Gå til innhald

Du går i fare hvor du går…

… eventuelt. «Ingen er så trygg i fare…» Begge sitata frå kjende bedehussongar kunne passa som overskrift på dette innlegget. Men kanskje mest av alt: «Det handler om å leve». Dersom ein først skal ty til songskattane, liksom….

Kjærasten min og eg starta dagen med å gå ut for å handla inn til frokost. Me fann ein «gourmet shop» like i nærleiken der varene var utsøkte og utvalde for den gjengen med det eg antek er ganske velståande menneske som har råd til å bu her, bare ti minutt frå Manhattan med T-banen. Det meste var økologisk mat, og det meste var utan transfett… Me bar heim to store posar, og begynte å laga frokost, mellom anna steikte me bacon, med eller utan transfett.

Då gjekk brannalarmen. Dei opplyste på høgtalaren at «A fire has been detected on your floor. Please leave the building immidiately, use the stairs, don`t use the elevator.» Det var faktisk ganske skremmande, me var i trettande etasje. Me kom oss ut alle saman, og småsprang ned gjennom etasjane. Eg hugsa at eg hadde skrudd av kokeplata då eg gjekk ut, men i det eg passerte 5. etasje, begynte eg å lura på om eg hadde hugsa å flytta panna av plata. Kanskje eg var i ferd med å laga brann der oppe i fall dette var ein falsk alarm… Heldigvis hadde Oddvar tenkt på å flytta panna før han gjekk ut. Vel nede fekk me vita at det var ein test av alarmsystemet.

I går då me var ute såg me ca ti politibilar parkerte tett i tett på begge sider av gata oppe på Broadway. I dag stod det politikonstablar og sjekka folk på T-banen. Sunniva ville helst sluppe å ta T-banen fordi ho hadde sett på TV i går at ein person hadde innrømma å ha planlagd terror på T-banen.

I ettermiddag reiste eg og gutane gjennom heile byen for å handla på det store kjøpesenteret Macy, der me hadde sett fine ting i går. Då eg ankom butikken i 7.etasje der eg hadde tenkt å handla, var det stengt med eit tau og fleire sikkerheitsvakter var der. Dei sa at det var stengt inntil vidare, og ei ekspiditrise sukka noko om at folk ville inn «even though it is still a lot of smoke there.» Ein annan av personalet der snakka lågmælt om «an emergency in seventh floor.» Instinktene mine fekk meg rimeleg fort nedover i etasjane i dei gamle staselege rulletrappene… Gutane hadde opplevd det same, og blitt fortalt at det hadde vore brann  for nokre timar sidan. Ingrid og Oddvar hadde vore der tidlegare på dagen, og sett fire brannbilar utanfor Macys…

Ei dame på Ellis Island hadde fortald frå scenen i eit teaterrom at det var venta storm over Atlantarhavet i morgon, og at ei rekke flyselskap hadde innstilt avgangane sine. Gjett når me skal reisa heim… Men det får me ta som det kjem… Me har ikkje funne noko i avisene eller på nettet om venta stormar.

På veg til Ellis Island, mottaksøya som alle emigrantane før måtte innom før dei vart slupne inn i Amerika, vart me veldig grundig sikkerheitssjekka. Både eg og Sunniva vart omtrent kroppsvisiterte. Det kjennest litt overdrive i anledning ein ti minutts båttur, men det er jo bra at ting skal vera trygt.

Eg skulle ha skrive mykje om Ellis Island og om musikalen me såg i går, men det får venta, eg er så søvnig, og beina mine vil gjerne legga seg i ei seng dei og, Kanskje eg skriv meir om desse tinga seinare. Nå seier hjernen min god natt. Om me ser bort frå «Store tals lov», så burde me ha brukt opp dramatikken for denne turen. Mest av alt har me det utruleg kjekt, og i morgon skal me bruka siste dagen veldig klokt. Om ikkje stormen skulle visa seg å koma slik at me blir landfaste her… Nå skal eg lesa i ei av dei tre bøkene eg kjøpte i ein ekstremt stor bokhandel eg var i med sønene mine. Både eg, Odd Christian og Halvard bar med oss tunge bokposar ut der i frå.

