Gå til innhald
Bilde

Kalde dagar med katt på skrivebordet

vindmøller

Foto http://www.flickr.com/photos/ochristian

Veret har vore stabilt kaldt ganske lenge nå. Dette er slikt vinterver eg kan lika. Sol, blå himmel og minusgrader, med tørre vegar som ikkje er glatte å kjøra på eller gå på. Biletet over er teke av Odd Christian som fotograferte soloppgangen ein morgon. Vindmøller er eit diskutabelt tema, men eg synest faktisk at dei er ganske vakre. Framleis er det mørkt kvar morgon og eg startar dagen med mange levande lys på kjøkkenbordet og eit stort krus svart kaffi. Dersom eg har tid les eg litt og frå bøker som gjer at eg er litt betre i stand til å møta dagen, og som kanskje kan gjera meg litt klokare. For tida er desse bøkene skrivne av Magnus Malm og Martin Lönnebo, og i tillegg har eg nokre lyrikkbøker der. Nå skal eg ikkje skryta på meg å vera ein slik person som er oppe grytidleg for å jogga, rydda huset og gjera andre, sikkert nyttige ting før dagen startar. Tvert i mot så er eg kjempetrøytt når vekkjerklokka kallar til dåd, og min første bevisste tanke kvar einaste morgon er at i kveld skal eg verkeleg leggja meg tidleg. Eg står likevel relativt tidleg opp, for å ha tid til å slusa meg inn i dagen på ein nokonlunde skånsom måte, og stearinlys og svart kaffi er ein viktig del av det heile på same måte som bøkene. Same kor travelt møblert livet mitt har vore, så har eg alltid funne tid til å smuglesa bøker. Eg trur knapt det har vore ein einaste dag i livet mitt frå eg var fem år og lærte å lesa at eg ikkje har hatt fylgje av ei bok.

Denne veka har eg brukt mykje tid på biblioteket fordi eg har teke i mot grupper av barn for å visa og formidla utstillinga «Fantasi og utopi», som består av seks modelelr av ganske kreative framtidsbygningar, teikna av ulikearkitektar. I dag hjalp Guri meg med å pakka saman utstillinga for siste gong etter at eg har vist ho fram i fjorten omgangar. Det er alltid litt vemodig å pakka ned ei utstilling, for etterkvart får ein eit ganske nært forhold til ho. Det er fjerde omgangen eg har fått lov til å vera formidlar for kunst frå Nasjonalmuseet, og det har vore veldig kjekt. Då eg utdanna meg til formingslærar vart kunsthistorie yndlingsfaget mitt, og dersom eg skulle studera vidare nå ville meir kunsthistorie stå høgt på ønskelista. Det er ein veldig fin kombinasjon med kunst og forteljing, og eg må nok innrømma at eg har meir fagleg tyngde i forteljarteknikk enn i kunsthistorie. Det har i alle fall vore ei spennande erfaring å fuska i eit fag eg eigentleg ikkje kan så godt.

Og det nye biblioteket vårt er ein fantastisk plass å vera på. Personalet er positive og kjempetrivelege, og folk kosar seg verkeleg der. I tillegg til dei som faktisk er der for å låna bøker, kjem folk dit for å jobba med studier, surfa på internett, lesa aviser, høyra foredrag eller drikka kaffi på den vesle franske kafeen som finst der. Biblioteket er i same bygget som det fine nye Garborgsenteret, og deler av lokala er sambruk mellom desse to. Inne i sjølve biblioteket står hyllene på hjul og ein kan lett rigga til små opne areal mellom hyllene der ein for eksempel kan ta i mot barnegrupper og visa fram ei utstilling. Det er godt å vera der det finst bøker, og vanskeleg å la vera å bera armane sine lange og ømme av bøker ein får lyst til å kikka nærare på heime. Dersom det ikkje hadde inngått så mykje systemarbeid i bibliotekyrket, så måtte det vera utruleg kjekt å jobba ein  slik plass.

Litt anna har eg då fått gjort i tillegg, for eksempel å vera omtrent som vanleg på dei vanlege jobbane mine. I går fekk eg til og med kjøpt meg nye vintersko på sal. Full av overmot bad eg ekspeditrisa om å kasta dei gamle lilla vinterskorne frå Gudrun Sjöden, som var så skeivgådde etter dagleg bruk i lengre tid at eg når som helst risikerte å brekka anklane på dei. Sjølvsagt angra eg litt etterpå. I dag var eg innom Jane og kjøpte eit fantastisk ullpledd med sauer på. Dessverre klarte eg å sovna framfor idol med ein kaffiskvett i kruset eg haldt i handa, sjølv om eg akkurat hadde tenkt at det måtte eg ikkje gjera… Eg har strevd med å få av kaffien på ein mest mogleg skånsom måte, men det var faktisk ikkje heilt lett… Sikkert bare meg som kjem til å sjå det… trøystar eg meg med.

