Gå til innhald
Bilde

Midsommarvise på siste augustdagen

Siste sommardagen, om ein skal tru på kalendaren, byr eg på ei lita seinsommargåve i form av ei vise.

midtsommar_3108

image

I sommar har eg hatt eit spennande samarbeid med Calle Fjogstad om å få midsommarvisa, som eg skreiv ved St Hans- tider, opp for å dansa. Det gjekk ein del mailar fram og tilbake med forslag og finpussing. Teksten er blitt litt forandra frå den versjonen eg la ut i juni, for at orda skal kunna dansa rytmisk i valsetakt. Calle lova at når han var fornøgd med melodien, så skulle han koma og syngja for meg, og så var det opp til meg å godkjenna. Han tok til og med med seg Georg Pollestad, som hadde fått melodien arrangert for munnspel. Det var eit gildt besøk på ein av dei siste aller varmaste sommardagane. Me sa oss nøgde med det me hadde fått til. Sjølv om me har tenkt å registrera verket på Tono, så var me samde om at nå kunne me dela litt til dei som måtte ha lyst til å høyra, synga eller spela.

Eg ser at heile skjermbiletet kom med, ikkje bare tekst og noter som eg først hadde tenkt. Kanskje eg får til å fiksa på det, men inntil vidare får det vera som det er.

I eit av dei siste innlegga skreiv eg noko om det å bruka kunstnariske verkemiddel for å prøva å vekkja viljen til verna om jorda og miljøet. I fare for å virka pretensiøs, så var det ein av undertonane som klang i meg då eg skreiv dette. Jorda er vår frysande mørke mor, som framleis er i stand til å bera blomar. La oss verna om henne så godt me kan.

13975005050_530b6952de_b

Heidi

Verd å streika for?

image

Eg er ingen stor streikar. Lettare konfliktsky, og nokså fredeleg som eg er, er det litt paradoksalt at eg nå er i ein arbeidskonflikt, rett nok som ein del av fagorganisasjonen min. Litt lei er eg og av at eg stadig kan lesa, både på og mellom linjene, meir enn ein plass at eg tilhøyrer ei lat og udugeleg yrkesgruppe, beståande av dei som bare vil ha ferie, og som vart lærarar fordi dei ikkje hadde karakterar til å koma inn på noko anna.

image

Kanskje er det ikkje så rart at mange ikkje anar kva det vil seia å vera lærar… Eg innser at eg nok har begrensa forestillingar om korleis det kjennest å vera slaktar, elektrikar, revisor eller CNC-operatør, og det kan godt henda at eg ville fått sjokk dersom eg hadde fått vita korleis det eigentleg er. I det siste har eg stild meg sjølv dette spørsmålet: Kva i skulen er det verd å streika for? Svaret trur eg blir omtrent slik: -At norske barn er sikra ein god stad å vera, der dei kan læra og veksa og få tryggleik, som hjelper dei til å takla resten av liva sine. – At idealistiske og varme unge menneske vågar å utdanna seg til læraryrket og orkar å forbli der. – At læraryrket ikkje skal vera meir krevjande enn at det går an å halda seg friskmeld og arbeidsfør gjennom eit yrkesliv fram til pensjonsalderen. For at dette skal lukkast tenkjer eg at ein viktig nøkkel for å få dette til er må vera Å HA MANGE NOK VAKSNE I KLASSEROMET.

Eg veit at det finst land der situasjonen er uendeleg mykje vanskelegare. Eg har sjølv vore gjest på ein afrikansk skule der det sat førti ungar i klasseromet. Ikkje alle hadde bøker, og det var langt mellom smart-tavler og datamaskinar. Dette veit eg godt. Ikkje desto mindre veit eg at kvardagen i norske klasserom og kan vera noko ein i verste fall kan slita seg heilt ut på. Då seksårsreformen i skulen kom, fekk me først vita at dei nye førsteklassingane skulle ha rett på same bemanninga som seksåringane hadde hatt i barnehagen. To pedagogar og ein assistent på tjue barn gjorde at oppgåva kjendest heilt overkomeleg. Nå er det dessverre slik at ein lærar risikerer å stå heilt aleine i eit klasserom med meir enn tjuefem seksåringar. Dei er vidunderlege små menneske med veldig ulike behov, som alle har krav og rett til å ha det bra på skulen. Dei aller fleste lærarar er villige til å strekkja seg alt dei kan og endå litt lengre for å få dette til. Dei aller fleste lærarar er nemleg både glade i barn og glade i jobben sin. Det blir sagt og skrive mykje om at norske lærarar treng vidareutdanning og meir fagleg tyngde, og at det må satsast på vidareutdanning. Alt dette er vel og bra, men det er ofte ikkje der skoen trykkjer mest. La oss tenkja oss eit heilt imaginært klasserom der eg står aleine med tjuefem førsteklassingar. Det kan god tenkjast det er andre vaksne der på papiret, men at dei i ganske mange timar, kanskje dei fleste, er opptekne med å gje einskildelevar heilt nødvendig støtte i eit anna rom…

