Gå til innhald

Bli med meg og hels på ein fin diktar

image

Eg sit her og les Arvid Hanssen sine viser og dikt. Det er så mykje fint. Han skriv på nordnorsk, men ein del av tematikken er gjenkjenneleg for oss her i vest og. Han har skrive om sommaren som ikkje kom…

 

Godt at gråmåsen song

Det va så laga langs leia her
at sangfaugglan strauk uinna vijnn og ver.
Aildri den strofa du fekk som du trong-
om kje gråmåsen song.

Gauken va gjæst på ei Santhans- grein.
Gol ikkje lenger enn sola skein.
Tålt ikkje kjylla på selkstjerten fjong.
Godt at gråmåsen song!

Det va så laga så langt mot nor.
Så mange tok sangstæmman med sæ og for.
Hausten va mager, og vijnntern va trong.
Godt at gråmåsen song.

Arvid Hanssen

Men visst har me sommar her på jæren. Og i beste fall skal me til og med bikka tjue-talet, reint temperaturmessig denne veka, så me får ta med ei sommarvise og.

Sommarlåt

Æ veit ikkje kæm som har laga den visa
som bjørka jan dainse. Dein visa e fin
enn mårra i juni på synnavijndsåsen
i synnavijndstakt som en spræk fiolin.

Æ veit ikkje kæm som har laga dein visa
som båten kain bære. Den visa e go.
I juli når solbåra spælle i suinnan
så gla som et trekkspæll førr dein som må ro.

Æ veit ikkje kæm som har laga dein visa
som elva kain sønge. Dein visa e rar
når sommaren går mot august over marka
så mjuk og så blå som ein mollstemd gitar.

Arvid Hanssen

Ha ein fin sommardag, alle saman.

Heidi

Kveldane i juni

image

Eg var ute og gjekk tur i kveld mellom ti og elleve. Det er så fint ute. Det har regna ganske mykje i kveld, og etter regnet blir alt så nyvaska og grønt.

image

image

image

I kveld har me vore på eit siste planleggingsmøte før bryllaupet, og alt ser ut til å vera under ein kontroll eg sjølv sjeldan oppnår å ha på ting. Det blir fint og mangfoldeg trur eg. Min flinke svigerson, Oddvar, hadde steikt lappar til oss i foreldre- og tante og onkel generasjonen.

image
Sidan det er så utruleg koseleg å sitja oppe om nettene å skriva, så går eg vidare i diktvandringa i bokhylla mi. Kveldens diktar heiter Olav Grøvdal. Boka eg sit med på sida av meg, heiter «Tennar». Ho er utgitt på Tiden forlag i 1991, men eg har googla og sett at han har skrive mykje både før og etter denne boka. Boka fekk eg mellom hendene på eit bibliotekutsal. Der kan ein få tak i fine diktsamlingar nesten gratis. Diktet eg har vald meg handlar om fuglar. Eg liker fuglar.

image

Blå fuglar flyg
over myrene, over elvene,
over vatn.
Blå fuglar flyg
over draumar store som hav.

Grå fuglar går
i gatene, sankar smular,
rotar i fjæra.
Grå fuglar vender på dagane
som steinar,
Søker ei lysare side.

Svarte fuglar sit
i berget, styrtar
utfor stupa.
Svarte fuglar trykker
i fjellet, gjømmer seg
i hjertet.

Blå fuglar flyg
gjennom draumane, grå fuglar
går gjennom dagane.
Svarte fuglar
trykker i hjertet
til raset går.

Olav Grøvdal

Heidi

Kaldt, men visst er det sommar.

image

I gårkveld hadde me ein ny fin sykkeltur. Me sykla over Vestly til Lye og så over Lende til Undheim. Eg tenkjer at dersom eg såg dette landskapet med heilt nye auge, så ville eg sannsynlegvis ha tenkt at det er veldig vakkert her. Ein opplever og naturen på ein heilt annan måte frå sykkel enn frå bil. Me juksa med elmotorar på syklane denne ettermiddagen og, men batteriet vart så lågt at eg sykla ein heil del utan batteriet tilkopla og. Ulempa er at sånne syklar er ganske tungtrødde utan motor, men det får ein kanskje ta med som ein bonus sånn trimmessig. Dersom me skulle på ein skikkeleg langtur måtte me kanskje hatt med oss eit ekstra batteri i bagasjen? Leif sin sykkel er ein del dyrare, så han har ganske mykje større ladekapasitet. Eg er framleis litt i tvil om det er ein god ide med batteri på sykkelen, men sidan eg heilt sikkert ikkje ville sykla så ofte og så langt på ein vanleg sykkel, så er det ikkje bare dumt. Ein kan regulera styrken ganske mykje, og til dels slå han av, men for meg som aldri har vore frykteleg atletisk, og som har sverga til ganske tunge damesyklar med korg på styret, så er det ein heilt ny opplevelse å kunna sykla opp lange motbakkar.