Det har blitt mindre oppdatering av blogg enn eg hadde tenkt, for dagane er kortare enn eg gjerne ville dei skulle ha vore. Eit av dei få nyttårsforsetta mine, er å jobba litt med diktskriving kvar dag. Eg har fått så veldig fine tilbakemeldingar på diktboka mi, og det er eg så glad for. Det motiverer meg til å gje diktskriving ein større plass i livet mitt, for eg kjenner det er noko eg verkeleg vil. Det er ikkje ofte eg klarer å leva opp til morgontanken om å leggja seg tidlig. Ofte må eg konstatera at det i beste fall kan bli seks timar med søvn før vekkkjerklokka ringjer, og eg trur vel det er litt i minste laget. Korleis få tid til å sova nok er faktisk ei relevant problemstilling, som eg innbiller meg at eg ikkje er aleine om å kjenna på… Det er verkeleg ein kunst å møblera livet sitt. I det siste har eg fått veldig mange spørsmål om å vera med på dei merkelegaste ting. Ordet nei er ikkje alltid like langt framme på tunga, men eg er blitt flinkare. Akkurat nå har eg tenkjetid til mandag med å svara ja eller nei til ei oppgåve som er så pass spesiell at det kanskje er dumt å seia nei… Me får kjenna litt etter… Nå sit eg og held tastaturet i lufta medan eg skriv for å halda bokstavane unna det pelskledde og malande vesenet som absolutt vil skriva litt h0 og. Innimellom skrivinga må eg bruka tid på å ta vekk kryptiske katteord… Korfor får ho ikkje den katten ned frå skrivebordet? spør du hoderystande… Nei sei det du…

Heidi

Bilde

Mitt liv som kunstformidlar

Klovn

Denne klovnen fekk eg av mi gode venninne Astrid sist eg fylde runde år. Han har ingenting anna med dette innlegget å gjera enn han får vera med her for å representera kunsten i heimen, og fordi eg likar klovnar og narrar, og av og til identifiserer meg med dei i ganske stor grad. Eg seier som Bjørn Eidsvåg: «Eg lure på om det e klovnar me e, te allmenn lått og løye, men får me sjå små miraklar som skjer, så får det´kje ver så nøye…

Men altså: Dei siste sju åra har eg vore så heldig at eg har fått reist litt rundt på skulane i kommunen i diverse kulturelle oppdrag. Først reiste eg og Jan Ivar rundt med forteljarteateret vårt om HC-Andersen i sånn ca fem sesongar gjennom «Den kulturelle skulesekken». Dei siste tre åra har eg fått vist kunstutstillingar frå nasjonalmuseet, det og delvis i samabeid med «Den kulturelle skulesekken», og i fjor hadde eg eit kommunalt oppdrag med å reisa rundt på skulane og fortelja om Arne Garborg sin barndom. Nå i januar bruker eg fem arbeidsdagar på å visa arkitekturutstillinga «Utopi og fantasi», som er seks modellar av arkitektoniskeframtidsfantsiar. Kan framtidas plassproblem løysast gjennom å laga hus under vatnet, laga landskap i fleire etasjar, eller kanskje gjennom å laga  vandrande byar med plass for tjuetusen, som ein kan flytta på dersom katastrofa skulle slå til eller klimaet visa seg å bli umogleg?

Når ein kjem så langt som til formidlinga, så er det heile bare triveleg. Eg liker å koma til naboskulane, og føler meg utruleg godt motteken overalt. På alle skulane er det blide og vennlege kolleger som byr på kaffi på personalromet, som kjem med oppmuntrande tilbakemeldingar, og som gladeleg hjelpar til med beringa av bord og kassar. Det er triveleg å gå på besøk for å sjå korleis dei andre har det, og det er veldig kjekt å låna ei elevgruppe for ei felles oppleving. Erfaringa mi er at dei fleste elevane set pris på at det hender noko utanom det vanlege.  Problema med slike opplegg ligg mest i forkant. På eit eller anna punkt spør ein seg sjølv, «Neimen, kva er det eg har teke på meg nå då?» Så har det heldigvis skjedd  kvar einaste gong fram til nå at oppgåva opnar seg, og at eg plutseleg ser for meg akkurat korleis eg skal gjera det. Så er det bare å leggja ned ein bit av sjela si gjennom å ta seg tid til å laga eit opplegg som ein trur kan fungera, og så perfeksjonera det gjennom å gjera det same veldig mange gonger. Den første runden er kjempespennande, for det er då det vil visa seg om ein har klart å snekra saman eit opplegg som fenger forsamlinga-.

