Gå til innhald

Med hjartevarme og kreativitet

image

Først i kveld vil eg reklamera litt for julemessa i Bryne kyrkje laurdag føremiddag. I går kveld var me ein gjeng som var saman for å mala kakemann, pynta peparkaker og gjera ferdig ting som skal selgjast på messa. Akkurat i år har eg vore særdeles lite aktiv med laginga sjølv, men det er flinke damer som har sluppe kreativiteten laus, så det er mykje fint å få kjøpt. Det blir og sal av graut, kaffi og kaker. Det er ein god moglegheit til å støtta barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja, og til å kjøpa julegåver laga med kjærleik og skaparglede…

image

image

image

image

På skulen i dag hadde me besøk av Ida Jaarvik Hetland som driv Idas hjelpefond. Elevane skulle få sjå kva pengane dei hadde samla inn skulle bli brukt til. Plutseleg vart eg så berørt at tårene silte. Eg vart så imponert og inspirert av pågangsmotet til Ida, som er ein tidlegare elev hos oss. Og det var så sterkt å sjå bilete av barn som sårt trong operasjonar foreldra ikkje hadde råd til og ikkje minst å sjå bilete av barn som har fått operert hofter og leppe- ganespalter. Det er så flott å sjå at det finst nokon som prioriterer å hjelpa fattige barn i Guatemala, og det er så fint at elevane våre får bli inspirerte til å vera med og gjera ein innsats for andre.

Og heime hos oss vart det bakt brød i dag. Dei siste vekene har eg fått nybakt brød rett som det er. Leif prøver ut ulike oppskrifter i tillegg til eigen kreativitet. Det er ikkje mange ting som luktar så godt som nybakt brød og nytrekt kaffi.

image

image

Då eg kom frå jobb var den andre overraskinga at spisestuestolane våre var komne og til og med henta og plasserte ved bordet. Så nå er stova ny og grå… Grått har aldri vore yndlingsfargen min, men det kan det kanskje bli…? Kattehåra frå den røytande katten Cleopatra var veldig synlege i den oransje sofaen, så me tenkte at grått kanskje kunne vera tingen… Men det er fint og litt uvant å ha ei stove som kanskje minner bittelitt om ein møbelkatalog, all erfaring tilseier at akkurat det ikkje kjem til å vara så lenge…

I morgon blir ein spennande dag med foreldreforestilling med andreklasse med masse song, litt dans og teater og til og med eit lite «tromme- og ukuleleorkestar». Mykje kan som vanleg gå gale, men det meste går heilt sikkert bra… Etterpå skal eg rett til «Jærhagen» på Klepp for å lesa dikt på eit arrangement.

I dag har eg kjøpt to sett med adventlys. Eg prøver å begripa at julemånaden bare er nokre dagar unna. Det har jo vore sommar nesten heilt til nå, og jula virkar framleis langt unna.
Likevel ser eg på lyset at det lakkar og lir på året. Morgonane har fått dette fine blå morgonlyset utanfor klasseromsvindauget.

image

Og på veg heim frå skulen går sola ned

image

Og lyset blir blått att.

image

Eg liker lyset i november og desember. Eg har til og med sansen for det fløyelsmjuke mørket, men eg er viss litt rar slik. Kanskje det korresponderer med melankolikaren inne i meg som av og til presser seg fram under dei rette lysforholda…

Heidi

Ein spasertur for lokalmiljøet

15675049329_941f2a5598_k

I dag var me ute og gjekk i Sandtangen i likskap med veldig mange andre. Det var slik at aktører frå det lokale næringslivet ville vera med og sponsa bru over Frøylandsvatnet dersom mange nok viste interesse gjennom å gå tur i Sandtangen. Eg kjende meg nesten som eit av dyra i boka om geitekillingen som kunne telka til ti: «Å,nå telde dei meg og!» På instagram har mange brynebuar lagt ut bilete av seg sjølv i plaskande regn i Sandtangen, og eg kunne ikkje vera dårlegare. Sidan eg ikkje tok sjansen på å gå med mobilen i regnjakkelommen, eg har nemleg øydelagd mobilar før på den måten, måtte eg lokka Leif til å fotografera og lasta over til meg. Her er beviset på vår lokale dugnadsång… Det får ikkje hjelpa at eg ser halvblind ut fordi brillene dogga slik at eg ikkje kunne ha dei på, eller at me ser generelt litt halvgale ut. Her er me altså, sunne aktive sundagsnordmenn som ikkje let seg stoppa av litt regn, og paraplyen er i det minste fin. Som de kan sjå av biletet over, så var det ganske fint ute og med fargar som vart vaska reine av generøse mengdar vatn.

