
Så kjekt å få bruka ein heil skuledag på å få formidla hundre og tjue år gammal litteratur til ein gjeng sjetteklassingar. Eg innser på eit par område i livet er eg skikkeleg nerd…
Etter å ha planlagt neste veke sykla eg heim til ei langhelg som mormor. Slik livet har vore dei siste vekene med veksling mellom eksamenar og henting i barnehage kunne ein fort koma til å gløyma at ein er nærare seksti enn femti. Nå er det ein travel ferdigstillingsperiode av huset i Vodlavegen, og snart er det bare eg og Leif og katten som bur her igjen. Det kjem nok til å bli forferdeleg tomt å ikkje ha ei lita jente i huset lenger. Heldigvis bur du så nære at me nok skal få lånt henne litt.
Ute regnar det, og det har vore nokre forferdelege torebrak. Nettene er snart på det lysaste. Her gjeld det å klora seg fast og ikkje gå glipp av noko…
Heidi

I går då eksamen var over, var den første følelsen å vera heilt utmatta og samtidig framleis adrenalinhøg. Så begynte eg å tenkja på at eg sikkert hadde snakka for mykje i forhold til dei andre på gruppa. Eg er ikkje så flink til å vera taus og mystisk når eg er stressa, og når det gjekk 2-3 sekund etter eit spørsmål frå eksaminator utan at nokon andre svarte, så var eg redd at dei skulle tru me kunne svaret, og så svarte eg… Eg måtte senda dei andre ei beklaging i etterkant, men dei påstod at dei syntest me hadde klart oss bra i lag. Det er ekstra vanskeleg med non-verbal kommunikasjon når ein sit i kvar sin landsdel og kikker på livet frå ein liten firkant på skjermen. Då er det ikkje lett med verken kroppsspråk eller mimikk, og augekontakt er det plent umogleg å få til…
Eg sovna på sofaen og fekk kome meg der i frå og ut i seng, så var alt svart til vekkerklokka ringte, først då kjende eg at nå var eg ferdig med å studera, det var ein ganske nedstressande følelse. I dag har eg vore glad og takknemleg for å vera i mål.
På skulen har me leseveke. Me var i Sandtangen med dei tre eldste trinna. Dei gjekk rundt i ei sporløype i aldesblanda grupper og skulle gjennom å lesa instruksjonane på postane sjølv finna ut kva dei skulle gjera.

Aldersblanda uteskule er kjempefint. Spesielt når det ikkje regnar og nesten ikkje bles. (Alt som har med vind å gjera er relativt i vårt hjørne av verda…)
Elvira Huskestuen er alltid litt ekstra på banen når eg har hatt det veldig travelt.I dag skulle ho henta sykkelen som stod att på jobb fordi ho hadde vore på henting i barnehagen i staden for å sykla rett heim. Det viste seg at nøkkelen var gjengløymd heime, så det var bare å gå heim att utan sykkel. På veg heim var ho innom butikken og handla. Ho oppdaga først etter trehundre meter av heimvegen at veska låg att i butikken. Då var det bare å snu igjen… Heldigvis er det alltid snille menneske som tek vare på vesker, mobilar og lommebøker slik at dei kvar einaste gong, på ein eller annan måte, kjem seg trygt heim att.
I morgon skal eg til med eit spennande eksperiment. Eg skal lesa «Berre ein hund» av Per Sivle høgt for tre sjetteklassar. Etterpå skal dei få jobba med kreative oppgåver knytte til historien. «Berre ein hund» gjorde stort inntrykk på meg då eg var barn. Eg fekk boka «Sogur» anbefalt av far min. Før var det ein del forfattarar som barna i følgje læreplanen skulle bli kjende med, slik er det ikkje lenger, så mange av dei gamle gode perlene står i fare for å bli gløymde. Akkurat denne historien har eg lese i alle sjette- eller sjuande- klassane eg har hatt og det har alltid fungert før. Denne gongen skal eg starta med ein liten biletepresentasjon før me går laus på litteraturen. Må stoppa for i dag, for eg må lesa meg litt opp på Sivle sin originaltekst som eg har lasta ned frå nettet.
Heidi

