Gå til innhald

Torsdag i Valencia – Sol over labyrinten


 

Dagen i dag kom med nydeleg sol og nesten tjue grader. Det me oppdaga var at her i gamlebyen må ein leita etter sola sjølv om himmelen er blå. Her er det små tronge labyrintar av nokre gater mellom gamle høge hus, så så lenge sola ikkje er aller høgast på himmelen, så er det alltid noko som kastar skugge. Me går på ein måte rundt som små maur i ein labyrint med veldig høge veggar.

 

 

Og som eg har skrive høgt så er både veggar og gjenstandar dekorerte med mykje gatekunst.

 

 

Me to turistane brukte føremiddagen til å sjå på butikkar og på folk. Eg trur ein av oss ynskjer seg ein hatt frå ein eksklusiv hattebutikk i byen. Nå kan du som les sjå på biletet til høgre og gissa kva handelsvare du ser der…

Me var inne på den største Mathallen i byen. Biletet er henta frå sjømatavdelinga. Det er staden for levande kråkebollar. Dei låg der på is saman med sprellende krabbar og kreps og andre sjødyr eg til dels ikkje ante eksisterte. Det var og ein heil glassdisk med ulike blekksprutar, uendelege rekkjer med flyndrer og annan fisk, for ikkje å gløyma enorme areal med høns og kalkunar og eit utvalg av heile skinker eg aldri har sett maken til. Alt dette var så overveldande at eg mista heilt lysta på både å handla inn råvarer, laga mat og eta. Kanskje det ville vera ein effektiv slankekur å gå der ein halvtime til dagen. Det vart rett og slett alt for mykje, bare luktene av så mykje fisk og rått kjøt… Dei som handlar der regelmessig venner seg vel til det…

Dei to føregåande dagane klarte eg ikkje å finna ut kor damer som bruker større klede enn størrelse 42 kjøper kleda sine… I dag klarte eg å knekka koden, så då fekk eg handla litt. Det stod at det var vaskemaskin i leiligheita, men det er nokså tungvint å få kleda tørre, så det var faktisk eit enklare alternativ å fornya seg litt. I rein kjøpeglede etter å ha handla med ei dame som bare snakka spansk, og fått tak i det eg ville, så gjekk eg rett i ein bokhandel og kjøpte to biletbøker. Dei var av det slaget der ein ikkje treng store spanskkunnskapar å lesa dei på norsk for eit lite barn, og skulle det skorta på forståinga, så er det bare å finna på noko som fungerer. Eg har alltid elska biletbøker, og nå når eg har prøvd meg litt på å skriva dei sjølv, så gjeld det å halda seg inspirert…

Av publiseringsmessige grunnar, så må eg dela denne dagen og i to. Innlegget sluttar her. Velkomen til å henga med vidare…

Heidi

Onsdag i Valencia del to – Valentinsdag

 

 

Det er mykje spennande arkitektur her i byen. Dette er eit par bilete frå vitenskapsmuseet som ligg i den delen av byen som på kartet heiter la Ciudad. Det er ein monumental bygning som minner litt om eit skip med baugen opp eller ein stor kval. Me gjekk ikkje inn på nokon av utstillingane, men i midten av bygningen er det eit slags stort atrium der ein kan spasera, fotografera eller setja seg ned for å drikka kaffi og sjå på folk.

Me rakk å gjera alt saman, og eg må innrømma at eg hadde stor underhaldning i å betrakta eit par i aksjon med mobiltelefon og selfiestong. Ho hadde høge sko som eg ville ha brukke anklane med bare ved å prøva å stå på dei, og ein liten trong raud kjole. Dei balanserte på kanten av byggverket på jakt etter den perfekte selfien. Fruen var tydelegvis perfeksjonist, for ho vart aldri fornøgd. Det var solbriller på, solbriller av, hårlokk bak øyret, hårlokk framfor øyret, ti graders sving med hovudet, tjue graders sving tilbake, hand tilfeldig mot håret, hand lett bak nakken… Om den tålmodige kavaleren i det heile tatt kom med på selfien, er eg usikker på. Ingenting er så komisk som oss menneske i situasjonar der me ikkje ein gong forstår at me er det. Eg ser ikkje vekk frå at folk i gitte situasjonar ler så tårene trillar av meg i ufrivillig komiske situasjonar, så det får gå opp i opp…

E722C2DC-5A31-49CD-A57F-46258DED58D7

Denne flotte, vassande mannen figurerte ikkje så langt frå vitenskapsmuseet. Me kom ned i den parken som ligg i det uttørking elveleiet. Me spaserte gjennom parken mot området rundt Colon, som er handlestrøket i byen.

