Gå til innhald

September forsvann

IMG_3045

September forsvann, og her er oktober, månaden som eg kjenner skal bli overmåte spennande. Eg sit her og har brukt nokre timar på å skriva namna på alle i TIme kommunale kunstklubb inn på eit rekneark, for det er eit arbeid som før eller seinare skal gjerast, og snart skal årets tekningslister sendast ut. Det innebar både litt detektivarbeid og ganske mykje detektivarbeid, så nå håpar eg det vart rett.

IMG_3060

Heilt til nå har det vore masse fine markblomar ute. Kvart år eg eg overraska over kor pass seint det lir før hausten får heilt overtak over sommaren. I dag melder dei storm, men det har vore fint ute til nå. Akkurat nå høyrer eg at det bles opp, så eg får det kanskje luftig når eg skal ut og sykla snart. Eg har ein date med eldsteguten. I dag er eg aleine heime, så då passar det godt å invitera på middag. Han var aleine i ettermiddag han og, så nå tenkte me å flotta oss litt på Mølledammen. Håpar det er ope der, det har eg ikkje sjekka.

IMG_3067

I går inviterte eg to- og firbeinte familiemedlemmar på bollar, kakao, kaff og eplekake, mellom anna for å feira svigersonen litt som fylde år i går. Eg liker å ha mine rundt meg, og eg øver meg på å kosa meg aleine og. Eg liker eigentleg aleinetid, men det er litt uvant når eg har mange dagar på rad bare i selskap med katten. Eg lar meg imponera av folk som reiser rundt aleine i vekevis eller som reiser på ei hytte heilt aleine og er borte lenge. Eg trur nesten ikkje det har vore ein dag i heile mitt liv eg ikkje har hatt noko tid saman med andre menneske. Eg er overbevist om at det kan vera både fint og sunt og nyttig, men foreløpig får eg formulera det slik at eg trener meg…

IMG_3066
IMG_3005

Nå er eg snart ferdig å brodera dåpskjole, eg ser i alle fall at eg kjem til å bli det, og i beste fall har eg nok kvit tråd og. Broderinga er konsentrasjonsarbeid, så innimellom blir det masse hekling og strikking som kan kombinerast med sosialt samver og med fjernsyn. Eg kosar meg med å laga ein uro til barneromet med ulike figurar frå mummidalen. Det er spennande å sjå koss det blir til slutt.

IMG_3048

Om ei veke er det utruleg nok haustferie. Vekene frå ferien og fram til nå, har vore innhaldsmetta og fine. Eg er glad for å jobba på ein skule der dei har bestild og hengd opp banner med viktige satsningsområde. I ei tid der det blir snakka mykje om at skulen ikkje lukkast i å førebyggja mobbing er det å jobba med empati noko som eg trur er veldig viktig. Skulen vår har visjonen «Å gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det.» Det er fine ord. Eg håpar me aldri gløymar at det å gje elevane ein barndom som er god å bera med seg vidare er noko av det viktigste me gjer. Det er ikkje alltid så lett å vera den vaksne som skal sjå mange og tjue små individ på samne tida, støtta dei og ta vare på dei, samstundes som me har alle måla i læreplanane for auge. Når ein tek alt dette innover seg, så kan ein vel konkludera med at læraryrket ikkje er for pyser… Når det er sagt så er det heilt fantastisk å jobba med sprell levande ungar. Det er ikkje ein kjedeleg dag.

IMG_3050

Eg har fått lov av kunstnaren til å dela denne teikninga laga av ein av femteklassingane mine. Oppgåva var å teikna kor sint eller lei seg det går an å bli, eller kor glad det går an å bli. Denne teikninga er frå den første kategorien. Det kan du sjå på blikket til jenta på teikninga.

IMG_3066

Apropos fine teikningar. Denne kjøpte eg i går. Eg elskar teikningane til Lisa Aisoto. Det var denne boka, laga av to systrer, som inspirerte meg til å foreslå for Ingrid at me skulle laga bok i lag.

