Gå til innhald

Bare for å avslutta denne trenden med å sjå seg tilbake…

Her er me sånn omtrent tilbake til start. Her er eg med sommarkjole og solbriller saman med mor og bror.

Og i morgon skal me feira gebursdagen til mor, så det kan jo passa godt på mange måtar det. Det er rart å tenkja på at mor var bare eitt år eldre enn det Sunniva er nå då eg vart fødd.
Biletet er teke på garden til besteforeldra mine der me var på sommarferie.
Heidi

Om å leika diktar

Dette biletet er eg veldig glad i. For meg er det veldig naturleg å sjå ein klovn og ein prest dela ut sakramenta.

Dette er ein fantastisk haustferie. Eg har brukt store deler av tida til å vera i ei boble saman med dikta mine. Nå har eg laga ei diktsamling som eg skal trykka opp når eg bare får eit fint framsidebilete og ei skikkeleg innhaldsliste.
Det som skjer når eg set meg til med slike ting er at tida liksom både sluker meg og arbeidet mitt i eit slags jafs der det blir det einaste viktige å bare få lov å sitja der. I går gav eg meg sjølv ein skrivetime etter frokost, og eg sette meg ned saman med kaffikoppen. Så vart det heile smådramatisk fordi programmet hengde seg opp fleire gonger og eg mista timar med arbeid. Defor fann eg ut at eg ikkje kunne gå frå maskinen, og det ende med at eg vart sitjande på stolen i sju og ein halv time omtrent utan å reisa meg opp, og alt det andre eg hadde tenkt å gjera vart liksom aldri gjort. Men nå er eg i mål, håpar eg, og har eigentleg bare lyst til å skriva meir…

Då eg klarte å riva meg laus, fekk eg sett to TV-program medan eg sat der og drakk meir kaffi og koste meg med eit fargerikt handarbeid. Eg kjenner at eg nok har vore nokså utsvolta på kreativ aleinetid. Begge fjernsynsprogramma gjorde inntrykk og var til ettertanke. Det første handla om Kash, ein gut eg møtte då Ingrid gjekk på folkehøgskule, fordi han var blitt ein god ven av henne. Nå spelar han hovudrolla i «Jungelboka» i Oslo, og opererer som Barne-TV-onkel. Då han var to år gammal flykta mora med han for å sleppa unna folkemordet i Rwanda. Konseptet i dette fjernsynsprogrammet var at han og mora kom tilbake dit for å møta gjenlevande familie, og for å finna ut meir om faren som døydde i krigshandlingane og aldri kom etter dei til Norge. Det var eit veldig sterkt program om ein flott gut med ei sjelden positiv utsråling, og om ein ufatteleg tragedie. Onkelen som var prest arrangerte minnesamling for faren, og Kash stod ved eit bilete av faren og mange tende lys og song «Can you hear the people sing» frå «Les miserables».

Det andre programmet var om Mosse Jøgensen, ei dame som alltid har interessert meg på grunn av spreke og idealistiske pedagogiske tankar og idear som ho både talte og praktiserte i livet sitt som lærar. Eg lengtar litt tilbake til dei ideane Mosse Jørgensen stod for som akkurat nå er komne litt i skuggen av ei sterk bølge med fokus på fagkunnskap, effektivitet og disiplin. Dei av oss som har jobba i skulen har ganske mange erfaringar med pedagogiske pendelsvingningar, og eg kjenner at dersom nokon spør etter mi meining så burde pendelen snart vera klar for å slå tilbake att… Eg som er barn av involveringspedagogikken og «Snakk med oss lærer,» synest nok at mange viktige tankar frå den tida får for lite plass i dagens skule.

Eg håpar det går greitt å kommentera på bloggen min… Begynte å tenkja på det fordi det er ganske lenge sidan nokon kommenterte. Kan nokon bekrefta at det framleis let seg gjera?
Sluttar med eit dikt frå den nye samlinga mi som forøvreg heiter «Fotnoter i sanden.»

 

Heilt heim

Ein veit ikkje alltid
korfor eller korleis,
men ein og annan gongen
lukkast me
i å følgja kvarandre
heilt heim til hjarta våre.