15673732370_a640c075db_h

15673729460_8ffd34f0ed_k

Etter halvannan time med regntøy og paraply måtte me bare koma oss heim i hus for då var til og med kleda under regnkleda våte. Sidan dagen endå var ung kjørde eg ein øvetur med Odd Christian. Det er alltid kjempekoseleg å få litt tid aleine med han. Me kjørde nedom Madland- havn og fotograferte litt, før han blei med heim til middag.

image

image

Den siste veka har eg opplevd noko som må forklarast nærmast som eit psykologisk fenomen: To gonger har eg blitt sitjane klistra til TV-skjermen for å sjå Magnus Karlsen spela VM-sjakk. Eg er ikkje interessert i sjakk, eg kan ikkje ein gong reglane, eg har bare ei svak oppfatning av reglane for flytting av dei ulike brikkene, og veit at det gjeld å ta motstandaren sin konge. Eg har snautt nok spelt noko som liknar på eit parti sjakk i heile mitt liv. Spelet kan ikkje påståst å vera spesielt intenst eller fengande i seg sjølv. Det seier meg at om innpakninga og formidlinga held mål og kanskje kan blandast med ein liten porsjon nasjonalisme, så kan nesten kva som helst fenga kven som helst…

Og nå kjem eg på at eg lovte i går å dela nokre av svanebileta til Leif. Her kjem eit par av dei. Dei er verkeleg fine!

15230456734_25fbf26a2a_k

15826952296_7a41dca61d_k(2)

15852742005_e01ba99b85_k

Nå vil eg bruka resten av sundagen til noko minst like lystbetont og kreativt som å skriva blogg. Eg har mange tankar om slikt eg kunne ha lyst til å skriva her, men det får bli ein annan dag, så vil du vera med så heng på…

Heidi

Grå novemberlaurdag

image

I går hadde eg besøk av gode venninner, så helga starta godt. Vennene mine er noko av det eg set aller størst pris på her i livet. I dag hadde me bestemt oss for at me hadde tid til å bruka dagen på å koma oss ut og leika litt turistar i eige landskap, så etter å ha ordna litt sånn som ordnast måtte, så kom me oss på hjul. For nokre dagar sidan hadde far funne ein fin svaneflokk som han hadde fotografert. Nå hadde Leif lyst til å fotografera svaner han og, og me var spente på om me ville finna dei. På Orre fann me flokken, og så gjaldt det å fotografera før dei vart skremde. Leif sine bilete vart heilt fantastisk fine, så dei skal eg sjå om eg kan få lånt bileta hans i morgon. Inntil vidare får eg visa fram mine eigne.

image

Frå morgonen av var vêret ganske fint, men samtidig som eg høyrde på vermeldingane at det skulle koma regn, så begynte det å regna ute. Me køyrde frå svanene og sette kursen langs havet sørover til Egersund. Der var dei så smått i gang med pyntinga til julebyen, som eg går ut frå skal vera klar neste helg.

image

image

Nå kan eg leika reisejournalist og fortelja at dei serverer utruleg god indisk mat i Egersund. Eg trur restauranten heiter Little India. Maten der var heilt nydeleg.

image

image

Me stoppa langs vegen heim for å fotografera litt meir. Då me kom til Holmane var det veldig fint lys.

image

Men mindre enn ein halvtime seinare, så vart havbiletet mitt sjåande slik ut…

image

Det blir tidleg mørkt mot slutten av november, men på ein eller annan merkeleg måte, så er det ganske koseleg med mørke og. Vel heime tok me inn ved og fyrte i peisen. Eg sette meg i stolen med avisa i hendene og katten i fanget og presterte å sovna der. Det er farleg å kjøpa seg gode lenestolar. Då eg vakna var Leif i gang med å baka brød, inspirert av det haustgufsne vêret me hadde vore ute i, så var eg lettsindig nok til å koka oss ei gryte varm sjokolade av ekte kokesjokolade akkurat slik bestemor pleide å gjera det. Det er ikkje så ofte det skjer her i huset, men godt var det. Eg lurde på om eg skulle ha i nokre båtar fersk chili, for det skal vera så godt, men eg tok ikkje sjansen på å øydeleggja prosjektet.

Eld i peisen, nybakt brød, varm sjokolade, aviser, gode bøker og clementiner og ein malande katt. Eg kan melda om ein lat novemberkveld i Kong Sigurds gate, og oppfordrar andre og til å gjera novembermørket til noko positivt. Denne årstida går like fort forbi som alle andre årstider.

Heidi

Julegavetips

image

Sidan eg var på adventsmøte i går, så kan det kanskje passa med eit julegavetips i dag. I denne boka er 88 norske forfattarar utfordra til å skriva eit dikt kvar ut i frå ein bibeltekst dei fekk tildelt. Eg var så heldig å vera ein av dei 88, men det er ikkje hovudgrunnen til at eg kjem med tipset… Hovudgrunnen er rett og slett at her er det veldig mykje fint, i den vidaste tydinga frå lyrisk og vakkert til utfordrande og litt provoserande. Eg les ho langsomt, så eg er ikkje komen i mål endå, men fleire av dikta har gjort sterkt inntrykk på meg. Eit dikt som både gav meg frysningar ned over ryggrada, utfordra meg og provoserte meg var Marit Kaldhol sin tekst, «Sju søner», eg har lese det om og om igjen og lese det høgt for fleire av dei som har vore innom dørene her. Nå har eg lyst til å dela det med deg som les her…