Heidi

Septemberdagar

Det er fredag og skrivedag. Arbeidsdagen har vore god. Eg og Ingrid har klar eit førsteutkast til biletboka vår. Me har laga ein variant med bokmålstekst og ein variant med nynorsktekst. Nå har eg bedd to-tre kloke damer eg kjenner om å lesa gjennom og eventuelt koma med ros og ris og ville innspel. Det er alltid vanskeleg å vurdera eige arbeid, spesielt når ein framleis på ein måte er midt i prosessen. Uansett korleis dette måtte enda, så ser me for oss at me får trykt opp eit opplag til eige bruk. Det er mykje glede i det å laga ting. Me har og eit slags fellesprosjekt med å laga ein uro til barneromet med hekla figurar frå Mummidalen. Det viser seg at det som veldig mykje anna er meir tidkrevjande enn eg hadde trudd, med det er spennande å sjå om me får det til. Figurane blir hekla utan oppskrift, det får vera min eigen veldig trygge variant av risikosport…

Til nå er Snusmumrikken og Mummimamma ferdighekla. Dei vart litt feil i storleik i forhold til kvarandre, men me får kalla det verdiperspektiv… Og kven veit om ikkje Snusmumriken har vakse litt på sine gamle dagar. Han har i alle fall fått fin grøn spiss hatt med blomar på bremmen akkurat som på bileta.

Ein annan sak som trygt kan feirast er at den nye diktboka på Sporisand-forlag «Eg høyrer heime i livet», er send til trykkeriet, så nå er det for seint å angra på innhaldet. Eg skal lesa opp frå ho, det vil seia kladden, for første gongen allerie på måndag på Kvinneforum i Brynekyrkja. Så blir det litt meir utover mot jul. Torsdag 2. november skal me ha høgtideleg boklansering på Time bibliotek. Det blir veldig spennande. Men alt som er spennande blir sjølvsagt akkurat nå overskygga av det som er verkeleg spennande… Terminen for å bli besteforeldre er tre veker unna. Det vil seia at det eigentleg snart kan skje kor tid som helst. Ingenting kan måla seg med akkurat det.

 

På måndag var me så heldige å få kjempefint ver. Det passa godt, for då hadde me planlagd å sykla til Njåskogen med femteklassingane våre. Dei koste seg skikkeleg med natursti og hyttebygging. Det gjer godt i sjela til alle involverte med solskinsdagar. Frå tysdag av har det stort sett regna heile tida, så me var meir enn heldige då me valde dag for turen.

I går kveld hadde eg og Inger broderikveld for natteranglarar. Då held me det gåande, om ikkje til morgons, så i alle fall til langt på natt. Nattarbeid er undervurdert.

I morgon skal eg på klassefest med klassen min frå Sandnes vidaregåande. Det blir sikkert veldig fint.

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

Midt i september

Det er midt i september, og viss alt går bra, får me eit barnebarn midt i oktober. Det er spennande tider me går inn i. Naturen er fantastisk på denne tida. Det har blitt mange småturer ut for å pusta inn overgangen mellom sommar og haust.

I dag sykla eg ein tur ned til Skeie og vidare til Orre og så heim langs Orrevatnet og til Tjøtta. Det var så fint.

Sjølv om åkerkantane ikkje heilt kan konkurrera med dei me såg i Danmark, så er det fint med den litt enklare varianten og. Ein stad på Orre hadde dei til og med graskar i åkeren.

Himmelen var lys og fin over havet, og nesten kolsvart innover i landet. Eg gjekk ned til Skeiestranda. Ein tur heilt ned til havet gjer godt i sjela. Det er noko veldig beroligande med havet sin puls og rytme.

IMG_2965

Vel oppe på vegen att, fekk eg bruk for den svarte regnkåpa i den knallgule sidetaska, men etter ei stund kunne ho leggjast tilbake att.

Fuglar på telefontrådar minner meg om barndomen. Eg kom over ein heil flokk med viper på ei mark, men då eg ville fotografera dei, tok dei til vengene. Eg skal ikkje overtolka og seia at dei er på veg sørover…

Mange små svaler flaug lågt langs bakken. Eg høyrde eit fascinerande radioprogram om at når svalene er i Afrika om sommaren landar dei ikkje. Dei flyg konstant så høgt over bakken at dei ikkje er synlege for menneske og lever av høgtflygande insekt.

Men heldigvis reiser dei ikkje frå oss alle saman. Nokre blir riktig så sosialiserte. I går på Sandnes møtte eg ei softisetande kråke.

Og der vart det laurdagskveld…
Eg får skriva meir seinare.

