
Dagen i dag er ein merkeleg dag… Me vakna i Fagertunveien, og tenkte at dette kanskje er siste gongen me er der at heimen står som han har gjort. På bordet var det fire uopna julebrev til svigerfar. Kva gjer ein med uopna julebrev, sender dei tilbake til avsendaren?
Me åt felles julefrokost hos Joffe og Elisabeth, det var fint å vera i lag.. Så reiste me tidleg til kapellet fordi Leif hadde lyst til å sjå far sin for siste gongen, og då ville eg vera der i saman med han. Vegen dit baud på komplikasjonar, det var så utruleg glatt, og då me skulle rygga inn i naboen sin nedkjørsel, begynte bilen å gli bakover. Heldigvis glei me ikkje inn i bilen som stod der eller garasjen, men me hadde eit svare strev med å få bilen opp på vegen att. Det var ikkje lett å dytta med glatte finsko. Heldigvis gjekk det bra til slutt og me nådde både å henta bårebuketten me skulle plukka med oss på vegen og avtalen med begravelsesbyrået.
Eg har aldri før sett ein person som er lagt i kista, eg vart litt overraska over korleis det fungerte. Det å sjå han gav meg likevel den same opplevinga eg har hatt kvar gong eg har sett ein død person: Det er ikkje lenger det mennesket eg kjende, men ein kropp som ingen har bruk for lenger. Eg vart ståande ei stund aleine, og dei spurde om eg hadde lyst til å vera der medan dei la loket på kista. Det sa eg ja til, og syntest at det var fint å få vera der.
Det var så fine blomar rundt kista, og det var sterkt å møta alle menneska som kom for å vera med. Spesielt varma det hjarta til oss i vår eigen vesle familie at Jan og Per Inge kom for å vera der saman med oss. Presten henta teksten frå Forkynnaren, om ei tid til å fødast ei anna til å døy, ei tid til å så ei anna til å hausta, ei tid til å dansa ei anna til å gråta. Leif haldt ein veldig vakker minnetale over far sin, og det var fint å syngja «O bli hos meg, nå er det aftentid,» «Kjærlighet fra Gud» og «Leid milde ljos» I det same minuttet som verda var spådd å gå under vart det spelt «Deilig er jorden» på trompet med gitarakkompagnement, det var vakker musikk frå to av kompisane til nevø Oscar, og dei var komne her det Godt taima, svigerfar var blitt kasta jord på og det var lyst fred over minnet hans. Og heldigvis fortsette sekunda å koma til oss etterpå og… Det tåpelege er at eg midt i det heile ikkje kunne la vera å føla ei ørlita uro for verda si framtid, og hadde eit auge på urskiva på vensterarmen min. Det vart på ein måte endå tydelegare at «Slekt skal følge slekters gang,» og at me skal leva vidare sjølv om nokon som stod oss nære ikkje er der lenger.
Denne gongen var menighetshuset oppteke slik at me ikkje kunne ha minnesamlinga der. I staden reiste me til Bærums verk der me fekk ein god lunsj i nydelege lokale, og vesle Amelie på halvanna år tronte ubekymra i ein gammaldags barnestol og viste med all tydelegheit at «Slekt skal følge slekters gang.» Om nokre månadar blir det fjerde oldebarnet fødd, og det var ei stor glede for dei gamle å helsa på dei etterkvart som dei kom. Elling Kvamme ein venn av svigerfar, som er nittifire år og ein veldig interessant mann å prata med, haldt fin tale. Eg blir alltid rørt av å møta gamle folk som framleis er engasjerte og aktive. Ingrid haldt og ein fin tale for farfaren sin. Etterpå reiste me i flokk og fylgje opp til gravplassen der Morten nå har fått kvileplass rett ved sida av besteforeldra sine. Det er fint å tenkja på akkurat det. Me tok med oss ein del av blomane frå bisettelsen og la på gravene. Blomane og lysa var så fine mot den kvite snøen.