Sju søner

sju søner har eg født
den første sparka i magen min
eg lova Gud og sa: Isais rotskot skal kome
og løfte opp dei låge
guten vaks til og gjekk inn i Jerusalem
der spikra dei han på ein kross og spytta på han
to røvarar blei avretta saman med han, ein på kvar side
eg høyrer orda hans: min Gud, min Gud

den andre sparka i magen min
eg lova Gud og sa: eg er velsigna
guten vaks opp og køyrde inn i Kabul
kledd i ein vest tung av sprengladningar
sytten personar følgde han i døden den dagen
eg høyrer ropet hans: Allahu akbar

den tredje sparka i magen min
eg lova Gud od sa: eg har fått nåde
guten vaks opp og blei skoten av soldatar
medan han braut nattverdsbrødet
i eit kapell i San Salvador
eg høyrer orda hans: dette er Kristi kropp

den fjerde sparka i magen min
eg lova Gud og sa: vi som er sterke
skal bera veikskapen til dei svake
guten vaks opp og blei geriljasoldat i Rwanda
han drap og blei drepen i lag med 800 000 andre
eg høyrer skriket hans, svart som blod

den femte sparka i magen min
eg lova Gud og sa: Gud gløymer ikkje tenestekvinna si
guten vaks opp, flaug inn over Vietnam og sleppte napalm
mot menneskehud, brennande barn sprang omkring
millionar døydde
eg høyrer stilla i cockpiten etterpå:missiun complete

den sjette sparka i magen min
eg lova Gud og sa: frå slekt til slekt varer hans miskunn
guten vaks opp og sprengde ei bombe i Oslo
skaut med rifle på Utøya
syttisju personar mista livet den dagen
eg høyrer ropet hans: de skal døy, kulturmarxistar

den sjuande sparka i magen min
eg lova Gud og sa: ingenting er umogleg
for krafta frå Den høgste
guten er enno eit barn på fanget mitt, han leikar
med ein glødetråd i håret mitt
han gir meg nytt livsmot
han skal mette dei fattige og dei trøste skal han gi vatn
eg høyrer orda dine, Gud: ver ikkje redd

sju menneskesøner har eg født
bødlar offer drøymarar, sju gonger sytti gonger sju
eg lover Gud og seier: du ser meg, Gud
eg sit her i dette bildet med barnet på fanget
eg har sete for lenge,
np reiser eg meg, går ut av bildet, inn i verda
der barna mine er, der du er.

Marit Kaldhol

Eg gløymde å seia at det er Alf Kjetil Walgermo og Jan Ove Ulstein som har redigert boka. All ære til dei!

Heidi

Advent i november

image

I går var eg og Torhild ute og opptrådde saman. Me var på adventsamling på Høyland bedehus, eit arrangement dei har kvart år, og i år var dei tydelegvis tidleg ute. Det var eit lite koseleg bedehus mellom Bryne og Nærbø som eg ikkje heilt har visst om sjølv om det ligg nære vegen. Eg liker så godt å ha med Torhild slike gonger, me kjenner kvarandre så godt at samarbeidet går nesten av seg sjølv, og så er det veldig fint å vera to. Me prøver oss litt med kombinasjonar med song, piano og opplesing nesten oppå einannan i same sekvensen. Eg har lyst til å prøva det ut meir, og eg trur det kan bli ganske stilig etterkvart. Me prøvde oss på «Som når et barn kommer hjem om kvelden,» med opplesing og små sekvensar av song oppå melodien spelt på piano. Me hadde to sekvensar i lag, og i pausen vart det servert heimesteikte krotekaker, julebrød, smultringar, heimelaga riskrem, rød saus, ripsbærsaft og rød saus. Det er ikkje så ofte eg er på små bedehus lenger, og det dukka opp litt gode minner og flashbacks. Sidan det hadde namn av adventsamling, brukte me både adventsalmen og julesongen vår heilt til slutt. Eg har verken høyrt eller tenkt på julesongen på veldig lenge, og vart i grunnen overraska sjølv ved gjenhøyret. Eg trur eg har lagt han ut her for nokre år sidan, og kanskje dukkar han opp att på bloggen litt nærare jul. Dersom nokon treng ein «ny julesong», så har eg etterkvart fått notar til han i tillegg til teksten.

image

Sidan eg hadde lova for lenge sidan å lesa dikt på Høyland, så gjekk eg glipp av trekninga i den kommunale kunstklubben i går. Eg hadde vore nede og sett to gonger, og hadde gitt Elise ansvaret for å plukka ut bilete for meg. For å vera heilt sikker på at eg skulle få eit bilete eg hadde vald sjølv, så hadde eg laga ei nummerert liste frå ein til tjuesju. Eg var nemleg trekt til å velgja som nummer tjuesju av nokon-og-seksti. Overraskinga mi var derfor stor og overveldande då eg fekk melding om at eg hadde fått førstevalet mitt. Eg var rett og slett usikker på om eg hadde forstått sms-en rett. Førstevalet når tjueseks andre skal velgja først? Har eg verkeleg så sær smak? Førstevalet mitt var biletet over, det einaste biletet av Gunn Vottestad i lotteriet. Eg har ønska meg eit av husbileta hennar lenge, ikkje fordi eg er spesielt oppteken av kunstnarnamn, men fordi eg liker dei einslege, litt skakke, nordnorske husa hennar så godt. Eg har drøymt litt om å ta meg råd til å kjøpa eit av dei, men at eg skulle vinna det i går hadde eg ikkje drøymt om ein gong… Bileta i stova vår heng litt etter «ledig-spikar-prinsippet», men kanskje me ein vakker og energifylt dag står der med målband og drill for å foreta små skånsame omplasseringar…

