Gå til innhald

19.mai 2019

IMG_20190519_215953_336

19.mai for 26 år sidan fødte eg ei dotter. Det var fint sommarver akkurat som i dag, ein av dei finaste dagane i året. Me kalte henne Sunniva, som betyr solgave, det måtte vera rette sorten namn på eit mai-barn. Sidan ho bur i Oslo måtte gratulasjonane foregå via telefon og meldingar. Det er ikkje verst at me via teknologien nesten kan henta nokon som ikkje er her inn i stova for ei lita stund.

Det har vore ei nydeleg langhelg, sjølv om det må innrømmast at agendaen for helga var å koma mest mogleg i hamn med eit par prosjekt. Det har gjort at det eigentleg ikkje har blitt praktisert det skiljet mellom kvardag og helg som eg liker å kjenna på. Eg har brukt mesteparten av dagen framfor datamaskinen, men lang fellesfrokost, rømmegrøt midt på dagen og ein lang trilletur med innlagd syrinplukking, har likevel gitt ei kjenning av helg, sommar og god tid. Eg kom ikkje heilt i mål, men i morgon kveld håpar eg å kunna setja siste punktum i boka frå skapande skriving. Me hadde laga ei collageframside som eg kanskje må gi opp å få til. Eg hadde nok trengt eit kurs i fotoshop. De står ikkje på ideane, som eg fekk beskjed om då eg tok grunnfag i forming i si tid. Ideane var framifrå og fargesansen var spenstig, men det skorta litt på det handverksmessige… Det er viss slik det er på mange plan…

Det er ikkje mange stadar me har det så fint som på Jæren når dagane i mai er slik me helst vil at dei skal vera. Til og med avblomstra løvetanngrøfter er fine…

IMG_20190519_215755_274

Heidi

18.mai 2019

IMG_20190518_223421_503

Ein av fordelane med å ha eit lite menneske på eit og eit halvt år buande, er at du aldri gløymer at du har eit liv utanom jobben, og i år for mitt vedkomande også utanfor studielivet. Det er koseleg å vakna av at eit lite vesen i heildekkjande pyjamas med føter kravlar oppi senga og vil ha litt morgonkos. Språket kjem meir og meir, det siste er at ho glimter til med eit og anna adjektiv: «fine kjole!» (sagt med stor begeistring) og «varme» (om maten). Ho har eitt ord ho ofte brukar i fleirtal, «tuttane!», og i går prøvde ho seg med litt verbbøying: «Kjæma, mommor!» Dette siste sa ho samtidig som ho stod i døropninga og vinka til meg. Ho har nok høyrt at eg svarer «Æg kjæme!», når ho er utålmodig og vil at ting skal gå fort… Nå i denne veka har ho lært å seia namnet sitt, som ho rett nok uttalar «Ibin!», og når nokon spør kor gamal ho er, svarar ho stolt «ett!» Sjølvsagt er det siste reint papegøyespråk, ein innøvd respons på noko som for henne er eit totalt uforståeleg spørsmål, men verknaden er ganske sjarmerande… Dersom eg skulle forska på noko, hadde språkutviklinga hos veldig små barn vore eit veldig interessant forskningstema. Ho har lært seg kva veldig mange dyr seier, og kan svara på spørsmål av typen: «Kva seier elefanten?». Ho omtalar dei fleste dyra med den lyden dei seier, så «katt!» blir heitande «mjau». Når katten legg seg på fanget til mormor, får ho veldig lyst til å sitja der sjølv. Då jager ho han vekk med ein hyttende arm, og eit veldig bestemt: «Nei, nei, nei, nei, nei, Mjau!»