To jenter har blitt uvenner i friminuttet, dei grin og vil ikkje inn. Ein av gutane lengtar heim og vil ikkje ta opp bøkene. Ein elev kjenner seg kvalm og kastar opp på midt på golvet. Vaskepersonalet har innstruksar om at det ikkje er deira jobb å tørka opp oppkast eller slikt som havnar på golvet viss nokon får litt for lita tid ute på toalettet. Det står ikkje noko om dette i innstruksen vår. Ein gut er spesielt interessert i matematikk, og vil gjerne ha hjelp til å læra seg gangetabellen, ein annan gut riv teiknearket i fillebitar fordi han ikkje fekk til å teikna eit tre slik han hadde tenkt at det skulle sjå ut. Ei jente ser på deg med eit blikk som gjer at du forstår at ho kanskje ikkje kan nok norsk til å forstå den beskjeden du nettopp gav dei. På tavla står det faglege målet for timen skrive med vakker lærarskrift, og sidan eg faktisk er læraren der inne, så er det mi oppgåve å passa på at dette målet blir nådd. Mitt største problem der og då er ikkje at eg ikkje er i stand til å gje ein fagleg sett godt forsvarleg leksjon om Noas ark eller om bokstaven B. Det er heller ikkje det at eg ikkje kan hjelpa elevar å løysa opp i konflikter, det er eg ganske driven på etter 29 år i skulen. Eg er heller ikkje så verst på å trøysta frustrerte barn, stagga heimlengsel eller gje ein lærevillig gut prinsippa for å skjøna gangetabellen. Det er bare det at det kan vera litt vanskeleg å få alt dette til samtidig som eg tørkar oppkast, og får ringt foreldre som er på jobben sin, for å fortelja at barnet på fanget mitt ikkje kjenner seg bra, og nok kanskje bør hentast.

Sjølvsagt er dette ei litt tilspissa situasjonsbeskriving, men eg veit at både eg og kollegene mine rett som det er står midt oppi øyeblikk som kan likna ganske mykje. Læraryrket er heilt vidunderleg når det verkeleg svingar av positivt liv og livsglede i klasseromet. Det skjer heldigvis dagleg det og. Likevel går me ofte på tå hev, og periodevis med ganske høge skuldre, for å vera i forkant, avverga, løysa på enklast mogleg måte, smitta elevane med godt humør, bruka humor og finna smutthol til å visa omsorg. Det er ikkje sjeldan det er sånn omtrent eit kvarter att av den etterlengta matpausen når du har hjulpe elevar på med sko, overtalt dei til å få på regnbukser, snakka litt om den nye kattungen dei har fått, og klemt litt på glade ungar med lett snørrete nasar, som kjem springande og vil ha ein klem når dei ser deg kryssa uteområdet for å stilla deg i kaffikø.

På min skule har me ganske mykje bunden tid allereie. Eg kjenner meg ikkje att i biletet av ein skule der lærarane ikkje tek seg tid til å samarbeida. Det er lenge sidan livet i klasseromet var eit sololøp. Kvar einaste dag utvekslar me erfaringar, legg planar saman og diskuterer korleis me best kan leggja til rette for einskildelevar. Det går heller ikkje ein dag utan at me ler høgt og lenge, eller utan at me gjer kvarandre oppmuntrande ord. Nesten to og ein halv time etter at me har send elevane heim, er klokka så mykje at det er lov å ta med seg resten av jobben i veska og gå heim. På min arbeisplass er det mange som vel å sitja både ein og to timar lenger enn dette for å få gjort mest mogleg før dei går heim. Eg kjenner absolutt ikkje att biletet av lærarar som ikkje vil vera på arbeidsplassen. Det som har blitt dropen som har fått begeret til å renna over for mange, er at me skal mista den fleksibiliteten me har hatt som eit frynsegode, dersom det er det det er. Dette slingringsmonnet som gjer at lærarar med vonde skuldre, tunge hovud og små ungar heime, ikkje lenger får tilliten til å gå heim klokka tre og heller retta bøker og laga undervisningsopplegg om kvelden etter at dei har lagt eigne barn. Likevel trur eg mange lærarar streikar for mykje meir enn det denne konkrete konflikten går ut på. Dei streikar fordi det kjennest som om dei som styrer ikkje vil høyra på at det er oss, me som tilbringer store deler av livet i eit klasserom som faktisk har skorne på og veit kor dei trykkjer.