image

Sjølv har eg vore på kreativ gruppe denne veka og malt akvarellar. Det var veldig kjekt. Så langt får eg på ingen måte til å mala slik eg ville likt å kunna mala, men ein kan jo kosa seg med ein aktivitet utan å vera spesielt flink. Akvarellmaling er det så lite organisering med å få sett i gang, at det burde la seg gjera å bare rett og slett gjera det av og til bare fordi det er koseleg.

image

image

Nå sit eg her og koser meg med det eg prøver å læra meg heiter clementinar og ikkje mandarinar. Godt smakar det i alle fall, og i går fekk eg som sagt ein forsmak på adventtida. Det kjennest framleis som om det er lenge til både jul og advent, eg lærer aldri kor fort tida går. Enn så lenge trivest eg i november. I kveld får eg besøk av gode venninner, og lurer litt på kva eg skal finna på å servera dei. Før eg kjem så langt skal eg skriva nokre timar til.

Ha ein fin fredag og ei god helg.

Heidi

Alle mine mødrer

610471

I det det siste har eg lese mange bøker om oppvekst, og bøker der folk skriv om mødrene sine. I løpet av hausten har eg lese Anne B Ragde sine fargerike skildringar av mor si, og Tove Nilsen sine skildringar av far sin og mor si. Det slår meg kor utruleg mykje heilt ulikt innhald omgrepet «mor» kan ha. Alt etter kva ein har vakse opp med så kan normaliteten strekkja seg nær sagt til det uendelege, for alle kjenner me vår eigen barndom frå innsida, og tenkjer vel at det me har vakse opp med er det vanlege og normale. Det er og lett å tenkja på den barndomen ein har gitt eigne barn som ein heilt normal barndom…

Eg har og tenkt litt på ordtaket om at » It takes a village to raise a child.» Sjølv har eg i løpet av livet hatt fire personar eg rettmessig har kalt …mor, og alle har vore med på å forma meg og livet mitt, og til ei viss grad og barna mine. Først er det sjølvsagt rett og slett mor mi. Slapp av mor, om du av ein eller annan grunn skulle lesa dette. Dette er på ingen måte noko forsøk på å skriva biografien din, og slett ikkje etter modell av Anne B Ragde og dei andre. Eg kalte mor for mamma til eg var tre- fire år. Det kan eg godt hugsa at eg gjorde, men sidan ingen » store barn » på Jæren sa mamma og pappa stort lenger enn til dei hadde lært å snakka reint, den gongen på seksti- talet, så vart det fort skifta ut med det litt vaksnare ordet mor. Eg kan hugsa at eg syntest mor var vakker, og at ho lukta godt av noko frå ei sprutflaske som heitte yaxa. Mor brukte leppestift, og nokre av venninnene mine misunte meg å ha ei mor som brukte leppestift, for det hadde ikkje dei. At ho var ung då eg vart fødd, yngre enn mine døtrer er nå, tenkte eg ikkje over før eg vart vaksen.

image

Mi andre mor var mormora mi, som eg alltid har kalt bestemor. Ho hadde ikke fylt femtiåtte år då eg vart fødd, men eg tenkte alltid på henne som ei litt gammal bestemor. Ho gjekk i ermeforkle og hadde grått hår fletta i dult i nakken. At ho hadde ganske store helseproblem var noko eg aldri tenkte på og ikkje reflekterte over før eg var vaksen. Ho sleit med gikt, og gjekk ikkje lenger enn ein tur ut i hagen på fine sommardagar. Dei første fire åra mine budde me i det same huset, og så budde me i nabohuset i halvanna år før me flytta til Ålgård der eg vaks opp. Bestemor hadde ubegrensa med tid til oss barna, og ho kunne bruka heile dagar på å sy dokkeklær til dokkene mine eller fortelja om oppveksten sin på Figgen. Morfar var uføretrygda. Han var den som sykla til Bryne for å handla, laga middag og gjekk turar med oss ungane. Han kunne gjerne ta seg ein ekstra sykkeltur for å kjøpa brus og wienerbrød dersom det var ver for å sitja under parasollen i hagen og drikka brus og kaffi rundt det runde bordet. Bestemor var redd mangt og mykje og var ganske pysete på ein del ting. Dersom det skulle knusast egg på kjøkkenet gjekk ho inn i stova mens morfar gjorde det fordi rå egg var då ufysne. Bestemor sa at eg var heldig fordi eg hadde så veldig mykje fantasi. Eg forstod ikkje heilt kva fantasi var. I stova hadde ho eit gammaldags kabinett der me kunne spela 78-plater, og dersom eg var forsiktig fekk eg gjera det heilt sjølv, og musikken om «Hvite måke», » De nære ting» » Rosen og sommerfuglen»og » Møllerens Iren» fylde stova. Aller best likte ho sjølv å høyra Jim Reeves syngja «Adios amigo, adios my friend». Me forstod sikkert like lite sidan han song engelsk, men det forstyrra meg nok meir enn henne å ikkje forstå. Bestemor var min nære allierte til ho døydde nitti år gammal på sjukeheimen. Alle åra eg budde borte og studerte fekk eg brev frå henne kvar veke, og då eg flytta heim var eg på besøk minst ein gong i veka. Det hender framleis at eg drøymer at ho er i live, og at eg sit på kjøkkenet hennar og pratar med henne.