Dei siste dagane har ho vore forkjøla og i føremiddag var ho langt rolegare enn vanleg. Ho sat heilt stille på fanget mitt og vart sungen for heilt til ho sovna, det er litt uvanleg. Utover dagen kvikna ho heldigvis til. Hovudprosjektet mitt i dag var å koma lengst mogleg med boka til skriveelevane mine i kulturskulen. Eg har fått gjort ganske mykje, men i morgon kveld håpar eg å kunna avslutta. Å jobba med veldig unge skribentar er og veldig kjekt. Dei er ofte meir direkte, meir kreative og meir leikne i måten å bruka språket på. Eg blir heilt oppslukt av dette arbeidet kvart år. Det er veldig interessant, men dessverre og veldig arbeidskrevjande. I vår var det i overkant mange ting å forhalda seg på, så sjølv om eg begynte tidleg, så har eg skikkeleg tidsnød. Eg er ein uhelbredeleg tidsoptimist som aldri heilt klarer å hugsa kor lang tid ting kjem til å ta. Heldigvis har eg heile morgondagen på meg. Hadde det ikkje vore for tidsoptimismen, så hadde eg nok vore litt meir reflektert på kva eg forventar at eg skal klara å få tid til og ikkje. Eg trøystar meg med kloke Kumbel:

Pessimsterne er dog de reneste tåber,
de tror på det modsatte af hvad de håber.

Men de optimiste som verden beror på,
er de der tør håbe
på det som man tror på…

IMG_20190518_223541_617

IMG_20190518_223117_393

Heidi

17. mai 2019

IMG_20190517_120721_429

For ein fantastisk syttande mai det har vore. Plutseleg var sommarvarmen her midt i dette grøne og blomstrande. Det at nasjonaldagen vår blir feira så grundig og har så stor verdi, har nok utan tvil med plasseringa i årshjulet å gjera. Det er vel aldri større grunn til å vera glad i landet vårt enn sånn midt i mai når me nettopp er blitt fridde frå vintermørket og pakka inn i bjørkegrønt. 17.november ville ikkje kunna hatt den same funksjonen.

dav

dav

I dag gjekk eg for første gongen i mitt liv i 17.maitog på Tu. Eg budde der i seks år, men flytta før eg begynte på skulen. I dag fekk eg vera med på å trilla Iben gjennom barnetoget. Det var ei fin oppleving. For ein fin trasé dei går, for det meste på små stier utanom dei store vegane. Iben sovna i det første 17.maitoget sitt, men fekk feira grundig seinare på dagen.

IMG_20190517_175602_430

Etter barnetoget kunne me by foreldre og grandtantar og slikt på kaffi og kake, før me alle var inviterte til å eta lunsj på Figgen. Me vart sitjande og prata ute i sola i det som ein gong var hagen til oldeforeldra mine, der May Brit og Jensi har ein blanding av bestemorshage og naturtomt. Bileta i montasjen over er henta der i frå.

Eg innvilga meg sjølv ein total fridag sidan det var 17. mai, og det føltest heilt vidunderleg. Det gav meg ei kjenning av korleis livet kan bli om ein drøy månad når alle eksamenar er avlagd, alle planar, evalueringar og timeplanar skrivne og sommarferien har innhenta oss. At den typen liv ligg så å seia like rundt neste sving kjennest heilt uverkeleg.

Dei lange, lyse kveldane er her. Det er så utruleg fint. Eg avslutta dagen med å gå ein tur aleine.

Heidi

16.mai 2019

oznor

oznor

16. mai, og det er mykje eg kunne ha gjort før morgondagen. Eg har dryge ein mopp over golvet og har laga ein kakebotn som vart litt brend, så derfor bakte eg ein kakebotn til. Eg har funne ei heil strømpebukse i skapet og ein underkjole i ein kasse i kjellaren.

I dag morges viste det seg at andreklassen eg er inne i kvar torsdag morgon hadde noko anna på programmet slik at eg kunne ta ut to timar eg hadde i banken fordi eg hadde jobba eit par timar ekstra tidlegare. Det gjorde at eg kunne få unna ein del kontorarbeid. To uventa arbeidstimar var det finaste nokon kunne ha gitt meg i dag, då slapp eg å sitja til langt på kveld og planlegga neste veke etter foreldresamtalane. Det hender det ordnar seg for snille jenter.

