Eg lurer på om det var vettugt av meg å hoppa inn på facebook. Eg blir magnetisk dregen til å sjekka om det er noko nytt, og når eg først er på maskinen så må eg bare… Men det blir vel ein vane som det meste?
Eg har lyst til alt anna enn det eg må. Det eg må heiter husarbeid og tydding og skriving av manus. Og aldri blir ein så kreativ på andre frontar som når ein må noko.
Sidan det tross alt er ferie, blir dagens innslag ein litt meiningslaus quiz om korleis livet ser ut ein uvanleg torsdag på slutten av ferien for ei nettopp heimkomen husmor for tida aleinemor med eit barn…
1. Kven var den første eg snakka med i dag?
A: Ein nabo som lurte på om eg kunne passa på dei sju hundane hans i helga.
B:Ei barndomsvenninne eg ikkje har snakka med på 30 år som ringte for å høyra korleis eg har det.
C: Ein forlagsagent som lurte på om eg hadde lyst til å skriva biografien til Åse Marie Nesse.
2. Korfor hadde ikkje mor mi tid til å snakka med meg då eg ringde?
A: Ho skulle til audiens hos kongen.
B: Ho var på eit kjøpesenter med ei venninne.
C: Ho var på veg inn til legen for å sjekka om ho har svineinfluensa.
3: Korfor har eg plaster under den venstre foten?
A: Det gjekk hull på ei vannblemme på størrelse med ein tomat, ho vart full av sand då eg bada, og det vart lite sår.
B: Eg stakk meg på ein fjesing i sjøen i Spania.
C: Eg brant meg skikkeleg då eg prøvde å gå på glødande kull på avslutningsfesten på Solgården.
4. Kven var den siste uniformerte mannen som gav meg ein spontan klem?
A: Bror min, på veg til utrykning.
B: Flystuerten på flyet heim.
C: Sjømannspresten i Alicante.
5. Korfor drakk eg ikkje kaffi då eg kom heim, slik eg hadde tenkt?
A:Eg fann ikkje kaffiposane fordi nokon hadde lagt dei i fryseboksen.
B: I traktaren var det ein mygla traktepose, og glasskanna hadde grøne prikkar i botnen.
C: Naboen venta med nytrekt te.
Eg hadde fleire punkt, men er lei av å legga dei ut gong på gong fordi internett-tilkoblinga sviktar heile tida. Fem punkt er sikkert meir enn nok… Nokon som klarer fem rette?
Heidi
Og eg har vel etterkvart sånn ca klart å landa reint mentalt og. Flyturane gjekk veldig bra. Då me stod i kø for å sjekka inn i Alicante, tenkte eg tanken at : Det skal bli godt å få setja seg ned og slappa av på flyet. Det er ikkje verst tenkt av ein x-fly-vegrar.
Eg kjøpte med meg ei bok av Isabel Allende før me gjekk på flyet, og ho er så fin at eg heile tida lengtar etter å setja meg ned og lesa.
Sunniva reiste direkte frå flyplassen til Tenmisjonfestival på Åpta. Etter tre veker i Hellas og to hektiske veker i Spania var det nok litt både og å landa i eit norsk telt i temperaturar atskillig lågare enn dei me har levd i dei siste vekene, men Sunni er ei tøff jente, så det går vel bra.
Halvard og eg fekk haik heim med Inger, som henta Eirik og Karen. Me vart kjørte trygt til døra. Blomane blømde frodig i bedet framfor huset, og kattane venta på trappa.
I dag har eg sove lenge, og teke fatt på å vaska, rydda, ordna eit veldig kaotisk hus. Sant å seia har eg veldig mykje att endå. Ideelt sett burde ein vel sleppa å koma heim til den slags etter fire veker i utlendigheit, men på den andre sida så har eg vore velsigna med ei leiligheit som andre vaska for meg og mat som andre laga for meg i Spania, så nå er det vel kanskje min tur…
Me er utan bil, for vår er lånt vekk, så dagens lange utflukt vart ein tur til butikken for å få litt mat i huset. Eg fann fram regnjakken for første gong på veldig lenge, og då eg kom heim var eg så kald at eg tok på meg sokkar.
Norge er svalt og grønt og frodig. Det er fint her, men det var uvant med temperaturar på under 20 grader. Eg tok på meg ein ermelaus sommarkjole som eg har gjort den siste månaden, og vart gåande og halvfrysa. Halvard ynskte seg komler, så det har me hatt til middag, komler med pølser, smør, kålrabi og steikt bacon. Det smakte nydeleg. Eg hadde gløymt kor mett ein blir av slik mat.
Av alle ting ein kan finna på å bruka tid på ein travel dag, har eg i dag opna ein face-book- konto. Eg har halde stand i deg lengste, og trudde ikkje eg skulle inn dit, men plutseleg er eg der altså likevel…
Det har vore godt å ta det med ro og ikkje gjera så mykje. Eg kjenner det har vore godt å ta det med ro etter det intenst sosiale livet på Solgården. Eg lengtar litt tilbake, til varmen og menneska og barna eg hadde ansvar for. Kanskje kjem eg dit igjen.
