Dagen begynte tidleg og brått sidan min kjære skulle vera på flyplassen halv fem. Kvart på fire ringte klokka, litt meir enn to timar etter at eg hadde lagt meg, og me hadde ikkje tid til å koka kaffi.
Då eg kom heim litt over fem fekk eg nokre timar til med svevn. Det gjorde godt. Så pakka eg Det hemmelege skrinet til sundagsskulen: eit glaskors, eit krusifiks frå Taizé, eit kvitt lys, tjue palmeblad i filt, ei bittelite tornekrone, ein engel, ein miniatyrstor blomsterbukett og eit stort oransje sjal. Med til førebuingane høyrer bøn og intens konsentrasjon om oppgåva. Så er det bare å leggja utpå. Det var ganske mange barn der i dag, mange av dei stivpynta til barnedåp. Ei lita prinsesse i rosa struttekjole avbraut meg midt i forteljinga og lurte på om ho fekk lov til å ta av seg dei rosa glitterskorne medan eg fortalde, det fekk ho.
Eg nådde heimom for å laga vafler til mine heimeverande barn og til dei som var innom heimen akkurat då. Så har eg fuska i faget som kulturformidlar. Eg hadde lova ei god venninne å vera med henne og fylgjet hennar til Knudaheio for å fortelja om Arne Garborg og diktninga hans. Sjølvsagt mykje kjekkare enn å vaska og rydda . Huset ber stirt preg av den interne flyttesjauen på toppen av det noko vaklande grunnlaget som var her frå før av…
Nå ventar eg på Torhild me skal ut og besøkja Gunn. Den siste plata til Sigvart Dagsland ligg fint pakka inn med ein gul tulipan til pynt som innflyttingspresang.
Heidi
Det vert påstått at dagbladjournalisten Arne Hestenes vart pålagd av politiet å rydda på kontoret sitt. Papirbunkene var så høge og låg så tett at politiet ansåg at det utgjorde ein brannfare som ikkje var forsvarleg.
Vidare seier anekdoten at Hestenes etter eit par dagars rydding på kontoret kom opprømt inn i kantina og fortalde at han hadde funne ein sykkel under alt papiret…
Syklar kjem eg vel ikkje til å finna, men skrivebordet mitt her heime står og ropar på ei opprydding. I kveld har eg leita etter ei bok, Haugtussa av Arne Garborg. Boka er velbrukt og har vore meg i eige i nærare tretti år. Eg meiner at eg såg ho sist ved juletider. Nå har eg flytta på bunkene på skrivebordet og funne både det eine og det andre, men ingen spor etter Veslemøy. Heldigvis så fann eg noko av det eg trong på internett. Det fine med internett er at andre enn meg held orden på bunkene, og finn eg ikkje det eg leiter etter, så er det ikkje min feil…
Om eg får rydda kontoret i påskeferien? Kven veit, det hadde ikkje vore dumt… Men skrivebordet stiller i knivskarp konkurranse med ein del andre velkvalifiserte kandidatar til ein flik av mi arbeidstid… Me får sjå…
Men sykkelen min, ja den veit eg faktisk nøyaktig kor eg har…
Heidi
Her vrimlar det av folk. Ingrid og Oddvar pussar opp i kjellaren, og Odd Christian flyttar opp på Ingrid sitt rom, så her blir det bore senger, madrasser og tunge sofaar opp og ned tronge trapper.
Me fann ut at tida var mogen for eit nytt vaffeljern, nå har me vore utan i eit halvt år minst. Så vart det store stablar med vafler til alle i huset, til syster og til Borghild og Tonje og tante Gerd, som kom på besøk , til Irene og til Vilde, som bur hos oss når det passar seg slik. bringebærsyltetøy, is og kaffi klarte me og å finna fram. Dei oransje rosene som eigentleg hadde gjort nytta for seg vart klipte av rett under blomen og har fått nytt liv i ei eldfast keramikkform.