Seinare på dagen rakk nokre av oss ein aldri så liten julegavehandel før det var varm suppe hos Joffe. Nokre timar seinare sat eg og Leif heilt utkjørde framfor fjernsynet i stova heime hos svigerfar. Der stod det eit heilt lager med konfekt, sjokoladeplater, marengs og andre ting dei hadde prøvd å lokka fram matlysten i han med. Alt saman var uopna. Me fann ut at han heilt sikkert spanderte ein sjokoladebit på oss for å avrunda denne siste dagen saman med han…
Heidi
I dag morges var eg seinare i seget enn eg hadde tenkt, og eg såg at tida gjekk veldig fort mot arbeidsstart. Glatt var det både for gåande og kjørande. Då var det eg kom til å tenkja på at broddedebuten kanskje nærma seg. Gjekk eg ikkje rundt med eit par skobroddar i veska? Jo visst gjorde eg det! Eg fekk tredd dei kalosjeliknande gummitrekka med piggar under på skorne mine, og så skulle alt gå av seg sjølv,- trudde eg. Ikkje hadde vel eg drøymt om at ein måtte læra seg å gå med broddar slik ein lærer seg å gå på skeiser… I alle fall kjendest det slik. Kanskje broddane er meir berekna på snø. Det kjendest som å gå på piggar oppå stålisen, og det gjorde vondt i dei same musklane i foten og leggen som gjer vondt når ein går på skeiser. Eg datt ikkje, men det var ikkje komfortabelt heller, etter at ein tredel av distansen var tilbakelagd drog eg broddane av fordi eg fann ut at eg gjekk fortare og meir effektivt utan… Komiske greier. Og eg som trudde alle problem med glatt føre ville vera løyste opp og avgjorde så snart ein svelgde stoltheita og spende på seg jerngrepet.
Ganske so frykta, så nådde eg ikkje skulen før rett før elevane skulle koma. Heldigvis hadde Ellen vore inne i klasseromet der eg skulle vikariera og lagt inn julemusikken eg trengde på smart-tavla. Første delen av dagen var engleverkstad igjen. I dag var det trekkspelenglar av bretta papir, trekuler og oppflyssa garnhår som stod på menyen. Ein del av ungane elskar å få vera kreative og prøva ut idear i tillegg til å laga så fint handverk dei bare kan få til. Det er kjekt å sjå koss dei kosar seg. Andre mistenker eg for å lengta til meir normalstrukturerte dagar der det ikkje er slik at mesteparten av dagane er utanom vanleg timeplan. Nå skal det bli godt med ferie, og etterpå er det sikkert heilt fint med meir vanlege skuledagar att.
I ettermiddag har eg skrive julepost, pakka inn gåver og funne fram den svarte kjolen. I morgon tidleg reiser me austover til gravferd. I kveld har eg vore saman med fem gamle venninner. Det var fint. Me har ledd godt og lenge. Det gjorde godt… Eg har fått ein hyacint, ein orkidé og ei nydeleg kvit julerose i potte. Eg gleder meg til jul-
Dagens visdomsord:
Snøfnugg er det lettaste og minst sterke ein kan tenkja seg, men legg merke til kva som kan skje når dei pakkar seg tett saman.
Me får håpa turen i morgon blir utan storm og såpeglatte kjørebanar.
Heidi
Så var det kvardag att og plutseleg var eg litt trøytt. Tida er blitt knapp, for nå skal det vera både jul og gravferd. Dei to i seg sjølv ganske sterke tinga, får leva side om side, slik livet er fyllt av mange rom. Eg får lyst til å gjera alt samtidig fordi tida til juleførebuingar er kortare enn eg trudde, nå gjeld det å ikkje enda opp med å spinna rundt sin eigen akse. I dag var tankane, skal eg baka i kveld? Eller kanskje pynta stova til jul og finna fram juletreet? Eller rett og slett rydda og vaska? Få send juleposten? Laga ferdig julegavane?
Og så vart det litt blogg, for dette prosjektet har eg så lyst til å gjennomføra, det kjennest så rett på ein merkeleg måte. Ein bokhandel her på staden spurde om dei kunne ta inn boka mi, så det må eg ordna i morgon. Under det heile ligg sorga og svingar som ein mørk, mjuk blåtone, oppå den legg det seg lag med omsorg og omtanke frå alle dei fine folka me kjenner, og aller øverst ein litt trøytt og forvirra følelse. Likevel ligg gleda der og dirrar. Livet har mange rom, og songen har mange tonar.