Nå rekk eg kanskje å få støvsugt stova for store mengder kattehår og undulatfjør…
Heidi
på bussen som skal ta oss til flyplassen. I kveld er me heime om alt går så normalt som det er all grunn til å anta at det skal gjera.
Akkurat nå kjennest det som å skulla hoppa inn eit høgt vindu til ei anna verd.
Siste kvelden vart fin med lysbilete og film frå opphaldet, med paella, underhaldning, song dans og frukt dandert som ein stor fugl av uthola melon med påfuglhale av fargerike fruktspyd. Så sit ein der etterpå og kjenner seg så underleg nære desse menneska ein har levd tett opp i i to veker, og kanskje aldri skal vera i lag med meir.
Pakkinga tek alltid lenger tid enn ein trur, og det er heilt utruleg kva det går an å få pressa oppi ein koffert. Neste gong eg skriv er eg sikkert heime. Adios España
Heidi
og det er eit døgn att av månaden i Spania, påverkar det både meg og dei andre rundt meg, som og er i ferd med å avslutta ferien sin.
Dette hadde eg tenkt å dela tankar omkring, men slike sistedagar har ein merkeleg tendens til å gå så forferdeleg fort…
Slik er det med denne sistedagen og. Dersom eg har tenkt å nå bussen, og planane for sisteturen ned i sentrum, må eg springa nå…
Eg kjem tilbake om tida er meg venleg…
Heidi
vinden alltid være bak din rygg,
solens lys leke på ditt kinn,
regnet falle vennlig mot din jord.
Og må Guds gode hånd,
verne om deg
til vi møtes igjen.
Keltisk velsigning.
Dagane her har ein rytme. Dagen startar med morgonbøn for dei mest morgonfriske, og sluttar med kveldsavslutning. Eg sorterer normalt ikkje i kategorien morgonfrisk, men har vore der likevel, fordi det kjennest så godt å bgynna ein ny dag på denne måten. Etter bøn og skriftlesing les me ei velsigning i lag, til dømes den eg starta innlegget med. Dagen med alt han ber med seg, blir ramma inn på ein nydeleg måte.
Der mange menneske bur tett saman hender det mykje. Det ligg mange samtalar i lufta og mellom linjene. Som store bilete laga av mange små puslespelbitar legg dagane seg i lange rekkjer av tid.
Her legg eg ut nokre slike småbiter av levande liv, for å dela og for å spara. Begge deler kjennest meiningsfylte.
*
Me er nettopp komne heim frå opptoget til ære for santa Martha. Det er heilt mørkt. Maren kviskrar til meg at mor hennar vil seia noko til meg. Eg stikk innom døra til Torhild, og eg får vita at Maren vil invitera meg med på det årlage nattbadet i bassenget. Dette er ei mor- dotter- greie, så eg skjøner straks at det er ei stor ære å bli invitert med. Det er klart at slikt kan ein ikkje takka nei til.
Me badar i mørke. Maren er som ein sel i vatnet, og morar seg med å symja under vatnet og dukka opp rett framfor oss. Etter badet dusjar me og vaskar håret i utedusjane ved bassenget. Først shampo og så balsam. Eg er ei lita stund tilbake i Afrika der me dusja under open himmel i mørket i eit bølgeblekkskur utan tak. Dusjen var ei bøtte lunka vatn som me tømde over oss og lufta var framleis varm, men kjølegare enn om dagen, og plutseleg stod ein der og var på grensa til å frysa med såpe i auga og song av sirissar i øyrene.
*
Me har kveldstreff ved bassenget med kaffi og underhaldning. Barna blir inviterte til å koma fram og synga i mikrofonen. Ein gut som snart skal fylla fire år spring straks fram. Han er tydeleg prega av å eiga scenen og resten av verda. Han begynner å synga, men blir så overvelda av sin eigen situasjon at han begynner å le høgt i staden. Han ler og ler, akkurat som barna i Cornelis Wresvijk sin song om “Ungar på Karl Johan.” Snart er heile forsamlinga smitta, og latteren spreier seg over området.
*
Det er kveld, den siste av fire solklubbfestar går mot enden. Nokre av ungane er så trøytte at dei er nære ved å tippa over. Dei vaksne kjem for å henta. Torhild set seg ved utepianoet og ungane syng. Etterpå landar me dagen utanfor hos Torhild og Per Magne. Eg ser på klokka. “Nå er me i august,” seier eg, og alvoret over utsagnet sig inn i meg. August er ein av mine absolutte favorittmånadar. Likevel kjem han alltid med eit streif av vemod i hendene. Det er på tide å henta fram Einar Skjæråsen sine veldig treffande ord.
August
August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender.
Dette hemmelig milde inn over jorden,
denne lyende stillhet:
Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.
Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsfred over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot Evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.
Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og som kjærlighet.
Einar Skjæraasen
Heidi
let it be, let it be, whispers words of wisdom, let it be…
Sommarferie med andeleg påfyll er mellom anna ei øving i å vera og i å la ting vera.