Heidi

Scener frå dagen som var:

«How do yo find things?» Den unge jenta i butikken «Strawberry», virkar oppriktig interessert. Eit sekund blir eg litt usikker på kva ho meiner, «Where did I find these things?» «No, I mean, how are things? Are things ok». Eg smiler og takkar ja, ting er finfine. Dei er heilt sikkert drilla i å møta folk på ein vennleg og interessert måte, som nordmann blir ein litt stiv. Kva blir det forventa at ein skal svara? Takka ja takk, bare bra? spørja dei korleis dei har det sjølv i dag? Stort sett er folk i denne byen veldig vennlege. Det kjennest fint.

I butikken ser eg ei dame som står konsentrert og leitar i ei korg med skjerf. Ho er smal og slank og fint kledd, og etter kroppen å dømma, kunne ho ha vore 25 år. Når ho kikkar opp ser eg at ho må vera i alle fall 60. I ansiktet har ho ei maske av sminke, som om ho var sminka for svært sterkt scenelys. På augneloka har ho ei blanding av ei sterk lillafarge og sølvgele. Eg kvekk til i det ho ser på meg. Eg tenkjer at det må krevja mot å bu på Manhattan og vera evig ung og evig pen. Eg kjenner eit drag av sympati, og kjenner at her står det ei dame som lever så sterkt ho bare kan. Det bur nokon i blikket hennar. Eg står der i ein amerikansk klesbutikk og kjenner at akkurat henne skulle eg gjerne blitt kjend med.

Sunniva og Ingrid er nedlessa med mange posar kvar med ting dei har handla. Dei er fornøgde. Me har avtalt å møta gutane for å eta lunsj i lag på Hard- Rock- kafe oppe på Broadway. Oddvar ringer. Han lurer på om me vil møta dei på Macys ein time tidlegare enn avtalt. Det vil me. Me bestemmer oss for å ta ein gul taxi, for avstandane er store. Det regnar kraftig i tillegg. Ingen av oss er særleg drivne i kunsten å stoppa ei taxi, men til slutt går det. Ein time seinare blir me fotograferte på kafeen. Det er fint å vera ute og eta med alle ungdomane mine. I dag er det eg og ungdomane som går saman. Maten smakar godt, og i vestibylen kan me beundra jakkane til Beatles. På t-bane stasjonen sit det ein  barføtt mann og ropar og skjenner. Han forbannar USA og alt dens vesen og spår verdas ende.Eg sender barna av gårde med mitt fleireisekort. I det det er min tur, går det ikkje. Kortet er oppbrukt. Eg kjem ikkje gjennom, og her er ingen billettautomat. Odd Christian kjem tilbake som ein trufast riddar. Han vil ikkje la meg vera aleine att i byen. Me må leita før me finn ein subwaynedgang med salg av billettar, men klarer det til slutt. Då reiser eg og han heim saman. Dei andre slår oss på målstreken.

Heidi

Skjeggete damer og menner med tre bein.

Eg oppdagar at skyskraparar faktisk kan vera veldig vakre, og at Manhattan er ein utruleg fascinerande plass. Her skjer det meste samtidig og over alt, og New York er som ei stor samling ulike storbyar som ligg tett saman. Dei ulike bydelane er litt som ulike verdenar. Eg blir ikkje trøytt av å sjå på folk. I dag tok me oss tid til å sjå litt på området der twin towers låg før 11.september 2001. Det heile kjem nærare og blir verkelegare når ein vandrar rundt og skjøner at det ufattelege faktisk skjedde akkurat her. Husa var så høge at guiden på bussen i går fortalde at når du såg ned på gata frå øverste etasje, så kunne du ikkje skilja bilane frå resten av gatebiletet fordi dei var så langt borte at det var umogleg å fokusera skarpt.

I dag har eg vandra gatelangs mesteparten av dagen. Me splitta oss i litt mindre grupper etter å ha starta dagen med felles sightseeing Down town. Det blir litt mykje å gå sju personar saman heile tida. Odd Christian foreslo at me skulle eta lunsj ein stad på Broadway som han hadde lese om. Staden var ein kombinasjon av ein fancy spelehall med all slags dataspel og gammeldagse tivolispel, og restaurant. Lydnivået der var veldig høgt, så me to eldste var fornøgde med å finna ein liten restaurant som låg litt utanom sjølve speleområdet, og dermed var ein liten tanke lydskjerma. Maten der var overraskande nok heilt fantastisk. Eg åt ein heilt nydeleg salat med grilla kyllingfiletar, eikebladsalat, glaserte pecannøter, blåmuggost og ein slags sylta røde bær.