Halvard har fått konfirmasjonsdress, me fann ein butikk der dei selde dei billig, og kjøpte den første han prøvde. I dragsuget kjøpte me ein til storebroren og, sjølv om han slett ikkje var sikker på om han eigentleg ville ha han…
Det er godt kva som i teorien kan kryssast av på lista eg aldri har laga, som kunne ha heitt “Det me må få gjort før konfirmasjonen…”
Ute var det deilig sol midt på dagen, og absolutt kjenning av vår. Hevdaluktå har breidd seg over Jæren, noko som og er eit sikkert vårteikn. Skillaen blømer i beda, og i går såg eg den første vipa. Det er ein viss bekymring her over at det minkar på vipene som har pleidd å koma i store flokkar kvar vår, og eg har høyrt det bli lansert fleire teoriar om korfor det ser ut som om det har blitt færre av dei.
Vi-vip seier vipa
ho rir seg så høg ein hest,
fjør hev ho i hatten,
og fløyelskufte
og kvite silkevest…
Skriv Arne Garborg i Haugtussa. Han skriv ganske ofte om fuglar:
Men lerka stig frå gløymde grav
med sigersljod,
og vinden stryker inn frå hav
så mild og god.
Og om me kjenner gråt og gru,
og saknad sår,
så må me lerkesongen tru
som lovar vår.
Det er så fint og vakkert skrive at eg omtrent får tårer i auga, sjølv om eg i utgangspunktet verken kjenner på
gråt eller gru eller saknad sår. Men våren, denne vakre, såre, vibrerande årstida, den gler eg meg over og lengtar til.
I morgon skal eg ha sundagsskule under gudstenesta i kyrkja. Det er eit oppdrag eg har sånn ca tre gonger i halvåret, og som eg tek djupt alvorleg. Eg vil så gjerne bruka denne sjansen til å dela noko med ungane som kan gje dei varme hjarte og mot i brystet når dei blir utfordra av livet både nå og seinare.
Eg trudde først at palmesundag var mitt oppdrag, men eg ser av tekstlista at eg og skal ta opp temaet “Jesu død”. Det synest eg er ganske vanskeleg. Korleis formidlar ein dette ubegripelege mysteriet for barn? Kanskje ved å presentera det som eit ubegripeleg mysterium? I kveld skal eg i alle fall gjera noko så bokstaveleg talt handgripeleg som å klippa palmeblad i grøn filt som dei ungane kan vifta med… – Og kanskje laga ei tornekrone av rosebusken eg aldri har fått beskore?
I dag vart eg overraska og imponert. Halvard kom og lurte på om eg ville høyra ein song han hadde på i-poden. Han påstod at han hadde komponert musikken og skrive teksten, så hadde dei spelt det inn i studioet til faren til ein kamerat. Sjølv spelte han gitar og keyboard medan to av kameratane song. Eg var heilt sikker på at han bare prøvde å lura meg… Til slutt har eg litt motvillig latt meg overbevisa om at sonen min på fjorten opererer i det skjulte som tekstforfattar, komponist og musikar. Det er framleis bare så vidt eg trur på det, kanskje eg er ei mor som det er ekstra lett å imponera…
Det er framleis ubegripeleg deilig å ha påskeferie. Eg veit at eg må leggja inn ganske heftige arbeidsøkter med både skule- og kulturskulearbeid for å klara å koma i mål med det eg har tenkt, men det er stort sett lystbetont arbeid eg skal gå i gang med.
Midt på natta sånn omtrent må eg opp og kjøra kjærasten min til flyplassen. Han er ubegripeleg flink til å snusa opp ulike former for stipend og nå skal han til Cadiz for å studera spansk i samband med vidareutdanninga han held på med. Sjølv er eg godt fornøgd med å halda fortet her heime i eit hus stappfullt av ungdommar. Nattesøvnen kan koma til å bli heller amputert, men eg trøyster meg med at det truleg er lite bilar på vegane mellom fire og fem om natta… Bilkjøring er ikkje yndlingsaktiviteten min verken natt eller dag… Men eg har tenkt å løfta meg etter nakkehåra og bli litt modigare i trafikken… Trur eg…
Heidi
går me inn i midnattstimen. Det er påskeferie, auga mine er nære på å detta igjen av seg sjølv, og eg høyrer Odd Christian og Halvard le på naborommet.