Det blir ei travel helg, men i morgon skal eg ta fri store deler av dagen og feira 17. mai med familien. Det gleder eg meg til.

Heidi

15.mai 2019

IMG_20190515_223058_771

«Har du lese mailen eg sende i dag morges?» Det spørsmålet fekk eg då eg var innom kontoret for å sjekka kor lenge skulen var opplåst i kveld. Eg måtte innrømma at det hadde eg ikkje. Eg lurte på om det var noko spesielt. «Nei, då» fekk eg til svar. » Eg minde bare om at du har ryddeveke denne veka, det er fort gjort å gløyma…» Eg hadde gløymt det… Og eg lurte på kor tid eg skulle få rydda ut og inn av oppvaskmaskinen, sidan eg hadde vakt i matfriminuttet og eit møte rett etter siste time. Så var det henting i barnehage og avlevering til dotter som hadde foreldresamtalar. Så skulle eg rekka mine eigne foreldresamtalar og skunda meg heim til barnevakt.

Ein av mine snille kolleger fiksa oppvaskmaskinen. Resten gjekk av seg sjølv. Nå er eg overmogen for tidleg landing…

Heidi

14.mai 2019

IMG_20190514_230739_300

I dag skal eg vera kort, for me er allereie i den siste timen av døgnet, og eg har ikkje klart å koma meg heim frå jobb endå. Eg trur det er ny rekord i lang arbeidsdag, men eg kan forsikra om at eg fram til nå har via kvart minutt til jobb relaterte forefallande aktivitetar…

Nå har eg gjort klar ei teikneoppgåve til i morgon frå den gamle gode boks «Å tegne er å se.» Tanken hennar er at for å bli gode teiknarar må me bli gode observatørar. Me må gløyma alt me trur me veit om korleis verda ser ut, korleis auge, hender, fingrar og ansikt ser ut. Det me trur me veit vil leggja eit filter over det me ser, og hindra oss i å observera.

Denne oppgåva går ut på å kopiera Picasso sitt Stravinsky- portrett opp ned utan å tenkja over kva me teiknar. Dei fleste blir overraska over resultatet.

Det var det eg tenkte på i dag… Alle erfaringsfiltera våre og dei tillærte tankemåtane som gjer at me ser utan å sjå, observerer utan å oppdaga. Kanskje me bør utfordra oss sjølve litt på akkurat dette?

Det tenkjer eg på i kveld… B-menneske som eg er så kunne eg ha jobba mykje lenger, for eg er i gof flyt, men å vera på jobb til over midnatt, der går grensa. Og flinke fornuftige B-menneske har bestemt at eg og alle andre skal fungera når klokka ringer i morgon tidleg, så då er det vel bare å få på hjelmen og hiva seg på sykkelen…

Heidi

13. mai 2019

IMG_20190512_182231_420

I dag vil eg forsiktig retta lyskastaren mot noko som ikkje alltid er så lett å leggja merke til i mengden av høge stemmar, støy og sterke viljer, – godleiken og vennlegdomen. Av og til legg eg merke til kor mange gode og vennlege menneske det finst, og kor mange som går inn for å vera snille med kvarandre. Det er mykje godleik som sviv rundt oss, men me ser han ikkje alltid for han ropar ikkje så høgt.

I går reiste eg heim att med Vy, det nye togsystemet vårt som heldigvis så langt liknar til forveksling på NSB. Turen heim vart innleia av ein togtur på to og ein halv time til Lunde stasjon. Det er alltid litt nedtur å oppdaga at deler av strekningen du har tenkt å toga går med buss, men i går var det utruleg vakker utsikt frå bussen ut i det heftiggrøne landskapet i ettermiddagslys. Det vart ein slags sightseeing delvis gjennom terreng eg ikkje kan hugsa å ha vore i før.
Ein gut var ute og reiste med faren sin. Før bussen gjekk las han ordet «flytog» på skiltet på naboperrongen. «Er det tog som kan fly?» spurde han faren sin. Han fekk teorien sin avkrefta på ein vennleg måte, men eg mora meg lenge over spørsmålet. Det er jo mykje med ordet flytog som tyder på at det er eit tog som kan fly.

