Gå til innhald

Statistikarane og meg.

Dei fleste av oss oppfattar vel våre eigne liv som nokså normale. Det er jo vårt eige liv me kjenner sånn nokonlunde frå innsida. Derfor blir våre eigne tankar, vurderingar og gjeremål dei mest naturlege og rasjonelle, sett frå vår eigen ståstad i den store samanhangen. Men av og til begynnar eg å lura. Er eg heilt normal, slik eg likar å tru, eller er eg eit vandrande unntak frå det meste?

Eg veit at eg har litt vanskeleg for ordet nei. Det finst ikkje noko unormalt i det heller, me er nok ganske mange ja-menneske i verda. Dette å vera positiv til det meste fører til mykje bra, men kan og gjera at ein havnar i litt kinkige situasjonar. Mellom anna har eg rota meg borti eit forhold til Statistisk sentralbyrå, som omtrent skaffar meg grå hår.

For eit par år sidan, akkurat på denne tida, sånn eit par veker før påske, fekk eg ein telefon medan eg stod og fylde ei handlevogn på Kiwi. Dei ville spørja meg om å vera med på ei undersøkjing. Det passa litt dårleg der og då, men då eg fekk høyra at det handla om påske, sa eg ja til å bli oppringd litt seinare på kvelden. Påske har eg nemleg eit ganske sterkt forhold til, og eg ville gjerne vera med i statistikken om kva folk føler for påskehøgtida. I hovudet mitt tenkte eg gjennom mitt forhold til liv og død, gråtande kvinner, og den eine og den andre forsoningslæra. Eg kjende meg eigentleg litt snytt då eg skjøna at intervjuet dreia seg om når på året eg ville begynna å eta påskemarsipan, om eg foretrakk påskeegg frå Nidar eller andre leverandørar, og om eg hadde marsipan i ryggsekken når eg var på påskeskitur…

Trass i denne nedturen, der eg ikkje hadde stort å bidra med, fordi eg stort sett ikkje et marsipan i det heile tatt, lot eg meg overtala til å vera med på ei større statistisk undersøking. Dei fortalde kor mykje det hadde å seia for det aller meste som skjer i landet å ha gode statistikkar å spørja til råds, og at det var ein slags nasjonal dugnad å gjera sitt for å halda statistikken i orden. Visst vil eg vel gjera mitt for den nasjonale dugnadsånda, så eg sa ja…

Det eg ikkje såg for meg, var at det ei veke seinare kom noko i posten som kunne minna om ein liten telefonkatalog. Her var det side opp og side ned med avkrysning, og innimellom ei lita oppmuntring til at nå burde ein unna seg ein liten pause og kanskje ein kopp kaffi før ein gjekk vidare. Eit lite mindretal av spørsmåla var interessanne for alt i verda, men alt for mange var for meg heilt totalt uinteressanne. Her skulle ein rangera tannkremmerke frå dei ein helst ville ha til dei ein aldri hadde høyrt om. Så skulle eg vurdera eit uttal hudpleiemiddel, som eg i beste fall kunne hugsa eg hadde høyrt om i det heile tatt. Dersom hudpleie, sminke og parfymedelen av undersøkjinga hadde vore ein kjønnstest, så er eg redd eg hadde ligge tynt an… Det var heller ikkje lett å vurdera side opp og side ned om mitt forhold til banken min. Strengt tatt har eg ikkje anna forhold til banken min enn at eg tek ut pengar og betaler rekningar. Lege hadde eg ikkje vore hos, og eg hadde ikkje benytta meg av advokathjelp.

Etter timar med utfyllingsarbeid, fekk eg posta elendet, og tenkte at det var det, nå hadde eg gjort mitt… Heilt til eg eit år seinare vart oppringd att. Eg prøvde å seia at eg hadde veldig lite tid, og hadde bestemt meg for å hoppa av. Då fekk eg vita kor utruleg viktig det var at informantane haldt ut over fleire år, og denne gongen dreia det seg bare om eit telefonintervju. Sjeldan har eg kjend meg så pinleg avkledd, for intervjuet gjekk på bolig og økonomi, eg kjende meg som ein som blir avslørt som analfabet.

– Kva er årslønna di? – Eh, nå må eg viss få tenkja litt…

– Kva er skatteprosenten din?- Eh det står vel på lønnsslippen…

– Kor mykje av lønna di kan du bruka bare på deg sjølv? – Kva meiner du, eg har jo stor familie?