Det er deilig å ha ferie. Nå er alle ungane inkludert Oddvar komne heim, og me var sju til kveldsmat med taco, tortillas og brennande lys. Ingrid har vore heime i ei veke alt og har hatt kulturskulepraksis.
Ho har fått lov til å flytta inn i kjellarleiligheita. Ho vil bu heime neste år og studera inne i byen. Ho og Oddvar maler og står på der nede. I dag har eg vore med dei til Ikea for å kjøpa tallerknar, suppeskåler og koppar. Då eg gjorde det same med Odd Christian for tre år sidan ville han ha alt i svart. Ingrid ville ha alt i kvitt. “Vil du ikkje ha noko med litt meir farge på?” spurte eg. Ho meinte at fargane skulle ho bruka på andre ting. Dei seks tekrusa fekk likevel til slutt lov til å bli lyseblå… I mi handlekorg var alt rosa, lilla, grønt og gult…
Eg gjorde eit forsøk på å kjøpa nytt sofatrekk. Dei to høgt elska sofaane våre har djuporansje avtagbare trekk. Dessverre er det blitt skimlete av mange gonger i vaskemaskinen, og det er flekkar på dei som ikkje går av. Kattane har dessutan kvessa klørne på ein litt lite disiplinert måte…
Oransje trekk fantest ikkje. Eg tok heim eit sett med lyse, nærmast litt pastellfarga stripete trekk, men saman med primærfargane i stova vart det ikkje heilt som eg hadde tenkt. Dessutan viste det seg at dei hadde forandra på armlena sidan me kjøpte våre sofaar, slik at dei vart for vide.
Konklusjonen er dessverre at trekket må leverast tilbake. Litt synd, for eg ville gjerne gje dei oransje eit lenger liv…
Det er genialt med utskiftbare trekk, og synd når det viser seg at dei ikkje er å få tak i lenger. Eg kan ikkje fordra å senda fullt brukbare ting til tippen… Så dei får vel stå i stova vår eit par år til med katteklor og merker etter vaskemaskinen.
Og nå skal eg sova.
Heidi
For å halda fram akkurat der eg slapp sist…
Sjå for deg seksten femtenåringar på geledd på ein scene, drapert med tyll i ulike blåfargar. Dei står der med alvorleg mine og blikket rett fram slik dei har fått beskjed om. Dei siterer Rolf Jacobsen sitt dikt, skiftesvis ein og ein og skiftesvis i talekor…
…
Tante Sofie, Fredrikstasbroen,
din munn, min elskede,
blå, blå, likeledes sett fra månen,
klessnorer, preventiver, kaninbur,
blå blå,
frittsvevende i rommet,
dreiende seg sakte om seg selv,
asurblå
blåere enn himmelen,
i det hele tatt blå.
…
Torsdag hadde me sceneprøver heile dagen. Slike dagar er alltid eit kappløp med tida fordi me alltid kunne trengt meir enn den tildelte tida. Innimellom får ein instruera litt i pausane og ta seg av journalistar frå dei ulike lokalavisene.
Omlag tjuefem elevar henta frå tiandeklassane i kommunen, ei handfull lærarar, eit manus, store stablar noter og ei dreiebok, det var råmaterialet som skulle syast saman, strykast, rettast på og danderast. Det å laga store forestillingar er ein adrenalinspekka aktivitet som eg er djupt fascinert av. Ungdomane dansa, spelte teater, song og spelte på instrumenta sine og gjorde i det heile tatt ein utruleg bra jobb.