Mi tredje mor, farmor, var travelt oppteken arbeidskvinne. Ho stod tidleg opp og gjekk i fjoset før ho laga frokost og kokte egg. Så gjekk arbeidsdagane i eitt med matlaging, utearbeid, stell av høns, sal av egg, koking, baking, strikking og brodering. Medan bestemor sende morfar ut på sykkel for å kjøpa brød og bollar, bakte farmor alt brødet sjølv, ho laga kjøtkaker av kjøt og fiskekaker av fisk, ho kokte høner i timesvis på komfyren og hermetiserte pærer og plommer. Ho laga til og med isen sjølv, og dersom ho måtte, så trur eg nesten ho kunne stått for slaktinga sjølv og. Farmor sa ein gong til mor at husarbeid nok ikkje var det som låg mest for meg, og det kunne ho vel ha rett i. Hos farmor vart ein sett i arbeid, sjølv om det i grunnen bare var småting i forhold til alt ho sjølv hadde føre seg. Ho lærte meg å dekka bord og å vaska opp, eg plukka bringebær, gjekk på butikken og henta folk inn til middag. Eg hugsar ein sommar eg var der ei stund aleine at eg til og med klarte å henta inn kyrne frå beite og få dei på bås. Det hadde eg aldri tord nå, og då som nå syntest eg at kyr er ganske store dyr. Likevel var me alltid med farmor og farfar i fjoset når me var hos dei for å snakka og gå i vegen… Det gjorde inntrykk på meg at farmor og farfar kvar einaste dag etter fjosstell og frokost sette seg ned i stova for å høyra nyheiter og morgonandakt og at dei falda hender og bøygde hovuda under Fadervår. Dei to besteforeldreheimane mine var veldig ulike, men det var ikkje forvirrande i det heile tatt. Det var på den eine måten den eine plassen og på den andre måten den andre plassen og til saman gav det eit breitt erfaringsgrunnlag. Eg er djupt takknemleg for at farmor framleis er der, sjølv om ho sjølv seier at mykje ikkje er som før nå når ho snart er hundre år.

Den fjerde mor mi, var ho som vart svigermor mi. Ho forma meg sjølvsagt ikkje på same måten som dei andre, sidan eg av naturlege grunnar var vaksen då eg møtte ho, men ho var likevel det kvinnelege midtpunktet i noko som vart ein til heim for meg. Ho var Oslojente og oppvaksen i byen og hadde ein heilt annan erfaringsverden enn dei andre tre. Ho tok seg ubesværa fram på overfylde bussar så lenge ho var i stand til å gå på beina, og var på mange vis den mest sjølvstendige av dei alle. På trass av at ho på det punktet eg møtte ho var overlegefrue frå Bærum, så var ho eit av dei mest nøysomme og usnobbete menneska eg har møtt. Ho møtte og meg og dei andre svigerdøtrene med ein rausheit og eit storsinn som eg sette umåteleg stor pris på. Gjennom nesten tretti år rakk eg å bli godt kjend med henne, og eg er oppriktig takknemleg for at det vart akkurat ho som vart farmor til ungane mine.

For dei har og vore så heldige å veksa opp med fleire parallelle heimar, dei har kunna betrakta livet både frå vår stove og frå heime hos mormor og morfar og farmor og farfar. Dei har til og med blitt ganske godt kjende med oldemor i Vats, og dei to eldste har minne om oldemor på Bryne og. Det kan vera godt å ha fått med seg mangfaldet.

Då me flytta til Ålgård såg eg og at mødrer kunne vera heilt forskjellige, men dei aller fleste var varme, vennlege og interesserte. Det var flott å bli kjend med mor til Grete Iren, mor til Trude og mor til Torhild. Seinare vart eg kjend med mor til Karin, mor til Jane og mor til Rita. Dei var heilt ulike, men alle saman damer å bli glad i. Mor til Sissel fortener å bli spesielt nemnd. Der i huset følte eg meg nesten som ei reservedotter så godt vart eg motteken. Takka vera alle dei vaksne eg kjende fekk eg kjennskap til ulike kyrkjelege miljø, baptistar, pinsevenner, adventistar, noko eg sugde til meg som ein svamp. Takka vera besteforeldra mine føler eg meg knytta til bondelivet så vel som til arbeiderrørsla. Alle ungar skulle få oppleva å vera barn i forskjellige heimar, ein ser ting frå heilt andre vinklar så lenge ein er eit barn, og eg trur det gjer noko positivt med ein å oppleva mangfaldet.

