Ytterst ved havet møter eg fire av venninnene mine. Me går saman langs strendene og snakkar om livet. For første gong på veldig lenge er det nokre dagar utan regn og vind. Etterpå drikk me kaffi saman i eit lite jærhus nede i havkanten.
Det er kveldsgudsteneste i kyrkja mi. Saman med ei til har eg rigga bønnestasjonar til bønn, meditasjon og ettertanke. Eg set meg ned i ei av benkjeradane. Frå fremst i koret høyrest musikk. Fiolinen og pianoet løfter noko inne i meg som blir liggjande og dirra under taket som ein takk til Gud og livet.
Me er på tur med første klasse og blir overrumpla av eit kraftig regnver. Me har vore ute i regn heile hausten og vintaren, men denne gongen kjem det som ei overrasking, i alle fall til meg. Me finn eit klatrestativ med tak der me kan finna ein tørr stad å setja oss ned. Der sit me tett i tett med brødskivene våre medan alle himmeldusjane er opne og regnet renn på alle sider. Der sit me og kjenner varmen frå kvarandre medan me vaksne hjelper ungane å opna termosar med varm kakao.
Heidi
Har eg tid til dette då, tenkjer eg litt fortumla. Litt overraskande så opna språket seg på vidt gap, og orda kom til meg i lange og usamanhangande rekkjer. I går kveld skulle eg bare disiplinera meg sjølv tilå skriva i ein halvvtime, og så vart eg sitjande i tre timar og kunne nesten ikkje stoppa. I dag var eg bare innom sånn snarast etter frokost, og så vart eg hangande fast her igjen. Eg har jo så mykje eg hadde tenkt å bruka denne dagen til. Kanskje det er det nokon så fint kallar inspirasjon? Eg pleier jo å seia at eg skriv mest på disiplin og ikkje er spesielt oppteken av inspirasjon. Men eg trur eg får ta meg ein halvtime til med å leika med ord, og så får eg hausta juletre og samla inn julestjerner og julelys etterpå før eg førebur Garborgopplegget eg skal ha rundt på skulane og les meg opp på Flintoe. Eg høyrer musikk medan eg skriv. «Men tycker du Veronica, at morgonen er grå og ångrar at du någonsinn let honom gå,» syng Cornelis Vreeswijk. «Veronica, Veronica, slepp ned ditt långa hår.»
Skriva ein halvtime til, ja. Katten ligg er på skrivebøkene mine og mel så godt han kan saman med Cornelis.
«Somliga går i trasiga skor.»
I glimt dukker magien opp. Den litt vemodige, opne og barnsleg funklande magien.
«Somliga går i trasiga skor til dom har slutat gå.»
Heidi
Eg abbonerer på magasinet «Strek», noko eg anbefalar til alle andre som ynskjer seg andeleg helsekost. I dag har eg lese ein artikkel om Polykarp, som var biskop i Smyrna ca hundre år etter Kristus. Historia fortel korleis han lot seg overtala til å flykta under kristenforfylgjingar, men til slutt lot seg henta av soldatar. Den gamle mannen var då godt over åtti år gammal. Då soldatane kom, insisterte han på at dei skulle ta seg tid til å eta eit godt måltid hos han. Etterpå bad han om lov til å be før han vart teken til fange. I fylgje historia bad han utan stans i to timar, og nemnde alle menneska han hadde møtt og for alle truande i verda. Soldatane fekk dårleg samvit og prøvde å overtala han til å sverga ved keisaren si lukke. Då dei ikkje lukkast i å overtala han, dytta dei han seinare ut av kjerra. Han fekk eit sår på skinnleggen og gjekk raskt og målbevisst vidare. Då han ikkje lot seg overtala til å seia frå seg trua si, sjølv då han vart trua med ville dyr, vart han trua med å bli brend på bålet. Polykarp bad dei om å brenna han, og det fort, og før folk fekk sukk for seg, hadde dei bunde han til bålet. Dei ville nagla han fast og, men Polykarp bad dei tenna på og lova å ikkje springa vekk. Han sa høgt at Gud ville gje han kraft til å halda ut elden.