Etterpå hadde sønene mine eit sterkt ønske om å gå i noko som vart kalla eit odditorium. Med andre ord ei samling merkelege og bisarre saker og ting. Det var ein variant av dei gammeldagse freakshowa som før samla masse folk, og som nå får nye uttrykksformer på TV -Norge. Her såg me utstoppa kalvar med to hovud, og høner med fire bein. Du fekk lesa historiene til den høgaste dama i verda, og menn med hår over heile ansiktet, og kleda deira vart viste fram slik at ein kunne sukka bifallande til damsko i storleik 58 med tilhøyrande ytterjakke. Me fekk beundra ein ekte elektrisk stol, og lesa historier om menn som hadde så kraftige nakkemusklar at dei ikkje døydde då dei vart hengde… Eg innrømmer at fascinasjonen over godt fortalde historier alltid er til stades hos meg, og eg hadde ingen problem med å mora meg der i lag med gutane. Etterpå gjekk me på Starbucks og drakk kaffi med vanilje, kanel og muskatnøtt. Så vart det nye byvandringar. Nå har me funne utav t-banesystemet, eller toga, som dei kallar det her, og har lært oss korleis me kjøper billetter og les kart over byen og over toglinjene. Det gjer absolutt ei kjensle av meistring. På T-banestasjonen utanfor hotellet vårt stod det ein mann og spelte trombone med lysa frå Manhattan skyline i ryggen. Det var fint.

Vel heime i tolvte etasje så er beina så trøytte som eg mest aldri kan hugsa at dei har vore. Det er så vidt eg orkar å reisa meg for å gå over golvet og henta meg kaffi borte på traktaren. Kjærasten min snorksøv på sofaen og jentene mine ligg i kvar si seng og les. Gutane er ute for å handla frukt og leia film. På eit talkshow på fjernsynet debatterar dei det som på fint blir kalla «Pakistan- operations.» Eg orkar ikkje vera politisk bevisst i kveld, så eg høyrer ikkje etter. Det gjer ingen av dei andre heller, men TV-en står der og minner oss om at nå  er me verkeleg ute i den store verda.

Heidi

Sundag i byen som aldri søv.

Dagen har vore innhaldsrik. Etter to turar på taket av ein open turistbuss er eg kald til langt inn i ryggrada, eg trur eg må prøva å tina meg opp i badekaret. Sjølv om sola har skine med vårleg glød, så er New York ganske så kald ein by mot slutten av januar. Sjølv om faren for å detta på hålka og brekka noko er langt større heime, så ligg det snø både her og der. Som ei fonn på fortauet mot eit hus, eller som eit kvitt jorde i central-park. Drosjesåføren i går fortalde at dei hadde hatt snøstorm tidlegare i veka.

Me tok subwayen frå like utanfor hotellet vårt til World Trade Center, som ligg på andre enden av Hudson-elva. T-banen går så vidt eg kan forstå i tunnel under vatnet. Me opplevde fort at me var ute i den store verda. Ein veldig Matrix-aktig mann med lang svart skinnfrakk og delvis barbert tok t-banen saman med oss. Sunniva, som har lett for å koma i kontakt med folk, vart kjend med ei veldig søt, godt vaksen dame på T-banen. Ho lyste veldigningar over Sunniva og meinte at dersom ein kom frå Norge, så var ein etterkomerar av Gad eller Naftali stamme. Merkeleg teori. Kan ho ha vore mormonar, mon tru? Utanfor World Trade Center-stasjon møtte me ein mann og ei dame med store plakatar på magen som kunne fortella at verdens ende ville finna stad i oktober 2011…

Dei to bussturane i byen, den eine ein såkalla night-trip mellom lysreklamar og opplyste monument viste oss veldig tydeleg at byen er heilt enormt stor,- og veldig spennande. For folk med eit strok av høgdeskrekk var det meir enn spennande nok å kjøra over bruspenna mellom Manhattan og Brooklyn i andre etasje på ein open turistbuss himmelhøgt over vatnet og byen, med subwayen dunkande tungt under vegen. Brooklyn veit eg er eit område der mange norske emigrantar slo seg ned i si tid, og ein kunne nok finna spor etter dei endå om ein anstrengde seg litt. På den første bussturen gjekk me av i Harlem og vandra rundt i området ei stund. Mellom anna var me inne og kikka på Chucky Cheese, ein barnerestaurant, der barn som kom i følge, med vaksne, høgtideleg vart sjekka inn, og fekk stempel på handa si.

