Før eg har fått tid til å reflektera over at me har gått inn i august, denne mjuke månaden som Einar Skjæråsen skriv så vakkert om, så registrerer eg at me alt er over halvvegs.
Sidan sist har veka vore full av planlegging med tanke på det komande arbeidsåret. Det har vore lat planlegging på kafé, eller med ei stor skål salat på golvet i gapahuken. Og det har vore intens planlegging med møter og timeplanar til hjernen surrar som ein sverm haustdovne bier. Det har vore vemod over at sommarferien er over blanda med gleda over å møta att folk eg er svært glad i, og i går haldt rektor den årlege garasjefesten i garasjen og hagen sin. Akkurat som me har gjort dei siste elleve åra lo me høgt og hysterisk og prata lågmælt mellom varmelampar og utepeisar til det var natt og ikkje kveld.
Eg har levert inn bunaden, og til mi barnslege glede sa ho som driv butikken at det var vakre broderi… Sunniva og Ingrid vart målte begge to fordi Ingrid nå må få sin bunad justert slik ein som regel må gjera det fordi ein sjeldan er ferdig utvaksen som konfirmant. Sunniva har så smale handledd at det rører noko djupt inne i meg.
Då eg nyleg var og såg Mamma- Mia- filmen i lag med kjærasten min, Gunnar og Hanne Lise vart eg veldig positivt overraska. Eg hadde ikkje venta at det var ein film eg skulle kjenna meg nevneverdig berørt av, men det vart eg. I scenen der Meryl Streep som sin rollefigur pyntar dotter si som brur, og tenkjer tilbake på barndomen hennar fekk tårene til å renna nedover kinna mine. Eg tenkte på Ingrid som flyttar ut om ei veke for å gå på folkehøgskule, og som kanskje aldri meir skal ha fast adresse ute, og eg tenkjer på Sunniva som er i ferd med å bli vaksen ho og.
Då Sunniva plutseleg fortalde meg i dag at ho skulle ta tog inn til byen for å gå på kino med ein gut ho hadde møtt på leiren, kom eg til å tenkja på ei novelle me las i engelsktimane på gymnaset, “Go lovely rose”, som handla om kvalene ein far gjekk gjennom då dottera var ute på sin første date. Den gongen tenkte eg på det som sentimentalt og litt overspent, men plutseleg såg eg dybdene i novella…
Nå er det lørdagskveld. I dag har eg vore ute og handla inn fint materiell til skrivekurset eg skal ha i kulturskulen. Om tre minutt skal eg ned for å sjå ein dokumentarfilm om Michael Jackson i lag med Halvard, den einaste av ungane mine som framleis vil sjå fjernsyn med mor si på ein lørdagskveld. Tidlegare i kveld sat eg ute og las avisa i tynne klede. I avisa stod det at ein måtte nyta helga, for på måndag kjem hausten og gråveret. Til slutt måtte eg inn og kle på meg genser fordi eg fraus.
Heidi
Det kjennest bra. I morgon føremiddag blir bunaden levert inn til montering, og Sunniva skal målast slik at alt skal bli så fint så fint.
Akslene verker etter dagens innsats, det vart nok i alle fall sju timar med nål og tråd, dei fleste i sofaen heime hos mor og far. Nå skal bare broderia dampast, men eg utset det til morgon tidleg…
Elles har eg dei siste par døgna:
Vore innom skulen i to-tre timar for å koma i gang litt.
Det kjendest heilt greitt. Den der stille før stormen kjensla av “blanke ark og farjestifter tel” og så kan ein “rette opp at alle feil i frå i fjor” og start med verdas mest gjennomtenkte system på det meste. Her skal kvart einaste skjema og papirark vita kor det høyrer heime…
Lese ut boka til Åsa Linderberg, -veldig bra.
Sett to Bergmannfilmar: Persona og Viskningar och rop. – Veldig fine filmar, men eg lurar på om Ingmar Bergmann
hadde makta å fenga publikum på same måten om han
hadde debutert nå. Eg trur all dvelinga ved bilete, lange
scener utan dialog og musikk er eit veldig uvant formspråk for folk under tjuefem som er vane med at
bileta skiftar sånn omtrent annakvart sekund. Men eg let meg trollbinda og fyllast av eit merkeleg stemningsleie.
Feira Gunnar sin gebursdag med sundagsmiddag heime hos dei og kaker og kaffi og film til dessert: “Alt om min mor,” -ein veldig bra film som eg såg for fem – seks år sidan i lag med Eva Mari.
Starta med å lesa Johannesevangeliet på spansk. Må jo setja i gang nå når eg skal lesa spansk Oppdaga til mi forskrekking at eksamen er i desember, ikkje i mai som eg trudde. Men eg treng jo ikkje å gjera det godt på nokon eksamen. Eg treng ikkje ta eksamen ein gong. Eg har bare lyst til å læra språket.
