Gå til innhald

Tusen kråker – luke seks

image

I heile november har eg hatt lyst til å skriva ei vise om kråkene i trea utanfor skulen. I dag fekk eg sjansen. Eg har sitte på «julemarknad» på Bryne torgsenter, og seld og signert bøker, og då vart det litt tid til skriving innimellom. Eg bestemmer her og nå at det er heilt på sin plass med ei rykande fersk novembervise i dagens adventluke :

Tusen kråker

Novemberlyset drøyer, og alt er mørkt og stille,
for alle tankar teier om alt som snart skal skje.
Det einaste som hender er at tett i tett i saman,
med mørke kroppar, sit det tusen kråker i eit tre.

Det er i slike mørke og hemmelege timar,
at alt blir bare skuggar av mjuk, vemodig fred.
Det einaste som lever, det sit tett i tett i saman,
med gule nebb og sitrar, tusen kråker i eit tre.

Det går i gjennom mørket eit streif av dag som demrar,
der lyset maler gløden så gullglansen kjem med.
Det einaste som flaksar, det sit tett i tett i saman,
og tenkjer på å letta, tusen kråker i eit tre.

Sjå treet strekkjer greiner, som lange tynne armar,
med opne, tome hender for lyset som kjem ned,
mot dagen som skal vakna, og tankar som får venger
og lettar slik som tusen svarte kråker frå eit tre.

Heidi

Mothering Christ – luke fem

image

Me har hatt ein roleg morgon, Oscar har fått to frokostar fordi både eg og Sunniva tolka entusiasmen hans dit hen at han ikkje hadde fått mat endå. Sjølv har me drukke te og ete heimebakt brød med levande lys i lysekrona medan dagen lysna utanfor. Noko av det beste eg veit er å kunna sovna utan å ha ein innstilt alarm som kjem til å vekkja meg neste morgon. Det er ein av små luksusane livet byr på ein del av dagane mine, og som eg veit å setja pris på. Sunniva sit stova og les til norskeksamen og eg sit på kontoret og jobbar. Leonard Cohen har sunge for oss: «Show me the place». Dei to mest bedagelege vesena her inne har funne tida mogen for ein føremiddagslur. Klokka er fem over elleve, og livet er godt.

image

Eg hadde lyst til å by på ein ny tekst i dag, det er og ein av dei tekstane eg omsette til Syng håp 2. Originalen er ein tekst av Jean Janzen frå USA som skotske Julian Norwich har skrive om til ein song til bruk i Iona komuniteten. Det litt spesielle med teksten er at det er ein song utan rimande verselinjer. Eg tek først med den engelske teksten, som er veldig vakker, og så mi omsetjing. Teksten er i tråd med Lina Sandell som opprinneleg skreiv denne linja i «Blott en dag»: Han som har för mig et «modershjärta…» Notene til songen kan finnast i Syng Håp 2

Mothering God, you gave me birth
in the bright morning of the world.
Creator, source of every breath,
you ate my rain, my wind, my sun.

Mothering Christ, you took my form,
offering me your food of light,
grain of life and grape of love,
your very body for my peace.

Mothering spirit, nurturing one,
in arms of patience hold me close,
so that in faith I root and grow,
until I flower, until I know.

***

Gud, som ei mor gav du meg liv,
då eeg vart fødd i morgongry,
Min Skapar, Kjelde til min pust,
du er mitt regn, min vind, mi sol.

Kristus du kom, vart barn som meg.
Moderleg gav du mat av lys,
Brød av liv og kjærleiks vin.
Kroppen din gav du for min fred.

Moderleg kraft, du Ånd frå Gud,
armar av tålmod, held meg fast,
så eg i tru slår rot og veks
heilt til eg blømer, trygg i tru.

:::

Og ja, me laga englar i andre klasse denne veka, dersom nokon lurer etter å ha sett det øverste biletet.