Matpausen vår hadde me på Mariellas pizza, ein liten og autentisk pizzarestaurant, som i fylgje eit skilt dei hadde på veggen, vart kåra av Ophra Winfrey som bakarane av den beste pizzaen i New York. Me ha trava og gått veldig mykje, og Sunniva vart så sårbeint at me måtte inn i ein butikk og kjøpa nye vinterskp til henne. Sunniva, Odd Christian og eg fann ein gigantisk leiketøysbutikk der dørvakta hadde rød frakk i beste Hotell Cæsar- stil, og ei dame utkledd som barnepleier demonstrerte babydokker. Me vart som barn alle tre, og vandra ut att med kvar vår leikepose. Eg har fått meg ei ny handdokke…

På veg heim overhøyrde Ingrid ein mann som med eit nokså saftig språk underviste sønnen på ca seks år om at You got to fight the city, or the city will fight against you. Nye opplevingar ventar i morgon, nå skal eg som sagt prøva å få varmen i meg.

Heidi

Frå vindauget mitt i tolvte etasje

ser eg frihetsgudinna løfta fakkelen sin.  Leiligheita me bur i er kjempefin, og som klippa ut av ein eller annan fancy amerikansk TV serie. Lettare døgnville kom me hit ein halvtime etter midnatt amerikansk tid og tidleg morgon norsk tid. Me var svoltne og laga oss spaghetti med kjøttsaus. Dei me leier av hadde fyllt kjøleskapet. Her i tolvte etasje har me skikkeleg luftig utsikt, men over oss er det 38 etasjar til, kanskje me må ta heisen opp for å kikka.

Det skjer alltid smådramatiske ting før me kjem oss i veg nokon plass. Slik var det nå og. Ein av tinga var at Odd Christian øydela brillene sine kvelden før me skulle reisa. På opningsminuttet neste føremiddag stod me på trappa utanfor butikken til vår utruleg hjelpsomme optikar i håp om at det lot seg fiksa. Det gjorde det ikkje, men han la frå seg alt han hadde i hendene slik at han kunne få slipt brilleglasa for å få dei til å passa inn i ei litt mindre innfatning, slik at me akkurat rakk å henta dei på veg til flyplassen. Den mannen burde få namnet sitt i glas og ramme på veggen i stova vår, for han har hjulpe oss meir enn ein gong på måtar ingen kunne ha forventa.

Etter flyplasstimar, denne merkelege tilstanden der ein er omgitt av tusenvis av reisande ein aldri meir skal møta på veg frå noko og til noko, i Amsterdam, var me glade for å kunna setja oss på flyet med retning New York.  Flyet var eit kvarter forsinka fordi dei hadde måtta bytta ut flyet som eigentleg skulle ha gått på grunn av ein teknisk feil. Etter  å ha kjørt til take of, vart flyet bare ståande. Så fekk me vita at det var ein feil med den eine motoren som dei måtte finna ut av. Ein halv time seinare fekk me vita at feilen ikkje kunne utbetrast her og nå, men at det var «perfectly safe» å kjøra med flyet slik.  Klar til ny take of. Så kom det melding om at dei hadde kome fram til at det  ikkje var «safe» likevel. Ny runde med mekanikar. Halvannan time seinare fekk me vita at nå var feilen retta opp og at motoren nå «runs beautifully perfect», men at dei på grunn av forsinkelsar og bestemmelsar om trygg flyging måtte venta på ein ekstra pilot. Eg la valde å stola blindt på at tryggleiksforsriftene ikkje gav rom for å ta unødige sjansar, og valde å stola blindt på flyvaren og co. Eg hadde begynt å lura på om me i det heile tatt kom til å koma oss i veg med to av flya på bakken på grunn av motorfeil. Men tre timar etter skjema tok me av.

Taxisjåføren meinte at me var heldige som kom om natta, for då var det så lite trafikk. Dette medan han kjørte slalåm mellom tutande bilar i eit tett bilkaos klokka halv eitt om natta.