burst
Alt vel. Kom greit i mål med muntleg eksamen. Har ikkje fått karakter endå, men trur nokså sikkert eg kan rekna meg som kompetanseheva. Brukte deler av natta på å la hjernen repetera modellar frå pensum på autopilot, så vart litt lite soving. Sovna på sofaen i kveld til Woody Allen og Diane Keaton… Må sova vidare, satsar på å venda tilbake hit i morgon…
Heidi

Slik som eg skriv her for tida så kunne ein koma til å tru at eg var det einaste mennesket i verda som nokon gong hadde teke ein eksamen. Det er litt slitsomt å måtta vera så fokusert, men på ein merkeleg måte så er det litt kjekt og. Nerden i meg kosar seg rett og slett litt med å ha unnskuldning for å kunna sitja ei heil langhelg og bare fordjupa seg i lesing, skriving og gjenhøyr med gamle nettforelesningar. Eg hugsar frå eg var barn at min langt over gjennomsnittet sportsinteresserte far kunne sitja med ein fotballkamp på reiseradioen inntil øyret og høyra ein fotballkamp samtidig som han såg skøyteløp på fjernsynet. I dag har eg nesten gått han ein høg gang med å lesa på notater om munnlege ferdigheiter i klasseromet med ein grammatikkforelesning på øyrene samtidig for å sjekka ut om det var noko der eg måtte øva meir på…
Nå i kveld sat me på gruppa og sjekka powerpointen som er ein del av oppgåva vår, me oppdaga at det var noko tull med formatering og kjeldetilvisningar, og vart sitjande i lange tider for å prøva å ordna opp. Til slutt sa me oss sånn nokonlunde fornøgde og fekk levert…
Aldri har eg brukt så lang tid på å sjekka antal komma, punktum, store bokstavar, årstal og parenteser som i mine forsøk på å få oppgavene heilt korrekte etter den såkalla Apa-malen. Nesten synd at eg ikkje skal studera meir, nå som eg endeleg har blitt ganske flink på slike ting. Frå i morgon ettermiddag av går livet mitt inn i ein ny fase: Eg er ikkje nettstudent lenger… Det skal følast befriande, samtidig som eg har skjøve ein del ting framfor meg som eg må kasta meg uti for å koma i mål med, men i morgon kveld skal eg ta fri…
Det har på mange måtar vore eit lærerikt løp, men viss rette vedkomande mot formodning måtte lesa dette, så synest eg at lærarar som er pålagde å ta vidareutdanning på grunn av kompetansehevingsregelen skulle hatt rett på å få tilrettelagd slik at dei ikkje måtte ta studiet på toppen av vanleg jobb. Det hadde vore veldig fint å kunne bruka meir tid på å fordjupa seg og å få tid til å pusta litt ut mellom slaga.
Og siste del av mai-bloggen skal bli velsigna fri for eksamensprat… Utanom i morgon då… Då kjem eg nok til å ha behov for å lessa av meg litt av dagens erfaringar…

(Bileta er sjølvsagt arrangerte, ingen har det så rotete på skrivebordet, helsar
nettstudent Elvira Huskestuen).
Heidi

I dag har me faktisk bryllaupsdag, me har vore gifte i 34 år. Så pass lang fartstid gjer at me kan leva med at denne dagen stort sett har vore arbeid med muntleg eksamen for mitt vedkomande. Me har og fått til ein kjapp tur gjennom Storgata med barnevogn i anledning Jærdagen. Han har vore ute med bilen i det kjærlege oppdraget å kjøpa meir printarblekk slik at eg kan få teke utskrift av notatene mine, og eg har slått til med ein gave i form av ei stor firkløverplate. Eigentleg skulle det ha vore helnøtt, rett og slett fordi det er den eg liker best sjølv… Det er bare det at dei tullar slik med sjokoladane for tida at dei gamle gode mest ikkje er å finna lenger. Nå er det småkakesmuler, lakris, salt karamell og bringebærfyll som gjeld… I tillegg har me ete den fornemme festmiddagen griljerte fiskefileter frå fryseboksen saman med ris, rømme og Oddvar sin chilimarmelade. Nå skal eg ta fri resten av kvelden. Kanskje me finn ein hyggeleg film?