Eg tenner adventlysa eg ikkje rakk å tenna i går, et mandariner og snittar to store rosebukettar, rosene er raude i ulike nyansar, nokre av dei heilt bleikrosa. Eg set dei i vasar og fyller keramikkfatet med store oransje appelsiner. Det ringer på døra og der står Elise med fine kvite blomar frå ein gjeng kolleger, på skrivebordet mitt sit det ein katt og vaskar labbane sine. Kjærasten min snakkar med brørne sine i telefonen og ute pakkar mørket seg om huset.
I Veven i dag las eg eit av yndlingskapittela mine, med overskrift av ein svensk forfattar «Barnet som bæres, bærer den voksne». Tanken er at eit barn som blir bore, ein gong vil bli i stand til å bera andre. La oss derfor bera dei barna me har rundt oss i livet på ein måte som gjer dei i stand til sidan å bera seg sjølv og andre. På same måten skal me bera det vesle barnet som er i dei fleste av oss, den såra engelen som nokon kanskje burde ha bore ein gong for lenge sidan. På same måten kan me framleis la oss bera av varmen frå andre og trua på kjærleiken og på Guds omsorg.
Dette var det visst eg ville skriva i dag, nå må eg sortera kvelden min vidare.
Heidi
Nå er me nettopp vel i hus etter ein togtur med smådramatisk start. Me vart ståande på Lysaker stasjon etter villedande informasjon om korleis me skulle forhalda oss til at Oslo S var stengd på grunn av jordfeil. NSB tok ansvar og kjørte oss i drosje med kenyansk sjåfør til Kongsberg på ganske glatte vegar. Me kom oss vel på toget til slutt, så det meste går bra. Dagen var fin med lunsj saman med resten av familien i Bærum. Det er godt å vera saman slik dagane er nå.
for kjærleik, glede fred,
mens verda snurrar villt omkring,
og me må fylgja med.
For alt det gode som me fekk,
for alt det gode me skal få,
står lysa som ei bøn til Gud
ei bøn om alt me håpar på.
Heidi
Då eg og Ingrid sette oss på toget i går var det stille før stormen. Snøen fauk lett, og landskapet var reint og kvitt. Store delar av turen sat eg bare og såg ut fordi det var så utruleg vakkert ute. Då me kom sånn ca til Telemark vart verda lyseblå akkurat som i Blåfjell, og då måtte eg i alle fall sjå ut heilt til det var blitt mørkt. Joffe var snill og henta både oss og Sunniva på toget og så fekk me deilig spaghettimiddag rundt det store trebordet i stova deira. Det var fint å sjå Sunniva igjen og fint å sitja utover kvelden og prata om det som har skjedd og om linjene bakover i tid og familie.
Me forstod at det kunne bli vanskeleg for Leif å koma seg austover, og ganske rett. I dag morges fekk eg melding om at togtraffikken var innstit og at toget hans ikkje gjekk. Me vart litt engstelege for om me skulle koma oss heim i morgon, viss me skulle bli verfaste ville det vera spesielt gale for Ingrid som skal heim og ha to eksamenar, men det ser ut til at veret normaliserer seg.Me fekk deilig frokost med valnøttbrød og vørterbrød, og så sette me oss på trikken til byen. Eg gjekk innom Gudrun Sjöden for å sjå om eg fann meg ein raud julekjole og jammen kom eg ikkje ut der i frå med to kjolar og ein jakke, så nå blir det nok jul i år og.Jungelboka på Det norske teateret var fantastisk, og etterpå åt me indisk mat på ein restaurant medan snøen dalte våt og tung over Oslo. Me kjenner at me er levande og at livet går vidare. Dessutan kjende me at livet er noko ein bør ta godt vare på. Om det er eit apropos til det eller ikkje veit eg ikkje heilt, men eg har då kjøpt mitt livs første par skobroddar… Framleis har eg ikkje prøvd dei på, men dei ligg i veska og det er kanskje «kånevarsel» godt nok…
Sjølv om eg altså veit om folk som er tjueåtte år yngre enn meg som kjøpte seg broddar alt i fjor. Namn skal eg halda tett om…
Heid
«Sorgen og gleden de vandrer til hope», står det i den gamle salmen, og akkurat slik er livet. I går, i denne kvite veldig spesielle adventdagen fekk me ein veIdig trist beskjeden om at svigerfar var død. Me har visst i ei veke at det ikkje står bra til, men eg har vald å ikkje gå inn i det romet her på denne sida. Han hadde eit lårhalsbrot i haust, og når ein er nittito og nettopp er blitt enkemann, så tar slike ting kraftig på kreftene. Han døydde heime hos seg sjølv slik han helst ville det, og dei næraste, bortsett frå oss som var for langt borte bytte på å vera hos han. nå var det vår tur til å reisa bort, og me hadde håpa at me skulle rekka fram i tide, men slik vart det ikkje. Eg snakka med han i telefonen på sundag, og då snakka han heilt normalt, så det har gått fort. Nå skal eg ikkje skriva meir om dette her og nå, det får bare vera ein litt djupare klangbotn til tekstane mine, slik det allereie har vore den siste veka for meg når eg har skrive her.