Heidiimage

Tidleg kveld… -luke fire

image

I kveld tek me tidleg kveld i heimen. Kattedyret har gått lukkeleg opp på loftet for å gå til ro saman med Sunniva, og hundedyret har krope opp i dokkesenga si, og ligg fredeleg samankrølla på lammeskinnet sitt. Han og Sunniva har hatt ei treningsøkt der ho prøver å få han til å bera ei avis i munnen og avlevera ho til meg. Lille Oscar er eit usedvanleg treningsvillig dyr. Han blir ellevill når me spør om han «vil trena». Det ville vore ei overdriving å seia at det går fort å læra nye triks. Som ho sa, hundedama som driv med oppdrett og hundemassasje: «Det går fint an å læra ein mops triks, ein må bare vera forberedt på å bruka mange veker på det same som ein golden retriever lærer på ein ettermiddagshalvtime. Likevel, han ser frykteleg klok og flink ut når han i yr læreglede prøver ut alle triksa sine for å sjå om dei tilfeldigvis svarer til kommandoen… Nå skal han feriera her til ein gong utpå lørdagen, og det er i grunnen veldig koseleg.

image

Dagen har vore travel, og det vart litt for seint i går. Då eg kom heim frå jobb i halv-fem-tida, foretok eg ei mellomlanding i ein av dei oransje lenestolane med eit krus varm kaffi mellom hendene, og måtte ta meg kraftig i saman for ikkje å sovna. Sunniva hadde invitert syskena sine og Oddvar til sein middag, og me hadde nokre koselege timar med tortillas og alt som høyrer til. I morgon blir det litt skriving, og ikkje minst nokre timar saman med Sunniva før ho skal kjørast til flyplassen seint på ettermiddagen. Desse dagane ho har vore heime har forsvunne som dogg i sommarsol, men om ikkje så veldig mange dagar så kjem både ho og broren heim på juleferie, så då blir det liv i huset igjen.

Nå skal det smaka godt med helg, men kor arbeidsvekene blir av, veit eg ikkje heilt…

image

Oransje og skarpt grønt er så fint i lag…

Heidi

Den så æ mæ på legen… Luke tre

image

Me er inne i den tida då det er mørkt når me går til jobben om morgonen og mørkt når me går heim om kvelden. Då er det eit slags privilegium å få med seg både soloppgang og solnedgang frå arbeidsplassen sin.

Timane med dagslys er ikkje så mange, men dei er til gjengjeld intense med lystenning, song og ulike formingsaktivitetar. I dag var det englar på timeplanen. Mykje skal ein høyra når ein jobbar med ungar. I dag oppstod det ein liten konflikt i matfriminuttet, leiken vart i villaste laget og ende med eit fall. Partane var ueinige om kva som hadde hend og om dyttet var med vilje. Den eine parten rettferdiggjorde seg med å seia: «Men den så æ mæ på legen, må tåla å få stregen!»

Eg lurte på kva slags strek vedkomande tenkte på. Var det helsesyster sine pirquet-streker? Nei, dei har vel ungane nå lite forhold til, det er ikkje lenger ein årleg skrekktradisjon? Meinte eleven ein anmerkningsstrek frå ein av lærarane? Eg vart litt sjarmert av dette forsøket på å få eit uforståeleg uttrykk til å bli begripeleg. Situasjonen tilsa imidlertid verken språkleg rettleiing eller interesserte språkspørsmål…

Eg tenkte vidare på korleis barn blir kjende med språk ved å prøva å danna seg indre begrepskart og å prøva å få verda til å henga saman. Engler som daler ned i skjul og dei små armane som kjem til Jesus i stallen er klassiske eksempel. Sjølv såg eg for meg at ordet «julekvad» måtte vera ein slags salig og opphøyd sinnsstemning ein kom i i jula, som det stod forklart i songen «Jeg synger julekvaaaad, jeg er så glad så glaaad». Og eg såg for meg at «Pål sine høner» var namnet på hønseflokken som slapp ut på haugen. At det var Pål som slapp dei ut kunne eg ikkje sjå at det stod noko om. Språknerd som eg alltid har vore, så grubla eg på om den talande kamelen i Kardemommeby si taleopplæring stamma frå begge dromedaren sine foreldre, eller om opphavsmannen var dromedaren sin morfar. » og det å tale lærte jeg som liten av en dromedar, som hadde lært det av sin mor, som hadde lært det av sin far…» Barnehagar var noko eg bare høyrde om i «Barnetimen for de minste» på radioen: » … og nå skal kanskje du i barnehaven?…» Slike fantes vel ikkje verken på Ålgård eller på Bryne i min barndom. Eg såg for meg store grøne hagar med masse roser, slik det stod i sundagsskulesongen. » Jeg vet en deilig have der roser står i flor»… Av og til saknar eg å tenkja som eit barn, sjølv om eg har ein mistanke om at eg og fleire med meg gjer akkurat det oftare enn me anar…