 

Heidi

Haustferie

Regntid på Jæren

Det er heilt fantastisk å ha haustferie. Sunniva er komen heim og har ferie ho og, bortsett frå at ho driv og feriejobbar på restauraten sin deler av dagane. Eg har bestemt meg for å bruka deler av dagane til å skriva ei diktsamling, det vil seia eg har dei fleste dikta allereie og set dei inn i ein eksisterande mal for å få trykt opp bøker på eiga hand, og mi erfaring med slike bøker er at dei blir like fine som om dei skulle ha blitt laga på eit forlag. Sjølvsagt er det ikkje heilt det same, men bok blir det altså, denne gongen ei relativt tjukk diktbok på ca hundre sider. Det er veldig kjekt å halda på med, problemet er bare å få til formateringa, for dokumentet blir så stort og uhandterleg at det med jamne mellomrom heng seg opp, og så må eg gjera ting om igjen… Eg har tru på at det blir bra til slutt og nyt veldig å ha dagar med få avtalar. For å få gjort andre nødvendige ting, så set eg på stoppeklokke medan eg rydder hus, og lover meg sjølv at etterpå skal eg få lov til å ta skrivepause like lang tid som eg har brukt på rydding… Ein er då pedagog etter 27 år i skulen…

På fredag feira me attenårsdag i heimen kombinert med at me feira at Sunniva var komen heim på ferie. Dermed er min 26 år lange periode som mor for mindreårige barn definitivt over. Det har hend at eg har rekna på kor mange år me har hatt samanhengande med tenåringar under atten år, og rekna på kor mange år me har att av dei ti-tolv åra der ein stort sett sit oppe og ventar på ein tenåring kvar einaste fredag og laurdag før ein kan gå og legga seg med ei viss grad av fred i sjela… Nå er altså målstreken passert, og sett bakover kjennest det likevel som ein nokså kort periode.  Allereie dagen etter reiste attenåringen på ferie med ein gjeng kameratar og far hans er dradd til utlandet på språkkurs, så nå er det meg og Sunniva som regjerer heimen aleine.

Sidan desse to er fødde omtrent samtidig, blir dei vaksne omtrent samtidig og…

Denne hausten har vore fin på same måten som dagane i august. Eg kjenner på litt av det same vemodet over at noko som har vore veldig fint er gått over i ein ny fase. Denne fasen reknar eg med skal innebera nye moglegheiter og ein litt annleis form for fridom… Eg har registrert at det har vore uvanleg mange mimretekstar på bloggen min, og tenkjer at dette å avslutta barndomen til dei yngste barna faktisk har prega meg meir enn eg hadde trudd det kom til å gjera. Det er spennande å utforska eit liv frå innsida, av og til gjer ting sterkare inntrykk enn ein hadde tenkt seg på førehand. Nå er det sikkert på tide å skriva om noko anna, for det er mykje som berører meg og som eg gjerne vil tenkja høgt om.

Denne hausten har eg lese om å vera stille, og sånn innimellom har eg praktisert det så smått og. Inspirert av Martin Lönnebo og fleire med han har eg tenkt å gje stillheit og ettertanke litt meir plass. Det er spennande å utforska nye aspekt av livet, for eksempel noko så enkelt, men likevel komplisert som å ta seg meir tid til bare å vera stille og lytta til kva du sjølv og Gud og livet har å seia deg… Nå skal eg nyta denne veka med god plass til strikketøy, skriving … og turar i regnet. Det held fram med å regna kvar einaste dag, slik det kjennest som om det har gjort i snart eit år. Eg las ein plass at i ein god Bollywoodfilm var det alltid dansescener ute i regn. Dette var fordi regntida blir sett på som ei spesielt frodig, livgivande, romantisk og erotisk tid. Så priviligerte me må vera.

I dag tredde eg på meg ein regncape utanpå kåpa og sykla til Odd Christian som var forkjøla og småsjuk. Som eit merkeleg vesen frå mummidalen tråkka eg meg fram i vasspruten med mummimamma si veske i sykkelkorga fyld med solo og kjeks og andre ting sjølv vaksne barn kan tenkjast å setja pris på når ein pleier sine lidingar. I kveld har eg og Sunniva sett Kompani Orheim frå sofakroken. Eg har lese boka fleire gonger, men ikkje fått sett filmen før nå. Filmen gav eit godt bilete av ein litt sår oppvekst i Stavanger på midten av åttitalet. Interiør, klesstil og mange små detaljar fekk meg til å gjenoppleva denne tidsepoken og innsjå at det faktisk er ei stund sidan. Eg opplevde ei overraskande stor grad av gjenkjenning sjølv om min oppvekst ikkje liknar på den til Jarle Braut, og sjølv om eg faktisk var vaksen og fekk mitt første barn sånn ca midt på åttitalet.