Og dette er ei oppfordring til vaksne som les dette. Me har ein unik sjanse til å inkludera barn me blir kjende med i det som er kvardagsleg for oss og viktig for oss, ja rett og slett til å bli kjende med dei. Dei fleste ungar omgåst vaksne i meir profesjonelle settingar nå som barnehage, skule og SFO, og det er kanskje ikkje så vanleg som før at dei på ettermiddagstid går ut og inn av forskjellige heimar og lever liva til dei som bur der? La oss møta barna som heile menneske og trygge vaksne same om me er på jobb eller ikkje når me møter dei.

Dette vart ein lang tekst med utgangspunkt i at eg vart så inspirert av Anne B Ragde og alle dei andre. Eg veit at teksten har ei slagside sidan han omhandlar mødrer og ikkje gir så mykje plass til fedrene. Sorry alle fine mannfolk, det var slik det skulle vera akkurat i dag. Eg har lyst til å avslutta med eit av dei finaste mødre-dikta eg veit om, skrive av Marie Takvam:

image

Jord.
Mørker og mors mjuke lekam.
Håret hennar silande som tjære
mellom fingrane mine.
Lukt av hassel frå hårbotnen.
Hendene som strauk
over andletet mitt
raspa med moldherda hud.
Blomen min, vesle blomen min-
høyrde eg kroppen hennar kviskre
or natt og tung svevn.

Marie Takvam.

Midt i november

image I dag har eg brukt litt av føremiddagen til å rydda vekk ein del av blomsterpottene på verandaen. Det er eit litt vemodig arbeid, for først når eg rydda innsåg eg kor mykje arbeid og tankar eg la ned dit i mai og juni. Det skulle bli den finaste sommaren nokonsinne utanfor huset vårt.  Det vart det vel på ein måte, sjølv om langt frå alle frøa blei til blomar, og dei fem lyslyktene vart mykje mindre brukt enn eg hadde håpa. Paviljongen vart delvis tatt ned midt i august då dei melde storm, og etterpå har det blitt lite verandaliv. Men sommaren vart lang og god, og hausten har vore lang og fin. Noko blømer faktisk framleis, så noko skal få lov å stå litt til. Som med alt anna, så likar eg mykje betre å stella i stand enn å rydda opp att etterpå.

image Litt utpå dagen tok me ein snartur inn til Stavanger. Det er så koseleg å vandra litt i gatene på lørdagar. Eg kjøpte meg akvarellskrin, papir og penslar, for nå har eg lyst til å prøva meg litt med akvarellmaling. Det er lenge sidan sist, men eg likte det veldig godt då eg gjekk på kurs for sånn ca tjuefem år sidan. Det var forresten nesten litt surrealistisk å sjå at det allereie er julepynt i gatene og butikkane. Det et rart å sjå verda pynta til jul medan eg framleis har blomkarse i beda og prestekragar i verandapottene. Jula kjem tidlegare og tidlegare, og sommaren ser ut til å ha vart lenger enn eg nokon gong kan hugsa å ha opplevd. image Etterpå gjorde me noko for oss sjølv ganske uventa. Me drog innom IKEA ein tur for å kikka litt på ein lenestol, me opprinneleg hadde tenkt å kjøpa til stova, men då me fekk dei andre møblene, fann me ut at me ikkje hadde plass. Merkeleg nok var stolen nedsett med tjuefem prosent akkurat i dag, og plutseleg hadde me kjøpt han likevel, me hadde faktisk kjøpt to… Ikkje spør kva som gjekk av oss, men nå når me har hatt mykje familie på besøk, så ser me at me ynskjer oss gode plassar å sitja for alle som er innom. Stolane er veldig gode å sitja i, det gjeld bare å finna plass til dei… image Det blir vel ein orden her til slutt… Nå sit eg her og kosar meg med ein kjælen katt ved kneet og opninga av kulturhuset Stormen i Bodø, på skjermen. Det ser ut til å vera eit fint hus, og programmet er flott. Akkurat nå spelar Leif Ove Andsnes så fint for meg og for dei andre som kikkar på. Den som kunne spela som han… Heidi

Kreativitetsarbeidar

image

Den eine delen av jobben min er i beste fall noko bortimot ein vanleg jobb, den andre delen av jobben handlar mykje om å vera kreativ. På ein måte er det den beste delen, men samtidig er han nokså uhandgripeleg, og vanskeleg å fanga eller avgrensa. Dette arbeidet ligg i skjeringspunktet mellom leik og hardt arbeid, draum og vaken tilstand, konstant tankearbeid og strukturert arbeid ved skrivebordet.