Heidi

image

Luke to -Ein hinkande dans

image

I går sat me saman sju damer og diskuterte. Korleis kan me finna ut kva som er vår plass i livet? Korleis kan me vita kva som er vår oppgåve, korleis kan me gjera verda litt betre for nokon, og korleis kan me vita kva som er rett veg? I kor stor grad kan me vita kva Gud vil med oss, og korleis kan me skilja det gode og positive frå det som bryt menneske ned? Mine tankar om dette kunne på ein måte oppsummerast i ei salme skrive av den danske presten Holger Lissner. Eg var så heldig at eg fekk omsetja denne songen frå dansk til nynorsk for nokre år sidan, og eg vart djupt fascinert av biletbruken hans. Eg veit at de som les her er i stand til å lesa dansk og, men sidan eg nå ein gong har fått lov til å gi teksten norsk språkdrakt, så brukar eg denne…

Det går gjennom verda ein hinkande dans,
om gullkalven, heilt utan tanke.
Me gløymer i rusen av glitter og glans,
at hjartet er skapt for å banke.
Og dansen går ut over jorda.

Dei sterkaste trampar ned blomar og gras.
Dei ser seg viss aldri tilbake.
Dei er som besette i kampen for stas.
Heilt bakerst så dansar dei svake.
Og dansen går ut over jorda.

For gullkalven lokkar, og alle vil fram.
Han er som ein gud, me er blinde.
Me gløymer vekk kjærleiken, gøymer all skam.
Dei svake får heller forsvinne.
Og dansen går ut over jorda.

Det går gjennom verda ein heilt annan dans,
som ikkje gir rikdom og ære.
Og han som går foran er heilt utan glans,
rundt han er det godt å få vere.
Og dansen går ut over jorda.

Han dansar med fattige, sjuke og små,
som lever, men manglar alt anna.
Han dansar med dei som kan lite forstå,
dei svakaste held han i handa.
Og dansen går ut over jorda.

Han fører sin flokk på ein steinete sti,
til dit der dei ikkje blir hylla.
Han opnar opp dører, set menneske fri,
forsvinn om han sjølv blir forgylla.
Og dansen går ut over jorda.

Men dit kor han kjem, der får menneske mot,
og ingen kan halda dei nede.
Sjølv om dei må humpa på vaklande fot,
så flyt dei på rytme og glede.
Og dansen går inn i Guds rike.

Holger Lissner.
(Notene står i boka Syng håp 2)

Eg trur på ein Gud som gjennom Jesus dansar med dei svakaste, og som fremmer nestekjærleiken på ein annan og langt meir radikal måte enn stemmane i tida som seier:
«Bruk albuane, det er di plikt å koma deg fram, du skuldar deg sjølv å vera vellukka.»

15230456734_25fbf26a2a_k

I dag, midt på travlaste ettermiddagen, då eg hadde ein halvtime på meg mellom to jobbar, til å gjera klar litt for skriveelevane mine, vart eg oppringt av Gjesdalbuen, lokalavisa for bygda der eg vaks opp. Dei hadde laga ein sak på salmemaratonen i NRK2 i helga, og lurde på om eg kunne tenkja meg å bli telefonintervjua. Dei sa at det ikkje kom til å ta lang tid, og eg sa at eg hadde det travelt, men at eg kunne bruka fem minutt på intervjuet. Medan eg snakka prøvde eg å finna ein plass på skulen det gjekk an å snakka uforstyrra. Det var ikkje så lett, for det var folk overalt, men eg fann meg eit ledig grupperom. Me gjorde unna intervjuet på sju og eit halvt minutt, så me var rimeleg effektive. Etterpå begynte eg å angra litt på noko av det eg hadde sagt. Ikkje på tankane mine, for dei står eg for, men på det siste spørsmålet: «Kva er yndlingssalmen din, og korfor?» Eg sa som sant var at eg hadde mange, men eg landa på Lina Sandell, og trekte fram «Bred dina vida vingar» og «Blott en dag». Eg begrunna det med at eg kjende meg att i den litt lågmælte, jordnære tilliten ho formidlar i salmene sine.

