
Me gjekk inn i juni på best tenkjeleg måte med gilde gjester, nydeleg sommarver og ein deilig dag i sola.
I denne veka har eg gjort unna overføringsmøter for elever som skal til ungdomsskulen, blitt ferdige med alle dei digitale utviklingssamtalane, og skrive avslutningstalar med elevane i sjuande klasse. I dag regnar det ute og temparaturen ute er i fylgje Yr elleve plussgrader. Slikt ver er me vane med, så det skal me nok klara å handtera, eg er framleis takknemleg for den utruleg fine og varme pinsehelga.
Det er to veker igjen av skuleåret og mykje følelsar i sving. I dag har elevane skrive avslutningstalar. Vekene som kjem blir spesielle. Eg reknar med at dei blir både fine og krevande. Me skal gje slepp og me skal rydda oss ut av skulen og alt det formelle skal i mapper og oversendast til ungdomsskulen. Det blir utruleg rart å sleppa taket i elevane, og nå er me i gang med den prosessen. Eg kryssar fingrar og tær for at den siste svingen og oppløpssida blir fin og god for elevane å bera med seg vidare.
Heidi

Eg veit at eg har skrive dette her, men skriv det ein gong til…
Då landet stengde ned 12.mars visste eg at eg skulle skriva her kvar dag i ein periode. Eg visste at eg hadde ein del tekstar som i mitt eige hovud passa godt til situasjonen, og som eg hadde lyst til å bruka som min variant av å spela saksofon frå verandaen om kveldane for å hjelpa til å halda motet oppe hos dei som høyrde på. Det var for så vidt eit veldig naturleg val sidan eg til mi eiga sorg verken spelar saksofon eller andre musikkinstrument.
Då april blei til mai, var eg inne i eit anna årleg prosjekt, nemleg å skriva maiblogg, noko eg har gjort i veldig mange år etterkvart. I morgon blir det juni. Faktisk ser eg på klokka at det vart juni for fem minutt sidan, så nå har sommaren i følgje kalenderen begynt. Ein urørd sommar ligg framfor oss alle, det er ein fin tanke å halda seg fast i.
Livet er ikkje tilbake i normalt stemningsleie, men det har begynt å falla på plass i nokonlunde kjende former. Nå håpar me vel alle at det langsomt men sikkert skal likna meir og meir på det gode gamle kvardagslivet som dei fleste av oss vel kanskje oppdaga at me var endå gladare i enn me hadde rukke å leggja merke til. Det blir framleis spennande å sjå korleis det ser ut, ikkje minst i den store verda, når portane til slutt lukkar seg bak epidimien. Me kan jo håpa at me er blitt litt klokare, men det er farleg å seia for slike som meg som til nå har hatt både jobb og lønn og har sluppe å lida personlege tak på nokon måte. Eg er rimeleg sikker på at me kjem til å bli utfordra både moralsk og praktisk i lange tider framleis.
Dagen i dag har vore god. Som i går har det vore herleg sommarvarmt. Eg har hatt ein mormordag og ein storfamiliedag på terrassen, -ein riktig vitamininnsprøyting av ein dag. I morgon tidleg reiser Halvard tilbake til Oslo. Det andre besøket får me behalda eit døgn til. Barnebarnet har med stor begeistring fått prøva hengekøya. Då ho låg der lukkeleg i ei brei seng av gul og oransje fallskjermsilke, kom ho med dei bevinga orda: «Nå liknar eg på ein sommarfugl!» Og det gjorde ho, når me bare visste kva me skulle sjå etter. Ho kunne og fortelja foreldra sine at hunden Lara «høyrest ut som ULVEN når han bjeffar.» Det kan ho kanskje og ha rett i. Heldigvis er ho ikkje redd for hundar.
I avsnitta over kom eg viss aldri så langt som til konklusjonen… Konklusjonen er, som nokre sikkert las mellom linjene, at nå trur eg at eg ikkje kjem til å skriva blogg kvar einaste dag lenger. Det er det overskrifta gjenspeglar og. Sjølvsagt kjem eg til å skriva, men ikkje kvar einaste dag.
Trur eg…
Framleis god pinsehelg til alle.
Heidi

I anledning pinsedag så set eg inn eit dikt som for meg er den beste kommentaren til pinsen.
Blås på meg, Heilage Ande
Blås på meg, Heilage Ande
blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass.
Ver den kvite dua
eg kan fylgja etter
på tå utan å forstyrra
eller skremma,
Vis veg,
gløym ikkje
å bruka meg.
Varm hjartet mitt
nok til å tola ruskever
Gjer hovudet mitt
kaldt nok
til å klare tankar
om det eg ikkje veit
at eg veit.
Ver krafta
eg ikkje står i mot,
og vakt mine innfall.
Ver kjærleiken
eg ikkje har ord for,
og den som styrer lengten.
Ver flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen.
Pust på meg, Heilage Ande,
fyll meg med din fred
og med din uro.
Heidi