Bak meg sat ein mann som var fortvila fordi han ikkje fann nøkleknippet sitt. Han tok diverse telefonar til menneske som kunne tenkjast å ha funne nøklane og det gjorde meg godt å høyra den vennlege tonen i samtalane han hadde. Han bad drosjesjåførar sjekka bilane sine på ein så vennleg måte at eg skjøna då dei ringde opp at dei både hadde leita og beklaga på ein høfleg måte at dei ikkje hadde funne dei. Til slutt var det eit medlem av familien hans som klarte å finna nøklane og han vart veldig glad og takknemleg. Slike små hjartevarmande høyrespel kan ein få gratis på Vy, det var nesten som barne-TV- serien om «Redda Joppe død eller levande». Då han begeistra takka finnaren, vart eg så glad for at det ordna seg for denne gilde mannen som eg ikkje ein gong visste korleis såg ut, for eg kunne jo ikkje sitja og snu meg i tillegg til å smuglytta.

Etter eit par timar på toget følte eg for å gå inn i restaurantvogna dei hadde reklamert så fint for då me kom på toget med «Varme og kalde smårettar og ferskt bakverk…» Eg følte for å unna meg litt god kveldsmat. Då eg kikka på menyen, sa den sjarmerande mannen som betjente restaurantvogna. «Du trenger ikke å se på menyen, spør mæ hæller hva vi har… Vi har nesten ingenting siden vi ikke har fått fylt opp i Oslo. De æ pinlig å jobbe her i dag». Eg spurde kva han hadde å by på, og han kunne by på «pølse med ingenting», siden det var slutt på potetmos, pølsebrød og lomper. Papir hadde han, og sennep og sprøløk. Så gjennomført sjarmerande har ingen prøvd å selgja meg «pølse med ingenting» før, så sjølv om eg normalt ikkje et pølser så måtte eg nesten slå til…

IMG_20190512_182150_233

Nå er ikkje misjonen min å markedsføra nokon av desse to mennene som kryssa min veg i går som heltar… Eg bare reflekterer litt over det at det aller meste kan gjerast med sjarm og hjartevarme. Det er greitt å prøva å hugsa når det går i overkant fort i svingane. Dei fleste menneske vil mest av alt ha gode og fredelege relasjonar til menneska rundt seg.

Heidi

12.mai 2019

Eg er ikkje så glad i å bu på hotell aleine, det kjennes litt einsamt, men å bu på hotell i lag med nokon, det elskar eg. Dette å vakna og ha mykje å le av for så å ha god tid til ein lang og god frokost før resten av dagen ventar, det kan nesten ikkje bli betre.

Grunerløkka er eit veldig koseleg område med mange sjarmerande butikkar. I går var det Løkkadager med avstengt biltrafikk og marknadstemning. Ekstra gildt var det at Sunniva hadde tid og lyst til å vera saman med oss før ho skulle springa Holmenkollstafett med ein gjeng frå skulen sin.

IMG_20190511_201927

Dagens planlagde happening var at me hadde bestilt «Afternoon-tea» på teaterkafeen. Der trur eg faktisk ikkje eg har vore sidan me var på studietur i Oslo med spes-ped- klassen i 198, då ein av kelnarane snubla i veska mi… Det er jo ein stad med stil og sjarme, med oppdressa kelnarar og kjendisar både på veggene og i lokalet. Denne dagen var det minst eit konfirmasjonsselskap der, og antrekka varierte frå bunad til regnjakke og joggesko. Sjølv hadde eg tenkt at velbrukte joggesko kanskje ikkje var innanfor dresskoden, men eg fekk liksom aldri tid til å skifta.

