Gå til innhald

Så fin plass me bur på

15628070553_15e7b18bbf_o

Framleis er det skikkeleg spektakulært ute langs strendene etter uveret. I dag var me ute på den fine plassen me oppdaga for ei veke sidan som ligg mellom Nærland og Obrestad med eit par hus og ei fyrlykt. Me har prøvd å finna ut kva det heiter der, og  me trur me har funne ut at det heiter «Vågen», eller «Våjen» på dialekt. Framleis kokte det godt der ute, store tarevasar og store steinar var blitt kasta langt opp på land. Me hadde med oss Oscar i band, og eg var nesten litt nervøs for at ein kastevind eller ei stor bølgje skulle ta tak i han, så me var veldig forsiktige. Det kvite på steinane er ikkje is eller snø, men rett og slett skum. Eg har aldri sett havskum bli liggjande på den måten før, kanskje er det blitt piska opp med ekstra mykje salt? Store flak med havskum flaug som enorme snøfiller inn mot land.
16066488470_da95cefb4f_o

 

Me såg både skarv og ender som sat  fjøresteinane og som flaug lågt over havflata.

 

16253682211_219cdca799_o

Og lenger inne fann svaneflokken framleis mat på eit jorde.

 

16255520915_460e2afcaa_o

Og er det ikkje ein fin plass me bur på, så veit ikkje eg. Etter turen inviterte Ingrid på deilig thai-middag. Nå sit eg her og skriv litt med ein malande katt mellom meg og datamaskinen. Eg har oppdaga at eg har mange dikt eg nesten hadde gløymt av liggjande på datamaskinen. Eg trur eg kan vera på full fart mot ei ny bok,  men nå skal eg ha litt sundagsfri. … Trur eg.

 

Heidi

Nok til å sjå havet koka

16058753860_0dc3477616_o

Orkan vart det ikkje av det, men nok vind til å sjå havet koka, nok vind til å få håret til å stå nesten rett opp og nok vind til at det nesten var vanskeleg å gå oppreist somme plassar då eg gjekk tur, så då skal eg ikkje klaga over veret. Saman med Leif og Odd Christin var eg på ein aldri så liten fototur langs havet. Det var eit mektig syn.

image

image

imageDet du ser bak moloen på det siste biletet er ikkje låge skyer, men kokande, skummande hav som med jamne mellomrom brøyt over moloen slik at dei som måtte ha våga seg ut der i beste fall var blitt søkkvåte.

image

Og om det måtte vera bittert for oss jærbuar at me har lite snø, så har me i alle fall ganske mykje ver av andre slag å trøysta oss med.

image

 

Nå skal me ha ein roleg kveld med italiensk pizza og fyr på peisen. I morgon skal eg ha sundagsskule i Bryne-kyrkja. Det er lenge sidan sist, men nå hektar eg meg på att. Det er ein fritidsaktivitet eg har halde på med i alle fall dei siste 20-åra fordi eg synest det er veldig viktig å formidla kristendomen på ein god måte til barn. Me er for få leiarar, så dersom nokon på Bryne les dette og kjenner kallet, så må dei melda seg til meg eller til staben i kyrkja…

Det har skjedd mange triste ting både lokalt og internasjonalt den siste veka. I dag høyrde eg Per Fugeli seia på radio at me ikkje må gløyma at me bur i eit av dei tryggaste landa i verda og lever i ei av dei tryggaste tidene menneske nokon gong har levd i. Me må hugsa at alle er medmenneske, og at menneske kan gjera verda til ein betre plass for andre menneske.  Dei aller fleste vil oss vel, og me må passa oss for å tenkja for kategorisk både om enkeltmenneske og andre etniske eller religiøse grupper.

I dag har eg lyst til å dela eit dikt frå boka «Bibeldikt», som kom ut nå i haust. Det er skrive av Hans -Olav Mørk, som har vore gateprest i Oslo.

 

Vi sa adjø

Vi sa adjø
i vinterkulda

du på veg mot mørket i dypet av byn
jeg på vei mot lyset i et hjem

jeg så det grodde et håp i deg
men nattemøeket er dypt

gatene er av stein
kulda svir

og hva skjer med spirene
der menneskeverdet foraktes

vi delte en nåde
vårt liv er dyrebart for Gud

vi tente lys på gatesteinene
du skjermet det med frosne fingre

brenn lys i byens mørke
lev du vesle spire av håp

overlev, for det er Gud
Gud som bor i ditt vevre liv

Hans-Olav Mørk

16060006899_1d2a4769ca_o

imageHeidi

Bilde

Mens me ventar på orkanen

 

16202213166_c5649ccd08_o

Eg innrømmer at eg er svak for naturkrefter. Dersom det ikkje dreier seg om tsunamiar, jordskjelv eller vulkanutbrot, får dei gjerne vera litt ville.  Eg innrømmer til og med at eg er barnsleg nok til å kjenna eit lite streif av noko som minner om skuffelse når den varsla orkanen blir redusert til at det kanskje bare blir liten storm… Eg burde ikkje seia det høgt, og kanskje får eg eta orda i meg bitvis og med skam dersom det når folk les dette, allereie har vore ein orkan med store og kostbare øydeleggjingar og kanskje til og med personskadar… Det er jo ikkje det eg vil, eg vil bare kjenna vinden røska litt skikkeleg i hår og kropp… Helst ville eg stilla meg opp omtrent som denne skarven på ein liten knaus og bare vera der det skjer. Men som alle andre i denne delen av verda veit eg at slik dumdristigheit kan enda i forferding, så slikt gjer ein ikkje. Dei som kjenner meg, veit dessutan at eg er ei pyse, som rett og slett aldri ville våga å gjera det.