Det er sant, og «Bred dina vida vingar» er eg spesielt glad i. Likevel er det mykje anna eg kanskje like så godt kunne trukke fram. Eg er glad i Petter Dass sin voldsomme og barokke stil som i «Herre Gud ditt dyre navn og ære». Eg er veldig glad i folketonar som «Eg veit i himmelrik ei borg,» og eg elskar å synga «U hur saligt att få vandra», den bør helst syngast på svensk, det trur eg sit att etter studentgudstenestene i Lund kirke i Kristiansand. «Som når et barn kommer hem om kvelden,» er og ein favoritt, ja takk, helst på svensk. Eg er og veldig glad i desse amerikanske, litt gospelaktige songane som eg vaks opp med i baptistkyrkja. Dei vil eg av ein eller annan merkeleg grunn helst ha på engelsk: «The old rugged cross» og » Just a closer walk with thee.» Det skal svinga skikkeleg av dei, gjerne med litt treblåsarar. Og så må eg ikkje gløyma å nemna «Deg å få skoda.»

Då eg omsette salmer frå Iona, vart eg veldig glad i tekstane til John Bell på irskinspirerte folketonar med svært jordnære tekstar om det å vera midt i livet. Eg er veldig glad i «Dans og syng», og «Lovsyng vår Gud» som eg sjølv har omsett, men og i «Sjå den som bur i livd hos Gud», og «Det er navnet ditt jeg roper.» Og så må det innrømmast at eg er glad i gamle bedehussongar, slike som eg og på ein måte vaks opp med: «Tett ved sida mi går Jesus», «Hvi skulle jeg sørge» og «Kor stort min Gud at eg ditt barn får vera.» Og så er det dei fine salmene og songane eg har fått vore med og omsetja til norsk i «Syng håp». All ære til deg, Lina Sandell, men svaret mitt var for kjapt, for lite gjennomtenkt og for enkelt. Sjølv om eg med heilt hjarte syng:

«Bred dina vida vingar o Jesus över mig, och låt mig stilla vila i ve och väl hos dig.»

Heidi

Luke ein 2015

image

Sjå det fine morgonlyset me hadde i dag morges. Det er det perfekte lyset for adventsamling i andre klasse med lystenning, adventkalendar og høgtlesing frå «Marias esel». Skiftingane mellom lys og mørke er utruleg vakkert på denne tida av året. Den finaste gåva i den private adventkalendaren min i dag kom med toget frå Oslo klokka kvart på tre.

image

Sunniva skal vera heime frå i dag til fredag for å lesa til eksamen. Får håpa ho ikkje blir så sosialt hefta av oss anfre at ho ikkje får lese… Det er fint å ha henne heime.

image

Så sende me ei melding til storesyster som jobbar hundre meter frå barndomsheimen og sa at viss ho ville koma innom og eta middag hos oss så var det heimelaga lapskaus i gryta. Det er kjempekoseleg å «leika mor og far og ungar» av og til. Oddvar er på jobb i Nordsjøen, så me henta Oscar for at han skulle sleppa å kjenna seg aleine.

Eg les ein plass eit rimeleg sprekt innspel på korleis ein skulle gjera verda litt betre. Ein kreativ person foreslo at kvar tirsdag skulle ein ta med seg ein stor termos med varm kakao når ein gjekk ut om morgonen. I tillegg skulle ein ha med seg ein liten stabel pappkrus, så var utfordringa å dela ut kakao til dei som måtte setja pris på det, til folk som sat på fortauet og fraus, eller folk som stod kalde på stasjonen og venta på toget. Eg fekk nesten lyst til å prøva det ut. Kanskje kjenner eg nokon eg kan utfordra?

I dag hadde eg ein koseleg prat med ein asfaltselgar som fortalde om den gongen han snubla og datt i ein mørk skog i utlandet. Han slo ut begge fortennene og mista innhaldet i lommeboka, så han måtte venta på morgonlyset for å få samla saman alt han hadde mista. Det såg rimeleg kaldt ut bare å stå på gata og selga blad i den sure vinden. Hadde eg hatt med kakaotermosen, så hadde han vore ein soleklar kandidat til å få seg ein støyt…

Ha ei gild adventtid med eller utan termos og kakao. Nå må eg gjera ein innsats for å gjera det koseleg når eg skal ta i mot ein bukett flotte damer som kjem om tre kvarter.

Heidi

Advent

image

Når mørkret legg seg stort og stilt
kring landet der me bur,
og sveiper seg kring alle oss
…som tviler og som trur,
kring dei som slit med sorg og angst
kring alle dei som går og frys,
me kviskrar, Herre, ver oss nær,
og stille tenner me eit lys.