I dag har eg hatt ein roleg dag og gjort ferdig ein del bryllaupsrelaterte ting. Framleis er veret grått, men nå ventar me på det lova sommarveret. I morgon kveld kjem Sunniva heim. Det blir kjempekoseleg. Det er og ganske koseleg at nå kan eg gå ut på verandaen og i hagen og plukka meg ein fin helgebukett.

image

Eg fekk lyst til å gjenoppta serien min med vandring gjennom diktbokhylla. Det er lenge sidan sist innlegg frå den. Eg har langt merke til at det har vore ei bølgje av dikt på facebook, så kanskje fleire enn eg har trudd set pris på å lesa eit dikt eller to når det fell seg slik. I dag er tida komen for ei tynn lite diktsamling frå Dreyer Bok. Boka er skriven av B.H. Grau. Eg har ikkje klart å fina ut meir om forfattaren, men boka heiter «Min tid.» Dersom nokon veit meir enn meg om kven som skjular seg bak forfattarnamnet, så tek eg gjerne i mot fleire opplysningar.

Her kjem det siste diktet i boka:

Hustavle

Du skal lytte
til alt som taler
stillhetens språl
ikke til flyktige rop
fra en gjøk
eller en menneskehop.

Du skal lytte
til treeets gråt
og gressets klagende
fløytelåt.

B.H Grau

Heidi

 

Bilde

Sommarferie heime

image

Ferie heime er undervurdert. Det er utruleg deilig å vera heime og ha god tid.

image

Då Odd Christian fekk førarkort i februar, bestemte me at me måtte feira med at eg og han kjørde ein lang tur og åt middag saman. Det har gått fire månadar utan at me har hatt tid til det, men på onsdag var tida komen. Me sette oss i bilen utan å vita kor me skulle hen, og så ende me på Byrkjedalstunet.

image

På veg heim reiste me innom mor og far. Dei hadde nettopp vore med på å fordela tinga etter farmor, og eg fekk ei lita øskje med minne. Mellom anna var eg så heldig å arva ein to hundre år gammal familiebibel. Eg fekk og tilbake ein del ting eg har send til farmor gjennom åra. Det innebar nokre møte med fortida. Ho hadde teke vare på ganske mykje. Mellom anna dukka invitasjonen til bryllaupet vårt opp… Det kan jo passa bra i desse bryllaupstidenr… Slike laga me til alle dei inviterte, og denne ber litt preg av at me hadde sitte nokre timar allereie då denne vart laga. Eg hadde kjøpt inn blondeblomar, remsar av ulike tøystykke og gullmaling… Eg hugsar at eg syntest det var ein veldig koseleg form for dugnad, nå tenkjer eg at det kunne ha vore laga av ein andreklassing… Eg kom jo nesten rett frå formingslærarskulen… Eg trur ikkje Ingrid sørgjer over at ho ikkje sette meg til å laga invitasjonar for henne.

image

Derimot har eg kjøpt pynt til marsipankaka eg skal baka for henne. Ho takka nei til heimelaga marsipanbrudepar laga av meg, og ja takk til eit ferdigprodusert par. Det er kanskje like greitt…

image

Bryllaupsfokuset i heimen er relativt stort, det kjem besøkjande med presangar og Ingrid er innom rett som det er på så komitemøte. Eg måtte rett og slett henta fram bilete frå bryllaupet vårt for tretti år sidan og mimra litt. Det var nokså mange ting me ikkje tenkte på i det heile tatt då me gifta oss, som Ingrid har hatt orden på i lange tider. Det skuldast nok at tidene endrar seg, men ikkje bare det. Unge var me i alle fall, med heimesydd brurekjole. I mitt overmot hadde eg kjøpt metervis med thaisilke utan å ha noko mønster for kjolen. Eg tenkte at viss eg våga å gifta meg, så våga eg å sy kjole. Han utvikla seg til å bli eit samarbeidsprosjekt der Eva Mari og svigermor var nokså involverte. Det same var venninnene mine, og ein australsk keramikar som var innom jentekollektivet der eg budde måtte og uttala seg.