Heidi

Samarbeid er ein fin ting. Eg liker å samarbeida, og trur sjølv at eg er relativt god til det og, sjølv om det sjølvsagt kan hende at eg ikkje klarer å sjå meg sjølv med andre sine auge. Akkurat nå er eg inne i eit spennande og utfordrande samarbeid. I lag med to fine personar som eg bare kjenner på nettet, skal eg ha munnleg eksamen på måndag. Me har fått ei oppgåve og skal laga ein presentasjon i lag. Det er godt at me er blitt litt betre kjende gjennom året, for eigentleg er det ein ganske krevande prosess å finna ein veg i lag, bli einige og prestera saman med kort tidsfrist og felles skjebne enten dette går godt eller dårleg.
Så gjeld det å finna ut kva som er lurt og kva som ikkje er lurt. Korleis får me lagt inn ein fin raud tråd gjennom det heile. Korleis angrip me det. Skal me laga ein disposisjon veldig fort eller skal me samla masse stoff før me disponerer? Eg er sikker på me kjem i mål, men kjensla av graden av kontroll varierer. Det er utfordrande og spennande. Eg prøver å vera flink til å lytta og passe flink til å argumentere for mine løysningsforslag.
Dette med lytting er noko som interesserer meg, sjølv om eg av og til høyrer av ein som kjenner meg veldig godt at eg kanskje kunne trena på å la vera å snakka på innpust dersom eg gjer det på alle utpust. Eg trur eg har gitt opp å framstå som taus og mystisk, men eg vil gjerne vera ein god lyttar som ikkje er mest oppteken av å snakka sjølv.
Ei venninne fortalde meg om eit eller anna prosjekt som går ut på at to ukjende menneske skal møtast og lytta til kvarandre. Dei to skal ikkje vera alt for like i utgangspunktet, og spelereglane går ut på at dei skal vera ærlege om kva dei står for og lytta til kvarandre utan å vera fordømmande eller gå i aggressive forsvar for eigne synspunkt.
Noko slikt hadde eg hatt lyst til å vera med på. Eg trur eg ville ha lytta interessert til kven som helst som var villig til å vera med på leiken og ikkje bryta spelereglane. Menneske interesserer meg veldig, og eg innser at i dette forvirrende livet og denne merkelige verda så er det fullt mogleg å enda opp med heilt ulike livssyn, verdisett og referansepunkt. Det ville og vera interessant at dei lytta til meg og prøvde å møta meg som det mennesket eg er på tvers av fordommar. «Nynorskdame, vestlending, halvgammal, religiøs, avholdsmenneske, jo takk, kjenner typen, elles takk»… Når eg høyrer nokon uttala seg veldig bastant om kor fordømmande kristenfolket er eller kor dønn kjedelege avholdsfolk må vera, så får eg av og til lyst til å ringa dei. «Hei, kan me møtast, kanskje eg kjem til å overraska deg…» Så langt har eg aldri gjort det, og det er sikkert like bra…
Me lever i eit samfunn som av mange grunnar står i fare for å bli meir lagdelt og ha fleire grupperingar enn før, er det ein reell fare for at me ender opp med å bare kommunisere med og lytta til menneske som liknar på oss sjølve i tankar, ord og handlingar. Det er skummelt, me kan veldig fort koma til å tru veldig mykje om kvarandre. Fordommar kan me klara oss utan. Eg har tru på dialog. Kanskje me menneske ofte liknar meir på kvarandre enn me liker å tru når me kjem litt under overflata.
Heidi
Så er eg i mitt femtiniande år. Det er påbegynt i dag, så framleis kan alt skje… Eg kan jo kanskje strekkja det så langt som at det må då vera noko livsbejaande og nesten ungt ved å gå inn i sin femtiåttande gebursdag og motta ei eksamensoppgåve i det dagen begynnar.
Mine to medstudentar sat klare ved datamaskinane i det oppgåva skulle publiserast, sjølv var eg på veg inn i klasseromet i det teksten tikka inn. Eg fekk eit foto av oppgåva på mobilen som eg smugkikka på første gong eg hadde sjansen, sånn fem minutt inne i timen, og konstaterte at dette såg då ganske greitt ut.
I matfriminuttet logga eg meg på inne på møteromet for å bruka matpausen til å ta ein første prat med dei eg skal jobba i lag med. Etter at me hadde snakka saman ei stund, sa eg at det eg stressa mest med var om teknologien fungerte, akkurat då vart skjermen på surfacen min svart. Batteriet var oppbrukt, og eg hadde teke med feil straumledning. Eg fekk logga meg på på I-paden og kom tilbake i det møtet vart avslutta, men me hadde fått lagt ein plan.
Etter ein time om lesing av tabellar og dei Mellom- Europeiske landa og eit jobbrelatert møte, sykla eg heim og fekk begynt på oppgåva. Så kom Iben frå barnehagen, og me måtte feira dagen med kaffi, melk og kake.
Eg hadde invitert med meg generasjonane over og under i tillegg til kjærasten min på restaurant for å eta middag i lag. Iben vart pynta i ny gul kjole og fekk sett opp håret i anledning dagen. Ho såg ut som ein veldig sjølvbevisst liten ballettdansar.
Middagen vart veldig koseleg. Så heldig eg er som har ein så stor del av familien buande rundt meg. Iben åt og koste seg og ved hjelp av turar i lokalet i lag med morfar, mormor, mamma og oldefar etter tur, så klarte ho å underhalda seg sjølv og oss ganske lenge. Etterpå var det heim att til nytt eksamensmøte.
Koppen på toppen fekk eg i lag med ein annan mummikopp i gebursdagspresang. Historien om det usynlege barnet er ein av dei aller finaste forteljingane frå Tove Jansson sitt Mummidalunivers. Mummimamma som aldri har avvist nokon som treng omsorg, har tatt eit usynleg barn heim til seg. Barnet, som så vidt eg hugsar det heiter Ninni, har blitt usynleg fordi ingen har sett henne. Ved hjelp av mykje omsorg, kjærleik og tåmod, får mummimamma henne langsomt til å bli synleg att. Så vidt eg kan hugsa det har ho eit tilbakefall ein gong ho føler seg krenka, men til slutt er ho like synleg som alle andre.
Sidan Mummimamma er eit av mine store ideal der ho tålmodig drassar rundt på den store veska si fylt av syltetøyglas og andre ting som nokon kan koma til å trenga, har eg teke denne historia inn i hjartet mitt. Eg er sikker på at barn ingen ser risikerer å bli usynlege og eg er sikker på at dei med Mummimamma si oppskrift kan koma til å bli synlege igjen. Faktisk er akkurat dette noko av det viktigaste me steller med me som jobbar i skulen. Me jobbar med å få barn til å vera synlege på ein tillitsfull og glad måte slik at dei kan, slik visjonen på skulen min tilseier, få lyst på livet og evne til å meistra det.
Heidi