Aftrenoon-tea er sjølvsagt etter engelsk tradisjon med tradisjonell te på kanne. Kvar gruppe får tildelt eit etasjefat med laksesmørbrød, smørbrød med kjøttpålegg, sandwichar utan skorpe med agurk og majones mellom laga, scones med syltetøy og clotted cream til, og eit utval makronar, vannbakkels og andre småkaker. Herlegdomen kan bestillast med eller utan eit glas sjampanje inkludert.

Maten smakte godt, og me vart stappmette. Me syntest jo me burde smaka på alt, og klarte det nesten. På veg ut dukka den gamle shlageren frå sekstitalet opp i hovudet mitt: «Jeg vet hva du tenker min kjære», med Inger Rypdal. Den der litt ironiske songen om ein mann det karrieremessig har lukkast for i livet. Der står det nemleg i eit av versa «Ditt sted er teaterkafeen, der mottar du faktisk meny…» På trikkehaldplassn googla eg og fann songen på youtube, så den nynna me på heile vegen heim til Akerselva. Der måtte me over på «Når kastanjene blomstrer i Bygdø alle», for der var det så fine kastanjetre.

IMG_20190511_192832_800

cof

cof

Om kvelden måtte me leita litt for å finna ein stad for kveldssete, sikkert på grunn av kombinasjonen laurdag og Holmenkollstafett. Det var fullt hus over alt, men til slutt fekk me kapra oss eit bord i kjellaren på ein italiensk restaurant og var godt fornøgde.

IMG_20190511_235112_353

Heidi

11.mai 2019

oznor

oznor

Me går ut av hotellet og ut i regnet att. Håret er tørka med fønaren, men jakke og sko er framleis gjennomvåte. Me går langs Akerselva alt er så fint og grønt. Folk går under paraplyar eller småspring for å koma seg under tak. Det er ikkje så langt me skal. Inn gjennom ei gatedør gjennom ein koseleg bakgård med grøne planter, inn ei dør og opp ei trapp. Der ventar Heidi på oss, tek i mot oss med klemmar og tek i mot dei våte kleda. Inne luktar det så godt av nylaga mat.

Så gjer me det som gamle venninner gjer når dei møtest, pratar og pratar time inn og time ut. Me lyttar og lagar bilete saman om korleis livet er og ser ut.

Når me går heim regnar det ikkje lenger. Her i byen bles det ikkje iskald nordavind, så det kjennest varmare enn heime sjølv om termometeret er meir i mars enn i mai. På brua over elva står ein mann og kysser kjærasten sin. Det er omtrent midnatt når me kjem tilbake og låser oss inn på hotellromet bak den fancy grafittidekorerte døra med jungeldekor som forkynner slagordet «animated, but good». Me diskuterer kva det kan vera meint å bety. Eg fyller dopapir i jobbeskoa og håpar dei vil tørka i natt. Eg tenkjer på alle dei som skal sova ute i denne byen i natt og håpar dei finn ein tørr plass å sova. Eg og Anne Mette legg oss i mjuke senger som luktar reint og svakt av vaskepulver. Me fniser som tenåringsjenter på tur, og på eit eller anna indre plan er det kanskje med litt velvilje akkurat det me er…

Nå ventar ein ny dag, 11.mai 2019. Eg har facetima med Iben som sat i pyjamasen heime i stova og ville snakka med mormor. Ha ein fin dag alle saman, det har eg tenkt å ha 🙂

oznor

oznor

Heidi

10.mai 2019

IMG_20190510_175959_742

I Oslo regnar det og det er irrgrønt ute. Med klissvått hår og surklande sko ankom eg hotellet vårt ved Akerselva. Eva Mari og eg har hatt ein koseleg bydag med utgangspunkt i svigerinnekaffi på Bekkestua før me tok banen frå byen. Det er ikkje ofte eg er på kleshenger, men i dag har det blitt kjole, sko og jakke. Me stoppa ved ein skopussar som det på gata og halvsov for å gje han litt pengar. Han hadde med seg ein koffert, noko som minde meg om at eg og hadde ein koffert i dag morges… Heldigvis fann eg han att i ein butikk. Nå er me klare for å gå ut…
Heidi