Og nå er me her. Klokka er ti om morgonen lokal tid, og ettermiddag heime. Dei mest morgonfriske har vore ute og handla, me har drukke kaffi og søt appelsinjuice, og varma breakfastmuffins i ein brødristar som justerer seg etter tjukkleiken på det ein stappar oppi. Nå blir det googla på tre datamaskinar kva byen har å by på ein sundag i februar. Det er ikkje lite. Odd Christian har funne fram til Frank Sinatra og ein karaokeversjon av «New York, New York». Folk hiv seg på allsong, og Oddvar har funne ut korleis me får tak i ulike variantar av sightseeingturar. Ingrid er utålmodig og vil ut og leva. Nå kjem me.

Heidi

New York, New York.

Start spreading the news,

I´m leaving today

I´m gonna be a part of it

in old New York.

Om åtte og ein halv time er me klare til å bli henta med retning flyplassen. Me skal fly over Atlantaren, og landar i New York i morgon kveld, amerikansk tid. Det blir eit langt døgn som ligg framfor oss, så visst burde eg sova. Alt tydar på at me skal koma oss vel i veg etter diverse viderverdigheiter i førekant. Som vanleg er eg lite førebudd på turen, det har liksom ikkje blitt tid til den slags, men eg veit at når eg landar der, er eg heilt klar for eventyr.

Me reiser alle sju, heile familien pluss Oddvar. Det er godt at den svært lokale reiseoperatøren min har oversikt, for det har ikkje eg. I ettermiddag har eg leita og leita etter brillene, fordi eg med litt ekstra stressadrenalin i kroppen ikkje alltid veit kva hendene mine gjer på automatgir. Det viste seg at dei denne gongen hadde lagt brillene i forklelommen. Ekte husmødrer bruker sjølsagt forkle, og brillene må ha hamna i forklelomma då eg vart utsett for damp då eg skulle tømma den ferdigvaska oppvasken ut av oppvaskmaskinen… Bare synd det tok meg sju timar å finna ut kor dei var… Leita ikkje intenst heile tida då, men eg rakk å rydda vaskekjellaren og dra fram kjøleskapet, undersøkja fryseboksen og saumfara kjøkkenskuffer og bokhyller. Lurte ei stund på om dei var på seksti graders vask i vaskemaskinen, men det var dei heldigvis ikkje…

Når klokka godt og vel hadde runda midnatt kom Odd Christian med sine briller, dei hadde falt på golvet og det eine glaset hadde falt ut. Det manglar ei skrue ein plass… Får håpa me får ordna det i morgon. Kva er det med vår familie og briller, nøklar og mobiler. I talen Ingrid haldt for far sin på femtiårsdagen sist lørdag, takka ho han for dei genene som gjorde at ho visste kor ho hadde nøklane sine medan ca 50 % av familien spring rundt og leitar etter sine. Eg syng med Bjørn Eidsvåg: «Det e nok mi skyld det,» og koredamene svarar: «U-u-u- di skyld det…» Viss slike ting er genetisk betinga, og veldig lokal forskning kan tyda på at det er dei…»

Eg er framleis ikkje glad i å fly, men akkurat nå kjenner eg meg relativt klar for det. I bakhovudet syng Lillebjørn Nilsen «Hei New York», og Frankieboy fyller opp: «Those vagabond-shoes, they`re ready to stray…»

I min barndom heite byen Ny-Ork, og var i kategorien «Dit skal vi aldri komma Ka`l». Eg har hatt litt problem med å uttala målet for destinasjonen vår dei siste vekene. Uttalen «Ny-ork» får meg til å føla meg som eg er åtti år, og uttalen «Nju -Jåååk» kjennest affektert på tunga. Ingrid anbefaler varianten «Nu- Jåk» utan j og lang å lyd… Så det går eg ut frå er det normale og forøvrig politisk korrekte, og prøver så godt eg kan…

Om nokon synest eg burde skaffa meg litt søvn framfor å sitja her og tulla og vasa med skriftleg «hendesløysa», så har dei sjølvsagt rett i det. Ikkje er eg heilt ferdig med å pakka heller. Men dette måtte eg liksom bare rekka for å bli mentalt klar til å dra. Eg reknar med å få lagt inn eit reisebrev eller to.