Men litt vind er eg svak for… Då eg budde i Kristiansand høyrde eg ein medstudent frå austlandet uttala. «Det blåser jo alltid i denne byen». For meg vart dette litt komisk, sidan eg og ei klassevenninne frå Nærbø nettopp hadde snakka om at me sakna dei forfriskande hauststormane. Det var jo aldri skikkeleg vind i Kristiansand… Nå før stormen set inn, kan eg jo vera tøff og seia at vind, det likar eg, i alle fall av og til…

I skrivande stund høyrer eg at vinden aukar, men framleis er det relativt «stille før stormen», og litt spennande er det jo å sjå kor dette ber hen. Kanskje burde me gått ut for å tjora eit eller anna? Kanskje burde me setja syklar og søppelkassar inn i garasjen?

Eit av dei klaraste minna eg har frå første klasse på barneskulen er at det var orkan ei natt. Det må vel ha vore i januar eller februar i -69? Skulestyraren ringde rundt og sa at skulen var stengd fordi det var farleg å senda ungane ut, og fordi takpanner kunne fyka frå skuletaket. Seinare på dagen køyrde me tur og såg på alt som var blese ned, på store tre som var rykka opp med rot og alt som låg velta over ende. Det var frykteleg spennande, og på skulen dagen etter fekk me bruka ein skuletime på å teikna orkanen. Vaksne folk burde sikkert ikkje synast lenger at slikt er spennande, og det var sikkert ikkje kjekt for dei i nabolaget som opplevde at taket bles av huset… Kanskje eg som vaksen og ansvarleg samfunnsborgar burde vera takknemleg om det vart liten storm i staden for orkan? Det burde eg sikkert…

 

Heidi

 

16227287622_6dd05d6382_o

Fylgje med far gjennom åra

image

I går feira me far sin 75- års -dag. På dette biletet er han omtrent like gammal som Halvard er nå, og dette er ikkje så frykteleg lenge før eg møtte han for første, gongen. Nesten så ung far som dette hadde eg… I mine første minne om han ser han omtrent slik ut. Men at foreldra mine var yngre enn foreldre ofte er, tenkte eg ikkje over før eg hadde vore vaksen lenge. Det er heller ikkje mange av mine jamnaldrande som framleis har ei farmor i live. Den som blir tidleg foreldre, og dei som er fødde først, får i beste fall fylgje gjennom mange år. Ei frykteleg lang ungdomstid fekk dei ikkje, mor og far, men relativt unge besteforeldre fekk dei bli, og lenge før dei fylte femti var ungane vaksne og relativt sjølvstendige. Det at eg har kjend far min sidan han var jamnaldrande og yngre enn mine eigne barn er nå, gir livet eit litt surrealistisk perspektiv. Ikkje minst minner det meg på kor fort ein skrir gjennom dei ulike tidsaldrane. Til ære for far min, siterer eg Kumbel (etter minnet):

Tar man livet som det falder,

går man gjennom tidens haller

alltid i sin beste alder…

Kumbel

 

image

Og framleis reknar far min seg som ein mann i sin beste alder, kjenner eg han rett. I går hadde me eit koseleg selskap heime hos syster mi for dei «vaksne» i familien, barn, svigerbarn og brørne hans og ei svigerinne. For ei veke sidan feira dei med alle barnebarna deira og det dei ville ta med seg av kjærastar, først var dei ute og åt og så heime og drakk kaffi.

Nå snurrer hjula att medan jula sviv på absolutt siste verset. I dag hadde eg årets første langdag med jobb i både skule og kulturskule. Etterpå gjekk eg den lengste vegen heim i intenst regn. Det kjendest bra. Kanskje heimturen blir ei vise eller eit dikt rundt dette temaet.

Så vassa eg heim i jærsk januar

mens regnvatnet gjekk meg til knes

paraplyen var vrengd

men regnkåpa lang

mens kveldsvinden sulla og bles

det surkla i skorne

og fjeset var vått,

men eg nynna til regnet som slo

Ein rytme av vinter

det vart ganske fint,

men det trur eg ingen forstod.

 

Heidi

 

 

Jær-januar

16007864637_2577fe897e_o(1)

Slik såg dagen ut før eg var ute og såg i dag, men husfotografen min har fotografert for oss begge. Eg liker bileta hans veldig godt. Eg trur eg må skriva ei vise eller eit dikt med tittelen «Jær-januar», med slaps og snø og høg himmel og mykje vind. Eg hugsar at eg som barn på ein måte opplevde at det var noko heilt feil med våre vintrar når dei ikkje då ein sjeldan gong var fulle av snø. Norsk vinter var i fylgje lærebøkene og fjernsynsprogramma masse snø, lange skiturar, bitande kulde og fem lag med utetøy som ikkje inkluderte regnjakken aller ytterst. Nå som vaksen tenkjer eg at den jærske vinteren har ein sjarm og ein estetikk me ikkje skal undervurdera, og visst er me norske me i sørvest og. Med sydvesten på hovudet med pågangsmot i alle årstider og stormar både frå aust og vest og sør og nord…

15571265044_357736620a_o(1)

Dagen har stort sett stått i tastaturet sitt teikn. Eg hadde lova meg sjølv å skriva ferdig tiandeklasseforestillinga i løpet av juleferien. Og nå har eg klart det… Med eit nødsskrik. Eg er av det slaget menneske som jobbar med aller størst energi i nærleiken av ein deadline. Nå har eg skrive på spreng i to dagar, og er spent på koss stykket blir motteke og kjem til å bli på scenen. Det er alltid frykteleg spennande når eit skrive manus blir til levande liv på scenen.