Det som eg alltid har visst, men som eg verkeleg kjenner på nå er kor fort det går å leva eit liv. Eg får seia som Stein Mehren. «For den som elsker er årstidene åpne dører, og du skal gå inn.» Det finst alltid nye rom og nye dører.

Heidi

Sist i september

Hausten i sørvest-Norge er tida for regn, regn og endå meir regn

… og regn lever ein greitt med når ein bare venner seg til det. Her er den obligatoriske allmennpåkledsla regntøy med god hette og gummistøvlar. Paraplyar kan ein bare gløyma, for dei vrengjer seg i vinden før det har gått ti minutt. I løpet av to helger som tilfeldig klimaflyktning har eg blitt minna om at nokre stadar i Norge er hausten årstida med høg blå himmel, klar luft som står stille,  med ein snert av kulde, årstida då ein går i joggesko og ullgenser utan jakke over. Nokre stadar i Norge er hausten årstida då trea står fulle av gule, oransje og raude blad. Blada skiftar farge her og, men av og til er det bare snakk om timar før vinden har teke tak i dei og blese dei bort.

Tru ikkje at eg er veldig misunneleg, for det er eg ikkje, -bare litt… Lite ruskar så godt opp i tanke og sinn som ein ekte jærsk hauststorm, og barna blir då ganske hardføre av dette klimaet. Dei sit gladeleg i sandkassen i øsande regn, griller pølsene sine under store paraplyar og flyr i vinden. Eg hugsar godt kjensla frå eg var lita av korleis det kjendest å opna jakken og halda han ut som eit stort segl medan me sprang så fort beina kunne bera oss med vinden som motor. Det gjaldt bare å ikkje snubla i sine eigne bein når vinden var som sterkast.

Me har hatt ei roleg helg her heime. Det har gjort godt. I går var me ute og ordna forskjellig og fekk stukke innom Anne Mette med oransje roser og ein klem. Akkurat nå vinkar eg ivrig til henne og smiler fordi ho sa at ho les bloggen min. I dag var det hausttakkefest i kyrkja der barna kom syklande inn på små tråtraktorar med tilhengarane fulle av frukt og grønsakar. For visst er me midt i beste jordbruksdistriktet, det er bare ikkje alltid me hugsar det. Etterpå vart det blese opp to sånne gigantiske hoppeslott inne i kyrkja som ungane fekk hoppa på. Eg likar konseptet med å ta livsgleda heilt inn i det heilage romet, utanfor kunne ein steikja pølser på bål og inne kunne ein kjøpa vafler, lappar og kaffi.

Arne og Hilde har ete fårikål hos oss. Det smakte riktig godt. Me tende mange stearinlys og let regnet piska mot rutene. Om fem dagar er det haustferie, og Sunniva kjem heim for å vera heime ei veke. Det gleder eg meg til
.

Heidi

 

Eg seier dei skal fly,

– og held dei så fast eg vågar

One of those mornings,

you gonna rise up singing,

gonna spread your wings

and take to the sky…

Heidi

(Og George Gershwin)

Frifredag i september

De er deilig, og eg kjenner at eg trengde ein fridag nå. Eg har hatt ei deilig fredeleg tenkjestund ved kjøkkenbordet med diktbøker og bibel og skrivesaker og litt svart sterk kaffi saman med eit brennande lys. Så har eg bakt veldig grove scones med havreryn i staden for mjøl og kjenner meg etterkvart klar for livet som måtte koma. Laurdag for ei veke sidan var eg på loppemarknad i Bærum, som vanleg ende eg opp i rommet med alle bøkene, og sjølv om eg visste at eg ikkje kunne bera med meg alt for mykje, så plukka eg då med meg litt, mellom anna eit par diktbøker. Ei av dei vart den beste toglektyren på vegen heim. Det var ein svensk antologi med mange for meg ukjende og verkeleg fine dikt. Sidan hausten er som skapt for diktlesing, deler eg gjerne litt av det eg fann:

Du og eg og verda

Du och jag och världen

Fråga inte ven du är och vem jag är

och varför allting är.