Heidi

För långa rika kärleksår…

Kjærasten min skal fylla femti, og her er mykje å ta fatt i. På laurdag opnar me lånt lokale for ikkje femti, men i alle fall førtifem gjester. Her er eit og anna å henga fingrane i i tillegg til det dei heng i i frå før. Som ein liten topping på det heile har eg brygga på ei forkjøling, som eg trur eg sånn omtrent har klart å ta knekken på med store mengder curamed, repsils og decadin. Eg tok til og med sjansen på på sundagskvelden å hella ned femti dropar solhattolje som var merka med «Best før mai 2001.» Eg hadde ingenting anna i huset, og tenkte at det fekk stå til. Og hadde eg blitt forgifta, så hadde eg vel merka det nå, men flaska har eg kasta.

Nå sit eg her og leitar fram allsongar. Eg må innrømma at eg er svar for gamle Evert Taube, og med min danseglade mann kunne det vel passa med både «Sjøsalavalsen», «Fritjof och Carmencita» og «Rosa på bal». Alderen teke i betraktning får me supplera med «Så lenge skutan kan gå,» og «When I´m sixtyfour». Ein song eg stoppa opp for i kveld var «Lyckan». Då me gifta oss for 25 år sidan, hadde eg skrive song til kjærasten min, men han hadde ingen til meg. Eg bad han vakkert om han ikkje kunne gje meg «Lyckan».

Så tar jag dig til brud i vår

för långa rika kärleksår,

ty lyckan kommer, lyckan går,

den som du elskar lyckan får.

Spesielt fekk eg frysningar på ryggen av verset:

De sova i våra drömmar

de späda som vi skal gje livet,

de sova och drömmer om våren,

då kärlekens ljus blir dem givet…

Når eg las teksten i kveld slo det meg at me er i siste verset av denne utruleg vakre visa:

Du kära en gång skal vi minnast, den sången som nu förklungit

När våra små barn blivit stora, och själva sin kärlek sjungit…

Men om det er siste vers i songen, så håpar eg me bare er halvvegs i långa rika kärleksår… Og det finst så mange andre songar og..

Så lenge skutan kan gå…
Heidi

Om å sjå som i eit speil og i ei gåte.

Eg har alltid likt biletet frå bibelen om å sjå i eit speil og i ei gåte. Nokre gonger er det som om gåta er i ferd med å opna seg, og ein får eit glimt inn i svaret før det forsvinn att. Andre gonger blir spegelen til trollspegelen frå eventyret om snødronninga der splinten frå trollspegelen får alt til å bli stygt og forvrengt. I går såg eg og Ingrid film heile kvelden. Først såg me «De gales hus,» og så såg me «I et speil i en gåte,» med Aksel Hennie som skalla engel med kvit strikkegenser. Eg har lese boka fleire gonger både for elevar og for meg sjølv. Det er ei vakker bok om ei jente som døyr av kreft, og den siste tida ho lever får ho hemmelege besøk av ein engel. Ingrid grein ein skvett på slutten og eg måtte gni meg litt i blanke auge eg og.

Neste helg feirer me dtor femtiårsdag til ære for kjærasten min, og her er mykje å ordna. Det er overskrifta over denne helga å få gjort mest mogleg av det som gjerast kan, for denne veka blir travel. Helgene mine er lange, fordi eg jobbar to kveldar i tillegg til fire fulle skuledagar, kan eg oftast ta helg seint torsdag kveld. Dei tre fridagane går likevel heilt usannsynleg fort, og plutseleg er helga over. Dei fire arbeidsdagane går heilt i eitt og så er dei over dei og.

Kjærasten min har laga ein fotoserie som har henta glimt frå her og der i heilt ukronologisk rekkefølge frå åra me har hatt saman. Ei lita skattekiste av inntrykk har det blitt, og det er merkeleg vemodig kor fort tida har gått. Dei små mjuke ungane mine er lange vaksne ungdomar. Så gjeld det å fanga øyeblikka, løfta dei opp mot himmelen og takka, for udødelege er me ikkje. Når me ser på fotografia, blir det veldig klart at me heller ikkje kan vegra oss mot at åra set spor og lagar vegar i ansikta våre.

Og nå skal eg skriva ein tale, kanskje, nå eller natt til komande laurdag.

Heidi

Ei blå, blå salme.