– Korleis er du fornøgd med rentenivået?… Ehhhh…

-Har de bunden rente?… Må sjå om eg ser mannen min…

-Kor mange rom har de i huset?… Vent litt, eg må tella…

– Kor mange kvadrat er boligen?… Ja, kor stor kan han vera, mon tru…

-Kva vil du anslå marknadsverdien til å vera?… Nå har me ikkje vurdert å selgja…

– Nei, men du veit vel sånn ca kva de ville fått for huset?… Ehhh….

Til slutt unnskulda eg meg og sa at dette høyrdest sikkert gale ut at eg visste så lite, men at eg var oppteken av så mykje som for meg var veldig viktig, og derfor tenkte eg ikkje så mykje på slike ting. Han sa at det var skremmande at kvinner framleis var så likegyldige til eksistensielle økonomiske ting, og at om det fortsette slik, at folk var økonomisk bevisstlause, ville det etterkvart bli eit samfunnsproblem. Eg sa beskjemma at han sikkert hadde så rett så rett, og skjøna at her ville det ikkje passa å sitera noko om liljene på marka. Mannen hadde jo eit poeng…

For ein månad sidan, var det nytt brev om at eg snart ville bli oppringd. Dei to første gongene dei ringde var eg på jobb, men for to dagar sidan måtte eg resignera og seia at eg hadde tid til ein liten samtale. Noko eg av erfaring veit tek ganske lang tid.

Først var det lange innleiande registreringar av dei som budde i huset:

-I fjor sa du at Sunniva Harboe budde i boligen. Stemmer det framleis? – Det stemmer.

– Når er ho fødd? Eg tenkjer meg lynraskt om, og oppgjer ein dato i 1993.

– Kva er hennar relasjon til deg? – Ho er vår felles dotter.

– Kor lenge har du budd saman med Sunniva Harboe? Sidan 1993…

– Er ho gift eller har sambuar? – Eh, ho er 16 år gammal. Ho bur framleis heime hos oss.

– Kva er sivilstanden hennar? – Ho er ugift, ho er 16 år gammal!

– Ja, nokre av desse spørsmåla høyrest kanskje merkelege ut, men det er viktig å få det rett…

Så førest me inn i den ubehagelege delen av det heile. Kva tener eg, og kor mykje kan eg bruka på meg sjølv… Har eg ein administeraande stilling eller ikkje?

Når me kjem til bank, ser eg fortvila på kjærasten min, som signaliserer med hendene frå der han sit fordjupa i arbeid, at dette har eg rota meg borti sjølv.

Me avtalar at ho skal ringa meg opp at på fredag, altså i dag… Hjelp… Skal eg bruka dagen på å oppdatera meg for å framstå som ein vaksen oppegåande økonomisk medviten samfunnsborgar, eller skal eg prøva meg med liljene på marka? Eigentleg er det jo bare for ein ukjend telfonutspørjar eg blir audmjuka… Om eg hadde hatt vit til å ikkje skriva bloggeinnlegg om det, då…

Heidi

Somliga går i trasiga skor.

Og tilgjev meg Cornelis Vreeswijk. Dette er ikkje ein tekst med sosialpolitisk profil. Det hender faktisk rett som det er at somliga kan vera meg. Eg er nemlig utstyrt med føter som gjer at eg kan vera sikker på å få gnagsår av alle nye skor dei første ti gongene eg går med dei. Derfor er eg veldig glad i gamle skor, fordi dei blir betre og betre etterkvart som dei blir brukte. Til slutt er dei alt anna enn fine, men å så behagelege.

I USA måtte eg kasta dei grøne skorne mine fordi dei var øydelagde og fillete. Dei gode vintestøvlane eg har hatt to sesongar er holete og utslitne, og i følge Ingrid frykteleg styggge. Dei høge støvlettane er fine, men eg får vondt i føtene etter eit par timar. I dag har eg gått på amerikanske gummistøvlar med peacemerkemønster. Dei er heilt ok, men ikkje veldig gode. Eg har eit par nye skor på skohylla. – Og ein stor jobb å gjera…

Heidi

Reisande i teaterbransjen.

Sånn i bitteliten målestokk, så hender det at eg er det. Det hender eg er på turné med eit stykke, det har forekome at me har reist med unge skodespelarar til andre lokale, og det hender at eg legg ut på nokså lokale reiser for å sjå noko eg har skrive på ein annan scene enn vår eigen.