Men me måtte jo ut ein tur i løpet av dagen for å få litt luft og trim. Me venta litt for lenge med å koma oss i veg, så det vart ein regntøytur medan det skumra, men litt regn blanda med frisk sjøluft er ikkje å forakta. Me kjørde til Nærlandsstranda der det lukta sterkt av sjø og tare. Der såg me ein stor flokk svaner leita etter mat på åkeren på den eine sida av vegen og ein stor kråkeflokk i same ærendet på den andre sida av vegen. Dei gjekk der og vassa i snøblanda sorpe, og fann seg vel noko dei kunne eta sidan jorda ikkje er frosen.

Det var søkkblautt på markene, så me gjekk oppover langs grusvegen til venstre på stranda, svinga til høgre og kom til ei fyrlykt og nokre naust. Der trur eg aldri eg har vore før. Det sat ein stor flokk skarvar på fjøresteinane litt lenger nede, men det var dessverre for mørkt til å ta fine bilete av dei. Me må kanskje ned att, for skarvar er veldig flotte fuglar.

15577216073_eef9262eb9_o(1)

I går presenterte eg dikt av Inger Hagerup, og sidan eg har fleire samlingar av henne får det bli Inger Hagerup i dag og. I hylla fann eg ei velbrukt diktsamling utgitt på Aschehoug forlag i 1946. Omslaget har ei teikning som må ha vore ganske «vovet» i 1946, ja faktisk i dag og. Det er ein strek-teikning av eit gitter, omrisset av eit blått nøkkelhull og i nøkkelholet ligg ei naken kvinne med spreidde bein, lukka auge og handa på det eine brystet. Samlinga heiter «Videre» og er altså skriven av Inger Hagerup.

Inni står det ei helsing til svigermor mi, Evelyn, skrive av ei svensk venninne, Elsa med ønsker om «en god jul og ett lysckosamt år,» frå ei svensk venninne som heiter Elsa. Helsinga er datert l’Eftong- la- Ville 20 dec, 1947. Historien bak får eg kanskje aldri vita. I den same helsinga siterer Elsa fylgjande linjer: «Da følte hun med ettden harde, nakne lykken ved å være i godt og ondt.» Eg fann ut at linjene stammar frå eit dikt i ei anna bok, «Tidevann». Kanskje eit dikt dei to hadde lese for einannan? Dette rørde meg så pass at eg lar diktet «Tidevann», få vera diktet for i dag, for fint er det…

Heidi

Tidevann

Hun tenkte alle dager: siden, siden

vil livet bringe lykke eller skam.

Slik flyktet hennes lengsel gjennom tiden

og stanset ikke før den møtte ham.

 

Han kom.  Hun ville holde drømmen fast.

Den første var han ikke, men den siste.

De slo sitt vågelige lykkekast.

Nå skulle det få bære eller briste.

 

Hun ville være troende og blind

den første redde stund hun kunne kjenne

at det var enda drømmer i hans sinn

som levet hemmelig og uten henne.

 

Hun ante det en blågrå sommerkveld

da mørket krøp stillferdig inn i løvet,

og de satt sammen, underlig bedrøvet

– to, som var ensomme allikevel.

 

En gåtefull og myk melankoli

med duft av nelliker og modne roser

og dun av løvetann som fløy forbi,

fikk lukket deres tanker til mimoser.

 

Mot bryggekanten hørte de den lette

og svale bølgeskvalpen. Det var fjære.

Hva tenkte han vel? Var hans hender trette

av alt for fast å holde om det nære?

 

Hun våget ikke spørre, men forsøkte

med ord hun ikke hadde sagt han før:

Vet du – og stemmen skalv mens den spøkte –

Ditt sinn har fjære, mens mitt hjerte flør.

 

Mitt hjerte flør -. Da følte hun med ett

den harde, nakne lykken ved å være

i godt og ondt. Og sakte sa hun: Kjære

mitt hjerte og ditt sinn har begge rett.

 

Inger Hagerup

Året har begynt å rulla

image

Så har det vel etterkvart gått opp for meg at me er i januar, og at året er 2015 og ikkje det andre talet eg har vore van med å skriva. Året har kome med frykteleg mykje ver. I går, på Sunniva sin siste dag heime, hadde ho lyst til å gjera noko kjekt.
Ho ville ha meg og Ingrid med på jentetur til Egersund. Eg var litt usikker på om eg hadde tid til denslags, men svak som eg er både for samver med døtrene mine og spontane innfall, så falt eg for ideen. Sunniva fekk til og med velsigning frå faren om at ho kunne ta el-bilen. Han trudde heilt sikkert det var nok straum på han, men kanskje me burde spara litt på varmen. Med andre ord, me plukka opp Ingrid og la i veg med ulljakkar, skjerf og luer for å spara straum. Det einaste lettsindige me tok oss råd til var å høyra på musikk i bilen, medan dei av oss som ikkje kjørde bil såg på den fine utsikten av havet som syda og kokte og høge skummande bølgjerygger som reiste seg og for som ville hestar mot land.