For min del er den største utfordringa noko som sikkert kan forundra folk som ikkje kjenner meg så godt; Eg er rimeleg trygg på formidlingsparten og at eg skal kunna gjera det på ein skikkeleg måte, det som verkeleg kan bekymra meg er det praktiske opplegget, og meir enn noko korleis eg skal koma meg dit eg skal. Så lenge eg og Jan Ivar reiste i lag, var det ikkje noko problem, for då var ham sjølvskriven sjåfør når me bare hadde klart å lasta alle kostymekassane, høgdehoppstativet me spende lakenet til og våre eigne kostyme og rekvisittar inn i bilen. Då var eg lite stressa på ver og føreforhold. Den nye situasjonen når ein reiser aleine ,er at det plutseleg ein morgon kan vera blank holke på dei vegane eg må forsera, eller kanskje ein liten snøstorm på veg?  Eller tenk om eg rotar meg vekk og bommar på vegen mellom skulane slik at eg ikkje rekk fram i tide mellom to økter? Den siste veka har eg lese «www.yr.no» fleire gonger kvar dag for å konstatera kvar gong at det var venta frost, og dermed ein viss sjanse for verkeleg glatte vegar natt til i dag. Minusgradene kom, men denne gongen heldigvis utan det glaserte belegget som i sist veke plutseleg låg som ei livsfarleg hinne overalt. Det eg ikkje hadde hatt fantasi til å tenkja på ein gong var dei låge motsola mellom Lye og Hognestad, som plutseleg var eit resultat av at naturen slo til med strålande vakkert vinterver, men fram kom eg, og fint var det alt saman. Denne veka skal formidlinga foregå på biblioteket der kassane nå er trygt plasserte, så eg treng ikkje bruka bil i det heile tatt.  Det siste er rett og slett ein ganske befriande tanke. Eg blunkar stort sett ikkje for å stå framfor store forsamlingar og utføra dei merkelegaste oppdrag, men be meg om å kjøra ein strekning på ein glatt bygdeveg, navigera i ei ukjend bykjerne eller å kjøra motorvegen til næraste storby, sjå då er det ikkje spesielt mykje guts i meg… «Eg lure på om de e klovnar me e…»  Livet er godt, og det er ufatteleg deilig at det er helg, og at eg ikkje skal bruka vekjarklokke i morgon tidleg…

Dette nederste biletet heng og i stova mi. Gjengjevinga er dårleg, men fargane er flotte- Eg kjøpte det i Roma på Piazza de Navone.  Kunstnaren heitte Morelli til etternamn. Eg vart så fascinert av det namnet at eg nesten må skriva ei biletbok om hr Kunsthandlar og kunstmalar Morelli ein gong… Akkurat som eg nesten føler meg forplikta til å skriva ei biletbok etter at eg oppdaga at det gjekk an å heita Dunkert til førenamn.  Ser du ikkje for deg boka om dei tre små mennene Dankert, Dunkert og Walter? Ein skulle hatt lenger netter så ein kunne fått henta ned alle desse bøkene frå fantasien til tastaturet. God helg alle saman…

Morelli

Heidi

Bilde

Pakka jula vekk

julekrybbe

Slik  var julekrybba vår i år, med biletet som Sunniva tok av farmor og farfar for eit år sidan som ein del av det heilage. Krybba har danske, ganske humoristiske figurer som eg har kjøpt for eit par år sidan. Eg liker ho veldig godt. Då eg pakka saman julepynten dukka det opp minner frå då eg gjorde akkurat det same i ein heilt annan setting i lag med mi bestemor ein gong på sekstitalet. Minna kjem her:

Nå er det den dagen juletreet blir teke ned, og alle  englane som er bare juleenglar, blir pakka inn i tynne raude serviettar og lagt i plastkassen. Ein gong for lenge sidan sat eg på golvet medan bestemor sat i stolen sin og pakka dei veldig fine knuselege juletrekulene, dei ein ikkje måtte  finna på å ta for hardt i, ei og ei inn i appelsinpapir som det stod «Jaffa» og «Tre musketerer på» . Nå lurer eg på kor tid eg sist såg eit appelsinpapir. På platespelaren ligg det ein liten stabel plater som dett ned ei og ei. Den sprakande stifta dansar runddans med Adios Amigo, Ados my friend, med Jim Reeves, som datt ned i eit fly, men først var han på besøk i Norge. Bestemor liker Jim Reeves best av alle, endå ingen av oss forstår kva han syng om. Etterpå spelar me dei andre platene: «Hvite måke, hils mine kjære» og «Møllerens Iren».

«The road we have travelled, will come to an end, adios amigo, adios my friend. » Det er andre vegar enn Jim Reeves sin som har kome til ein ende, og først nå forstår eg orda i songen. «Adios amigo, adios my friend.»

Eg syg minnene i meg som dei sure appelsinene me skar topploket av og stappa i sukkerbiter oppi heilt til dei var bare søte, og når eg tenkjer etter så  hugsar eg framleis nokre av figurane eg fann i malinga på dodøra i kjellaren.