Sist torsdag var ein slik dag. Etter at eg hadde send elevane mine heim og laga ny vekeplan, småsprang eg ned til stasjonen, og rakk akkurat toget inn til byen. Ikkje den vesle byen eg bur i, men den store byen. Eg rakk det bare akkurat. Med billetten i den eine handa og lommeboka i den andre handa kasta eg meg inn i næraste vogn etter at konduktøren hadde blåse i fløyta si. Etter å ha stått eit minutt og prøvd å få tilbake pusten, fann eg meg eit ledig sete. Det viste seg at eg hadde kome i vogna til dei som reiste med månadskort, og dei fleste var på alder med døtrene mine. Ein halvtime i eit anna univers enn det eg til dagleg frekventerer vart det absolutt…

Så småsprang eg til hurtigbåtterminalen, sjølv om eg visste eg hadde god tid på akkurat den etappen. Eg kunne tenkjast å ikkje finna fram, og då er det greitt å ha tid å gå på. Eg fekk løyst fergebilett, og gjekk til eit kjøpesenter i nærleiken og kjøpte oransje ranunklar til Margunn, som eg gleda meg veldig til å møta.

Eg har alltid likt båtturane i Ryfylke. Med besteforeldre på den andre sida av fjorden var det viktige høgdepunkt i barndomen å reisa dit med båt. Det er så vakkert og beroligande å sitja på båten og kikka ut. Eg såg at det var i ferd med å bli snøfritt på Fogn, og  meinte å skimta svake teikn til vår på dei andre fergeleiene og. På Judaberg stod Margunn og venta med bil og ein stor klem. Og sjølv om eg har sett henne veldig sporadisk etter tre felles år på lærarskule i Kristiansand, så er det alltid så fint å vera i lag med henne. På kjøkkenet hennar fekk eg varm suppe og varme rundstykke med ein cherrytomat i midten. Store mengdar svart kaffi og heimebakt kringle fekk me og tid til før me reiste ut til sentralskulen for å sjå teater.

Det var fint og nostalgisk å sjå att «Prinsen og halve kongeriket» i ein lokal utgave. Eg såg ungar eg ikkje kjende, glødande engasjerte lærarar med og utan smileslips, og mange stolte foreldre. Skodespelarane var sjuandeklassingar frå alle øyene i kommunen. Det er interessant å sjå ei forestilling som «utanforståande». Til vanleg både kjenner eg ungane og er veldig ansvarleg for det heile. Om eg ikkje er ansvarleg så er eg som oftast mor til ein av dei som opptrer. Eg trakk den konklusjonen for meg sjølv at skuleteater er flott og fint og viktig.  Og eg begynte å spinna saman songar til den forestillinga me sjølv skal begynna med etter påske. Eg måtte opp på scenen og ta i mot ein stor bukett kvite tulipanar som framleis står i vase i stova mi.

Hurtigbåten ut til øyene går ikkje veldig ofte, så etter forestilling, mange koselege kommentarar og handtrykk, fekk eg endå eit par timar i stova til Margunn. Det var så fint å vera der. Så blei eg skyssa ut til båten og måtte fortelja mannskapet kor eg ville setjast i land. Eg vart meiningslaust glad då eg fekk sms frå kjærasten min at han ville henta meg i byen. Det var godt å sleppa turen gjennom byen til togstasjonen, venta på tog som bare kanskje var i rute, og gå heim frå stasjonen heilt til slutt. Det tek på å vera dame og reisa ut i byen på høge støvlettar. Ein kjem til eit punkt der det er godt å sleppa å gå fleire steg.

Heidi

Antimaterialisten i meg.

Det er nå slik at ein kan skriva historien sin på dei meste måtar etter som korleis ein set lys på scenebiletet. Eg kan for eksempel velgja å snakka om antimaterialisten i meg, livskunstnaren i meg, eller den smålate kaotikaren som ikkje gjer si plikt som oppretthalder av struktur og orden i ein heim. Alt er sant, det kjem an på korleis ein ser det.

Den direkte foranledninga til denne teksten er ein samtale eg hadde med døtrene mine i føremiddag. Dei meinar det er på høg tid at me pussar opp deler av huset vårt. Dei snakka spesielt om stova og kjøkkenet, og det er klart dei kan ha mykje rett i det. Eg er den første til å innrømma at det ikkje akkurat er ein standard på ting som gjer at eg vil vera den første som blir oppringt om «Bonytt» skal laga ein reportasje om vakre norske heimar.