Det er nå det meste startar. I morgon er det først bunadsbutikk så lunsj med Jan Ivar og innom jobben i langsamt tempo. Så er ferien slutt…
Heidi
Halvard spelar oss inn i dagen. Stairway to heaven, på den eine nye gitaren og Here comes the sun på den nye mandolinen.
Dagen skulle eigentleg ha begynt for fleire timar sidan, men det var så godt å sova. Eg vakna til regn mot ruta.
Dette blir den store ryddedagen, men sånn får det vera. Garderoben er fornya, med god hjelp på fleire plan frå Eva Mari. Dei nye kleda er fint lagde inn i hyller og hengde på kleshengarar. Ingrid har til og med kjøpt nokre små plagg som ho fann på utsal og meinte dei måtte passa til mora. Det gjorde dei. Nå burde eg vera klar for kjøpestopp…
Eg fekk med meg ei perle av ei bok frå Årjäng. Åsa Linderborg sin oppvekstroman “Mig äger ingen.” Det er ei nydeleg bok om ein barndom som ikkje var heilt A4. Dette fekk meg til å filosofera over dei fem familiane eg har erfaringar frå å vera ein del av…
Då eg vart fødd budde me heime hos bestemor og morfar. Der budde eg med foreldre og ein eitt år yngre bror, ein sjuk morfar, ei bestemor som likte seg best inne i huset og med
tre ugifte onklar som gjekk på arbeid kvar morgon. To av dei kom heim og åt middag kvar dag klokka tolv. Morfar kokte, seinare kokte mor middag til oss klokka tre, og om kvelden kom den siste onkelen som ikkje hadde tidleg middagspause heim og åt middag. Eg åt i lag med dei alle, og var bada i merksemd frå vaksne. Slett ikkje A4 det heller, men for eit barn som fekk kjærleik varme og interesse frå alle dei vaksne var det på sett og vis eit paradis. Sett ut frå augene til ein vaksen som ein gong har vore den fireåringen me snakkar om, vel å merka. For meg har det vore ein gave å veksa opp med så mange vaksne som brydde seg oppriktig om meg.
Farmor og farfar var framleis ganske unge då eg var fødd. Farmor var faktisk yngre enn eg er nå då eg var lita, det er rart å tenkja på. Eg hadde ein onkel som var stor gut då eg var lita jente, og ein gut frå Berlin som var yngre enn han igjen som var fosterbarn hos besteforeldra mine kvar sommar og ein vinter. Farmor og farfar dreiv gard og var alltid travle. Me var med dei i fjoset, fekk ta inn kyrne om kvelden, plukka bær og frukt i hagen klatra ned den gebrekkelege stigen frå låvegolvet og henta egg i hønshuset og fiska aure ute på vatnet. Det var eit godt liv det og, og når me vart større var me på feriar hos farmor og farfar heilt aleine. Der bad dei alltid bordbøn, lytta konsentrerte til gudstenesten på radio kvar morgon etter fjosstellet og gjekk i kyrkje og misjonsforening.
Forskjellen mellom dei to familiane var uendeleg stor, men for eit barn er det ikkje noko problem at ting er forskjellige bare ein kjenner forskjelligheita. Eg var like heime begge stader, og var ein like ubesværa part i begge familiane.
Så vaks eg etterkvart opp på eit byggefelt med foreldre og to sysken der alle husa var like nye. Dei vaksne omgjekkes dei fleste andre vaksne som var på deira alder og barna leika ute i gata om kveldane. Mor jobba heime til eg var stor, akkurat som dei fleste andre kvinnene. Far hadde ein jobb som krevde mykje. Me gjekk på skulen annankvar dag til å begynna med. Seinare kunne skuledagen vera frå ti til eitt den eine dagen, og frå åtte til elleve den neste. Det var ikkje noko problem, for mødrene var jo heime. Barnehagar hadde eg bare høyrt om på barnetimen for dei minste der dei av og til avslutta med å seia: “Nå har nok pappa gått til kontoret, og du skal kanskje i barnehaven eller i parken…”
Fritidsordningar hadde ingen høyrt om.
Då eg vart vaksen og møtte kjærasten min vart eg ein del av hans familie. Dei bur i ein kommune vest for Oslo. Der er det heilt annleis enn i nokon av dei tre familiane eg hadde frå før, og barna mine har fått sine erfaringar der som er annleis enn dei eg har fått som barn. Men den same varmen og det oppriktige engasjementet får dei med seg på same måten som eg gjorde.
Så er det min eigen vaksen familie då. Det lett kaotiske livet her i kråkeslottet vårt som ungane nok kanskje ville beskriva på sin eigen måte, men som eg har skrive veldig mykje om her før.