image

image

image

Buketten min hadde me så vidt tid til å laga. Me plukka blomane i siste liten, og forlovaren min, Sissel, laga han i bilen på veg til kyrkja. Eg forstår betre enn før at mor mi var litt stressa over tidsdisponeringa mi…

I dag er det første dagen eg verkeleg har kunna gå inn for prosjektet å få litt brunfarge i ansiktet og på armane. Eg held på at det burde vera overkomeleg. Det var til og med så varmt at me kunne eta middag utandørs. Halvard kom heim i går, det er veldig koseleg å eta med alle gutane mine.

image

I kveldinga tok me ut på sykkeltur. Sidan me har fått oss el-syklar så kan me dessverre nesten ikkje framstilla det som sprekt. To og ei halv mil går unna utan større anstrengingar, men eg trøyster meg med at me i det minste må trø heile tida. Det er ein eigen følelse å koma seg fram på to hjul. Ein får tid til å kjenna luktene av høy og fjos og markblomar. I vårt tilfelle fekk ein og hundrevis av knott i ansiktet. Dei svermar i store skyer og det kan lønna seg å sykla med munnen lukka… Me såg masse svaler som flaug lågt over markene. Det betyr regn dersom ein skal tru på gamle verteikn. Meterologane er faktisk einige dei og. Det blir regn i morgon, men så skal det bli varmare i neste veke. Det siste passar oss bra…

image

Me klarte ikkje dy oss i kveld heller, me måtte innom Orre gamle kyrkje ein gong til. Dette er utsikten frå kyrkjetrappa. Det er litt vanskeleg å sjå at det er både hav og himmel me ser rett fram, men båten der ute i horisonten burde vel bevisa det.
image

Kyrkja ligg tett oppi ein gard, så ein kan koma til å oversjå den vesle bygningen når ein kjører forbi på vegen. På kyrkjegardsmuren sat det ein oransje kyrkjekatt. Sidan det truleg ikkje finst så mange kyrkjerotter lenger, så får me tru at det er gardsfolket som eig han. Han likte å bli klappa i alle fall…

image

Langs kyrkjegardsmuren veks det blomar. Det er så fint. Prisen for å sykla over Jæren i dag, er at hår og klede luktar fjos. Det var fleire som hevda markene sine der me sykla forbi. Det skal merkast at me ikkje høyrer til i storbyen.

Nå har eg skrive songar til bryllaupet og held på med å skriva tale. Det er så mykje eg gjerne ville ha sagt til Ingrid og Oddvar, og resultatet er at det blir alt for langt. Det overraskar kanskje ingen som pleier å lesa bloggen min… I morgon må eg stryka med hard hand.

Heidi

St. Hans-aften

image

Då me flytta til gata vår for 25 år sidan, samla naboane seg alltid på jonsok-afta for å grilla i lag. Det var koseleg. Etterkvart som ungane i gata vart store, fall skikken bort. Då eg var barn, brant me alltid bål med alle naboane og spidda pølser på bålet som me bokstaveleg talt knaska i oss med eit centimeter tjukt brent lag ytterst. Det smakte fortreffeleg. Det virkar som om tradisjonen med St-Hans-bål er litt utdøyande, og det er i grunnen trist. Kanskje folk er metta på grilling etter skuleavslutningar og diverse grillfestar? Det er jo veldig koseleg at foreldra i dei ulike klassane arrangerer treff slik at barna får oppleva å vera i saman med dei vaksne og treffa foreldra til kvarandre. Slike tilstelningar hadde ikkje me då eg var lita. Det som kjem nærast må vera jonsokfeiringane og sundagsskuleturane der fedrene spelte fotball med spisse svarte sko og stor innleving.

Utpå kvelden kjørte me ein tur for å sjå på båla langs vegen og sjøen, og for å oppleva ein til av desse lange lyse kveldane som eg er heilt forelska i. Lyset i seine midtsommarveldar er rett og slett noko av det vakraste eg veit. Ute var det bare elleve grader, men det å frysa på jonsokkvelden hugsar eg som ein del av pakken. Då me kom til Brusand måtte me ut og gå ein tur. Det er så utruleg fint der.

imageEg synest at fjellsilhouetten her får det til å sjå nesten nordnorsk ut. Dessverre kjem ikkje den nydelege flaskegrøne fargen på sjøen og den djupblå fargen på fjella godt nok fram her. Eg håpar fotografen med det store kameraet fekk betre bilete. Over denne flotte solnedgangen låg det ein eim av bålrøyk. Det høyrer med denne spesielle kvelden det og.

image

Me måtte og innom og kikka på den gamle kyrkja me skal ha bryllaup i om halvanna veke. På grunn av eit straumgjerde eg ikkje hadde lyst til å krypa under, så fekk eg ikkje fotografert frå den finaste vinkelen. Dette er bakdøra. Frå hovuddøra på den andre sida er det utsikt ut over opne havet. Dei trur at då dei bygde kyrkja for 750 år sidan gjekk havet så høgt at dei kunne fortøya kyrkjebåtane sine utanfor kyrkja. Det kriblar litt i magen når eg tenkjer på kor kort tid det er att nå til bryllaupet.