Ingrid kasta eit nådelaust blikk mot den raudoransje ikeasofaen vår og påpeikte at stoffet var falma og armlena oppklorte av kattane våre, sjølvsagt har ho rett. Men sofaen er framleis god å sitja i og å ligga i, og han er framleis fin i form og farge. Og visst er det så at kjøkkengolvet aldri ser heilt reint ut på grunn av at ein del flekkar ikkje går heilt av, og det er sant at ein del av dei lyseblå skapdørene manglar litt maling, og at ikkje alle heng på hengslene sine. Og veggene i stova kunne verkeleg tronge maling, og vindua hadde ikkje hatt vondt av å bli vaska. Alt det er smerteleg sant.

Eg påpeikar overfor døtrene mine at dei har hatt ein velsigna barndom på den måten at dei har fått lov å ta inn alt dei vil av ungar, dei har fått rota med leiker og malesaker i stova, og dei har fått brukt kjøkkenet til små og store kokeprosjekt omtrent når som helst. Ingrid smiler nådig og seier at med ein kvar velsignelse er det ein forbannelse og motsatt. Sjølvsagt har ho rett… Den beste trøysta fekk eg i Eva Mari, som ein gong sa: Hugs at du bur i ein kunstnarheim. – Og det høyrest jo bortimot eksotisk ut…

Og heilt sant er det vel ikkje at eg er antimaterialist. Eg likar vakre klær, for eksempel dei dyre plagga frå Gudrun Sjødén. Eg liker vakre kunstting og er veldig glad i kunst, og eg kjøper gjerne ein bukett blomar før helga. Eg er bare ikkje spesielt glad i å rydda, vaska og pussa opp… Eg kan godt tenna eit stearinlys og setja fram ei skål tulipanar, og synest at eg har det kjempefint sjølv om malinga er slitt.

Og så synest eg vel at det tar litt vel av med norsk husoppussing og kva me synest me må kjøpa oss av fine ting for å ha det bra nok.  Eg trur ikkje at glede primært kan kjøpast for pengar, og eg trur me lett kjem inn i ei slags luksusfelle med ting me synest me må ha for å ha det bra. At me kastar fullt brukbare møbler og gjenstandar og må jobba overtid for å kjøpa nye. Men for alt i verda. Eg kan nyta estetikken heime hos andre der alt er tipp topp. Eg kjenner bare ikkje behov for å ha det slik sjølv…

Nei, her er det nok å spinna seg inn i… Ein kan som sagt halda lampen der ein føler mest for det, og få den belysninga ein helst vil ha. At eg er ei antimaterialistisk korsveisjel, eller at eg er ein latsabb av ei udugeleg og kaotisk husmor. Og døtrene mine skal jo trivast i stova vår dei og… Me får sjå. Ei moderat oppussning til sommaren kan det vel kanskje bli råd med?

Og dei som er raske og strukturerte i tankane sine og har fleire husmorgener enn meg, har sikkert tenkt at eg kunne ha vaska både eit og to vindu på den tida eg har brukt til å skriva dette. Og sjølvsagt har dei så rett, så rett…

Heidi

Kvinnedagen 2010

I dag morges teikna eg ei vakker dame på dagplanen på flippen i klasseromet og skreiv at det var kvinnedagen i dag. Mest ingen av sjuandeklassingane hadde tankar om dette med kvinnedag, men gutane meinte det var urettferdig dersom det ikkje var ein mannsdag og. Sidan me akkurat nå har islam som tema, tok eg opp den dagsaktuelle problemstillinga at nokon ønska å ha eit slagord i 8-marstoget om at kvinner i Norge måtte vera frie til å få bruka hijab og burka i offisielle samanhangar. Me kunne nok ha diskutert lenger, men tida strakk ikkje til, her skulle dei læra å bøya verb, setja saman ord og fylla tekst inn i tokolonneskjema. Då A- og C-klassen kom inn for å ha norsk i det same klasseromet, brukte eg mindre enn eit halvt minutt på å forklara dei kva kvinnedagen var…

I år vart det viktigste innhaldet i dagen å fylgja Bergit til den siste kvila. Blomane på kista var kvite som snø, og dei andre blomane var og i avdempa fargar. Me song «Bred dina vida vingar» og «Lei milde ljos igjennom skuggeheim». Begge desse er nydelege songar. Ho fekk fine minneord, og frå galleriet song Bjarte «Eg gjer død til liv for deg» og «Vårsøg»: «E veit at våren e`kje lenger oinna, enn e får levva slik en sommar te.» Det første som slo meg var at det var akkurat det ho ikkje fekk, leva ein sommar til, men i siste verset falt songen på plass. «Når hausten kjæm og sistkveildskløvva heinta, då ska e takk for sommarn som e fekk.» Og akkurat slik håpar eg det er og skal vera.