I dag er det heilt og utan tvil sommar. Det har vore første dagen barbeint med sommarklede på, og første gong i år eg ikkje har trengt jakke på turen ut.
Det er så velsigna, fantastisk godt å kunna sitja ute i sola med ein kopp kaffi og ei god bok heilt utan å frysa, og heilt utan å måtta leita etter ein lun krok der ein ikkje kjenner den iskalde vinden. For dei som bur i varmare himmelstrok med mindre kald nordavind er det sikkert vanskeleg å forestilla seg den euforiske følelsen som fyller ein jærbu når han eller ho går ut og konstaterer: «I dag er sommaren her, i dag kjem eg ikkje til å frysa. Eg trur til og med at eg kan lesa avisa ute og leggja ho frå meg på bordet etterpå utan at ho bles over til naboen.

Til alt overmål dukka det opp noko eg har ønska meg heile livet, nemleg ei hengekøye. Eg har sett for meg ei hengekøye mellom to store lauvtre i ein gammaldags hage der ein kan liggja mellom bed fulle av gammaldagse stauder og sveva ubekymra over langt grønt gras med ei god bok mellom hendene.
Ei hengekøye i stativ ute på terrassen er ingen dårleg erstatning. Eg må bare læra meg korleis ein kjem oppi og ut av ho på ein tilnærma elegant måte når ein har publikum. Så trur eg ein treng litt trening for ikkje å bli sjøsjuk oppi der, men det gjekk betre etterkvart. Viss me får nokre dagar av denne typen utover sommaren, så kjem ferie i Norge til å vera fantastisk. Me skal tolv både regn og nordavind viss me får tina skikkeleg opp sånn innimellom, og det å tina opp treng me meir enn nokon gong denne sommaren.
Denne dagen hadde rom for det meste, kaffi, strikketøy, litt jobbrelatert arbeid ute i sola, ein tur ut, kaffi, eplekake og jordbær i hagestova i lag med Eva Mari og Gerd. Grilling og mat rundt bordet ute og til slutt ein fin film på fjernsynet. Nå søv gjester, husfolk og dyr og eg har ein fredeleg time aleine slik eg elskar å ha om kveldane. I morgon kan me med litt utvida begrepsforståing seia at dette er eit hus for familie og pinsevenner med god plass i sola. Så får me ta det der i frå. Nyt pinsehelga alle saman.

Heidi

I dag var det godt og varmt på terrassen. Det var nesten så det vart på tide å gå ned i kjellaren og finna fram sommargarderoben. Biletet over er teke på veg sørover frå Kvassheim fyr, og viser at det var litt kjølegare ute ved havet i kveldinga.
Kanskje biletet og avslører at me har fått sommargjester… Halvard har vore her sidan måndag, og i dag kom Henrik, Eva Mari og hunden Lara kjørande. Nå har verda opna seg såpass at me vågar å ha pinsebesøk. Me vågar til og med å snakka høgt om det. Me har eit stort hus, og stolar på at det lokale og lægmælte smittevernet skal halda. Det kjennest veldig godt at verda langsamt er i ferd med å normalisera seg.
I dag vart det opna for at nordmenn kan dra til Danmark i sommar. Me har ein einvegsbillett for to personar utan bil til Hirtshals i juni. Den opprinnelege planen var jo interrail med innlagd pilgrimsvandring frå Porto til Santiago de Compostella. Regelen om at me måtte førehandsbestilla seks netter med overnatting i Danmark passa ikkje så bra for oss i denne omgangen, så dersom det ikkje opnar seg endå litt meir, så spørst det om billetten blir benytta. Me får sjå. Det er ingen stor ulukke om billetten blir liggjande ubrukt og me må halda oss i Norge.
Det er mykje me ikkje veit om sjølv den næraste framtida. Eg ser for meg nåtida som det bittelille punktet der blyanten berører papiret medan me skriv livet vårt. Det som ligg bak er allereie skrive, og framtida kan me ikkje skriva før ho er her. For meg er det ein god tanke at det er nå-et me til ei kvar tid kan gjera noko med. Alt anna kan og må liggja inntil vidare. Det er litt befriande å tenkja at me lever eit sekund om gongen.