Eg håpar alle har hatt ein fin jonsokkveld. Framleis kan me nyta desse utrulege lyse nettene i eit par veker.

Heidi

Sommar på Jæren

image

I går likna det på sommar her, bortsett frå at det var ganske kaldt. Me var ute og sykla, og alt regnet og kulda har gjort at naturen virkar frodig og nyutsprungen. I dag var det nesten sommartemperatur og. Kanskje eg i det minste kan rekka å få litt brunfarge på dei framleis vinterkvite armane mine før bryllaupet om tolv dagar? Det burde vel vera innan rekkjevidde. Eg har hatt ein fin dag og fått med meg både deilig lunsj med gamle kolleger, ein tur langs stranda i lag med Ingrid og eit besøk på eit plantesenter, så i morgon er planen å få i orden terrassen og å få planta blomar i potter. Elles så blir det litt bryllaupsførebuingar kvar dag. Det er veldig kjekt å halda på med. Ingrid og Oddvar ordnar det meste sjølv, men litt får me lov til å bidra med. Det er veldig mykje som skal planleggjast for at alt skal vera tenkt på, men eg reknar med at det er ein ganske stor tabbekvote på småting ein slik dag.  Vielsen skal vera i Gamle Orre kyrkje som er 750 år gammal. Der reknar eg med at mange av Ingrid sine formødre har gifta seg, og sikkert mange av Oddvar sine forfedre og. Det er det litt fint, nesten litt høgtideleg å tenkja på. «Slekt skal følge slekters gang.»

image

image

image

Og visst er sommaren vakker på Jæren. Dersom ein hugsar å ikkje gløyma at ein faktisk ikkje bur i syden.

Heidi

Hvor skal jeg gå hen med meg selv?

18860117019_60684034a2_o

Diktet for i dag trur eg kanskje er det diktet som har betydd aller mest for meg gjennom åra. Då eg las det for første gongen for veldig lenge sidan, las eg det som eit konkret kall. Slik har det vore etterpå. Wera Sæther er ein spennande forfattar. Måten ho er journalist i eige liv på har inspirert meg veldig. På mange måtar er ho eit av mine mest tydelege litterære førebilete. Kanskje dette diktet talar til nokon i dag slik det gjorde til meg då eg las det for første gongen?

 

I mange år var mitt liv
et eneste rop-

Hvor skal jeg gå hen
med meg selv?

Jeg brant
i det veiløse

Da brant du deg
inn i mitt liv

Du svarte: Vær varsom
for verden gråter.

Tørr dens tårer med stillhet-

Wera Sæther

Heidi

Kyrkje og bar

image

Søndag i Sevilla

Kvinnene vandrer i kirke
mennene går til en bar.
Det synes å være den samme
drømmen de begge har.

Det stiger et varmt Te Deum
opp fra de slitte hus,
hvor mennene kjøper, med fastenever, en flyktig rus.

Det stiger fra katedralens
skygger en vennlig brann,
der kvinnene løser sin mørke
angst i et viet vann.

Det synest å være den samme
viljen til evig svar-
Kvinnene går i kirke
mennene står på en bar

Ernst Orvil

 

Då eg i september 1982 som medlem av Bokklubbens lyrikkvenner mottok ei ny diktbok, var Ernst Orvil eit ukjend namn for meg. Eg likte dikta hans, dei var annleis, leikne og litt rare. Diktet over gjorde inntrykk på meg. Det provoserte meg og. Som glødande ungt truande menneske, så syntest eg kanskje at samanlikninga mellom kyrkje og bar var litt plump og misforstått. Eg skreiv aldri dette diktet inn i den handskrivne boka med dikt eg likte. Likevel har eg aldri gløymt det. Det einaste eg ikkje hugsa var at dette foregjekk i Sevilla.

