Det er tre ting det er viktig å få plass til i eit liv, sa han i sist veke. Dei tre tinga er Gud, medmenneska dine og deg sjølv. Dersom du gjev for stor plass til andre ting, risikerer du at det blir for trongt for det som verkeleg betyr noko…
Dette har eg tenkt på i ei vekes tid, og eg trur at det han seier er sant. Ein må reflektera over kva som er det viktigste og handla ut frå det…
Materielle ting, usjåande, aktiviteter og alt anna er underordna dette å ha plass til Gud og medmenneske.
Nå kan dette brukast som eit subtilt og kreativt forsvar for at eg ikkje brukar meir tid enn eg gjer med vinduspussarutstyr, sølvpusseklut og pausar i frisørstolen…
Sjølvsagt er den estetiske og kulturelle dimensjonen viktig, og sjølvsagt treng me ein viss basis av klede, mat og husvere.
Likevel. Eg trur at det eg verkeleg treng i livet mitt for at eg skal vera på plass der sjølv er Gud og medmenneske.
Slik kan ein filosofera ein sundag føremiddag i pausane mellom alt ein skulle ha gjort.
I dag ville mi høgt elska bestemor ha fylt 105 år om ho framleis hadde levd. Det er allereie er femten år sidan den natta ho sovna inn for godt.
Det er rart å tenkja på det og.
I dag har eg hatt sundagsskule, og eg har ei eplekake i omnen.
Heidi
Det har vore ein av desse utruleg fine dagane att. Temperaturen har ligge og vippa på rundt femten grader, og sola har varma ryggen og ansiktet.
Eg måtte ut og gå. Det har blitt altt for få turar i det siste, for dagane har krevd så mykje av meg at kvelden kjem før eg får tenkt meg om. I dag hadde eg bestemt meg for at ein tur ut måtte få førsteprioritet. På med genser og gode sko. Så gjekk eg ein omveg bort til onkelen min, for det var lenge sidan eg hadde vore innom der. Verda såg ut som eit bilete av Van Gogh med nydelege haustfargar. Bjørkene var gule, og raunbæra sprengde oransje mot skala sine. Geiteramsen stod kvit og lot frøa slå fylgje med brisen.
På åkeren ved huset til onkel haldt dei på å ta opp poteter. Denne spesielle lukta av potetåker, den krydra angen av potetgras blanda med lukta av rå mold, reiv meg i nasen,- og tok meg rett tilbake til barndomen. Det er rart det der med lukter, eg veit ingen raskare veg til minner så ekte at det kitlar i mageregionen.
Eg lukka augene og lot lukta ta meg tilbake til då morfar hadde eit “eplestykke”, som på den lokale dialekten betyr ein liten potetåker, rett utanfor huset vårt. Eg hadde plutseleg ein strikkejakke som klødde litt og raude gummistøvlar på føtene. Eg hadde eit kort foldeskjørt og ribbestrikka strømpebukse. Bror min var og med i minnet, han hadde skyggelue og ei lita barnetrillebåre med poteter oppi.
Morfar, som var ein liten og tynn mann med trøye og skyggelue, smilte utan tenner og sa at han hadde kvar si brusflaske på lur til oss. Men han hadde gøymt dei har ute ein plass, så me måtte først finna dei viss me ville ha brus.
På veg heim gjekk eg innom for å slå av ein prat med bror min, som akkurat stod og slo det lange graset på plenen framfor huset. Han hadde rydda loft og kjellar eller noko liknande, og i gardsromet stod ein stor containar med ting som skulle kastast. Over kanten stakk meiane på ein gyngehest opp. Eg fekk straks identifisert gyngehesten som identisk med den me hadde heime då me var små.
Eg spurte om han verkeleg ville kasta gyngehesten. Han sa at eg kunne ta han viss eg ville, og så hoppa han opp på containaren for å henta han ut for meg. Då eg studerte han nøyare, såg eg jo sjølv at han var ganske malingssliten og bar preg av å vera godt brukt i to generasjonar. Eg vurderte å gje han tilbake til skraphaugen, men nostalgikaren i meg vant. Så vandra eg fornøgd vegen heim med ein førtifemårsgammal raud gyngehest under armen.