For meg er det og litt spesielt at dette skjedde på dagen tjue år etter at bestemor sovna inn samtidig med at Lucia vart feira i skular og barnehagar. Eg stod då i eit rom med vesle halvtårsgamle Sunniva på armen og såg så tydeleg der ho låg at nokon hadde henta livet ut av kroppen hennar. Me lever i lag med menneske, og plutseleg ein dag, nå, i går eller om lenge, skal dei ikkje vera saman med oss lenger. Me skal ta godt vare på livet og på kvarandre.
Nå reiser me med tog i dag eg og Ingrid, Sunniva kjem frå folkehøgskulen sin for å vera saman med oss, og Leif kjem med det tidlege morgontoget. Nå får me bare ta ein ting om gongen og sjå korleis det ordnar seg. Eg er spent på om togtrafikken går som normalt etter det store snøfallet. Det blir ein skikkeleg togtur gjennom vinternorge, sjølv om det visst nok er lite snø på austlandet i forhold til her, og nå har dei varsla den store stormen dei komande to døgna. Me får sjå om det blir som på vermeldinga. Av og til tek veret heilt eigne vegar.
Nå sit eg her med eit kamera og skulle leggja ut bilete av glade ungar som så vidt stikk opp av eit hav med snø på klassen si heimeside. Det dumme er at ei lita luke på kameraet har kilt seg heilt fast i halvopen tilstand, så eg er redd for å brekka heile luka om eg brukar meir makt. Kanskje eg må la ein person med forsiktigare fingrar og meir teknisk innsikt sjå på det før eg øydelegg skulen sitt kamera? I så fall får vinterbileta venta. Kan kameraet ha fått eit dunk då eg datt på vegen heim i går? Kan ikkje forstå det heller sidan det låg trygt i eit polstra etui oppe i veska mi. I det store spelet høyrer det heime på bagatellkontoen, så eg får bare halda det der…
Mannen i huset datt og i går då han skulle ut med bio-avfallet. Crocs var ikkje rette sorten sko på dette føret. Han slo seg skikkeleg, men heldigvis er han like heil, det hadde passa dårleg med eit arm eller beinbrot nå. Eg måtte ropa mange gonger for å få inn katten i går, eg vart nesten litt engsteleg for korleis ho klarte seg i all snøen og den kalde vinden, og ingen mjaua eller kom når eg ropte ut i isødet. Men så, etter at me hadde lagt oss, høyre eg mjauing frå leikehyttetaket ved soveromsvinduet. Eg er fascinert over kattar si evne til å tilpassa seg det meste.
Nå luktar det kaffi her og det er duka for ein dag med sin porsjon av sorg og glede. Eg ser fram til dagar med døtrene mine og til å møta familien austpå.
Det er kanskje ikkje rart at denne julesongen har vore ekstra nære meg denne veka:
***
Tider skal komme, tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang,
aldri forstummer, tonen fram himlen,
i sjelens glade pilgrimssang.