image

Om eg vil anbefala andre å utdanna seg til å bli lærar? Ja, sjølvsagt vil eg det. Eg gler meg over å ha ei nyutdanna lærardotter, og ein nesten nyutdanna lærarson. Eg er og glad på yngstedottera sine vegne at ho etter å ha jobba eit halvår som vikar, framleis hadde lyst til å ta fatt på lærarutdanninga, og at ho trivst med å vera i gang. Læraryrket er det mest kreative, sosiale, allsidige og hjartevarmande yrket eg kan tenkja meg. Me omgåst sprell levande ungar og får lov til å vera med og gje dei det viktigste nokon kan gje eit menneske, ein god og trygg barndom og trua på eige verd. Så får me tola, og til og med sjå positivt på ,at dei som styrer står der med ei bunke skjema, ei stoppeklokke og eit målband. Me får tola at nokon alltid vil meina at dei kan hjelpa oss til å skapa ein stadig betre skule. Det er jo det me vil alle saman. Det er sikkert godt meint at dei skriv i avisene om at norsk skule ikkje er god nok og. Me som står der i klasseromet vil bare svært gjerne få lov til å fortelja om korleis det er å vera der, og me vil gjerne bli lytta til.

image

image

Heidi14036244891_ae799d3ee1_b(1)

Heidi

Badar i skulestart

image

Ei eg kjenner brukte den ganske beteiknande formuleringa, «Druknar i skulestart». Sjølv har eg prøvd å laga ei litt meir positivt vinkla overskrift, så då fekk det bli badar i skulestart. Dette for å vidareføra biletet mitt frå begynnelsen av august om at å starta eit nytt skuleår var som å hoppa ut i litt for kald sjø. Først grugledar ein seg litt, så hoppar ein, deretter kavar ein smådesperat rundt ei lita stund, før ein plutseleg hugsar kor godt ein likar å bada. Det å starta ei skuleår er faktisk noko av det travlaste eg kan tenkja meg. Eg lurer på korleis eg klarte å få desse vekene i august til å fungera når eg samtidig hadde fire relativt små barn, men eg var vel kanskje endå flinkare på å fokusera då. Det seiest at arbeidstakarar med barn har mindre sjanse for å brenna seg ut fordi dei er nøydde til å skifta fokus heile tida. Eg lånar eit par barneteikningar som viser litt av dei mange små store gledene ein opplever i eit klasserom. Oppgava var å laga ei bok om vennskap, og jammen dukka eg ikkje opp i ei bok eg og… Andreklassingar er fantastisk flotte menneske.

image

Det har ikkje blitt så mykje overskot til bloggen dessverre, men det kan vel la seg fiksa på sånn etterkvart. Nå sit eg her og har forfattarfredag. Eigentleg jobbar eg med eit biletbokmanus. Medialæraren av ein ektemann har vist meg korleis eg kan setja bileta inn i teksten frå innboksen min. Det er Ingrid som har laga teikningane. Av ein eller annan grunn har programmet eg brukar låst seg, så nå fekk eg ein sjanse til å gjera noko anna medan eg ventar på assistanse…

image

Det er forresten ikkje sant at eg bare har tenkt skule i det siste. Eg fekk meg jo ein tur til Oslo sist helg, og nå på onsdag var eg i lag med ein gjeng kreative damer og leika oss med å setja opp blomar. Astrid hadde vore på kurs og lært om japansk blomsteroppsetjing, så det måtte me prøva oss på. Eg har for vane å lessa på til trengsel når eg set opp blomar, så det var spennande å prøva seg på strenge minimalistiske formlar for oppsatsar. I denne måten å setja opp blomar på hadde vatnet dei stod i ein viktig rolle. Vatnet skulle vera synleg og skulle gje ro til sjela. Det er ein fascinerande tanke. Vatn er fint.

image

image

image

Eg skal prøva meg meir fram med dette. Det å halda på med blomar gjer ei eiga ro. Og så er det så koseleg å vera i lag med andre gjennom å leika oss med kreative uttrykk.