Då kista vart boren ut av kyrkja, skein den første vårsola. Snøen var i ferd med å smelta, slik at det var vanskeleg å koma seg tørrskodd over kyrkjegarden. Før kista vart senka kom barna fram med kvite roser som dei la på båra. Dei andre blomane vart lagde rundt i snøen. Eit svartkledd lågmælt fylgje gav seg i veg mot bilane, og fekk meg til å tenkja på eit kjend maleri av ei graferd på Jæren i gamle dagar som eg trur er malt av Ole Tjøtta. Me fulgte heim i stova til Bergit og fekk servert smørbrød, kaker og kaffi. Det var nok siste gongen folk er samla der før minnene etter eit langt liv skal ryddast vekk. Ei venninne av henne bad om ordet og haldt ein lys minnetale over eit fargerikt menneske. Ho slutta med orda: «Dersom det er ein himmel så ho nok der akkurat nå.» Og akkurat slik kjendest det.

Me bad syster og Elisa med heim og så kokte me ei stor gryte tomatsuppe med egg og makaroni, akkurat slik som ungane likte det så godt då dei framleis var ungar. Det blir ein tidleg kveld. Eg kjenner at ein blir litt utlada av å ta definitivt farvel med nokon som alltid har vore der.

Og visst skal våren koma.

Heidi

Hundredagarssnøen.

Det pågår ei godmodig konkurranse i ei av lokalavisene der folk kan stemma på om dei trur snøen kjem til å ligga i hundre dagar i strekk eller ikkje.  Til nå har han vel ligge i bortimot nitti dagar og det er ikkje årleg kost her i sørvest. Det har sett litt svart, eller rettare sagt kvitt ut i det siste. Snøen har falle ned både titt og ofte, og eg har vel vore tilbøyeleg til å tru på hundredagarssnøen.

Men i dag løsnar det. Det har bokstaveleg talt vore gråkvitt ute, for skodda har ligge som ei vennleg sky omkring oss. Då kjærasten min og eg la ut på ein sundagstur såg eg kor mykje snøen har smelta bare i løpet av denne dagen. Ein god del av vegane er så godt som frie for snø og is. Då me skulle ut og gå, var eg glad for at det var dei grønrutete gummistøvlane mine eg hadde på føtene, for snøen var ei blanding av snø og vatn. Her og der kunne ein rett og slett sjå gulkvite tustar av graset frå i fjor. Me hadde tenkt å leggja vegen vår om ei hengebru, men ho var stengt med tre og netting og beskjed om at ho ikkje var trygg lenger. Eg kjende ikkje behov for å prøva å forsera stengselet. Ei usikker hengebru over ei elv med isvatn går eg gladeleg i frå.

Me var innom på prestegarden og såg to fine kunstutstillingar før me unna oss ein kopp kaffi med lefse til i kafeteriaen. Då eg var ute på do ein tur høyrde eg ein ukjend mann synga høgt på det andre toalettet. Kanskje han allereie hadde sett det me såg på vegen heim? Då såg eg plutseleg ein vipeflokk. Det er dei første eg har sett i år, og når vipa kjem til jæren, då er det vår. Eg håpar bare dei finn mat. Eg syntest så tydeleg at den eine vipa hadde to tofsar på hovudet i staden for ein, men det har eg aldri sett før, så eg må vel ha sett feil.

Eg har sett av dagen til å jobba med teater. Eg skal skriva eit dramastykke som ungdomane i kyrkja skal framføra i påsken. Så skal eg bearbeida det store bestillingsverket til Sandnes kommune og sjå på tiandeklasseforestillinga me held på og øver inn. Nokre late halvtimar her og der blir det alltid plass til likevel. På fredag feira me Laila sin 50-årsdag. Det var fint. I morgon skal «tante» Bergit gravleggast. Ho var veldig sjuk då ho døydde, men det kom likevel overraskande, slik dødsfall mest alltid gjer.