Og dette er sjølvsagt bare bittelitt om alt dette. Lampen kunne haldast opp på dei meste måtane og mange historier ville vore sanne på kvar sin måte. Men det er ikkje poenget her. Poenget er filosoferinga over rikdommen i å få høyra til i ulike system. Det å sjå at mykje kan fungera. Eg trur ein blir eit meir tolerant menneske av å få oppleva ulike ting.
Ein skatt til har eg med meg heim. Tre gamle Bergmannfilmar som eg verker etter å få setja meg ned med. Men først rydda og brodera… Og maten min luktar svidd…
Nokon som har lagt merke til at på proklamerte ryddedagar blir det ekstra fyldige tekstar på bloggen… Nei det kan då ikkje stemma…
Halvard er ferdig med ein imrpoviseringsrunde på pianoet og er i ferd med å overtala far sin til å kjøra han til ein plass der dei har ekstra bllige og gode gitarstrenger…
Vent litt då dagen! Nå kjem eg!
Heidi
er den åttande i åttande null åtte. Me har kjørt den lange vegen heim over fjellet, og sit nå og ser på den redigerte opningssermonien frå Beijing OL. Det er utført med imponerande presisjon, akkurat nå blir det forma ei gigantisk fredsdue av dansande kvitkledde menneske på stadion. På tribunen sit mellom anna Putin og Bush og klappar på same tribunen… Medan ei jente utkledd som ein rosa fe svever i wire over fredsdua.
Då me åt frokost på Haslum sat Halvard og leika seg med ein datamaskin. “Russland har erklært krig i Georgia”, seier han plutseleg. På den lange kjøreturen har me gjennom nyheitssendingar stadig blitt oppdaterte på situasjonen i Sør Ossetia, ein provins eg må innrømma at eg ikkje har visst noko som helst om. Måtte statsleiarane vera kloke nok til å kunna forhandla seg fram til ei fredeleg løysing. I Beijing syng dei vakkert om noko som eg med mine ikkje-eksiterande-kinesisk-kunnskapar tolkar som ein song om vennskap fred og leik mellom nasjonane. Og kinesarane kan tydelegvis dette med fyrverkeri.
Elles var bilen vår fullstappa med musikkinstrument. Farfaren til Halvard har vore ein ivrig instrumentsamlar, og har gitt han tre stålstrengsgitarar og ein kostbar mandolin i trekasse med ein panfløyteliknande sak til stemming og plekter av skilpaddeskal. Den yngste son min er henrykt, og har delvis halde konsert i bilen heim.
Sjølve bilturen gjekk fint. Me raska med oss diverse frå Meny-butikken i Seljord og hadde picknick ute på eit benkebord i graset. På Brokkestøylen stansa me og gjekk inn i det litt fjellhytteaktige bygget og kjøpte kaffi og rømmevaflar som me åt på benken utanfor med utsikt til elva og ein stor lavvo. Det gav oss eit streif av fjell-liv…
Eva Mari er flink med feiringar. Kjærasten min sette foten ned då me i tillegg til alle instrumenta ville pakka store stablar blå glastallerknar inn i bilen som eg skulle få låna til borddekninga i konfirmasjonen. Der gjekk grensa for å gjera ting tungvinne, meinte han. Men lindukane trur eg me fekk smugla inn i bilen…
Nå syng ferien på siste verset. Det fine med å ha sommarferie er at ein blir nullstilt og får ein heilt annan oversikt over livet sitt enn når ein går omkring midt oppi det. Det er nyttig. Og så kvir ein seg alltid litt for å hoppa tilbake til alle tannhjula som snart skal snurra igjen.
Heidi
nærmare bestemt i Årjäng. Grensehandelkonseptet sluttar ikkje å forundra meg. Eg forstår at eg er ein utypisk nordmann på handel når eg har tenkt å kjøpa ei svensk lyrikksamling, ei grammatikkbok og ei ordliste i staden for flesk, sprit og porno.
Då eg spurde ei søt dame på ein urmakarbutikk om kor bokhandelen i byen var, fekk eg til svar at der i byen var det ingen bokhandel. Ville eg ha bøker måtte eg til Töcksfors, men sist ho hadde vore der hadde dei ikkje svenske bøker i bokhandelen, bare norske…
Men eg fann meg eit par svenske paperbackromanar og var godt fornøgd. Me åt lunsj på Klaras kafé. Köttbullar med gräddsås og hemgjordpotatismos til Halvard, far hans og farfar hans medan eg og svigermor åt frallor og drakk te og kaffi.