***
Denne passar og godt
***
Blott en dag, ett ögonblick i sänder,
vilken tröst evad som kommer på,
alt ju vilar i min faders händer,
skulle jag som barn väl ängslast då?
Han som bär för mig ett modershjärta,
giver ju åt varje nyfödd dag,
dens beskärda del av fröjd och smärta,
möda, vila och behag-
Lina Sandell
Ha ein fin dag ute i snøen.
Heidi
I dag trudde eg mest ikkje mine eigne auge då eg kikka ut. Snøen låg høg og kvit der ute. I avisene seinare i dag har eg lese at på dei åttiåtte åra dei har målt snømengde har det aldri falt så mykje snø på ein gong. På lokalradioen melde dei om vegar der trafikken stod stille, bussar som ikkje kom, tog som var ein time forsinka og ein stengd flyplass. Då programleiaren sa dei skulle spela ein song tilpassa veret venta eg på «Let it snow, let it snow, let it snow.» I staden spelte dei «Hit the road, Jack, ein song som skulle visa seg å vera veldig dagsaktuell, eg har ledd av songvalet halve dagen.
Eg lurer på om de ikkje var snakk om førti cm nysnø. Det kunne virka som mange meter…Ute i gata stod folk og grov fram bilane sine. Sjølv bestemte eg meg for å gå, for det å leggja ut på slikt føre i bil frista lite. Utstyrt med tjukk skibukse, tova votter, solide fjellstøvlar og eit strikka panneband i tillegg til det vanlege antrekket, la eg optimistisk i veg. Ute i gata var det ei ganske munter stemning blant alle dei måkande. Dette var verkeleg ein situasjon utanom det vanlege. På gangstiane der eg pleier å gå var det sjølvsagt ikkje måkt, og eg fann ut at den beste måten å koma seg fram på kanskje var å gå hovudvegen. På vegen plukka eg med meg Kirsten og klarte å overbevisa henne om at det raskaste i dag måtte vera bilvegen. Eg innser nå at eg heilt sikkert tok feil, unnskyld, Kirsten…
Først gjekk me midt i vegen, men langs hovudvegen var det rett og slett måkt på fortauet, så sjølv om ein måtte gå på lang rekkje, saman med dei andre som var ute og gjekk, så var me i allefall utanfor bilbanen. Det var ganske tungt og glatt å gå, og eg kjenner eg har fått gangsperre i hofteledda etter å ha løfta beina så uvant mykje. Vanlegvis tek det meg eit kvarter å gå til jobb, i dag tok det førtifem minutt. Opp siste bakken høyrde eg min gode kollega Kim bak meg. Han kom med hodelykt og eit stort smil. Då me gjekk saman over den sterkt tilsnødde grusbanen sklei eg og låg plutseleg og lo i ein halvmeter snø, Kim gav meg ei hand som den gentlemannen han er, og dersom me ikkje allereie hadde vore for seine, ville me ha gått inn på personalromet for å underhalda med ein liten improvisert duett av «Hit the road, Jack»…
Fleire, både barn og vaksne hadde problem med å finna skulen i tide, men etterkvart var dei fleste på plass, med unntak av nokre vaksne som var heilt verfaste. Ungane kom med blussande røde utekinn og ullundertøy under kleda. Det stod på skulen si heimeside at om det vart for komplisert å få barna i veg til skulen, kunne dei halda dei heime. Eigentleg var det turdagen vår, men me fann ut at å gå på tur med femti ungar i dag var uforsvarleg. I staden hadde me ekstra lang adventsamling, og mot slutten av samlinga kom det tradisjonelle Luciatoget med syngande førsteklassingar i kvite kappar med lys i hendene gjennom klasseromet. Klokka ti tok me utetime med leik i snøen, og ein av ungane sa oppglødd: Sånn ein dag må me ha kvar dag!