Eg smugla skatten inn i den allereie overfylte kjellaren vår, og la han litt diskret mellom koffertar og soveposar. Men då Sunniva eit par timar seinare kom heim med vesle Tobias på ca halvanna år, som ho skulle vera barnevakt for, vart hesten henta opp i stova…
Stova vår må då vera attraktiv for små barn etterkvart. Dei små jærstolane i barnestorleik og trappegrinda har eg aldri tatt vekk. I sofaen ligg det to kattar, og i eit stort bur har me ein gul og ein grøn undulat. I kjellaren har me mengder av dokker, kosedyr, duploklossar og biletbøker.
Nokon som begynnar å bli klare for barnebarn?- Ikkje først og framst og heilt endå, kanskje…
Eg får nok heller prøva å halda meg inne med dei små barna som endå finst i bekjentskapskretsen. Hedvig….
I går hadde eg ein deilig fridag. Eg fekk lokka med meg Torhild på kafé, der gjekk deler av føremiddagen med til sorglaus og kjempeviktig sus og dus. Etterpå gjekk eg heim og bakte foccaciabrød og eplekake til gjestene eg hadde invitert til kvelds. Tandorikylling, ris og salat vart det og, gerbera og roser i hsustfargar, og masse levande lys. Så kom Gunn og Karin og me hadde ein triveleg fredagskveld. Sirdalsturen vår vart avlyst, så den får me ha til gode…
Nå har tanken på “alt-eg skulle-ha-gjort” innhenta meg. Eg har fått lese litt i boka om ad/hd i klasseromet,
og så har eg konstatert at eg har fått godkjend innleveringsoppgåva i spansk. Nå har eg site her i eit par timar og finteld på rytmer og skandering i salmen eg har lova å ha ferdig sånn omtrent nå. Eg trur eg er så godt som ferdig med teksten, men er nå i ein meir eller mindre obligatorisk tilstand av forvirring der eg ikkje veit om det eg har skrive er godt eller dårleg.
Nå skal eg førebu andakten til sundagsskulen i morgon om Peter og fiskefangsten hans, og så skulle eg ha rydda klede og papir, lese spansk og jobba med tekstane elevane på skrivekurset har laga. Samtidig tikkar klokka mot lørdagskveld. – Noko får eg vel gjera i morgon og.
Sofa og avis og TV… Det høyrest i grunnen veldig forlokkande ut akkurat nå…
Heidi
fordi det ligg ein katt der som eg ikkje har hjarte til å jaga vekk… Slik har eg det i skrivande stund… Og eg trur det er ei av mine sterkare sider… Å tilpassa seg situasjonen utan å la meg påvirka alt for mykje av det som eg kunne ha sett på som irritasjonsmoment… Då eg var på eit kurs i pedagogikk, der dei dvelte ved begrepet coping, – det å leva med det ufullkomne, gjekk det opp for meg at eg har uendeleg stor copingkompetanse… Og at det faktisk mest av alt er ei styrke, sjølv om ei kvar styrke samstundes ber i seg kimen til ein svakheit….
Sjølvsagt hadde det kanskje vore sunt for ungane at eg av og til brølte til dei at nå fekk det ein gong for alle vera slutt på jakkar på golvet i entreen og tome tallerkenar rundt i stova… Og sjølvsagt kunne eg ha jaga katten, men han ligg jo så godt…
Akkurat nå er eg fornøgd med at eg har klart å levera mi første obligatoriske spanskoppgåve eit halvt døgn før innleveringsfristen… Pensum er uendeleg stort, teke i betrakting kor mykje tid eg har til å bruka på å pugga spansk, men eg får ta det som eit eksperiment, og gjera det beste ut av det… Det verste som kan skje er at eg stryk til eksamen i slutten av november, det eg har lært til då har eg lært, og vil i beste fall ha mykje glede av ¨å kunna…
I morgon har eg fri, og det går mot ei roleg kveld. Det einaste som skjer av planlagde ting er at eg i morgon skal leggja i veg på ein liten sirdalsekspedisjon i lag med ei venninne for å besøkja ei skulevenninne av oss. Det blir fint. Så har eg lova å vera med å ha sundagsskule på sundag, så eg må oppdatera meg på disippelen Peter og fiskefangsten hans.