Eg kom på at eg måtte leggja ut første verset på adventsalmen min i år og. Nå har eg hatt ein fin dag full av lystenning, salmar på fjernsynet og kjekt besøk. Det beste er at eg endeleg har fått skrive ferdig eit forslag til tiandeklasseforestillinga. Det var ei lette å ha kome så langt. Nå kan eg bruka litt tid på å skriva kva eg vil… Eg trur og håpar at forestillinga blir bra til slutt. Eg har eit spennande liv…

God advent, alle saman!

Heidi

Bilde

Første sundag i advent

image

det lyser ei stjerne i natta bilde noter

Og eg byr på min og Torhild sin julesong frå nokre år tilbake. Eg fekk det ikkje betre til enn dette, men eg trur det er leseleg.

Og vidare byd eg på den vakre versjonen Randi Engelsvold med band har laga av viseteksten min om havet.

Nå må eg gjera klar til gjestene eg har invitert 🙂

Heidi

Salmar sist i november

image

Me er litt merkelege her til lands. Eit TV- konsept som går ut på å syngja gjennom salmeboka frå perm til perm høyrest veldig smalt ut. Likevel ser det ut at fleire enn nokon skulle ana ser på. Fordi eg har skrive to av salmene i den nye salmeboka, så er begge blitt sungne av kor på fjernsynet i dag. Det var både spennande og kjekt å få med seg akkurat det, men det som overraskar meg mest er at eg har fått så utruleg mange gode tilbakemeldingar frå folk som har sett på. Det varmar. Og eg tek meg sjølv i å lytta til salmar og kjenna freden senka seg. Eg håpar mange oppdagar at salmeboka er litt av ei skattekiste både når det gjeld tekstar og melodiar.

image

Eg har omsett to salmar i salmeboka og, ein frå kvænsk, med god hjelp av ei ord for ord omsetjing til norsk, og ein frå Iona. Trur dei blir spelte grytidleg i morgon, så eg får sjå om eg får dei med. Den kvænske salmen er så utruleg vakker, og det er salmane frå Iona og. Fleire av dei er med i salmeboka. Då eg fekk vita kva for nokre salmar som skulle med vart eg litt overraska over at dei valde «Kjærleik er gleda», eg hadde trudd at dei kanskje ville ha med «Dans og syng» eller «Lovsyng vår Gud», begge salmar som har blitt mykje brukt, i alle fall i Korsveisamanhang, men jurien ville det annleis.

I dag vil eg ta med ein tekst eg ikkje har skrive sjølv. Det er ein heilt ny tekst av Merete Bandak frå Danmark, ei flott dame eg møtte på salmeseminar på Lysebu i vår. Biletet øverst i innlegget har eg teke med til ære for denne teksten. Det er teke i dag, og det er då noko merkeleg med at prestekragane i verandapottene blømer uanfekta nå når me går inn i adventtida. Det er og litt spesielt at blomkarsen blømer i bedet og klatrar i hekken, og at ei rosa rose er i ferd med å springa ut ved inngangsdøra mi. I dag såg eg til og med eit instagrambilete av jordbærkart. Eg hugsar at me hadde nokre veldig milde vintrar på syttitalet og, men det er likevel litt besynderleg å nesten ta med seg sommaren med seg nesten til jul. Nå i dag er det ganske surt og kaldt ute, så det normaliserer seg kanskje… Likevel forstår eg godt at Merete vart inspirert til å skriva denne salmen. Eg har fått lov av henne til å ta han med meg inn hit.

Året som skal hælde
vil ikke gå til ro
Græs og brændenælde
blir stadig ved at gro
Gærdesmutten synger
og bøgen springer ud
Klimaskiftet tynger
mon du har set det, Gud

Herren var min hyrde
den tid er nu forbi
Hver må bær» sin byrde
vi holder aldrig fri
Stress er blevet normen
naturen er på speed
Man må holde formen
alt andet er fallit

Herre, vær min hyrde
og lad mig få et hvil
Bær naturens byrde
og lad mig se dit smil
Lad mig sove længe
og klap min trætte kind
Giv os grønne enge
i hjerte og i sind

Merete Bandak

Kanskje er det litt beslekta med at eg nå i år har skrive ein tekst som heiter «Sommar i april» og ein annan som heiter «Sommar i september».