 

I parken er det flokkar med ville papegøyar, som i følge eit rykte skal stamma frå at nokre papegøyar byen ein gong fekk i gave, rytme og begynte å formeira seg slik at dei nå har blitt ein eigen stamme. Me møtte ein stor flokk. Dei var kjempefine, men ikkje så lette å fotografera i motlys.

 

37671186-D03C-4FB1-A01A-AC6F05161340

Leif var mogen for ein pause etter ein lang dag på hjul og på føtene, men Sunniva forbarma seg over mor si som hadde lyst til å gå i butikker. Først av alt sette me oss ned ved eit bord i den store Mathallen og hadde te og litt mat.

Me var så heldige at me klarte å snusa opp ei sidegate der butikkar med dyr babymote låg på rekke og rad. Dei kunne reklamera med «rebajas» med inntil 70% avslag. Slike butikkar må mormor inn i. Noko var feil prisklasse på trass av prosentane, men litt havna i elegante papirposar. Det kan virka som om det finst ei gruppe spanske småbarn som flannererer i bygatene kledde som prinsar og prinsesser på sundagane. Eg ser for meg ein liten prins med kortbukse, kvite knestrømper, lyseblå sandaler og lyseblå dobbelspend frakk. Eg er bare ikkje sikker på kor ofte han ville få brukt det antrekket på Bryne. Nå finst det forsåvidt ingen slik prins i min verden heller, så spørsmålet får forbli ubesvart…

Dagen vart avslutta på ein pizzaplass der Leif hadde lese at anmeldarane hadde skrive «The best pizza I ever tasted.» Pizzaen var god. Det var eit trongt lite lokale der me sat rundt små bord på høge barkrakkar, slike eg alltid er litt redd for å detta ned i frå… Det gjekk bra denne gongen og… Borda var pynta med hjarteballongar på grunn av Valentinsdagen. Leif kom forresten heim frå sin daglege morgontur for å kjøpa ferskt brød til frokosten med ei langstilka rose til meg denne morgonen. Fødd og oppvaksen som eg er på Jæren, var mitt første spørsmål om nokon hadde delt ut gratis roser på gata… Skjerp deg, Heidi…

Heidi

Onsdag i Valencia – Dei som syklar modig utan pedalbrems…

 

I dag har me vore på farten heile dagen. Sunniva kunne ta heilt fri frå universitetet, og me hadde funne ut at dette måtte vera dagen for ein sykkeltur. Sunniva brukar ofte desse bysyklane, og i kollektivet ho bur i har nokre av jentene spleisa på to ekstra sykkelkort, slik at når nokon har besøk heimefrå kan dei låna gratis bysyklar.

Eg var i utgangspunktet litt skeptisk, eg veit frå før at storbysykling kan vera litt skummelt, og etter at eg sykla i ein husvegg med ein lånt herresykkel utan bakbrems der føtene sat fast i pedalklyper for sånn ca førti år sidan, så har eg vore skeptisk til syklar utan pedalbrems. Det er ein av mine mange små nevrosar…

Bysyklane viste seg å vera heilt problemfrie å manøvrera, sykkelstisystemet var godt utbygd, og dei andre to var flinke å ta hensyn til ein litt pysete medsyklist… Systemet er at ein bare kan ha ein sykkel ein halvtime om gongen, så med jamne mellomrom måtte me finna eit bysykkelsystem og byta syklane.

Me parkerte syklane og gjekk langs strandpromenaden til me kom til ein veldig koseleg kafé der Sunniva hadde vore før eit par gonger.

Det var mange kafear i området, nokre veldig innbydande, andre meir forfalne.