I Egersund var det iskaldt. Vinden var skarp og bitande, og elva gjekk så høg som eg aldri før har sett ho. Me fann ut at det nok var ein betre dag til å kosa seg inne i Egersund enn til å kosa oss ute i Egersund, men me måtte jo gå ein tur gjennom gatene når me først var der.

image

Det var framleis restar av julebyen i gatene, men det var påfallande folketomt, sikkert fordi det var så kaldt. Me fann ein koseleg plass me hadde lyst til å eta lunsj, men fleire enn oss hadde same ideen, så etter å ha inspisert lokalet utan å finna plass, gått tilbake og funne ut at mange hang rundt i lokalet og venta på ein ledig stol, så gav me opp og fann ein annan plass.

 

image

Sidan juleferien ikkje heilt er over, bare nesten, unna me oss til og med litt eplekake og varm sjokolade før me gjekk tilbake til den kalde bilen. Til vår forskrekkelse såg me at nivået på batteriet raste nedover,mykje raskare enn antal køyrde kilometer skulle tilseia. Kanskje skuldast det all vinden, eller kanskje me har fleire ting å læra om å spara på batteriet? Me ringde Leif som meinte me skulle klara å koma oss heim på den energien som var att. Då me såg batterinivået i det me nærma oss Varhaug, ringde Ingrid til far sin igjen: «Dersom det hadde vore Titanic me var ombord på, så hadde orkestaret begynt å spela nå…» Me vart beordra til Nærbø sentrum der Leif møtte oss med ein oppvarma mazda. Sjølv vart han att på Nærbø med ein nesten utlada el-bil ein ladeledning og god tru…

Heldigvis fekk me Sunniva i veg til flyplassen slik at ho nådde flyet sitt, og her heime rakk me akkurat å få rydda litt og nesten bli ferdige med å laga italienske pizzaar før gjestene våre kom. Me hadde ein gild kveld med gode folk her i heimen og bilen vart kopla til straum. Det litt dumme nå er at sikringane går dersom me ladar bil og har på varmepumpe samtidig, men me finn vel ut av det og. I dag har eg sitte her og skrive på forestllinga, og det går då framover… Då eg kikka bakover på gamle tekstar her, vart eg minna om prosjektet mitt som gjekk ut på å ta lesarane mine med på tur gjennom diktboksamlingane i lyrikkhylla mi. Det er då ein god ting å halda fram med… Kor langt var eg komen, mon tru…

Eg trur eg bestemmer meg for at eg var komen til Inger Hagerup. Ho var ein av dei første lyrikarane eg verkeleg såg opp til. På den første hybelen min i Kristiansand hadde eg ein Inger Hagerup- kalendar med eit dikt for kvar månad. Eg lurer på om det var ei innmeldingsgåve frå «Bokklubbens lyrikkvenner»? Ja, tenk, både eg og mange av venninnene mine var medlemmar i «Bokklubbens lyrikkvenner»… Eg lurer på om den klubben framleis eksisterer? Eg innbillar meg at ikkje så mange studentar les dikt regelmessig, bortsett frå dei som studerer litteratur, men eg kan jo håpa at eg tek feil…

Eg har alltid hatt eit slags livsmotto om å vera heil. Dette diktet handlar om å vera splitta. Eg kjenner meg att i det likevel. Me har alle mange ansikt, mange sider, og eit stort persongalleri inne i oss. Inger Hagerup har fanga noko her som gjorde inntrykk på meg som nittenåring, og som framleis gjer det…

To tunger

To tunger har mitt hjerte.
To viljer har mitt sinn.
Jeg elsker deg bestandig
og jeg blir aldri din.

Dypt i det røde mørket
fikk livet dobbelt form.
Der kurrer det en due.
Der hvisler det en orm.

To tunger har mitt hjerte.
Hør på det likevel.
Bli hos meg og gå fra meg
og frels meg fra meg selv.

Inger Hagerup

image

I den grad eg har nyttårsønske, så er eit av dei å skriva fleire dikt i 2015. Det kjenner eg at eg er klar for.

Heidi

Den siste har blitt den første

15535213043_c452ed4ed3_o

Den siste dagen i året vart ein ganske travel dag. Eg fann ut at det var den dagen eg hadde sjanse til å møta Borghild, så eg slo følge med Borghild og Sunniva opp til mor og far, der me åt steikt fisk og vart sitjande lenge og prata.

image

Snøen hadde nesten tint vekk, og det hang låge skoddeflak over vatna. Det vart så fine fargar ute.

image

Med, kanskje eg skal kalla det frydblanda skrekk, går me inn i ein ny type kvardag. I teorien er eg heilt for el-bil, men personleg er eg heilt mot å kjøra ein annan bil enn den einaste bilen eg er van med å kjøra allereie. Leif toppa det heile med å gje meg el- sykkel til jul. Eg er litt usikker på om eg nokon gong kom så langt som til å ynskja meg ein, men begge dei nye innkjøpa kjem sikkert til å gjera det endå vanskelegare for meg å få gode argument for å bruka bilen… Eg får skryta av at dei siste dagane har eg brote to barrierer… Eg har prøvesykla el-sykkel, og vore gjennom mine første to mil som el-bil-sjåfør…

Me skulle ha nyttårsselskap på kvelden i går, og sjølv om eg hadde hatt heile jula på meg, så vart det veldig travelt då eg kom heim tidleg på ettermiddagen. Plutseleg vart eg lamma av den kjensla ein kan få når ein skal arrangera eit selskap. Eg var plutseleg heilt sikker på at me hadde ordna i stand alt for lite mat… Eg endevende kjøleskapet og fann i alle fall ingrediensar til å laga to ekstra salatar. Eg visste at gjestene skulle ha med seg nokre bidrag til buffeten, men var plutseleg veldig usikker på om det ville rekka til alle rundt bordet…

image

Men då eg pynta kaka utpå kvelden og fann fram alt me hadde att av julekaker og lefser, så var det framleis masse mat igjen. Måltidet smakte fortreffeleg og bestod av ulike smårettar. Det aller beste var det dei andre kom med, ein stor nysteikt skinkepai, og spansk tortilla.