Heliumsapparat hadde me kjøpt oss slik at me kunne fylla både blå ballongar og andre ballongar med gass slik at me kunne sleppa dei mot taket i avslutningsnummeret. Heilt fritt fekk dei ikkje fly, dei var festa i lange snorer kring handledda. Nokre ballongar levde likevel sitt eige liv og forsvann mellom lysbommane. Ein av dei festa seg til lerretet under kinoforestillinga torsdag kveld.
Fredag hadde me fire forestillingar. Det var intenst og krevande og nervepirrande, og det gjekk bra. Ungdomane var frykteleg slitne før den siste forestillinga, og det var me vaksne og, men me stod løpet ut…
Og nå er det sundag og livet går vidare.
Eg har mange tekstar eg gjerne vil skriva her. I veka som gjekk var det ikkje så mange smilehol i dagane til denslags. Men det kjem…
Heidi
seier Rolf Jacobsen i eit dikt. Diktet går ut på å fortelja at alt på jorda, det viktige og det uviktige, det store og alt som er smått, alt som er fint og alt som er gale, ser blått ut fra månen. Det ser blått ut frå månen alt saman…
Nå har eg for andre kvelden på rad brukt dei siste timane av dagen til å øva inn tiandeklasseprosjektet “Blå” med ein gjeng femtenåringar. I går var det veldig kaotisk, som slike prosjekt alltid er i ein gitt fase, i dag var det meir orden på ting. Ein av utfordringane er framføringa av Rolf Jacobsen sitt dikt. Ungdomane har kvar sine linjer dei skal seia høgt, og mange linjer dei skal seia samtidig. Eg har tru på at det skal bli bra til slutt.
Sunniva har klipt håret i ein relativt kort bob- frisyre. Det er fint. På torsdag reiser ho og Vilde saman med meg til Drammen. På fredag skal me sjå Ingrid spela fru Klinke i Den spanske flue,- med eller utan krykker.
Martin Lönnebo utfordrar meg til å sjå på livet som eit mysterium. Eit mysterium eg skal våga å finna min plass i. Livet er ikkje ein opphoping av problem eg skal prøva å finna svaret på, men eit mysterium eg skal leva. Det er ein fin tanke å henga timane mine på.
Og eg som tenkte å ta livet meir med ro. Nå er eg i ferd med å svara ja på ei stor utfordring. Det er eit så spennande oppdrag at eg ikkje klarer å takka nei. Meir enn det kan eg ikkje røpa nå. Nå kjenner eg at dagen har blitt godt brukt. Eg skal ta tidleg kveld.
Heidi
Katten mel og kosar seg. Eg prøver å halda han i armane mine medan eg skriv, for det er så kronglete at han tråkkar på bokstavane.
Etter ei travel veke kom det ei intens helg med ein roleg sundag føremiddag. I smuttholet mellom alt som skal skje sit eg her og skriv, og det er så fint at eg ikkje har lyst til å slutta med det.
Snøklokkene ringler i bedet framfor huset, og har fått fylgje med blå og gule krokus. Naboen som lufta hunden sin fortalde meg at ho fraus fordi ho var blitt så lei av å gå med vinterkåpe. Medan eg snakka med henne såg eg bare seljekvister bera gåsungar. Eg klarte ikkje halda fingrane borte, eg måtte stryka dei mot fingertuppane, kinna og leppene når ingen såg på.
Eg trudde at eg var ein sånn typisk lærar-type med auditiv og visuell sans som mine sterkaste greier, men då me ein gong for fleire år sidan tok ein test på eit kurs, fekk eg vita at eg var veldig taktil. Det vil seia at eg har ein medfødd trong til å ta og klemma og plukka på alt eg ser, og at eg lærer mykje gjennom fingrane… Slike testar skal ein sjølvsagt ta med minst ei klype salt, men det er faktisk slik at eg alltid har hatt det med å ta på alt og alle… Og i dag var det altså gåsungar. Saman med det skarpe morgonlyset og dagane som varer lengre og lengre før sola går ned blir fasiten fin: Det er rett og slett blitt vår.