I går kveld la eg opp femten strikketøy i tjukt garn i sterke fargar med seksti maskar på kvar. Tekstilformings-elevane mine skal strikka sitjeunderlag på tjukke pinnar, og så skal me tova dei i vaskemaskinen for å få dei passe varme og kompakte. Det er ei perfekt oppgåve for ikkje-spesielt-strikkekunnige-sjetteklassingar. Tovinga gjer at alle feil i strikkinga vil bli lite synlege på sluttproduktet, og i løpet av dei seksti rillene dei skal strikka har dei forhåpentlegvis fått nok trening til at dei kan få til meir estetisk krevande prosjekt som huver og panneband?
Hausten kjem smygande. Eg fryktar at tysdagen i denne veka vart den siste dagen eg gjekk barbeint i sandalar denne sesongen. I dag har eg hatt tjukk strømpebukse under dongeriskjørtet som var for lite i midten av august, og ein ermelaus topp under den haustraude genseren eg kjøpte hos Gudrun Sjödén. Vindauga i klasseromet mitt har eg pynta med raunbær og lyng frå konfirmasjonen, og når eg står opp om morgonen er det framleis ikkje fullt dagslys…
I går var eg på open dag på ungdomsskulen og på konsert i aulaen fekk eg høyra Sunniva og Irene synga Mama Mia med playback og mikrofinar. Eg konstaterte stolt at i mine, kanskje ikkje alt for finstemte musikalske
øyrer så klang det riktig vakkert. Sunniva har begynt å ta timar i solosong frå i haust av. Ho er så aktiv på kveldar og ettermiddagar med ulike teatergrupper, dansegrupper, kyrkjegrupper og songgrupper at eg lurer på om ho burde bremsast litt… Men så er det jo fint at ho får med seg alt saman når lysten og motivasjonen ser ut til å vera der.
Halvard har fått klørne i eit keyboard, så nå høyrest det alle avskygningar av musikalske innfall frå piano, keyboard, akustiske og elektriske gitarar, samt eit og anna stunt frå ein mandolin eller ein mandola. Han prøver å overbevisa meg om at han treng eit trommesett og ein elektrisk bassgitar for å kunna utvikla deg vidare… Leksene har han dessverre ikkje same driven på…
Nå er sikkert oppvaskmaskinen klar for ein ny omgang oppvask, og i beste fall har alle reine klær å ta på seg i morgon og…
Det handlar om å leva.
Heidi
er her nå med sol og skarp luft og tre med gulnande fingrar. Det er så fint, og eg tenkjer at september med sol og haustklar luft må vera noko av det finaste som tenkjast kan.
Eg har aldri vore nokon stor strateg når det gjeld å organisera mi eiga tid. Det kan vera at ein del andre mennske hadde kunna tenkt seg at veka etter ein konfirmasjon er ein skikkeleg trøytt og bør vera selektiv med avtalar… Av ein eller annan grunn er det ikkje slik mitt hode fungerer.
På mandag var det etterselskap, der me åt restar av restar med utvalde venner. Det var koseleg, og etterpå var det nettspansk.
På tysdag var det som vanleg dramaklassane mine etter vanleg skuletid, og på onsdag var det foreldremøte. Det gjekk veldig fint, men det er alltid nokså energikrevande å halda foreldremøte. Ein vil jo gjerne leggja alt rett fram, og gje dei eit rettferdig inntrykk av livet i klasseromet. Eg hadde vond hals og hodeverk og kanskje litt feber, men eg trur det gjekk bra likevel.