Svigerfar er åttisju og svært dårleg til beins, men han kjem seg fram med to stavar. I dag fekk han kjøpt seg sko, solbriller og bukseselar og var svært fornøgd. Han har ein eigenarta humor, så i butikkane veksla han mellom å snakka skånsk, russisk og tysk, og med å forvirra personalet i butikkane med å seia så merkelege ting at dei ikkje heilt veit kva dei skal tru. For eksempel om ein kan få bukseselar på blå resept i Sverige.
Han seier sjølv:
“Den store fordelen med å ha nådd ein så høg alder som meg er at ein kan gå rundt forkledd som en forvirret gammel mann, hvilket jeg også er.” Han har ein teori om at forkledd som eldre forvirra mann, kan ein tillata seg ein del meir enn ein kunne tidlegare i livet. Og så prøvde han å overbevisa meg om at dei bukselelane han gjekk med i dag har han brukt dagleg sidan 1954. Då kan eg i grunnen vera samd i at han kunne kosta på seg nye…
Det må eg forresten sei: Maken til positiv og koseleg
butikkbetjening til dei me møtte i dag har eg sjeldan sett…
Halvard hadde fatta dette med grensehandel. Han vende heim til gamlelandet med tre kilo godis… Vel heime hos svigerforeldra mine laga me felles middag. Svigermor hadde dekka bord og steikt sommarkoteletter i dag morges og Eva Mari kom med nydeleg sjølvlaga salat og heimelaga guachemole. Saman med svensk sider og bringebær me hadde kjøpt langs vegen vart det eit skikkeleg gourmetmåltid.
Nå er eg så godt som ferdig med broderia, eg har bare att jakken og litt av det grøne bladverket fordi eg manglar litt tråd. Nå søv resten av huset. Eg får gå inn for landing eg og…
Heidi
om skuleåret som skal koma. Kvart år dukkar dei opp dei siste vekene i sommarferien. I dagmorges var eg lysvaken klokka kvart på fem og tenkte fram og tilbake, på kryss og tvers og opp og ned på kva oppgåver eg skal laga i tekstilforming i sjette klasse og korleis eg skal leggja opp skrivekurset eg skal halda.
Eg har sjeldan problem med å sova, og dei gongene eg vaknar grytidleg eller midt på natta er det ofte fordi den slags spørsmål sviv rundt i hovudet. Eg pleier å vinkla det positivt med at det er hjernen sin måte å stela seg til tiltrengt tenketid på. Det er jo ein genial mekanisme så lenge det totale regnskapet for antal sovande timar går i balanse.
På måndag stod me tidleg opp,om ikkje fullt så tidleg som eigentleg planlagd for å kjøra tvers over landet til svigerfamilien i aust. Etter snarturar til utlandet ser eg alltid på norsk natur med fornya blikk. Så utruleg vakkert det er hos oss. Eg såg på det frodige grøne, på fjellviddene, på dei isblå elvene og på dalføra med hus som klamrar seg fast langs dalsidene, og eg kunne forstå den begeistringa amerikanarar og tyske bubilturistar legg for dagen i møtet med alt dette.
Me kjørde nokså non-stop, og nådde akkurat fram til å feira Margrethe sin 20-årsdag med kaker, lys og mogne plommer. Så vart me installerte på sofaen i stova til Henrik og Eva Mari. For første gong er me på ferie med bare eit barn. Sunniva er på leir med venninnene sine, og dei andre to er heime og jobbar. Det er uvant for Halvard og å ha baksetet heilt for seg sjølv. Han har ingen erfaring med å vera einebarn, og synest truleg at det er i rolegaste laget.
Heldigvis bur fetter Oscar framleis heime i Kirkeveien. Han flyttar påfolkehøgskule om eit par veker akkurat som Ingrid, men nå er han her, og han og Halvard har spelt gitar i lag og tråla alle musikkbutikkane i Oslo sentrum.
Heile mitt liv har eg tenkt at eg er ei jente frå landet, og slett ikkje noko storbymenneske. Dei siste åra har eg kjend meir og meir på fascinasjonen for større byar. Det er noko med mangfaldet og det yrande folkelivet som tiltaler meg veldig. Oslo blir eg meir og meir glad i, sjølv om byen kom langt ned på lista over trivelege storbyar i Norge, ei liste som vart toppa av Stavanger, min nærmaste storby reint geografisk.
Gatelivet i Oslo i går var prega av sommar, ferie og turistar. Me hadde ikkje fått med oss at fotballaget Liverpool var i byen for å spela venskapskamp, men det oppdaga me fort. Gatene kokte av folk i raude trøyer og med andre former for supportarutstyr. Ekte engelskmenn med Liverpooldialekt stod rundt i byen og ropte ut til dei som ikkje måtte ha det frå før, at dei hadde fotballtrøyer ogsupporterskjerf til sals.
