med å seia i frå meg… Dei siste nettene har eg vore oppe sånn omtrent til morgons, og ein biverknad av dette er at augene mine svir av tapt svevn. Tankane mine seglar i eit behageleg skoddehav ein stad der inne, og let seg ikkje heilt formulera.

Fredagskvelden hadde me personalavslutning ute i havgapet, og for første gong i år kjendest det heilt ut som sommar. Me sat ute i kveldssola og åt deilig mat, og me vandra langs stranda etter solnedgang. Me song vakre songar og tåpelege songar. Me diskuterte livet og lengten og masserte akslene på ein annan medan månen lyste. Mørkret ikkje hadde rukke å falla over oss før sola stod opp att.

I går var eg i jenteselskap. Menyen skulle vera kveldsmat med jordbær og sjampanje, men jordbæra er ikkje mogne ennå, for det har vore rekordsein sommar. Nokre av dei som var der kjende eg godt, nokre kjende eg litt, og ei møtte eg for aller første gong. Me sat der åtte damer rundt eit bord, og samtalen vart etterkvart spekka med historiar laga av levd liv. Når me er omtrent så gamle som oss har det rukke å samla seg ein del historier i bagasjen, for ein gongs skuld trur eg at eg var ei av dei som fortalde minst. Eg lytta med vidopne øyrer og let klokka tikka seg gjennom timane.

Ein kan seia kva ein vil om menneske, men i seine juninetter blømer det mykje som me ellers ikkje har tid til å henta fram.

Og eg har litt og kvart å ordna før eg kan leggja meg tidleg i kveld…

Heidi

Og kjenna at vi er…

…i slekt med havet og vinden og kvite sky. Og vita at vi skal vera i saman like til morgongry…

Denne vakre strofa frå ein norsk sommarnattsvise, praktiserte eg torsdag for ei veke sidan. Me,- åtte kreative kollegaer skulle ha noko så prosaisk som eit
samarbeidsmøte klokka ni om kvelden. Innlagd i møtet
var servering av pastasalat ulike pestoar, foaccaciabrød, urte-smør og raud og kvit vin. Etterkvart hadde me lagt relativt ambisiøse planar for skuleteateret med sjette og sjuande klasse til hausten. Me går for å setja opp “Annie” i vår eigen versjon med store dansenummer og swingande song, men altså, hysj… Ungane får aldri vita akkurat kva me skal før perioden startar, og forut for det ligg det eit stort arbeid framfor oss med skriving, arrangering, regi og korreografi…

Berusa av vårt eige pågangsmot sklei me vel eigentleg
lenger og lenger vekk frå jobbdelen av det heile. Me drakk kaffi, åt sjokolade og spelte tåpelege gamle slagarar på stereoanlegget. Ingen hadde det aller minste lyst til å gå heim for å leggja oss. Til slutt oppdaga nokon at Helen hadde eit karaokeanlegg kopla til eit keyboard, og spontant vart det snekra saman eit lite danskebåtshow. Klokka halv tre om natta vart eg oppringd av attenåringen min,-som lurde på kor i all verda mamma var midt på natta. Fleire av dei andre fekk liknande telefonar frå forvirra ektemenn sånn etterkvart…

Då eg gjekk heim mellom tre og fire om natta var det så godt som lyst ute. Måkane skreik, og fuglane song, og eg var sånn omtrent det einaste mennesket som var utomdørs på den tida. Der gjekk eg og kjende at eg levde, medan eg la strategiar for korleis eg skulle få meg og ungane greitt opp og i veg til jobb og skule eit par- tre timar seinare…

Vi ska ikkje sova burt sumarnatta, ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre…

Heidi