På torsdag hadde eg skrivekurs for dei ti unge forfattarspirene eg er ansvarleg for. Det gjekk fint. Skrivekurset fortener utan tvil ein eigen blogg ein gong.
Ingrid og Oddvar kom heim seint torsdag kveld. På fredag var det gravferd for farfaren til Oddvar som Oddvar er vaksen opp med og har vore veldig glad i.
Me kjende han ikkje, men ville gjerne visa Oddvar og familien hans støtte og respekt, så me drog til kyrkja i lag med foreldra mine. Det var ei veldig fin gravferd, og han vart lagt til kvile i vakkert, klart septemberver.
Det var litt merkeleg å sjå frå galleriet at Ingrid sat saman med familien til Oddvar og etterpå stod saman med dei ved grava. Det gjekk liksom litt ekstra opp for meg at ho etterkvart er vaksen, og ikkje heilt den vesle jenta vår lenger. Ho kjende den avdøde farfaren godt ho og, etter tre år saman med Oddvar, og sørgde med dei sørgjande.
Fredag kveld var det litteraturgruppe her hos oss. Eg bakte grove rundstykke og eplekake til venninnene mine, og serverte dei spekemat med eggerøre, salat, melon og jordbær. Me tende levande lys i lysekrona over spisebordet og hadde det veldig fint. Klokka halv tre om natta var eg ferdig med å rydda, og tidleg neste morgon måtte eg opp og i sving, fordi eg hadde vald å legga den første av ein del lørdags-skrive-dagar for skrivekurset mitt til denne dagen.
Eg hadde litt prestasjonsangst for korvidt opplegget mitt var bra nok til at dei ville trivast med å skriva når dei vanlegvis har helgefri, men det vart veldig fint. Halve økta var me ute, først for å laga ein byreportasje frå torget der det var festival denne helga. Etterpå gjekk me ut i skogen, og stoppa to ulike stader for å skriva haustdagen. Vel heime på skulen åt me rundstykke med ost og syltetøy og varma resten av eplekaka.
Ingrid ønskte seg kinamat , så det tok eg med meg heim.
Syster kom innom. Me åt kinamat og drakk kaffi, og eg var søvnig på ein behageleg måte. Det tok fleire timar før eg kom meg såpass at eg prøvde å pugga litt spansk. Kurset eg tek har veldig bratt progresjon, og eg er nøydt til å prøva å utvida ordforrådet dramatisk, samt å skaffa meg grammatikalske knaggar å henga språket på:
hablar: hablo-hablas-habla-hablamos-hablais-hablan
comer: como-comes-come-comemos-comeis-comen
vivir: vivo- vives-vive-vivimos-vivis-viven
Det er vel det det dreier seg om. For ikkje å snakka om:
estoy-estás-esta-estamos- estais-estan
eller om det skal vera:
soy-eres-es-somos-sois-son
To be or not to be, hadde eg nær sagt…
I dag var det relativt tidleg frokost før Ingrid skulle reisa tilbake til folkehøgskulen sin. Så var det konfirmasjonsrelatert gudsteneste for tredje helga på rad. Etter at Sunniva har gjennomført samtalegudstenesta og konfirmasjonen, vart Halvard i dag presentert i lag med dei andre nye konfirmantane…
Og i morgon er det foreldremøte for nye konfirmantforeldre… Deriblant oss.
Og resten av sundagen har vore fårikål, og baking av kanelbollar, ein tur i det fine veret og ein stor stabel reknebøker som skulle rettast.
Eg held på å sveiva inn att det forsømte i livet mitt etter nokre særs travle veker. Eg veit at eg har lova å gjera ting for minst to av dykk som les her. Det kjem… Eg må bare henta meg inn litt til…
Heidi
og eg er trøytt. Innspurten sist veke kulminerte med at overnattingsgjestene kom på fredag. Henrik Eva Mari og Marco, Odd Christian, Ingrid, Oddvar, svigerfar og svigermor dukka opp, alle unntatt Odd Christian kom i løpet av eit par timar. Så var det fullt rundt spisebordet og alle andre plassar i huset.