Låt professorerna utreda,

de har betalt.

Ställ hushållsvågen på bordet

och låt verkligheten väga sig själv.

Sätt på dig kappan.

Släck ljuset i tamburen.

Stäng dörren.

Låt de döda balsamera de döda.

*

Här går vi nu.

Den som har de vita gummistövlarna

är du.

Den som har de svarta gummistövlerna

är jag.

Och rägnet som faller över oss båda

är regnet.

Werner Aspenström

Ha ein fin septemberdag.

Heidi

Septemberdagar

Septemberettermiddag med mops og katt heime i sofaen.

Då eg sette meg på toget onsdag for ei veke sidan, kjende eg meg som ein klimaflyktning. Eg kom rett frå utedag med andre og sjuande klasse, der me hadde grilla pølser i skogen i fallande regn med paraply over minigrillen. Ungane her har god kompetanse på regnver, så det var ikkje antydning til klager då me stilde dei regnkledekledde små og store ungane opp i skulegarden medan himmelen var som ein open dusj over oss.

Etter eit par timars togtur, var himmelen blå, og sola skein over septemberlandskapet. Det slo meg at det var noko utvidande med denne måten å leva på: Vekene heime med sørvestlandshaust med storm og regn, og utvida helger på austlandet med kalde klare austlandshaustdagar. At eg har reist så heftig denne hausten har heilt klart gått ut over blogginga, men det har vore bra for mykje anna. Eg har fått med meg så mykje at eg nesten er litt andpusten, og kjenner at eg er veldig klar for ei roleg helg heime utan oppdrag av noko slag. Den innlagde husryddinga som akkurat nå er nokså nødvendig kjennest nesten som noko eg ser fram til…

Den direkte grunnen til reisinga denne gongen var kunstformidlingsseminar i Oslo torsdag og fredag. Denne gongen skal me ta i mot ei arkitekturutstilling; «Utopier», der me skal visa ungane arkitekturmodeller for ei fjern framtid, laga av kjende arkitektar på 60-, 70-, 80-og 90-talet. Det skal bli kjekt å visa denne utstillinga, eg har mange idear om korleis eg skal gjera det, og etter mange kjekke museumsbesøk, omvisningar og foredrag, er eg rett og slett litt oppteken av arkitektur… Der er i grunnen den kunstforma eg har vore minst oppteken av fram til nå. Men utopiar om hytter tilkopla svevebanenett eller vandrande byar med mange modular i beste science-fictionstil appellerer abdsolutt til kreativiteten. Dette var det siste kurset i rekka med kursing av kunstformidlarar frå kulturskulen i samarbeid med norsk kulturskuleråd og nasjonalmuseet, men går alt som venta skal kulturskulen i Rogaland fylke halda fram samarbeidet etter at kulturskulerådet har kopla seg av pilotprosjektet som nå er i mål etter at me har vist utopiutstillinga. Dette har vore veldig kjekt. Eg har kost meg veldig med å få prøva meg som lokal kunstformidlar, og eg har lært masse. Eg har og hatt det veldig fint saman med den vesle gjengen kulturskulelærarar og ansatte i kulturskulerådet som har vore saman med meg i prosjektet. Dei andre er keramikarar, skulptører og biletkunstnarar, så eg har litt alternativ bakgrunn i forhold til dei andre, men det har frå mi side sett bare vore spennande. Eit av høgdepunkta denne gongen var ei guida reise gjennom «Høstutstillingen». Veldig spennande.

Det absolutte høgdepunktet for meg var meir familiært. På togen på veg bort sms-a eg med Sunniva. Me oppdaga at begge skulle vera i Oslo på torsdagen, og bestemte at dersom det i det heile tatt lot seg gjera skulle me klara å møtast. Det viste seg å vera ei lita opning i programmet for begge to mellom kvart over tre og fire, og med felles besluttsomme fokus klarte me å møtast på Karl Johan klokka ti på half fire. Sunniva, som jo går på fotolinje var ute for å fotografera bybilete. Så fekk eg fungera som modell på eit par av gatebileta, og me rakk ein kopp kaffi saman på paleet, før eg måtte følga henne til Nasjonalteateret stasjon slik at ho kunne vera på Majorstua sånn ca klokka fire. Det var så utruleg fint å sjå henne etter fire veker på kvar vår kant av landet, ein halv time var alt for kort tid, men mykje betre enn ingenting.