Eit år går så fort, eg synest nettopp at me stod der og såg på rakettar, og svingde på stjerneskot, men det må i følge alle solemerke ha vore eit år sidan sist, og to år sidan gongen før det att.

image

Det pøsregna då klokka slo tolv, så me måtte til med paraplyar for å få fyr på dei tapre stjerneskota nokon hadde teke med seg. Etter å ha klemt kvarandre og ynskja alt godt for året som skal koma, vart me sitjande lenge rundt bordet og drikka kaffi og eta kaker. Me hadde ein fin kveld i lag medan me gjekk i saman over denne terskelen til eit nytt år, som alltid er både litt skremande og litt vemodig, sjølv om det eigentleg bare inneber det me gjer heile tida, å gå frå eit sekund til eit anna sekund, frå eit minutt til eit anna minutt, frå ein dag til ein annan dag.

image

 

Men me har viss aldri vondt av å stoppa opp å tenkja, og reflektera over det som har vore og over det som koma skal. Som alltid gjer eg meg tankar framfor eit nytt år om alt som med fordel kan gjerast litt annleis, men og om alt me har å takka for og som me kan be audmjukt om å få lov til å behalda i året som kjem og. Det er litt av nokre veker me har ved juletider, veker som er heilt annleis dei kloke, flinke og flittige me har elles i året. Nå skal livet peilast inn mot kvardag att, men det dei gamle kalla «striskjorte og havrelefse»… Men skunda seg treng ein ikkje, framleis skal eg la jula vera her litt. Eg trur eg vil ha jul i stova fram mot neste helg i alle fall…

 

Og visst skal me inn i eit år utan ryggeslaust inntak av julemat, visst skal me gå lange daglege turar og leva sunnare enn me nokon gong før har gjort, og det seier ikkje lite… Men ingenting har bråhast. I dag var det godt å ha ein roleg morgon og sova lenge, fordi det gjekk lenge før eg sovna etter å ha høyrt sistemann koma heim ein gong tidleg på morgonen. Sunniva skulle kjøra bil aleine eit godt stykke for å sova heime og vera vaken og klar til jobb i dag. Eg var glad då ho kom seg trygt heim. I dag hadde me sein frokost med alle som bur heime akkurat nå. Den første lange turen til fots vart utsett til i morgon på grunn av usedvanleg store mengdar med regn og litt for dårleg utstyr på regntøyfronten då me skulle ut av bilen. Det er ikkje ein spesielt god unnskyldning i og for seg, men 2015 bugnar av ubrukte dagar å ta av, så den første fekk lov til å vera mjuk og søvnig. I staden kom Odd Christian heim for å drikka kaffi og eta kakerestar frå i går, og så vart me sitjande og spela spel, fordi det har det blitt så lite tid til i jula. Eg tapte heile tida, men det gjorde i grunnen ikkje så mykje. Av ungane mine fekk eg kindl- lesebrett til jul, og i dag hjalp eldstesonen min meg med å få det registrert. Så viste han me korleis eg skulle lasta ned bøker frå nettet, og eg starta med det gavekortet eg hadde fått av han. Det betyr at bokstablane aukar. Eg har ein haug på nattbordet med gammeldags ekte papirbøker eg ikkje har fått tid til å lesa, og på i-paden har eg digitale bøker eg har lånt på biblioteket. I tillegg er eg nå eigar av tre elektroniske bøker på Kindl: Ei bok om tilgjeving skriven av Desmond Tutu, ei bok om kjærleik skriven av Mor Theresa, og… ei bok om John Lennon, skriven av eg hugsar ikkje kven…

Ein ting har eg skjøve framfor meg i juleferien. Eg er nøydt til å få meir kjøt og blod på manuset til tiandeklasseforestillinga me i kulturskulen skal ha før påske. Eg hadde lova meg sjølv å begynna i dag og skriva minst tre timar. Så lenge vart det ikkje, det var rett og slett litt trått å koma i gang. Men nå har eg i alle fall kome så langt, og i morgon må eg vera mykje flinkare. Det er ei spennande oppgåve, men det krev litt sjølvdisiplin å koma i arbeidsmodus. Det er så utruleg deilig med late feriedagar… Men… «Til rors Columbus…» som André Bjerke seier det i eit dikt. Nå er me rett og slett i eit nytt år, kjære lesarar.

Måtte alle gode dører opne seg, og alle gode ting skje og skje.
Måtte vår jord bli oss vennleg, og måtte hjarta våre vera varme.

 

16115407526_34e5bf2720_o

Godt år alle saman.

Heidi

Den nest siste dagen i året

image

 

Den nest siste dagen i året tek eg av meg hatten for alle dei hjartevarme, hjelpsame og snille menneska som jobbar på sjukeheimar. Eg har besøkt ganske mange av dei eg har vore glad i på sjukeheimar gjennom åra, og eit gjennomgåande inntrykk er at eg beundrar dei som jobbar der for humør, velvilje og pågangsmot. At dei ofte har det mykje travlare enn det som godt er, er ein heilt annan historie.