Heidi

Det er alltid spennande å få ei pappøskje frå trykkeriet, ta pakningstapen av øskja og lura på kva syn som møter deg. Førsteinntrykket var veldig godt. Eg synest at framsida vart fin. Ei rask gjennomblading var og positiv. Bileta av jentene er fine, og i første omgang såg eg ingen synlege feil som at skrifta står skeivt på sida eller at skjerande trykkfeil slo meg i møte. Det er nok ein og annan feil der, det er det alltid same kor nøye korrektur eg synest eg har lese, det er bare å håpa at det er rettast mogleg.
Uansett, det er kjekt å vera så langt. Det er fint å gje jentene den publisiteten eg synest dei fortener.
Ute skin sola, og dersom ein finn ly for vinden er det ikkje så verst temperatur heller. Me er mykje ute i løpet av skuledagane, for kvart trinn har eigne friminutt og eigne område slik at me vaksne følgjer dei i mykje av utetida. Sjuandeklassingane våre er i ferd med å veksa seg ut av barneskulen, det er mykje armar og bein, hormoner og høge stemmer. Dei er i ein fantastisk spennande alder der det er mykje av dei. Det har vore eit spennande privilegium å få lov til å fylgja utviklinga frå dei kom til skulen som små seksåringar og fram til nå. Det er vemodig å senda dei vidare, men snart er tida inne.
Livet byr på møter og avskjedar. Eg sit her og gjer ferdig siste runde med utviklingssamtalar. I stova sit yngstesonen og spelar piano. Han er heime på besøk ei lita veke. Det er fint å ha han her.
Heidi

Det er travle veker med eit uungåeleg drag av vissa om at noko går mot ein ende. Eg er ikkje så glad i at ting tek slutt og eg er ikkje ein stor tilhengar av å bryta opp frå noko som helst.
Alt som gjerast skal ligg og dirrar. Nå sit eg av alle ting midt i ei rekkje av digitale utviklingssamtalar. Utviklinga i skulen, ikkje minst denne våren er prega av at ingen gamle lærarar får lov til å tru at dei kan alt frå før og at dei allereie har erfart det meste når det gjeld undervisning og orden og åtferd. Etter å ha funne ut at det faktisk fungerer med fjernundervisning og heimeskule, digitale møte og filming av oss sjølve når det trengst, så sit eg nå og ser foreldre på skjerm i lag med barna deira og finn ut at det faktisk fungerer med den typen samarbeid og. Eg kjem inn i stova deira, og dei kikkar inn i mine rotete bokhyller.
Eg takkar foreldra for godt samarbeid, og seier til elevane at me heldigvis har nokre veker att å vera i lag. Eg tenkjer på alt som skal organiserast, alle papir som skal i elevmapper, planar som skal evaluerast og ikkje minst alt som skal ryddast, teljast opp og leggjast på plass. Det siste fortrengjer eg så lenge eg kan. Det same gjeld alle permane eg drassar med meg frå etasje til etasje og eigentleg aldri opnar, men som eg ikkje får meg til å kasta. Det finst periodar i livet der eg føler meg litt i utakt med resten av verda. Den eine perioden er i jula når eg akkurat har fått henta fram julepynten medan dei andre kvitrar om at nå skal det bli herleg å få rydda jula vekk. Det andre er når det går mot sommar og alle spring entusiastiske omkring og synest det er herleg å få rydda vekk og ordna medan eg helst vil halda lengst mogleg på det normale fordi eg gruar meg litt til både avskil og rydding.
Det pleier å gå godt til slutt.
Nå vil eg mest av alt nyta å få vera i lag med elevane desse siste tre vekene før dei skal sendast ut i den store verda. Eg har i grunnen god tru på at dei skal klara seg godt.
Heidi

Eg har akkurat avslutta kveldens økt med skapande skriving i kulturskulen. I dag vart korona-alfabetet me laga sist tysdag ferdigstild. Sidan eg synest at all skapande kunst er til for å delast, så får dette bli dagens tekst. 😉
Heidi

Veret var kjøleg i føremiddag, men sånn omtrent i to-tre- tida slo det om. Då eg gjekk heim frå skulen etter planlegging og møte var det mykje varmare enn då me kom tilbake frå turen ca klokka eitt. Eg var innom og kjøpte ein bukett peonar til mannen som har halde ut i ekteskapet i 35 år. Ei øskje med freia sjokoladehjarte fekk det og bli, det er ikkje kvar dag ein feirer korallbryllaup.
Brudgommen henta yngstesonen på flyplassen. Me hadde avtalt at dei skulle kjøpa med seg indisk mat slik at me kunne feira litt, men på den indiske restauranten hadde dei stengd på måndagar, så det vart thai-mat frå Klepp i staden. Det smakte godt, så det var ikkje noko dumt valg.
Eg helste på Halvard med albue mot albue, og lo litt av det. Eg sa at viss han hadde med seg smitte frå hovudstaden så blir me vel smitta uansett. Det lo me ikkje av, men me har vel alle gira ned smittefrykten eit lite hakk. Eg seier som fleire forskarar har sagt på fjernsynet og i radioen, dette viruset har eg eigentleg bestemt meg for ikkje å få. Det einaste eg kan konkludera med er at det ser forholdsvis greitt ut så langt… Me tek i mot eit sekund om gongen og det er det einaste me djupast sett kan gjera noko med.
Om kvelden vart det ein tur ut i det uendeleg fine kveldslyset. Eg prøvde å fotografera sauer i solnedgang på Hårr, endå nærare definert: Sauer på steinstrand i solnedgang. Motivet var fantastisk, men mobilkameraet kom litt til kort, så det fekk bli strandnellikar i nesten-solnedgang i staden.
Me flikkar litt på ferieplanar. Det blir ein spennande sommar nå når dei aller fleste må tenkja alternativt. Til alle nordmenn som søkjer norske ferieparadis kan eg anbefala Rogaland. Me har mellom anna det som vel nesten må vera dei finaste strendene i Europa. Det me ikkje kan garantera er sol og badetemperaturar, men kven veit. Plutseleg kan kanskje livet varta opp med begge deler. Slikt har skjedd før.
Heidi