“Blåveisen blømer i gråbleike vårer”, skriv Einar Skjæråsen. Blåveis har me ikkje på mine kantar av landet, men så lenge krokusen sprett fram og snøklokkene kikker småsjenert ned i bakken så er våren her meir enn god nok som han er.
I veka som gjekk fekk eg henta ned ein del greier. Nå er eg ferdig med alle manus som skal skrivast før ferien, trur eg. Eg manglar bare ein avslutningssong til Mathilda, men det skal vera raskt gjort.
Sunniva møter våren med knallraude knelange gummistøvlar og ei kofte etter oldemor. Ingrid sit i Drammen og maler havfruer. På torsdag sende ho meg melding midt i kunst- og handverkstimen om at ho hadde sklidd på isen i bakken og var på veg til legevakten for å sjekka om ho hadde brukke ankelen.
“Det er ikkje lov å senda meldingar i timane,” sa elevane som trong hjelp borte ved symaskinane. Eg forklarte dei at i nødsfall var det lov, dersom ein altså var lærar og ikkje elev… Eg måtte jo vita korleis det gjekk… Heldigvis var det ikkje beinbrot, men ei forstuing. Ho vart send heim att med krykker og sterke smertestillande tablettar.
På torsdag og fredag skal teaterklassen hennar ha stor oppsetjing av “Den spanske flue”, der ho har ein av hovudrollane. Eg spurde litt bekymra korleis det kom til å gå nå, men ho kunne fortelja at Fru Klinke var mellom femti og seksti år, så då ville det ikkje sjå unaturleg ut om ho i verste fall måtte gå med stokk… Så då så…
Jan Ivar og eg tok på fredag farvel med gamle HC Andersen. Me hadde den siste forestillinga for i år. Kanskje det blir den siste nokonsinne? I utgangspunktet var det ei jubileumsforestilling som bare skulle gå ein sesong, men kvart år har me blitt spurt om å ta ein ny runde med sjetteklassingane i kommunen. Nå har me reist rundt i fem sesongar med bilen full av koffertar, prinsessekjolar, hermelinskappar og høgdehoppstativ.
Då me kom til skulen der me skulle vera på fredag, fekk eg eit lite anfall av prestasjonsangst. Ein frilance- filmfotograf hadde rigga seg til med kamerastativ, mikrofon og eit gedigent filmkamera. Nokon hadde tenkt på at stykket vårt burde filmast som dokumentasjon på det me hadde å fara med og det me hadde gjort. Eg visste at vedkomande kanskje ville dukka opp, men sidan eg ikkje hadde høyrt noko meir, vart eg likevel litt overraska…
Dei første fem minutta av teaterstykket var eg veldig merksam på at eg vart filma, men etterkvart gløymde eg det heldigvis av og kunne konsentrera meg om det eg skulle… Eg er vel glad for at me har fått det på film, men er ikkje sikker på om og når eg skal kikka på det. Å sjå seg sjølv på film er hakket verre enn å høyra sin eigen stemme på lydband, og det siste er frykteleg. Meir profesjonell enn det er eg ikkje, det må eg bare innrømma…
Men nå har me lagt ei bleikrosa rose på kista til HC for siste gong, i alle fall for ei stund, og etterpå feira me med å gå på kafé og kjenna den gode kjensla av å vera i mål med eit prosjekt…
Etter eit tidlegare omtalt dansekurs var eg saman med verdens beste venninner og åt mexikansk mat heime hos Anne Mette. Litteraturkveldane våre har ikkje alltid rom for så mykje litteratur, men det gjer ikkje så mykje.
Laurdag føremiddag vart eg henta av Hanne Lise og Dominique for å få skyss til dansekurset. Hanne Lise hadde fylt ein stor termoskopp med rykande varm kaffi slik at eg skulle kosa meg med kaffi på vegen. Ho er sånn omtrent den mest omtenksomme personen eg veit om.