Som godt og vel vaksen, så opplever eg framleis at diktet, som eg rota fram fordi eg siterte Ernst Orvil i går, gjer inntrykk på meg. Det gjenspeglar denne lengten etter noko som kan gje oss eit løft, som kan gjera kvardagen finare, meir fargerik og meir levande. Det fortel om ein plass som tek i mot oss og liva våre og avlastar oss frå angsten og alt me ber som tyngjer oss ned. Me treng eit løft frå det trauste og kvardagslege.

I går høyrde eg Finn Skårderud på radioen. Han er ein klok mann, og det han sa var interessant. Han snakka mellom anna om det å tenkja positivt. Sjølv var han overbevist om at det låg stor kraft i det å tenkja positivt, likevel meinte han at det låt ein fare i det for det overfladiske. Det triste og vonde og negative finst, dersom me later som om det ikkje finst, får me aldri snakka om det, og i dei gode samtalane ligg det både lindring og moglegheit til å bli klokare.

Då eg utdanna meg i forteljarteknikk hadde me ein foredragshaldar som sa at me aldri må frårøva barn det møtet med vondskap som ligg i eventyra. Sjølv små barn har erfart og veit at det vonde, triste og leie finst. Forteljingane der troll og annan styggeskap må tapa i kampen mot det gode gjer dei verktøy til å takla det som er vondt og til å akseptera livet som det er. Ho var skeptisk til den trenden som hadde vore på åtti- og nitti-talet der alt skulle harmoniserast. Ho meinte at dersom alle dragar og troll i forteljingar for barn eigentleg bare oppførde seg dumt bare fordi dei var einsame og misforståtte, så ville me dekkja over at vondskapen finst, at det finst troll og makter som ikkje kan trøystast og temjast med ein sjokolade eller ein god klem.

Nå får me tilgi Ernst Orvil kjønnsrollane i diktet. Dette foregår i Sevilla, og i eit anna århudre. Likevel kan eg sjå at han faktisk har eit poeng. Me er alle på jakt etter gode kvilestadar det me kan løftast opp og få sjansen til å gløyma eventuelt å akseptera. Sjølv opplever eg det langt meir naturleg å gå i kyrkja enn på bar, men verda er jo faktisk blitt slik i dag at det eine ikkje utelukker det andre.

Sidan eg er kome så langt i ressonnementet mitt, så kan eg jo anbefala kyrkja sjølv om Ernst Orvil ikkje gjer det. I boka «Eat, pray, love», som og er filmatisert, får me vera med forfattaren på ei biografisk reise på jakt etter sjelefred og sanning. Reisa går mellom anna til eit buddhistkloster på Bali. Det eg merka meg er at forfattaren seier at først då ho kom heim slo det henne at ho kanskje kunne ha funne mykje av det same i kyrkja like nede i gata. Eg las boka på engelsk, og stussa umiddelbart over den norske tittelen «Spis, elsk, lev.» Først såg eg ikkje kva det var som ikkje stemde, så oppdaga eg at ordet «pray» hadde falt ut til fordel for det norske ordet «lev». Det fekk meg til å lura på om bøn var det siste tabu i eit land der det meste er lov og det meste kan seiast høgt. Var det litt sidrumpa og usalgbart at hovudpersonen dreiv med denslags? Eg har ikkje spurt verken omsetjar eller forlag, så svaret på akkurat det kan eg ikkje leggja på bordet.

Eg tenkjer og i ei tid der mange er opptekne med mindfulness og meditasjon, at dette har jo vore straumar i kyrkja til alle tider. Kyrkja forvaltar mykje visdom og mange mysterium som for veldig mange menneske i Norge er godt skjulte. Sjølv må eg innrømma at eg i svært liten grad har utforska dei mysteria som ein kan få del i på barane. Så pass ærleg må eg vera…

Heidi

 

Ønske og vilje

18803501105_b98cfe3096_o

Ønske og vilje

Mellom unnfangelsen
og skapelsen,
mellom følelsen
og svaret
faller skyggen.
Livet er meget langt.

Rollo May

Seilas

18836295242_d5c1511fc1_o

Etter sakrale Eidslott, unnar me oss eit dikt av den meir sprelske Ernst Orvil. Det er sommarferie, og det er ingen grunn til ikkje å slå på stortromma sånn reint dikt- og bloggmessig…

Seilas

I et sakte synkende nirvana
gjennom våre sommeraftentanker
farer dagen ganske
langsomt sammen
mens vi faller av
og kaster anker

Jorden legger seg mot himmelranden
dagen bryter sammen under kjolen
Nesten naken aner hun at livets
mørke uformål
er reist i solen.

Ernst Orvil