Sidan det var Sunniva som fotograferte og ikkje eg, får eit bilete frå New York illustrera poenget mitt…

Men dette er eit heilt nytt bilete av henne. Dei som går på fotolinja får tydelegvis og prøva seg som modellar for einannan.

Då me klemte einannan til farvel, oppdaga me at begge to skulle innom Litteraturhuset med fylgjet sitt i løpet av kvelden. Me skulle eta middag der, og skulen hennar skulle vera med på ein TV-debatt. Kanskje me kunne snika oss til ein halvtime til saman? Og jammen lukkast me ikkje med det… I det me nærma oss oppbrudd dukka ho opp, og eg inviterte på ein kopp te. Det var veldig koseleg å få helsa på medelevane hennar, og faktisk ende det med at eg fekk lov til å snika meg med på TV-debatten. Eg har aldri vore med på TV-opptak før, så det var veldig spennande å sjå korleis slike opptak fungerte. Temaet var skandalane på A-hus eit stort og vanskeleg tema, som førte til at den eine statsråden som var med på debatten vart omplassert i regjeringskabalen dagen etter.

Fredag ettermiddag var seminaret over, og eg kunne bevilga meg nokre timar i Oslo sentrum i strålande haustsol før eg tok bussen ut til Henrik og Eva Mari. Resten av helga innehaldt litt av kvart, ein dag saman med svigerfar, loppemarknad på Stabekk skule, ei bursdagsfeiring og ein sundagstur med Eva Mari og Kristin. Me fekk og feira at trømsøværing nr 70 ooo vart fødd, nemleg Arild og Hege si vesle Sofie, som vart feira både med avisreportasje og TV-opptak. Nå driv eg og klargjer ei lita sending nordover. Det at nevøane blir fedre er ikkje heilt det same som sjølv å bli bestemor, men det liknar jo litt… Eg håpar å få helsa skikkeleg på det vesle mennesket i vinterferien.

Dette vart mange linjer om litt av kvart, eg håpar eg frå nå av skal blogga oftare og kortare. Livet er intenst og det er godt.
Heidi

Det er jo akkurat slik det er for oss

Det var i går eller noko slikt. Ingrid var fem år.

Eg blir viss ikkje heilt ferdig med desse tekstane om livets forgjengelegheit. I sist veke fortalde eg om Idunn sine eple i ein fjerde klasse. Eg fortalde om forskrekkinga blant gudane då dei såg at dei var i ferd med å bli gamle og innsåg at nå når ungdomsepla var stolne kom dei til å bli gamle og til slutt kom dei til å døy. Då kom det spontant og forferda frå ein av niåringane: «Men det er jo akkurat slik det er for oss!» Det var som om medvitet om at menneskelivet er forgjengeleg sokk i alle ungane, og eit sekund og to var det heilt stille i rommet. Eg trur dei hadde litt av den same kjensla som eg får av og til, for eksempel når eg ser på stjernehimmelen. Eg trur Inger Hagerup skildrar omtrent det same.

Heidi

Månekveld

Så underlig det er å stå og fryse
i måneskinnets ensomhet en kveld
og kjenne kulden fra det døde lyset,
men være levende allikevel.

Jeg er en gave livet engang ga meg
av lyst og smerter og av kropp og sinn.
Og disse ting skal døden snart ta fra meg
Han holder alt sin bleke hånd om min.

Men ennå lever jeg. Jeg elsker noen
og kjenner lykkens forte, søte sting,
for ennå har jeg ikke nådd til broen
som går fra allting og til ingenting.

 Inger Hagerup   

Nyssgjerrig på livet

På Time Square i sommar.

Heldigvis så er eg framleis barnsleg forviten på livet og på andre menneske. I helga fekk eg prøvd meg på noko nytt. Eg reiste heilt til Ål i Hallingdal for å halda «foredrag» i kyrkjeakademiet. Eg skulle presentera dikta mine, salmane mine og det å omsetja salmar frå andre språk. I tillegg skulle eg fortelja eit par historiar. Heldigvis fekk eg hekta med meg Torun som lova å syngja eit par av tekstane mine. Det var trygt å ha nokon å dela med. I tillegg var det ein stødig pianist der som skulle spela til dei tre salmane som skulle brukast som allsongar.