F3DB743A-5502-4CDA-9B73-2A9C377209B4Me vandra langs sjøen og kikka på alle som var ute for å jogga eller gjera gymnastiske tøyeøvingar. Me møtte og ein klasse med femtenåringar som hadde utegym med læraren sin, ein spansk entusiastisk variant av Sven Serigstad med treningstights og caps. Dei coolaste jogga i dongeribukse, og sjølvsagt var det minst ein som lurde seg bak ein lokal kafé for å ta ein ufortent pause. Det er alltid fascinerande å observera kolleger i arbeid.

Ein gatemusikant av det slaget som var flink til å spela trekkspel, sat på ein Stein og spelte den eine tangoen etter den andre. Som ein variant av hatten på fortauet foretrakk han å få pengane «rett i næven» og så direkte i buksekommen.

Etterpå sykla me ned til havna og inn mot sentrum. Dei som vil bli med oss vidare må gå til del to, for nå begynner programmet å henga pga alle bileta.

Heidi

Tysdag i Valencia – del to

 

Som eg har vore inne på før, så er det grenser for kor mykje eg får til å lasta opp på nettet om gongen, så her kjem resten av innlegget… Desse tre kunstverka likte eg godt.

Den siste kunstnaren hadde ei utstilling heilt for seg sjølv, så han har eg namnet på: Julio Gonzales. Eg likte installasjonane hans veldig godt.

Etter å ha lada mobilbatteriet, skrive litt dikt og drukke kaffe møtte eg Leif til lunsj i byen. Etterpå hadde eg lyst til å sjå meg om i nokre butikkar, så me vart einige om å møtast i leiligheita.

Dei som kjenner meg veit at min evne til å finna fram på ukjende, (og kjende og for å vera heilt ærleg) stadar, er så dårleg at ein mest ikkje trur det kan vera sant. Eg fann derfor ei rute tilbake i lag med Leif der eg stort sett bare kunne fylgja ei einaste lang gate og likevel finna fram til slutt… Eg var sikker på at sjølv med GPS og kartet i handa ville eg koma til å gå meg vill i den labyrinten gamlebyen er… Eg fann fram, og at vegen sikkert vart dobbel så lang som han kunne ha vore, får me sjå på som helsebonus.

Nå skal me snart setja oss på ein buss eller noko slikt for å sjå kor Sunniva bur og eta middag med henne ein stad i området.

Her i Valencia er det ikkje like varmt som på sundagen, men i dag trur eg det var bortimot femten grader. Dei tidlegaste blomane blømer, og det luktar vår.

Heidi

Tysdag i Valencia- Bli med på kunstutstilling –

FBEB4C93-405D-480E-B528-365A1B721673I dag var det dagen for kunst. Eg og reisekameraten har nok litt ulik appetitt og metningspunkt for kunstmuseum, så etter hans forslag fann me ut at han kunne gjera noko anna mens eg var på museum, slik at eg kunne få bruka så lang tid eg ville utan utålmodige blikk…

Sidan eg liker å oppleva ting saman med nokon, så fotograferte eg og legg ut her slik at nokon kanskje kan dela inntrykka litt. Eg var på museumet for moderne kunst på fem ulike utstillingar. Det eg gjer her er på sett og vis heilt respektlaust… Eg legg ut bilete av kunstverk som umiddelbart appellerte til meg, utan ein gong å kredittera kunstnaren. Unnskyld…

Fleire av dei utstillingane eg såg var abstrakt kunst. Ein av kunstnarane var sitert på ein plakat på at ho ville sleppa å setja ord på noko som for henne var ordlaust. Ho hadde ikkje ord for korfor intuisjonen dreiv henne til å velja to fargar og setja dei saman eller laga tre former som ho visste passa saman utan å vita korfor.

0DD09843-48ED-4711-8D1E-D739F6A934E9

Det er litt rart å vera i eit land der eg forstår litt av språket, spesielt viss eg får lesa det, men samtidig så lite at eg er ute av stand til å kommunisera muntleg. Mange her, til og med dei som jobbar på museum, kan forbausande lite engelsk. På den eine utstillinga fann eg ikkje vegen ut og ville snu og gå tilbake. Ei vakt viste med fakter og kroppspråk at det ikkje gjekk, eg måtte gå vidare gjennom heile utstillinga.