I går var me nede i byen for å sjå på feiringa av festen til ære for skytshelgenen, santa Martha. Dei hadde vend seg til henne for å få hjelp ein gong byen var trua av invasjon frå piratar ute frå sjøen. Ho hadde send ein storm, og byen vart berga, sidan har dei hatt ein årleg takkefest.
Kyrkja var pynta med kvite liljer. Om kvelden bar dei santa Marha statuen gjennom byen og tilbake til kyrkja opp ein bratt bakke. Der sat ho på berestolen sin med støvekosten med fjør på i handa…
I prosesjonen gjekk folk med levande lys, og mange menneske i ulike kostyme, utkledde som kongar, dronningar, spanske adelsmenn og maurarar. Korpsa spelte mollstemt musikk og det var suggererande ringing med kyrkjeklokkene i byen. Eg visste ikkje at kyrkjeklokker kunne brukast på den måten.Rytmene gjekk om igjen og om igjen og om igjen, omtrent som eg innbillar meg at dei gjer på raveparty, utan at eg veit alt for mykje om akkurat det.
Langs ruta stod det heilt tettpakka av folk som venta på prosesjonen. Folk hadde pynta seg. Damene hadde fine kjolar, og småjentente såg ut som små prinsesser. Mennene her frå 60 års- alder og oppover går kledde i ein utruleg vid type langbukser. Kanskje fordi det er luftig og godt i varmen? Og blant publikum var det høg viftefaktor.
Eg har trudd at vifter var noko adelsdamer brukte på ball i gamle dagar, men her er slike vifter i høgaste grad ein bruksgjenstand. Dei vifter seg intenst og taktfast for å få antydning til vind i ansiktet.
Det er noko merkeleg, framand og samtidig fascinerande med alle desse opptoga. Det er spennande å sjå det utanfrå og prøva å trenga litt inn i mysteria.
Heidi
I dag har eg sett og vore med på mykje. I flokk og fylgje reiste me frå Solgården i buss, elegant guida av Arne Dag.
Då me kom til byen Elche var det 40 varme varmegrader ute.
Elche er byen med palmehagar i sentrum med
220 000 palmer i. Me gjekk ca to hundre snirklete trappetrinn opp ei vindeltrapp til øverst i det gamle kyrkjetårnet, og fekk fin utsikt over byen.
Me gjekk på kinarestaurant i matpausen, og bestilde buffet for seks. Dei bar inn til oss rett etter rett, me fekk minst to rettar til etter at me var stappmette. Den siste retten kom på ei varm panne, og bestod mellom anna små tynne blekksprutarmar med små sugekoppar på. Men godt smakte det meste, og vårrullane var dei beste eg har smakt.
Det var spennande å betrakta landskap og bygningar frå ein godt airkondisjonert buss medan me kjørte opp i fjella, og stoppa ved Cuevas de`l Canelobre, – Kandelaber-grottene.
Dette var ei stor dryppsteinsgrotte inne i eit fjell der stalagtittar og stalagmittar, figurar av dryppstein stod på golvet eller hang i taket. Figurane minna om Gaudi-inspirerte byggverk, om sovande elefantar, englar, madonnaar og store kandelabrar. Hallen var laga til med to plattformar, der dei av og til plasserte musikarar og haldt konsertar.
I motsetnad til i kyrkja i Elche, gjekk alle trappetrinna her først ned til botnen av grotta, og så opp att. Dette har vore dagen for trapper opp og ned.
Inne i grotta var det fantastisk akkustikk, og av alle ting spela dei Rolf Løvland på musikkanlegget då me kom inn. Marit hadde med seg fiolinen sin, og guiden lot henne få lov til å spela for oss inne i grotta. Det vart “Med Jesus vil eg fara,” akkompagnert av Rolf Løvland som framleis var på lydanlegget.
Etterpå tok nokre i fylgjet sjansen på å prøva ut songlyden og: “Laudate omnes gentes, laudate dominum.” Det klang så fint.
Teaterinstruktøren i meg vart vekt til live inne i katedralen i Elche, der dei haldt på å rigga om kyrkjeromet til det store mysteriespelet dei skal ha i august. Dette er den einaste katolske kyrkja der dei for lenge sidan fekk lov av paven til å oppføra eit mysteriespel.
Den 15. august visar dei det årvisse stykket om Marias død og himmelfart. Jomfru Maria blir tradisjonelt spelt av ein ung gut, og stykket blir avslutta med at Maria blir heist opp gjennom ei luke i den blå tak-kuppelen. Det var veldig høgt opp dit… Det høyrest rimeleg sært ut, og giss om eg ville hatt lyst til å sjå på…
Kvelden og ettermiddagen har blitt brukt til lesing av “Brida” av Paulo Coelho, kaffi på terrassen og kveldsavslutning oppe i kyrkja med meir nydeleg musikk. Nå skal eg pakka det hemmelege skrinet mitt, slik at eg er klar til i morgon.
Heidi