Maisundag. Det er framleis kaldt ute. Det bles, men etterkvart slutta det å regna. Me gjekk tur langs strender som vitna om mykje ruskever. Sjøen hadde tydelegvis gått høg, det låg kasta tang og tare heilt opp mot sanddynene. Framleis kokte havet kvitt, det gjekk høge bårer, og skumsprøyten stod høgt. Dessverre er det ikkje så lett å dokumentera det med fotografi, men eg har gjort eit forsøk. Spesielt for denne delen av landet er at historien om fire årstider ikkje alltid heilt slår til. Me kan godt ha den same temperaturen og den same kalde vinden på julaften, 17.mai og jonsokaften. Men lyset har me nå i sommerhalvåret. Dei lyse kveldane i mai, juni og juli er heilt fantastisk fine.
Eg har brukt litt av dagen til å svara på resten av gebursdagshelsingane eg fekk i går. Eg blir så glad av å bli minna om dei fine folka som har skrive til meg, og eg blir så glad over å tenkja på kvar einskild av dei som skriv. Ein møter på mange menneske gjennom eit liv. Eg er ein av dei som aldri har lyst til å gje slepp på noko som helst. Eg har jobba på same plassen i 33 1/2 år, budd i det same huset i 30 år og jammen kan eg i morgon feira 35 års bryllaupsdag med den same kjærasten. Eg ommøblerer aldri i stova, og dei fleste av barndomsvenninnene min har eg framleis god kontakt med. Det gjer meg vondt at eg ikkje kan ta med meg alt eg finn vidare. Det er derfor eg skriv, eg har behov for å putta livet på store syltetøyglas og ta det med meg vidare.
I kveld har eg sett på eit fint program a la «kvelden før kvelden» på lille julaften og 17.-maifeiring frå forskjellige stadar i landet vårt. Programmet handla om å feira ID, den store festen etter ramadan, og det fine var at det ikkje var eit informasjonsprogram om ID-feiring, men eit program laga av og for norske muslimar og alle andre som hadde lyst til å få vera med litt på feiringa. Som KRLE-lærar og eit menneske oppteken av religionsdialog, så var det veldig interessant. Eg har tru på at me må byggja respekt og lytta til kvarandre for å skapa eit samfunn som er godt for alle. Eg trur ikkje me kan venta at andre lyttar til oss med respekt før dei sjølv føler seg lytta til med respekt. Og om nokon lyttar med respekt og interesse, -ja det er slik ein bare intuitivt veit, trur eg.
Sjølvsagt er det ting i andre kulturar og religionar som utfordrar oss. Likevel trur eg at me ofte har lett for å tenkja i svart-kvite stereotypiar, og det er meir enn noko eigna til å låsa fordomane våre fast heilt til dei står fram som sjølvoppfyllande stereotypiar.
Eg kjenner ikkje så mange damer med hijab, men dei eg kjenner best er varme, kloke, modige og handlekraftige damer. Det er heller ikkje slik at muslimske jenter automatisk er forsagte og forsiktige fordi om dei går kledd på tradisjonell måte. Eg har møtt Pippi Langstrømpe med hijab. Eg seier ikkje at dette er heile sanninga. Sjølvsagt er det ikkje det, men det høyrer med i det store biletet.
Nå har eg ønska Id mubarak til mine muslimske venner, og snart kan eg ønskja god pinse til mine kristne venner. Det er og ei utfordrande og spennande høgtid, som mange nesten ikkje veit korfor me feirer. Kanskje eg skriv meir om det seinare i veka. Nå kjenner eg at det einaste fornuftige er å ta dagen ned for landing. Det første eg skal gjera er å sjekka på yr om eg må finna fram utebukse, ullstillongs, lue og vottar for utedagen i morgon og… Eg høyrer rykte om at dei melder varmare ver i pinsen…
Heidi