Gjennom kor? Han viste meg veg gjennom nokre mørke kulisser, eg fekk nesten klaustrofobi, kunne dette vera rett. Eg kom inn i eit heilt mørkt rom der nokre menneske såg film på eit lerret. Eg prøvde å spørja vakta om vegen ut. Ho lyste på lerretet. Eg vart nesten villeda til å gå rett på, kanskje det ville opna seg ei hemmeleg dør? Heldigvis forstod ho i tide at det var ut eg ville og lyste med lykta mot ein mørk labyrint som tok meg ut…

Måndag i Valencia

 

33BEA48E-D685-4C2E-8186-BDA731F3BAA4

Som sagt,så bur me sentralt i gamlebyen her i Valencia. Me låser oss inn døra og går opp ei smal og svingete trapp i andre enden av bygningen, slik ser trappeoppgangen ut.

7995E7A1-14D4-4DCD-B6E8-B3BFB9B6020E

Så går me gata ned, og viss me vil ut av gamlebyen, går me gjennom denne porten i den gamle bymuren.

171050DD-6314-4266-B0A2-021DAE0E8428

Så kan me gå på ei bru over parken i det gamle elveleiet, den me gjekk tur i i går.

I dag ville me dra på ein liten utflukt med trikken, så det gjaldt å finna ut korleis billettsystemet var. Me var usikre på om me hadde klart å validiera fleirreisekortet vårt, så me spurde ei dame på trikken. Det viste seg at det hadde me ikkje klart, så me hoppa av på første stoppestaden i tilfelle kontroll.

Det var lurt på meir enn ein måte, for då me kom av viste det seg at me var på veg i feil retning. Då me kom på rett trikk var det første me møtte to kontrollører, så då var det greitt å kunna smila og visa fram gyldig billett.

9DCDA78D-A458-4E6B-8E93-44C43868C8C3

Målet var å dra ut til sjøen til ein tidlegare gammal fiskarlandsby, som nå ligg innanfor bygrensa.

Det var ei fin lang og brei strand der, så me bestemte oss for å gå ein tur langs sjøen. Det var mest ingen folk der. I det fjerne såg me ein heil flokk svartkledde personar. Først lurte eg litt på om det var muslimske kvinner som var ute og gjekk tur, men då me kom nærare viste det seg å verampolitifolk. Plutseleg forstod me at det var ein drukna mann som låg på stranda med politifolk rundt. Dei hadde ikkje sperra av området. Han hadde nok lege i sjøen ei stund og dei pakka han rett og slett inn i ein plastpresenning.

Eg rakk å sjå nok til å bli fylt av både ubehag og tanken på kor hårfin grensen mellom død og liv kan vera. Me gjekk snaraste vegen opp frå stranda og såg at både ambulanse og fleire politifolk venta oppe på bilvegen.

I følge det Leif hadde lese seg til, så skulle sjølve landsbyen litt inn frå strandområdet, vera ganske forfallen. Det viste seg å vera informasjon som ikkje var overdreven. Det hadde nok vore fint der ein gong, men nå stod fleire av husa klare til å ramla saman. Ein skulle tru at desse gatene så nære sandstranda kunne verta eit trendområde å bu i, men foreløpig såg det ikkje slik ut.

Me skulle feira litt at Leif fylde år i dag, og leita etter ein stad å eta lunsj. For meg vart det kaffi og bolle, for menyen på den einaste plassen me fann, frista ikkje. Reisekameraten min åt høne med hals og venger i tjukk brun saus og steikte røykte sardiner. Eg er fullt klar over at kanskje dei aller fleste menneske på jorda ville ha jubla over eit slikt måltid, og innser med ein lettare skamfølelse at eg nok er frykteleg bortskjemt.

I dag var Sunniva på universitetet på dagtid, men ho møtte meg på ettermiddagen for å ta ein jentetur i butikkar. Me var i fleire bokhandlar, i vintagebutikkar, små butikker med «rare ting» og i ein kunstbutikk. Det eg handla var ei godnatt- biletbok med tekst på tysk og spansk og eit såpestykke. Til slutt var me trøytte i beina og sette oss på ein kafé og åt bittesmå vegetarvårrullar og drakk kaffi.