Dei kvite bokstavane på etiketten midt i plata snurrar rundt og rundt, og ser bare ut som kvite striper medan Nora Brocksted syng  «Det som skjer, det skjer.» Eg spurde bestemor om det same, kva eg skulle bli, og ho smilte tannlaust til meg, og teikna i minneboka mi den same jenta som ho hadde teikna i mor si minnebok, ho som eg likte så godt, som haldt ein stor bamse. Det var uendeleg trist med «Rosen og sommerfuglen». «For sent, for sent for nå var rosen død.» «Nå har jeg selv fått barn som spør,» kanskje eg og skulle få det ein gong, barn som spør, det er ein rar tanke. Då kan eg seia som i songen «Det som skjer det skjer.»

«Den siste rosen stod i dagens blå, da hun den siste sommerfuglen så.»  Og så var det «Jim, Johnny og Jonas» med den fine gitarmusikken. Me tok den store papirstjerna ned frå brystvinduet, og pakka saman papirkyrkja som var i fleire nivå og ein gong var blitt bestilt gjennom eit vekeblad.

Me klipte ut jenter i matroskjole frå omo-pakkane og la dei i ei øskje, bestemor var flink til å finna fine ting å klippa ut. «For sent for sent for nå var rosen død», og den utklipte katten i avispapir kikkar ut frå veggklokka i litlaståvå- Før hadde bestemor mange kattar, men ikkje nå lenger. Eg er fødd for seint til å oppleva kattane. Nå er det bare den i avispapir inni klokka. » There´ll be bluebirds over the white cliffs of Dover, tomorrow, just you wait and see.»

Det snødde i plastboblene med englar og juletre, og ute på ein staur hang det eit julenek. Så stor kjærleik heilt utan atterhald, bestemor visste sikkert ikkje at ho henta magi opp frå dei store forklelommane, og at ho hadde magi på platespelaren sin i det store spelekabinettet. Eg og ho bløytte kavringar i svart kaffi og åt dei med teskei med kald margarin på. Det hender at eg framleis heller kaffi over kavringen.  Og let Jim, Johnny og Jonas «dra i sin eventyrverden til skumringen kaller dem hjem.»

Heidi

Post mortem.

Kofte svigerfar

 

Du rakk å bli kasta jord på,

før det av mayaindianarar profeterte øyeblikket

verda hadde frykta i årevis,

då jorda og alt dens vesen

klokka tolv minutt over tolv

tjueførste desember to tusen og tolv

skulle gå under.

*

Du ikkje bare blitt kasta jord på,

korsteikna og velsigna,

og grått for,

du låg i kista

omringa av blomar. ¨

*

Tidspunktet kom

trompeten

og den elektriske gitaren

var framleis

midt i deilig er jorden,

sånn omtrent på

”Slekt skal følge slekters gang.”

*

Eg kikka ned på klokka mi,

den med rosa gummireim,

som gav meg utslett på handledet,

konstaterte at om klokka gjekk rett,

noko eg meinte ho gjorde,

så skulle slekt framleis fylgja slekters gang,

og tider både koma

og henrulla.

*

Der sat me i det minste gravkapellet,

jentene mine hadde gitt frå seg stolane

til nokon som trong dei betre.

Di stod bakerst i lokalet,

hutra litt i korte, svarte kjolar.

*

Me vart ståande ved kista di

før me tok med oss blomar

for å leggja ut

på dei snødekte nye gravene

saman med brennande lys

*

På gjestgiveriet

sette dei blomane i vasar

og serverte smørbrød med laks

og med reker og fin smelta ost.

*

Talane blanda seg

med ostekaka og varm kaffilukt,

med bunadskledde servitørane

med finsk aksent.

*

På veg inn til kyrkjegarden ramla eg

og slo hol på kneet

akkurat slik eg pleidde å gjera

då eg var fem år,

det vart tre hol

på kneet av strømpebuksa

den nye i tynn ull,

den som skulle vera så sterk.

*

Snølaget låg tjukt og mjukt

som eit vernande teppe om gravene,

Framleis var dei eine tom

bare støtta var på plass.

Du skulle rekka å koma

til siste kvileplassen

saman med henne,

ho du ikkje kunne leva utan.

*

Den siste biten skunda du deg,

du gav slepp på livet

og sovna inn til gitarsoloar,

og fleire hender

enn du kunne klara

å halda fast i.

*

Då me nådde fram til deg,

hadde du lagt kroppen att,

me såg han,

og såg at den hadde ingen

lenger bruk for.

*

Kroppen låg att,

i ei av dei velbrukte

flannelsskjortene dine,

dei gav deg ein kvit ansiktsduk

og lukka døra for livet

for aller siste gongen.

*

Eg kviskra farvel,

og tenkte på dei russiske songane dine,

og alle gjetteleikana

om kven som kunne ha skrive

lange lyriske linjer

som du alltid siterte etter minnet.

*

Så langt

og så kort

kan eit menneskeliv vera.

*

Dei kvite blomane

stod der

i sin bleike uskuld,

og den vennlege begravelsesagenten,

han me brillene,

som me nesten var blitt litt kjende med

det siste året,

gjorde oss diskret merksame,

på at dei snart venta eit nytt fylgje

med andre sørgjande.