Heidi

Av og til skjer det rare ting

Eg har nok litt Askeladdinnstilling til livet, for eg synest i grunnen at det skjer rare ting ganske ofte. I går var me hos Linda på Tryll-design for å ferdigstilla layouten på boka. Me mangla eit kapittelbilete på det kapittelet som heiter Matruska. Matruska er ei sånn russisk dokke med lag på lag av dokker utanpå kvarandre. Eg vender stadig vekk tilbake til dette motivet, for for meg gjer tanken på at generasjonane ber kvarandre med seg på vegen, stor meining. Eg veit at eg er prega både av mor og mormor og av deira livserfaringar, og mine døtre og barnebarn vil bera med seg det eg har bore vidare til dei. Eg trur det går i alle fall fire generasjonar før den sosiale arven etter ein person opphøyrer heilt å virka. I kor stor grad den genetiske arven sit i i minst fire generasjonar, har eg ikkje kompetanse til å uttala meg om, men eg vil tru at mykje festar seg der og.

På møtet i går, fann me ut at me rett og slett skulle ha fått tak i eit matruskabilete til boka, og då snakkar me ikkje om å stela eit på internett… Trøstig drog me ut for å sjå kva me kunne finna, men matruskadokker ser ikkje ut til å vera det store for tida. Først tråla me Kvadrat, og så fortsatte me i Sandnes sentrum, det var lite, fot ikkje å seia ingenting, å oppdriva.  Til slutt gjekk me inn på ein ny bokhandel i Langgata der dei såg ut til å selgja litt av kvart. Ho som åtte butikken sa at ho hadde ei matruskadokke heime, men den var ikkje til salgs. Me måtte innrømma at me ikkje hadde tenkt å kjøpa, bare spørja om lov til å fotografera… Ho sa at ho ville sjå om ho fann dokka heime, og så kunne ho ta ho med seg på jobb for at me kunne fotografera. Då ho spurde kva slags bok me skulle laga, og kven me var, viste det seg at ho kjende til dikta mine, og lurte på om ho kunne få selgja bøkene mine i butikken, og om eg kunne tenkja meg å koma dit på ein open kveld ein gong for å lesa opp.

Ei dame, som var kunde i butikken, sa at ho ikkje hadde kunna unngå å høyra kva me sa, og at ho hadde mange matruskadokker heime fordi ho hadde familie i Russland. Me kunne gjerne koma heim til henne nå i ettermiddag, så kunne me fotografera alt me ville. Me takka ja, og då me kom hadde ho funne alt som kanskje kunne vera av interesse for oss, og baud oss på kaffi og eplemost. Mannen hennar strauk eit russisk matruskaforkle i tilfelle me hadde lyst til å fotografera det og, og han hjalp oss å googla russiske ord på nettet. Biletet over er eit av dei me kom heim med på fotoapparatet. Så mange gilde folk det er i verda.

Heidi

Kreative tilstandar

Noko av det kjekkaste eg veit er å vara kreativ i lag med ungane mine. Eg og Ingrid er i gang med å laga ei billedbok saman om dyr og menneske som ikkje har lyst til å sova. Me lagar historia i saman, så skriv eg og Ingrid teiknar. Ho slit med bekkenet, så ho orkar baren sitkja og teikna i korte sekvenser, men boka begynner å ta form nå.

Ho startar idyllisk.

Nå går snart sola ned, og alt er stille,
alle som er små skal sova nå.
Nå er det leggetid for søte, snille,
og alle vaksne dei skal passa på.

Men det er ikkje heilt slik det er…

Vesle gullet står i senga, ho vil ikkje sova.
Ho vil kosa, skrika, drikka, ho vil inn i stova.
Mor må trøysta, far må byssa, begge to er trøtte,
Gullet hyler, ler og masar. Mor og far treng støtte.

Og så kjem det teikningar og dikt om mange dyreungar som heller ikkje vil sova, for eksempel kråkeungen:

Vesle kråkebarn i reiret, ligg der og skal gynga,
trygt i søvn i mjuke fjører, kråkemor skal synga.
Mor må synga, far vil rømma, fint syng ikkje kråka.
Ho kan ingen voggesonger, ho kan bare bråka.

Og langt om lenge søv alle små, men ikkje før dei vaksne er heilt utslitne og sovnar før ungane sine.