Triste ting hende og den dagen. Oddvar mista farfaren sin som hadde vore sjuk lenge akkurat i det han og Ingrid skulle berynna den lange kjøreturen. Vel heime, og midt i sorga, fekk Ingrid eit vepsestikk under foten, som må ha truffe ei nerve og utløyst ein reaksjon. Foten verkte så intenst at ho sat med foten i ei bøtte kaldt vatn heile natta. Det gjorde intenst vondt i over eit døgn på tross av smertestillande salver og tablettar…
Det gjorde at ho ikkje kunne hjelpa til som tenkt. Mens Sunniva vart fotografert av onkelen sin ute ved havet rigga eg lokalet me skulle vera i, -litt aleine og litt i lag med gode hjelparar. Etterkvart vart det veldig fint. Kvite dukar i nervøs fløyel med eit flor på midten av bleikrosa tyll. Oppå der igjen langstilka enkle rosa roser, slike med lysegrønt i tuppen av kronblada, sett i høge smale glasvasar. Så var det lysrosa høge lys i stålstakar og små rosa klaseroser frå hagen til foreldra mine i låge glas langs midten av bordet. Dei bleikrosa serviettane er dei dyraste eg har kjøpt i heile mitt liv, men fine var dei. Mor og far hadde plukka røsslyng og raunbær som eg pynta med i resten av lokalet, og til slutt arrangerte Eva Mari liggjande oppsatser av ulike typer rosa roser til anretningssbordet.
Mens eg pynta til fest, stod Eva Mari heime på kjøkkenet mitt og laga god, god mat. Skalldyrpaté, lun potetsalat, tunfisksalat, kyllingsalatar, laksepai og kyllingpai. Far stod heime på kjøkkenet sitt og steikte store mengdar karbonadar til oss. I saman med spekematanretning, flatbrød og tapas vart det eit fantastisk festmåltid om eg sjølv skal seia det. Eilen steikte foccatiabrød som ho kom med sundag morgon og Thorbjørg kom med eplekake og
sjokoladekake til oss.
Kvelden før var det utruleg mykje å ordna… Rydda, stryka, skriva ferdig talen, laga to konkurransar. Det vart langt på natt før eg kom meg i seng og neste dag starta grytidleg med henting av cateringmat og siste hand på festlokalet…
Resten av sundagen var ein fest og ei glede. Først snufsa eg litt i den overfylte kyrkja fordi alt var så fint. Så skunda eg meg til festlokalet der tre gode venninner og kolleger var så utruleg snille å styra kjøkken og servering.
Torhild sat med oransje fjørboa og kunstferdig oppsett hår og spelte alle gjestene inn i lokalet medan eg stod i døra og delte ut velkomstklemmar.
Maten smakte nydeleg, og songane fungerte godt. Sunniva strålte som ei sol medan mor og bestefedre, sysken og fadrar haldt fine talar for henne. Vilde snufsa seg gjennom ein lang tale og overrakte eit nydeleg fotoalbum med bilete av henne og Sunniva som ho hadde brukt mest heile natta til å laga.
Presangbordet bugna av gåver og så kom det endå fleire gjester til kaffi og lysbilete og songar og konkurransar .
Plutseleg var festen over og eg var fylt med ei varm kjensle av å ha verdas flottaste ungar, venneflokk og familie.
Så var det rydding og vasking og ordning, bort med fest og fram med kvardag. Klokka ti var me ferdige og samla overnattingsgjestene og oss sjølv rundt bordet i lag med Irene som var komen på besøk. Me tende levande lys i lysekrona under taket og åt restar etter selskapet og såg på alle dei fine bileta Henrik hadde tatt. Nå gler eg meg til å få dei på min eigen pc i lag med bileta til Borghild. Då hugsar eg godt at eg har lova å leggja ut eit bilete av Sunniva i bunad.