Bileta er frå turen me kjekk med sjetteklassingane til Midgardsormen i dag. Det var akkurat den typen lys som gjer det grøne ekstra grønt. For to dagar sidan såg det ut på vermeldingane som om me ville få høljeregn på turen, men det hender veret blir betre enn forventa.
Nå skal eg ta ein «tidleg kveld». I morgon klokka ni får eg utdelt munnleg eksamen, og så skal eg bruka tida fram til måndag til å laga ei eksamensframføring i lag med dei andre to på gruppa mi. Etter å ha vore på gruppe saman heile skuleåret, er me på ein måte blitt kjende med kvarandre utan nokon gong å ha møtt einannan. Det er ein underleg måte å ha samarbeid på, men det fungerer, i alle fall viss teknologien står meg bi, det er i grunnen det eg er mest nervøs for kan koma til å gå gale.
Eg får sjå på det som ei interessant erfaring. Det kan godt henda at det blir min aller siste eksamen nokonsinne… Men ein skal alltid halda dei fleste dører litt på gløtt, ein veit jo aldri heilt på kva måte livet skal opna seg…
Det som er interessant er å ta pulsen på eigne reaksjonar på det heile. Eg er skeptisk til dette med karakterer, men erkjenner at eg sjølv skjerpar meg meir når eg får karakterer enn på oppgåver der det er «bestått-ikkje bestått». Eg får eksamensnerver sjølv om eg held det for veldig sannsynleg at me står med god margin, og eg er nervøs for karakterene på den innleverte mappe-eksamenen, sjølv om eg veit at eg ikkje har nokon jobb eller akademisk framtid å vinna eller tapa. Eg er og nervøs for om eg klarte å finna løysinga på korleis sensorane hadde tenkt at den eine oppgåva skulle tolkast. Sannsynlegvis kjem knapt nok nokon til å leggja merke til karakteren i det heile tatt.
Kort og litt beskjemma oppsummert, eg er meir nervøs for eksamen enn for om eg har lært meg ferdigheitar som vil gjera meg til ein markant betre norsklærar i all lærarframtid. Ein interessant og kanskje litt nedslåande observasjon, -og det verste er at eg ikkje trur eg er den einaste som opplever det slik.
Konklusjon: Me godt vaksne lærarar let oss stressa av prøver, karakterar og eksamenar sjølv om me håpar at elevane våre ikkje skal gjera det. Til forskjell for oss har mange av dei masse å tapa fordi nokre av dei ettertrakta utdanningsløpa krev skyhøge karakterar for å i det heile tatt å få lov til å koma i gang… At ungdomar stressar seg sjuke er rett og slett bekymringsverdig. Det er sjølvsagt like bekymringsverdig at ein del ungdomar har gitt opp og ikkje orkar å stressa med å prøva ein gong.
«Sjå i nåde til oss»,som det står både i skrifta og ein av songane til Bjørn Eidsvåg. Så lite flinke me ofte er til å skilja det verkeleg viktige frå det som ikkje er fullt så viktig… Eg seier til meg sjølv det eg seier til elevane mine: Når du verkeleg gjer så godt du kan, då er det godt nok…
Heidi