Om kvelden skulle me møta Leif og feira han litt på ein marokkansk restaurant der Sunniva hadde bestilt bord. Det viste seg at alle restaurantane ho hadde høyrt skulle vera bra haldt stengd på måndagar, men på nettet hadde ho funne denne marokkanske plassen som hadde fått gode anmeldingar.

Me møtte Leif og vandra fram og tilbake dei same gatene utan å finna fram. Det viste seg å vera litt innvikla å navigera etter GPS. Til slutt kunne me letta konstatera at her var det, og gjekk inn og fann eit bord. Det var riktig nok eit mindre enn me hadde trudd ut frå internett, men det er ikkje alltid alt er slik det gir seg ut for å vera. Først etter at me hadde fått maten, oppdaga me at me var på feil plass. Dei kunne ikkje finna reserveringa vår…

Den staden me havna på var nok både mindre, enklare og billigare enn den me eigentleg skulle på. Kelnaren var ung og søt og hyggeleg og betrudde oss at det slett ikkje var første gongen folk gjekk feil…

Life is what happens to you when you’re busy making other plans. Det har vore ein dag med merkelege opplevingar, men Leif meiner at han har blitt feira og er glad. I morgon blir det kanskje ein tur på kunstmuseum om alt går planmessig føre seg…

Heidi

Meir frå sundagen i Valencia

2D559254-63FB-48C8-8AB2-12473AF95640Eg har litt problem med å få bloggen til å fungera, men sidan skrivelysta er stor, så klarer eg ikkje å la vera å prøva å få til eit innlegg til frå i dag. Bak dette vesle relieffet og holet i ein mur, reknar eg med at det bur ein fornem katt.

0DD60218-E6B9-42B6-B668-79BD0FA4CFBE

Slik lukeparkerer spanjolane, eg trur det er like bra at eg ikkje skal vera sjåfør eller parkør her nede…

 

Me har vore på ein koseleg restaurant Sunniva visste om der det vart servert vaffel med trøffel, speilegg og serranoskinke og vegansk sjokoladekake utan søtning. Jusen i glaset er laga av eple, gulrot og ingefær. Restauranten var i ein bakgard der det vaks bananar.

22EA3ECB-556C-4472-AC88-445D2710996F

F0D922DA-1ADA-4CF5-862B-0E58B2A60AFB

Og i gatene er det appelsintre med knalloransje appelsiner.

4B37A853-24BC-4A62-B4FA-89C47C76D762

Eg trudde ikkje tyrefekting var lov lenger i Spania, men det ser ut som om aktiviteten lever i beste velgåande her i Valencia.

I byen er det ein stor park rundt eit delvis uttørka elveleie. Her er det sykkelstiar, gangveier, leikeparkar og kafear. Etter å ha vore på sundagsmarknad på føremiddagen, var me på tur i parken etter lunsj. Her fekk me ein forsmak på vår og nesten sommar. Eg trur temperaturen nærma seg 18 grader, og me sat ute i sola og drakk kaffi og åt is. Varmande sol på ryggen gjer underverk på frosne nordmenn.

Verre er det faktisk å halda temperaturen oppe her inne i leilegheita. Me gjekk heim for å kvila litt og måtte etterkvart finna fram dyna for å prøva å halda varmen. Nå har me funne ein ekstra varmeovn som me har satt oss heilt inntil, så det begynner å hjelpa. Om ein halv times tid skal me ut og eta middag med Sunniva. Me ser på spansk TV at dei melder skikkeleg regnver på måndag og tysdag. Det har viss vore skikkeleg tørke her, så dersom vêret slår til så får me prøva å gleda oss i lag med dei innfødte… Me seier ikkje nei takk til meir sommarver heller om sjansen skulle by seg…

Morsdag i Valencia

 

 

10E80396-9AAA-4715-8456-4838ABEEE605

Valencia er verkeleg ein fin by. Etter koseleg frokost  i leilegheita «vår», der det er fine kattar på tallerknane, var me klare for byvandring med Sunniva.