I dag var det opp og på jobb før gjestene våre hadde pakka seg ut av huset. Og dagen har vore trøytt og lukkeleg. Kjærasten min hadde invitert fire venner til å eta restane av restane, og då måtte me tenna lysa i lysekrona på ny, for nå mørknar det ute. Eg har måtta henta fram eit par sokkar for første gongen denne sesongen…
Dagane mörknar minut för minut. Tänd våra ljus, det är nära til hösten, snart är den blommande sommar slut…
Og det er dessutan eit halvt år til neste gong eg skal arrangera konfirmasjon…
Og nå gjeld det å sova seg litt inn. Må bare sjekka om ungane mine er vel i hus.
Heidi
I fjor i september jakta eg på eit nydeleg septemberdikt som eg kjende til, men ikkje hugsa. Eg fann ut at det var Einar Skjæråsen som hadde skrive det, men fann ikkje teksten.
I sommar rota eg litt i bokhylla til Henrik og Eva Mari. Då fann eg den rette diktsamlinga. Inne i boka låg det eit sånn ark som ein får i gravferder, det var frå gravferda til Einar Skjæråsen. Nokon må altså ha vore der og lagt arket inn i boka som nå står i Eva Mari si bokhylle. Det mysteriet har eg ikkje fått hol på endå, men her er diktet. Det er så fint at eg får lyst til å gråta.
Av og til blir eg veldig berørt av dikt.
Høstvise.
Min elskede, jeg har en vise å synge
når bladene faller og fuglene drar.
Det sukker i skog etter sang som forstummet,
det mørkner i muld etter grøde som var.
En blekere årstid skal røre vår tinning,
med hastige vinger og drivende løv.
September skal gå over jorden og kalle
dens ånde til stillhet, dens hjerte til støv.
En sommer er borte og ringeren ringer.
Og vinteren venter bak visningens port.
Vi også skal møte vår høst og forarmes,
vår styrke skal trenges tilbake og bort.
Og sneen skal falle så stille, så stille,
og stemmene dempes i far og i foss,
og en gang en vårdag skal knoppene springe
og heggen skal blomstre, men ikke for oss.
Vi er hos hverandre mens dagene vendes
mot fjernere himmel og lavere ild
og alt som har feste og hjem under solen
er med i det store mysteriespill.
Jeg favner din favn, og jeg kysser din panne
og har deg med ømmere tanker enn før.
Min elskede, jeg har en vise å synge
mens fuglene flokkes og trekker mot sør.
Einar Skjæråsen
Heidi
Nærmare bestemt om eit par timar… Og eg kan ikkje tru det… Eg avslutta for to minutt sidan ein lang og innhaldsrik tekst om konfirmasjonsførebuande liv i heimen, og så forsvann han i lause lufta då eg trykka på “Spara dagboken.”
Kanskje innloggingstida var ute, for eg vart avbroten midt i teksten, slik at det hadde teke lang tid frå eg logga inn?
Men i staden for ein lang tekst om å mista tekstar, skal eg i all korthet fortelja at eg i helga har:
Laga fire brett rundstykke til nedfrysing.
Vaska kjøkkenet. Kjøleskapet aleine tok fleire timar.
Bakt atten ringars kransekake i lag med Tonje.
Henta heim montert bunad.
Kjøpt grøne strømpebukser til døtrene mine.
Kjøpt sko til Sunniva.
Handla lys og serviettar.
Hengt fire maskinar nyvaska tøy ut i sola.
Laga bordkort i lag med Sunniva med hjarte på og dikt i.
Vaska stova. Det tok utruleg lang tid, men nå er det lyspærer i taklampa for første gong på lenge.
Skrive ein halv tale.
Leita meg gjennom store mengder gamle fotografi.
Blitt fylt med takksemd og vemod i samband med punktet over…
Vore på ein veldig fin samtalegudsteneste der konfirmantane bidrog med lysbilete, tale, song og dans.
Dette har eg ikkje nådd endå:
Skriva song.
Laga songhefte.
Koka gome.
Rydda og vaska soverom og loft.
Var det ikkje meir? Kanskje eg ligg godt an?