Den same gatemusikanten som har vore her kvar sommar sidan eg budde i byen for tjuefire år sidan, stod på sin vante plass med gitaren og einmannsorkesteret i form av stortromme på ryggen og snorer ned til beina.
Sigøynarar spelte trekkspel og gitar, karikaturteiknarar tilbaud tenestene sine, og den alltid utrettelege mannen stod der og selde buttons mot biltrafikk og atomvåpen.
Ikkje mindre enn fire statuemenn såg eg, ein i gull, ein i sølv og ein i kopar i tillegg til ein variant av Napoleon. Kanskje Klaus Hagerup si siste bok om ein som forlet eit kjedeleg A-4 liv for å bli slik statuemann har inspirert folk flest til å få seg eit gullkostyme… Det spesielle i går var at fleire av dei hadde problem med å stå stille i det eg passerte… Sølvmannen la plutseleg sølvrosa han haldt i handa ned i sølvveska si, gullmannen stod der og blunka for harde livet og Napoleon helste til hatten på ein veldig ikkje-mekanisk-måte då ei ung jente forograferte han.
Det som gjer vondt er å sjå alle tiggarane. Antalet gatetiggarar har verkeleg akselerert dei siste åra. Eg har store problem medå gå forbi dei utan å leggja noko i kruset, hatten eller skåla dei har rigga seg til med. Eg har problem med å ikkje kjøpa magasinet = Oslo, problem med å ikkje kjøpa roser av sigøynerkvinner og problem med å ikkje skriva under på diverse lister. Det dei fortel kan jo vera sant…
Eg kjenner meg ofte avstumpa og kjenslekald når eg prøver å passera desse menneska utan å møta blikka deira, slik eg ser at dei fleste gjer. I går fantaserte eg på ramme alvor om ein gong å bruka eit år på å jobba som frivillig på gata i Oslo for Kirkens Bymisjon. Kanskje den typen år før eller seinare dukkar opp i livet mitt?
I dag skal me ta svigermor og svigerfar med på biltur til Sverige. Ute regnar det, og det er eit identifiserbart streif av haust i lufta. Det første i år.
Heidi
Song Sindre i kyrkja i dag. Han er i ferd med å utdanna seg innan song. Og i glimt skodar eg Gud på gudstenestane i Bryne kyrkje… Og overalt elles og…
I kveldinga i går la meg og kjærasten min i veg til stranda for å gå ein tur. Det var hans forslag å ta med badetøy. Eg hadde ikkje så stor tru på at me kom til å få brukt det, for det var sånn kveldskjøleg lufta og eit kaldt sjøbad frista ikkje så veldig.
Men då me kom ned dit sat Kirsten på toppen av ei sanddyne og sa at me måtte bare bada, vatnet var kokvarmt… Kokvarmt og kokvarmt, tenkte eg. Det er eit relativt omgrep, og det er ikkje kvar sommar det blir meir enn 16 grader langs strendene våre. Det er sjølvaste storhavet som står på, og ingen land i sikte før ein kjem til England eller Island…
Men med så varme anbefalingar og eigne kjenningar av tær mot bølger, fann me ut at me faktisk hadde lyst til å bada. Det var store bølger og bølgene braut så brutalt at det ikkje var noko snakk om pysetilnærming til sjøbadet, her var det bare å koma seg uti. Rundt oss var det ein gjeng bølgesurfarar med våtdrakter og brett som prøvde å ri bølgene, men det såg ikkje heilt lett ut.
Det viste seg faktisk å vera behageleg temperatur i vatnet. Eg trur det kan ha vore 18-19 grader både i lufta og i vatnet. I kveldslyset var det oppkava sjøvatnet mørkt flaskegrønt med kvitt skum, det var vanskeleg å sjå noko i vatnet, og eg var borti brennmanettrådar utan å vera i stand til å lokalisera nokon brennmanet. Reint bortsett frå det var det herleg å bada, det var varmt nok til å vera lenge uti, og det å bada i høge bølger under ein himmel som vart stadig mørkare var reint trolsk.
I Spania er det ingen som bruker den norske omkledningsmåten med å ta av og på seg badetøy inni eit badehandkle. Den danske metoden med å ta av og på seg badetøy utan eit badehandkle brukar dei slett ikkje. Der kjem ein til stranda ferdig kledd og forlet åstaden i same antrekket. Grunnen er truleg at i den temperaturen risikerer ein verken blærebetennelse, lungebetennelse eller gikt om ein lar dei våte badeklærne tørka på kroppen… I går var det herleg å få på seg tørre klær att med badehandklemetoden, og så gå ein tur langs stranda. Då me var på veg til bilen kom regnet, og så opna alle sluser seg før tora begynte å slå.