Religion er sterk kost, og det er farleg å hylla viljen til martyrium i ei tid med sjølvmordsbomber og terror. Likevel kan eg ikkje la vera å la meg imponera av historien om den gamle mannen si sinnsro, og viljen hans til å bli i det gode sjølv når han møtte vondskapen. Det at han bad for alle menneske når han sjølv såg døden i kvitauget, og at han insisterte på å få gje soldatane som henta han eit godt måltid mat, er ei vakker historie. I ei nyttårshelsing eg fekk frå ei venninne stod det, «Ver modig og sterk». Eg opplevde det som ei vakker og litt annleis helsing, men tenkte vel at det ikkje var nokon spesiell grunn for meg å få oppordringa om å vera modig og sterk.
Etter å ha tenkt litt på det, har eg funne ut at det er eit veldig sterkt og nødvendig ønske. Er det noko verda treng så er det mot og styrke, omsorg og varme. Ein treng ikkje å vera martyr eller hærførar for å ha bruk for dei kvalitetane. Utfordringa ligg der i våre eigne kvardagar om me vågar å ha opne auge. Me lever i ei tid med sterkt ego-fokus. Det er lett å festna ved eigen navle og eigen nase, ved eige hus og eigen hage. Eg trur det er eit flott ynskje for alle som ynskjer å vera med på å gjera verda til ein litt betre plass Ver modige og sterke.
Og eg observerer at plutseleg kjem predikanten i meg sterkt til syne. Slik var det viss bare i dag.
Ha ei god helg, og ver modig og sterk.
Heidi
Denne setningen frå den songen eg la ut på bloggen etter julekonserten har fortsatt å sviva i hovudet mitt.Songen seier noko viktig om å vera menneske og medmenneske. Det å kunna gråta over alt som finst å gråta av samtidig som ein i trass eller rein glede syng halleluja og klamrar oss til det gode som heile tida blir gitt oss.Martin Lönnebo skriv om den blå gledeskappen me kan tenkja oss at me tek i mot som ikkje beskyttar oss mot å vera levande menneske, men som minner oss på gleda over alt det gode og styrka i å kunna gleda seg. Klokka er blitt ganske mange, så det var viss bare det eg hadde på hjartet akkurat nå.
Heidi
Ikkje timar, men taimer, altså i engelsk forstand. Eg har nettopp oppdaga at eg faktisk har eit tidsur på den nye mobilen min og, slik at eg kan stilla det på for eksempel ti minutt og få ein alarm til å varsla når tida er omme. Det er noko eg har sakna. Mellom anna likar eg å ha eit tidsur når eg driv med kreativ skriving. Eg har tenkt at eitt av mine nyårsforsett skal vera å skriva litt kvar dag. Då tenkjer eg ikkje på bloggeinnlegg, facebookinnlegg eller skodespel. Eg tenkjer mest av alt på dikt, trur eg. I permisjonsåret mitt syntest eg ikkje alltid at eg hadde fått gjort så mykje, men eg sit faktisk att med ganske mange dikt som eg er glad for å ha skrive. Eg veit at struktur på tida er det som skal til for å få gjort både det eine og det andre. Det å disponera tid handlar mykje om prioritering. Det er ikkje så tilkneppa som det virkar, for ein kan jo for eksempel ha som ein prioritering å alltid ha tid til å snakka med folk som treng nokon å snakka med, anten det måtte vera eigne barn eller menneske ein møter på gata.
Sjølvsagt er det og ei prioritering å ta tid til for eksempel nok fysisk trening til å halda seg sunn og frisk og sprek, det er noko eg ikkje skal gå nærare inn på akkurat nå…
Kumbel har unekteleg eit poeng når han skriv:
Ting man gerne
vil er gjærne
ting man vil
nåer man til,
for at ville
er det lille
skridtet mer
end gerne ville…
Og det ein verkeleg vil, det får ein gjort enten det dreier seg om joggeturar, vasking av skap eller lesing av bøker-
Så gjeld det å prioritera klokt kva ein verkeleg vil litt meir enn det ein bare gjerne vil.
Min erfaring er at slike prioriteringar til ei viss grad kjem av seg sjølv. Dersom ein har stor nok trong til å skriva, be eller jogga, så gjer ein det uavhengig av om ein har tid eller ikkje. Måtte Den allmektige hjelpa oss til å ta rette og kloke val…
I dag har eg forresten fått gjort ein del «kontorarbeid» som har «lege litt halvtungt på meg.» Eg har fått unna litt papirarbeid på jobb, vore på eit møte, funne fram skattekortet, bestillt to sett togbillettar til Oslo og sendt to mailar vedrørande frilansjobbar.
Nå skal eg innvia taimeren…
Heidi