Eg nynnar på songen :
“Nå er det himmel og jord om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra”-
medan eg kastar sjølvironiske blikk mot meg sjølv i spegelen og blunkar til meg sjølv med høgre auge…
Og det er faktisk uvanleg reint i store deler av huset så lenge det varer…
Heidi
Det var interessant å observera ungdomane som kom til følkehøgskulen på sundag. Mange av dei hadde reist langt, og mange av dei kom i lag med begge foreldra. Ingrid og eg kunne ikkje la vera å studera korleis fleire av dei likna på den eine eller begge foreldra, og historiane om kven dei var begynte straks å sviva i hovudet mitt. Ingrid meinte at ho ville venta til ho vart betre kjend med dei heller enn å dikta historiar.
Dei fleste såg spente ut, og dei fleste var ein smule reserverte og målte einannan med blikket sånn litt i smug… Ingrid var rask til å byggja seg reir. På eineromet hennar var det både bilete på veggen og grøne planter i krukker innan ein halvtime.
Me fekk lunsj, og så var det ein lang pause før opningssermonien. “Korfor går det så lang tid før noko skjer,” spurde Ingrid. “Kanskje fordi foreldra skal få tid til å lengta heim, og ungdomane skal få tid til å gle seg til dei reiser,” svarte eg.
Så var det ein kjempefin opning i fullstappa gymsal med Jonas Fjeld, engler i snøen, Albino Superstar og Tir na Noir. Før kaffien måtte me ta fatt på heimvegen. Oddvar var igjen til dei siste foreldra og kjærastane reiste heim etter kaffi og kaker.
Nokre andre foreldre drog i lag me oss, me var ikkje dei einaste som delte ut avskjedsklemmar på trappa.
Vegen heim var lang og vakker i ein mørknande augustkveld. Då me var nesten heime ringde Ingrid og prøvde å få stemmen til å høyrast overbevisande ut då ho sa at ho hadde det bra… Hjarta mitt var på smeltepunktet. Men neste dag virka det som ho meinte det, og resten av veka fekk eg sms-ar om at ho hadde det kjempefint og ikkje hadde tid til å snakka i telefonen akkurat nå. Eg snakka med henne i går, og då var ho glad og svært entusiastisk med tanke på livet på teaterlinja.
Akkurat som då me kjørte Odd Christian for tre år sidan sat eg og lurte på korfor eg ikkje jobbar på folkehøgskule. Eg trur eg ville ha elska det…
Livet mitt er for tida skuleoppstart og førebuingar til konfirmasjon neste sundag. Eg kjenner dagleg på skrivekløen, men kvar gong eg loggar meg inn, så skjer det noko som gjer at eg trengst ein annan plass.
Eg kjem sterkare tilbake…
Heidi
Me varma speltrundstykke og laga osteomelett. Me trakta kaffi og pakka bil. Så kjørte me over fjellet i nydeleg morgonsol. Augustmorgonen dirra over speilblanke vatn utan ein krusning på overflata.
På veg over fjellet høyrde me i spenning på ein skurrete bilradio med dårleg dekning som overførte finalekampen i handball mellom Norge og Russland i Beijing. I det me nærma oss Setesdalen bles dommaren kampen av, og dei norske jentene hadde vunne OL- gull.
Ingrid sat i baksetet med pappkassane sine, litografien ho fekk til konfirmasjonen, den runde spegelen og bambusgreinene frå ikea ho har fått høge og fine. Ho var glad og spent.
I Porsgrunn hjalp gps-en oss til å finna Oddvar sin hybel. Etter ei veke i denne byen hadde han oppnådd ein imponerande oversikt over både det eine og det andre.
Kjærasten min og eg er installert på Dag Bondeheim i Skien. Me har drukke kaffi på ein kaffibar på brygga i fin augustsol. Me har undra oss over ein bygning med fylgjande kryptiske innskript. “Forever until the end.”
Kva nå det måtte stå for.
Så har me vore på Dolly Dimple i Porsgrunn med Ingrid og Oddvar og ete pizza og salat. Nå ligg me framfor TV-en med jordbær og kvar vår PC.