Då me skulle heimom og skifta klær før femtiårsdagen, vart det smaragdgrøn kjole i staden for svart. Eg finn ikkje den svarte underkjolen, og sidan eg har det med å leva med prinsippet ferdiglagde gjerningar framfor langtidsplanlegging, hender det at det trengst litt improvisering i svingane…
Femtiårsdagen vart fin. To stover fulle av folk, nydeleg heimelaga tapasanretning og tid til å bare vera levande, nyssgjerrig og litt søvnig etter nokså store porsjonar liv.
Nå prøver eg å fortelja meg sjølv at nok er nok. Så lange tekstar som dette orkar nok dei færraste å lesa. Laksen står i omnen og oppvasken frå det siste halve døgnet står tålmodig og ventar. I fryseboksen har eg frosne bollar og kanelrullar som eg tenkte å by mine næraste på. I kveld skal me vera med Halvard på konfirmantfest.
Eg høyrer at andre har alle detaljar klar til sine konfirmasjonar først i mai. Sjølv har eg knapt nok hatt tid til å ofra det ein tanke, men visst kjem me til å koma i mål.
Heidi
“Harald gjer ting han ikkje kan,” – det var namnet på ein serie innslag i “Senkveld med Harald og Thomas,” for nokre år sidan…
Med ein viss fascinasjon såg eg Harald Rønneberg gjera dei mest halsbrekkande ting, som heilt tydeleg låg utanfor hans kompetranseområde. Til dømes sette han utfor Holmenkollbakken på hoppski…
Litt av denne kjensla hadde eg framfor helga. Dei fleste som kjenner meg skjønar straks at dette ikkje bokstaveleg talt dreier seg om å stå klar med hoppski i utforrennet i Kollen… For meg var det sterkt nok at eg hadde latt meg overtala til å bli meld på eit kurs i danseformen bachata i lag med kjærasten min. Han er for tida dansegalen, og meinte at dette var dansen for meg…
Torsdag kveld ville han entusiastisk visa meg ein filmsnutt frå internett, for at eg skulle sjå kva det gjekk i. Klippet var kanskje ikkje heilt pedagogisk rett for meg akkurat då, for eg observerte at dei to på filmen dansa utruleg tett med vibrerande hofteparti og beina fletta tett inn i einannan… Det gjorde det ikkje betre at eg fekk vita at kurset var inne på universitetet, slik at eg kunne rekna med at dei andre på kurset var på alder med mine eldste barn, og hadde lange smale veltrente dansekroppar…
Eg var veldig på nippet til å feiga ut, men lot meg overtala gjennom kjærasten min sin argumentasjon om at eg måtte våga å gjera ting eg ikkje var trygg på av og til. Alle menneske treng å kasta seg ut i ting dei er usikre på om dei taklar , meinte han. “Du må av å til tåle å være den som har på seg klovnelue,” argumenterte han poetisk nok… Før han sa at det var betre at eg ikkje blei med enn at eg stilde med alle piggar ute…
Utan tvil ville eit bachatakurs vera ein “klovnelue-arena” for meg… Eg kom så langt at eg faktisk gjekk og lo litt for meg sjølv med tanken på kva eg skulle til med. Eg tenkte at om ikkje anna så kunne mitt møte med bachata bli ein underhaldande tekst på andedrakt…
Etter den første danseøkta kunne eg oppsummera for meg sjølv at dette var jo slett ikkje så ille. Dansekavalerane var sympatiske med glimt i auget. Dei fleste var sånn bortimot nybegynnarar. Eg trur alle som ein var eldre enn Odd Christian, og eg er ikkje ein gong hundre prosent sikker på om eg var den nest eldste på kurset…
Musikken var fin, og eg var i nærleiken av å få det til…
Ein av mennene spurte om ikkje dette var ein dans som eigentleg skulle dansast endå tettare, og fekk då til svar at under trening haldt ein litt avstand. Dessutan fekk han beskjed om at å dansa veldig tett burde han aldri prøva seg på med damer han ikkje kjende og ikkje var trygg på opplevde det ok…
Kva er så bachata for dei uinnvidde? Eg trur dansen kjem frå Karibia eller noko slikt. Det minna meg om ein slags krysning av salsa og tango, og blir dansa med ein slags knekk i det eine kneet som gjer at hoftene i beste fall får ein litt roterande rytme. Eg hadde vel forsåvidt meir enn nok med å telja og prøva å passa på at føtene var der dei skulle… Og god trim var det, så nå kan eg unna meg å ta det litt med ro i dag etter to dagar på dansekurs…
Kva Harald følte etter at han hadde hoppa i Holmenkollen?