I matpausen skjedde det og noko heilt uvanleg. Personalet vart inviterte til ekte komlemiddag i kantina der Berit, Thorbjørg og Kim stod ved grytene. Det smakte utruleg godt, og noko sånn har eg aldri opplevd før i mitt lange lærarliv. Etter matfriminuttet var elevane kalde og trøytte, så då brukte me resten av skuledagen til leik, teikning og høgtlesing. Klokka halv to, etter at dei minste elevane var gått heim, vart vår del av skulen stengd på grunn av uforsvarleg mykje tung snø på det flate taket. Me var ein liten flokk som gjekk heim saman, og nå var gangstiane opptrakka og tilnærmelsesvis framkomelege. Dei som tok seg lettast fram var dei som gjekk på ski.
Nå meldar dei storm og endå meir nedbør i morgon, så det er spennande ver me held oss med. Eg og Ingrid set oss på toget til Oslo, så me håpar at toga går.
Og nå lukker eg luke tretten. Viss eg får tid skriv eg litt før togturen i morgon.
Heidi
Det falt et lite snefnugg
på baker Hansens hatt,
det falt et lite snøfnugg på halen av en katt,
de to små snefnugg ropte:
Kom hit, kom hit, kom hi
tog så kom tusen snefnugg,
og så ble verden hvit.
*
Halvdan Rasmussen.
I dag hadde me engleverkstad på skulen, eg og Ellen bestyrte to omgangar med til saman femti ungar som skulle sy poseenglar av ubleika lerret. Det var eit intenst arbeid, men til slutt vart englane fine og ganske individuelle med ulike ansiktsuttrykk og vengefjør av diverse slag og fargar. Medan me haldt på, begynte det å snø øver det kvite teppet som kom i natt. Snøen fall tung og tett medan det lysna og medan dagen skreid fram. Ein og annan engel fekk små røde prikkar fordi nokon hadde kome til å stikka seg på den spisse nåla akkurat som stemor til Snehvit, men stort sett gjekk det bra.
Me rakk å gjera dei siste englane ferdige, og var godt fornøgde heilt til me oppdaga ein halvfylt poseengel på arbeidsbordet og eit barnehovud borte ved bordet med alle fjørene.
– Men …., har du ikkje fått gjort ferdig engelen din, kom så hjelper me deg i full fart…
– Eg lagar faktisk ikkje engel, eg lagar ei flaggermus!
Og flaggermusa vart fin den, med vampyransikt på tvers av trekula og lange grøne fjører stikkande ut av hola på sidene… Sidan eg hadde oppfriska innhaldet i mi gamle lærebok frå formingslærarskulen i Notodden, «Kreativitet og vekst», i går av alle ting, reagerte eg som ein kreativ formingslærar utdanna på åttitalet skal gjera, eg roste den fine flaggermusa. Seinare på dagen skulle dei få pakka inn englane, i hans tilfelle flaggermusa, slik at dei kunne bli til julegavar. Då hadde han montert på fire styringssnorer i raudt ullgarn på vengene. Han fortalde at julegaven skal henga over ei seng, så eg går ut frå at ho skal henga frå to av trådane og styrast frå senga med dei andre to… Eg kunne ikkje dy meg for å gje han med seg ein replikk på vegen:
– Ja, det vart mange englar, men bare ei flaggermus…
Då smilte han stort og tannlaust og gjentok bodskapen:
– Mange englar ja, men bare ei flaggermus…
Det snødde gigantiske snøfiller då eg hadde vakt i matfriminuttet, og endå meir då eg gjekk heim. Store mengdar våt, tung snø, låg oppå stålisen som var på fortaua frå før. Eg klarte å detta to gonger på vegen heim, og då eg kom heim ein halvtime seinare med ein pose innehaldande mandarinar, fun- saft og grøt frå Fjordland, hadde eg ca fem cm snø i håret og minst ein cm som dekka heile ullkåpa mi. Eg såg ut som ei ekte snøkjerring. Eg hadde mest bestemt meg for å bita i det sure eplet og kjøpa meg isbroddar til å ha under skorne, men ryktene seier at dei er utselde overalt, så då får eg vel halda fram med risikosporten å ta seg fram på glattisen som lett dekkar det meste om vinteren på våre kantar… Men vakkert er det, og eg datt mjukt i snøen.
I dag tek eg bare med eit oppmuntrande lite ord henta frå ein av profetane:
I stillhet og tillit skal deres styrke være.
Eit fint ord å ta med seg.
Heidi