I morgon føremiddag skal Ingrid flytta inn på folkehøgskulen og møta dei ho skal dela det komande skuleåret med, både dei på teaterlinja og dei andre. Måtte ho få eit godt år der.
Heidi
I morgon tidleg lastar me Ingrid sine ting i bilen og kjører henne femti mil mot eit komande folkehøgskuleår. Ho synest det er rart at ho skal dra, og me synest det er rart at ho skal dra, men nå er tida inne.
Eg har hatt fri i dag. Det gjorde seg med ein frifredag etter desse hektiske oppstartsvekene. Alle hjul har snurra seg i gang. Det har vore fint å møta ungane att, og etter ei veke med skule kjennest ferien allereie langt unna.
Ingrid og eg reiste til mor og far og sat der lenge og drakk kaffi medan eg hekla på ein stripete elefant i bomullsgarn. Eg hadde tenkt at elvevane eg skal ha i tekstilforming kunne laga slike, men etter å ha hekla snabelen og hovudet innser eg at oppgåva er for vanskeleg. Eg får finna på noko betre…
I ettermiddag var planen å vaska huset, men eg har snurra rundt min eigen akse, og knapt nok rukke å gjera meg ferdig på kjøkkenet. Men eg har rukke å baka sjokoladekake til Halvard og dei sju kameratane som ser film i kjellaren. Ingrid har sitte på kjøkkenbenken og ete sjokoladekake og drukke mjølk, medan eg vaska golvet.
I går var eg på mottakelse med ordførarar og kanapear. Eg fekk blomar og fine ord til takk for ein tekst eg hadde skrive, og me hadde gratisbillettar til arrangementet der teksten skulle brukast. Teksten min var ei omskriving og ei dramatisering av eventyret om Bukkane Bruse, som skulle spelast på ei gammal bru på vegen opp til sjølve arrangementet. Tusen menneske gjekk vegen oppover mellom folk som dansa og folk som spelte på neverlur. Langs løypa var det masse barn utkledde som troll og folkedans til felemusikk medan lokale idrettslag selde brus og pølser til forbipasserande.
Vel oppe på åstaden, venta me til klokka var nøyaktig halv ti. Då hadde mørket begynt å leggja seg, og store lyskastarar vart tende. På vatnet nedanfor var det folk som tilsynelatande dansa på vatnet, og folk i robåtar som spela ulike instrument og song folketonar. Så vart lyskastarane retta mot fjellveggene som omgav oss på to sider, og gruppa Bandaloop dansa vertikalt og hosisontalt på stupbratte fjellsider. Innimellom dansa dei i fritt svev høgt over bakken, festa i vaiarar.
Det var ei spektakulær oppleving av dei sjeldne. I tillegg var det ei eigenarta oppleving å treffa så mange folk eg ikkje har sett på veldig lenge. Ein av hovudgrunnane til desse møta var at arrangementet fann stad i den kommunen der eg vaks opp, og plutseleg var eg ein ekte Gjesdalbu.
Då me gjekk ned att hadde det blitt kolande mørkt, og bunadkledde folk stod der med parafinlykter for kvar tiande meter, slik at ingen av dei tusen tilskodarne skulle detta utfor den smale vegen. Då me var halvvegs nede begynte det å regna, og kjærasten min slo opp den store paraplyen han hadde teke med seg. Tett omslynga for ikkje å bli våte gjekk med nedover i mørkret med folk på alle kantar.
Eg fekk ubegrpeleg lyst til å synga “Strangers in the night” medan me marsjerte nedover mellom dei spøkelsesaktige lysberarane, for plutseleg syntest eg den songen ville ha passa så godt… På veg over til jordet der bilane stod parkerte måtte me over ei plankeliknande bru. Der stod det ein traktor med lysa tende midt i elva slik at me såg kor me skulle setja føtene.
…og snipp snapp, snute, så var eventyret ute…
Og i morgon siktar me oss inn på eit nytt eventyr for Ingrid.
Heidi