Me hadde bestemt at me ville besøkja farmor ein dag i romjula. At ho plutseleg datt og brekte armen på julaften,  gjorde at ho fekk bruk for eit opphald på sjukeheimen, så i dag vart det der me måtte besøkja henne.

Ute var det skikkeleg grått i dag. Landskapet me kjørde gjennom var sveipt i grå skodde, og det var plussgrader ute. I nordfylket var det mykje meir snø enn her, så det eit grått og kvitt vinterlandskap me kjørde gjennom. Kystlandskapet er vakkert likevel, og eg skulle gjerne teke fleire bilete langs vegen. Me fann ut på førehand at den ladestasjonen me passerte ikkje hadde ladeuttak til vår type el- bil, så me tok ikkje sjansen på å reisa på langtur med den nye bilen.

 

image

Me kom fram til sjukeheimen, og farmor kunne ta i mot oss sitjande i stolen på romet sitt. Betjeninga kom inn med kaffi og heimebakte julekaker, og er det noko mi farmor set pris på, så er det å ha både kaffi og noko godt å by på. Me hadde eit par fine timar i lag, og eg tenkte som eg har tenkt før, ein bør ha mykje humor, ein viss mengde tålmod og rimeleg sterk rygg for å bli skikkeleg gammal. Det er ingen spøk å brekka armen mindre enn ein månad før nittiåtteårsdagen sin, då treng ein i grunnen ein fungerande høgrearm meir enn nokon gong.  Det er godt å sjå at ho blir teken godt vare på både av familie og helsepersonell.

Dagsrevyen sin årskavalkade har stått på i bakgrunnen her, og akkurat nå kjem framståande nordmenn med sine ynskjer for det nye året. Det blir ikkje lagt skjul på at 2014 på mange måtar har vore eit utfordrande år for jorda vår. Må me alle gjera vårt for at 2015 skal bli eit godt år. Når det hjelp dei store linjene som krig og fred og global miljøpolitikk, er det sikkert mange som kjenner seg små akkurat som eg gjer, men verda er befolka av små menneske…  Og i det små kan me alle gjera ein stor forskjell gjennom å ta oss godt av kvarandre. Eg håpar me bestemmer oss for å gjera akkurat det. Og det vil alltid vera nokon som treng det ekstra mykje. Gjennom eit livsløp vil dei fleste av oss i korte eller lengre periodar vera blant dei som treng litt ekstra hjelp og støtte. Eg håpar me ikkje får det så travelt me oss sjølve at me gløymer å sjå kvarandre.

Medan det framleis er jul vil eg sitera ei linje frå Eyvind Skeie sin fine adventsalme:

«Må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.»

Ha ei god avslutning på året, alle saman.

Heidi

 

 

Eg liker romjula

imageEg liker romjula. Det har eg visst alltid gjort, det er deilig å gli inn i rolege romslige dagar med vekkerklokkealarmen avslått, med mykje triveleg samver med andre, og tid til å lesa bøker, sjå filmar og kanskje gå ein tur bare fordi ein har lyst og fordi det er lyst ute.

Dei to føregåande dagane har vore herleg selskapelege med god mat og kjekke folk i julepynta hus.

image

Først var det julekaffi med kjekke damer hos Astrid. Ute var det blitt kvitt og frykteleg glatt, så pass glatt at eg måtte halda meg litt fast i buskar og vekster då eg gjekk snarvegen bort til henne. Sjå kor fin julestjerna er mot ettermiddagslyset ute.

imageSå var me i «vaksenselskap» saman med familien min om kvelden. Ute var det framleis vinter. Me åt varm og sterk suppe og snakka om slikt som er og slikt som har vore.

I går kjørde me opp til hytta til Torhild og Per Magne. Det var veldig glatte, bratte vegar opp dit, og ganske mykje snø. Me var glade for at me ikkje møtte bilar på veg nedover.  Det var veldig fint då me var vel framme. Me åt god mat og feira fadderbarnet vårt, Maren som er blitt atten år, i lag med dei andre fadrane hennar, Olve og Elin. Me hadde med oss badetøy, men tida gjekk så fort at me kom oss aldri opp i den varme badebaljen ute i snøen på verandaen.

image

Og bålpanna vart heller aldri kveite, så me må nok opp dit att om ikkje så lenge for å testa kva me gjekk glipp av…

Og om kvelden var me i eit superkoseleg romjulsselskap heime hos Stig og Oddny saman med mange trivelege folk. Der kom eg viss ikkje så langt at eg fekk teke eit einaste bilete. Eg var takknemleg for å sleppa å vera sjåfør, for det var framleis frykteleg glatt ute…

I dag har me fått ny bil, ein el-golf som vart bestilt for ganske lenge sidan… I teorien er eg veldig for el-bilar, men eg er ikkje ein person som kjører bil med glede og entusiasme, og slett ikkje nye bilar. Det går seg vel til, kanskje, får me tru… Sjåføren min er i det minste entusiastisk, og me måtte ut for å testa ut det nye kjøretøyet. Ute var det så fint fotolys.

image

 

image

 

Me måtte innom mor og far for å visa fram bilen.

image

 

Så kjørde me heim att i den blå timen.

image

 

Elles så har eg brukt ledige timar på å lesa ut Yan Friis sin Beatles- biografi, som eg hadde kjøpt til Halvard til jul. Eigentleg er eg litt forundra over kor sterkt eg let meg fascinera av Beatles, musikken deira og historiane rundt dei. Kanskje eg skriv meir om det ein annan gong?