Innebakt i dette oppdraget var at eg først reiste med tog og buss til Røyse til Torun og Torbjørn, og etter lang dags ferd etter å ha jobba fram til lunsj vart eg henta på busshaldeplassen av Torun. Heime hos dei venta det eit varmt peisbål, deilig middag og varm te. Så sat me i sofaen med beina på peiskanten og lo til me nesten mista pusten. Det er ikkje mange eg ler så mykje saman med som Torun og Torbjørn. Eg vart sett tretti år tilbake i tid til den perioden me nesten hang saman i Kristiansand. Neste dag var det reinskriving av notatene mine på kjøkkenet på Røyse medan Torun song og spelte fløyte og gitar.  Når føremiddagen vart til litt utpå dagen sette me oss i bilen og kjørde oppover Hallingdal med innlagt pause og pizza heime hos Ragnhild, ei venninne av Torun. Ho budde i eit raudt hus med gule vindaugskarmar og mykje sjel.

Det vart ein smule skummelt då  me ankom kulturhuset i Ål og fekk ein stor skodespelargarderobe til å skifta klede i og leggja scenesminke. I Rolf Nesch- salen, med mange fantastiske litografiar og materialbilete på veggene var det sett fram talarstol og vannglas. Når eg var vel i gang var det bare kjekt, og timen eg hadde til disposisjon gjekk fortare enn eg hadde kunna forestilla meg.

Etterpå var helga rein nyting med kveldsmat på kafé Fryd og fantastiske dagar hos Mildrid og Birger på Torpo saman med Astrid og Torun. Me fekk med oss både kunstutstilling og ein tur på høgfjellet. På sundagen kjørte Torun meg heilt til toget, og før eg fann setet mitt hos NSB hadde me tid til ein kopp kaffi og litt lunsj på ein benk utanfor stasjonen. I kveld har eg fått i veg eit bestillingsverk av ein song som eg håpar mottakaren blir fornøgd med i tillegg til å baka to banankaker av nokre overmogne bananar me hadde liggjande. Nå er det bare tre arbeidsveker før eg set meg på toget att for å dra på kunstformidlingsseminar torsdag og fredag og besøkja Eva Mari og svigerfar i helga. Eg har ikkje noko i mot livet som farande fant bare eg landar heime hos meg sjølv til slutt. Living la vida loca…

Heidi

 

Idunn sine eple

Saman med døtrene mine

Det er ikkje bare bare å ha sjansen til å setja inn bilete i bloggen. Eg har nå brukt ein time på å leita fram og tilbake i bileta etter eit bilete eg veit ligg der, utan å finna det. Eg er sta og gir ikkje opp så lett, men akkurat dette hadde eg i grunnen ikkje tid til. For å fylgja opp dei siste to innlegga så tenkte eg å fortelja at eg dei siste dagane har øvd inn den norrønne myta om Idunn og epla hennar. Eg skal fortelja denne på biblioteket og i fleire klassar. Idunn har eple som gir dei som et av dei evig ungdom, og ho har gløymt kor dei veks hen. Nå må ho passa godt på dei slik at ho kan sikra gudane evig ungdom og evig liv. Jotnane er på jakt etter desse epla, og det er nok best ho verner dei for menneska og, for er det noko menneske er på jakt etter så må det vel vera evig ungdom.

Denne urgamle historia skulle vel tyda på at jakta på evig ungdom ikkje er noko som bare høyrer vår generasjon til… Det er ei sorg at livet er forgjengeleg, og ein kunst å bu i livet minutt for minutt og ikkje la fortida eller framtida fortrenga det livet som finst akkurat her og nå.

Ute silar haustregnet og eg kom til å tenkja på ein av tekstane frå Iona, skrive av John Bell og Graham Maule som eg omsette for boka «Sanger fra vest» for tolv år sidan. Her er dei to siste versa og refrenget.

*

Du bror mann og syster kvinne

fødd av støv og kjærleik,

symg for han som skapte deg

til liv i Herrens nærleik
.

*

Dans og syng, du Guds jord,

nådig vil han røra ved deg,

kjærleg er han deg nær,

han har planar med deg.

*

Kyss av liv og streif av død,

ein ufullkomen lagnad,

krybbe, morsliv, kross og grav

alt syng om Herrens fagnad.

*

Dans og syng, du Guds jord,

nådig vil han røra ved deg,

kjærleg er han deg nær,

han har planar med deg.

Heidi