Ingrid var så heldig å få tak i to gratisbillettar til ei prøveforestilling av Hamlet på Rogaland teater. Så i går sette me oss på toget til byen. Me hadde berekna så god tid at me skulle kunna ta oss ein tur ned i sentrum når me først var der. Plutseleg var sommaren nesten tilbake etter ein kjøleg periode med mykje regn.

image
image

Forestillinga begynte klokka halv åtte. Det var eit fascinerande prosjekt. Dei hadde behalde det verbale språket i det eg trur var noko nær opp til originalomsetjinga av Shakespear sitt stykke. Scenespråket var moderne og eksperimentelt. I første akt var scenen nesten heilt full av gassballongar, og Hamlet spelte på eit stort trøorgel. I andre akta var ballongane i bakgrunnen, og scenebiletet var eit hus som gradvis vart rive ned. Me trudde at stykket kanskje varte til halv ti eller ti, men det viste seg at andre akt ikkje var ferdig før kvart over elleve. Det varte med andre ord i nesten fire timar. Me begynte å bli nervøse for ikkje å nå siste toget heim. Det ville passa dårleg å måtta venta til kvart over fem neste morgon… Heilt ureglementert, og veldig diskret sende Ingrid ei tekstemelding til Oddvar om vår bekymring. Det kjendest ikkje ok å gå før forestillinga var slutt, spesielt sidan me sat så midt i salen som det over hodet kan la seg gjera. Oddvar sende ei tekstmelding om at me kunne ta det med ro, han skulle koma og henta oss. Eg har ein veldig snill svigerson. Det var jo synd at me ikkje fekk brukt returbillettane på toget, men desto meir behageleg å bli kjørt til døra…

Eg likte forestillinga godt. Kanskje ho hadde tent på å bli korta inn litt, men for min del er firetimars teaterforestillingar i grunnen heilt ok.

image

I føremiddag var eg og Odd Christian ute og øvekjørde litt. Det regna ganske tungt og var mykje kjølegare enn i går. Det må snart innrømmast at me går mot haust.

image
image

Og eg har alltid likt hausten. Ein må bare forsona seg med at sommaren er over. Ein sommar kjennest alltid litt for kort. Sjølv denne heilt fantastiske varianten me har fått i fanget nå i år.

Eg høyrde eit tankjevekkjande program på radio om diktning som våpen i kampen for miljøet. Det las dei opp dette diktet av Harald Sverdrup. Det gjorde inntrykk på meg:

STEMMESEDDEL

Stem på havet,
stem på vinden som styrer bølgene og former skyene,
stem på havets plankton og hvalenes kjærlighetskonserter,
stem på skrei, sild, sei og lodde.
Stem på grunnfjellet, stem på svaberg
og tankefulle utsikter,
stem på grunnvannet og Mose skal på berget,
stem på dype daler tonende som trompeter
av bygg og hvete,
stem på ballblom, barlind, kålrot og poteter.
Stem på skogen, stem på tjern med abbor og sik,
stem på Nordkapp, Son og Melsomvik.
Stem på byer med trær rundt alle hus
og solsikker i kjørebanene,
stem på langsomme biler med blomsterkasser på taket,
rødkløver og løvetann i hjulene
og solskinn i lyktene.
Stem på veiarbeiderens ansikt av pergament
fordypet av hieroglyfer,
stem på hans armer av treskurd i solsvidd akantus.
Stem på murenes balansegang med stein på stein,
stem på hammeren som slår inn sine argumenter
for en fremtid med hverdager, kjærlighetssøndager,
barn og sirkus.
Stem på bondens seige hav som syder mørkt
av møkk og metemark, i bølgeskavl på skavl bak traktoren.
Stem på samer, kvener, kvinner,
stem på Blomster-Ole, Eng-Marie, Eple-Anton,
Guri Fagerås og Vidar Vannmann.
Stem på dem som lever her om hundre år,
stem på din sønnesønns gråt,
stem på din datterdatters første smil.
Stem på dem som aldri får fred
før verden blir en munnfull fredeligere.
Stem på brannvesenet som prøver, med et sukk,
å slukke helvete.
– Harald Sverdrup

image

image

Heidi

Helg i Oslo

image

Eg hadde ei utruleg fin helg i Osla. Tida gjekk bare alt for fort. Det var så fint å vera i lag med ungane mine, inkludert Vilde og Borghild. Me fekk og litt tid i lag med Eva Mari og eg fekk så vidt snakka litt med Irene som var bortreist i helga.

image

image

image

På lørdagen hadde eg og Sunniva og Halvard koseleg lunsj på litteraturhuset. Det blir så triveleg stemning med alle bøkene, og maten der er kjempegod.