Heidi

 

 

På pilgrimsgang gjennom jula- 2.juledag

15922244570_174a6614d5_o

I skrivande stund er det kvelden andre juledag, og i morgon tek jula oss med inn i det juleromet som heiter «romjul». Julefeiringa her i landet varer ganske lenge om ein tek med adventtida som jo og har jula som fokus, og før det igjen har julemessene i kyrkjer og på bedehus stort sett allereie blitt gjennomførde. I barneskulen har heile desember månad sterkt preg av julefeiring med adventsstund kvar morgon, laging av julepynt, klipping, liming, baking, julesongar og julemusikk. Lærarane går rundt med glitter på kleda og glitter under skorne, gjerne med brannblemmer frå limpistolen på fingertuppane og melisglasur på genseren. Det er julehandel og julebord og julegavetips overalt. Sjølv om jula som regel begynner eit par veker før eg er mentalt klar for det, så er det ei fantastisk tid i skulen og ei veldig travel tid.

Så blir det julehandel og juleferie frå skulen og julestyr i heimen for å rekka alt som rekkast burde av baking og pakking og pynting og vaskong. Det er nesten litt komisk korleis me kollektivt blir drivne inn i ei slags førjulstranse og om kveldane går me på julekonserter og lar tårene renna under songane fordi me er rørde, slitne og på underskot av søvn. Helst alt saman samtidig. Og me har ei kjensle av å høyra saman fordi me gjer dette saman. I førjulstida vandrar me gjennom kollektive rom me er saman om, alt frå kjøpesentera til konsertsalane og juleavslutningane på skulen. Når me møtest har me meir enn nok å snakka om som bind oss saman: «Javel, har du fått handla inn pinnekjøtet?» «Ja, nå er eg seint ute med juleposten i år igjen…» «Du fant parkeringsplass til slutt du og?» I tillegg til at det er ganske travelt, så fylgjer det masse varme med på vegen der me trengjer oss fram, skulder ved skulder, litt høge sådanne, med innbitte blikk og lange handlelister.

Dei siste dagane før jul endrar det heile litt karakter. Dei flinkaste av oss er ferdige og kan lena seg tilbake, dei siste begynner julehandelen og me på midten halsar målretta framover og tenkjer at me klarer det nok i år og, for det gjorde me jo i fjor og året før. Lille julafta er vist nok den store bulkedagen av bil. Då var representantar for oss i Kong Sigurds gate tidleg ute for å sikra oss parkeringsplass, handla alt me hadde gløymt å kjøpa til nå. Me klarte å parkera utan å bulka og på kjøpesenteret var det riktig gemytleg. På lille julafta er ein raus med juleklemmane og tek det med godt humør dersom ein må stå ei stund i kø. Pegane sit lausare i lommeboka enn nokon gong, og er det nokon me har gløymt å tenkja på eller nokon som godt kan få ein liten tilleggsgave? Og det er bare jul ein gong om året, så då treng me vel eigentleg ein bukett mørkeraude roser til spisestovebordet, ein tofarga til salongbordet og ein tulipanbukett til eg veit ikkje heilt kor, men det er så fint med juletulipanar? Og der har dei sånne raude, høge, blanke lys som er så fine, dei kan me vel unna oss til bordet me skal pynta. Og julepynten er allereie til halv pris i nesten alle butikkane. Det passar godt når me skal finna ein fin løpar til det nye bordet. I den lange køen i blomsterbutikken, kjem det ein eldre herre som skal kjøpa roser. Han nesten ropar muntert «Hvem av dere vakre damer har mest lyst til å ekspedere meg?» Mannen ler sjølv og me ler alle saman og i tur og ordning blir han ekspedert med eit stort smil. Eg trur folk kjenner seg som ein del av eit stort felleskap og når jula skal inn i den private fasen av feiringa. Det står opplysningar om juleribbe eller mangel på sådanne og om kvelden kan alle sjå på fejrnsynet korleis ein lagar julemiddagen, og halvparten av oss ler høgt og lenge av hovmeistaren som snoflar i eit isbjørnhode, eg er ikkje ein av dei, om det skuldast åndssnobberi eller dårleg didponering av tid skal eg la vera å gå nærare inn på her.

På julaftan føremiddag så er det meste under ein slags kontroll, men spenningsnivået er framleis høgt. Med elleve til middag og femten eller sytten til kaffi, så vil me jop gjerne at alt skal vera bra og fint og vakkert og vidunderleg, og av ein eller annan grunn blir det alltid seint på vesle julaften.

Julaften føremiddag samla me alle våre til sein frokost med nybakte rundstykke og grovbrød, og Odd Christian ankom med dressen i sporstbagen og ein stor juledekorasjon til mormor i armane. Den mest sjarmerande gjesten var denne karen, i alve/ nisse- kostyme frå Bolivia som Sunniva gav han til jul i fjor.

image

image

Kvart år tenkjer eg at eg skal ha god tid på julaften, drikka kaffi, eta klementiner og sjå fjernsyn, men slikt blir det aldri tid til. I staden blir eg ei litt sånn masete mor som vervar folk til å skrella store mengder poteter og piskar krem så fløten skvett i det nyvaska kjøkkenet og fortel at viss ingen andre enn meg kan reinska desse rosenkåla så rekk eg ikkje å skifta klede før me skal i kyrkja. Bare Halvard slepp billig unna, så lenge han spelar piano, så slepp han å bli sett til andre ting, fordi eg liker så godt å høyra på at han spelar. Eg vart ropt inn, som eg blir kvart år, for å sjå Timmy Grashoppe syngja «When you wish upon a star.» Ein eller annan gong har eg sagt til ungane at det på ein måte er når eg høyrer den smørglatte fyldige grashoppestemmen hans at jula begynner for min del.