Me var ein tur innom onkel som fortalde om somrane for sytti år sidan då ein nabo reiste ned til sjøen med lastebil i kveldinga i augustmånad. Alle som ville vera med betalte ei krone kvar og så stod dei tett i tett på lasteplanet for å bada i sjøen til det begynte å mørkna. Eg trur eg må skriva ned ein del av barndomshistoriane hans, det er lokalhistorie som det er verd å ta vare på til skuleungane her.
Då alle mann var vel i hus og det var på tide å leggja seg braka toreveret verkeleg laus. Det tordna så huset rista, og lyna flerra himmelen. Eg høyrte dei tre jentene våre på veg ned trappa. På loftsrom med takvindu vart det eit skodespel som var i sterkaste laget, og nå søkte dei tilflukt i stova. Eg gjekk inn til dei og saman telde me antal sekund mellom lyn og torden. Ei stund var det like over oss, og lynet skal ha slått ned i eit tre ein plass her i området.
Det fekk meg til å hugsa andre gonger eg har site tett saman med familien og høyrt tora slå. Eg hugser spesielt ein gong hos farmor og farfar. Eg var nede i vatnet og bada i lag med far, og plutseleg var det mørkt som på natta og eit forrykande torever. Me sat i stova med stearinlys fordi straumen forsvann og høyrde på braka.
Eg tenkte at natta i natt kanskje blir ei slik natt jentene kjem til å hugsa.
Så det var ikkje utan grunn at klokkaren ynskte oss “Velkomen til gudsteneste etter ei elektrisk natt…”
Eg har invitert mor og far på vafler, men plutseleg var det noko gale med vaffeljernet, kvar gong me sette i kontakten sprengde sikringane. Så fekk det bli sjokoladekake i staden… Nå må eg ned og rydda og setja over kaffien. Eg vakna grytidleg i dagmorges og fekk brodert i eit par timar medan eg høyrde flotte program på P2: På livet laus, Klar ein klassikar, og Språkteigen. Det kan anbefalast å koma seg opp om morgonen. Den siste setningen var eit godt råd til meg sjølv, men det spørst i kor stor grad eg er mottakeleg…
Heidi
og takvinduet står ope. Dagane flyt i veg. Livet har alt blitt til august med skiftande skydekke og feriepuls.
I går kom Tonja og Ida på overnattingsbesøk. Me lånte film og mekka ferdigpizza. Med stova full av tenåringar gjekk eg og la meg fordi eg var så trøytt.
Likevel vakna eg seint. Eg har nok litt å ta igjen når det gjeld søvn. Jensi kom ned med Vilde, og Oddvar dukka opp. Så var me verkeleg mange meir eller mindre fastbuande i heimen. Jensi fekk kaffi på verandaen, og der vart eg sitjande å lesa tre aviser. Det tok fleire timar.
Det var deilig i sola og svalt når sola var bak skyer, og eg måtte setja kaffikoppen på avisa for at ho ikkje skulle fly vekk med vinden.
Så var det miksing av ingredienser til ei stor skål vaffelrøre. Klokka nærmar seg fire og det kjennest som om det framleis er morgon. Det er på tide å begynna å brodera.
På mandag kjører me austover for å vera i lag med svigerfamilien.
Eg har som vane å av og til gå baklengs i arkivet mitt for å lesa kva eg gjorde og tenkte på same tida for eitt og to og tre og fire år sidan. Eg oppdagar at livet er meir syklisk enn ein kanskje trur. Livet, i alle fall mitt, blir levd etter spiralprinsippet og med månadar og årstider dukker dei same kjenslene og tankane opp som i fjor og åra før der igjen. I følge mine eigne former for tidevatn, flo og fjøre, er eg i rute.
Men som sagt, det er på høg tid å træ nåla.
Heidi
Men det har absolutt sin sjarm å vera i det smårotete slottet vårt og. For tida kjører me mykje det ein kanskje kan kalla storfamilie. Me er ni til lunsj og ti til middag og sånn. Det er sjarmerande med barn og nesten-svigerbarn og nieser og Spretts slekt og venner som spelar gitar og piano i dei ulike roma rundt i huset, og som slår seg ned for å ta ein prat over ein kopp kaffi eller noko liknande…
Eg trivst med liv og røre rundt meg, og eg klarer å innsjå at konsekvensen av denne livsstilen må vera at ein må kunna slappa av i eit ikkje-strigla-hus. Ein må vera komfortabel med at når oppvasken er teken så kjem det ein eller annan ut på kjøkkenet for å kjevla ut ein pizza eller laga seg to-tre vaffelplater… Utfordringa blir å finna ut kor mykje krefter ein skal bruka på å minna den store gjengen 13-22 åringar som held til her, om at badegolvet skal tørkast av etter at ein har dusja, og at eigne og besøkjandes skor helst skal stå på ei skohylle, eller at ein ryddar asjetten sin inn i oppvaskmaskinen etter bruk, og startar maskinen når han er full.