0BDBC997-B889-436C-A514-F9C1B763F092

Sidan det var morsdag, kom ho med gave til meg, Kristus- og Maria- ikon kjøpt i Roma.

0F676244-B33D-4031-A3DF-DB87F14CA530

Det et nesten litt som å vera i Roma å vera her. Sidan me bur i gamlebyen kjem me rett ut i gamle pitoreske gater når me går dei fem etasjane ned frå der me bur.

Dei er veldig glade i gatekunst her, og mange dører, portar og husvegger er dekorerte.

Eg får problem med å lasta dette opp, det blir viss for mange bilete. Eg ser eg må fordela dei på to postar, så dette blir den første av to eller fleire frå sundagen i Valencia.

Heidi

 

 

Valencia, her er me

BBC646AD-146E-4878-9071-644F76EC7BE8

I fjerde etasje i eit hus i gamlebyen har me leigd oss eit værelse. Sunniva kom for å møta oss, og så la me ut på gatevandring.

4B5CD036-2871-4D12-AC46-7724F41C64AE

1ADB8F82-1349-47E3-8663-323383B9E755

45A0D880-6562-4BD8-9911-ED6417AE36A623C8429C-48DA-4BD2-A262-C82B46534EF8

Sunniva hadde bestilt bord til oss på ein liten tapasrestaurant ho visste om. Det smakte fantastisk godt.

Då ho Sunniva spurde kva rettar dei hadde å anbefala, fekk ho til svar at alt var godt, men den gratinerte blekkspruten med hummus var så god at han var verd å døy for… Me våga ikkje anna enn å ta med gratinert blekksprut, men personleg må eg innrømma at mine favorittar var manchego-ost med heimebakt valnøttbrød, krokettar, sterkt krydra potetbåtar med aioli og japanske steikte grønsakar.

I morgon blir det spansk sundag i lag med Sunniva. Eg gler meg.

Heidi

Reisebloggen er opna – frå mobilen

F5B39290-0BB8-4B37-9E29-8DD8F6AA8C65.jpeg

Akkurat nå går toget frå Alicante stasjon. Det skal ta oss med til Valencia og Sunniva. Akkurat nå oppdaga eg derfor at me skal reisa baklengs, så det kan henda eg blir kvalm og må droppa prosjektet…

Odd Christian var snill og stilde som sjåfør halv sju i dag. Det var sikkert den farlegaste etappen i dag å koma seg til Sola. Det var nemleg såpeglatt ute. Heldigvis hadde me berekna god tid.

Me hadde sterk medvind og fløy inn førtifem minutt av reksetida. Dei sa det ville medføra ein del turbulens under heile turen og at det var ufarleg, men litt ubehageleg . Eg såg for meg ein berg-og-dal-banetur omtrent som mjølkeruta frå Skomperud på heia som det står om i songen. Heldigvis overgår som oftast fantasien min det ekte livet og turen gjekk riktig bra. Eg fekk lese to bøker og var nesten ikkje redd. Me tok rullebanen med eit solid dunk, men då var me jo på bakken, og så lenge ingenting eksploderte, så var alt ok,

Ute var det ca tolv grader og sol. Det er første gongen eg er i dette området om vinteren. Litt rart med dette litt golde ørkenaktige landskapet med palmer mot snødekte fjelltoppar. Me tok flybussen til sentrum og sette oss på ein kafé på jernbanen mens me venta på toget.

920D59D0-BD09-493E-B4E1-86EC5D88565C.jpegDet er tydeleg at terrorfrykten er til stades. For første gong opplevde eg at me måtte sikkerheitsklarerast og bagasjen gjennomlysast akkurat som på flyplassar før me slapp ned på perrongen.

98F796D5-4ABF-4129-BCA4-E79FFB8EA7BAEg likte heller ikkje dei bevæpna vaktene på flyplassen. I mitt hovud  klarer eg ikkje å kopla skarpe våpen til tryggleik..,

B54CC524-2C5F-4659-A8EB-A504D7538C45.jpegMen i alle fall… Me er trygt landa i «Utlandet». Nå sit me på toget og alt er bra, eit lettare middelaldrande ektepar på veg mot nye eventyr…

Heidi