*

Me nikka forståande

og gjekk ut døra

med armane fulle av blomar.

*

Det var glatt ute.

Heidi

 

Godt år to tusen og tretten!

Nyttår

Romjula har gått alt for fort slik feriar har ein tendens til å gjera. I nyttårshelga hadde me ein firbeint nyttårsgjest ekstra i heimen, og på nyttårsaften var me på kjempekoseleg nyttårsfest hos Arne og Hilde med kalkunmiddag, og dette fantastiske kake og dessertbordet ein gong utpå natta etter at alle hadde klemt einannan og ønska alt godt for det komande året og skåla for framtida i sjampanje i forskjellige variantar med og utan alkohol. På første nyttårsdag vart gjesten henta, me åt meir av kransekaka og smelte smellbongbonfar før me putta dei siste ringane i fryseboksen. Nå er det slutt på det søte livet, og me går inn i heilage, allminnelege kvardagar med fornuftige aktiviteter og rimelege leggetider… Siste kvelden med Sunniva heime sat me tett saman i TV-sofaen og såg ein spelefilm og ein dokumentar. I dag reiste ho tilbake til skulen sin og er nå vel framme. Eg har hatt ein ganske lang planleggingsdag i kulturskulen og stranda i sofaen med hovudverk der eg sovna og tok att litt forsømt nattesøvn. I kveld har eg førebudd utstillinga «Utopi og fantasi,» ei arkitektutstilling eg skal rundt i sjetteklassane i kommunen med dei komande tre fredagane og ein enkelt torsdag. Så har ein landa midt i det vanlege livet att. Vegane var i dag glaserte med eit islag med regnvatn oppå. Eg tenkte på både brukne handledd og bein der eg stavra meg av garde til den første arbeidsdagen i året. Eg vil strekkja det så langt som til å seia at eg takka Gud for broddane under skorne som eg brukte for første gong. I dag fungerte dei. Me ser framtida lyst i møte, sjølv om den avlyste dommedagen nå er avløyst av nye rundar med svineinfluensa. Godt år alle saman. Måtte alle gode dører opne seg, og alle gode ting skje og skje.

nyttårsdag

Heidi

Bilde

Sundag i juleveka to tusen og tolv

Juletre engel

Då jula kom, kjende eg at eg var ganske trøytt, så det har vore godt å ta det litt med ro. Mellom anna har eg fått lese tre bøker som eg med dette vil anbefala. Alle tre har gjort sterkt inntrykk på meg. Den første boka fekk Sunniva til jul av meg fordi ho hadde ho høgt på ønskelista. Boka heiter «Uteligger», og er skriven av Ole Martin Holte. Forfattaren, som er sosionom, og i utgangspunktet Fransiscanermunk, har vald å leva tre somrar som uteliggjar. Dei to første somrane var han i Oslo, og den tredje i København. Det var viktig for han å leva akkurat på same måten som dei andre som levde på gata. Den største forskjellen er at dei fleste av dei andre var tungt rusavhengige. Det var både hjarteskjerande, interessant og underleg å lesa om erfaringane hans. Det som kanskje gjorde størst inntrykk var å lesa om kva det gjorde med sjølvkjensla og sjølvbiletet å bli behandla som pariakaste. Av mange forbipasserande og andre ein kjem borti blir ein rett og slett behandla som eit menneske utan menneskeverd, som nokon ein kan kasta ukvemsord til, sparka etter, openlyst visa vemmelse over, og nesten spytta på. Som Sunniva sa det,  ho fekk nesten lyst til å omfavna folka som lever på gata og fortelja dei at dei er menneske med stor verdi. Dette er ei bok som eg faktisk synest at dei aller fleste bør lesa sjølv, kanskje det er det næraste du kjem å koma på innsida av eit menneske nederst på den sosiale rangstigen, ein stige me aller helst vil benekta eksistensen av.

Dei andre to bøkene er skrivne av den svenske frikyrkjepastoren Tomas Sjödin. Han og kona opplever at to av dei tre barna deira viser seg å vera fødde med ein til nå ukjend og progregerande hjernesjukdom, som gjer at barna først er seint utvikla, så gradvis misser det dei har av språk og førligheit og til slutt blir totalt pleietrengjande før dei døyr i ung alder. Den første boka heiter «Når trærne mister bladene blir utsikten fra kjøkkenvinduet bedre.» Dette er kloke og livsnære bøker om korleis det er å leva med aloverleg sjuke og funksjonshemma barn, bøker om sorg, livsglede, pågangsmot, smerte, uro og sjelefred. Eg synest eg er blitt litt klokare av å lesa desse bøkene og. Eg har jobba mykje med funksjonshemma barn, men er veldig klar over at det å vera foreldre er noko heilt anna enn å vera nær dei på andre måtar. Den erfaringen eg deler med Tomas Sjödin er at det å vera saman med funksjonshemma barn fører med seg ei eigen glede som det ikkje er så lett å setja ord på.  Saman med dei er det andre verdiar som tel enn dei ein ofte blir eksponert for elles i livet.