image

Sola skein og det var sånn fin seinsommartemperatur ute i byen. Eg har forresten alltid likt hausten spesielt godt i Oslo. Det er ein heilt annan type haust der enn den me har heime. Lufta er endå skapare, sola er oftare framme og dei fine haustblada bles ikkje vekk med ein gong. Sidan eg tviheld på sommaren, skal eg la vera å nemna at det allereie var eit ørlite drag av haust over dagane.

image

På lørdagskvelden hadde me eigentleg tenkt oss på kino, men Sunniva bad tynt om me ikkje heller kunne kosa oss heime. Ho antyda til og med at tempoet mitt var i høgaste laget for henne. Eg får vel kanskje velgja å ta det som eit kompliment. Me kjøpte med oss kjempegod sushi, og såg episode etter episode av «Sigrid får barn». Utpå kvelden fekk Sunniva ei melding av ei ny norsk-vietnamesisk klassevenninne. Ho var på innflyttingsfest i same huset, og hadde lyst til å sjå korleis Sunniva hadde det. Sunniva vart med innom festen og kom tilbake med ein tallerken full av kjøttbollar, kyllinglår og andre godsaker. Me vart til og med invitert til innflyttingsfest begge to, men takka fint nei. Ein halvtime seinare kom den blide jenta tilbake med eit kakefat til oss. Ikkje kvar helg me får ta del i oppsøkjande innflyttingsfest.

Neste dag fekk me frokost saman med Vilde og lunsj i lag med Borghild, før kavaleren av ein yngsteson kom på besøk og fortalde at han hadde tenkt å fylgja meg på toget. Det viste seg å vera buss for tog på Kongsberg. NSB byr stadig vekk på overraskingar. Vel på toget i Kongsberg, kom fylgjande melding over høgtalaren: «Då er me i Kongsberg. Dessverre har eg dårlege nyheiter. Det oppstod ein glipp i samband med buss for tog, som gjer at me ikkje har nok togpersonale til å kunne kjøra. Me har varsla sentralen om dette, men veit ikkje kor lenge det kan gå før togpersonale er på plass.» Det gjekk eit unisont sukk gjennom toget. Det er litt interessant å sjå korleis folk reagerer på slikt. Ein mann uttalte høglytt at me alle burde kreva å få billettpengane tilbake, men han fekk ikkje respons frå dei andre reisande.

Det var og sett inn ei anna vogn enn den me hadde billettar til. Eg hadde passa på å bestilla eit sete som stod rett veg, men i den vogna dei hadde sett opp, fekk eg eit sete som ikkje var vendbart. Ho som sat ved sida av meg var litt oppskaka, for det same hadde skjedd med henne. Me diskuterte dette, då ei veldig snill bestemor frå Egersund sa at ho og barnebarnet kunne byta sete med oss for ingen av dei vart togsjuke. Det er så fint å oppleva at det finst så mange greie folk. Etter tre kvarter hoppa det to stykk togansette av eit møtande tog, og så kunne me bevega oss… Og heim kom me, bare førti minutt forsinka…

9788252183238-ny.ashx

På veg heim las eg mellom anna denne boka. Ho kan anbefalast!

Heidi

Morgon i Oslo

image

Eg sit i stova i den koselege vesle leiligheten til Sunniva og dei tre andre jentene. Rett utanfor på gata er bylivet allereie i full gang. Ein mann kryssar gata med eit pappkrus me kaffi i den eine handa og ein sigarett i den andre. På det regnvåte fortauet framfor Seven- eleven har nokre duer morgonmøte. Trikkane dundrar forbi, og det store treet har fått eit gyllent haustskjær allereie, sjølv om det framleis er august og sommar.

image

I går hadde eg ein nydeleg fredag på toget. Det å sitja på eit tog, kikka på folk, lesa fine bøker og sjå landskapet utanfor halda separatutstilling av norsk natur i august, medan eg blir frakta til ein plass eg har lyst til å vera, det er min type god fredag. Det er ikkje kvar dag som har så god plass til å tenkja. I går sat eg og lurde litt på kva det er dette med minner og lukter.