I dag har me hatt den første av to planleggingskveldar på jobb. Me skal planleggja neste skuleår, legga timeplan, fordela faga og sånn. Det kjennest ganske rart å setja ein fot inn i neste skuleår medan me framleis er så intenst til stades i avslutninga av dette skuleåret med alt den slags fører med seg. Eit år klarte eg å leggja papira frå planleggingsdagane så kryptisk i frå meg at eg ikkje hadde aning om kor dei låg då neste år kom. Dei dukka først opp att etter at eg hadde gjort mykje av jobben om igjen.
Det eg kan røpa er at eg er så heldig at eg får vera på same trinnet ein gong til, så nå er det sjuande klasse neste. Der har eg vore to gonger før og likt meg. Første gongen eg hadde klasse fulgte eg dei opp til dei skulle begynna i sjette klasse, som då var siste året på barneskulen, før eg gjekk i barselspermisjon. Så hadde eg eit kull som eg fulgte alle åra, men dei gjekk og bare seks år på barneskulen. Sist gong eg var i sjuande hadde eg vore spesialpedagog på trinnet først og vart klasselærar på tredje trinnet. Denne gongen har eg vore spesialpedagog og timelærar heile løpet. Dette skuleåret har eg kombinert spesialpedagogikk med å ha alle tre klassane i samfunnsfag, tekstilforming og ein time skapande skriving kvar veke. Det har vore ein fin og ganske travel kombinasjon.
Eg veit det ikkje er vanleg praksis lenger at ein lærar er med eit trinn heile løpet på barneskulen. Det er sikkert ein fornuftig regel at det ikkje er slik også. Eg er likevel glad for å ha fått sjansen tre gonger til å fylgja barna tett i utvikling over så mange år. Det er utruleg fascinerande å sjå små seksåringar nesten dagleg heilt til dei blir tenåringar og klare for ungdomsskulen. Mitt problem er at eg blir så involvert i desse ungane at nokon andre må fortelja meg at «Nå er det faktisk nok». Akkurat nå tenkjer eg at dette kanksje blir det siste året på ei stund med hovudfokus på å vera spesialpedagog. Av og til saknar eg det å ha ein klasse som er «min». For så vidt kan eg jo seia at når tre klassar har vore delvis «mine» gjennom seks år, så blir eg ganske godt kjend med barna då og. Og etter nå 34 år i skulen synest eg stort sett framleis at eg har verdas beste og mest interessante yrke.
Heidi