Akkurat nå held eg på med å skriva ei stor forestilling som tiandeklassingane i kulturskulen skal setja opp like før påske. Eg samarbeidar med sju elevar frå tiandeklasse, eg kjem nettopp frå eit skrivemøte, det er spennande, inspirerande og krevande på same tida fordi me begynner frå ingenting, og det heile skal munna ut i ei veldig stor forestilling som skal visast for alle skulane i kommunen. Det er veldig kjekt å samarbeida med femtenåringar, det kan eg lika. Dei er flinke og kreative og temaet for forestillinga overraska meg litt. Det er djupt, seriøst og litt trist, men me må klara å få vinkla det slik at det blir varmt og humoristisk og. Kva temaet konkret går ut på, torer eg ikkje å skriva her endå, for det er ikkje offisielt.

image

I dag kom det ein liten kreativitetsfugl tilbake til meg i form av ein tekst eg har skrive for lenge sidan, som Randi Engelsvold og bandet hennar har laga melodi til og sunge inn i plateversjon. Eg veit ikkje når det blir lagt ut for at alle skal få høyra, men eg likte det veldig godt, og eg gler meg til å dela det med fleire.

Så driv me og lagar personalrevy. Eg, Jan Ivar og Helen har jobba ganske mykje i det siste, og i morgon på planleggingsdagen, skal me presentera arbeidet vårt for resten av kollegiet, og så skal me etterkvart begynna å øva. Me skal visa det ein gong før sommarferien. Elevane våre, foreldra deira og kolleger i grunnskulen utgjer i første omgang målgruppa.

image

I dag kom eg meg aldri heim frå jobb, det vart bare eit kvarter med beina på bordet, men lyset rett utanfor var fantastisk fint, og livet drog til med ein dobbel regnboge. Her heime er Halvard på besøk frå studiene i Oslo. Eg har ligge på ein av dei nye sofaane med føtene høgt og auga lukka og høyrt han spela piano. Slikt kan eg og lika.

image

Så lagar me forestilling med andreklassingane våre som snart skal visast, og det skal det og skrivast litt tekstar til. Innimellom jobbar eg med eigne tekstar og førebur opptredenar, to av dei i lag med Torhild. Så held eg jo på med ei lærebok i skapande skriving og to-tre biletbøker, men det blir lett litt meir nedprioritert enn eg eigentleg skulle ynskja. På ein måte tek hovudet aldri heilt fri frå kreative oppgåver, samtidig er det eit sterkt element av leik i det. Eg er heldig som får driva på med desse tinga. Eg gløymte viss å nemna skriveklassen min i kulturskulen. Eg skriv alltid saman med elevane, det er fint å vera i kreative prosessar saman med dei eg skal undervisa. I kveld trur eg jammen at eg avsluttar med ein tekst eg skreiv på tysdag. Av alle ting tok me utgangspunkt i overskrifter frå vekeblad. Det viste seg å vera veldig spennande.

image

Alt kviler i blått,
i det lyseblå og det blåsvarte.
Bare månen er vaken.
Natta drøymer.
Eg vakar saman med månen,
nokon må ta den jobben og.
Eg omfavnar livet,
og tenkjer milde tankar,
medan eg ventar på at klokkene
i det høge tårnet skal vekkja morgongryet.
Eit ding for alt det gode,
eit dong for alle sorger,
medan morgonlyset dreg gardinene til sides
for dagen og alt det nye.

Heidi

Haustbesøk i blåsbortver

image

image

Eg liker at folk er spontane. Eva Mari hadde fri nokre dagar og bestemte seg for å hiva seg i bilen saman med den irske setter-valpen og kjøra femti mil for å besøkja oss. Slikt kan eg lika. Ho kom akkurat tidsnok til å få sjå stova vår utan møblar og vera med og møblera litt. Ho er flinkare enn meg til slikt.

Me har lese bruksanvisninga for korleis ein skal behandla nye møblar og ledd av det me såg. Møbler i ullstoff bør ikkje stå i sollys, dei kan bli misfarga av at folk sit i dei med dongeribukser, og ein del bukcer har eit så hardt parti der baklommene er festa til buksa, at det på sikt vil forårsaka stor slitasje på stoffet. I tillegg vil naturleg fuktigheit frå menneskekroppar gjera stoffet surt, noko som og kan føra til stygg slitasje. Dersom det blir sølt på stoffet bør ein straks koma springande med ei skei eller ein butt kniv eller annan eigna reiskap for å skrapa forsiktig før ein går laus på punkt to i flekkfjerningsprosessen som er avhengig av kva ein har sølt. Dei gjer og merksam på at dongeristoff kan skjula mykje sand, jord og støv som kan tæra på tekstilane og føra til slitasje.

Dette gjaldt ikkje bare vår sofa, men møbelstoff generelt. Dessutan burde ein flytta møbelet rundt i romet for å ikkje få statisk belysning, og ein burde vakta seg vel for å setja seg same staden kvar gong, og dermed bidra til ujamn slitasje.