Det andre store kreative prosjektet i heimen er at me held på med å setja inn bilete i den nye diktboka vår. Det er Leif sine bilete, men eg får lov til å vera med og bestemma. Me må få send boka frå oss til lay-out- konsulenten nå over helga, for 2. novmber skal me ha releaseforestilling på biblioteket med opplesing, litt refleksjonar om prosessen og boksalg. Det er første gongen me gjer det på den måten. Det blir kjempespennande. Alle er velkomne dit. Eg orienterer meir etterkvart.

Det tredje prosjektet som er eit handverksprosjekt meir enn eit kunstprosjekt, heiter dåpskjolebrodering. Eg bør helst få brodert litt kvar dag. Det har blitt litt lite tid til bloggen, men eg kjem nok sterkare tilbake, kjenner eg meg sjølv rett…

Heidi

3. september

Det har vore ei sommarleg helg i starten på september, og håpet om mange fine dagar er til stades. I dag har eg vore mor i trettiein år. Det er eit merkeleg høgt tal, for det følest ikkje som om det var lenge sidan eg fekk halda den førstefødde i armane mine. Men eg ser jo at han er blitt vaksen både han og syskena hans. I dag var eg så heldig at eg fekk vera i lag med tre av dei. Sunniva har vore heime ein snartur, nå har ho reist, og huset er tomt utan henne. Etter at alle hadde reist gjekk eg og Leif ein tur i Njåskogen. Det var så fint lys der, og fargane var så klare etter den plutselege regnbyga som kom over oss. Dette er ei vakker og vemodig årstid.

Det er alt tre veker sidan skulen starta, og dei fleste tannhjul er godt i gjenge etter sommaren. Eg hadde nesten gløymt kor kjekt og altoppslukande det er å vera lærar. Eg kjenner meg priviligert som har ein jobb som gir så mykje glede og så mange konstruktive utfordringar. Å få jobba med ungar er noko av det mest meinigsfylde eg kan tenkja meg.

Med eit strøk av delvis behageleg haustmelankoli sit eg og jobbar om ettermiddagane med musikk som passar årstida. Høstvise av Tove Jansson: «Vägen hem var mörk och lång och ingen har jag mött, nu blir kväldarna köliga och sena. Komm trösta mig nu lite, för nu är jag ganska trött och med ett så förfärdlig allena… Så skunda dig älskade skunda att älska, dagarna mörknar minut för minut…» Og «Autumn leaves» med Eva Cassidy og med Edith Piaff, «Les feulles mortes» på fransk. Og så får eg nesten litt lyst til å gråta fordi livet går så fort og er så dyrebart og skjørt.


I går var eg så heldig at eg fekk vera med på babyshoweren som Ingrid sine venninner arrangerte for henne og for veslejenta som skal koma. Eg visste ikkje at mødrer fekk lov til å vera med på slikt. Alle hadde med seg litt mat kvar, Eg hadde spesielt sansen for det fine piggsvinet med frukt og bær som ein av gjestene hadde med seg. Det vlir nokre spennande veker fram til forventa fødsel i oktober, det er så utruleg fint at me skal få eit barnebarn.

Og tida for å finna ut kva parti eg skal stemma på er og inne. Eg prøver å få med meg litt av debatten og har vore innom diverse valgomatar som alle viser det eg i grunnen visste frå før, at eg er meir radikal enn dei fleste i veldig menge saker… Eg er framleis ikkje sikker på kva seddel eg skal leggja i urna, men eg ønsker meg ein politikk der det å ta vare på jorda vår har veldig høg prioritet, eg vil gjerne ha ein vennleg og fungerande klode å tilby komande generasjonar. Eg vil og ha ein verden der me deler på godene i mykje større grad enn nå, og då tenkjer eg like mykje globalt som nasjonalt. Me har heilt ufortent trukke vinnarloddet og latt oss bli fødde i Norge. Det er store utfordringar knytta til både landet vårt og til resten av verda når det gjeld framtida. Eg trur me må tenkja annleis om ganske mykje i åra som kjem.

Men eg har framleis tru på framtida og tru på menneska. Eg kjenner uro for både det eine og andre og høyrer med måpande vanntru på siste nytt frå Nord- Korea og håpar og på at han i eit visst kvitt hus har gode rådgjevarar som kan få han til å tenkja rolege velovervogne tankar… Eg veit jo at det dei fleste menneske djupast sett drøymer om  er å få leva eit fredeleg liv med familien sin. Sjå barn veksa opp og markene bera mat, ha nokon å le saman med og nokon å stå saman med når livet utfordrar. Eg veit at dei fleste menneske gjerne vil trøysta når nokon har det vanskeleg, vil stilla opp når nokon treng hjelp og vil gjera det dei kan for at folk rundt dei skal ha det bra. Den tiltrua har eg faktisk.