Det er snart på tide å laga middag. Mellom anna tenkte eg å laga ein grateng av den gode heimelaga potetmosen med kvitlauk som Ingrid varta oss opp med i går. Sundagar er vidunderlege dagar som alltid går alt for fort. Eg gleder meg veldig til eit roleg permisjonsår som startar om ikkje alt for mange månadar.

Heidi

Det kvite morgonlyset

fortel oss at våren er rett bak svingen ein stad. Om morgonane er det lyst når eg går til arbeidet mitt. I klasseromet er det tidleg dagslys når me set oss til å lesa bøker, som er ein del av morgonritualet vårt. Og lyset gjer oss godt.

Morgonane er kvitare enn dei vanlegvis er i mars. Her ligg snøen framleis. Eg trudde kanskje han ville vera borte når me kom frå USA, men nei, tvert i mot hadde det snødd masse. Sunniva kikka ut vinduet frå vindusplassen sin på flyet og sa: «Alt er kvitt mamma, bare bilvegane går som svarte streker i det kvite.» Og sidan har det våre tø og frost om einannan. Det snør, det smeltar, og det frys. Vegane har vore konstant glatte i to og ein halv månad, og yngre folk enn meg har skaffa seg broddar til å ha under skorne.

Normalt er her snøklokker, krokus og viper på denne tida, men nå er alt kvitt og frose. Og visst er det vakkert med det skarpe kvite morgonlyset. Det er veldig vakkert, og ikkje noko me opplever kvart år på desse kantar. Det er som om me skulle ha skifta klima. Det vert snakka om at det er femti år sidan me hadde ein tilsvarande vinter.

Kven veit, manns minne er kortare enn ein skulle tru. Eg meinar å hugsa lange vintrar med mykje snø då eg var barn, og det er det då verkeleg ikkje femti år sidan… Men våren er her alt i form av lys. Ikkje ein gråbleik vår, men ein kvit. Fargane kjem nok etterkvart.

Heidi

Amsterdam.

Amsterdam er ein sjarmerande og skeiv by. Husa lener seg mot einannan på merkelege måtar, og delar av gamle hus er bygde inn i nye hus. I gatene er det hundre tusen syklar, nokon av dei har korg på styret med silkeblomar i. Sidan me har ti timar på oss mellom dei to flya i Amsterdam tek me ungane med for å presentera dei for byen. Sist gong me var der saman var for tjue år sidan, så ingen av barna har nokre minne om det.

Dei kikkar inn på kaffehus der marihuanarøyken vellar ut sjølv klokka tolv på føremiddagen, og sjølv utanfor «Red light district» ser me damer, mest utan noko som helst på kroppen, stå i opplyste kjellarrom og prøva å tilby sine tenester gjennom blikkontakt med forbipasserande menn. Ingrid observerer ein mann med lommeboka i handa som enten er på veg til å besøka dei, eller  nettopp har gjort det. Kanalbåtane går på kanalane, og på eit av dei mange torga står ein svært sjarmerande ung mann og sjonglerer med eit sverd, ein brennande fakkel og eit grønt eple medan han et eplet gjennom å ta ein bit kvar gong han får det ned i høgrehanda. På same torget står to «statuemenn» med halloweenmasker, sverd og svarte lange kappar. Me et lunsj på Mc Donalds, der me finn oss eit bord i tredje etasje. Mellom borda spankulerer det levande duer som tiggar smular frå hamburgarbrøda.

Etter eit par timar tek dei fem ungdomane våre flytoget tilbake til flyplassen. Eg har observert at dei klarer seg heilt utmerka i verda utan fylgje. Kjærasten min og eg går for å møta Jouke på ein kafé. Kjærasten min vart kjend med han på eit bibeloversetjarkurs ein gong for veldig lenge sidan. Den sommaren eg var gravid med Odd Christian kom han på besøk til Norge. I åra som fulgte besøkte me han to gonger i Amsterdam.  Han budde då midt i Red Light District, og var frivillig medarbeidar i ein kristen kommunitet som jobba for å gjera livet mest mogleg leveleg for prostituerte og narkomane i den mest belasta bydelen. Eg hugsar at eg prøvde å avleda Odd Christian då me gjekk heim om kvelden for at han ikkje skulle bli alt for merksam på damene i dei opplyste vindua og spørra om kva dei dreiv med. Han var bare tre år den gongen, og så vidt eg hugsar så stilte han ingen spørsmål.