Frå Kristiansand til Bø sat eg på sida av ei søt strikkande og lesende dame i heimestrikka lilla jakke. Me snakka ikkje så mykje saman, men ho sa at det var akkurat det same for henne om ho sat ytterst, eg kunne gjerne bli sitjande ved vindauget. Etterpå hjalp eg henne å finna ut korleis ho kunne regulert setet. Etterpå sat me og las i kvar vår bok, og innimellom strikkande ho på ermet til ein lilla barnejakke. Eg er heilt sikker på at me kunne hatt ein hyggeleg samtale dersom me hadde fått lyst til å snakka, og det var så fredeleg å bare sitja slik. Etter ei stund tok ho opp matpakken sin og åt eit rundstykke ho nok hadde kjøpt ferdig påsmurt med mellom anna kvitlauk på. Plutseleg var kroppen min tilbake til den tida då eg hadde det første barnet mitt, Odd Christian, nyfødd i armane for 28 år sidan. I eit glimt dukka det opp ei kjensle eg hadde gløymt, og eg var tilbake i følelsane mine frå den tida. Eit eller anna med ei eller anna lukt tok meg dit, og eg veit ikkje kva det var.

Eg opplever slikt av og til, det er så rart. Ei lukt kan plutseleg få kroppen min til å hugsa korleis det var å vera fire år. Ei lukt av ei spesiell handsåpe kan få meg tilbake til barneavdelinga og det same kan plutseleg lukta av eit dynetrekk på eit hotell. Det siste må vel vera knytta til eit spesielt vaskepulver eller strykemetode dei bruker på store vaskeri. Ofte kjem minne med bilete eller lydar, ikkje minst med musikk. Men medan lyd og bileteminne vekkjer ord eller bilete i hukommelsen min, så går lukter direkte i kroppen slik at eg hugsar følelsar og kroppsfornemmelsar. Eg klarer ikkje forklara det betre enn dette, og eg skal ikkje bruka meir plass på å prøva heller. Eg måtte bare setja ord på det. Eg lurer på om andre opplever det på same måten, eller om det er bare meg som er litt rar. Då eg sa til Milrid på jobb at eg ofte har assosierer eit menneske med ein farge, sa ho at det faktisk er ein slags diagnose på å ha det slik… Heilt sidan eg var lita har eg forresten lurt på om andre ser fargane på same måten som meg. Det kan me vel eigentleg ikkje vita…

image

På stasjonen vart eg møtt av ei flott dotter og ein flott son. Den førstnemnde insisterte til og med på å ta den store tunge kofferten min. Det var godt å sjå at dei begge var glade og fornøgde og likte seg i her i byen. Dei har sagt det på sms og i telefonen, men det var godt å sjå på ansikta deira at det faktisk var sant.

image

Og nokre fordeler skal ein ha av å ha mor på besøk, så me gjekk for å eta middag ute ein eller annan plass. Me ende på Olivia under ein varmelampe slik at me kunne sitja ute. Etter på gjekk me heim til Sunniva som var «aleine heime». Halvard hadde lyst på heimelaga vaflar, så då vart det vaffelsteiking og film.

image

Sunniva og venninnene har fått det veldig fint her. Nå har me ete frokost med Vilde og ei venninne av henne. Snart skal me ut og leva.

image

image

Heidi

Sandalar i regnet.

image

I tilfelle nokon skulle lura, eg er framleis oppe og går. Alle lærarar, spesielt dei med kombinert stilling i skule og kulturskule veit nok at den første veka i eit skuleår, når alle tannhjula i beste fall går rundt og får maskineriet i gang, er ganske travle. Det meste har dreia seg om skule den siste veka.

image

Eg ser i grunnen lite på fjernsyn, men dei siste dagane har eg sett tre program som har vore til å bli klokare av: Ein dokumentar om autisme, ein dokumentar om å vera fødd i ein kropp med feil fysisk kjønn, og dokumentarfilmen » En prest og en plage,» om Børre Knudsen.

Samtidig med skulestart kom det over oss eit vêr som minner ganske mykje om haust, sjølv om det er sommar endå. I rein livstrass har eg gått med bukse til rett under knea og barbeint i sandalar heilt til nå. Det siste er ganske praktisk når ein har vakt i matfriminuttet i høljeregn. Vatnet finn raskaste vegen ut av sandalane og sokkane ein ikkje har på seg blir ikkje våte. Eg innrømmer at eg vart litt kald på føtene under demonstrasjonstoget i Stavanger. Eg tok meg sjølv i å lengta etter å leita fram ullsokkane.

Det er ikkje kvar dag eg demonstrerer for ei god sak, så det må nesten fotodokumenterast. Sidan eg ikkje har spurt mine kjære kolleger om lov, får eg gjera det på denne måten…

image

Ei imponerande samling lærarar fann saman i Stavanger i dag. Det gav ei slags solidaritetsoppleving. Me ynskjer ein skule for både lærarar og elevar i åra som koma skal.