Ei fjerde bok. som eg ikkje hugsar tittelen på, smuglas eg deler av i ein bokhandel for eit par dagar sidan, boka handla om det å utvikla alzheimers sjukdom, og var opplevde erfaringar frå ei dame som eg meiner jobba som prest då ho vart sjuk. Ho har jobba saman med ein forfattar som skulle hjelpa henne å sortera tankar og inntrykk slik at det skulle bli bok av erfaringa med å få ein demenssjukdom. Eg vurderte å kjøpa denne boka og, men lot det venta. Nå vil nokon kanskje tenkja at det var då måte på å oppsøkja det dystre og tragiske. Eg trur det har med det å gjera at eg finn levd liv veldig interessant, og spesielt det lyset som skin i mørke landskap. Då eg var lita las eg alltid dødsannonsene fordi dei hadde så mange fine ord, og til mor sin fortvilelse likte eg å teikna kyrkjegardar. I lys av dette er det kanskje ikkje så rart at eg valde å skriva særoppgåva mi i norsk på gymnaset med tittelen «Døden som litterært tema…»

Utan å knytta det alt for nære opp til boka om alzheimer, så oppdaga eg i går at det var ein dag lenger til nyttårsaftan enn eg hadde trudd. For ei fantastisk oppdaging. Det var akkurat det eg trong. Nå fekk eg skrive ferdig tiandeklassemanuset i går, og har nå bare ei oppgave att å fullføra før ferien er over, dette skal gå bra. For å feira ferien og fridomen, har eg i føremiddag bakt peparkaker av to pakkar ikeadeig me hadde i kjøleskapet. Oppkjøringa til jul vart som kjend litt uvanleg i år, så fleire ting enn vanleg var ikkje på plass. Medan den gode lukta spreidde seg på kjøkkenet, der det brant tett i tett med stearinlys under adventstjerna, høyrde eg på ein fantastisk «samtalegudsteneste» eg hadde høyrt før, men som nå kom i reprise. Aktørane var Rolv Vesenlund, Arhur Arntsen (Oluf) og Per Arne Dahl. Dei snakka om humor og glede i kyrkja, og det vart sagt utruleg mykje fint. Eit sitat av Arthur Arntsen skriv eg her for å hugsa det til sidan: «Mennesket er det einaste vesenet Vår Herre har skapt som er blitt skapt med evna til å le. – Det må han ha hatt ein baktanke med…

Heilt til slutt tek eg med velsigninga til Per Arne Dahl: «Herren velsigne deg og forundre deg…»

vindu med levande lys jul 12

Heidi

Bilde

Første juledag to tusen og tolv

halvard bok

Eg måtte starta med eit utsnitt av den julegåva som har fått meg til å le og le… , Halvard si bok om sanninga bak livet i familien Harboe. Her får me alle våre pass påskrivne. Boka er grenselaust frekk og utruleg morsom, og eg er rett og slett imponert over kva han har fått til. Eg visste i grunnen ikkje at han kunne teikna ein gong. Dette er familiesatire på eit høgt plan, og me får alle servert sanninga om oss sjølve så pass tydeleg at øyrene framleis flagrar. Det er ei skikkeleg innbunden bok, med stive permar, trykt i eit opplag på fem, som har gitt meg god underhaldning i fleire omgangar i går og i dag.

Dette året var det meininga at storfamilien skulle feira jul hos oss, men dei andre bestemte at me skulle sleppa å stå for arrangering av feiring etter det me har vore gjennom dei siste vekene med svigerfar sin bortgang og bisettelsen rett før jul. Min første reaksjon var at det var klart me skulle gjera det me hadde planlagd, men etter å ha latt meg overbevisa, så må eg innrømma at det var ganske deilig å bare vera gjester. I går var me samla hos mor og far til julefeiring, og i dag hadde me juledagslunsj hos syster. Plutseleg kjende eg at eg er veldig trøytt. Slik er det vel ofte når noko roar seg etter intense rundar med liv. Kjærasten min har vore veldig sliten heile tida etter at me kom tilbake, og det seier eg ingenting på. Dei siste nettene før jul  haldt eg det gåande til tre og halv fire om natta for å prøva å rekka det eg gjerne ville rekka før jul. Eg rakk det nesten,  men har ein del rydding att som eg får ta litt etterkvart. I morgon skal me bare vera heime og feira andre juledag, så må eg i gang med to ganske store oppgåver eg må få gjort i jula: Skrive ferdig tiandeklasseforestillinga og planlegga skikkeleg det kunstformidlingsprosjektet eg skal rundt på skulane med allereie i frå neste fredag av. Det skal gå greitt begge deler, men i morgon planlegg eg å ta heilt fri før eg set i gang sånn etterkvart…