Her strekk eg nok ikkje heilt til som oppdragar, eg orkar ikkje vera den som alltid masar. Det vil seia at eg enten rydder sjølv eller hyler med ulvane og lar vera å rydda etter dei… Eller eg prøver å stramma folk opp, det hender faktisk at eg gjer det og, men ikkje kvar dag og heile dagane. Og i rettferdighetens namn, det hender at dei ryddar etter seg og. Og det hender at dei på eige initiativ diskar opp med familiemiddagar, i alle fall Ingrid. Denne fasen varer ei stund, og så sit me kanskje her og lengtar etter ungane våre som har betre ting å ta seg til.
Og i så fall kjem eg til å sakna denne typen liv, det kjenner eg på meg…
Men så har eg jo faktisk andre ting å ta meg til og. Her skal det broderast til den store gullmedalje, og brodernål og langkost let seg ikkje betjena på same tida. Eg likar meg med nål i hand, eg må bare passa på å ikkje anspenna akslene for mykje. Nå kjenner eg at eg har brodert fire fem timar i dag. Eg får bli flinkare til å ta pausar og tøya ut litt innimellom.
Veret har vore nydeleg i dag, og ein liten pause i ein solstol har det blitt tid til og. Middagen i dag vart grilla ute på terrassen. Etterpå gjekk me ein tur innom Hanne Lise og Gunnar som baud på nyplukka rips, kaffi og bilete frå Italiaturen. I dag har eg latt meg lokka til å melda meg på eit universitetskurs i spansk. Kjærasten min foreslo at me skulle gjera dette saman, og ein blir jo motivert til å læra seg spansk etter nokre veker i Spania. Men kurset var allereie fullbooka, så det er ikkje sikkert at me får plass på denne nettbaserte vidareutdanninga. Me får sjå…
For ein drøy halvtime sidan steig me over terskelen inn til august månad. Nå gjeld det å nyta resten av sommarferien i fulle drag.
Heidi
kjennest ikkje heilt verkeleg endå. Eg må først få skrive ned dei siste dagane slik at eg kan oppbevara dei i store glas på hyllene der eg oppbevarer vitaminrike opplevingar til bruk midvinters og på andre kalde dagar…
Det er nest siste kvelden vår. Me har bada og solt oss, og me har hatt lunsj på den vesle rare kafeen oppe i fjella. Men eg får ikkje heilt ro på meg, eg er svolten på meir spansk natteliv. Til slutt får eg overtalt kjærasten min til å vera med på ein tur ned til byen att. Me småspring for å nå bussen, men når me kjem til busshaldeplassen foreslår mannen i mitt liv at me heller skal gå ned. Det passar meg fint, føtene mine er fulle av gnagsår og vassblemmer frå alle dei ulike skorne eg har med meg, men det skal gå fint likevel.
Dei spanske kveldane er som mørk fløyel. Me går hand i hand ned mot byen medan det blir mørkare og mørkare. Langs vegen me går er det mest ingen bilar. Hundane gøyr mot månen, liljene luktar ekstra intenst i mørkret, sirissane sirrar, grashoppene spelar, og flaggermysene flyg tett i tett mellom trea som var dei småfuglar i flokkar. Eg har aldri sett så mange flaggermyser, me ser sikkert hundrevis av dei på veg til byen. Folk sit i hagane sine for det er så varmt. Ein av dei me går forbi har teke fjernsynsapparatet sitt heilt ut på trappa. Dei helsar Buenos noches i det me går forbi. Sniglane sit tett i tett på blomestilkar og gjerder, og kattane balanserar på steinmurane med halane sjølvsikkert løfta.
Me går gjennom den gamle bydelen, og i det me nærmar oss strandpromenaden høyrer me etterkvart velkjend parademusikk. Held dei verkeleg på endå? Det må vera fjerde kvelden med opptog… Jo visst, opptog er det til gagns. Det er ikkje så lett å bli klok på om det er maurarar eller spanjolar opptoget handlar om i dag. Nokre ser rett nok ut som katolske prestar og kardinalar, og nokre ser ut som korsfararar, men eg meiner å skilna både sjeikar og haremsjenter denne kvelden og. Gata kokar av menneske. Det er reine kunsten å smyga seg i sikksakk mellom tilskodarane for å koma seg fram. Til slutt er me til og med så skamlause at me kryssar gata midt i opptoget. Me smyg oss inn mellom ei gruppe kvinner i haremsbukser og ei gruppe menn med nokre stavliknande våpen.