Heidi

Brubyggjarar

image

I kveld var eg og Astrid i kyrkja for å høyra om og møta ei gruppe på ti palestinske, ti israelske og ti norske ungdomar som har vore i lag i ei veke for å gå turar, driva teambuilding, snakka saman om erfaringar og vanskelege ting, syngja saman og prøva å forstå einannan betre.

Prosjektet heiter «Brigdebuilders», og det var fjerde gongen det vart arrangert ein slik sommerleir i Norge. Gruppa skal møtast att i september og desember heime i Midtausten for å byggja vidare på samtalane.

Dei palestinske ungdomane er kristne, og israelittene er messianske jødar. Dette kunne ein tru ville gje dei ein viss felles plattform. Likevel fortalde fleire av dei at dei risikerte problem i heimlandet etter å ha vore med på noko slikt. Begge partar melde at dei var oppvaksne i to vidt forskjellige kulturar og fora med fiendebilete gjennom heile oppveksten. Samtalane hadde gjort at dei hadde møtt representantar frå fienden og opplevd at dei hadde mykje meir til felles enn dei hadde trudd, og at dei hadde hatt fine opplevingar i lag. Visst veit eg at dette er ein drope i havet. Likevel er eg s veldig glad for at nokon verkeleg arbeider alt dei kan med fred og forståing, sjølv om det tilsynelatande monnar lite. Det var sterkt å få velsiginga lyst på både arabisk, hebraisk og norsk ved slutten av samlinga. Då me kom ut av kyrkja hang regnbogen over oss lenge. Det kjendest nesten som eit skulderklapp.

image

Alle som har fulgt litt med på det som har skjedd i sommarmånadane knær, veit at verda ikkje er ein like vakker stad for alle akkurat nå. Det er meir enn me orkar å forhalda oss til. Men eg er overbevist om at me aldri må gje opp håpet om fredelege løysingar på vonde konfliktar.

image

Heidi

Augusthelg

image

Med skulestart så kjem og helgekjensla… Det har vore så fint å ha besøk av Oscar som flyttar til Stavanger, og den kjempesøte kjærasten hans Marie på besøk. Me håpar me får veldig mykje besøk av han nå når han bur så nære oss. Så nå kan det vera to stykk Oscar som må dela plassen på bloggen min. For å forebygga misforståingar, den eine er nevøen vår frå Bærum, og den andre er hunden til Ingrid. Jammen dukka det ikkje opp ein «gjest» til før helga. Plutseleg stod denne flotte hesten med ryttar på trappa mi. Han er laga av Bente Kluge og er ein veldig generøs takk for ein liten jobb eg gjorde for henne i samband med ein utstillingskatalog. Eg er veldig begeistra for skulpturane hennar, og vart kjempeglad.

Det har vore spesielt med denne oppstarten at ikkje mindre enn fire av oss i familien nå er i gang i systemet skule, og då eg låg langflat på sofaen med tunga ute etter ein hektisk oppstart, var det ikkje nok at eg kunne spørja Leif korleis hans oppstart hadde vore. Eg kunne ringa både Ingrid og Odd Christian og stilla dei det same spørsmålet. Heldigvis kunne me konkludera med at alle fire hadde hatt ei travel med god første skuleveke. I går åt Odd Christian spaghetti saman med oss og Ingrid og Oscar, Ingrid fekk ikkje tid, men det var koseleg å vera mange rundt bordet att, det er slik eg helst vil ha det.

image

image

Sunniva og Halvard medler og om at det går godt i Oslo, og at Sunniva trivst med å vera i gang med lærarutdanning ho og… Ingen som skuldar oss for å ha dårleg fantasi vel…

Eg må fortelja om eit besøk til. Plutseleg stod det eit blomsterbod utanfor huset. Dei er ikkje spesielt tittgjengde her, så når dei dukkar opp er det stor stas. Me fekk ein heilt spesielt fin blomsterbukett send av Eva Mari. Av og til føler eg meg rett og slett som fetter Anton i dei gamle gode Donaldblada. At eg endå oftare føler meg som fetter Klodrik, er ei heilt anna historie.