Men me kom oss i veg, og akslene senker seg litt når eg sit i kyrkja mellom dei av dei vaksne barna som hadde lyst til å vera med og syng julesongar. Det er noko av det finaste med heile jula, og eit signal om at nå går jula inn i ein ny fase, nå er det sjølve julefeiringa som er i gang. Og me kjem heim, og far kjem med pinnekjøtet og me set for alvor i gang med middagen. Han har med seg kristtorn frå hagen som blir mellomplassert på verandaen fordi eg ikkje har tid til å setja dei i vase.

image

Og så tenner me tusen levande julelys, bare dei på juletreet er elektriske. Alt anna ville ha vore uansvarleg i ein heim som vår. Eit år drog resten av familien ut for å kjøpa nye julelys på julaften, for det er nemleg ofte då me oppdagar at dei gamle ikkje virkar. Ungane kom oppglødde heim med amerikanske juletrelys som blinka med ulike intervallar etter korleis me stilde dei inn. Heldigvis fekk dei lysa og eit kort liv…

image

Me begynte kvelden med eit ganske stilig dekka bord, men etter middagen sklei det meste ut. Og då kaffien kom utpå kvelden og alle framleis var veldig mette av pinnekjøt, var det så mange hyggelige folk i stova at det vart ein slags ståande buffet i eit hjørne av bordet.

image

Når gjestene reiser heim på julaften går me inn i to nye julefasar». «Ryddefasen» og «jul -med- låge- skuldre -fasen». Gavane er opna, julemiddagen er vel over, og i beste fall er alle glade og fornøgde. Jula har runda høgdepunktet og verda kan roa seg ned etter juleklimaks. Eg er sjeldan så fornøgd og avslappa som seint på kvelden på julaften. Nå er det ikkje noko som hastar lenger. Dette året vart eg og Sunniva og Odd Christian sitjande og spela eit scrabble-aktig spel som nokon fekk til jul etter at dei andre hadde reist heim eller lagt seg. Klokka fire om natta var det nokonlunde ferdigrydda. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å leggja meg, men tenkte at det burde eg vel kanskje…

Den mest spesielle julegaven kom frå Vik utpå kvelden. Ingrid og Oddvar hadde feira der og ville innom oss. Med seg hadde dei denne nissekona:

image

imageDet er dama Ingrid fotograferte og sende til meg og broren sin, fordi dei to har ledd av at det finnest ein del nissedokker som er så like mora. Eg såg det sjølv og brukte biletet til profilbilete. Då Ingrid fortalde svigerforeldra historien om mitt nye profilbilete, så insisterte dei, snille og generøse som dei er,  på at den nissen skulle eg få. Det er ein veldig fin og forseggjort nisse med porselenshovud og fine klede. Ved nærare ettersyn så er ho nok nokre år eldre enn meg, for rynkene er fleire og håret gråare… Så då kan eg sjå korleis eg kjem til å bli sjåande ut etterkvart og sannsynlegvis konstatera kvar jul at nå er eg endå likare. Ho skal nok få ein god heim hos meg.

Første juledag var verda blitt kvit, og eg vakna utpå føremiddagen til vakkert vinterlys.

 

image

Det var deilig å vakna til ein morgon med god tid, og veldig koseleg å baka frokostrundstykke og eit nydeleg «julebrød» med rosiner, anis og nellik etter ei oppskrift eg fann på nettet. Ungane fekk varsel via telefon om at dei som hadde lyst kunne møta til veldig sein frokost hos oss.

image

Sånn etterkvart var det førstejuledagsselskap hos syster mi. Ho hadde pynta så fint at eg må ta med nokre av synsinntrykka her:

image

image

image

Og far hadde på seg den mest julete julegensaren nokon nokon gong har sett, som han fekk i presang kvelden før av eit av barnebarna.

image

I dag var det ein av desse dagane med god tid og lite planar. Fotografen min var ute medan eg framleis sov og tok nokre fantastiske morgonbilete av jul på Jæren. Her kan de sjå kor fint det var med «Kvit jul på Jæren» medan det framleis varte. Dette kunne eg ha fått sjå heilt på ekte dersom eg hadde vore litt meir av eit morgonmenneske… Det øverste biletet på sida er med i same serien.

15922245040_8de6785793_o

15922245610_9de403862c_o  16108813032_d18048aab5_o

Eg rusta meg for å gå tur og fotografera eg og, og snakka med naboane som og skulle ut på tur. Me var enige om at me måtte nyta vinteren før regnet kom. Det viste seg å ta ca ti minutt frå samtalen fann stad til regnet kom. Vinter er flyktige greier her i vårt hjørne av verda.imageMobilbileta mine toler dårleg å stillast ut saman med dei Leif har teke med flott utstyr, men eg må ta med dette likevel med blomar i bedet vårt ute i snøen andre juledag. I kveld har me sett ein nydeleg dokumentar frå Etterstadsletta, der eg faktisk har budd eit år ein gong der menneske i ulike leiligheiter i same bygarden blir filma og fulgt gjennom julaften 2014. Etterpå såg me filmen «Bare myke pakker under treet i år.» , ein julefilm bygd på Levi Henriksen si novellesamling og regissert av Bent Hamer. Den filmen blir med dette og anbefalt.

Ha ei god romjul alle saman.

Heidi