Bak eit kulisseslott står ein sanitetsmann og bandasjerer foten til ein som er skada. Mannen har ein enorm snabelsko på den andre foten, sikkert fire nummer for stor. Kanskje det var derfor han tråkka over? Den opprinnelege eigaren av kostymet må ha hatt skonummer førtisju…
Me klarer å pressa oss inn på ein liten pizzarestaurant. Me er svoltne og målet med turen er mellom anna å få oss litt mat. Det er heilt stappfullt, både ute på verandaen og inne, men dei finn eit lite bord til oss tett, tett inntil andre små bord. Når kelnaren kjem seier han at serveringa er forsinka på grunn av alle folka. Viss me vil ha mat må me rekna med å venta i tre kvarter. Me blir einige om at det må vera greitt.
Det er så varmt at lufta dirrar. Folk har med seg små barn endå det er sundagskveld og ganske seint. Ein liten gut i fireårsalderen har truleg skrike seg til å få ein gassballong forma som ein bil. Nå er han sutrete og utålmodig. Han held på å riva ned faren sitt raudvinsglas med ballongsnora. Faren klyper han i armen og guten skrik endå høgare. Guten må stå i eit hjørne av restauranten fordi faren er irritert på både han og ballongen. Der står han og sutrar. Ein av kelnarane stoppar og bind snora frå gassballongen fast kring handleddet hans slik at ballongen ikkje skal fly i frå han. Då gret han endå høgare.
Ein annan gut opplever at ballongen sprekk og får høglytt kjeft frå dei vaksne fordi han begynnar å gråta. Oppdragingsmetodane er litt annleis enn heime. Hos oss ville det vore påfallande bare det å ta med seg ein fireåring på restaurant klokka elleve ein sundagskveld.
Spanjolane lagar mykje lyd. Dersom det er fire personar på bussen, snakkar dei til einannan med eit lydnivå som skulle tilseia “Ropa til naboen som bur hundre meter unna ein dag det er storm ute…” Inne på kafear står det gjerne eit TV-apparat på med full guffe på lyden. Ute i gatene er det tuting og boring og rusing med motorar i tillegg til høgrøysta konversasjon og høg latter.
Eg unngår vanlegvis karbohydratbomber som pizza, men nå har eg høyrt så mykje fint om den spanske pizzaen at det er på tide å prøva. Eg får ein stor pizza med sprø tynn botn dekka med tomat, kvitlauk, lauk, oliven, persille, parmaskinke og ost. Det smakar utruleg godt.
Me tek ei drosje tilbake. Klokka eitt om natta kjem Halvard innom, oppglødd etter ei ungdomssamling i kyrkja. Han er svolten, og eg diskar opp så godt eg kan.
Han sit framleis i stova vår og et når eg somnar.
Siste dagen vart alt for kort. Om kvelden er det festmiddag med tapas, paella og is. Etterpå er det fest i festsale for store og små med song, musikk, powerpointframvisning av bilete, og ungar som opptrer med song og drama. Eg fortel ei av yndlingshistoriene mine, den om å hogga i stein og skriva i sand. Etterpå går alle ut på terassen i polonese. Ute er det blitt mørkt og det er pynta på småborda med blomar og telys.
Det er dans ute i mørkret før det blir servert kaffi og ei stor fruktanretning. Folk blir sitjande ved borda og halda fast på den siste kvelden medan ungdomane kastar kvarandre fult påkledde uti bassenget. Ei dame tek spontant mikrofonen og les irske velsigningar.
Neste morgon er det pakking og avskil. Halvard er omtrent i koma etter å ha lagt seg klokka halv åtte for å bli vekka halv ni. Dei andre nettene har han sove tre eller fire timar fordi det aller kjekkaste tydelegvis foregår etter midnatt. Alle ungdomane her har hatt eigne rom, delvis langt borte frå foreldra. Slikt smakar det fridom av.
Nå nærmast kollapsar han av utmatting. Eg må lirka og lokka i han litt væske og mat, for han er for trøytt til å eta og drikka… Lite søvn og høgt tempo og høg varme er ein utmattande kombinasjon i lengda, og akkurat som mor si er han redd for å gå glipp av noko.
Eg blir litt engsteleg for heimturen, men det går fint. Rett nok stod me i verdas truleg aller treigaste innsjekkingskø på flyplassen i Alicante. Det var meininga at me skulle ha god tid, men me rakk flyet bare akkurat. Då me etterkvart flaug inn over Norge i klart, fint sommarver slo det meg som alltid etter eit utanlandsopphald kor utruleg grønt, frodig og vakkert det er her. Og kor lyst det framleis er om kveldane, sjølv om eg merkar på lyset at me snart skal inn i august.
Under Spaniaopphaldet fann eg att kvilepulsen. Det kjennest så godt. Nå aktar eg å halda fast på han. So help me God…
Heidi