Det er veldig kjekt å sjå Jouke igjen. Det vemodige er at det er tjue år sidan sist eg såg han, og mannen som sit og ventar er tjue år eldre enn sist. Det kjennest som sånn omtrent i går, og så på eit knips er verda blitt tjue år eldre. Me får nokre fine timar i lag med han. Han har den same varme og entusiastiske utsrålinga som eg hugsar frå sist. Det er fint å møta igjen folk ein set pris på. Han fortel at han alltid har hatt lyst til å synga i kor, og i ein alder av 55 år møtte han til opptaksprøve i eit Bach-kor, tok privattimar i song for å få lov til å bli med, og nå øver dei inn Händels Messias. Han gir meg nesten lyst til å starta med korsong.

Då eg gjekk på skulen, lærte me at dei hollandske pannekakene er berømte og heilt spesielt gode. Det har eg aldri fått testa ut, så på kafeen blir det eplepannekake. Ho er verkeleg heilt spesielt god. Det er mest ein vane nå etterkvart å sjekka inn på fly. -Denne gongen lettar det til og med utan om og utan men. Heime har det snødd.

Heidi

Om å kryssa Atlantaren.

På veg til JFK- airport blei me redde at me har feilberekna tida. Det vart sagt at viss me berekna halvannan time i drosje så hadde me god tid. Men kanskje me burde teke meir hensyn til det såkalla ekstremveret og prøvd å ombooka dei to drosjane slik at dei kom ein time tidlegare. Det datt framleis «mix-rain» ned frå himmelen, og vinden var frå ein jærbu sin synsvinkel ikkje noko å snakka om i det heile tatt. Likevel var det som om biltrafikken stod stille. Me diskuterte korvidt me kunne ha teke oss fram til fots i same tempoet… Oddvar spurde den eine staxisjåføren frå  Egypt om folk i New York la om til vinterdekk. Det sa han at dei fleste gjorde, men at brøytebilane øydela for trafikken.

Men fram kom me. Innsjekkinga gjekk veldig raskt, så me hadde meir nok tid. Kjærasten min inviterte oss på ventemiddag på Panda, ein kinesisk restaurant på flyplassen der ein kunne velja to ulike rettar i tillegg til forskjellige variantar av ris. Eg prøvde å forklara dei at eg ville ha ein porsjon utan ris, men det viste seg å vera heilt umogleg å kommunisera. Det vart risnudlar. Lågkarbovarianten får venta til måndag… Maten smakte nydeleg

Vel ombord på flyet fekk me vita at det måtte av-isast før dei kunne ta det opp i lufta. Dette forsinka oss ca ein time. På stoffet dei spruta over flyet kunne me sjå at vinden tiltok i styrke. Etter å ha letta fekk me vita at «The pilot expects some turbulens», så me vart råda til å bli sitjande med beltet på. Ca fem minutt etter at signalet for setebelte var slokka kom det ny melding over høgtalaren: «As the pilot expects more turbulence, he asks you please to find your seats, sit down and fasten your seatbelts again. Slik vart me sitjande i eit par timar. Det var som å kjøra på ein skikkeleg humpete veg. Eg trøysta meg med noko eg nettopp hadde lese i ein «antiflyskrekkbrosjyre»: «Eit fly er konstruert for å kjøra gjennom turbulens på same måte som ein buss er konstruert for å kunna kjøra på humpete vegdekke.» Det var ein god setning å halda seg fast i. Etter at me hadde passert stormområdet vil eg karakterisera resten av turen som «a pleasant flight».

Før sleit eg med sterk flyskrekk, men eg vil karakterisera meg som relativt kurert. Dessverre har Odd Christian grudd seg veldig for å fly fram og tilbake til USA etter at han opplevde noko som kjendest som ei «nesten ulykke» på flyplassen i Singapore då han var ute og reiste med folkehøgskulen. Eg er imponert over at han blei med oss likevel, for eg veit kor mykje det kostar å trassa flyskrekk. Eg erklærer nå at han har bestått eksamen i å overvinna flyskrekk etter å først ha stått i tre timar på flyplassen i Amsterdam på veg ned, der dei hadde plassert oss på eit nytt fly fordi det første hadde motortrøbbel, og så opplyste på høgtalarane om stadig nye ting som var gale med den eine flymotoren på det nye flyet. Det vart gitt beskjedar og kontrabeskjedar. «It will take too much time to fix the motor, but the experts tells us it is completely safe  to use the plane.» Og så etter ein ny halvtime: «We have found a new problem in the engine, and it is not safe to take off…» Etter at reperatørane hadde vore der sa dei at «The engine now runs beatifully prefect…» Då får ein bare stola på det… Og på veg heim råkar me til å treffa på ein liten storm over Atlanterhavet… Og me klarte oss heilt fint både Odd Christian og eg. Me sat til og med på sida av kvarandre på heimvegen, og kunne trøysta kvarandre med å påpeika kor usedvanleg rolege og avslappa flypersonalet såg ut til å vera.