Eg tenkjer på kloke ord frå Magnus Malm i sommar. Me må ta i mot det gode slik at me kan halda oss sjølve og hjartene våre varme.  Heldige er dei av oss som trur på noko og nokon som gjer oss trygge. Menneske som er trygge og har fred inne i seg kan tenkja korstruktivt. Dersom me blir redde nok tek panikken oss og me tenkjer ikkje klart lenger.
Korleis skal me best få det til at alle menneske av god vilje og ønsket om eit fredeleg liv kan støtta kvarandre og fremma tilliten i verda? Sjå det er det store spørsmålet…

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nåden kom til Jæren

Det har vore travle veker. Det er mange tannhjul som skal opp og sviva i eit stort maskineri når eit nytt skuleår er her. Nå trur eg me kan seia at me er godt i siget, og at det er litt fleire ting som går av seg sjølv.

I dag har eg seld lodd ute på Hå gamle prestegard, det var mange glade folk å sjå, det å plutseleg få ein varm og fin seinsommardag etter alt gråveret i sommar er nesten meir enn me hadde tru på i forkant av helga. I kveld er det kveldsgudsteneste i Brynekyrkja der Kjetil Aano skal ha foredrag med tittelen «Kom nåden til Jæren?» Det er nok fleire som får bilete inne i seg av Enok Hove og hans likesinna som subbar seg tungt fram over marker og langs steingardar med domstankar i hovuda og tyngjande alvor i alle lommene. Eg håpar svaret på spørsmålet er «Ja!» Nå får me høyra kva han har å seia, det er nok ein port inn til noko lysare i manuset hans, vil eg tru…

Sidan eg har ansvaret for bønnevandringa på slike gudstenester, det vil i praksis seia for ulike stasjonar der ein kan tenna lys, skriva bønnelappar og utføra symbolhandlingar, kom eg på at eg diskret ville leggja ut ein kommentar til foredragstittelen i form av eit dikt. Ideen fekk eg i går, men det måtte skrivast i dag ute på Hå gamle prestegard. Det å vakna til ein slik morgon gjorde skrivinga ganske lett…

Nåden kom til Jæren

Ein sundag sist i august
kom nåden til Jæren.
Fuglane hadde han i nebbet
og kvitra han høgt for oss
lenge før kyrkjeklokkene rakk å ringa.
Vinden låg lågt i terrenget,
og solstrålene kom
med gløymt sommarvarme,
tenk så velsigna
at det ikkje var for seint,
tenk at framleis finst det sommar,
og markene tørka såpass
at det var råd å trø der,
barføtt om du ville,
på nesten heilag grunn
mellom beitande sauer
og halvvaksne lam.
Ikkje rart at menneska
plutseleg såg på kvarandre
med nytint varme i blikka
og nye tilgjevande auge.
Gud smilte til oss
mellom dei snøkvite skyene.
Han rørde panna mi,
ryggen og akslene mine,
med lette varme fingertuppar.
Eg kjende eg var funnen,
lag av uro tinte i berøringa.
Med lettare pust stod eg att,
med hendene fulle av nåde.
Han sa at eg skulle dela med meg,
for det finaste skal ein aldri
halda for seg sjølv.
Det er fleire her som tørstar.

Heidi

For å bli velsigna

IMG_1554

I dag morges fordjupa eg meg i eit minne frå korsveifestivalen i juli. Eg kjende at akkurat det hadde eg lyst til å skriva om på bloggen. Eg vil ta dokke med til kveldsmessa, eg trur det var på torsdagskvelden. Me er i det store sirkusteltet der dei store samlingane går føre seg, i manesjepartiet er det i festivalen eit fint steinaltar i kvit sand. Presten forrettar der inne ved altaret barbeint i sanden med prestekjole og med klarinetten sin til hjelp.

Som eit ledd i liturgien blir me inviterte til bønevandring i teltet med lystenning, høve til å få forbønn og høve til å bli velsigna. Torun og eg siteit gondt stykke oppe på tribunen. Ikkje alle vil gå fram, men me banar oss veg ned for å tenna lys. Eg tenner lys for nokon eg har spesielt i tankane og for fred på jorda. Det dannar seg køar med folk som gjerne vil bli velsigna og prestar, diakonar og andre som har fått oppgåva å velsigna har kome fram i manesjen. Eg går opp att til plassen min, det tek litt tid sidan folk sit tett og mange er på veg både opp og ned.