Elles så har me vore på julemesse i kyrkja i dag, så arrangementa og kalendaren er i det minste i rute. EG har kjøpt englar til å pynta bordet med og kjeks, heimebakte knekkebrød, julekaker og rosinbrød til å by på i morgon når eg har invitert til adventkaffi. Lilla lys er og på plass, og eg har i alle fall funne den eine av to adventstakar eg pleier å ha framme. Den andre dukkar nok opp den og, og det håpar eg at nøkleknippet mitt og gjer. Eg har sakna nøklane sidan torsdag kveld, men erfaringa tilseier heldigvis at dei pleier å koma tilbake.

Ha ei fin adventstid. I mange år har eg hatt det slik at så sant eg kan så oppdaterer eg bloggen kvar dag i desember og mai. Me får sjå om eg rekk det år og…

Heidi

Forresten:

Denne grytekluten såg eg på julemessa i dag. Dei hadde eg nesten gløymt heilt… Og så fekk eg bera rundt på ein heilt nyfødd baby som folk trudde måtte vera barnebarnet mitt, men det er ein heilt anna historie. Babyar er det mest fantastiske av alt som er til…

image

Skulka viss litt unna i dag …

image

Gårsdagen vart intens, først var det intens øving på forestillinga med andre klasse, og så ein snartur innom heimen for å få på reine klede, eta litt middag og finna fram til tekstane eg ville lesa om kvelden. Det er alltid utfordrande å vera medbestyrar for ei forestilling med så små barn. Me hadde fylt aulaen med foreldre og besteforeldre, og då vil me så gjerne at alt skal gå bra. Mest av alt er me spente på om teknologien står oss bi slik at me får lyd og lys og rett musikk. Heldigvis så gjekk det fint. Elevane var så flinke, og hugsa det aller meste av det me hadde øvd på. I tillegg er det heldigvis slik at ungar på sju år har ein naturleg sjarmfaktor som dekkjer over mange småting.

Etterpå kjørte me til Jærhagen på Klepp der eg fekk vera saman med ein stor gjeng forfattar som presenterte bøkene sine, las høgt frå dei og signerte bøker. Det var kjekt både å høyra på dei andre og opptre sjølv, og jammen vart det ikkje litt sal og signering og. Noko av det aller kjekkaste var at Randi Engelsvold var der med bandet sitt og song to av songane eg har laga tekst til. Det er kjempespennande når noko eg har laga får venger i form av ein melodi og legg ut i vera på eiga hand. Om få dagar blir ein av melodiane lanserte på Spotify, I-tunes og Wimp. Det gler eg meg til.

image

I dag var det skrivedagen min, men etter å ha rydda unna ein stor oppvask, så hadde eg time hos frisøren. Eg er ein sjeldan gjest på frisørsalongen, men veit å nyta det når eg er der. God tid, massasje i stolen, servering av kaffi og behagelig tid til å gjera ingenting medan ein blir stelt fint med er ikkje å forakta, og etter tempoet i går så var det heilt nydeleg. Medan eg var i sentrum hadde eg eit par ærend. Så kom Ingrid og henta det firbeinte fredagsdagbarnet Oscar, først tok ho seg tid til å eta litt middag saman med oss,så gjekk eg og ho ein ettermiddagstur med det same firbeinte vesenet medan det mørkna utanfor.

Og etterpå måtte eg bare: kikka litt på salmemaratonen på NRK 2, koka ein stor porsjon chilimarmelade, høyra eit par interessante radioprogram, hekla på kosedyra som skal bli ferdige til jul, laga ei utlodningskorg til julemessa i morgon, baka peparkaker av ikeadeig, pynta dei, og jobba ein times tid med ein annan julegave.

image

image

Eg har med andre ord hatt ein perfekt heime-aleine- fredagskveld, men eg må med ei viss skam melda at eg aldri har kome så langt som til skrivinga, om eg då ikkje skal rekna med det eg skriv akkurat nå… Eigentleg har eg masse eg skulle ha gjort, men eg går bruka litt tid i resten av helga… Eg trøystar meg med at to torsdagkveldar med opplesing, kanskje kan vekslast i litt fredagsfri? … Nå skal eg lesa meir om Malala frå sjølvbiografisk » Jeg er Malala.» Eg er mektig imponert over både motet hennar og det eg les.

Heidi