Det var koseleg å vera saman med familien i dag, då me kom heim hadde eg eit stort prosjekt med å flytta telefonnummer over frå den gamle telefonen til den nye eg fekk til jul. Eg vart ikkje ferdig, og har ikkje heilt taket på bruken av telefonen endå, så viss nokon har problem med å få tak i meg eller ikkje har fått svar på meldingar, så kan det skuldast akkurat det…

To andre inntrykk har rørt ved meg i dag. Eg har lese ein artikkel om Maggie Gobran, eller mamma Maggie som eg trur ho ofte blir kalla- Ho kjem frå ein overklasse familie i Egypt, og er gift og har to barn. Nå driv ho eit stort humanitært arbeid for fattige barn i Egypt og Sudan. I artikkelen fortel ho om prosessen ho gjekk gjennom då ho følte seg kalla til å bryta med eit rikt og priviligert liv på solsida for å via livet sitt til dei som hadde minst. Ho fortel at ho ikkje saknar det gamle livet sitt. Ho lever eit travelt liv, men bruker likevel mykje tid på bøn og meditasjon. Så har eg sett ein fjernsynsdokumentar om Ingrid Bjerkås, den første kvinnelege presten i Norge, som vart ordinert då ho fylte seksti år i 1961. Dokumentaren omhandla mellom anna all den motstanden ho møtte frå dei som var mot at kvinner skulle utføra presteteneste. Størst inntrykk gjorde det likevel å høyra og sjå kor sikker ho sjølv var på kallet sitt, kor varmt motteken ho vart i Torsken på Senja der ho fekk jobb, og kor mykje ho kom til å bety for folket der.

Ein periode i livet mitt, sånn omtrent på slutten av vidaregåande skule, tenkte eg faktisk ein heil del på å bli prest eg og. Ein av dei største grunnane til at eg ikkje vurderte det hundre prosent seriøst var at det framleis var mykje kvinneprestmotstand på slutten av syttitalet, og eg ville ikkje orka det å måtta kjempa for retten til å ha eit slikt yrke. Eg hugsar at eg sa til ein kamerat at dersom eg skulle bli prest måtte eg nok få ein engel i hovudet først for å kunna vera heilt sikker på at det verkeleg var det Gud ville. Eg fekk ingen engel i hovudet og har levd lukkeleg med det eg mest alltid tenkte at eg skulle vera, lærar i barneskulen. Eg veit nok om presteyrket til å ikkje ha alt for romantiske forestillingar om kva det inneber, men eg tenkjer framleis at eg trur det er eit interessant yrke som eg kunne ha trivdest godt med å ha.

Likevel kjenner eg at Ingrid Bjerkås og Maggie Gobran utfordra meg litt til å tenkja gjennom kva som verkeleg er viktig i eit liv, og det å heile tida vera villig til å gå inn nye dører dersom det skulle visa seg å vera det som kjennest rett. Nå burde det rett og slett kjennast rett å leggja seg, så eg får kanskje ta fornuften fatt. Eg har den uvanen at eg heile tida prøver å snuska eller sjarmera til meg fleire timar enn dei eg eigentleg har fått. Eg stel gladeleg ein time eller tre frå morgondagen når sjansen byr seg… Og i morgon skal det jo bli den store «Ta det med ro dagen». Det blir spennande å sjå kva ein slik variant av annandagjul kan ha å by på…

Heidi

Luke tjuefire to tusen og tolv – Fred over jorden

julemorgon

Som alle adventkalendrar, så endar denne og på sjølva julafta. Her hos oss var alle barna samla til julaftenfrokost, det var koseleg, og kaffien smakte godt sjølv om rydde og vaskeprosjektet mitt aldri kom heilt i mål. Etterpå vart det spelt spel rundt spisebordet medan eg tok meg ein halvhjarta runde med moppen rundt i huset. Nå har me vore på gudsteneste, fått og delt ut godjulklemmar og sunge Deilig er jorden. Ein barnesolist song denne nydelege songen:

 
Solbarn, jordbarn, bak din tynne hud
stråler mot oss kjærlighet fra Gud.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land finner julens fred.

Flyktning, krigsbarn, hjemløs og forlatt,
misbrukt, skadet i den dype natt.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land finner julens fred.

Glemt barn, skremt barn, med sitt såre sinn,
ingen merker tåren på ditt kinn.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land finner julens fred.

Bortskjemt, ensomt barn som vil ha meir. 
Trosbarn, Guds barn, håper, venter, ber.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land finner julens fred.

Håpsbarn, fredsbarn, barn frå evighet,
vis hvert jordbarn himlens herlighet.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land finner julens fred.

Nå skal me koka oss litt kaffi, og så skal me til foreldra mine og feira jul. Takk for fylgjet gjennom adventtida.