Når eg ser ned er det eit syn som går rett til hjartet mitt. Hundrevis av menneske står roleg i kø og ventar på å bli velsigna. Eg ser at både dei som utfører handlinga og dei som står i kø er berørte av situasjonen. Eg ser dei oppriktige blikka som blir veksla mellom dei ulike partane, og høgtida og varmen i hender som blir lagt på ein skulder eller på eit hovud i det velsigningssorda blir uttalte. Køane er lange, dette tek tid, men sirkusteltet er fullt av tålmodig ventande varme. Eg får ei sterk oppleving av at det eg er vitne til nå er så vakkert at eg må ta det med meg vidare.

Torun har og funne plassen ved sida av meg. Eg kviskrar til henne at det eg ser nå berører meg djupt. Ho seier at ho sat og tenkte det akkurat det same. Eg kviskra at eg ikkje hadde stilt meg i køen fordi eg tenkte at det ville ta så lang tid om alle gjorde det. Det tok så lang tid å flytta alle menneska rundt i teltet, og snart var det jo nattverd og då måtte folk manøvrera seg ned att. Ho sa at ho hadde tenkt det same som meg om det og. Var det eit resultat av å vera oppdrogne til effektive jærbuar mon tru.

Me sit nokre minutt og ser på det som foregår i manesjen. Ho snur seg til meg att og seier lågt. «Men me kan jo velsigna kvarandre her me sit.» Eg nikkar og smiler. «Det kan me.» Så legg ho handa si på meg og lyser Guds velsignelse. Eg tenkjer at nokre stunder i livet er heilage, og at det ikkje alltid er så lett å skjøna for dei som ikkje er der.

Heidi

Starta og klar…

På sundag var det tida for den velkjende stupebrettopplevelsen som tilseier: «Nå er det slutt på ferien, nå er det bare å ta sats og hoppa, det blir eit skikkeleg plask i kaldt vatn, men alle veit at når ein først er uti så er det kjekt å bada…» Me startar med tre planleggingsdagar, og det tilseier ein ganske mjuk start.

Første post på programmet klokka 8.00 bar den litt kryptiske overskrifta: «Kaffi og lego…» Det viste seg å innebera at me skulle plukka klossar frå ein liten legohaug på kvart bord og bygga ein skulptur av oss sjølv av desse. Etterpå skulle me presentera figuren for dei andre. Her ser de meg i den gule kjolen eg fekk for halv pris fordi det var ein flekk på. Eg lo inni meg heile vegen heim fordi eg syntest det var ganske tåpeleg å kjøpa ein kjole med ein flekk på. Den slags pleier eg å klara godt sjølv. Eg hadde eit håp om at det skulle betra seg etter vask, og etter fire vask er flekken mindre synleg… Elles ser de her den rutinerte med lett avskrudde læraren i litt breibeint positur med litt høge aksler, kaffikoppen i den eine handa og ein pedagogisk radar i den andre handa i håp om å kunna peila seg inn på pedagogiske frekvensar att i løpet av eit par planleggiingsdagar. I håret er det ei lyspære som kan tre i funksjon når det går eit lys opp for den litt sommarforblinda skapningen…

Noko av det fine med min arbeidsplass er alle dei fine menneska som jobbar der. Det var godt å koma inn i varmen til alle dei eg ikkje har snakka med på mange veker, og etter litt klassisk pianomusikk i aulaen var eg klar for eit nytt skuleår. Etter jobb var det rett på styremøte på Hå gamle prestegård, og eg kjende med eit visst mjukt vemod at nå er sommarferien 2017 over. Seinsommaren er så vidt begynt. Det er ei fin årstid som koma skal. Eg jobbar i tankane med første versjon av ein songtekst eller ein salme. Her er nokre seinsommarbilete frå ein kveldstur i går.


Heidi

Siste dagen i sommarferien

Siste dagen i sommarferien er her teknisk sett. Nå skal me ha helg, og så skal me ha tre planleggingsdagar før elevane kjem. Sommaren har vore god, og ferien har gått fort. Det blir kjekt å sjå att gilde kolleger, og det blir fint å møta elevane. Det blir ei utfordring å måtta stå tidleg opp om morgonen og å takla at alle desse opne dagane der ingenting er planlagd og alt kan skje skal bytast ut med den typen fullagde timeplanar eg har ein tendens til å praktisera ti månadar i året. Erfaringa seier at det kjem til å bli bra.