Eg kan jo ikkje vita det, men eg trur han var litt stolt av seg sjølv, og at han kjende trong til å le høgt. Om han hadde litt gongsperre i hoftepartiet er eg sjølvsagt heilt ute av stand til å uttala meg om…
Heidi
som går som ein farsott på bloggane her. Det interesserer meg kva folk på ein måte og på ein måte ikkje fortel om seg sjølv i desse innlegga fordi ein høyrer dei tilfeldige stemmane som omgjer dei.
SMS-testen
1. Ta fram din mobil.
2. Gå till inkorgen!
3. Svara på frågorna genom att skriva första meningen i sms:en
4. Fråga 1 – första meningen i första sms:et
5. Fråga 2 – första meningen i andra sms:et, o.s.v
1. Vad skulle du säga om din partner var otrogen?
Ho er bedre…
2. Vad säger du alltid till din bästa kompis?
Tante B er på sykehuset.
3. Vad är det första du säger när din kompis blivit påkörd av en buss?
Gjør ikke noe om dere blir forsinket.
4. Vad är det värsta du skulle kunna säga åt din fiende?
Alt vel her.
5. Vad skulle du skrika om du vann en miljon?
Sorry – hadde lagt meg.
6. Vilka ord skulle du säga till gud om du träffade honom?
Eg har lyst til å henta deg.
7. Vad vill du höra mest av allt?
Eg er heime og står ved Time Sparebank.
8. Vad kommer bli dina sista ord i livet?
Hei, skal eg henta deg?
9. Vad säger du till en nära vän som fått en dödlig sjukdom?
Det er en utrolig god følelse….
Den religiøse fantasien min vart omtrent litt berørt fordi det på ein måte kunne toklast som om det var Gud som stod ved Time Sparebank (Legg merke til namnet) og sa at han var klar til å henta eller bli henta. Det siste punktet avslørte vel at dette ikkje var meir enn ein barnsleg og litt makaber leik… Og første meininga var vel litt vel storsinna sjølv til meg å vera går eg ut i frå…
Ok. Kjekt å starta sundagen med litt leik. Nå har eg anna å gjera, men kjem snart tilbake med noko meir vettug…
Heidi
Teksten eg skreiv for nokre dagar sidan “Att döda ett barn”, skulle visa seg å bli meir aktuell enn eg ante.
På laurdagskvelden omkom ein nitten år gammal gut frå nærområdet mitt i ei bilulykke. Nøyaktig eit døgn seinare omkom ein atten år gammal gut frå den same bygda i ei ny bilullykke. I dag fekk eg vita at ein liten gut, som har vore kreftsjuk lenge, nå er død. Eg visste at dei hadde stansa behandlinga fordi det ikkje var meir håp, men det er likevel trist å høyra at nå er han over på den andre sida.
Eg kjende ikkje dei to gutane som omkom i bilulykker, men dei var begge elevar ved ein skule som ligg eit par hundre meter frå oss. Der flagga dei på halv stang i dag.
Ungdomane her er berørte av at slikt kan skje. – Og eg tenkjer at det kunne like godt ha vore mine barn som det me ikkje vågar tenkja ein gong skjedde med.
I den vesle byen min har me fått ei kraftig påminning om kor skjørt livet er. Eg sender varme tankar til foreldre og andre som sørgjer. Eg kjenner dei ikkje, men tenkjer på kor mykje styrke dei må trenga akkurat nå.
Du som les dette, ta godt vare på deg sjølv, – og kjør
forsiktig.
Heidi