Det skulle ikkje forundra meg om det er fleire enn meg som blir litt sånn som Marta i bibelen sånn på tampen, og gjer seg strev og møye med mange ting. Ein eller annan plass las eg at det tradisjonelt sett er kvinnene som bestyrer jula, bestemmer kva som skal gjerast, kor tid det skal gjerast og kva måte det skal gjerast på. Mennene blir lett litt på sidelinja og føler seg skiftesvis tilsidesett og skiftesvis piska til å utføra oppdreg som julesjefen, altså kona har bestemt seg for at skal gjennomførast. Nå skal eg sjølvsagt ikkje antyda at det er slik framleis, bare nemna i forbifarten at nokon vil ha det til at det er slik det har vore… Eg skal heller ikkje nemna at dei fleste som dukker opp på bensinstasjonen klokka fem på julaftå, og vil ha tips til ein fire- fem julegavar, visstnok ikkje er kvinner…
Og av og til, stikk ein liten perfeksjonist hovudet fram i meg og. Når det gjeld husmoderlege sysler, så burde perfeksjonisten hatt vett til å liggja lågt i terrenget, for akkurat der er han dømt til mislukkast…
Når det går mot jul, får eg årleg denne galskapen over meg at nå i år skal alt vera på stell og det skal bli ei heilt vidunderleg julefeiring i heimen. Så kan eg ikkje heilt forstå at ikkje alle andre instinktivt forstår at her skal det ryddast og vaskast og bakast og strykast og skrivast brev og inviterast og pyntast. Og nå ein trur at nå er det så bra her at nå skal eg setja meg ned litt, så er det nokon som vil rigga seg til på bordet og pakka inn pakkar eller kanskje baka litt brød eller kanskje til og med ta maten ut av kjøleskapet og laga seg eit lite måltid. Og har verkeleg ingen handla multer til multekrem? Kven veit, då blir det kanskje ikkje jul i år, men heldigvis så har jo butikkane ope i morgon og, då må me og hugsa å kjøpa meir raud saus til riskremen, for korleis kunne nokon koma til å tenkja på å tru at ein kartong var nok. Og så var det nokon som ville laga seg mat, ja… Det må dei sjølvsagt få lov til, og sjølv skulle ein alltids ha stroke ein duk og tre eller pussa eit par sølvlysestakar… For som det står i songen:
Nå er det lemmer og liv om å gjøra
med påsken og prinsen og jula for døra…
Melding til alle travle damer, og eventuelt menn, som skal ordna til til julefeiring i morgon, meg sjølv inkludert : La oss koma oss i seng nå… Me rekk det nok likevel…
Heidi
Sunniva jobbar mykje i ferien, men me var einige om at me måtte prøva å finna tid til ein Stavangertur ein dag før jul, og den dagen som peika seg ut som vår store sjanse var i dag. Me konstaterte at det faktisk ikkje regna, og la optimistisk i veg utan regntøy. Sjølv om regnet begynte så snart me hadde begynt å kjøra, så var det ikkje mange regndropane me fekk i håret i løpet av dagen. Og sjølv om me bur i ein del av landet der det som oftast ikkje er kvit jul, så er det då julestemning på sitt vis Stavangergatene.
I butikkvindauga er det diverse formar for dekor…
Og utanfor i vest bryt havet på…
Bokhandelar er for meg butikkar det krev sjølvdisiplin å koma seg ut i frå.
Tom Shadyac
I dag tidleg tok me i mot ungane etterkvart som dei kom og sa at dei ikkje måtte kle av seg yttertøyet. Tvert i mot måtte dei kle på seg dersom dei var tynnkledde, henga ranselen på knaggen og stilla opp ute. Kvart over åtte var det framleis mørkt slik biletet viser. Så stilde me dei opp og gjekk gjennom dei halvmørke gatene ned til torget.
Der nede stilde me oss i to ringar rundt juletreet og song dei gamle julesongane om å høyra heime i klappeland og trampeland, om å skylla sitt tøy tidleg ein tirsdags morgon, om rottene som skotter på den sinte julenissen og grøten hans og om å knytte kjærlighets hellige bånd og love og elske hverandre. Til slutt avrunda me med den meir moderne «En stjerne skinner i natt», og det heile kjendest nesten litt magisk. Det var fint å vera på torget med syngande barn medan dagen vakna på Bryne og morgontrøtte menneske gjekk over det elles folketome torget på veg til jobb.
Etterpå las me bok om Lucia og om Marias lille esel, og ungane forfatta eigne Luciabøker. I siste timen samla me oss i lilleaulaen i halvmørke med masse levande lys som lukta krydder og appelsin. Der høyrde me om sjongløren Giovanni som vart for gammal til å sjonglera og måtte pakka vekk sjongleringsutstyret og den kvite sminken sin i ein gammal koffert. Til sist forvilla han seg inn i eit kloster på julaften og halvt i forvirring såg han eit svært alvorleg Jesusbarn i fanget til mor si, og den gamle klovnen fann fram sjongleringsutstyret sitt for å prøva å muntra opp barnet på skulpturen. Han sjonglerte som då han var ung, og kroppen tolde ikkje anstrenginga og han datt død om på golvet med eit smil om munnen. Då munkane seinare kom inn i klosterkyrkja fann dei han, framleis smilande, medan Jesusbarnet på skulpturen sat med eit stort smil og ein gulfargen sjongleringsball i hendene. Det er ein uvanleg vakker historie, som handlar om det å gi glede til andre.
Eg liker klovnar,og historier om gjøglarar og hoffnarrar. Kanskje eg kjenner meg litt att i dei…
Etter skulen var det rett vidare til juleavslutning med elevane mine på skapande skriving. Det var fint det og. Nå kjenner eg at eg er veldig trøytt. Det er slik det kjennest kvart år på denne tida, det skal verkeleg bli fint med juleferie. Nå sovna eg viss litt over tastaturet. God natt! I morgon får me Sunniva og heim. Det blir fint.
