Etter ei veldig kort natt etter premieren på Groovy var me på toget austover klokka halv sju på morgonen og fekk med oss det blåoransje morgongryet frå togvinduet. Før me var framme i Oslo hadde eg lese ut tredje bind av Knausgård. Høgtalaren i vogna var ute av stand, så me fekk ein fredeleg togtur heilt utan opprop av togtider og stasjonar.  I Oslo rakk me å kjøpa eit fint kort med liljekonvallar på før me sette oss på bussen til Hønefoss. Kjærasten min somna etter fem minutt, så eg fekk det heile og fulle ansvar med å vaka og få oss av bussen på rett stad, noko som gjekk heilt problemfritt.

Me vart henta av Håvard og rakk å stryka kjolen ein gong til og eta Torbjørn sine heilt nydelege heimebakte rundstykke med ost og smør før turen gjekk vidare til kyrkja. Fine venninna mi ville starta feiringa av 50-årsdagen sin på ein uortodoks måte med takkesamling og lystenning i kyrkja før me reiste vidare til festlokalet. Astrid eg og yngste dotter i huset reiste opp i kyrkja før alle andre og tende levande lys i glaslyktene ute i snøen. Så danderte me store tulipanbukettar på altaret, bar inn tunge sølvlysestakar til altaret og messinglysestakar og telys til sjølve kyrkja før me tende dei levande lysa oppe på veggen og flytta den tunge lysgloben fram i koret.

Fall til ro, og kjenn at jeg er Herre

fall til ro, ja sett deg bare ned,

fall til ro og vit at jeg er din Gud,

jeg vil gi deg all min fred…

spelte Torbjørn på fiolin medan folk kom inn i kyrkja. Det var song og musikk, og eg fekk både lesa dikt og fortella, og var glad for å kunna vera med på å skapa denne stunda. Folk var inviterte til å koma fram og tenna lys for å takka og be. Presten las takkebøner Torun hadde skrive sjølv, og dei yngste jentene tende lys i lysgloben mellom bønneledda. Då Thor Egil song «Blå, blå salme», kjende eg at alt er på plass og godt og rett. For Torun som har vore kreftsjuk og opplevd den store sorga å mista eit barn, var dette noko ho gjerne ville; markera denne merkedagen med å takka for livet, for alt me har vore med på, og for alt som koma skal.

Så kjørde me til festlokalet og gjekk opp ein bakke i den blå frostkvelden, med faklar stukne ned i snøen på begge sider. Inne vart det song og fest og eit stort langbord med god mat stod og venta på oss. Då me skulle heim att utpå natta, var fullmånen ekstra kvit og stor. Etterpå fekk eg vita at det var han faktisk denne natta på grunn av månen sin stilling i forhold til jorda eller sola eller begge deler.

Alle overnattingsgjestene var plasserte rundt i huset, og neste morgon hadde me fin frokost i beste Lillebjørn Nilsen stil, me sat tett i tett rundt spisebordet i stova, og avrunda måltidet med å finna fram kakene frå kvelden før. Så vart me skyssa til bussen og kjørde gjennom vinteren og skiløypene. Me passerte tause graner med hendene fulle av snø og nakne lauvtre med store snøhaugar i greiner med kvister forma som heksefingre. På toget heim rakk eg å lesa ytterlegare to romanar, medan eg smålytta til at den unge guten på setet bak meg vart betre og betre kjend med den unge jenta på sida av seg. Helga vart ei rekke korte netter og innhaldsrike dagar. Og søvnig har eg vore heilt fram til i dag, men det er bare prisen for å oppleva meir enn dagane eigentleg har rom for. Og denne helga skal me sova ut, – trur eg…

Heidi

Sementrøyr og IV-tråd.

Frifredagar smakar alltid usedvanleg godt, spesielt etter å ha jobba omtrent døgnet rundt i vekedagane forut.  I dag lot eg meg få lov til å lesa 25 sider av bok nummer tre av Knausgård. Eg måtte forlenga det til tretti, for det passa liksom ikkje å stoppa etter 25 sider. Resten skal eg sluka på toget i morgon. Eg gler meg til ein lang og deilig togtur. Me skal til Røyse og feira mi kjære venninne Torun som fyller år ein av desse dagane. Eg gler meg veldig. Me får bare håpa at me kjem oss opp til å stiga morgonfriske inn på toget før halv sju i morgontidleg, det må me nemleg om me skal rekka fram i tide, og billettane er kjøpte og betalte.