Heidi
 

Luke tjuetre to tusen og tolv -Storm på litla julaftå

fjerde sundag i advent

Så har «litla julaftå» kome og gått. Det har vore ein god dag. I går dette eg i gang med slikt eg gjerne ville ha ferdig til jul, og då eg gjekk og la meg klokka halv fire hadde eg nådd ganske mykje. Nå har eg ein litt eigen måte å prioritera kva som er viktig på, så det eg bare har gitt opp å få gjort var å vaska vindua, å vaska sofatrekka, noko eg har tenkt på i heile haust at eg vil gjera til jul, og det aller meste av julebaksten. «La fare hen, la gå…», som det står i songen. Julegavar og julepost og diverse anna har eg klart å gjera nesten likt som eg pleier, og i morgon skal eg bare vaska over golva. Det blir bra. Resten av ryddinga tek eg nå i dei tidlege nattimane. Det blir nemleg rotete etterkvart i dette huset. Det er bortimot sjølvrotande…

I dag har me hatt hyggelege stikk innom-besøk av Gunnar og av Anne Mette, og me tende dei første julelysa saman med dei. I kveld har eg latt adventlysa brenna ned medan eg gjorde ferdig dei siste gavane og pakka inn alt som ikkje var innepakka. Så laga eg ein dobbel prosjon risbollar, det får vera julebaksten for i år.  I kjøleskapet står det meir peparkakedeig frå Ikea om trongen skulle bli for stor, og me har fått heimelaga karamellar av Eva Mari og fruktkake frå Arne og Hilde.

Sunniva har hjulpe meg med dei siste innkjøpa, og sjølv om eg eigentleg er i mot desse sundagsopne butikkane før jul, så passa det meg godt i dag. Me har ete risengrynsgraut med mandel i, og eg har høyrd lyden av ungane mine minus Ingrid som var på jobb, men pluss Oddvar, spela brettspel på spisebordet i stova. Eg likar lyden av ungane mine som ler i stova. Det er ikkje så ofte eg har dei samla her lenger.

Me var heldige som kom oss heim i går, for det har vore store problem med trafikken mellom aust og vest i dag. Toga har stått stille på grunn av storm i kjøreledningane, vegen over fjellet har vore delvis stengd, og det har blåse så kraftig her at folk har hatt problem med å gå oppreiste. På Sandnes, bare halvanna mil her i frå, bles taket av eit bustadhus. Me kjenner i alle fall at me har ver på desse kantar av landet, og er ein innomhus så er det ganske fascinerande å sjå på. Nå har vinden løya litt, så eg håpar alle reisande når fram før juleklokkene ringer i morgon ettermiddag.

God siste innspurt alle saman.  Eg kosar meg med å sitera ein veldig morsom julesong for meg sjølv, den om kjerringa som vart gripen av reine galskapen veka før jul: «… «for nå er det lemmer og liv om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra…» Pust langsamt inn og ut… Eg sluttar med siste verset av adventsalmen min.

I dag står fire lys og skin
mot himmel og mot jord,
for himmelen er komen nær,
å Gud, kor du er stor.
I deg blir mørkret lyst som dag,
ei himmelstjerne viste veg,
for dei som leitte og som fann,
Gud lat oss alle finna deg.
fire adventlys

Heidi

Luke tjueto to tusen og tolv -Heime att.

bil i snø
Me har kjørt gjennom vinternorge endå ein gong ein av desse aller kortaste dagane i året, men først starta me med frokost i huset til farmor og farfar slik at barna kunne få teke farvel med huset før det skal tømmast for innhald. Eva Mari kom med vesle Amelie og hadde med seg ulike typar rundstykke som bidrag til frokosten. Så kjøpte me ost, fårepølse, smør og mandarinar på butikken og fann ein bit gjærkringle i fryseboksen som me varma i steikeomnen. Tanken på at det kanskje var farmor som hadde bakt ho, for farmor var ein racar på kringler, var ganske koseleg.

Med den store kofferten til Sunniva og alle julegavane me skulle ha med heim, var bilen så full at me to i baksetet sat heilt innebygde og mest ikkje kunne røra beina i det heile tatt. Det bles ganske friskt og var tilløp til snøføyke gjennom Telemark og Agder, så me torde ikkje ta skikkeleg pause. Det å tilbakeleggja lange strekningar i rennedrev var ikkje spesielt fristande, men med to flinke sjåførar kom me oss trygt heim med julemusikk på radioen og Tønes- songar frå Oddvar sin i-pod. vel heime er me gått i gang med eit skap jul i full fart, prosjekt, og eg har brukt kvelden på kjøkkenet med koseleg julemusikk og pakking og ferdigstilling av julegavar. Jul skal det bli.

Dei dagane me var borte hadde eg svært begrensa adgang til internett, så det eg skreiv vart mykje knappare enn det eg helst hadde villa. Så snart eg får tid skal eg gå inn på bloggen min og skriva meir utfyllande om dei siste dagane, for det er minne eg har lyst til å ta vare på.

Og om eit kvarter er det «litla julaftå».

Heidi