Men sova på fly er framleis utenkjeleg. I alle fall i teorien. Så natta gjennom sat eg med den vesle leselampa på og las i Cynthia Lennon si bok «John», der ho skildrar samlivet sitt med John Lennon. Det var ei av bøkene eg plukka med meg frå amerikanske bokhandlar, og sidan eg elskar biografiar, så rekna eg med at ho var passe engasjenrande og lettlesen til å avleda tankane medan ein vart frakta over Atlantarhavet. Odd Christian som sat ved sida av meg påstår at eg las ca ei side mellom kvar gong eg duppa av, og vakna etter nokre minutt fast bestemt på å lesa og ikkje sova… Då me fekk frokosten vår, ein søt blåbærmuffins med appelsinjuice og bringebæryoghurt, trøysta eg meg med tanken at me var i ein posisjon som gjorde at me kunne nødlanda i Storbrittania om det skulle bli nødvendig… Då redningsvesten, eller «The lifejacket», som det så bortimot elegant heiter på engelsk, vart demonstrert, kunne eg ikkje la vera å tenkja på kor kaldt det hadde vore med isvatn i skorne…

Og som vanleg. Like etter at det har landa eit fly med meg sjølv oppi, så er eg eit usedvanleg lukkeleg menneske.

Heidi

Eye of the storm…

heiter ein slags serie nyheitsbulletiner dei sender på TV her i dag. Det er tydeleg at det me opplever nå kjem i kategorien amerikansk ekstremver. Det fascinerande er at det er nokså normalt vinterver, som ingen heime ville ha heva eit augebryn over. Vinden er så godt som fråverande, toppen bris styrke faktisk, og snøslapset som kjem ned er langt frå å fortena rennedrevstatus.

Dagens tabbe var at eg gjekk ut i dei grøne skorne mine i dag, for å spara støvlettane slik at dei var tørre til turen heim. Dei grøne er opne sko med ankelreim over. Det som la seg på bakken likna på den amerikanskinspirerte drikken, slush, og snart var det slik at eg måtte vassa gjennom isvatn og slush, som til sine tider rakk meg til over anklane. Me hadde retning Guggenheim-museet, og då me endeleg kom fram, var det stengt på torsdagar. Heldigvis var det andre store kunstmuseet i utkanten av Centralpark ope. Etterkvart vart det surklande vatnet i skorne mine temperert. Det oppstod ein slags våtdrakteffekt. Museet var heilt fantastisk, spesielt avdelinga for moderne amerikansk kunst. Som alltid på kunstmuseum, fekk eg veldig lyst til å studera meir kunsthistorie. Eg er takknemleg til min gamle kunsthistorielærar Pim, på Notodden, som med relativt knirkande monoton stemme fekk meg til å oppdaga kor spennande kunsthistorie er. Eg skulle gjerne hatt mykje meir tid der, men for Sunniva som eg gjekk saman med, trur eg det var akkurat passe…

Utanfor museet i det tette snøslapset som blir kalla mixed snow her, kjøpte me varme pølser og varm pretzel av ein selgar som stod der med vogna si. Nå var det endå meir snøslaps på gata, og verkeleg iskaldt å vassa i. Det ende med at eg måtte inn på ein butikk og kjøpa meg gummistøvlar. Dei var sånn omtrent utselde, men eg fekk sikra meg eit par halvlange kvite støvlar med peacemerke i ulike fargar. Dei er bittelitt tronge, så interesserte mottakarar kan melda seg. Men dei berga meg forhåpentlegvis frå lungebetennelse eller liknande…

Nå blir me snart henta av drosjen som skal ta oss til flyplassen. I «Eye of the storm», har dei meld om ei rekke kansellerte flyavgangar på grunn av snøstormen, men det ser ut som om vårt fly skal letta. Får seia som Lillebjørn Nielsen: «Hei New York!» Nå gleder eg meg til ein times biltur ut til flyplassen. Og så få det visa seg kva som skjer…

Heidi