Så dersom de lurer på korfor det alltid er føretrekt hos oss, så er det fordi me vil unngå falma møbelstoff. På grunn av nyslipte golv, vil me ikkje sleppa inn nokon på sko med hælar, og for å unngå slitasje grunna dongeribukser har me kjøpt inn eit lagern pyjamasbukser i størleik XXl slik at dei burde passa alle. Desse kan regulerast med strikk i livet, og kan brukast utanpå eller i staden for dongeribuksa ein er uvøren nok til å ha på seg når ein går på besøk.Dersom me i tillegg unngår alt som kan flyta og smula i nærleiken av sofaen, så vil det vel helst gå godt.

image

image

Me har ikkje lese bruksanvisningen på spisestuebordet endå, så enn så lenge går me ut i frå at me kan setja mat på det, og det har me og gjort.

image

Elles har me fått med oss mykje kjekt. Me har vore på førjulsmarknad i smiegarden, der det var mykje fint å sjå på, til dømes ikon i gyldenlær.

image

Og teikningar av mopsar… I tillegg var det mykje anna fint handtverk.

image

Dei selde og heimelaga tradisjonell mat, og me kjøpte med oss vannkringler, syrekake, ambrosiabrød og krotekake. Etterpå drakk me kaffi hos Gerd og smakte på godsakene.

image

Men først handla me i handverksbuene på Torgsenteret. Og Olinda tipsa oss om at øverst i Tubakken og litt lenger kunne me få kjøpt dei mest fantastiske stoffa til dei som har lyst til å sy. Det måtte me kikka nærare på.

image
image

Eg fekk frykteleg lyst til å sy barneklær, så dit må eg nok tilbake til. Eg fekk med meg litt fie fløyelsband og fine knappar, så eg har litt å leggja i hyllene mine.

image

image

image

Elles så er eg og Eva Mari eit ganske handlekraftig team når me slår oss saman, så me har og fått med oss eit par strandturar i «blåsbortver», ein bytur til Stavanger og eit par filmar på netflix. Det har vore herleg avslappande å ha besøk. Nå er ho og Lara på veg heimover igjen, og eg brukar dagen på å skriva og gjera klar til ei lita farsdagsmarkering for far med kaffimat frå Smiegarden. Livet kjennest godt.

Heidi

Erter og hvete og ligge i silkeseng

image

Dei siste dagane har eg ledd litt for meg sjølv, medan eg har strekt ut ryggen,som er litt øm etter forsøka på å bera dei blytunge nye møblene våre opp i stova. Etter ein månad utan møblar i stova, me visste ikkje at det var så lang leveringstid på dei, er me igjen i ferd med å få det ein rett og slett kunne kalla «et møblert hjem»…

Grunnen til at eg har ledd er tanken på det gamle gode eventyret om «Grisen og levemåten hans», som eg først fekk sansen for i godt vaksen alder. Det handlar om grisen som var lei av å ha det som ein gris. Han gjekk til den store domaren som gav han medhald i at han hadde då rett til å ha det som folk han og. På vegen heim gjentok han dei nye premissane for seg sjølv og gjekk og mumla: » Erter og hvete og ligge i silkeseng». Dessverre skjedde det noko. Etter kort tid fall han inn i sine gamle vanar, og vart gåande og mumla for seg sjølv: «Skyller og rask og ligge i boss». Sjølvsagt ende den stakkars grisen med å eta skyller og rask og å liggja i boss, fordi det var det einaste han var i stand til å fortelja seg sjølv om seg sjølv.

image

Dyre møblar har ikkje vore vår førsteprioritering, og interiør og husarbeid har aldri vore vår lidenskap. Visst har me likt å ha det koseleg rundt oss, men det har meir vore av typen blomar på bordet og levande lys i eit barmhjertig støvskjulande halvmørke. Stova vår har vore av det slaget der dyr og småbarn ikkje har kunna gjera større skade… Nå har me med god hjelp fått huset, etter vår standard, rimeleg reint og ryddig, og me har gått til innkjøp av nytt spisebord og to grå ullsofaar frå Bolia. Om det går med oss som med grisen, er ikkje godt å seia, men me får gjera eit ærleg forsøk på å driva heim i ein litt meir møblert utgave, og håpa at me ikkje lengtar alt for mykje etter den oransje nedslitte sofaen med vaskbare trekk frå IKEA. Trekka har faktisk blitt vaska to gonger i året, men det skulle ingen ha trudd… Sofaen er nå ikkje lenger vekke enn i stova på loftet når sant skal seiast… Kanskje kjem me til å leva kvardagslivet vårt der…

Så nå held me på med å venna oss til å bu i vår eiga stove, det er blitt fintder, og me kjenner oss ikkje heilt igjen. Det går seg til utan tvil, og Bonytt ringer nok ikkje på døra denne veka heller.

image

At eg får ei stove som er for fin til å brukast, er vel i grunnen lite truleg. Kan nokon forresten vera så snill og stoppa meg om eg utviklar for mange symptom på «støv på hjernen»? Det er i grunnen noko av det siste eg vil pådra meg. Det må vera ein tidkrevjande diagnose.

Heidi