I dag fekk me og ein nydeleg og varm sommardag, så me feira med å gjera nokre av dei tinga me alltid tenkjer at me skal gjera når sommarvarmen kjem. Elevane fekk vera ute og slå ball i mesteparten av mattetimen. Eg hugsa kor utruleg kjekt det var når me fekk utetime på Ålgård skule og fekk slå ball. Ikkje at eg vart flink til det nokon gong, men det var kjekt likevel. Eg registrerte at reglane hadde forandra seg litt sidan mi tid på Ålgård, men det såg eg ikkje nokon grunn til å laga eit stort nummer av. Av og til tenkjer eg at ungane går glipp av noko når dei ikkje lenger er ute i gatene i dei lange lyse kveldane for å leika saman. Sjølv om eg ofte helst ville mura meg inne med to fulle plastposar med bøker frå Ålgård folkebibliotek, så hugsar eg leiken ute i gatene med glede.
I skrivetimen fekk dei ta med seg i-padane ut for å finna seg ein freda plett i graset eller på ein steinmur for å sitja der og skriva ned alt dei såg, tenkte høyrde og kjende lukta av. Det var litt varierande kor mykje dei klarte å konsentrera seg om skrivinga, men eg såg at mange syntest det var ein spennande oppgåve.
I ettermiddag har eg vore i lag med Tove som eg jobba saman med dei første åra på Bryne skule. Nå har ho feira 80-årsdag, så det er ganske lenge sidan ho vart pesjonist, men det er framleis veldig koseleg å treffast. Me var på Møllehagen og åt deilig fiskesuppe som ho insisterte på å spandera. Nå er eg den som har jobba lengst på Bryne skule av alle som arbeider der. Det er litt rart. Eg har problem med å identifisera meg med å vera «den gamle dama på jobb,» men av og til går det i små glimt opp for meg at på eit eller anna plan er det kanskje det eg er.
Med god hjelp av Odd Christian har eg fått til å laga fotoshop- collage på framsida av boka som eg har jobba så intenst med i det siste. Nå er bestillinga send. Det hadde blitt dyrare sidan sist eg bestilde, men det får stå sin prøve. Eg orka ikkje tanken på at det ikkje skulle bli bok etter alt det arbeidet…
Å bestilla heimelaga bøker er omtrent som å levera eksamen. Eg veit at det sannsynlegvis er stavefeil i ho, for same kor nøye ein les korrektur om og om igjen, så kjem ho med stavefeil til irritasjon for all framtid. Eg kjende bare at nå orka eg ikkje fleire rundar med jobbing. Nå ville eg i mål. Nå blir det to langdagar på jobb med legging av timeplan og på torsdag får me utdelt eksamensoppgåvene.
Nå er det god natt medan det framleis er ei nokonlunde fornuftig tid på døgnet.

mde
Heidi