Me kunne ha reist i dag, men i dag foregår det nokoeg ikkje ville gå glipp av for at i verda. Sunniva og Vilde er med på ei stor forestilling på kulturhuset som har premiere i dag.  Groovy, heiter forestillinga, og er eit forrykande besøk i hippietida med masse dans, sang og musikk. Det veit eg fordi eg sneik meg inn på generaprøva på onsdag og vart heilt trollbunden. Nå stiller me med fotoapparat og stolte foreldrehjarte.

Dei tretti sidene eg las i dag, fekk mange tankar i gang i hovudet litt. Knausgård seier at han har heilt minimalt med minne frå før han fylte seks år. Sjølv meiner eg at eg hugsar veldig mykje frå dei første seks åra mine. Eg begynte å lura på, kor mykje eg eigentleg hugsar. Eg vart trigga til å prøva å plukka fram mine eigne minne. Kanskje eg urde henta dei fram, skriva dei ned, og ta vare på dei. Leita meg fram gjennom sansar og hukommelse og sjå kor mykje som eigentleg ligg der om ein samlar det saman… Er det arbeidet verd for meg sjølv eller andre? Vil eg forstå meg sjølv og tida eg vaks opp i betre? Vil eg kunna bruka det til noko?

Litt før eg fylde seks år, flytta me frå besteforeldra mine til eit byggefelt i ei bygd halvanna mil frå der me hadde bygd. Plutseleg vart Knausgård sine minne svært samanfallande med mine. Han flytta og til eit byggefelt, han er rett nok 7-8 år yngre enn meg, men eg kjende mykje att. Miljøet som utviklar seg mellom vaksne og mellom barn i eit byggefelt med store flokkar av ungar på heilt same alder. Plutseleg hugsa eg veldig tydeleg lastebilane og gravemaskinane, sprenginga med dynamitt, og dei store kabelsnellene i tre, som me klatra på. Eg hugsar dei tynne ledningsstumpane, dekka av plast som me av ein eller annan grunn kalla IV tråder, eller rettare sagt ive-trådar. Eg for min del, likte å laga figurar eller såpebobleblåseredskap av dei, men eg hugsar at gutane skrelde av plastikken, og eg meiner at nokre av dei store gutane smelta metallet inni og laga små metallklumpar av det. Runde trebitar, som kanskje var avsaget rundt stikkontakten i ein vegg, kunne brukast til hjul på dokkevogner av skoøskjer der dei vart festa i botnen med lange spikar og ive-tråd.

I tillegg til dei store tresnellene, var det mange store betongrøyrer, som truleg vart grovne ned etterkvart. Nokre av dei låg stabla oppå einannan, medan andre stod. Me var formante om å vera forsiktige med desse røyra fordi dei kunne vera farlege å få over seg, men dei største røyra var ynda leikeplassar, omtrent som små hytter. Eg hugsar den skrekkblanda kjensla av at eg og Solfrid Lima sat på røyrane og snakka om døden, og at ho hadde høyrt om ei jente på vår alder som døydde og vart gravlagd i finkjolen sin. Så hugsar eg alle dei store sementreiene me fekk beskjed om å halda oss vekke frå, og at eg hadde høyrt om ei dame som hadde fått håret inni og blitt skalla på halve hovudet. Eg hugsar alle mødrene med krøllnåler i håret og chiffonskjerf i pastellfargar utanpå. Eg hugsar fedrene som hjalp einannan å grava opp hagar, og som stod og røykte i pausane medan dei lente seg mot spadene. Så hugsar eg alt snøen om  vinteren, og at folk mest måtte grava seg inn til husa sine.

For å slutta trådane, dette handlar sånn omtrent om den tida Groovy handlar om, der Sunniva skal springa barbeint rundt på scenen iført oransje sekstitallskjole. Men min  barndom byggefelt hadde svært lite som var hippieaktig med seg, det må eg erkjenna. Eg hugsar nabojenta si tante Gerd som hadde solbriller og langt hår. Ho var den første eg såg i bikini på ei solseng utanfor nabohuset. Det sjokkerte meg litt at ho viste fram navlen. Eg meinar å hugsa at ho brukte neglelakk.

Heidi