image

Tradisjonen på vår skule er at skuleåret blir feira med ein garasjefest den første fredagen. Eg må innrømma at eg tenkte i går at det var ein litt dårleg vald dag. Det er vel ingen fredag heile året ein er så stuptrøytt som akkurat denne, etter at me har brukt ei veke på å få eit nyskapt univers på føtene. Eg tenkte at eg fekk nå gå dit og smila fint i alle fall, så fekk eg heller gå grytidleg heim… Han eg deler livet med har slutta å tru på mine profetiar om å koma grytidleg heim. Merkeleg nok er godt selskap minst like oppkvikkande som å havna i koma på sofaen. Etter borsetjing og fine samtalar i garasjen, vart bålpanna tend utanfor. Der var det framleis sommarkveld, og ingenting luktar så godt som bålrøyk, så skulle eg nå bli sitjande litt, bare fordi det var så koseleg å sitja rundt eit bål. Enden på visa vart at eg var sistemann som gjekk heim. Til mitt forsvar skal det seiast at eg ikkje responderte på ryktet om eit nachspiel…

image

I dag har eg vore på Staplers og kjøpt masse fint utstyr til Skapande skriving, så nå gler eg meg til å setja i gang med gamle og nye elevar og nye og spennande skriveprosjekt. Me var innom IKEA for å ordna ting til kjellarleiligheita, og eg og Odd Christian åt middag i lag der. Det er den typen restaurant ein kan tillata seg å vera spandabel mamma på.

Då me kom heim dukka Ingrid opp og me hadde ein liten workshop med å prøva ut idear til undervisningsopplegg i Kunst og handverk. ME kjende oss som særdeleg pliktoppfyllande lærarar der me sat klokka ni ein laurdagskveld og prøvde ut ulike variantar av fuglar i papir. Eg fekk og god hjelp av Oscar, hunden denne gongen, til å gjera ferdig Albert Åberg -dokka eg har kost meg med å laga til ein heilt ekte Albert.

image

image

På datamaskimen ved sida av meg går det slideshow med bilete me har tatt gjennom dei siste tretti åra. Det er rart og vemodig å sjå på. Akkurat nå er det laurdagskveld i midten av august. Eit lite punkt i tida… Ha ei framleis god helg-

Heidi

Full fart

image

Så er me i gang att for full maskin framover. Det er noko eige med opningane av skuleåret. Skulegarden er full av elevar og foreldre. Lærarane står oppstilde ved flaggstonga, rektor ynskjer velkommen, flagget blir heist, og alle syng skulesongen vår:

» Ikkje langt frå Bryne sentrum, der ligge skulen vår,
an æ gammale å nye, an æ fine,
der ska me gå på skule i sju lange, goe år,
mens regne pøse ner, å solå sjine…»

Det er høgtideleg og fint, og to flinke jenter frå sjuande klasse er forsongarar med mikrofon. Plutseleg blir eg så rørt at eg nesten må opp med handa og få unna ei tåre og to. Eg tenkjer at visst er me heldige, trass alt, for dette er ein jobb som verkeleg berører oss som menneske. Det er ei varm og oppbyggjeleg kjensle å få gjensynsklemmar frå glade elevar, konstatera at dei har vakse i sommar, beundra nyklipt hår med grøn eller blå frisørlugg, og hol etter tenner som har falt ut, eventuelt nye tenner på veg opp. Etter end undervisning, og timar med planlegging av undervisningsopplegg, er det på tide med oppstart i kulturskulen i tre omgangar, med velkomsttalar, musikk, dans og opplesing. Nå har me gjort klar for overnattingsgjester som har kome med buss frå Oslo i fylgje med to store kontrabassar og eit lite flyttelass.

Nå høyrer eg dei kjem med lass to, så nå får eg dekka bord for sein kveldsmat.

Heidi

Livet

image

I dag har eg vore i gravferd. Ho som var død hadde vore alvorleg sjuk veldig lenge. Ho kjempa lenge i håpet om å bli frisk. Presten snakka om å kvila i grøne enger og om å vandra i dødsskuggens dal. Han snakka om gleda over å leva. Gleda og engasjementet.

Eg tenkjer ofte på det sårbare ved å leva, og med ein aldri så liten hang til hypokodri, så tenkjer eg ofte på å døy og på å mista nokon ein er glad i. Mange som er alvorleg sjuke har snakka på om den sterke trongen til å leva og om kor intenst livet kjennest når ein ikkje er sikker på å få behalda det. Svigermor som fleire gonger i livet var kreftsjuk, første gongen som småbarnsmor, fortalde meg kor intenst livet kjendest når alt var kritisk, og om kor forunderleg fort ein gløymer dette når livet blir normalt og kvardagane kjem.

Det er vel slik at me er konstruerte for kvardagane. Nokre gonger hugsar me å løfta dei opp og sjå det heilage i det vesle.

image

I ein kjælen katt som ikkje vil dela merksemda med ei avis.

image

I ein seinsommardag etter at det har regna.

image

image

I blømande røsslyng og klokkelyng, og det at det framleis finst humler her.

Det hender me ser det, men ikkje alltid.

Heidi