Eg har brukt dagen til å rydda arbeidsromet her heime. Eg er ikkje sikker på at ein framand som kom inn hit ville tenkja at her har det blitt rydda i timesvis i dag, men slik er det. Eg har rydda i store mengder papir og tatt sjansen på å kasta uhorveleg mykje. Me får satsa på at eg ikkje angrar og må ut og endevenda ein stappfull blå dunk for å finna att noko… Eg hadde og kome så langt at eg hadde to pappøskjer klare til kasting, og så viser det seg at han eg deler heimekontor med har bore dei innatt fordi dei kan vera fine å senda bøker i viss han får store bestillingar…

Megden av ufullendt arbeid i form av skriveprosjekt, strikkeprosjekt og syprosjekt fortel meg at eg ikkje skal trenga å kjeda meg framover heller. Og kalendaren fortel meg at det sannsynlegvis blir mange fine dagar før mørke og kulde overtar for fullt.

Det er forresten ikkje sant at eg har rydda heile dagen. Eg har hatt fleire koselege kaffibesøk. Då Laila stakk innom måtte me drikka føremiddagskaffi i kvar vår mummikopp, og for ein gongs skuld har eg bakt ei hundre prosent ufornuftig, men ganske god sjokoladekake som eg inviterte Leif og Odd Christian til å smaka på for å feira sommarferien som var her i dag og. Eg har snart høyrt alle episodane av sommar i P2, og anbefalar serien på det varmaste. Eg har alltid syntest det er så spennande å koma inn i tankane på andre menneske. Nokre av episodane har eg høyrd på direkte radio, men dei fleste har eg henta opp frå NRK P2 via datamaskinen og høyrd på medan eg har jobba med andre ting. Det er veldig fint å kunna henta fram både radio og fjernsynsprogram når det måtte passa.

Eg og Leif har sett på ganske mange episodar av Netflixserien «The handmade», som er ein framtidsdystopi om at ei totalitær og militant gruppe med vag tilknytning til kristendomen har overtatt USA. Tankane går til IS og Muslimsk stat, og kor farleg det er å tru at det er denne formen for islam dei fleste muslimar bekjenner seg til. Eg tenkjer og på kor farleg det er å kobla religion til ukjærlege maktstrukturar.

Sommar er og å lesa bøker og tenkja. Eg har og fått med langt fleire nyhetssendingar enn normalt og pustar i grunnen litt letta ut så lenge sendinga ikkje innleier med «Den amerikanske presidenten Donald Trump…» Eg kjenner at eg blir opprørt, sint og skremt av å høyra at han tek etter den nordkoreanske måten å ordleggja seg på. Av og til kan ein lura på om verda framleis er på henglsene…

Temaet for Korsveifestivalen i år var «Ta i mot». Hovudtalar Magnus Malm sine hovudtankar gjekk ut på å roleg halda seg så nær Gud og det gode at ein kunne vidarereflektera det ut i det livet me står midt ute og oppe i. Det å ta i mot det gode kan hjelpa oss til å bevara roa og ikkje bli redde slik at me ikkje i panikk blir kalde og egoistiske. For meg er dette gode tankar. Eg får vel seia at min versjon av Magnus Malm sitt bodskap på to linjer nødvendigvis blir litt tabloid. For å få tak på det han seier så går det an å lesa bøkene hans eller gå inn på Korsvei si heimeside og høyra på talane hans. Han er ein klok mann med eit tankesett som på mange måtar er veldig motstraums i ei postmodernistisk tid.

IMG_2004

Nokon har sagt til meg at eg av og til skriv så langt at dei ikkje orkar lesa alt. Eg har ein mistanke om at dette er i ferd med å bli eit slikt innlegg…
Eg får avslutta med ei fjør som er klar til å skriva den komande seinsommaren ned i sanden.

IMG_1986

Og med eit vakkert eldre par som klamrar seg til kvarandre i alderdomen…
Så hadde eg plutseleg ikkje hjarte til å kasta dei i komposten. Dei får liggja på ein tallerken på kjøkkenbenken og aldrast i fred… Det var meg og kasting…

Heidi